Gå til innhald

Lyset utanfor

nå klokka ti på ti om kvelden er bare heilt utruleg. Gyllent og varmt, og alt får ein slags sepiafarga glød.

I går var det mørkt heile dagen. Om føremiddagen stod eg som ein narr utan narrelue og hengde ut kvite klede til tørk i regnveret. Det var mørkt som før eit torever. Først om kvelden sprakk mørkret i ein fantastisk solnedgang med tilhøyrande regnboge.

Eg drog med meg kjærasten min og me kasta oss i bilen og kjørte til sjøen for å få maksimalt ut av solnedgangen. Etterpå gjekk me tur langs stranda til det var så mørkt at me ikkje torde gå lenger før me snudde. Eg var redd me ikkje skulle finna vegen tilbake til bilen viss det vart stupmørkt.

I dag har eg hatt ein fin dag i lag med far min. Me har vore hos farmor og reist med båt og bil. Der møtte me May Brit som reiste inn i går i lag med Vilde, Sunniva og Halvard. Så ein dag verkeleg på tvers av generasjonane har me hatt. Farmor var sprek og frisk og varta oss opp med tre måltid medan me var der.

Den eldste fetteren min kom innom. Det var så koseleg å vera litt i lag med han. Det som lagar litt krøll under topploket mitt er at i mitt indre bilete av han så er han framleis ein unggut, men plutseleg sit han der og er morfar til tre små barn. Som ein slags kontrast til dette dukka den yngste fetteren min opp og. Han som er yngre enn både Ingrid og Odd Christian. Nå dreiv han og kjørde bil og hadde capsen bak fram og var vaksen gut med eit utruleg sjarmerande smil.

Då me kjørte heim, dukka dette spesielle lyset opp. Det var som ein kalott av skyer oppe på himmelen med ei lysrand rundt heile horisonten. Plutseleg stod kornåkrane gule i ein heilt overjordisk gulfarge.

Då eg såg kjærasten min, lyste han og av noko hemmeleg. Eg måtte opp for å sjå, og over stovebordet hadde han klart å henga opp den nye lysekrona frå ikea. Ho er i svart smijern og har både elektrisk lys og stakar til levande lys. Nå gler eg meg veldig til å tenna levande lys over matbordet.

Halvard har fått sjongleringsutstyret han bestilte etter sirkuskurs på Korsvei, han står med tunga i munnivika og øver på sjonglering. Sunniva ordnar sengeplass inne på romet sitt til Vilde og to andre overnattingsgjester.

Heidi

Goe tork.

-For å bruka eit kryptisk lokalt husmorspråk…
I går var det langt over tjue grader og kraftig varm vind. Kleda tørka på minimal tid. Eg vaska dei tre lindukane mine og hengde dei ut med masse klesklyper for å halda dei på plass. Etter mindre enn ein time var dei tørre, og treng mest ikkje strykast.

Etter lettare husmoderlige krampetrekningar drog me til Torhild for å feira endå meir. Med oss hadde me eit blått Höganesfat med masse salat, resten av godsakene ordna vertskapet. Og så fekk eg låna eit høgt smalt oransje krus til å drikka masse kaffi i.

Døgnet må snuast sånn smått om senn. Eg er lysvaken om kveldane og får ikkje sova før langt på natt, og så har eg sjølvsagt problem med å få starta dagen på den andre sida av natta. Men med to alarmklokker og ein ropande mann så kom eg meg opp halv ni i dag og kunne med godt samvit lesa aviser og drikka kaffi før dagen begynte.

Halvard og Sunniva vart henta av mi kjære syster. Dei skal besøkja kusina mi i Nordfylket. I morgon reiser eg og inn til farmor i lag med mor og far, og så kjører me saman heim om kvelden.

Dei to var glade og opprømde. Minsteguten meinte at badebukse og ein ekstra genser var meir enn nok bagasje for einattsovernattingstur, men eg fekk supplert med tannbørste og eit par småting til.

Og her er det framleis Den store ryddedagen. Kjem tid kjem råd. Prosjektet skrid fram, og eg er rett og slett litt imponert over at me har kome såpass langt.

Ei irsk signing over dagen:

Fred vera
over alle ting augene mine rører ved.
Over kroppen min som er av jorda
og sjela mi som er av det høge.

Fred vera med deg.

Heidi

Sundag-sundag.

Det må vera det rette ordet på dagen i dag. Etter å ha rydda heile veka, eller i alle fall vore plaga av tanken på at ein burde ha gjort det, hadde eg bestemt meg for å ikkje rydda noko som helst i dag. Det har funka så bra som bare det bortsett i frå det ein liksom må rydda for å oppretthalda den standarden ein allereie har rydda seg opp til, liksom…

Eg vakna ti over halv elleve og kjende at eg gjerne ville rekka gudstenesta klokka elleve. Flaks at eg har trening i superraske morgonar når det trengst. Eg mista bare preludiet, og etterpå drakk eg kyrkjekaffi med Astrid.

Då eg kom heim hadde jentene hatt frisørtime. Ingrid hadde stript håret til Sunniva og begge var godt fornøgde. Eg gjekk tur i skogen. Sola kikka fram, vinden fekk håret mitt til å stå rett ut, og eg gjekk forbi den plassen der det alltid luktar timian. Det må veksa vilt der ein stad. Det var robåtar som låg fulle av vatn etter alt regnet, tre som stod til knea i vatn, masse ville bringebær, og masse folk som plukka dei.

Eg vart spontaninvitert til Torhild som feira at ho fyller år i morgon. Ho hadde klekt ut eit kreativt prinsipp for invitasjonar: Folk var budne til fire ulike tider eller noko slikt. På den måten ville ho unngå at alle kom til same tida, åt kake samtidig og gjekk samtidig utan at ho hadde fått snakka skikkeleg med nokon. Systemet fungerte, og ho serverte eplekake med is og sjokoladekake på ein oransje duk med indiske broderier som ho hadde kjøpt i Spania i sommar. Då eg gjekk fekk eg med meg ei irsk velsigning akkompagnert av det nye flygelet i stova, og lyseblå hortensiaklasar, og så heilt plutseleg hadde sommaren kome. Eg møtte ein som hadde på seg shorts for første gong i sommar.

Nå står blomane på bordet og eg har ligge langflat på golvet og sett fjernsyn med ungane mine. Litt varm kveldsmat nå og så brodera bunad ein times tid? Høyrest ut som ein fin plan…

Heidi

Digital føremiddagstur-

Eg har akkurat vore på min digitale føremiddagstur. I hovudet går eg gatelangs. Eg startar på Hypodea, høghuset der eg har fleire bekjente og sjølv budde ei tid. Eg stikk alltid innom Pocks, Corn, Skylla og Smulmia, men ofte stikk eg hovudet inn i andre sine entrear og. Så går eg til det litt lågare høghuset Fallfrukt der eg og har vener. Der ser eg mellom anna om eg ser noko til morsan. Dei to husa ligg ved sidan av einannan, slik er det bare i mitt hovud. Hufsa og Villanda stikk eg ofte innom når eg først er i gang.

Så må eg sjå om Antidamen luftar frustrasjonar og gleder som ho ofte gjer, og så går turen til Eva P. Henne har eg kjend i sju-åtte år er det vel, og ho er mest alltid heime, energisk arbeidande i den nye leiligheten sin. Merkeleg nok bur naboen min Arne like ved henne sånn digitalt sett, og eg har akkurat oppdaga ei dame som kallar seg Thewitch som bur like ved.

Så er det innom Ord for å helsa på Tintomara og Katja og dei andre, før eg går heim til Andedrakt som ligg like ved.
Ofte kan eg ikkje la vera å gå ut på balkongen for å vinka til alle forbipasserande, men av og til lurer eg på om eg gjer litt for mykje av meg. Det bur jo andre folk der og. Av og til kviskrar eg til Tiin og dei andre: “Kom fram litt de og, eg vil ikkje at folk skal bli leie av ansiktet mitt,” Stundom kjem dei på kommando. Andre gonger står eg der og vinkar heilt aleine fordi eg bare ikkje kan la det vera.

Slik er gata mi… Og den rekkefylgja bare er slik. Problemet er at sidan eg går der så ofte så oppdagar eg stadig nye folk eg blir kjend med, og turen tek lengre og lengre tid. Eg tek likevel gjerne i mot tips om kven eg burde bli nærare kjend med. Eg må innrømma at eg ofte tek denne turen to gonger dagleg…

Ein del rasjonelle, praktiske menneske, eg er nemleg ikkje eit av dei, ville sikkert setja spørjeteikn ved tidsbruken i dette. Korfor sitja framfor datamaskinen når så mange andre ting skulle ha vore gjort? Og kva med min eigen, høgst levande, fargerike og samansette omgangskrins? Har eg ikkje nok med deì?

Nei, eg har viss ikkje det… Dei ti åra eg har lese bloggar har gitt meg utruleg mykje glede og nye innsikter. Ein kjem under huda på folk ein elles aldri ville blitt godt nok kjend med til å få vita det eg nå veit. Crackgirl er eit eksempel på ein person som eg mest sannsynleg aldri ville kome i snakk med i det verkelege livet. Eg synest desse morgon- og kveldsvandringane mine lærer meg masse om det å leva.

Om eg skulle koma så langt som til å skriva ned alle romanane og novellene som sviv i hovudet mitt, så gjer dette meg mange impulsar. Det utfordrar og toleransen og vidsynet mitt på en måte eg har veldig godt av, og eg har oppdaga, kanskje til mi forbausing at det vert danna ein heilt eigen form for sterke melommenneskelege relasjonar. På sitt vis er dei veldig ekte.

Sjølv om eg eigentleg ikkje kjenner desse menneska i vanleg forstand, så får me ein innsikt i kvarandre sine liv. Me kan gje einannan eit klapp på skuldera når det trengst, og ein god klem når det er bruk for det. Og kanskje mest spennande, me kan gje einannan input som me kanskje aldri ville få av dei menneska me ser til dagleg.

Rett nok er det ein redigert utgåve av oss sjølve og livet vårt som kjem til syne, men til ei viss grad så redigerer me jo det fysiske livet og. Det er slett ikkje alle sider me viser fram til einkvar, og slik skal det vera.

Om nokon møtte oss skribentar i levande live, så ville dei sikkert i vekslande grad kjenna att personen ein kjende frå nettet. Sjølv har eg vald å skriva opent med det ekte namnet mitt, lenge tenkte eg at det kunne eg gjera sidan eg hadde busett meg utanlands, men nå er det ikkje hemmeleg for nokon at eg held til her. Om du ville kjenna meg att viss du møtte meg i eit heilt anna og meir fysisk forum? Ja, det vil eg tru. I alle fall til dels.

Og folk må gjerne le, men dette har faktisk blitt ein ganske viktig del av livet mitt, sjølv om han ikkje er så stor.

Heidi

Rydding, nostalgi og katteoppdragelse.

Soverommet var ferdig rydda kring midnatt, og det kjennest bra… Oddvar har fått den nye kjøkkenvifta på plass og det er bra det og. Dessutan har sola skine heile dagen, og dagen har vore mild og mogen ein slik dag august byr på på sitt beste.

Ryddinga har teke meg med på reise gjennom år som gjekk og aldri kjem tilbake. Det er litt vemodig, men vakkert på same tida å gjenoppleva ting. Eg har funne gamle dagbøker og masse barneteikningar. Eg har rydda i ein kommode full av denslags remedier som eg ikkje har opna dei siste fem åra. Mellom anna har eg funne fotoposar med bilete eg knapt kan hugsa å ha sett. Så begynte eg ein gong på kvar si skrivebok til dei tre eldste barna der eg skreiv brev og dikt til dei som dei skulle få når dei vart vaksne. Det var ein strålande god idé, men dessverre stranda han etter få vekers skriving… Men kasta dei kunne eg jo ikkje nå etter fjorten år…

I tillegg kom Gerd på besøk med ein pose småbarnsklede ho lånte av meg då Tonje var lita. Eg fekk eit gjensyn med små kjolar som svigermor sydde og strikka til jentene mine, og den tøffe stripete overallen som mor og far kjøpte til Odd Christian i Tyskland den sommaren han skulle fylla tre år. Var ungane verkeleg så små som plagga tilseier då dei hadde dei på seg? Ja, det meste tyder på det. Eg har vaska kleda for sidan å ta vare på det meste, så nå heng det masse bittesmå plagg på snorene mine.

Når eg held på med slike ting, kan eg bli gripen av ein heilt fysisk lengt etter å ha små barn igjen. Eg hugsar nakkane deira og kor mjuke kinn dei hadde. Og så hugsar eg alle dei rare tankane dei delte med meg. Men det er sjølvsagt godt å få sova om nettene og å ha ein halvtime for seg sjølv sånn innimellom. Slikt kunne det bli smått med då eg hadde fire små barn.

Nå er det bare vesle Venus, den yngste katten som vekker oss om nettene… Det siste året har ho fått vanen med å stå på leikehyttetaket like utanfor soveromsvinduet vårt og mjaua når ho vil inn. Og me har skjemt henne bort med å opna for henne kvar einaste natt.

Me trudde ho ville bli avvent i sommar, me var jo borte i fem veker, men nei. Endå står ho der og mjauar, utan at me opnar. Ho mjauar på ein “mja-mja” måte som høyrest akkurat ut som “mamma”, og hjarta mitt blør når me etter beste evne ignorerar ropa hennar, eller til og med lukkar vinduet. I natt var eg oppe og slapp henne inn den andre vegen i staden for gjennom den døra som er mellom hagen og soveromet vårt. Det er sikkert ein sabotering av oppdragelsen me er einige om å gje ho det og…

Viss nokon har gode råd, tek eg i mot med takk. Ho har forgjeves prøvd å få oss til å opna sidan i begynnelsen av juni og prøver seg kvar einaste natt. Det hadde vore enklare å stå opp, opna døra og sova vidare, men det er jo dette me gjer eit ærleg forsøk på å få slutt på…

Dagane går så heilt usansynlig fort. Eg lurte litt nostalgisk på om livet mitt sånn livsløpsmessig var i august, men eg har bestemt meg for at eg sånn sett bare er først i juli…

Uansett. August er ein vemodig vakker månad…

Heidi

Medan livet kjem og kjem

og tida går og går, prøver eg å halda meg fast i ryddeprosjektet mitt… Ikkje så lett faktisk, er det meg det er noko gale med, mon tru?

I går fekk eg rydda relativt konsentrert i ein del timar, men så var det trimtur med syster og svigerinne, for trimming må ein så klart prioritera. Og cappuccino på kafé etterpå er jo så sosialt og koseleg at det må ein heilt opplagt unna seg når ein faktisk har sjansen. Etterpå bar det rett bort til Inger som hadde invitert på salat, te og natterangling for bunadbroderande damer, eller dame i mitt tilfelle. Det var så koseleg å endeleg få skikkeleg tid til å snakka saman, og bunadbrodering trengst det verkeleg om eg skal nå til målet i tide.

Inger sin mann skreiv på bloggen sin at “Du skal ikkje sova burt sumarnatta”, og det prosjektet akta me å innfri i går. Men kjempefornuftig som eg var, fordi eg såg ein effektiv ryddedag blinka i det fjerne, kom eg meg under dyna, bare litt over to.

I dag morges var det eit sterkt ynskje frå min for tida heimeverande eldste son om pannekaker. Då måtte me ut og handla mjølk eg og han. Mjølk til røra, og bacon som han gjerne ville ha til pannakakene. Så fekk eg innvia den nye steikepanna mi, eg laga ein stor stabel pannekaker og steikte ei stor panne sprøsteikt bacon, medan Halvard dekka bordet med glas, rød saft og blå tallerkenar.

Det vart eit rektig høgtidsmåltid. Ingen ting er vel som ein skikkeleg pannekakefest ein vanleg torsdags føremiddag i august. Oddvar ville heller ha sukker og smør på sine pannekaker, -og det fekk han lov til.

Etterpå hadde dei tre ungdomane lyst til å spela kokelimonke, og det passa meg bra. Odd Christian reiser jo snart, og eg ville svært gjerne utfordra han på spelebrettet. Rydding av skap blir då heilt bagatellmessig mot opplevinga av at Ingrid, Oddvar og Odd Christian hadde tid og lyst til å spela midt på blanke føremiddagen. Det er slikt ein vil hugsa som koseleg resten av livet bestemte eg meg for…

Og etterpå måtte eg henga ut klær, for plutseleg var det sol, og to maskinar til fekk eg unna. Vaskekjellaren fløymer over av klesvask, så det må utan tvil ha vore rett prioritering. Kjærasten min kjem plutseleg på at han vil skifta ut kjøkkenvifta for det har me snakka om lenge, og då måtte alle slags ting ut av skapet og ut på benken. Kjøkkenet og stova skreik etter å bli rydda.

Då eg utpå ettermiddagen sånn omtrent var klar til å rydda skap fortalde Odd Christian at han snart fekk besøk av ei venninne. Plutseleg såg eg ryddehuset mitt med klessekker til Fretex, baljer med bøker og gangen nede full av sko med eit nådelaust blikk. Konklusjonen var meir enn klar. Dette huset kunne ikkje visast fram for framande.

Eldstesonen vart komandert til å rydda kjellarstova medan eg lot det eine føra det andre med seg: Rydda i sko, skifta kattesand, få på plass Halvard sine klede, vaska badet nede, skifta ut handkleda,vaska gangen, vaska trappa, og med det same eg var i gang, rydda stova og vaska stovegolv og kjøkkengolv.

Den vesle svarte katten har me i dag vore klare til å adoptera. Spørsmålet var bare om me skulle kalla han Felix eller Petrus, for det var ein liten svart hannkatt med kvite sokkar og kvit smekke. Men i kveld ringde eigarane og sa at den vesle katten heitte Tom. Han hadde rota seg langt heimefrå og hadde vore vekke i snart to veker. Det var jo ei god forklaring på at han var så tynn og så svolten. Dei såg oppslaget til Halvard då dei gjekk tur, og då dei kom og henta han, sa dei at dei hadde tre ungar som kom til å bli overlukkelege. Her i huset er det tilløp til sorg, men me fekk faktisk erfara at Venus og Cleopatra, dei to andre kattane som bur her aksepterte kattungen utan vidare. Kanskje det kan opna for eit eller anna?…

Då katten var henta, var det på tide med mat, og etter at eg har skrive dette skal eg hjelpa Eva Mari med å laga ein song slik eg har lova. Og spaserturen som eg dyrt og heilag har lova meg sjølv å ta kvar dag… Når skal eg på tur?

Ryddinga har eg ikkje kome i gang med i det heile tatt. Det får bli i morgon. Dette har vore ein fin dag…

Heidi

Nå går me inn i august.

Det er på tide å venda kalenderblada til denne mjukaste og mognaste månaden i året. Siste dagen i juli skein til og med sola innimellom.

Og dagen bare forsvann som dogg eller spindelvev mellom fingrane mine. Nå er feriedagane talte og kjennest dyrebare. Me har vore på ikea og kjøpt masse ting som eldsteguten trong til den nye hybelen. Han plukka med seg tallerknar, koppar, glas og gryter. I tillegg til potetskrellar, ostehøvel, viep og ause fann han eit stort grønt sofateppe og store mengder blå telys. Me åt lunsj på kafeteriaen, og då me kom heim fann me fram eit babybilete av han og taizé-ikonet frå konfirmasjonen som han vil ta med seg. Eit portrett han teikna då han gjekk på barneskulen som eg likar så godt ville han definitivt ikkje ha med.

Eg har vore på handlerunde for onkelen min. Han er nærare åtti enn sytti og har i heile sitt vaksne liv brukt hårkrem. Eg vart send ut for å kjøpa wellaform hårkrem , som han ikkje har klart å få tak i i det siste, og eg tråla ei samling butikkar.

I den siste butikken sa dei at dei akkurat hadde slutta å selga hårkrem fordi ingen spør etter det lenger. Dei sjekka skuffene sine, men ingen tuber igjen. Menn i åttiårsalderen har truleg eit problem. Ingen lagar hårkrem til dei lenger. Eg hugsar i barndomen at hodeputer og stolryggar vart misfarga av hårkrem…
Kanskje sønene mine vil få eit liknande sjokk i åttiårsalderen når dei oppdagar at ingen produserer hårgelé og hårvoks lenger…

Ein liten svart kattunge prøver å adoptera oss, han er stadig inne i huset vårt og held til i garasjen når han blir kasta ut. Det er tydeleg at nokon eig han, for han går med halsband. Viss han framleis er her i morgon får me prøva oss med eit oppslag på butikken.

Då eg hadde fått meir enn nok av sjkaprydding ville eg ut på trimturen min. Kjærasten min slo følge og me enda opp hos Jan Ivar og Synneva. Der var det brødbaking på gang, og me vart inviterte til sein kveldsmat som varte til midnatt.

Og så gjekk me heim att i mørkret medan livet vart til august. Halvard hadde bakt medan me var ute og havregryns-sconsa står på kjøkkenbenken. Kjøkkenet ber preg av aktiviteten.

Det er deilig å ha ferie.

Heidi

Om å sleppa taket i fortida.

I følge eit amerikansk husryddeprogram, så er det det eg må bli flinkare til. Ein psykolog meinte at dei som sleit med å kasta ting hadde angst for å la fortida vera fortid.

Nå driv eg og øver meg. Eg har endeleg kome i gang med å rydda klesskapet på romet vårt. Der har eg nemleg så mykje rot at det er bare fire hyller att til kleda mine. – Og det er alt for lite.

Så nå har eg prøvd å sortera perler, tøy, halvstrikka gensarar, gamle julekort og barneteikningar. Eg har funne barnestrømpebukser i størrelse fem år som treng å bli reparerte og fotografier frå tolv år tilbake. Ein stor søppelsekk tiltenkt Fretex og ein annan tiltenkt tippen, står oppmarsjerte…

Så er det bare å bita tennene saman og kasta. For eksempel eit åtte år gammalt samankrølla ark der det står “Hidi eg elsger deg hilsn Sunniva.” I dag har bodskapet varma meg for andre gongen… Og kva med alle småtinga eg kjøpte i Afrika, eller alle dei fine smykkeøskjene ein kanskje kan få bruk for?

Nå må eg ned og rydda senga slik at me kan finna oss ein stad å sova i natt, for akkurat nå er store deler av skapet flytta dit.

Elles så har me brukt store deler av dagen hos mor og far. Eg og ungane og kjære syster. I USA fantaserte ungane om morfar sine kjøttkaker, og i dag vart fantasiane innfridd. Det var ein perfekt dag til å sitja inne på kjøkkenet deira og drikka kaffi og bare la regnet regna.

Kor er hammaren Edvard?

Heidi

Folkefest a la Korsvei.

Den stille hagen har vore stengd av heile ettermiddagen. Nå slepp folk inn etter å ha stått i kø utanfor med solstolar og piknick-korger med tallerkenar og gaflar.

Inne i hagen er det ordna til så fint så fint med markblomar og potteblomar. Grillane er stilde opp omkring på området ferdig oppvarma. og på borda ligg det grilla lammelår, nypoteter, havreflatbrød frå eit lokalt heimebakeri, lokalt laga smør, grøn salat, kryddersausar og store mengder moreller og jordbær frå nærområda. På grillane står gryter med varm sjokoladesaus til å dyppa bæra i.
Drikka er eplemost frå Hardanger.

Me har ikkje stolar med oss, men finn oss ein låg trebenk som står under det store treet. Torun, eg og kjærasten min set oss der. Ungane har ikkje ro til å sitja med oss. Dei plasserer seg med tenåringar dei har blitt kjende med.

Det begynnar å drypa litt, men dropane sansar seg før dei er blitt til skikkeleg regnver. Me et og maten smakar sanselaust godt. Flatbrød med heimelaga smør er noko som får smakssansane til å vibrera lukkeleg og ubekymra. Medan folk et går det gjøglarar rundt på området. Alle tolvåringane har gått på sirkusskule og opptrer med å laga pyramidar og sjonglera med diverse sjongleringsutstyr. Tenåringane har tromme- og danseoppvisning og i teltet som blir brukt til morgon- og kveldsbøn blir det fortald for ungane. Dei får høyra om Hanno som vart utvist frå Kartago fordi han hadde klart å temma ei løve.

Så er det dans. Band og solistar tek plass på scenen og det blir vals og sving og tango og alt som godt er. På treplattingen dansar ei høgst samansett gruppe. Etter ei veke i telt er folk ikledde alt frå gummistøvlar og lusekofte til treningsjakkar, strutteskjørt, finkjolar og lakksko. Barn og vaksne dansar om einannan. Ein fylgjar reglande for korleis dei einskilde dansane eigentleg skal dansast bare dersom ein har lyst. Eg tenker at ein eller annan kunstnar burde ha festa dette synet til eit lerret. Her er alt lov og her er alle fine. Mange syng høgt medan dei dansar: “lilla jag, lilla jag och Fritjof Andersson”, og ein god del av dei syng langt betre enn dei dansar.

Framme ved scenen dansar tenåringane. Dei dansar den same dansen om og om igjen til all slags musikk. Den dansen som for fire festivalar sidan eller så vart introdusert som “Viplash frå Telemark,” og som alle ungane våre har dansa etter tur på tenåringsfestivalen.
Dansen bind dei saman nå når festivalen går mot ei avslutning. Dei dansar tett saman og vil ikkje sleppa tak i fellesskapet.

Me gjer som Kalle Scheven og dansar tills solen går ned…
Etterpå kveldsbøna frå Taizé får me varma oss litt på Ståle sitt bål før dagen og festivalen definitivt går mot ein ende.

Heidi

O hur saligt att få vandra?

Det gjekk opp for meg at det skulle vera ei pilgrimsvandring langs havet i dag. Den kunne eg nok tenkt meg å vera med på, men me hadde allereie planlagt kaffibesøk i heimen.

“Blir du med på gudsteneste?” spurte eg kjærasten min.
“Då går me dit,” svarte han, med trykk på ordet går…
Me er då framleis litt miljøbevisste etter korsveifestivalen…

På grunn av sommarstengt kyrkje, måtte me gå til nabokyrkja som ligg ein dryg halvtimes spasertur frå her. Sidan det høljeregna syntest eg at det var ein ganske sjarmerande idé. Snart etter var me på veg. Han i halvsid amerikansk svart regnfrakk og caps og eg med det store grøne regnslaget med hette som får meg til å likna ein unevneleg skapning frå mummidalen.

Me fann ut at dette fekk bli vår vesle pilgrimsvandring i dag i anledning olsok. Og etterkvart fekk me til og med glimt av sol.

Etter gudsteneste med dåp og saksofonmusikk gjekk me ein dobbelt så lang veg heimatt. Så var det middag i full fart før me gjorde klar til kaffibesøk. På bordet hadde me lappar, bringebærkrem, heimekokt solbærsyltetøy, cottagecheesekake, iskrem, peanøtter, non-stop, levande lys og blomar frå hagen. Me er fascinerande mange som held til i dette huset akkurat nå inkludert heimeferierande studentbarn, kjærastar og feriebarn, så då dei fire gjestene våre kom vart det fullt i stova og omsetning på godsakene.

Og så lot me det regna…

Eg fekk sydd lilla stjerner og grøne raunbærblad på Sunniva sin bunad medan me sat og prata, så i dag har eg vore innom alle programpostane i timeplanen bortsett frå det store ryddeprosjektet. Ein er då tilhengar av helgedagsfred…

Heidi