Ingen spør nokonsinne tre veker på førehand om korleis 18.mai-veret skal bli. I dag set me dobbel pris på godveret i går, for det har vore grått og regntungt heile dagen, men i dag gjer det absolutt ingenting. I alle fall ikkje for nokon her i huset. 18.mai har vore ein dag utan store ambisjonar. Dagens største utfordring har ikkje vore større enn å arrangera 14-års-dag for femten unge damer.
I føremiddag var eg veldig nære å gje etter for folkekravet frå dei tre yngste om å kjøra den sjuke hamsteren vår til dyrlegen. Eg gjekk så langt som til å ringa veterinæren, men dei tok bare i mot telefonar før ti.
Så vart det ein telefon til Jan Ivar i staden, samt smuglesing av ei hamsterbok på dyrebutikken. Pasienten vår ser ut til å kunne vera ramma av ei blanding av forkjøling og alderdomssvekking. Det første kan ein bli frisk av. Halvard og Sunniva er optimistar, for i dag har han gått rundt i buret, rett nok framleis ein tanke ustø, og ete salatblad som han held mellom labbane på vanleg hamstervis.
I morgon fyller Sunniva fjorten år, men fordi nokra av venninnene skulle reisa vekk er det blitt feira i dag. Eg og ho har jobba med saka heile dagen. Me dekka bord med koboltblå tallerkenar, limegrøne dukar og rosa serviettar, med 17.maibukettane frå i går i vasane.
Menyen vart enkel: Tacos med diverse tilbehøyr og dessertbord, med is, sjokoladepudding, peanøter, jordbær, krem, bananskiver, sjokoladekake, varm sjokoladesaus, marshmallows og diverse godteri i skåler.
Stemningen har vore høg, og deler av forsamlinga er framleis i festmodus etter fem timar. Dei ler og snakkar høglydt nede i kjellarstova.
Det er stor forskjell på femten pynta tenåringsjenter som underheld seg sjølv, og ein tilsvarande gjeng gutar i 7-8 års-alderen. I år blir sistemann i huset tenåring. Eg vil seia at me har begynt å få ein viss dreis på barneselskap etter å ha arragert ca 48 slike… Det er så synd at kompetansen skal renna ut i sanden, for nå er me faktisk ferdige… Barneselskapscatering er vel omtrent det eg kunne trenga på aktivitetsplanen min…
Sette meg for å sjå på TV, men sovna heile tida, så det gav eg opp… Nå skal eg ned og sova vidare.
Heidi
Då eg vakna tidleg på morgonen ein gong, registrerte eg takknemlig at det ikkje regna. To gonger i året når vermeldinga for landet vårt sine absolutte høgder. Det blir spekulert i vekevis i desember om det blir kvit jul eller ikkje, og i mai om korvidt det blir sol eller regn på 17.mai. Vervarslene for i dag var kolsvarte tidlegare i veka, åtti prosent sjanse for regn og styggever var prognosane. Men så dukka det plutseleg heilt uventa opp eit venleg høgtrykk, og me har hatt sol heile dagen!
Som seg hør og bør, høyrde eg ganske raskt etter oppvakninga lyden av eit musikkorps. 17.mai skal det norske folk nemleg vekkjast av ljomande marsjar, skarptrommer og trompetar. Eit kvart korps med respekt for seg sjølv marsjerer på vekkerundar rundt i byane i seks-sju tida…
Etter å ha laga meg kaffi og ovnspannekake med rabarbra, var det på tide å stryka Ingrid si bunadsskjorte, pussa bunadssølv, stryka dei små flagga til barnetoget og alle desse tinga som alle andre gode nordmann sjølvsagt gjorde i femtida i går ettermiddag. Heilt i tråd med meg sjølv, så nådde eg det så vidt…
For å nå att mannen i mitt liv, som hadde gått i førevegen, småsprang eg forbi uttallige bunadkledde småbarnsforeldre med barnevogner med bunadkledde småbarn som skulle trillast gjennom barnetoget. Fleire av desse toåringane sat og øvde i vogna på det dei skulle ropa høgt i toget av type “Nyland barnehage hei, hei, hei, ingen Nyland barnehage er som deg…”
17.mai-livet mitt er ganske forutsigbart. Det er uendeleg banalt å bli varm og våt i augene ved synet av tusen marsjerande barn med og utan nasjonaldrakter og fire musikkorps. Likevel blir eg det kvart år. Eg vinkar til eigne og naboane sine ungar, og ropar høgt til elevane mine som ropar høgt tilbake. Etter toget vart me inviterte inn til Bjørg på is og kaffi, for på denne eine dagen i året må ein servera is så raskt som mogleg. Det er ein del av konseptet.
Eg har vore hos foreldra mine og drukke kaffi på balkongen i lag med syster og svoger. På veg dit fekk eg med meg den obligatoriske konserten med den norske studentersangforeninga med Olav Tryggvason og
blånande fjordar. Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløme akkompagnert av lauvtre som sprett om kapp med nyfødde lam, og flagg som dansar i akkurat passe mykje vind. Stort vakrare kan det ikkje bli, sjølv om dette blir så sukkersøtt at eg mest kvir meg for å skriva det…
Dagen vart vakkert avslutta med grilling i hagen til Gunnar og Hanne Lise med påfylgjande kaffi, sjokolade og kaker inne i stova deira.
Eg fekk og med meg eit halvt TV program om Liv Godin, ein av lærarane mine frå barneskulen som i ein alder av 89 år driv og konstruerer bruer i Kongo. Leve alle sterke, modige kvinner med grensesprengande visjonar. Ho er ei dame eg er stolt av å kjenna.
Kvelden i går brukte Halvard og Sunniva på å stella det me antok var ein døyande hamster. Etter augebetennelsen fekk han i går voldsomme skjelvetokter, og orka så vidt å ta til seg mat. Halvard sat med tårer i augene og mata han med vatn frå ei teskei og eple skore i mikroskopiske terningar. Sunniva fotograferte han for å ha bilete frå siste kvelden han levde. Stemninga i heimen var nedstemt og samtidig bortimot litt høgtideleg.
Ungane varma opp baderomet til 25 grader, dei sette buret hans ut dit og laga ei mjuk seng til han med tilgang til yndlingsrettar og vatn. For fire-fem år sidan døydde dei to første hamsterane våre på same dagen. Ungane var først utrøystelege, men så fann dei ei slags trøyst i at dei døydde på Kristi himmelfartsdag, og at det sikkert betydde at dei hadde det godt ein annan stad. Eg påpeikte det merkelege samantreffet at det såg ut som om Shadow og skulle døy på Kristi Himmelfartsdag.
Då eg vakna i dag, var eg nokså sikker på å finna ein død hamster på badet, men han såg faktisk ut til å vera betre. Han åt salat og drakk vatn utan hjelp, og det vesle dyret kom seg til og med rundt i buret. Så nå får me sjå koss det går. Halvard var svært takknemleg. “Eg orkar liksom ikkje at han døyr heilt endå, han ser mykje friskare ut, ikkje sant mor?” Så nå får me sjå…
Eg lurer på om eg er i ferd med å bli heilt tullete med hensyn til dyr. Her bloggar eg side opp og side ned om sjuke smågnagarar og kvar einaste natt det siste halve året har eg stått opp midt på natta for åå sleppa inn ein kmjauande katt som står utanfor soveromsvinduet mitt og vil inn…
I morgon er det skulefri. Eg ser med stor fryd fram til å sova så lenge eg vil i morgon.
Heidi
Dagen før dagen her til lands. Dei dystre vermeldingane for 17.mai-veret frå tidlegare i veka er modererte, og alt eg kan sjå av himmel frå vinduet mitt er bleikt mai-kveld blå. Sola legg venlege striper på åsen der ute, og naboen på 19 har vorspiel på verandaen. Ute i gata står det røde og blå traktorar på rekkje og rad, for slik kjem ungdomen seg på fest på mine kantar av verda.
Eg har plukka liljekonvall, blå klokkeblomar og raude alperoser, så 17.mai-bukettane er på plass. Eg har til og med fått ruska litt ugras.
Arbeidsdagen har vore god, og han har vore lang. To planleggjingsmøte på rad, gjorde at klokka var over seks då eg kom heim, og etterpå måtte eg og Sunniva på ein butikkrunde for å sikra oss noko godt i matvegen og kompletera antrekka til i morgon.
Høgdepunktet i klassen i dag, var forfattarbesøk frå ein skrivande bestefar. Elevane passa på å få vist fram steinalderutstllingane sine, som dei er frykteleg stolte av. Etterpå øvde me å gå i tog i lag med musikkorpset slik me gjer kvart år, og me feira at steinalderprodjektet snart er ferdig med å eta ispinnar i siste timen.
Akkurat nå høyrer eg noko bli knust nede på kjøkkenet. Kanskje eg får prøva å finna ut kva det er… Og rydda litt…
I ein pose på kjøkkenbordet har eg rabarbra. Det er dei første i år, og på rommet til Halvard har me fått eit akvarium med tolv rumpetroll.
I morgon er det 17.mai…
Heidi
som viser seg å vera mykje søtare enn venta…
I natt regna det. Eg vakna klokka halv seks av meg sjølv og stod opp fordi eg hadde så mykje ugjort…
På radioen melde dei endå verre ver enn forventa. Dei sa det var fire grader ute, og haldt fram med å melda kald vind og masse regn.
Eg skodde meg for verst moglege forhold. Eg tok på fora kommunal fleecejakke under regnkleda, og eg pressa to par ullsokkar i dei nye rutete støvlane. Etter ti minutt med høgtlesing i klasseromet, gjekk me til bussen. Det regna.
Det tok oss mest ein time å koma til steinalderhola, og ute regna det så det spruta. Eg førebudde meg på masse kalde og våte ungar som ville heim og måtte venta i tre timar til på bussen. Då bussane stansa, var det opphaldsver, og det lukta tang og tare, sjø og bjørk, våt asfalt og sommarregn. Sola skein medan me gjekk til hola der Jens kom i leopardmønstra nylondrakt og prøvde å jaga oss vekk med ein lang kjepp. Ungane sat vagla høgt og lågt medan han fortalde om steinalderlivet sitt, og soldatane marsjerte forbi på vegen
Etterpå var det min tur til å fortelja, og sjølvsagt kom ein ny flokk soldatar forbi akkurat då forteljinga var på det mest spennande. Så gjekk me ned til stranda, via nokre spennande bunkarsar frå krigen, for å grilla pølser, leika og sparka fotball. Ikkje ein drope regna det, og sola skein heile dagen.
Ungane hadde det kjempefint, og fleire av dei spurde om me ikkje kunne reisa tilbake ein annan dag og. Det er så fint å ha sjanse til å leika med dei og snakka om vanlege ting som opptek dei. Ikkje ein konflikt var det heile dagen, og det er ganske sterkt for den nokon-og-femti-ungar-store flokken vår.
Nokon dagar blir ein konfekt av ein dag. Spesielt smakar det godt viss dei kjem heilt totalt uventa.
Og i kveld har det vore tre timar øving med Jeppe på Bjerget igjen. Nå begynnar me å få dreisen på det… Dramaelevane våre ser plutseleg alvoret i situasjonen dei og, og tiggar om å få ekstraøvingar. Slikt kan me sjølvsagt ikkje stå i mot, så på sundag skal me øva meir.
Nokre av desse ungdomane har vore dramaelevar hos oss i fem år. Det er flott å sjå korleis dei har utvikla seg i denne perioden. Å fylgja ungar og ungdomar i utvikling er kjempespennande.
Då eg kom heim nokså sliten etter ein lang og intens arbeidsdag, vart eg smitta av Halvard si bekymring for Shadow, den eine hamsteren vår. Me har hatt han i omtrent to og eit halvt år, og det er vel kanskje forventa levetid for ein hamster? Dei siste dagane har han hatt ein slags augebetennelse eller noko slikt. Det ser ut som augene er igjenklistra, og me må opna dei med lunka vatn. Får ikkje bestemt meg for om eg synest det er rett å kontakta dyrlege for å få augedropar til ein hamster…
Og tynnare har han blitt og…
Snakkar litt med eldstesonen på msn. Han sit på hybelen og les til eksamen, og hadde behov for å beklaga seg litt.
Får kryssa fingrane for at han klarer å lesa seg gjennom pensum slik at han kjem greitt i mål… Viss du les dette, Odd Christian, så kom deg til lesesalen. Det er lettare å lesa der…
Heidi
har eg kjøpt meg i dag. For den gamle oransje regnjakken har ikkje vore vanntett dei siste fire åra, og støvlane mine er blitt borte vekk.
I morgon skal me på skuletur. Me skal hentast med buss, og det synest elevane er heilt topp. Barn av i dag kjører sjeldan buss. Me skal besøkja ein steinalderbustad og grilla og leika på ei strand. Problemet er bare at dei har meldt skikkeleg styggever, regn, frisk bris og 6-7 grader.
Same typen ver som me kunne ha forventa i november eller februar… Men nå skal det ikkje stå på innpakninga…
Her skal det ikkje frysast…
Og Jens skal stilla som holebuar frå steinalderen i klede av imitert dyreskinn. Sjølv skal eg fortelja ei historie som eg rett og slett ikkje har hatt tid til å øva inn, så det må eg gjera nå. Dagen har gått i eitt. Mange møte på rekkje og rad, det siste varte til klokka var kvart på elleve…
Og innimellom var eg og Sunniva ute for å handla nye gymskor til henne og regntøy og støvlar til mor.
Så nå må eg jobba. Det er godt eg har rutine på å øva inn munnlege historier raskt og gale. Får bare setja i gang, for snart går kvelden over i natt. – Og så langt er det faktisk vindstille og opphaldsver.
Heidi
Presten siterte ei strofe frå eit svensk dikt, og eg trur eg hugsar denne eine linja. I beste fall kjennest ei gudsteneste som å ta eit steg til sides frå kvardagslivet og koma inn i eit heilag rom der ein kjenner seg omslutta av kjærleik. På den måten kan ein lena seg bakover mot
ei djupare meining og vita at ein er ei brikke i eit stort og vakkert puslespel. Det er ikkje alltid det kjennest slik, men det gjorde det i dag.
Eg har hatt ein fin sundag. Eg vakna tidleg og les lenge på senga før eg stod opp. Akkurat som eg trudde er “Løvekvinnen” av Erik Fosnes Hansen ei stor lesaroppleving.
Eg lurer framleis på om det var han eg møtte ein ettermiddag i Firenze for 25 år sidan. Eg var på interrail med tre venninner. Dei var meir utslåtte av sola enn meg, som ville ha med meg alt som var å oppleva av byggverk og museum. Så mens venninnene mine tok det med ro gjekk eg saman med to amerikanske gutar ein dag. Desse to var svært strukturerte eurailarar, og hadde ei liste over trettito ting eller noko slikt, som dei ville oppleva i Florence. Eg hugsar at ein av postane var Italian icecream, og at eg vart veldig lattermild av at det
var ein eigen post på eit dagsprogram, ingenting overlatt til spontaniteten, liksom.
Me sette oss ned på ei trapp og såg ei sigøynarjente i tiårs-alderen dansa på gata mot betaling. I pausen mellom dansane røykte ho sigarettar…
Eg hadde teke opp skriveboka mi, for skrivebøker har eg bore rundt på heile livet. På ei anna trapp sat ein gut og skreiv ivrig i ei bok han og. Eg snakka til han, og det viste seg at han var norsk og heitte Erik. På spørsmål om kva han skreiv svara han at det var ein roman. Slikt gjorde sjølvsagt inntrykk på meg. Guten på biletet minner om fotografi av Erik Fosnes Hansen og alderen stemmer. Derfor har eg bestemt meg for at det sikkert var han det var.
Resten av dagen har eg stort sett brukt på “Jeppe på Bjerget,” og i dag synest eg at me tok eit langt skritt framover. Men me vurderer om me må skifta ut kniven i knivscenen med ein leikekniv, for i dag var me farleg nær ei nestenulykke då revisoren distraherte Jeppe med ei omfavning og Rocker Kaj skulle riva kniven ut av handa hans… Det var ikkje den aller skarpaste kniven i skuffa me hadde funne då…
Då eg kom heim, var eg forferdeleg svolten, eg hadde tenkt å laga laks til meg sjølv, men kjærasten min hadde kjøpt eit brett tapas-snacks til grillinga i går, og eg fann ut at eg kunne eta det som var att. Det var ostefylde chilli og paprika, kvite bønner og marinerte kvitløksfedd. Eg kjenner eg har fått i meg nok kvitløk…
Som eit apropos til bøn til slutt, slik at eg lukkar sirkelen for ein gongs skuld… Ei av dei vakraste bønene eg veit er denne til den danske lyrikaren og humoristen Benny Andersen. “Lær mig hvor jeg skal falde ind når den store musik begynder…”
Heidi
med Torhild om ein tekst. Eg prøver å laga ein norsk versjon på songen “Get together in the name of the Lord,” som ho har tenkt å bruka på gudstenesta i morgon. Type hurtigarbeidande komité… Problemet er bare at mailen er send tre gonger frå min mailboks, til to ulike mailadresser på hennar maskin utan at han kjem fram, mystiske greier…
Men der ringde telefonen! Me sit ved kvar vår maskin med same teksten framfor oss og syng songen saman på telefonen. Eg syng inni meg, og ho syng høgt.
“Fantastisk,” seier Torhild.
“Me brukar han slik, eg mailar han til presten med det same!”
“Eh det er jo bare eit førstutkast,” innvender eg…
“Nei, det er flott, me brukar han akkurat slik, me snakkast”…
Det var seks vers og refreng på tjue minutt, men kanskje ting av og til må få lov til å gå fort unna? Spesielt viss det er eit eingongsprodukt? Er litt fortumla, men glad for at me fekk det til…
Elles så har eg då jobba hardt nok tidlegare i dag. Noko anna kan ingen påstå… Me har jobba seks timar med Jeppe på Bjerget, ein styrkeprøve for både skodespelarar og instruktørar, men nå har eg begynt å få trua for at me skal koma i mål.
På veg til skulen var eg innom ein butikk, eg kjøpte med meg oppskore brød, nugatti, gulost, saft og to posar kjeks. Eg veit av erfaring at svoltne barn og ungdomar blir ukonsentrerte og irritable. Når ein er fjorten år er ein ikkje bekymra for om ein kjem til å bli svolten om fire timar eller ikkje, og er derfor ikkje innom tanken på å smøra seg matpakke…
Eit anna tilbakevendande problem er at “ein eller annan” gløymer at me skal ha helgeøving. Denne ein eller annan er av ein eller annan grunn oftast ein av hovedrolleinnehaverane. Det ser og ut til å vera ein naturlov at dei ikkje er å finna på mobilen, som dei elles alltid ber på seg. I dag måtte me ty til det gamle trikset me har brukt med hell ein gong før, nemleg å ressonera oss fram til nokon som truleg er besteforeldra, ringa dei, og bli losa vidare i familiære irrgangar. Me klarte det denne gongen og, og halvannan time for seint var me klare til å setja i gong med ei full gjennomkjøring…
Prosessen rundt å øva inn eit stort teaterstykke med femten tenåringar, er tålmodighetskrevjande og høgst levande. Og me er ganske stolte og utmatta alle saman når me set kroken på døra. Me hadde håpa å begrensa helgeøvinga til i dag, men innser at me treng meir tid, så i morgon blir det 3-4 timars ettermiddagsøving.
Då eg kom heim hadde kjærasten min invitert gode vener til grilling på verandaen. Det vart ei etterkvart ganske kald oppleving, men er det sommar så er det sommar. Me samla alt me hadde av ullpledd og fleeceteppe og varma hendene så godt me kunne på grillpølser og kaffikoppar.
Eg kjørde Halvard til sommarjobben hans som gartnar hos onkelen min, og han gjekk i tre timar og slo grasplenar i kveldsregn. Lukta av nyslått gras ein regnfull kveld i mai er spesiell, og gamle minne dukkar plutseleg opp. Det er det rare med lukter. Plutseleg er ein kjenslemessig i ei anna tid og eit anna rom.
Halvard måtte låna både polvottar og ein vaksen ytterjakke utanpå sin eigen, for å halda varmen. I mellomtida vart eg ropt inn til bror min som bur i nabohuset til eit koseleg kveldsmåltid.
Kjærasten min sit med PC-en sin på vårt felles arbeidsrom og fordjupar seg i Canada-USA- turen. Han er nok litt oppgitt over at eg ikkje går inn i planleggingsarbeid med same entusiasmen som han. Eg klarer aldri å mobilisera hundre prosent før eg er ein plass med kroppen min og heile meg. Kanskje eg lever litt for mykje i nuet?
Heidi
Eg starta dagen med Sunniva på besøk under dyna mi. Ho kjende seg ikkje frisk, og hadde vondt i hovudet og vondt i magen. Eg håpa at ein paracet og litt varme ville helbreda det heile, men det enda med at ho fekk velsigning til å gå og leggja seg att. Ho er ei jente som er på farten heile tida, og kanskje var ho rett og slett litt for sliten? Nå i helga skal ho ha øvehelg både med dansegruppa og teatergruppa i tillegg til å ha overnattingsbesøk. Heldigvis ser det ut til å gå betre nå når ho har fått sove heile føremiddagen.
Før me fekk stått opp kom Ingrid og, ho fortalde levande om jobbintervjuet på ein skobutikk i går,msom førde til at ho plutseleg var ansatt, og fann seg sjølv på jobb i eit stort og innvikla sko-lager… Når Ingrid set i gang med å fortelja om ting ho har opplevd er det bare å gje seg over og le høgt.
Etter å ha prøvd å læra Halvard tre vers av “Norge i rødt hvitt og blått” medan han åt frokost, fordi eg oppdaga på planen at han eigentleg skulle kunna det til i dag, var det på tide å ta ein kopp kaffi.
For å markera at me har gullguten heime på besøk, starta eg dagen med å baka sjokoladekake i langpanne. Eg hadde gløymt at steikeomnen vår er skeiv og må byggast opp under med tresleiver for best mogleg resultat. Dette førde til at halve kaka vart brent, men bakinga kvalifiserer vel likevel kanskje til eit par husmorpoeng?
Så får eg ein telefon der ho som ringer minner meg om at eg deltok i ein salmekonkurranse for eit år sidan. Jo, det hugsa eg då… Nå hadde dei plukka ut elleve salmer som dei skulle bruka på ein stor konsert på dei nynorske festdagane og mi og Johanne si bryllaupssalme var ei av dei. Ein musikar var i gang med å laga eit korarrangement, og ville gjerne snakka med meg. Så langt alt heilt eineståande. Fem minutt seinare ringer musikaren. Han lurer på om eg har lyst til å snakka med ein høgskulelektor i norsk som hadde eit lite forslag til forandring. Ja, spennande det, såklart…
Eit minutt seinare ringer språkprofessoren, eller kva han nå var for å oppmoda meg til å endra setninga “Signa dei du”, til “Signe dei du.” Dette fordi signa er imperativ bydeform medan signe er konjunktiv, som er ei audmjuk ynskjeform. Eg sa at det var interessant, og at eg er veldig språkinteressert, men at dette var heilt nytt for meg. Eg hadde ein lengre språksamtale med professoren som tydeleg gløda skikkeleg for sitt fag. Slike opplevingar gjer dagen eit visst surrealistisk preg, som eg har veldig sansen for… Kor ofte blir ein oppringt av ein ukjend professor som vil diskutera språkbruk, liksom…
Jan Ivar og eg har vore på skattejakt for å finna alt Jeppe på Bjerget har bruk for. Han skal få kaninpels frå Fretex for 125 kr, og me har kjøpt ei lang herreunderbukse som skal klorast, gnist mot ein murvegg og skvettast kaffi på for å få den rette patinaen. Me har og skaffa han kvite sportssokkar, Hawai-skjorte og grå terylenbukse…
For å feira at eg har fått løn, og har pluss på kontoen igjen, har eg kjøpt meg ei bok eg har hatt lyst på lenge, “Løvekvinnen” av Erik Fosnes Hansen. Eg gler meg til å få tid til å lesa.
Odd Christian antyda at han godt kunne tenkja seg å bli invitert på kinesisk restaurant, så der har me vore eg og han… Me har diskutert mystikk, klosterliv, reformasjonen og stigma. Han les til fleire eksamenar, mellom anna ein i KRL, og sa at ein av grunnane til å koma heim i helga var å sitja i fred og ro og lesa… Nå har han sove lenge, drukke kaffi med meg, snakka lenge med syster si, vore ute med ein kamerat, og i dette nu spelar han gitar i underetasjen… Og akkurat nå høyrer eg eit klingande bergensk “Halloæn!” og så står han her og les over skuldera mi. Viss han ikkje krever dette radert, så tek eg det som ei godkjenning på at eg får lov til å skriva om han…
Han seier han har ein del sider han skulle ha printa ut, men skrivaren min er tom for blekk, så han får fri til faren sin. Nå skal Sunniva få lasagne, og eg skal henga meir klede ut i den kalde nordavinden. Kanskje eg til og med får sådd lupinfrøa, som har begynt å spira i vannglaset, før eg skal på litteraturgruppe om to timar?
Heidi
I ettermiddag reiste Astrid og eg for å besøkja Torun som var på besøk heime hos foreldra sine. Ho bur ein annan plass i landet,. så eg må bruka ein kvar anledning til å få vera saman med henne. Medan eg sat i møte for å vurdera læreverk i norsk fekk eg sms frå henne: Det blir tur, ha med regnfrakk og higgstilva.
Tida var knapp, og støvlane mine har eg ikkje sett på lenge. Eg sende derfor melding der eg bad om amnesti frå turar i støvleterreng, og bad tynt om ein joggeskovennleg spasertur.
Me gjekk langs ein grusveg til me kom opp i høgda og såg det bleikgule landskapet strekkja seg vestover heilt til storhavet. Det lukta bjørk og fuktig jord og alle dei nye lamma var ute og vifta med halane sine i yr glede. Det var godt å bruka ein ettermiddag på noko anna enn jobb og husrydding. Eg kom til og med over ein busk med halvutsprungne syrinar som lukta forsommar. Våren er verkeleg langt komen til bare å vera 10. mai.
Torun inviterte til eit Herremåltid i kjellarleiligheita til foreldra. Ho hadde handla grøne salatar, norske kirsebærtomatar, vårløk, oliven, fetaost, kvitløksfedd i lake, babymais, skinke, sylta mango, pinjekjerner og miniagurkar. Til dette serverte ho dikt av Rolf Jacobsen.
“Det er i gråsonene du har livet ditt.”
På veg heim var eg innom ein butikk, og møtte Lise som inviterte meg inn i den nye bustaden sin. Det var lyst og fint, og godt å sjå kor ho haldt til.
I morgon har eg meir eller mindre fri. Det skal nytast.
Eg skal kosa meg med Odd Christian og jobba litt teater med Jan Ivar. Me skal jakta på eit stetoskop, ei pelskåpe og ei lang mannfolkunderbukse… Mellom anna…
Heidi
Nå er kleda frå klessnora tørre, og dei ligg til og med til dels på plass i skapet. Den som ventar på noko godt…
To timar keramikkundervisning er ein god måte å starta dagen på. Å sitja der i lag med ein liten gjeng ungar og filosofera over livet, medan ein leiter etter fantasidyr som har gøymt seg inne i leirklumpen, kjennest ytterst meiningsfylt.
Og siste timen i dag hadde eg eigentleg fri, men eg tok med meg ei lita gruppe på kjøkkenet for å baka sjokoladekake. Av og til er det fint å ha god tid til å prata og visa omsorg for nokre få om gongen. Læraren sitt største dilemma er ofte dette at ein ikkje er blekksprut, men helst burde ha vore det… Visst er det intenst og krevjande og travelt å jobba med ungar, men alle de som ikkje gjer det skulle bare vita kor mykje levande liv, humor og innsyn i ei anna verd de går glipp av…
På planleggingsmøtet planla me turen til ein lokal steinalderbustad. Nå håpar me bare at Jens, den teaterkyndige sivilarbeideren vår, synest det er ein god idé å sitja i hola iført eit skinn i rolla som steinaldermann når barna kjem…
Vel heime laga eg og Ingrid middag i lag. Ho er veldig flink til å laga kjøttkaker etter eit kokkekurs hos morfar, så det tok ho seg av, medan eg ordna poteter, saus og erterstuing.
Kjærasten min er og hentar Odd Christian på toget akkurat nå. Viss han har lyst på kjøttkakemiddag klokka elleve om kvelden, så står han klar på komfyren. Det blir fint å sjå han att.
Viss eg skulle dela ut tre roser i kveld, så ville døtrene mine få ei kvar, og syster mi den tredje. På kvar sin måte har dei sett farge på dagen min. Systrer og tenåringsdøtre er fine greier…
Heidi