Og eg som skulle legga meg tidleg… Seks rare ting om meg sjølv skulle vel ikkje vera så vanskeleg…
1. Eg vert ofte sitjande mellom to og ti minutt i bilen etter at eg har parkert i garasjen, bare for at det er så vidunderleg godt å vera aleine ein stad der det er heilt stille…
2.Eg har ein spatial sans grensande til det katastrofale. Ofte er eg heilt ute av stand til å finna fram, sjølv til stadar eg har vore mange gonger før. Dersom eg spør om vegen, er eg i stand til å fylgja instruksjonen maksimum to ledd før eg er heilt desorientert igjen. (Type ta til venstre i neste rundkjøring og så til høgre ved Esso-stasjonen… Obs… der datt eg av lasset…) Eg nikkar og let som om eg skjønar, medan eg veit at bak neste sving må eg spørja ein ny person om vegen vidare…
3. Når eg ser eit spebarn, jobbar hjernen på spreng for å finna ein god grunn til å få lov til å halda ungen inntil meg.
Lukta av ein baby, og den gode tyngden av eit levande barn i armane, er den beste kjensla i verda. Men eg innser at ein ikkje kan gå bort til heilt ukjende menneske på ein kafeteria og tilby seg å byssa barnet slik at dei kan få drikka kaffi i fred… Desverre…
4. Eg brukar mest aldri ketchup, men må ha det på pizza… Veldig harry i fylgje meir urbane individ…
5. Eg er stort sett glad i all slags mat, men potetskrell set seg på tvers i halsen. Eg må skrella nypoteter og, om eg skal ha sjanse til å få dei ned… Poteter er forresten den karbohydratkjelda det gjer meg minst å klara meg utan…
6. Eg er veldig systematisk når eg heng klede på klessnora. Dei blir strengt sorterte etter eigar, type klesplagg, farge og storleik. Om eg gjer ein feil, tek eg gjerne plagget ned frå snora for å henga det på rett plass.
Kanskje ikkje så merkeleg i seg sjølv, men heilt absurd sett i samanhang med mitt manglande behov for system på dei fleste andre felt…
Nå utfordrar eg Tintomara, morsan og Skylla…
Heidi
Sist helg gjorde eg noko så pass sært som å reisa på salmeseminar. Det var verkeleg fint å vera der.
Eg fekk litt panikk då toget inn til byen fekk førtifem minuttars straumstans. Tenk om eg ikkje ville nå hurtigbåten som skulle ta meg vidare… Heldigvis hadde eg berekna veldig god tid, så det gjekk bra. Ekstra reisebonus er at eg tilfeldigvis fekk fylgje med forteljarvenninne Randi Tone, som skulle heim til mor si.
Sjøen var spegelblank og ærfuglar og måkar flaug så lågt over sjøen at det såg ut som dei symde. Båtturen gjekk utruleg fort, og alt var vakkert. Det var så lenge sidan me to hadde snakka skikkeleg saman, og nå var det tida for små og store forteljingar.
Vel framme etter ein lengre busstur venta to døgn tettpakka med foredrag og fin musikk, spennande menneske og nye innfallsvinklar. Eg hadde spennande samtalar med ein freelance-skodespelar, ein dominikanarmunk med blå strikkegenser over munkekutta, ein sjølvlært og utruleg begava organist på 17 år, og med ein professor med salmer som lidenskap.
Då eg melde meg på kurset, rekna eg med at eg ikkje kjende nokon andre der. Det viste seg at eg møtte fleire personar eg kjende til frå før, og til og ei eg var i bibelgruppe med i Vålerenga menighet for tjue år sidan. Hallo, Anne, viss du av ein eller annan merkeleg grunn skulle lesa dette: Du er utruleg flott, eg skulle ynskja me såg einannan oftare…
Av og til er det herleg å vera i lag med menneske som deler ein eller anna interesse som for dei fleste andre sikkert virkar både sær og perifer. Ei heil helg via nynorske salmer… Vidunderleg! Og orgelmusikken til nederlandske Goos saman med ei jente som spela tverrfløyte fekk eit eller anna inni meg til å gråta…
Gråta over all god lengt og over alt me ikkje får til sjølv om me gjerne ville…
Og eg vart inspirert til å skriva. Skriva mykje og langt. Skriva salmetekster som framleis ikkje er formulerte.
Heimvegen vart like fin som resten av turen. Eg fekk haik heim med ei dame som lagar musikk, og som eg veldig gjerne skulle samarbeida med. Me har lova einannan å få det til, så nå får me sjå… På vegen heim var eg med og besøkte eit ungt par eg aldri før har møtt, som har kjøpt eit småbruk i ei bratt, bratt li. Tomta var så stor som bare det, men så bratt at det er umogleg å kjøra traktor der. Me drakk te i ei stove med skeive golv i eit lite hus som var to hundre år gammalt. For eit imponerande pågangsmot…
Ikkje det at eg ville trivast i eit tohundre år gammalt hus i ei bratt fjellside med milevis til næraste tettstad… Men bare det at nokon faktisk gjer slike ting…
Verda er ein spennande stad. Helst vil eg bare skriva, men snart får eg besøk: Huset luktar kanel og kardemomme av nysteikte kanelbollar. Det er sundag i heimen.
Heidi
Kaffi i blått krus. Frokost med Leif og Halvard, røykelaks, ost og egg. Ein kjælen katt som gnir hovudet sitt hardt mot handa mi. Melis-snø som drysser over den bare bakken. Gule ullsokkar på føtene. Livet kjennest som eit bilete. Av og til har eg kjensla av å bevega meg i vakre tablå, der alt betyr noko anna. Noko anna, og akkurat dette…
I går kom sistedagsbluesen ein dag for tidleg. Først fekk eg ikkje unna det eg skulle ha gjort heime. Så gjekk eg til skulen og trudde at eit par timars arbeid der kunne gje meg sundagsfri. Sundagsfri er ei stjerne høgt der oppe som eg mest aldri når opp til…
Så stemde ingenting. Den første pc-en eg skulle laga opplegg på hekta seg opp før eg var ferdig, han stod bare bom fast. Så var det neste pc. Nå fekk eg skrive ein del, men kopimaskinen ville ikkje skriva ut. Eg kobla pc-en til to ulike printarar, men ingen ville skriva. Eg fann ut at å skriva, det fekk eg gjera heime. Så var det bunkene med papir eg skulle rydda opp i… Eg trudde det skulle gå fort, men det tok mange timar. Undervegs kom eg over utkasta til eit referat eg hadde teke på meg å skriva og gløymt heilt av. Heim med det og.
Dagen bare gjekk, og lite fekk eg gjort. Eg hadde håpa på eit ettermiddagsbesøk hos Torhild, men timane bare forsvann. Då det var sånn omtrent kveld bestemde eg meg for å reisa dit likevel. Eg sprang innom Kiwi like før stengetid, der eg raska med meg to småhanglete lilla tulipanbukettar til halv pris.
På kjøkkenet til Torhild og Per Magne henta livet seg inn igjen. Dei konkurrerar om å koka den beste kaffien, og dei er gode å le saman med. Le og filosofera. Desse små og ubetydelege, men livsviktige samtalane. Eg og Torhild ser einannan med svært ujamne mellomrom, men plutseleg må eg bare treffa henne. Venner er noko av det viktigste eg har.
Så måtte eg heim og dansa litt med kjærasten min til noko ekstremt tåpeleg swingmusikk han hadde funne i hylla vår. Han har nemleg halt meg litt motvillig med på swingkurs for vidarekomne, og så var det noko me ikkje hadde fått heilt til.
Halvard er heime att frå hytta på fjellet, han lurer veldig på korfor ikkje me har hytte. Dei som kjenner oss forstår nok akkurat det. Sunniva kjem i dag, og eldsteguten bør helst dukka opp i løpet av dagen han og, for frå i morgon av har han ei veke vikariat på skulen min.
Så skal det steikast eplekake og lappar, for familien min er buden på kaffi. Kjærasten min har til og med handla heim ei sundagssteik. Du verda for ein velordna og etablert sundagsfamilie me er i dag… Det er me ikkje kvar veke.
Men nuh! Pedagogisk arbeid så det forslår…
Heidi
Desse gjenstandane var Jan Ivar og eg på jakt etter i går. Ikkje til privat bruk, men til Jeppe på Bjerget, som snart treng litt faste former på scenen sin. Me kom ikkje så langt med oppdraget. Nattpotter ser ut til å vera mangelvare på bruktmarknaden. Me treng ei av porselen eller emalje, ikkje ei plastpotte til babyar.
Vinden var isande, bitande kald sjølv om eg hadde både undertrøye og stillongs… Og så fekk eg lov til å kjøra barnevogn der nyselege vesle Hedvig låg nedpakka i strikkedress, nylondress, skinnpose og ullteppe.
Men først av alt hadde me manusmøte om heksene på ein koseleg kafé der det alltid luktak kvitløk og kaffi og nybakt brød. Heksene er nå blitt eit ferdig manuskript, og på tysdag set me i gang. Eg trur det skal bli bra.
I går var det perfekt ver til å vera inne i. Syster mi kom ned, og Ingrid hadde lova gje oss ein leksjon i akrylmaling. Den prikkete lyseblå flodhesten eg malte såg ut som om han var laga av ein seksåring. Eg skuldar på dårlege penslar som ikkje ville laga tynne fine strok… Men syster vart strålande fornøgd med sin akryldebut: Ein krysning av egyptisk dronning og indianerkvinne som til og med hadde element av sjølvportrett i seg…
Og Ingrid var tålmodig og flink lærar. Oddvar som vart arbeidsledig, tok ned ein halv taklampe som me liksom aldri har fått fiksa, kjørde heim til seg sjølv og henta skinner og spottar som han monterte i taket. Etter å ha leitta forgjeves etter hamrar og skrujern hos oss før, kjører han nå alltid rundt med verktøyskrin i bilen…
Hurra for Oddvar…
Så var det middag med masse tende stearinlys og fyr i den lukka peisen før syster og eg avrunda i kroken framfor fjernsynet med kaffi i stripete ittalakrus utan hankar. Heilt i tråd med oss sjølve vart me så opptekne av samtalen at me eigentleg ikkje hugsa etterpå kva tv-programma handla om…
Sånn kan ein fin fridag i februar sjå ut. Kjenner nå at psyken innstiller seg på skulestart att. Fordi eg er typisk “flink pike” midt i alt det andre rotet mitt skal eg ned på skulen nå snart og førebu tematimar om teknikk og design. Kanskje eg til og med rekk å rydda i papirbunkene, få unna øskja med rot som skal sorterast etter juleverkstaden (!) og byta ut bøkene i kassane frå skulebiblioteket…
God helg.
Heidi
Historiene har det til felles at dei kjennest viktige på ein relativt betydningslaus måte.
Den første er historia om ein flaskegrøn heklejakke:
Denne jakken er faktisk så lang at kåpe kanskje er eit betre ord. Svigerinne Eva Mari kjøpte jakken brukt på Fretex, men sidan han viste seg å verta lite brukt, og ho er eit svært generøst menneske, så havna han hos meg. Til å begynna med brukte eg han ein del, men fordi eg ikkje alltid veit kor eg har bein og armar, opplevde eg at det lause heklemønsteret hekta seg oppi dørhandtak og kommodeknottar eg passerte på min veg gjennom kvardagane. Etter ei stund havna jakken i kjellaren. Kanskje han var litt i miste laget og?
For eit par veker sidan mangla eg klær, og gjekk ned i kjellaren der eg fann att den lange flaskegrøne i ein pappkasse. Eg brukte han over svart tynn genser og eit svart skjørt med lange svarte støvlettar til. Til mi overrasking fekk eg mange kompliment for den fine jakken. Plagget fekk sin renessanse og fekk vera med overalt. Til og med til Danmark.
Så nest siste kvelden i København var jakken borte vekk. Han måtte vera gjengløymt ein eller annan plass. Eg prøvde å rekonstruera stega mine, og var inne fleire stadar og spurde, men ingen hadde funne jakken min. Det eg nå håpar på er at han hamnar på ein eller av dei mange danske “genbrugsbutikkerne”. Då kjem han bokstaveleg talt på “fourth hand”. Det er då ein kan assosiera til dei tåpelege stiloppgåvene me ofte fekk på barneskulen av typen “Ein sko fortel”. Fascinerande at ein del gjenstandar ser ut til å leva sitt eige liv…
Den andre historia handlar om danske syklar.
Historia bekreftar at eit hjørne av sjela mi er dansk. Eg blir nemleg sjølv meir og meir overbevist om at det er slik det er… I København er minst seksti prosent av syklane av modell gammaldags damesykkel med ei korg framme på styret. I tillegg er mange av dei malte rosa, himmelblå eller raude. Først trudde eg det var folk sin kreativitet som fekk dei til å finna fram boksen med sykkel-lakk, men så oppdaga eg ein butikk der dei selde slike syklar heilt nyproduserte.
Eg vil ha ein slik sykkel. Eg vil ha ein rosa eller himmelblå sykkel med store hjul og ballongdekk med ei ekte peddigkorg på styret. Her i Norge var det så vidt eg kunne finna ein svart DBS-sykkel med bua damefasong og stålkorg på styret. Her er alle syklane i lettmetall med tjue gear og herrestong. Det andre som varma mitt hjarte å sjå var at i København var sykkelstyra stilde høgare enn sykkelseta slik at ein kunne sitja oppreist og sykla. I Norge ligg ein flatt over herrestonga når ein syklar for å få mindre luftmotstand. Her er det bare eg og personar over sytti år som syklar på den københavnske måten.
Eg vil at det skal vera sommardag. Ein sommardag i juni eller august, og eg vil sykla langs strendene på den rosa sykkelen min. Eg skal sykla med langt skjørt, fordi stanga på sykkelen er så fint bua at det let seg gjera. På føtene skal eg ha danske blomstermalte rosa og blå tresko, og håret skal blafra i vinden. I korga skal eg ha ein rosemalt termos frå Søstrene Grene med god svart kaffi på. Og i nisteposen ligg det sikkert noko frykteleg ufornuftig, fordi eg har gløymt at eg er norsk og må vera sånn frisksportsfornuftig som det er politisk korrekt å vera i dette landet.
Den tredje historia handlar om å vera fødd med ski på beina:
Ein kvar ekte nordmann veit at i vinterferien og i påskeferien går ein på ski med appelsiner og kvikk-lunsj i sekken. Vis ein kvar nordmenn eit bilete med teikningar av ski, ryggsekk, termos med kakao, ei appelsin og ei plate kvikk-lunsj og dei vil utan å nøla høgt i kor svara løysningsordet påske! Det inneber at den puritanske norske fliken av sjela alltid vil ha eit snev av dårleg samvit om påsken kjem og går heilt utan reserveskitupp og appelsin. I alle fall kjennest det slik om ein har oppdragaransvar for norske barn…
For ein månads tid sidan var Odd Christian på norsk hyttetur med vener frå lærarskulen, og slo seg så kraftig då han prøvde seg på snowboard, at han med glimt i auget lurde på om me burde saksøkjast for ikkje å ha gitt han ein god norsk oppdragelse…
Nå har det seg slik at gode menneske har teke hand om barna våre nå i ferien og gitt dei det me ikkje sjølv klarer å ta ansvar for. Sunniva er reist til Lillehammer med ei klassevenninne for å vera på besøk hos besteforeldra hennar. Med seg har ho ski, snowboard, ullundertøy og alt som forventast kan. Og i dag reiste Halvard på hyttetur til fjells med familien til ein kamerat med ullstillongs og overtrekksbukse i sekken… Det betyr at mor kan lena seg tilbake i kontorstolen sin og gjera det ho har aller mest lyst til, nemleg skriva, skriva, skriva… Og kanskje ta seg ein rusletur langs strendene i ny og ne…
Heidi
Nå sit eg klar framfor datamaskinen i den raude fleecejakken som var julegave frå kommunen, og med grå ullsokkar på beina. For arbeidsromet vårt er ganske kaldt sånn på vinterstid, og vinden bles og hylar.
Nå har me hatt frokost, eg har rydda kjøkkenet for å halda standarden, og nå skal eg i gang med det som skal vea hovudaktiviteten i ferien, nemleg å fullføra musikalen bygd på “Heksene” av Roald Dahl… Eg er omtrent halvferdig allereie, så oppgåva dkulle vera overkomeleg. – Men eg veit det blir hardt arbeid, og kvir meg litt for å kasta meg uti…
Og kor er det manuset eg fekk lov til å låna og la meg inspirera av? Det er nok her ein plass, fint innepakka i plast… Eller kan eg rett og slett ha teke det med på jobb for å visa til nokon? Kanskje eg må ut i vinden for å leita der… Nei, det har eg ikkje tid til. Eg må koma i gang. Kanskje eg rett og slett skal skriva songane så lenge.
Heksesonger på melodiane “Katta vår, The final Countdown, Side by side, Mama Mia, The Flintstones…” Så skal me ha ein heksedans, men det er andre enn meg som er ansvarlege for korreografien…
Det er som å stå til knes i kaldt sjøvatn og samla mot til å kasta seg uti, for eg veit jo det blir fint når eg kjem så langt. Eg seier som Albert Åberg: Eg skal bare…
Likevel, eg har ein enorm skrivetrong for tida. Eg har lyst til å blogga heile tida. Hjernen boblar over av ting eg har lyst til å skriva ned. Kanskje eg må finna ein plass i tillegg til Andedrakt for ikkje å ta alt for stor plass her…
Men det roar seg ned. Det gjer det alltid. Nei, det var det manuset eg skulle leita etter. Nede lagar Halvard frokost til Vebjørn som har overnatta her, og Ingrid trener Pilates på romet sitt. Huset lever, og slik vil eg ha det.
Til rors Columbus.
Heidi
Då me kom så langt som til middagen i går kveld, viste det seg at me hadde eit problem. Staden me eigentleg hadde tenkt å besøkja hadde mandagsstengd. Klokka var over ni, og det viste seg at fleire aktuelle matstadar stengde serveringa klokka ni.
Medan me leitta oss rundt i gatene var det mykje merkeleg å observera. Her i småbyen min treng ein ikkje utvisa så frykteleg stor fantasi for å visa att på gata. Eg er derfor lett å imponera. Me møtte for eksempel ein mann ikledd varm jakke og normal bukse, som gjekk barbeint på gata i temperaturar på omkring frysepunktet. Eg rakk aldri å finna ut kva motiv som dreiv han. Behovet for å skilja seg ut? Ein eller annan filosofi om at det er sunt å vera barføtt? Eit veddemål? Eller kanskje fyren rett og slett var distré og hadde gløymt sokkar og skor i farten?
Lukkelege var me då me fann ein kinarestaurant som hadde servering til halv ti og ope til halv elleve. Dei hadde buffet, og det skulle passa oss med midlertidig litt rare matvanar utmerka.
Problemet var bare at maten viste seg å bera tydeleg preg av å ha stått framme heile dagen. Dei hadde nok ikkje rekna med fleire gjester, for dei hadde nok slutta å halda maten varm minst ti minutt før me kom. Men me var glade for i det heile tatt å ha funne noko, og direkte kresne er me ikkje nokon av oss.
Då me reiste oss for å gå kjende eg at eg hadde ganske vondt i magen, og midt på natta vakna eg av at eg hadde veldig vondt i magen. Scenarioet skikkeleg magesjuke på fly i storm stod levande i fantasien min. Eg lova meg sjølv at frå nå av skulle eg bli eit veldig forsiktig menneske, og sovna att…
Heldigvis kjende eg meg mykje betre i dag morges, og klar for nye ekspedisjonar. Sidan me hadde begynt å få dårleg tid med det me gjerne ville ha gjort delte me oss.
Eg oppdaga at dei verkeleg koselege små butikkane ikkje ligg på Strøget, men i smågatene og stræderne rundt omkring. Her hadde betjeninga tid til å slå av ein prat.
Presangposen min vart ganske velfyld om nokon skulle engsta seg for det.
To gonger i dag har eg gløymt handveska mi med kort og pengar. Først i matsalen under frokosten. Reisekameraten min får framleis panikk kvar gong eg mistar handveska, og sprang fortare enn lynet ned og henta ho i resepsjonen så snart me oppdaga det. Sjølv har eg full tillit til at eg får ho tilbake med pengar og kort på plass. Det skjer nemleg kvar gong. Folk er langt betre enn sitt rykte…
Andre gongen fekk til og med eg ein støkk. Me måtte fraktast i buss frå flyterminalen og ut til flyet. Plutseleg står det ein uniformskledd mann inne i bussen og viftar med ei vinraud handveske. “Er der nogen der kan kendes ved den her?” Då eg ropte at det var mi fekk eg mange “Nå- var- du- heldig- smil” frå medpassasjerane mine, og denne gongen var eg heilt samd med dei…
På flyplassen fekk eg ein spontan og relativt optimistisk idé. I sjokoladebutikken reklamerte de med “Ekte danske flødeboller til ekstra lav pris”. Flødebollerne som er skumbollar av ulikt slag, ikkje krembollar, såg utruleg gode ut, så eg kjøpte med meg kokosbekledde flødeboller heim til ungane. Min kjære lurde på om eg verkeleg trudde at eg kunne klara å frakta kokosbollar heilt heim utan å øydelegga dei… Det klarte eg ikkje… Posen var sjølvsag full av klissete skum med sjokoladebitar i då eg kom heim… Korleis kunne eg trudd at eg av alle menneske kunne få med meg ein pose kokosbollar like heile frå eit land til eit anna. Optimismen lenge leve.
På plass i propellflyet med handveske og kokosbollar, vart me lova ei god del turbulens på grunn av den sterke vinden. Heldigvis var ryktene betydeleg overdrivne. Turen heim gjekk heilt fint og eg rakk å lesa boka om Marie Krøyer som kunstnar. Boka beklaga at det å vera kunstnar tidlegare mest alltid fekk liten plass i gifte kvinner sine liv. Det var alltid noko som kjendest viktigare enn å skapa. Eg får tenkja på Marie Krøyers forsømte skaparkraft når eg sit her på loftet mitt og skriv med dårleg samvit for alle skap som skulle vore rydda og vaska og alle skitentøykorgene som skulle vore tømde…
Heime var alt i sin skjønnanste orden. Engelen min av ei eldstedotter hadde rydda huset så fint at det var ein fryd, og det lukta godt av heimelaga pizza. Ho sa at ho bare hadde passa på at alle rydda etter seg, og så hadde dei klart å halda det fint heile tida. Kanskje eg bør ansetja henne som guvernante og oppdragar for småsøsken…
Men nå er mor heime, så det glir vel over i normalen relativt raskt.
Vinden hylar om hushjørnene att. Mon tru om snefygningen har begynt i Danmark? –
Heidi
Sidan kjærasten min meinte det ikkje gjekk an å koma heim utan å ha fått sett mest mogleg av byen, la me ut på byvandring etter frokosten. For å oppmuntra meg, som hadde ein viss hang til materialistiske aktiviteter på Strøget, vart eg utstyrt med I-pod klipsa kjekt til jakkeslaget.
Så nå har eg vandra rundt i timesvis med Sigvart Dagsland og andre artistar på øyret. “Ka e du redd for?” og “I dag ska du våga det modigste stupet…” med litt “Good night Irene” av ei for meg totalt ukjend gruppe sånn innimellom. Det gav faktisk ei ny oppleving å oppleva nytt territorium med musikk til. Eg har aldri eigd verken walkman eller discman, og har i fleire år vore den einaste i familien utan I-pod. Kanskje eg er omvend frå og med i dag, og kjem til å utvikla ein sterk lengsel etter min eigne vesle elektroniske dings?
På ein brukthandel kjøpte eg to diktsamlingar som eg gler meg til å lesa. Lunsj hadde me på ein sånn stor og sympatisk bokhandel med eigen kaffeavdeling, der det stod plakatar om at ein var velkomen til å bla i bøker mens ein drakk kaffi. Sånt likar me… Har eg fortalt at eg har ein stor svakhet for å vera mellom bøker? Både bibliotek og bokhandlar er stader eg har problem med å koma meg ut av…
Litt bøker har eg kjøpt. Bøker, kunstkort, ein pakke te, to perleband frå indiska og eit såpestykke frå Søstrene Grene. Ikkje så mykje anna. Får sjå i morgon før me reiser heim om eg finn nokre småting til ungane. Jentene mine er glade i klær, men dessverre er det ikkje lenger eg som bestemmer kva dei skal ha på seg, så faren for å trø feil i klesbutikkar er overhengande.
Nå sit eg av alle ting i hotellet sitt røykeområde, for her er det internett-tilkobling. Den på romet kjem og går, så der er eg heile tida redd for å mista tekstane mine… På vervarslinga melder dei snøstorm over Danmark. “Snefygning”, som det heiter så fint på dansk. Ordet står med krigstypar over halve TV-skjermen. Enten er dei ikkje vane med slikt her, eller så er det verkeleg styggever det er snakk om… Dei blir liksom aldri ferdige med å snakka om det på tv. Får håpa det ikkje er snakk om orkan og rennedrev over Skagerak i morgon klokka fire, for då set me oss på flyet heim…
Reidekameraten min er i ferd med å bli utålmodig. Me skal ut og eta middag. Eg får slutta her, og ta korrekturen i morgon. Ber over med eventuelle stavefeil inntil då, for nå kjem livet i vegen for pedanteriet.
Heidi
Det blei eit ganske kraftig stilbrot midt på dagen i går…
Frå museumsliv, finare lunsj og opera vart me gåande og driva gatelangs sånn litt utpå kvelden. Spontant fann me ut at me ville gå på kino, men kinofilmane begynte akkurat då, og det var umogleg å finna ut noko om dei filmane som stod på plakaten… I tråd med å vera ute i verda bare oss to, sikta me oss inn på ein dansk film som heitte “Brennende kærlighed”…
Det første som skjedde då me kom in i kinosalen, som var full av tenåringar var at Kristuskransen min, perlebandet eg ber rundt høgre handleddet mitt, revna. Perlene skvatt mennom benkeradane, og eg vart liggjande på alle fire og leita etter gledesperler, dødsperler og kjærleiksperler mellom alle popcornsmulane. Etter filmen fekk me hjelp av ein kinokontrollør med lommelykt, men eg trur ein god del perler manglar. Sist dette skjedde meg var på dametoalettet i London på veg til Dar Es Salaam… Så nå har eg to reduserte kristuskransar som eg håpar eg kan kopla saman til ein ny
Filmen kan i beste fall seiast å vera ei til tider småkoseleg historie om brannmenn som reddar babyar ut av brennande hus og skifter bleie på dei etterpå… Og om danske kvinner som bare får fjorten dagars svangerskapspermisjon viss dei vil behalda jobben. Får håpa dei ikkje finst i det verkelege livet.
Kjærasten min har ein merkeleg hang til å oppsøkja stadar som ikkje akkurat er fancy og polerte, og nå hadde han blinka seg ut det som må vera den brunaste av alle brune kafear i København. Truleg var eg ein veldig avvikande gjest sidan eg bestillte Cola Light. Min kjære hadde sett eit skilt der tidlegare på kvelden om at på sundagskvelden skulle det vera allsong og levande musikk, og det ville han nødig gå glipp av.
I lokalet var det ca femten personar. Dei fleste nokså langt frå edru, relativt loslitte, og godt vaksne. Framme sat ein mann og spelte keyboard, og ein mann i flekkete svart dress med ein stil og ein sceneframtoning som minna om ein tjue år eldre Kim Larsen song i mikrofon. Han var rett og slett flink til å synga, og folk rundt bordet song med så godt dei kunne. Eg opplevde til mi overrasking atmosfæren i romet som varm og inkluderande når eg var vel på plass i sofaen langt framme i lokalet.
Mikrofonen gjekk på rundgang mellom dei mannlege gjestene, og sjølv om ikkje alle hadde heilt same taket på det med sang så fekk alle songerane varmt og velvillig bifall frå salen. Det blei sunge om “Hvit sjasmin” og “den lille hvide kirke,” og ein av gjestene bidrog imponerande nok med ein ballade med mangfoldige vers på italiensk…
Etter ei stund begynte ein mann å dansa med ei grønlandsk dame mellom dei tronge kaféborda. Då ho takka for dansen, sette han kursen mot meg for å by meg opp. Den minst edru og mest høgrøysta gjesten på puben hadde gjort eit stort nummer av at han var nordmann. Eg ville nødig avslørast som landsmann av han, for eg hadde ei kjensle av at han då ville søkja ei slags nasjonal forbrødring, som eg ikkje kjende meg heilt konform med. Eg fekk derfor innfallet at eg skulle takka høfleg nei til dansen på dansk…
-Men hvorfor vil du dog ikke danse med meg? – Jeg danser dessværre ret dårlig. – Men det gør ingenting. Jeg danser selv meget godt, så det skal bli godt ligevel. – Nej tak! – Men ih, er i dog nordmæn! Hvilket samentræf, selv har jeg slekt i Svolvær. Norge er et meget dejlig land, og dette er da også en meget hyglig plass!
Og utan å snakka usant kunne eg vera einig i det meste…
Kjærasten min kviskra til meg at han skulle filma oss viss eg takka ja, noko som ikkje gjorde det vesentleg meir fristande å slå til… Med andre ord, Jan Ivar: Dansken min er ikkje heilt på plass endå. Me må nok øva meir.
Heidi
Me har brukt heile føremiddagen på museum. Herleg. Eg elskar museum, men har problem med å finna nokon med tålmod og kondis til å fylgla meg. I dag har kjærasten min vore kjempeflink.
Først var me på Glyptoteket der me har sett på romerske og greske skulpturar. Veldig fascinerande at ein omtrent kan lesa seg til personlegdomen desse menneska som levde for eit par tusen år sidan må ha hatt ut frå ansiktstrekka deira. Så såg me ekte egyptiske mumiar og sarkofagar. Eg skulle hatt med meg Ingrid på den avdelinga, ho er veldig fascinert av gamle Egypt.
Då me var komne til den moderne avdelinga, melde kjærasten min pass og let meg gå aleine, medan han gjekk over til reine studier av folkelivet…
Likevel trava han trufast ved sida mi til Nasjonalmuseet eit par timar seinare. Eg vart oppriktig imponert over utstiliingsteknikkane på eit par av utstillingane dei hadde der. Dei hadde kombinert musik, gjenstandar, film, og muntleg fortalde anekdoter på ein veldig kreativ måte. Eg har aldri sett noko liknande heime. Eg fekk rett og slett lyst til å kasta meg ut i museumsbransjen. I kjellaren min, som ber eit visst preg av at eg er eit menneske med sterk kastevegring, skulle det vera utstillingsmateriale nok til litt av kvart…
Mellom anna såg me ei utstilling som skulle visa folkeliv og samfunnsutvikling i Danmark frå år 1600 til 2000. På slutten av utstillinga kunne ein møta eit utval heilt vanlege danske personar gjennom små filmar og utstilling av gjenstandar i montere. Det slår meg når ein løfter fram det såkalt vanlege kor utruleg mangfold det eigentleg finst. Det er noko av det same eg opplever når eg les bloggar. Gjennom det andre skriv får eg innblikk i miljø og logiske tankerekkjer som er utruleg ulike og samtidig forbløffande like mine eigne…
Sånn litt utpå ettermiddagen begynte me å bli svoltne. På Nasjonalmuseet kunne ein kjøpa ein såkalla brunchmeny med masse god mat. Slikt har me aldri kunna tatt oss råd til når me har reist omkring med fire barn, men nå kunne me sitja der på den innvendige balkongen og kikka ned på andre museumsgjester medan me kjende oss sånn passe sundasføremiddag finkulturelle…
Danskane har det med å ta skikkeleg i når det gjeld mat så i buffeen var det allslags brød, salatar, kjøt, pølser, egg, ost, kaker, fersk gjærbakst, wienerbrød og frukt.
Spesilet såg eg langt etter dei danske pannekakene. Dei såg rett og slett veldig gode ut, men lever ein på lågkarbodiett så er det bare å finna seg litt ekstra salat, smila og sjå glad ut.
Sånne gonger klarer eg ikkje å la vera å sitja og sjå på menneska ved naboborda, ta inn brokkar av samtalane deira og sjå for meg liva dei truleg lever. Ser ikkje vekk i frå at eg ofte er heilt på villspor, men det får eg jo aldri vita…
Til slutt insisterte kjærasten min på at me trong ein kvil på hotellromet og snart sov han som eit barn… Eg fann ein dokumentar på TV om Placido Domingo, som passa fint inn i den litt finkulturelle settingen for dagen, og pakka godt inn i hotellet sitt fleece-pledd vart eg sitjande og lytta til opera heilt til eg duppa av eg og…
Nå er me snart klare for nye eventyr, håpar eg. Mannen ved sida av meg er i alle fall vaken nå. Dei fleste danskar slår forresten over til engelsk eller svensk når dei snakkar til oss, ein smule frustrerande, for me har jo ingen problem med å forstå dansk. Det er vel litt unødvendig at skandinaver skal måtta ty til engelsk for å kommunisera?
Sorry at eg tek så stor plass her for tida, kjære medbebuarar på Andedrakt….
Heidi