Gå til innhald

Eg hadde viss gløymt

at dette sånn omtrent er yndlingsårstida mi… I alle fall ei av dei… I går kveld gjekk eg og syster tur langs stranda. Me vassa i havkanten, og til mi store overrasking var sjøen så varm at det frista til eit bad… Bada gjorde me ikkje, men bølgene var så pass store at plutseleg hadde me bada litt allikevel.

Ein flokk fuglar, ganske små med kvite bukar kransa rundt oss omtrent som fuglane i Askepottfilmen. Å vassa rundt med bølger kring leggene, vind i håret og omkransa av fuglar medan augustkvelden nærmar seg solnedgang kan anbefalast.

Då eg kom heim fraus eg litt og la meg med eit teppe på sofaen for å sjå på “Mifunes siste sang”. Det var bra for meg at eg hadde sett den filmen før, for eg klarte rett og slett ikkje å halda meg vaken.

I dag har eg plukka røsslyng og gått tur i regnet. I tillegg har eg ete middag med syster mi, foreldra mine, ungane mine og niesene mine. Den eine katten vår spaserer malande omkring på tastaturet medan eg prøver å skriva.

Då me var i sølvbryllaup vart det snakka om tider som har vore og kor dei har blitt av. “Kva er dette for ei tid, spurde Svein?” “Det er øyeblikket,” svarte Bodil. Og alle tidde still i eit sekund.

Heidi

Aviser og svart kaffi.

Det er den måten eg startar laurdagar på. Det er ein skikkeleg luksus-start på ein dag. I dag unna eg meg ein endå større luksus om eg skal vera brutalt ærleg. Eg vart liggande til langt utpå føremiddagen og lesa ut ei bok. “Ligge i grønne enger,” av Anne B Ragde. Denne siste boka i trilogien hennar har eg sett fram til å lesa.

Den første halvparten av boka vart eg ikkje spesielt imponert over, men svosj… Så var eg plutseleg hekta likevel, og bare måtte vita korleis det gjekk før eg kunne stå opp…

Og nå, ein del timar seinare er eg hekta på min eigen krevjande og boblande “roman”. Det ekte levande livet… Eg har lova meg sjølv ei todeling av tida, halvparten av dagen skriving, med hovudvekt på liturgi, og halvparten av tida veldig nødvendig rydding… Så skal eg prøva å gjera begge deler med like stor entusiasme.

På golvet i vaskekjellaren er det vått… Me prøver å finna ut korfor, men me er slike menneske som godt kan leva vidare som om det ikkje var vått der… Prøver bare å få vaska alle dei våte kleda slik at me får tørka opp. Fleisifra kilo reine klede ligg i diverse korger og baljer og venter på å bli bretta av venlege hender… Mesteparten av huset ventar framleis på å bli helgevaska. Eg er ikkje ferdig med det store ryddeprosjektet endå. Kjem tid kjem råd. Eg skal jo laga liturgi, jo… Og kjærasten min er på dansekurs og lærer å dansa salsa…

Det er framleis varmt og deilig og eg har plukka inn prestekrager frå hagen. Mørke skyer er i ferd med å overta den blå himmelen, så viss det begynner å regna må eg styrta ut for å få inn dei siste handkleda og dynetrekka frå klessnora.

I bakgrunnen kvitrar William, den signalgrøne unge undulathannen me kjøpte på onsdag. Sunniva har lenge hatt så veldig lyst på ein undulat…

Når sola vekkjer dagen
og vegane finn fram
når åkrane gulnar av moge korn.
Då har eg sett Herren.
Frå keltisk.

Heidi

Good morning, miss Bubblegum:

Det var morgonhelsinga frå Ingrid onsdag morgon, og var reaksjonen på mitt nye antrekk frå uno beståande av mangenta-rosa lang tunika med matchande korte tights…
Eg begynte å le høgt, for eg skjøna jo kva ho meinte…
Då eg tok på meg dei beige snøreskorne med sjokkrosa sole og tå, og med broderier på sidene, sa ho at eg hadde ein relativt barnsleg smak til å vera langt oppe i førtiåra.
Eg sa at det var då min menneskerett å vera eit barnsleg menneske, og det var ho heldigvis enig i…

Då eg plussa på dei rosa kleda med den signalgule vaktvesten me må bruka når me har inspeksjon i friminutta, kjende eg meg som reine farge-eksplosjonen der eg virra rundt i den varme venlege augustsola.

Veka har vore full fart frå ende til annan, men tjueto års erfaring tilseier at det er slik det er å opna eit skuleår. Det krever krefter å dra sceneteppet til sides, og nå er det gjort…

Nå sit eg her og har frifredag, frå nå av omtalt som skrivefredag… Eg skal kasta meg inn i liturgiens irrgangar, må bare skriva meg varm på ein tekst her på Andedrakt først… Living la vida loca… -På min måte vel å merka…

Heidi

På plass.

Sånn nokonlunde i alle fall. Det gjorde godt å ha lørdagen fri. Me vandra planlaust rundt i sentrumsgatene i sommarsol, med eit skarpt drag av haust, og såg på begynnande valkamp, gatemusikantar og tresko med påtrykte lam frå birkenstock.

Musikken tona frå gatemusikantar og butikkar: Living la vida loca, O la paloma blanca, The bananaboatsong og Billy Brown, you are a victim of your time. Me åt mongolsk mat på ein liten restaurant og drakk te med svigermor og svigerfar.

Sundagen var ein lang og roleg togtur, denne gongen i rett kjøreretning med liturgikompendium, bunadsbroderi og ei indisk bok. Så bar det rett opp frå perrongen til intensiv planlegging av første skuledag.

Og sidan då har tida gått i eitt med oppstart av skule og kulturskule, tusen små tannhjul som skal på plass, og som helst skal gripa inn i einannan til rett tid. Innimellom har eg teke i mot gode klemmar, lese elevloggar, delt ut bøker og sett standardar. Etter to døgn i sentrifugen landa eg i ettermiddag på ein uterestaurant i haustsol i lag med Jan Ivar for å legga ein slags årsplan for teatergruppene våre.

Og ja, eg trur eg har landa med beina på jorda etter noko som er eit av dei mest krevande akrobatnummera i årshjulet vårt: Oppstart av eit nytt skuleår.

Heidi

Spurv i tranedans.

I dag morges vart eg vekt med kaffi på senga med påfylgjande herleg salat. Dette er verkeleg eit hotell i særklasse.

Lokalet viste seg å vera lettare å finna enn eg hadde frykta. Så vart eg slusa inn i kyrkjebyråkratane si ypperste høgborg. Det var slik at eg måtte melda meg i resepsjonen, seia kven eg hadde kva slags avtale med og signera meg inn i ei bok.

Då me sat der, kjende eg at dette hadde eg lyst til. Eg var smigra over å vera spurt, og kjende meg på sett og vis som spurv i tranedans i lag med teologar, ei dame med doktergrad i liturgi og andre med kjende namn og flotte titlar. Eg er framleis usikker på om eg kan bidra med noko verkeleg vettugt, men eg tek utfordringa, sjølv om det blir hardt arbeid, og tida til det strengt tatt ikkje finst. At det blir lærerikt er eg ikkje i tvil om og dei andre viste så mykje varme og engasjement.

I sju timar sat me saman og jobba. Etterpå var eg så ør i hovudet at eg brukte ein halv time til å sviva rundt i gatene utan mål og meining. Det var så fin sol ute, og lufta hadde eit umiskjenneleg drag av haust. Eg kjende att dette klare kalde streifet av mogning og overgang til ei ny årstid. Sansane mine hugsa kva for vakker månad august er.

Eg var stolt av at eg fann vegen tilbake hit heilt på eiga hand. Etter middagen var me ute på tur. Me tok med oss heim tre dvd-ar og ein bukett store gule solsikker. Kvelden har vore like tilbakelent som det høver seg etter ei intens veke. Snart kjem natta hit.

Heidi

Sitron mot reisesjuke:

Eg sprang rett til toget frå planleggingsmøte på jobben. På vegen til Oslo må toget skifta retning. I alle år har konduktøren gått rundt og snudd stolane i Kristiansand.
Nå har NSB kjøpt nokre nye vogner som ikkje kan snuast, truleg for å spara tid. Det betyr at ein må kjøra halve turen mot kjøreretninga. Etter mindre enn ein time var eg skikkeleg kvalm og bad tynt om å få sitja i restaurantvogna. Ho som jobba der var kjempesøt og gav meg tre små posar sitronsaft. Det skulle hjelpa.

Etter ti minutt på perrongen i Kristiansand gjekk det bra, sjølv om frisk luft var vanskeleg å oppdriva fordi dei andre som stod der stod der for å røyka.

Med setet rett veg gjekk alt så bra, ogdei siste fem timane kunne eg lesa og brodera utan problem. Nå er eg trygt innlosjert på det nye gjesteromet til Eva Mari der ein nystrikka genserkjole hang og venta på meg.

Heidi

Snurr mine hjul…

Nå har eg jobba frå morgon til sein ettermiddag kvar dag i denne veka, men endå er eg ikkje klar til å ta i mot elevane på måndag. Det vil seia, eg trur eg er mentalt klar, men framleis har eg ikkje fått printa ut ark og planar, sortert bøker og ordna det nye klasseromet som eg vil ha det. Kanskje eg får gjort noko av det i morgon?
Eg er elles beredd til å bruka sundagskvelden og natta til måndag…

I morgon reiser eg nemleg med toget før planleggingsdagen er over. Eg skal til Oslo, og gler meg til det, sjølv om eg strengt tatt sånn omtrent ikkje har tid… På fredag skal eg møta ei gruppe som arbeider med nye liturgier for den norske kyrkja. Dei vil ha meg med som tekstforfattar. Eg skjelv litt for oppgåva, men me får ta det som det kjem. Det er slike utfordringar eg har vanskar med å seia nei til.

I dag har det vore kurs mesteparten av dagen. Det var eit kjempefint kurs om klasseleiing. Og medan me stod utanfor lokalet kom ein av elevane mine syklande forbi. Eg fekk stole meg ein klem, stroke han over håret og høyrt at han var blitt storebror i sommar! Og eg stod der og tenkte at, jo,- visst gler eg meg til å sjå dei att alle i saman.

Nå skal eg pakka kofferten og ordna litt nede. Eg kom ikkje i mål med rydding til min eigen deadline, så me går og snublar i kassar og korger… Men pyttsan, det ordnar seg nok…

Flaggermusa med spjæra veng ser mirakuløst nok ut til å vera meir livskraftig enn eg hadde trudd… Nå heng ho etter føtene på ein blyant inne i ei skoøskje på Halvard sitt rom. Ho er blitt mata med honning og vatn og insekt og frukt, og ser rett og slett mykje friskare ut. Om ei såra flaggermus har livets rett er sjølvsagt eit godt spørsmål, men framleis klamrar ho seg fast…

Og i onkel sin hage er det tusen millionar plommer eller noko slikt. Dessverre har mange blese ned, så me vassa i nedfallsplommer då me var der for å forsyna oss.

Heidi

Sjøkreps med chili og vanilje.

På lørdag starta me grytidleg for å kunna kjøra her i frå klokka åtte, det klarte me akkurat. Etter to ferger og forsering av nydeleg kystlandskap i august, fann me fram til galleriet på Alvøen i Bergen på minuttet klokka to, akkurat som invitasjonen tilsa.

Det var mange år sidan eg hadde sett Bodil. Eg rakk akkurat å få ein klem før ho skulle presentera utstillinga si. Akrylfargar på plexiglas gav ei spesiell virkning, ei slags vidareføring av fotografi. I det andre romet stilde ho ut akvarellar: ansikt og fragment av ansikt. Eg kjøpte eit av dei, og gler meg til å henga det opp. I hagen utanfor utstillingslokalet vart det servert kvitvin, kaker og kaffi. Eg møtte menneske som eg hadde gløymt at eg hugsa.

I hagen utanfor det store gamle huset deira var det ripsbuskar og blomar. Etterkvart som folk kom fekk dei forretten rett i handa. Sjøkreps med chili og vanilje, brød og kryddersmør.

Inne i stova var det konsert. Ein musikar spelte trekkspel og song til. Folk sette seg i stolane og på golvet.

I hagehuset var det dekt til sekstiseks personar i alle aldrar. Det var ei fargerik forsamling. Dei første kjærleikshistoriane vart serverte med rugbrød, kryddersmør, oliven og kvitløk.

Så kom det fleire talar, yoghurtmarinerte lammekoteletter med ost, tomat og bringebærsaus. Syster og bror til brudgommen, i lag med svoger, x-svigerinne og den nye sambuaren til sistnemnde og song Sønnavindsvalsen for brura. Dei reiste seg opp der dei sat og stod rundt omkring i lokalet og song. Ungane haldt vakre talar for foreldra sine, og til dessert var det heimelaga is med bær.

Eg hadde ein kjempesjarmerande bordkavaler med røde bukser som var journalist i NRK. Han lærte meg korleis ein lagar gravlaks. Kanskje eg prøver det ut ein dag?

Grillane vart fylde med ved og laga om til små bål. Augustnatta var mildare enn på lenge, og inviterte til å sitja ute. Nå er me i den fasen av sommaren som byr på mørke netter. Inne i huset var det kaffi, kaker og barservering og det vart dansa i stova halve natta. Folk var glade.

Litt over to leitta me oss vegen fram til det vesle pensjonatet der me skulle overnatta. Eg vurderte å gå utan sko, fordi dei hadde begynt å klemma litt utpå natta, men eg kom meg då fram med skorne på.

Neste dag var det frokost i det store kjøkkenet til vertskapet rundt to store gamle trebord med kaffi og nyoppvarma brød. Loff og rugbrød, smør og ost og salami.
Det brant i peisen medan folk kom og gjekk, og alt var så fint.

Seinare på dagen fekk me levert flyttelasset til Odd Christian, og me tok han og kompisen hans med oss ut og åt middag, før me måtte leggja ut på dei seks timane med heimreise, som me klarte å gjera unna på fem timar denne gongen. Eg sat og glippa med augene og spelte Gåte på cd-spelaren medan kjærasten min kjørte bilen.

Vel heime kom Halvard med litt nervøs stemme og ville visa meg noko ute på romet… Denne gongen var det ei såra flaggermus… Ho låg i ei skoøskje med ei rift i venga… Halvard forer henne med vatn, mark og honning, men han hadde lese at flaggermusungar kunne overleva dersom dei fekk geitemjølk spruta inn i munnen gjennom ei sprøyte.

Eg kan ikkje seiast å vera spesielt begeistra for den nye pleiepasienten, men klarer ikkje å motstå Halvard sine tynne bøner om i det minste å gje ho ein sjanse til å overleva. Eg har sagt at eg ikkje trur den sjansen er til stades i det heile tatt…

Men i dag har eg begynt på jobb. Lærarane på trinnet har sitte saman for å planlegga den første veka. Eg veit frå før kor hektisk oppstarten er… Men nå er me i gang og skal halda fram i morgon…

Heidi

Haiii!

Den lange smale guten lyser opp i eit smil og gjer meg ein klem. Eg var læraren hans gjennom heile barnetrinnet. Nå har han fyllt nitten og er ferdig med vidaregåande skule. Han fortel meg at han skal ta kunstutdanning i Australia og medan han ventar skal han tena litt pengar på å tatovera folk…

– Når du blir berømt kunstnar skal eg sola meg i at eg har vore læraren din! – Eg skal takka deg først i talane mine. – For at du gav meg så stor fridom då eg gjekk på barneskulen…

Så spennande det er å møta igjen elevane sine. Sidan eg bur i ein bitteliten by skjer det ralativt ofte og eg er stolt og rørt når dei kjem bort for å prata med meg. Og glad fordi det ser ut til å vera alle dei positive tinga som sit att når det har gått nokre år.

I dag har eg kjøpt meg knallrød veske til dei røde skorne og det røde glashjartet eg skal ha rundt halsen. Knallrød selskapsveske med perler. Det skal bli så fint så. Ingrid meinte eg trong nye røde sko, men eg likar dei røde danseskorne mine frå Gudrun Sjödén. Det er dei eg har på meg når eg spelar teater rundt på skulane i lag med Jan Ivar.

Me har feira gebursdagen til Gunnar med stort hjarterom og mykje god mat. Nå må me pakka bilen med Odd Christian sitt flyttelass for i morgon tidleg reiser me til Bergen. Me skal vera med på opninga av Bodil si kunstutstilling klokka to. Det gler eg meg til, men me må starta tidleg om me skal nå det.

Heidi

Med ei tåre i halsen

sende eg eldsteguten i veg med nattoget nå i kveld. Eg trudde ikkje at eg kom til å reagera slik, for han har jo budd borte i to år nå, men likevel var det trist.

Eg ser han i og for seg om tre dagar, men då blir det ein rask seanse med avlevering av flyttelass. Når han kjem heim neste gong veit eg ikkje, eg håpar det blir eit besøk før juleferien.

Eg trur noko av det som er trist er at hendinga på ein måte tilseier at “En sommer er over…” slik som det i fylgje tradisjonen vil bli sunge på alle radiokanalane om ei vekes tid…

Elles så har dagen forsvunne slik dagane gjerne forsvinn. Eg har ikkje fått gjort det eg hadde tenkt å gjera, men eg har fått gjort mykje som eg ikkje hadde tenkt å gjera. Slik er det gjerne.

Sidan huset var fylt av “Spretts slekt og venner” i dag morges, starta eg føremiddagen med å steika lappar til eigne ungar, overnattingsgjester, Tonje som var “dagbarn” her i dag, og andre gjester av ungane. Eg trur dei var sånn ca ti til bords, og fatet var tømt på rekordtid.

Sidan me skal i sølvbryllup og ein del andre festar kjem nokså fort på, fann eg ut at eg kanskje trong fine nye klær. Finklær er det smått med i skapet mitt. Med Ingrid som sekundant og rådgjevar hadde eg etterkvart handla kjole og jakke. Så måtte eg kikka på sko og veske, men eg bestemte meg for å finna ut av kva eg har heime først.
Ho i butikken meinte at antrekket i svart og sølv ville bli skikkeleg sprekt med knallrødt tilbehøyr. Det var ein god idé, og røde sko har eg jo faktisk. Men eg måtte leita i ein time før eg fann dei.

Så har eg plukka masse rips, godt hjulpen av mor og far, og så har eg av alle ting handla “bilbukse” og bringebær til onkelen min…

Så var det handel att for å laga sein middag til gullguten som skulle reisa. Han måtte sjølvsagt få det han ønska seg…

Seint på kvelden vart det litt meir kjellarrydding, men eg er langt frå der eg hadde håpa reint ryddemessig. For å halda mine eigne timeplanar måtte eg nok leva i eit vakum som er meg nokså fjernt akkurat nå. Får trøysta meg med John Lennons ord: “Life is what happens to you when you`re busy making other plans…”

Heidi