Då eg var på toalettet med ulåst dør, syntest eg at eg høyrde nokon gå ein plass i bygningen…
Det er nok nokon som har eit fornuftig ærend her, men eit lite sekund kjende eg meg litt husredd. Eg har slusa meg inn på jobben,med kodar og nøkkelkort, og sit her på arbeidsromet vårt i fjerde etasje for å få unna litt arbeid. Eg trur aldri eg har site på arbeidsromet mitt og skrive blogg før, så det måtte eg prøva…
Eg har nettopp lagd glasur på mange keramiske elevprodukt. Dei rakk ikkje å gjera det sjølv, så eg måtte hjelpa til litt. Akkurat det å brenna glasur på keramikk har eg aldri gjort før, så det blir eit eksperiment. Ei stund hadde eg selskap av Jan Ivar som beisa senga og baren me, eh han og Stig, har laga til Jeppe på Bjerget.
Det er tredje dagen i ferien eg er her på jobb, og noko seier meg at det blir minst ein til… Men fredeleg og herleg er det å vera her heilt aleine. Nå må eg gjera ferdig elevane sin arbeidsplan for dei neste to vekene, rydda arbeidsbord og klasserom,,og gjera klar til foreldresamtalane. På samtalane skal elevane visa fram utviklingspermen sin, eller portefolioen som nokon seier, så eg må bla gjennom permane for å sjekka at dei ser ok ut. Nokon som trudde at læraren sin arbeidsdag er over når elevane går heim? Men eg skal ikkje sutra, eg har den mest interessante jobben som tenkjast kan, og frå klasseromet mitt kan eg sjå heilt til havet som eg trur ligg omlag ti kilometer frå skulen min. Her er det nemleg flatt. Flatt,,forblåst og vakkert.
Apropos det å vera husredd, så har det vore to ran i den vesle byen min den siste veka. I går var det ran av narvesenkiosken der ranaren visstnok trua med kniv. I morgon skal Ingrid jobba heile dagen på pizzabakeriet. Ein kan bli litt mørkredd…
Og kanskje eg har fått overdose med krim? Eg eg vanlegvis ikkje så overbegeistra for krim, men eg har nå blitt hekta på ein svensk krimserie som eg bare MÅ ha med slutten på… Og så har eg begynt å lesa “Frelsaren” av Jo Nesbø og klarer mest ikkje leggja boka frå meg. Om nokon kjem inn her nå og seier bø, så besvimer eg vel av skrekk…
Nei, til rors, Columbus! Nå må eg få unna litt av arbeidet. Etterpå skal eg heim og brodera lyng og raunbær før eg skal på skjærtorsdagsgudsteneste.
Heidi
Beskjed til meg sjølv: NÅ GÅR DU NED OG RYDDAR HUSET!
Svar til meg sjølv: Ja, eg lovar, eg skal rydda heile dagen, eg må bare få lov til å tasta ned gårsdagen først, for det vart så fin ein dag.
Objection sustained.
Så altså:
I går kom eg meg i veg til jobb på føremiddagen, det var så stille og fredeleg som ein bare kunne ynskja seg. Eg fekk fred og ro til å koka ut to undervisningsopplegg som eg hadde lova kollegene mine å ha klar i løpet av dagen.
Etterpå møtte eg Aller Kjæraste Syster. Me gjekk på kafé og åt deilig salat. Eg skulle unna alle ei slik syster som eg har. Etterpå var me på tur og tok med oss Ingrid. Ingrid og syster gomla heimelaga kringle frå Oddvar si farmor, og eg drakk imsdalvatn med pære og ingefærsmak.
Nede ved havet blåste det kraftig. Havet sto så høgt at halve stranda var under vatn. Motvinden frå nord var sterk nok til å riva laus ein kvar frustrason som måtte ligga fast ein eller annan stad. Vinden feia med seg all laus sand, så då eg gjekk tilbake med vinden i ryggen var det som å gå på hardtrampa havbotn. Ingrid fotograferte. Eg hatar å sjå meg sjølv på bilete. – Eg ser så verkeleg ikkje slik ut… Bortsett frå dei Ingrid tek av meg. Dei blir mest alltid fine.
Etter turen rakk så vidt innom heime for å finna fram det eg trong til å opptre om kvelden. Då eg kom innom for å henta mor, oppdaga eg at strømpebuksa hadde ei lang rakning på låret under skjørtet… Eg fekk låna ei flaske blodraud neglelakk av mor for å stoppa rakninga, og klare å søla neglelakk på det grønrutete skjørtet… Nå hadde eg valget mellom å fortella med sidesaumen framme for å skjula neglelakken, ha skjørtet bak fram med blodraude flekker bak, eller rett og slett lata som ingen ting med flekkene på framsida… Med maksimalt uhell ville eg i tillegg ha rakna svart strømpebukse nedover leggen…
Eg valde det siste. Då eg fortalde Ruts bok i kyrkja for to veker sidan, oppdaga eg etterpå at eg hadde hatt blusen på vranga… Kanskje eg må spara til eigen stylist? Eg hugsar dei sa om Olof Palme at han alltid hadde problem med å få dytta skjorta skikkeleg ned i buksa. Kanskje nokre menneske bare er slik? Når eg anstrenger meg for å vera flink og ikkje gløyma att lommeboka på toget går eg frå paraplyen i staden.
Neglelakk eller ikkje… Mi kjære venninne Torhild hadde snappa agnet som eg la ut her på andedrakt, og stilde som pianist. Eg fortalde og les dikt, ho song og spelte piano. Det er alltid så godt å opptre i lag med henne. Ho er så flink til det ho gjer, og me er heilt trygge på einannan i slike situasjonar.
Norske kvinners sanitesforening. Ein stolt og høgflagga organisasjon på seksti- og sytti- talet. I den vesle bygda eg vaks opp i, ikkje langt frå her, er skuta framleis i drift, men yngste kvinne er vel sekstifem eller så. Der var det me hadde sagt ja til å opptre.
Då eg innleda den første historia med: “Ein mann kom ein dag til ein liten landsby, det var ein vakker høgreist mann med brennande blikk. Mannen hadde noko viktig å fortelja til dei som budde der, og gjekk med raske skritt, mannen var heilt naken…” , merka eg eit forskrekka “uff” gå gjennom forsamlinga. Nå visste eg at alle høyrde etter, og at det kom til å gå bra.
Der sat dei, ein god del av mødrene frå barndomen min.
Nokre av dei hadde eg ikkje sett på tjuefem år eller så. Dei sat der og var grå i håret med smilerynker og andre rynker eg ikkje hadde sett før. Det var godt å vera saman med dei. Det var mor til Trond og Arild frå barndomsgata mi, som hadde spurt meg om å koma. Ho tok i mot Torhild og meg, som har kjend einannan sidan me var fem og seks, med ein god klem.
Så var det påsmurte rundstykke, julebrød og åresal. Ei dame frå Nærbø kom med to koffertar fulle av klede, som hadde vore i bruk frå krigen og framover, som ho viste fram og fortalde historiar om: “Denne underbuksa sydde tanten min på industriskulen.”- Ho viste fram ei lakserosa silkeunderbukse handsydd med holsaum og broderier.- Og denne BH-en og denne hoftehaldaren hadde eg under brudekjolen min, og den såg slik ut…
Med ein fargerik bukett tulipanar som takk for innsatsen, og ein påskegul linløpar eg hadde vunne på årelotteriet, blei eg med mor heim. Eg sneik meg til eit par timar framfor peisen hos foreldra mine før eg reiste heim.
Sidan verken eg eller nokon andre hadde kjend på kallet til husarbeid i går, flaut det over alt då eg kom heim i går. Det er det eg har lova høgtideleg å gjera noko med akkurat nå… Eg vil jo gjerne ha eit vakkert, reint og påskepynta hus som eg kan invitera gjester til i påsken. Og så må eg begynna å brodera på Sunniva si bunad, for nå har eg kjøpt materialet eg treng.
Takk for i går, viss du les dette Torhild. Du er vidunderleg.
Eg håpar du får flygel i løpet av påsken. Det synest eg er eit must på dette punktet i livet.
Nokon som blir med på kino og ser “La vie en rouge”?
Etter at eg har rydda huset, sjølvsagt…
Heidi
heng utanfor loftsvinduet mitt. I alle fall ser han fullkoment rund ut for meg. Det er fullmånetid.
I dag er mobilen innkjøpt, men eg har ikkje fått ordna simkort endå. Når alt er ordna finn eg kanskje att den første?
Kjærasten min og eg fekk kinobillettar til jul frå Odd Christian. Me har ikkje hatt tid til å bruka dei før, men i dag såg me “Music and lyrics.” Eg let meg sjarmera, lo og koste meg, medan han eg gjekk saman med geispa litt innimellom. Eg fekk veldig lyst til å sjå “La vie en rose” filmen om Edith Piaf. Får sjå om sjansen byr seg seinare i påsken.
På veg til kinoen var me vitne til eit lite drama. Ein bil stod parkert på ein busshaldplass på den andre sida av vegen, og ein mann prøvde å dra ei ung jente inn i bilen medan ho stritta i mot.
Det er alltid vanskeleg å vita kva ein skal leggja seg uti og ikkje, men kjærasten min snudde i næraste rundkjøring og kjørde til busshaldeplassen, der jenta nå var inne i bilen som starta og kjørde. Ei jente stod att på busshaldeplassen, truleg venninna til henne som vart dradd inn i bilen. Me spurde henne kva som hadde skjedd. Ho fortalde at det var faren som hadde henta den unge jenta.
Det var jo greitt å finna bittelitt ut av det. Truleg hadde mannen gode grunner til å henta heim dotter si, men det såg ganske brutalt ut… Som sagt ein lurer slike gonger på om ein bryr seg for lite eller for mykje…
I dag har eg ete eit appelsin og ei veldig grov brødskive for sånn omtrent første gong på eit halvt år. Eg har fulgt ein veldig streng diett i nøyaktig seks månadar. Lenger er det ikkje anbefalt å halda på i eit strekk, så nå går eg over på ein litt mildare variant i ein periode. Kryss fingrane for at eg klarer overgangen utan å ramla av…
I kveld skulle eg ha rydda, i staden har eg vore på besøk på romet til Ingrid. Me har ligge på sida av einannan i den store senga hennar og prata medan me har sett tv-program om design og om pyramidane i Egypt. Utruleg koseleg. – Og i periodar der eg har tid til det klarer eg ikkje å la vera å skriva her sånn omtrent heile tida. Sorry,
kjære naboar på Andedrakt…
Heidi
Det er påskeferie. I påsken vil eg gjerne lena meg mot stillheten og ta i mot. Eg vil gjerne vera lyttande, for dette er veka for dei store mysteria.
Å koma meg i seng om kvelden er ikkje det eg har mest talent for, så i går kveld vart det tross alle gode intensjonar, veldig seint. Derfor sov eg lenge i dag, nydeleg var det. Før eg stod opp kjende eg meg kalla til å lesa ei bok. På mammutsalget kjøpte eg ei bok med psykoterapeutiske historier. I morgon kveld skal eg fortelja. Eg skal fortelja for godt vaksne kvinner. Det vil eg gjerne gjera på ein god måte, og eg treng å fornya repetoaret mitt. Eg skulle gjerne hatt med meg nokon som kunne spela litt musikk og…
Det blei seint før eg stod opp. Eg har ete frokost i lag med kjærasten min og Odd Christian, som skiftesvis sit med oppgåver i funksjonsanalyse, og skiftesvis spelar gitar og syng. Han har tydelegvis arva mi last, eller evne, etter korleis ein ser det, til å finna kreative pustehol i det meste han gjer…
Halvard les oppskrifter og diskuterer med to andre kameratar på tolv om dei skal baka kanelrullar eller innebakte pølser. Sunniva ser film med to venninner.
Ingrid tek livet med ro etter å ha jobba i heile går og kjærasten min lagar nettsider til eit vidareutdanningstilbod.
Hagen og huset roper på flittige venlege arbeidshender, og får truleg ropa i alle fall til i morgon…
Eg las i avisa om ein tekstilkunstnar eg har møtt eit par gonger, og som har gjort inntrykk på meg, Barbro Raen Thomassen. Ho har laga ei stor utstilling i USA til minne om eit menneske ho hadde kjend i tjue år, ein nabogut med utviklingshemning, som aldri hadde lært seg å snakka. Ho fortalde at denne guten hadde hatt gåva å bare ved å vera gje menneske ei heilt spesiell oppleving av varme og nærleik. Ho hadde brodert setningar om, og til han på store stoffstykke i silkeorgansa. Ho hadde hogd i stein og brukt lang tid til å formidla det stille og langsomme som han sjølv hadde hatt som styrke. Av ein eller annan grunn gjorde denne artikkelen så sterkt inntrykk på meg at eg vart sitjande med rennande tårer.
Nå er det allereie langt på dag. Eg skal på til skulen og arbeida nokre timar. Kanskje eg kjøper bunadstoff til Sunniva sin bunad. Det er på høg tid at eg begynner å brodera dersom eg skal bli ferdig i tide. Eg vurderer alvorleg å kjøpa ein ny mobil og… Sjølv om eg så smått tek til å bli van med å ikkje vera hundre prosent tilgjengeleg.
Mrtin Lönnebo begynner kvart kapittel i boka eg held på med med setningen “Les langsomt”. I påska har eg så smått intensjonar om å leva langsomt.
Går det an å leva langsomt midt i mitt eige tempo? Eg likar å tru det, men eg innser at det på sett og vis kan vera ein illusjon.
Heidi
velfortent sådanne, vågar eg å påstå. Nå må eg bare sova meg inn, slik at eg blir vaken, sterk og klar for det meste…
Påskeferien vart innleia med ei fargerik rekkje sosiale hendingar med kolleger. På torsdag var alle på trinnet ute og åt nydeleg mat på den staden som alltid luktar kvitlauk, sjokoladekake, ost og nybakt brød.
Same kvelden sat me fire lærarane på trinnet på Marit sin glasveranda og åt thai-suppe med tende stearinlys, medan me såg sola gå ned i havet. Eg var så trøytt då eg kom, og det var så nydeleg å bare sitja der sveipt i mørket og dei vennlege stemmane.
På fredag hadde me utefest med elevane våre. Me hadde lova dei ein premie dersom dei klarte å lesa tilsaman
femtentusen sider i løpet av tre veker. Først dagen før vart det klart at dei kom til å klara det… Me stilde dei opp på ei lang rekke og gjekk ein kilometer eller to. Så grilla me pølser og marshmallows, og let dei drikka brus som me hadde kjøpt inn i store mengder, noko dei ikkje ein gong får lov til på avslutningsfestane lenger. Så var det fotball og karnevals-stafettar, dei kappsprang med egg i skei og åt bollar med og utan rosiner. Til slutt hadde påskeharen lagt ut eit gigantisk raudt påske-egg med påskegodteri til alle. Ein heidundrande fest for niåringar med masse sukker og få moralske peikefingrar. Veldig vellukka, rett og slett…
Etterpå var der cappuccino på kafé med eit nytt knippe yndlingskolleger. Det var så godt å setja seg ned der at me mest ikkje fekk reist oss opp att. Om kvelden var det dameselskap hos Bjørg som fylde seksti, der fekk eg vera med som absolutt yngste deltakar. Morgonen etter var eg på frokost med frukt, jordbær, nøter og te og ein påfylgjande tur i vårsola. For min del vart det ein kort tur fordi eg oppdaga at eg hadde kjærasten min sin bilnøkkel i lomma, og han hadde tenkt å bruka bilen…
Fest og moro og sosialt samver, det er tingen for slike som meg, men i går var eg så trøytt at eg sovna på sofaen med avisa mellom hendene…
Og framleis er eg søvnig. I dag fekk eg med meg Sunniva til kyrkja og gråt av rørelse og svevnmangel då seksårinigane kom inn i kvite klede med palmegreiner og song hosianna. Ein kvitkledd seksåring trona oppå eit heimelaga esel på hjul som vart trilla opp midtgangen.
Odd Christian er heime på påskeferie og har spelt gitar og sunge nede på kjøkkenet. “There is a house in New Orleans they call the rising sun…” Sidan han er heime så sjeldan får han alt han peiker på, tortillas og tacos og nysteikte scones. Og syskena murrar lett over det bortskjemde eldstebarnet…
Utpå kvelden kjende eg på ei rastlaus uro. Kva skulle eg bruka resten av denne dyrebare fridagen på? Slik er det alltid dei første dagane i ein ferie. Appetitten på det frie liv er så stor at eg mest ikkje klarer lena meg tilbake mot det. Skulle eg gå ein tur? Leia ein film? Stikka innom nokon med ein bukett påskeliljer fordi eg visste dei fyllde år i dag?
Alt kjendest ut som gode alternativ, samtidig kjende eg meg for trøytt til alt saman. Så blei eg invitert til å sjå film i kjellarstova saman med Halvard og Sunniva.
Innetulla i tepper og dyner, fordi me ikkje orka fyra i omnen såg me Harry Potter 3. Eg somna eit par gonger, men fekk med meg det aller meste. Etterpå bakte me ostescones og laga krydderte og livet fell på plass.
Nå skal eg sova. Sova meg inn var det eg skulle… Og i morgon må eg ein tur på jobb for å ordna alt eg ikkje rakk før ferien. Men ingen vekkerklokker i morgon tidleg.
For ein luksus.
Heidi
Keiseren av Portugalien er ei svært rørande forteljing om den kjærleiken ein far kjenner til barnet sitt. Den etterlengta dottera fekk namnet Klara Fina Gulleborg, om eg minnest rett. Ho vart behandla som ei prinsesse og ei gudinne av far sin. At det ikkje gjekk med dottera som han hadde tenkt, kunne han ikkje klara å forhalda seg til. I staden ofra han forstanden.
Namnet på hjartebarnet hans dukka opp i meg i dag då eg var ute og gjekk tur med Sunniva. Den vesle blide flisa av ei jente er nå på same reis som Ingrid var på for fire år sidan. I løpet av dei siste par månadane har ho skote i veret som ein bønnestengel, og i denne veka vaks ho forbi meg. Snart må eg sjå opp i staden for ned for å møta blikket hennar. Ho er ikkje eit barn lenger, men framleis har ho den blide, milde ynden over seg som nokon kvar kunne misunna henne. Høyr om ikkje skribenten har eit par anstrok av keisaren nemnd i overskrifta. Ei lettrørd hønemor er det eg er, og eg innrømmar det glatt.
Jenter på tretten er så utruleg vakre, og dei har ikkje oppdaga det sjølv. I veka som gjekk var me på forestilling på ungdomsskulen der dei dansa song og spelte sketsjar. Litt vemodig at alle desse små jentene som har gått inn og ut av huset vårt dei siste ti åra ikkje er små jenter lenger.
Det er palmesundag og eg har påskeliljer i vasane mine. Våren er her. Nå skal me ta ungane med til mormor og morfar.
Heidi
Mista:
1 stk mobiltelefon
1 stk bilnøkkel
Gløymt i dag:
Å minna Sunniva på å ta toget til Sandnes klokka tre
fordi ho skulle sjå ei danseforestilling med danseklassen sin.
Eg trur eg er mogen for påskeferie, før juleferien hadde eg og ei lang liste over ting eg ikkje fann.
Mobilen er det verste. Eg veit eg hadde han i dag morges. Då eg kom til jobb var han ikkje der, og eg trudde han låg heime på kjøkkenbenken, men ikkje…
Tenk på alle dei viktige personane som heilt sikkert har prøvd å ringa meg i dag… Eg har prøvd å ringa han, men ingen svarar…
Ver så snill å la meg finna han igjen…
Heidi
så er våren her. Denne gongen kom han og heilt utan bremser. Det er varmt og klart, og blomane sprenger mot sine eigne vinterbleike grenser.
Eg let meg overmanna,- Slik eg veit at eg gjer det kvart år. Eg mister sånn omtrent pusten fordi livet kjem så sterkt og så nært. Eg blir ståande som lamma, og eg kjenner at eg blir fylt av denne vemodsvakre vårkjensla som fortel alle sansane mine at her må ein ut og leva, for akkurat nå går livet forbi på vegen utanfor døra mi. Nemleg…
Men det er måndag, og eg har ting å ordna. Tida har lånt ein time av oss som me ikkje får att før til hausten, og med eit trylleslag er kveldane lyse og morgonane litt mørkare og litt meir søvnige.
Peer Gynt forestillinga er vel i hamn. Når så store forestillingar står på dagsorden, er det som å surfa på ei stor bølge av spenning og engsjement. (Akkurat som om eg nokon gong har vore i nærleiken av å koma opp i ståande stilling på eit ekte surfebrett, men det er ei heilt anna historie…) Det er intenst spennande og altoppslukande medan det står på, og først når det heile er over kjenner ein seg trøytt.
Etter siste framsyninga, var alle me som jobbar i kulturskulen heime hos Oddny og aklimatiserte oss med
prating og eit varmt måltid mat. Så vart eg plukka opp av kjærasten min til ei natt på nattoget.
Me feira syttiårsdagen til tante Kari på lørdagskvelden med vakkert dekka bord, talar, songar, ein fantastisk heimelaga buffet og dans utpå kvelden. Alle barnebarna var der frå den minste på to år og oppover. Og i tillegg til desse heile storfamilien med niesar og nevøar. Dette at festen hadde sentrum i kjernefamilien til tanta til kjærasten min gjorde at eg såg det heile sånn litt i fugleperspektiv. Eigentleg er det eit spennande utgangspunkt. Det merkelege var at fetteren til kjærasten min hadde ei dotter som var heilt til forveksling lik mi eiga Sunniva. Genene frå felles oldeforeldre må ha slått sterkt ut i desse to jentene, for denne vesle Ingrid som eg aldri før har sett, var mykje likare Sunniva enn nokon av syskena hennar nokon gong har vore…
Og i går var det dagtoget heim. Åtte timar på tog i lag med kjærasten min. Han retta stilar, og eg las to romanar og kikka ut vinduet akkurat i det vinteren vart til vår. “Havfruestolen” er ei fantstisk bok, som eg med dette anbefalar alle å lesa. I sommar las eg “Bienes hemmelege liv”, av den same forfattaren. Det var ei stor lesaroppleving det og…
På toget hadde me med oss heimelaga salat med avokado, kalkun, cashewnøtter, jordbær og purre. Det smakte nydeleg. Dei friske bringebæra frå ein lokal innvandrarbutikk vart dessverre knuste til mos oppi matposen, men to-tre jordbær hadde me til dessert.
Dagens utfordring på jobb var at eit sirkus rigga seg til like utanfor vindua våre. Det er ikkje heilt lett å få elevane til å sjå på tavla medan det ruslar elefantar utanfor vinduet. Ein kan sjølvsagt spørja seg om det ikkje hadde vore mykje meir pedagogisk å ta ungane med ut til elefantane, men det spørs om sirkusfolka hadde sett pris på å få firehundre entusiastiske tilskodarar medan dei rigga teltet… Etterkvart sat nå dei små englane konsentrerte over bøkene sine likevel…
Måtte våren stansa her ei stund. Sjølv om han har uro med seg i auraen sin.
Heidi
blir tend…, då er det planar som skal leggjast for neste veke. Elevane skal læra å bøya sterke og svake verb og dei skal læra om påske. Dagen har vore lang og god og augene svir fordi eg er så trøytt…
… Dei to siste arbeidsdagane har vore lange. Først vanleg skule, så teater, og til slutt ein runde førebuingar. I dag har eg først hatt seks undervisningstimar på skulen og så tre i kulturskulen. I morgon er det siste innspurt med Peer Gynt, og så kjem det to dagar med forestillingar. Dagane er kalde, men lyse og klare.
Dei eldste dramaelevane mine spurte om dei kunne få leika i staden for å øva den siste halvtimen. Me la oss på magen på golvet i sirkel med hovuda inn mot midten og leika flaskeleiken. Den flasketuten peika på måtte fortelja dei andre noko ingen visste om dei.
Plutseleg vart stunda litt heilag, fordi eit eller anna musisk begynte å svinga ,og me låg der og var saman om noko, og me gløymde at me skulle ha slutta timem. I ein vanleg dag er det ein del magiske øyeblikk. Bare leit etter dei. Ei anna hending som det swingde av var då eg og Jens, den teaterglade sivilarbeidaren min, spelte Peer Gynt for alle elevane i fjerde klasse, for å førebu dei til skuleforestillinga på torsdag. Han spelte Peer og eg spelte mor Aase, Solveig, Ingrid og Den Grønnkledde. Det var eit slags stunt, men ungane vart sitjande som trollbundne.
Kanskje eg burde starta ei ny sånn listegreie? “Beskriv tre magiske hendingar i døgnet som gjekk.” Nokon som kjenner seg kalla?
Men æhhh, sjølv nemnde eg viss bare to ting. Kva skulle det tredje vera? Å sjå TV medan eg har Halvard på fanget og masserar Sunniva sine føter? Eller kanskje å lesa høgt for elevane mine medan eg innimellom sender lange blikk ut vindauget og ser ut på bleikblå vårhimmel, og i det fjerne kan eg sjå heilt til det endelause havet som ligg der og rullar med ein og annan båt på ryggen.
Nå treng eg eit eller anna sunt å eta… Og så… Sooova…
Heidi
I kveld skal eg ut og fortelja. Eg skal fortelja heile Ruts bok i frå bibelen, i kyrja her i den vesle byen min. Det er spennande å gå inn i ein tekst og gje han vidare ,-utan å ha ei bok i mellom meg og dei eg skal gje historia vidare til.
Men det er eit stort arbeid. Eit stort konsentrasjonsarbeid. Eg skal danna meg indre visuelle bilete av alt som skjer,
for å kunna gje dei vidare. Eg skal hugsa alle detaljane, og vera tru mot teksten. Sjølv om eg har fortald denne historia før, så brukar eg mesteparten av denne helga til å få ho skikkeleg på plass att.
Heldigvis er eg kome så langt i forhold til prestasjonsangst at eg tenkjer at dersom eg gjer så godt eg kan og noko likevel skulle gå gale, så har eg i alle fall gjort eit ærleg forsøk på å få det til. Eg gjer dette i tillit, og som ein gave til dei som måtte vera klare til å ta i mot.
Og i neste veke er det Peer Gynt med alle avgangselevane i kulturskulen. Det er mykje som kan gå gale der og, men i beste fall blir det veldig bra. Det som er spennade nå er at musikarar, dansarar og songarar har øvd inn kvar sitt. På onsdag har me teke alle tiandeklassingane ut av skulen for å skapa ei heil forestilling av dette. Det er rett og slett veldig spennande.
Og så har me fått låna nattpotte til Jeppe på Bjerget, og kjøpt ei gammal rammemadrass på Fretex som Stig hjelper oss å byggja ei ekte baronseng av. Baren til Jacop Skomaker er og under konstruksjon.
Og alt dette er bare bi-jobbane mine. Det eg gjer utanom det som tek aller mest krefter, kjærleik og konsentrasjon, jobben min i fjerde klasse…
Det er ikkje rart eg aldri får tid til å rydda klesskapet eller kontoret mitt… Livet består av prioriteringar. Det er ikkje kvar dag det er like lett å halda tunga beint i munnen.
Nå blømar krokusane og. Men i går snødde det. Vinden er kald, men morgonane lyse. Vipa har eg endå ikkje sett, men ryktene seier at ho er her.
Men nå må eg ned og konsentrere meg.
Heidi