Gå til innhald

8.mai:

“Korfor flaggar dei i dag, Heidi?” ville elevane mine vita i dag morges. Heldigvis er dei framleis nyssgjerrige nok til å spørja om slike ting, og eg fekk fortelja om frigjeringsdagen 8.mai 1945. Dei fekk i oppgåve å finna ut kor lenge det var sidan, og etter å ha rekna hardt i hovudet og på fingrane var det ein av gutane som hadde rett svar.

Då eg vaks opp, forundra det meg kor opptekne alle vaksne var av krigen, det var jo uendleg lenge sidan i mine tankar. Nå skjønar eg at dei seksten åra det hadde gått frå krigen slutta, og til eg var fødd, bare var som eit pust i historia. Sjernobyl-ulukka, som hende for 21 år sidan står skarpt i minnet mitt som om det var i sist månad eller noko, og det same gjeld mordet på Olof Palme.

Men i dag skulle eg og elevane mykje lenger tilbake. Me laga steinalderbustadar av stein og skinn og greiner og pinnar. Dei praktiserte den utruleg vanskelege kunsten å få til eit samarbeid. Litt knuffing og misnøye vart det, dei er ikkje større endå, men til slutt hadde alle gruppene laga eit arbeid dei var tydeleg stolte over. Dei mest kreative og fingernemme laga bittesmå steinøkser surra fast til trepinnar med brunt ullgarn, og bittesmå klesdrakter av skinn til piperensarbefolkninga me skal laga i morgon.

Så var det å reia opp senga til Jeppe, før eg og Jan Ivar unna oss eit lite måltid på kinarestauranten. Så var det øving i tre timar og rydding i førti minutt. Me er sånn passe galne, som har gått i gang med eit langt og ekte teaterstykke med massevis av tekst og ganske innvikla samspel med ei gruppe ungdomsskuleelevar.

Ungdomar i femtenårsalderen har den faste overbevisninga at det meste ordnar seg. Det er ingen grunn til å stressa, ein får det til til slutt. Framleis manglar mykje tekst og regi, men me skal øva hardt i helga. Me har 22 dagar på oss før det heile skal visast fram. I elevane sine hovud er det uendeleg lenge…

Kleda mine heng søkkvåte på klessnora for tredje dagen på rad, og lupinfrøa ligg framleis i ein kopp med vatn. Sola kjem nok tilbake…

I går svarte eg ja til å vera forteljar på ein stor festival i sommar. Det er venta å koma 3000 menneske dit. Eg skal øva inn ei lang forteljing som skal forteljast over fire dagar, og saman med ein gjeng andre skal eg gå rundt på festivalområdet og fortelja til eit par hundre menneske om gongen. Tanken på dette kitlar litt i magen, men eg gjorde det same for to år sidan, og det var ei spennande utfordring.

Så gler eg meg til USA- og Canada-turen i juni og juli. Noko av det eg gler meg mest til er å skriva reisedagbok. Eg har tenkt å skriva kvar dag på den berbare PC-en me skal ha med og leggja ut fortløpande på andedrakt.

I kveld har eg kjøpt billett til Odd Christian som kjem heim allereie i morgon kveld. Han sit på ein hybel og les til ein stabel eksamenar, og hadde lyst på eit lite miljøskifte. Det er alltid kjekt å få han heim.

Nå er det kveldsmat og nedtelling til natta. Eg vel å ikkje leggja merke til at eg har fått litt vondt i halsen. Fleire av kollegene mine er småsjuke.

Heidi

Mildare ute nå…

Kanskje veret snur og blir fint igjen? Eg kom heim frå jobb klokka kvart på seks og har laga tomatsuppe og pannekaker med bacon til middag til meg og dei to yngste barna.

Måndagen er ein lang arbeidsdag. Først elevar, så felles bunden tid,i dag med evaluering av skulen sine satsningsområde,- og som dessert alt som må ordnast til neste dag og resten av veka.

Me er i gang med steinalderen og har sett teiknefilm som illuderte steinalderen der to menn med treklubber valde seg ut kvar si steinalderkvinne som dei med makt drog med seg etter håret inn i hola. “Korfor gjorde dei det?” spurde ein av gutane. Veldig godt spørsmål… Det er elles merkeleg korleis dei som hadde laga filmen la inn små effekter som at dei som var uenige om noko dælja kvarandre i hovudet med same typen klubber… Og ungane lo høgt kvar gong det skjedde, særleg gutane. I beste fall kunne det jo vera for å visa at vald er forferdeleg primitivt…

Og steinalder skal bli kjekt, trur eg. Om veret er sånn nokonlunde i morgon ,skal me ta oss ein skikkeleg tur ut for å samla inn naturmateriale til gruppearbeid der dei skal laga kvar sin steinalderbustad.

På veg heim såg eg to gutar med ein stor kanin i band. Dei dreiv hoppetrening. Kanskje det litt motvillige dyret er påmeld kaninhoppekonkurransen på Jærdagane om eit par veker. I så fall er det nok fornuftig å leggja seg i hardtrening…

Så er det ned og rydda litt. Tidleg kveld i kveld… Trur eg…

Ein ting til forresten. Vennene mine er den flottaste og mest samansette blandingen menneske som tenkjast kan.
Hurra for dei.

Heidi

Forsov meg til sundagen.

Kvelden i går vart veldig triveleg. Og natta var allereie lang og lys, men ganske kjøleg etterkvart. Synneva hadde tend levande lys rundt fiskedammen i hagen, og livet var vakkert sett frå verandaen.

I går ettermiddag måtte eg innom fleire butikkar for å få tak i det eg trong til fingermaten. – Og då eg var ferdig med å rulla saman og pakka inn fenalår og laks i basilikumblad, med snøfrisk på tortillas med tannstikkere gjennom, røykelaks i same slags pyjamas, honningmelon i spekeskinke og plommetomatar med basilikum og Brie, var klokka plutseleg alt for mykje. Det var bare tjue minutt til me skulle vera der, og eg hadde ikkje stroke kjolen eller leitta fram ei heil strømpebukse…

Då eg skulle festa ein enkel tulipan til gåva med tynn fiskesen, fann eg den etterlengta bilnøkkelen min i skuffa med trådsneller og nåler. Der hadde eg ikkje hatt fantasi til å leita, men hugsa at då eg hadde det som travlast på torsdag fann eg fram nål og svart tråd for å nesta igjen eit lite hol… Så var det mysteriet løyst…

Og klesvasken som var tørr hadde eg ikkje tid til å få inn.
Det skulle visa seg å straffa seg…

I dag forsov eg meg til sundagen. Eg vakna klokka halv tolv, noko som normalt aldri skjer, men det har vore høgt tempo og for lite søvn dei siste vekene. Då eg vakna, registrerte eg at det høljeregna ute etter fleire veker med fint ver… Så klesvasken vart ikkje blitt tatt inn sjølv om det altså var sundag. Får ikkje håpa at nokon i gata har hatt konfirmasjon eller teke anstøt på andre vis…

I dag har kjærasten min og eg drukke kaffi hos mor og far. Ingen av ungane hadde tid til å vera med, så eg har sitte i sofaen til mor og brodert bunad heile ettermiddagen. Det var deilig og avslappande.

Og nå må omtrent alt som finnest av grøne tre ha sprunge ut. Saman med kvite plommetre, kirsebærtre og desse rosa japanske trea, så blir inntrykka så sterke at ein mest kan mista pusten… Men regnet kjøler unekteleg det heile eit par grader ned.

Og nå har eg lova å sy saman Halvard sin Chelsea-ransel som er i ferd med å gå i oppløysning. Lupinfrøa får ligga i vatn til i morgon…

Eg tek med dagens gulkorn frå Martin Lönnebo til allmenn oppbygging:

“Den som er høgt elska reflekterer lyset.”

Heidi

Kor skal din veg gå, mitt barn?

Eg har site her og skrive på ein song eg er utfordra til å laga. Det er ein song lagt i munnen på Josef som ser på Jesus. Eg har fått tilsend ei lydfil, og utfordringa mi er å laga tekst som harmonerer med rytme, melodi og tema. Eg anar ikkje om komponisten kan bruka det eg har laga i dag, men eg har nå send han eit førsteutkast.

Samarbeid er fine saker. Då tenkjer eg på den typen samarbeid der ein saman med nokon får til eit resultat som ingen av partane hadde hatt nubbesjanse til å få til aleine. Slikt samarbeid er eg involvert i ganske ofte, og eg elskar det.

Ein heilt annan type samarbeid, som kan vera vel så krevjande, er det samarbeidet der fleire partar som kunne fått det heile til vel så bra kvar for seg, har fått i oppgåve å få til eit resultat saman. Den typen samarbeid skal eg ikkje reflektera noko djupare over her og nå.

Det er lørdag, og fridagen min spring i frå meg. Det er så mykje som burde, skulle, kunne ha vore ordna… Eg har vaska klær og hengd fint ut på stativet. Eg har vore innom onkelen min og plukka heim blomar til helga. Mellom anna har eg bittesmå liljekonvallbabyar i eit blått stetteglas på spisestovebordet. Det blir spennande å sjå om eg klarer å driva dei fram…

Lupinfrøa ligg i vatn. Eg les på pakken at dei først blømer neste sesong… Når det gjeld hagearbeid er eg ein varm tilhengar av alt som går lynraskt, men som ser fint ut likevel…

Så har eg vaska skapet på badet, for det er slike avslørande glasdører på det, og eg har tenkt i uendelege tider at det må eg få gjort…

Eg innser at tempoet mitt på andre frontar ikkje harmonerer heilt med det å fiksa hus og heim på anstendig norsk husmorvis. Men alt er prioritering. Same kva ein fokuserar på så har det sin pris… Og den prisen får ein betala med eit smil eller omprioritera?

So help me God…

Og nå har eg nykokt kaffi der nede. Det skal bli godt. Eg har planar om å få laga eit fat med “fingermat” som eg skal ha med når me fer ut for å feira at Synneva fyller år når klokka passerer midnatt.

Ut i sola var det eg skulle, saman med kaffikoppen min…

Heidi

Når brikkene dett på plass…

Det er som eit under kvar gong. Salen fyllest med forventningsglade ungar, lyset blir dempa i sal og scene, og scenelysa blir tende.

Det me har øvd på i veker og månadar, terpa på og strevd med å byggja opp, får venger. Det riv seg laus frå manuskriptet og lever sitt eige liv. Og eg sit der på orkesterplassen på første rad med manus i fanget i fall nokon skulle trenga suffli. Eg kjenner korleis hundrevis av blikk er festa til det som skjer der framme og at dei som står der og er i rolle klarer å ta i mot og bera…

Det er då eg kjenner, kvar gong, at det er verd strevet. Og når storøygde barnehagebarn må kikka bak sceneteppet for å sjå om det verkeleg står ei ku der, då virkar magien. Då me framførte heksene sa ein liten femåring på sida av meg begeistra til førskulelæraren sin:
“Dette er jo akkurat som å vera på kino!”

Og så, etter tre eller fire eller fem forestillingar, skal magien ryddast på plass att. Store mengdar kostymer skal berast ned på kostymelageret og hengast fint på plass, og større rekvisittar skal demonterast eller plasserast på ein lagringsplass.

Og etterpå er eg trøytt, og glad og litt tom fordi noko me har brukt lang tid på å byggja opp, plutseleg er teke ned att.

Og Jan Ivar eg og Stig summerer det heile, og konkluderer med at nå har me etterkvart opplevd litt av kvart i saman, og begynner å få dreisen på dette med samarbeid…

Eg trudde dagen skulle bli teaterdag frå ende til annan, for om kvelden hadde eg billett til Anna Karenina på det store, ekte teateret inne i den store byen. Eg skulle dit saman med kolleger frå kulturskulen. Men for første gongen i mitt liv opplevde eg å få telefon om et ei stor teaterforestilling var avlyst… Trur det må vera rimeleg stor krise før slikt skjer, så eg sender ein varm tanke til dei involverte kva det enn måtte dreia seg om.

I staden tok kjærasten min og eg oss ein tur ut i småbyen vår. Alle ungane var opptekne med sitt, og dei frosne kotelettene me fann i fryseboksen frista nokså lite. I staden gjekk me ned til sentrum og bestemte oss for at me fortente å få eta ute i dag.

På den nye restauranten der kaffibaren brukte å vera åt me biff. Eg fekk biff i karrisaus med ekstra grønsakar i staden for poteter, og det smakte kjempegodt. Etterpå spaserte me vidare ned Storgata og hadde cappucino og kaffelatte på Mezzaninen før me avrunda med eit besøk i ein bokhandel. På veg heim var me innom eit kjøpesenter og kjøpte med oss heim appelsiner og Imsdalvatn med smak av solbær og jasmin, eller kva det nå var. Ikkje dumt å ta det med ro ein kveld heller…

Dei japanske kirsebærtrea er så utruleg fine akkurat nå, og alt det som står att av grøne blad ser ut til å springa ut samtidig. Eg har kjøpt lupinfrø som skal liggja i vatn over natta. Eg har alltid ønska meg lupiner i hagen. I beste fall får eg det til.

Heidi

Gresk salat med jordbær.

“Hode, skulder, kne og tå” eller: “Jakta på smultringen…”
Alle tre forslaga kunne ha stått som heading over dagen som gjekk, så her er det fritt valg.

I dei to første timane hadde eg keramikkundervisning. Etter fem minutt klarte eg å tømma over meg minst ein halv liter begitningsvæske, ei leiresuppe med farge som blir brukt til å farga halvtørr leire. Loket sat for fast, eller for laust, eller kva det nå gjorde. Eg skulle visa ungane korleis det kunne brukast, og plutseleg rann leirsuppa over kleda mine og ned på golvet.

Eg hadde heldigvis med meg assistent i den timen. May Brit tok utfordringa på strak arm, og overtok deler av undervisninga medan eg prøvde å ordna opp i uhellet. Eg fekk til og med henne til å avslutta timen min, for at eg skulle rekka å kjøra heim for å skifta klede.

Det var bare det at då eg stod i gardsromet og skulle låsa meg inn, gjekk det opp for meg at eg for tida ikkje har nøkkel til mitt eige hus. Odd Christian lånte han ein kveld han skulle koma seint heim, og ved eit uhell hamna han i Bergen.

Eg måtte altså dra tilbake like tilsølt som då eg kom, og måtte le av meg sjølv midt i galskapen. Eg skulle ha eit møte med folk som ikkje er direkte kolleger seinare på dagen, men då eg unskulda meg for antrekket sa dei sjølvsagt at det såg bare ut som eg var hardtarbeidande og kunstnerisk…

Så bar det i full fart heim for å skifta før forestillinga…
Fordi eg skulle vera så utruleg effektiv, gjekk det og litt i kryss. Plutseleg hadde eg forlagd bilnøkkelen og kunne bare ikkje finna han att. Det endte med at Jan Ivar måtte henta meg.

Me hadde nokre siste ting å ordna opp i før dei små skodespelarane kom. Me skulle blant anna kjøpa inn parisarloff, pølser og smultringar. Alt til bruk i teaterstykket. Dette trudde me skulle vera ei smal sak, men det viste seg at me nok ikkje er i varmaste smultringsesongen…

Me tråla bakeri og dagligvarebutikkar, men ingen hadde smultringar. Det er til og med rett å seia at nokon av dei lo av oss då me spurte etter det. Amerikanske donuts var det lett å få tak i med sjokoladeglasur og strø, men gammeldagse norske smultringar…

Men til slutt fann me ein pose likevel. Ein pose i ei hylle på Co-op frå Bertas bakeri. Så vart me redda denne gongen og…

Etter tre timars intens øving, styling og pep-talk, var dei yngste skodespelarane klare for scenen, og forestilling for foreldre, besteforeldre og andre inviterte. For mange var det første gongen med mygg og fullt scenefokus.

Og dei klarte seg bra. Eg skulle gjerne ha fått dei endå eit hakk meir energiske, men kanskje dei kjem dit i morgon når dei verste premierenervene har lagt seg? Og visst var dei flinke. Dei foreldra eg snakka med var i alle fall stolte og fornøgde.

Og sjølv er eg relativt utlada. Kanskje eg skal leita etter bilnøklane? Eller rett og slett finna meg litt kveldsmat?

Ja, det var den greske salaten: I dagmorges dreiv eg innovativ matlaging. I tradisjonell gresk salat til lunsjboksen min, blanda eg oppskårne redikkar, sukkererter med belgar og jordbær i skiver. Det smakte fortreffeleg.

Heidi

Lang dag på jobben:

I pausen mellom undervisningstimane og planleggingsmøtet klarte eg å smetta inn ein liten heltedåd i miniformat. Eg fekk beskjed frå lønningskontoret om at Odd Christian ikkje hadde levert skattekort, og derfor ikkje kunne få lønn for vikartimane i ferien i mai heller.

Etter ein rask spurt til likningskontor også til lønnskontoret på personalavdelinga, så vart det ordna. På vegen var eg innom ein butikk og kjøpte med meg mørk sjokolade, epler, cashew-nøtter og pepsi-max til planleggingsmøtet. Eg visste det ville bli langt og krevjande. Neste veke set me i gang eit storylineprosjekt over steinalderen, og me har skjøve forarbeidet litt framfor oss. Men visst kom me i mål, sjølv om eg ikkje var heime før klokka seks. Så gjaldt det å sluka litt mat før eg småsprang til ungdomsskulen for å sjå eventyrforestillinga som Sunniva og dei andre elevane på åttande trinnet skulle ha for foreldra.

Det som gjorde aller mest inntrykk var jenta i svart trikot som dansa ballett før stykket begynte. Ho gjorde det så nydeleg at eg heilt uforvarande kjende tårene fløyma over. Sunniva var forteljar, og gjorde det vakkert ho og. Ære vera ungdomsskulen fordi dei får absolutt alle elevane til å stå på scenen med fullt fokus på seg. Det er ikkje meir enn eit par månadar sidan sist me var der og såg teater.

Nå skal eg printa ut eit manus, som Stig treng for å kjøra lyd og lys for oss i morgon. For då er det dei yngste dramaelevane våre som inntek scenen. I morgon kveld er det premiere med open forestilling, og på fredag blir det skuleforestillingar heile dagen. Det er stor forskjell på å administrera 75 ungar, som me gjorde for to veker sidan, og 16 ungar som me gjer i morgon. Men dette stykket, som handlar om ekstremt dumme menneske, er bygd opp slik at alle er med i ei rammeforteljing der dei er gatebarn som spelar gateteater. Så viser dei kvar sitt eventyr i ei lita gruppe, og på den måten får alle prøvd seg på ein stor rolle.

Det er alltid mange spenningsmoment knytta opp til slike ting, men dei får liggja til i morgon…

Først manus til Stig, og så vaska håret. Eg har fromme planar om ein tidleg kveld. Framleis er det lyst, og himmelen tek så smått til å henta fram kveldsfargen sin.

Heidi

Adjø solidaritet?

Då eg var lita, var det tre dagar i mai som skimra som perler. 1.mai, 17.mai og gebursdagen min.

Første mai gav meg barndomens første kulturopplevingar på utsida av hagen og heimen. Eg hadde to onklar som begge var ugifte, og som budde heime hos bestemor og morfar, der min eigen familie og budde på den tida. Begge to identifiserte seg sterkt med fagrørsla, og forguda i tillegg meg og bror min, sidan dei ikkje hadde eigne barn. Min aller tidlegaste barndom var omgitt av minst sju vaksne som til sånn omtrent ei kvar tid var der for oss to barna, men det er ein annan historie.

Første mai vart me altså kledde opp. Eg meiner å hugsa kjole, lakksko, kvit strømpebukse og kåpe. Så vart me plasserte i baksetet i onkel Magnus si gule folkevognboble med kurs for storbyen.

I byen var det musikk-korps. Der vaia det ærverdige faner i raudt og gull, og alvorlege menn marsjerte taktfast i tog, ikledde grå og mørkeblå gabardinfrakkar utanpå dressen. Nokre av dei hadde hatt. Eg kan faktisk ikkje hugsa at det var marsjerande damer, men det må det jo ha vore. Mannskoret Varden eller noko i den leia song arbeidersongar: “Kamerater, kamerater…” og “Den er vår, den er vår.” Seinare kom det unge langhåra menneske med i toget med ein heilt anna type faner. Dei ropte slagord som “USA ut av Indokina” og slikt. Men det må ha vore mange år seinare.

Etter toget fekk me pølser i brød, og gassballongar som flaug vekk av seg sjølv viss me ikkje haldt hardt i snora.
Kroneis med jordbær kunne det og vanka, men då fekk me beskjed om å ikkje fortelja det til bestemor, fordi det var så kaldt ute at me i verste fall kunne bli forkjøla av å eta is.

Etter ein uforståeleg tale for vaksne, var det barnefest i Bjergsted. Bare ordet Bjergsted var nok til å skapa ei lyrisk forventning i magen min, fordi det høyrdest så vakkert ut. Og så høyrde me på barn og vaksne som song, spelte musikk og las opp ting. Eg hugsar krystallklart ei jente som song “Pappa kom hem, för jag läntar etter dig…” Det var mitt første møte med Evert Taube. Eg hadde ikkje begynt på skulen, og eg forstod ikkje alle orda, men det var så vakkert at det kribla i meg.

I beste fall var ballongane med oss heilt til me sat i bilen og skulle heim att. Dei lukta av gummi og gass, og bidrog til eit av barndomens mareritt: Bilsjuka som ramma meg kvar gong eg skulle kjøra meir enn tre kilometer i bil.

Vel heime hadde morfar kokt sundagsmiddag, noko som ofte betydde kjøttkaker med tynn brun saus og ertestuing. Morfaren min, var ein på mange måtar uortodoks mann, som kokte middag kvar dag til familien.
Eg kan framleis sakna kjøttkakene hans, og arme riddarar som han steikte til oss barna om kvelden. Når me hadde ete, måtte eg oppdatera besteforeldra mine på kva eg hadde opplevd denne dagen.

Då eg var lita var Einar Gerhardsen ein stor helt, og arbeiderpartiet det partiet ein stemde på. Eg vart djupt sjokkert då farfar sa at han ikkje såg nokon grunn til å feira første mai, og då eg flytta ut frå besteforeldrehuset, og oppdaga at første mai for dei fleste av dei som budde i byggefeltet med alle dei nye husa, var ein heilt vanleg dag.

For meg har aldri første mai blitt ein heilt vanleg dag, men eg må innrømma at engasjementet har gått nedover. Som vaksen har eg både gått i første mai tog og teke del i ulike arrangement på dagen, men dei siste åra har det ikkje blitt slik.

Det er noko som for meg ikkje blir heilt truverdig når velfødde nordmenn i 2007 skal synga: “Opp alle jordens bundne treller, opp I som sulten knuget har…” Og det vekkjer ikkje gjenklang i hjartet mitt når kampsakene blir høgare løn og ein for ein kvar pris meir liberal abortpolitikk. Derimot er solidaritet noko eg kjenner ein djup lengt etter. Lengten etter å stå saman skulder ved skulder og ta ansvar i lag. Eg har i meg draumen om å skapa “ei anna tid, der det blir like fint å jobbe som å danse”. Eg drøymer om eit samfunn der ein hjelper dei svakaste aller mest, og klarer å setja eigne behov til sides. Eg drøymer om ei tid med solidaritet folk i mellom, og engasjement for å få til ei rettferdig verd og ei jord som blir frisk nok til å leva vidare.

Så fekk eg vist eit skriftleg minimum av samfunnsansvar dette året og, kanskje… For eg skal ikkje gå i tog… Og klessnorene mine heng fulle av rosa lilla og turkise jenteklede som ikkje vart tørre nok til å ta inn i går kveld. Men i respekt for onklane mine, og alle dei andre som har bygd landet, som det så fint heiter i festtaler, så skal eg nok kanskje stå i mot den moderat sterke trongen til å driva hagearbeid.

God første mai, kjære lesarar, anten de har tenkt å svinga raude faner eller ikkje.

Men kor gjer me av solidariteten?

Heidi

Ein time før livet går inn i mai.

-Og fullmånen lyser inn gjennom vinduet mitt. Viss det er noko ingen ville koma på å rosa meg for, så er det grøne fingrar.

Hagen vår, er vel omtrent heilt på grensa til det minste ein kan våga å kalla hage… Ein grøn flekk framfor huset og eit bed mot vegen, ein minimal hage bak huset med eit bed på skrå mot naboen. I tillegg har me terrassar rundt huset på tre sider… Me var ute eit par-tre timar i kveld og prøvde å i det minste koma i gang med oppryddinga… Eg skal ikkje ein gong bruka tid på å beskriva utfordringane i form av nedsagde tre, gamle malingsspann, tomme blomsterkrukker, ein gammal… Nei, det var jo akkurat dette som skulle få vera hemmeleg for alle som ikkje bur nære nok til å sjå og grøssa…

Saman med veldig mange andre var eg på eit hagesenter og kjøpte planter til å ha i krukkene mine. Då eg kom ut var eg sånn omtrent inneparkert på alle kantar og rygga ut med hjartet i halsen medan ein eldre mann stod og vinka…

Og nå er blomane planta ut i pottene, så noko har me då fått gjort.Kanskje dette er den sesongen me stolt skal retta ryggen når naboane går forbi og sender lange blikk mot prydhagen vår? – Alt er i teorien mogleg…

Eg har tenkt å ivareta tradisjonen med å skriva her kvar dag i mai. Mai månad er det mest intenst levande eg kan tenkja meg. Kanskje går det an å ta vare på ein del av impulsane om ein bare er rask nok på tastaturet?

Nå skal eg tassa meg ned loftstrappa på bare føter og gli inn i neste månad i horisontal stilling.

Gud velsigna livet…

Heidi

Finn gullet,

puss det, og løft det opp i lyset.

Eg har vore på opplevelses-seminar i tre dagar. Det var eit seminar for menneske som jobbar med kreative ting i skule og kulturskule. Me har høyrt forelesningar, dansa, sunge i kor og spelt teater. Me har hatt improvisasjonar, drive med teaterleik og spelt teater utandørs.

Lokalbefolkninga på den vesle tettstaden, der me budde på eit fjordhotell, sende usikre blikk mot den gruppa som spelte gateteater på ein parkeringsplass. Ein lokal fiskar flytta seg lenger og lenger utover brygga og moloen, etterkvart som dei gruppene som spelte teater der kom nærare og nærare. Det som var mest imponerande var at desse små halvimproviserte teaterstykka faktisk blei veldig bra, fordi dei fleste deltakarane var ganske dramatiske av seg og jobba med teater på eit eller anna plan.

Ein av forelesarane hadde veldig fokus på dette å skapa begeistring, få menneske til å verta trygge, og så løfta fram eit uttrykk som ein kunne jobba vidare med. Konklusjonen hennar var at barn som er trygge kan i ein atmosfære av varme og begeistring, under kyndig rettleiing, få til omtrent kva som helst. Det trur eg på. Ordtaket seier at ikkje alt som glimrar er gull, men det finst utan tvil mykje gull som ikkje glimrar nok til at me får auga på det. Eg reiste heim med ny motivasjon til å gjera det eg har tru på i lag med ungar.

Naturen er på det aller mest eksplosive akkurat nå. Det blir grønare frå dag til dag, og kirsebærtreet mitt blømer. Det finst så mange fine grønfargar når dei ulike trea let blada spretta. Eg gløymer det frå år til år, men når dei rette dagane kjem, så hugsar kroppen min og kjenner att…

I går måtte eg ut og gå. Eg hadde så mange tankar inni meg som eg måtte gå til. Nokre av dei var vanskelege, og eg måtte prøva å fordøya dei bit for bit for å tenka klokt. Det lukta gras ute for sånn omtrent første gongen i år, og ei stor vipe letta frå graset og kom rett forbi meg.

Eg møtte tre personer som det var godt for meg å møta, og til slutt var eg innom onkelen min som var i betre form enn på lenge. Han sat i hagen sin og var ganske fornøgd med livet. Eg hadde kjøpt med meg ei kake til han, som eg sette i kjøleskapet, slik at han kunne eta kake i solskinet etter middagen. Me åt eple og snakka om livets viderverdige og enkle sider. Då eg gjekk fekk eg med meg ei famn full av påskeliljer. Dei var fullt utsprungne nå, men to- tre dagar i vase på den gule duken min skal dei nok overleva.

Sunniva skulle i konfirmasjonsselskap om kvelden til ei venninne. Me brukte deler av ettermiddagen til å finna den heilt perfekte presangen. Til slutt enda ho opp med eit lite halsgropsmykke i sølv med glas i midten, og eit konfirmasjonskort med dikt inni. Så måtte Sunniva få ny kvit jakke til å ha over den opne blomstrete sommarkjolen me kjøpte til bruk på 17. mai-. Ho må ha vakse tre cm den siste månaden. Det er merkeleg å sjå korleis ho veks og vaksnast frå veke til veke.

Nå er det på tide å laga litt middag. Me får gå ned og sjå kva fryseskapet måtte ha og by på…

Heidi