I dag har eg vore på besøk i livet til Edith Piaf. Det var tragisk, det var vakkert og det gjorde vondt. Og filmen var utruleg dyktig laga.
Som eg har skrive her før, så er dette ein film eg har hatt utruleg lyst til å sjå. I dag utfordra eg kjærasten min som kom regnvåt heim frå golfturnering. Eg inviterte han med på kino i kveld. Då fekk eg ei utfordring tilbake: –
-Hopp inn i bilen. Då når me den forestilinga som begynnar halv tre.
-Men det er jo om mindre enn tjue minutt?
– Ja, me når det akkurat.
– Men eg står jo her og kokar middag?
– Skru av plata, og kok vidare når me kjem heim?
– Det er jo gulrot og kålrabiskal på heile kjøkkenbenken!
– Det ligg der nok når me kjem heim og…
Og så skrudde eg av plata, varsla ungane, og hoppa i bilen. Det er jo noko av det eg blir sjarmert av med mannen i mitt liv. At han på ti sekunds varsel kan vera klar til noko heilt spontant…
Me parkerte bilen eitt minutt på halv tre, sprang til kinoen, og sat klar i kvar vår stol før reklamen var slutt med kaffi i den eine handa og ei flaske vatn med kolsyre og lime-smak i den andre. Så var det bare å opna på skalet og la seg overmanna av historia.
Livet er så sterkt på denne årstida. Personar og historier smyg seg under huda mi og angår meg. I går kveld sat eg med Halvard og Sunniva i to lenestolar fordelte på tre personar og åt brennande varm blomkålsuppe med cayennepeppar medan me såg ein flott film om Claude Monet og dei andre impresjonistane. Kjærasten min bakte rundstykke med ost på toppen og i midten. Etterpå somna eg på sofaen under eit ullteppe og vakna ikkje før det var på tide å gå og leggja seg.
På fredag høyrde eg eit program om Monica Zetterlund. Eg har så sansen for mange av tinga ho syng. Eg må prøva å få tak i ei plate.
Så har eg lese om Simone Weil i Martin Lönnebo si bok, og har lyst til å lesa masse filosofi. Eg har kjøpt ei lærebok i korleis ein skriv noveller, fordi eg har lyst til å skriva noveller. Eg har kjøpt ein ny roman som eg gler meg veldig til å lesa, og vaskemaskinen min sviv og sviv…
Men visst har eg fått feira sundag både med Martin Lönnebo og på gudsteneste med ei hærskare sprell levande ungar og eit like levande lam.
Og på fredag hadde eg venninner her til litteraturgruppe. Me les dikt av Rolf Jacobsen, og eg har viss aldri før lagt merke til kor utruleg fine dikt han skriv. Biletbruken er så fortetta og presis at eg mest mistar pusten.
Etterpå, då dei var gått, lot eg stearinlysa brenna. Så sat eg i sofaen til mest halve natta var gått bare fordi det kjendest så roleg og fint og meiningsfylt å sitja der og gjera ingenting…
Det er noko med livet på denne årstida. Livsappetitten blir så stor og livet og hendingane bare skjer og skjer. Før ein veit ordet av det er helga blitt sundagskveld på veg mot måndag…
Og nå skal eg til skulen og kopiera. Leselekser og skrivelekser. Så har eg eit lønnleg håp om å få starta på den nye boka eg her kjøpt før kvelden blir til natt.
Til rors Columbus.
Heidi
Det er omtrent slik at takvinduet mitt blir slått inn av piskande regn. Får seia som salig Obstfelder: Deilig og vått, deilig og rått…
Eg har ein intens arbeidsdag bak meg. Me har øvd heile dagen på musikalen Heksene, etter boka av Roald Dahl. Me trudde me hadde sånn ca kontrollen, men av alle dei tinga som skulle klaffa, var det litt for mange som ikkje gjorde det. Eit skuleteaterstykke som involverer 75 elevar og seks lærarar er ei ganske heftig affære…
Det kritiske punktet i dag var alle sceneskifta, der scenen raskare enn lynet skal veksla fram og tilbake mellom å vera hotellrom, hotellresepsjon og spisesal. I tillegg vart det vanskeleg med alle skifta av myggar etterkvart som folk skal av og på scenen… Og så viste det seg at avslutningssongen overhodet ikkje sat som han skulle…
Det ende med at me måtte halda ungane ein ekstra time på skulen for å få ei god gjennomkjøring, og sju timars samanhangande teaterøving er sterk kost for alle involverte partar. Heldigvis takla elevane beslutninga heilt eksemplarisk. Dei som trong det, fekk låna telefonar for å ringa foreldre, avbestilla speletimar og ordna andre praktiske ting fekk lov til det, og så var det på an igjen…
Nå er eg takknemleg for alle kryssa fingrar, for i morgon er det forestillingar heile dagen. Hekser skal dansa, forheksa og synga i kor. Og to gutar skal forvandlast til vaskeekte levande mus. Det skal serverast sjokolade med musemakar på, og folk skal ta saltoar og utføra halsbrekkande akrobatikk i tillegg til å hakka grønsaker og laga “Gjer -det -sjølv -saus”. Det kan gå bra denne gongen og, men i dag var det ekstremt nervepirrande…
Heidi
I den vesle byen min blir tenåringsforeldra med jamne mellomrom sende ut nattestid i gule og svarte allvérsjakkar med ein brodert ramn på den eine overarmen. Tre og tre eller to og to skal me så patruljera gatene, vera til stades for ungdommen, og snakka med dei som treng nokon å snakka med.
Sjølvsagt er dette ei fin-fin ordning, og i går var til og med véret lyst og mildt. I regn og kuling kan slike netter bli ganske lange.
Ikledd dette solide klesplagget, tilpassa vestnorske klimatilhøve, er ein plutseleg blitt ein annan.
Det må vera omtrent slik det kjennest å gå rundt i politiuniform, frelsesarméuniform eller munkekutte. Me er ikkje først og fremst ei gruppe vaksne på veg gjennom byen, me er natteramnane, og er innlemma i eit mystisk fellesskap av folk som passar på.
Det var vel fjerde gongen eg var ute på denne måten, og kvar gong er det bare godord å høyra. “Der kjem natteramnane, det er greie folk,” og “Kom og pass på oss ramnar.” Nokon fortel meg at når dei blir vaksne vil dei og gå natteramn fordi det er viktig at vaksne bryr seg.
Det vart ei fredeleg natt. Det er mindre ungdommar ute enn forventa, og bortsett frå ein episode med heftig naseblod ser me ingen skader. Ingen ser ut til å vera under femten år, dei skal sendast heim om me ser dei.
Ein godt vaksen mann fortel meg ved fleire høve at han leiter etter tre ting, røykpakken, lightaren og ei dame. Dei to første tinga finn han etterkvart i lommane sine, og den tredje tingen held eg på at eg dessverre ikkje har nokon autoritet til å hjelpa han med.
Og dei patruljerande politifolka fyller meg med beundring. For ein del er det tydeleg status i det å ta kontakt med politiet og konversera med dei. Tålmodige og venlege tek dei i mot det meste av det ein litt respektlaust kunne kalla fyllerør, og svarer så godt dei kan på alle merkelege spørsmåla dei får.
Som vanleg kjem det elevar eg hugsar frå tidlegare og vil snakka og klemma, og det er kjempekoseleg. Stort sett oppfører folk seg skikkeleg. Nokre prisar våren med å gå i korte miniskjørt og sandalar, og ein kan observera både gutar og jenter med bare armar og til dels skuldre. Det ser svinkaldt ut men så lenge det er vår, og ein er ung og vakker er det kanskje verd det?
Det eg opplever som trist, er at det ser ut som om nokon må ha så veldig store mengder alkohol for å kjenna at dei er glade og levande. Eller dei har bomma litt på rasjonane, det kan jo absolutt henda. Nokre legg seg ned på gata, eller på ein benk for å henta seg inn litt, medan andre spyr i smuga. Heldigvis har dei fleste som blir dårlege med seg nokon som kan hjelpa dei. Det ser ut som om dei fleste ungdommar tek godt vare på einannan.
Gatebiletet midt på natta natt til laurdag er veldig forskjellig frå det det er ein gjennomsnitts tysdag ettermiddag. Folk ser einannan på andre måtar, og tek dessverre fri frå vanleg skikk og bruk på ein del område. Torget er grisa til med papir og knuste flasker, og eg lurer på om nokon har som fast jobb å feia og spyla gatene sundag morgon.
Men hjarta ser ut til å vera mindre tildekka og kontaktbehovet større. Livet er ein sårbar og skjelvande ting, og mange kjensler fyller gatene midt på natta.
Heidi
Knoppane brest, og trea står med lilla og lysegrøne slør.
Kjærasten min og eg reiste inn til byen. Ikkje den vesle byen vår, men den ganske store byen som ligg ein dryg halvtimes kjøring i frå oss.
Me har vandra gatelangs, sett på folk og fotografert. Så har me site på ein benk midt i byen og kjend kor godt sola varma. På ein kafé med vindu mot gata åt han pasta med skalldyr, og eg åt salat med marinerte reker. Det kjendest så godt og levande å sviva der midt i livet, og me avrunda med kaffi i hagen til Jan Atle og Anne Mette.
I kveld, og i halve natt skal eg gå natteravn nede i sentrum. Eg skal bare ned og rydda litt først. Det er for fint ute til å finna roa inne, men tre-fire- timar med nyttig strukturert inneliv må eg vel kunna klara.
Det er nå det meste bare skjer og skjer.
Heidi
I går begynte eg ei rekkje med utviklingssamtalar. Det er det same som det me kalla foreldresamtalar for nokre år sidan… Eleven kjem saman med foreldra sine, for å snakka om korleis ting går, kva som er fint og kva som er problematisk, og kva det er lurt å ha fokus på i tida framover. Slike samtalar er fine og nyttige, men dei krev eit visst førearbeid. Helst skal ein møta med diverse dokumentasjo og med reflekterte notat i eit strukturert og ryddig klasserom…
Glad og fornøgd gjekk eg heim i fint vårver etter at samtalane for i går var vel i hamn. Då eg kom heim kjende eg kor energikrevjande det hadde vore, og kjende meg heilt tappa innvendig. Eg parkerte framfor fjernsynet. Då kom eg plutseleg til å tenkja på at i tillegg til å vera lærar var eg faktisk mor, og viss eg hugsa rett så skulle Halvard ha prøve neste morgon.
– Halvard, har du øvd til målprøven?”
-“Ja, litt…” – “Kva skal du ha om?”
– “Forskjellen på v og w på engelsk.”
“Kan du det då?” – “Ja, då…”
-“Kva meir?”
-“Om korleis alkohol og tobakk virkar på kroppen?”
– “Det kan du og?”
-“Ja, då…”
“- Men det er ein ting du må hjelpa meg med, dette…”
Han spelar fingerspel på gitar, men eg er for sliten til å skjøna kva melodi det skal vera.
-“Har du lekse på gitar?”
-“Nei, men eg må kunna denne songen utanåt. “No livnar det i lundar,” og eg har gløymt teksten att på skulen. Kan du han?”
-“Ja.”
-“Eg skal kunna første og andre, femte og sjette verset: Koss begynnar femte verset?”
Eg brukar logisk sans om kva som må vera femte verset. I den grad det i det heile tatt let seg gjera i eit så trøytt hovud…
-“Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song?” –
-“Ja, det var det. Koss er det vidare?”
-“Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong!”
Dette kan eg heldigvis, og slepp å tenkja på å leita i songbøker eller på internett…
-“Ok, sjette verset då?”
-“Då me med vigsla tunga, med kjærleik rein og klår…” – “Viglsa tunga??”
“-Ja vigsla tunga betyr…”
-“Eg bryr meg ikkje om kva det betyr, eg vil bare vita om det var sånn det var …”
Men sidan mor til Halvard er yrkesskada, klarer ho ikkje på trass av sterk grad av generell utmatting, å la vera å seia kva det betyr.
Til lettare irritasjon hos yngstemann får han i same andedrag vita kva “alt utan brest og sprunga” betyr …
Han har tydelegvis oppdaga at ein lærer gjennom å synga, så til eit lettare improvisert gitarakkompagnement blir vers ein, to, fem og seks sunge om att og om att med hyppige pausar der mor må falla inn i songen fordi teksten stoppar opp.
I dag morges hadde eg fri. Dagen starta med fire fem rundar med fire vers av ein viss song.
Det har vore nydeleg ver ute. Eg prøvde meg med open dør mot gata, men nokon jobba med ein pressluftborliknande sak ute i nabolaget.
Halvard skulle på handballcup, og sidan bilen ikkje var heime, måtte eg og han bera all bagasjen til stasjonen etter at han hadde vore på skulen. Eg spurte om han hadde hugsa alle versa, men det var tydelegvis ei tilbakelagd problemstilling. Han trudde han hadde hugsa, men heilt sikker var han ikkje.
Guten var glad og opprømt, og gledde seg både til tre timars togtur, handballturnering, og to overnattingar på ein skule i lag med kompisane sine. All ære vera lagleiarane, som brukar helga si på å sova i gymsal med femti ungar frå tolv til femten år.
Eg har brodert på Sunniva si bunad, raunbær og lyng, ferskvannsperler og vindkvervlar… Eg blir så ivrig at eg ikkje klarer stoppa, men nå fortel akslene mine meg at det vart i meste laget…
Eg gjekk innom onkelen min etter turen til togstasjonen. Han har veldig vonde kne for tida, men han hadde klart å koma seg ned kjellartrappa for å stella med sommarblomane han har sådd under varmelampar. Han hadde brukt fleire timar i dag på å gå rundt i hagen sin med ie krykke og så grasfrø i fleire av dei store blomsterbeda han har vore så glad i. Han sa at han innser at han ikkje kjem til å klara å stella den store hagen skikkeleg i sommar, så han må konsentrera seg om to bed. Han sa nokså usentimentalt at han lenge har visst at før eller seinare er det det han må gjera.
Og sidan eg ikkje klarer halda i stand mine, kanskje til saman ti kvadratmeter hage, så visste me begge at eg absolutt ikkje var rett person til å tilby meg å hjelpa med hagearbeid heller…
Eg plukka med meg mange påskeliljer frå onkel sin hage, den som framleis har mange og store bed. Ein del av dei rett nok med grasfrø oppå molda. Nå har eg har fordelt dei gule blomane i to vasar heime i stova. Kveldane er så lyse. Det er rett og slett blitt vår.
Heidi
For det var me omtrent tome for… Kanskje eg får dei over i tørketrommelen før natta senker seg. Status for den praktisk/materielle-ståa:
Mista mobil funnen! Men akkurat nå kan eg ikkje bruka nokon av dei to, fordi eg har sperra sim-kortet på den eine. Den andre datt i golvet, batteriet datt ut og eg måtte restarta… Då oppdaga eg at eg ikkje anar kva tastelåsen på det nye simkortet er. Får håpa kjærasten min har betre styr på det. Nå høyrer eg at han er komen.
Bilnøkkel funnen! Gøymt på ein lur plass, under ein glidelås i ein lomme i ei veske… Fint å ha han i handa att etter to veker utan.
Bankkort framleis avmagnetisert, har bestilt nytt.
Ja, då. Her har ein då ganske god orden på livet sitt enn så lenge…
Nå er eg trøytt og ør og svolten etter seks undervisningstimar på skulen og to dramaklassar. Men dagen har vore fin og innhaldsrik.
Eg her ikkje klart å venna meg av med å skriva her kvar dag etter ferien. Får minna meg sjølv på ordtaket: “Vent med å opna munnen til du veit du har noko fornuftig å seia…”
Heidi
I morgon spring eg med full fart inn i kvardagslivet att. Nytt tema i fjerde klasse er gudsteneste, gudstenesteliv og heilage rom. I morgon skal eg prøva å forklara ein stor flokk ni- og tiåringar kva det betyr at noko er heilag.
Eg har funne fram blomar, stearinlys, krusifiks og røykjelse og skal snakka om korleis menneske i ulike religionar lagar seg heilage rom. I haust ein gong kjøpte eg ein buddha-figur til bruk i krl-undervisninga. Eg meinte at eg hugsa kva skap eg hadde lagt han i, for det er ikkje naturleg for meg å ha Buddha framme i stova.
Då eg opna skapet, fekk eg sånn omtrent bokstaveleg talt deler av fortida mi i hovudet… Her var det ein pose med gjenstandar frå Afrika, store mengdar kort og perler, tjue år gamle klesplagg som kanskje kan koma til nytte ein gong, halvferdige englar, tyll og taft, halvstrikka babyplagg, lånte bøker, ein pose diktsamlingar og tanzanianske kangaar med innvevde ordspråk.
Og Buddha let seg finna etter tjue minutt med arkeologliknande søking… Eg må få rydda det skapet. Til sommaren kanskje?
Og i morgon skal eg ta i mot ein liten muslim frå ein kinesisk provins. Eg spør meg sjølv om Buddha og krusifiks og ein nynorsk lesetest er det som det kjennest mest meiningsfylt å møta første dagen på ny skule, men det meste er planlagt i god tid, og the show must go on. Velkomen skal han vera i alle fall…
Heidi
I natt bar me brennande stearinlys med oss ut av kyrkja, så vart me ståande mellom gravene på kyrkjegarden og synga: “Deg være ære, Herre over dødens makt,
evig skal døden være Kristus underlagt”
Der stod me, ungar, ungdomar, menneske midt i livet og eldre menn og kvinner med lys som blafra i vinden. Kvar gong ein av oss mista flammen var det eld å henta frå andre sitt lys.
Presten helste oss med den eldgamle påskenattshelsinga:
“Kristus er oppstanden,” og forsamlinga svarte unisont:
“Ja, han er sannelig oppstanden”.
I halvannan time hadde me site tett saman inni den vesle trekyrkja, delvis i mørke med tende stearinlys medan det vart lese tekstar og dansa i midtgangen. Det vart sunge salmer og nye lovsongar om einannan, og nattverden vart delt ut. Det må ha vore fleire hundre menneske i kyrkja trur eg, og dei aller fleste gjekk fram for å få nattverd medan ei gruppe ungdomar song lovsongar framme i koret.
Det var fint å sitja der, og eg tenkte på alle dei eg gjerne ville skulle ha vore der saman med meg. Eg ville så gjerne at dei skulle få kjenna fellesskapet, og kjenna at -slik og er kyrkja. Ikkje bare alt det andre ein tenkjer og trur om kyrkjeliv og høgmesser.
Halvard og Sunniva var glade og opprømte etterpå, og eg trur at slike opplevingar er vitaminer for sjela og ein injeksjon av tru og livskraft som dei tek med seg vidare.
Vel heime var det tradisjonell fylling og gøyming av påske-egg.
I dag på høgtidsgudstenesta hadde eg fått ei lita oppgåve. Alle barna som kom for å vera med på påskegudsteneste og barnedåp fekk tilbod om “å hjelpa til”. Dei fekk gå inn i prosesjon saman med dåpsfølget, berande på bukettar med nyutsprungne påskeliljer, som vart sette i ei stor keramikk-krukke framme ved altarringen. Då gudstenesta var slutt, bar dei blomane ned til utgangsdøra og vart ståande der for å dela ut ei lilje til kvar av dei som hadde vore i kyrkja.
Eg stod bak barna for å sjå til at alt gjekk bra. Det var eit sterkt syn å sjå eit og eit av dei vaksne ansikta opna seg og smila mot eit barn med ei framstrakt lilje. Andleta vart mjuke og augene varme. Eg måtte svelja ein klump eg fekk i halsen. Verda treng barn.
Nå skal eg ned og baka litt og førebu middagen til gjestene våre.
God påske!
Heidi
men nå sit eg her på jobb igjen og skriv… Skal bare ordna ganske mange ting, og så er det kroken på døra heilt til tysdag.
I og for seg så hadde eg tenkt å vera her for sånn ca seks timar sidan, men litt av sjarmen med å ha ferie er ein kan tillata seg å ikkje bruka tida så strukturert…
Først så bare måtte eg la meg suga inn i krimromanen min. Så var det eit par telefonar. På kjøkkenet lukta det heilt nydeleg av nybakte rundstykke. Det var kjærasten min som hadde slått til. Nytrakta kaffi og rundstykke må vel vera sånn omtrent dei beste luktene i verda å vakna til.
Dersom eg var eit veldig religiøst menneske, noko eg forsåvidt er, så hadde eg lurt på om eg var inne i ein oppdragelsesprosess styrt av høgare makter… Dette har skjedd meg dei siste to vekene:
1. Bilnøkkelen forsvinn sporlaust.
2.Mobiltelefonen forsvinn og let seg ikkje finna på tross av nitidig leiting.
3. Bankkortet mitt sluttar å fungera. Eg anar ikkje kvifor, men i går og i dag har eg prøvd det på seks ulike terminalar, og det virkar bare ikkje… Odd Christian har ein teori om at det er blitt avmagnetifisert fordi det har lege på sida av mobiltelefonen. Ikkje veit eg… Men det meste går det an å klara seg utan når ein må…
For nå har eg kjøpt ny mobil, og rett etterpå gjekk det som eg kunne ha spådd, eg fann att den gamle. Han låg ein stad eg er heilt sikker på at eg har leita, under ei skohylle… Men takk og lov, nå har eg to, og det er det då ikkje alle som har…
“Du er så utruleg lik meg,” seier Odd Christian og ristar på hovudet, “eller det er vel rettare å seia at eg liknar på deg”… og det gjer han. Eg ser det sjølv og. Både det kaotiske og det utruleg tilbakelente i personlegdomen hans.
Så må me ut og handla, eg og Odd Christian fordi me må dela på den einaste pengeseddelen som finst i huset. Etterpå går me ein plass for å drikka kaffi i lag. Kaffelatte til han og capuccino til meg. Det er fint å vera aleine litt. I morgon reiser han tilbake, og eg skulle gjerne ha snakka mykje meir med han.
Det er fint å ha vaksne barn og utfordrande å gje slepp på dei. Eg skulle gjerne gjera dei store vala for dei, men veit at det kan eg ikkje. Eg må visa respekt og kjenna etter når det er ok å gje gode råd utan å virka masete.
Og nå er eg her, skal sortera papir trykkja opp leselekser, gjera klar for å ta i mot ein ny elev på tysdag og rydda fint i klasseromet. Så skal eg på midnattsgudsteneste,
Heidi
Eg har vore på krossvandring. Via Dolorosa av det indre slaget. Klokkaren vår, han med den vakraste opplesarstemmen eg veit om, leia oss gjennom dei fjorten stasjonane saman med presten. Martin Lönnebo hadde skrive desse meditasjonstekstane til bruk langs den eldgamle lidingsvegen . Det vart eit møte med lidinga og lidingsmysteriet, og ei bøn om at me som fylgjer etter må få mot til ikkje å gå utanom det som gjer vondt. Det er mykje som gjer vondt, i verda, i oss sjølv og i andre menneske.
Kyrkjeromet er rydda reint. På alteret er det ingen tende lys. Songen er i moll og a capella. På eit lite bord ved kortrappa ligg det svart duk. På duken ligg ei tornekrone. Blodraude roser, ei for kvart av Jesu sår, står i ein glasvase. På golvet ligg det strødd tretti sølvpengar.
I dag, då eg drakk morgonkaffien min, høyrde eg at den store verdsomspennande klimarapporten skulle ha blitt lagt fram i dag, men ein del land hadde bedd om at han måtte omarbeidast først fordi innhaldet var for sterkt.
Eg tenkte på det symbolske i at ein slik rapport skulle leggjast fram på langfredag. Har nokon vore klare nok i hovudet til å finna ut at det truleg var den mest passande dagen som finnast kunne?
Eg har høyrt at folk har gjort mykje for å ta lidinga på alvor på langfredag. I ei bygd i Norge var det visstnok skikken å gå med småstein i treskorne og vaska fjoset, fordi det var det skitnaste og tyngste arbeidet som fantest.
At lidinga finst treng ein ikkje vera spesielt klok, erfaren eller visjonær for å vita. Eg spør som eg ofte gjer. Kor skal eg gå hen med meg sjølv? Og tenkjer i tillit at vegen vil opna seg. Måtte me få mot til å ta dei rette vala.
Då eg gjekk heim kom klokkaren bort til meg. Eg fekk ein klem og ei av dei blodraude rosene.
Til påskeutstillinga som eg hadde i lag med Inger skreiv eg eit veldig kort dikt som eg siterer etter minnet.
Og lyset kom til verda.
Eg ropar
med det eg har att av stemme:
La mørket ta i mot det.
Heidi