I denne veka har eg:
Øvingskjørt med Odd Christian og skjelvande assistert han på bakkestart i stupbratte motbakkar.
Forsove meg måndag morgon.
Hatt besøk av stormane Gudrun og Inga som har forsynt seg med sandstrender og hustak i nærområdet.
Fått fire mildast talt uventa hamsterungar i hamsterburet.
Frose fordi varmeomnen vart flytta ut til der hamsterburet står.
Sykla ca tolv mil på trimsykkelen.
Fått vita at ei av salmene mine vart brukt på sørgegudstenesta i Nidarosdomen.
Fått vita at førarkortet mitt ikkje er gyldig, og ikkje har vore det på lenge.
Steikt vafler for å trøysta Odd Christian som strauk til førarprøven.
Vore så trøytt at eg sov elleve timar natt til i dag.
Kjørt Leif til flyplassen halv seks om morgonen.
Bestilt togbillettar på internet og fått minipris.
Fått rydda vekk juletreet og alle juleenglane i dag.
Radert eit innleg på Andedräkt og angra meg litt etterpå.
Hatt alt for få timar til alt eg gjerne skulle gjort.
Heidi
Eg har ligge på magen i ei kald kjellarstove på ein utslått sovesofa mellom tiåringen min og elleveåringen min og sett TV. Me hadde lagt oss under dyner og tepper og krope tett inntil einannan for å halda varmen. Me såg på eit program om “stage-mums”,- amerikanske barn som skal gjera karriere med ambisiøse mødrer og fedrar eit steg bak… Desse hadde det som sitt livsprosjekt at ungane deira skulle bli berømte. What a crazy world…
Mine eigne ungar strekkjer seg og blir til store barn og tenåringar. Eg må passa på at eg har tid til å dansa i barndomen i lag med dei.
Eg elskar å kjenna varmen frå ungane mine tett inntil meg. Eg kjenner meg priviligert som framleis har dei rundt meg alle saman. Snart skal dei, ein etter ein fly ut i livet på eiga hand. Eg skal vera sterk og flink og sleppa taket…
I går var eg saman med ei nær venninne som kom seg uskadd frå Phuket. Små tilfeldige hendingar gjorde at ho var ti minutt frå flodbølga og ikkje midt i området som vart øydelagd. Det var godt å klemma henne og å få snakka med henne. Det vart seint i går, så energinivået i dag har vore lågare enn forventa. Eg hadde tenkt å pakka jula ut, men Ingrid si julekrybbe med brennande lys og juletreet med blå kuler og kvite englar står der framleis. Eg vil halda fast ei lita stund. Alt spring så fort forbi meg nå om dagen.
Heidi
Eg hadde ambisjonar om å skriva ein song eller to i kveld, men nå er eg viss for trøytt. I staden ynskjer eg alle som les dette eit godt år i 2005.
I dag vaia det klissvåte flagget til skulen min på halv stong. Klokka tolv sat eg og dei seksten elevane eg var vikar for, stille i tre minutt, med tre brennande stearinlys og prøvde å senda varme tankar til alle dei som har det vanskeleg etter flodbølgekatastrofa. Eg fortalde sjuåringane at alle i Europa skulle gjera det same, og ei litt trist høgtidskjensle breidde seg i romet.
Nå sit eg med vått hår etter dusjen og er litt stolt over at eg er så flink til å bruka den nye trimsykkelen eg fekk til jul. Det er ein sykkel utan hjul, men med masse elektronikk. Kan det verkeleg stemma at eg forbrukar 850 kalorier på å sykla så fort eg kan i ein halvtime? Eg kan jo velja å tru på den hyggelege meldinga frå displayet, sjølv om det høyrest for godt ut til å vera sant…
Her skal det nok bli fart i svingane…
Heidi
I går var dagen for julebordet på jobben,- og dagen for utbetaling av løn. Det siste var utruleg velkome, for på grunn av masse restskatt var det ein månad der dei finansielle utskeiingane måtte skjerast til beinet. Må eg bli femti før eg får råd til å handla julegåver før den tolvte desember?
I alle fall, med målet klart for augene, spurta eg til toget og reiste inn til byen for å handla. Første innkjøp var eit par skor på Design Forum som eg har ønska meg sidan i sommar… Det er dei dyraste skorne eg har hatt i mitt liv, men eg har jo tenkt i eit halvt år… Så fullt firsprang opp til UNO. Der kjøpte eg ny tredelt lilla kjole i viscose med limegrønt skjerf til. Eg fekk sms- kontakt med kjærasten min som jobbar inne i byen, og me møttest på Cult-kafé og delte ei skål salat med parmaskinke i beste Lady og Landstrykaren- stil. Romantisk!
Så skunda eg meg heim, dusja og fekk på dei nye kleda og småjogga til vorspielet hos Jan Ivar og Synneva. Jan Ivar hugsa replikken sin frå Extreme- make-over då han såg dei nye kleda mine og sukka ,“Oh, my God,- I cant belive it-” (Rett nok avtalt spel, men likevel…)
På bussen til festen kjende eg at stresset som har site brystmuskulatur, pust og strupe den siste veka, bare rett og slett slapp taket. Utruleg deilig. Me åt ribbe og pinnekjøt, og me dansa. Me dansa ein og ein, to og to, tre og tre og mange på rekkje. Me song, lo og gav einannan lange klemmar. Eg har dei beste kollegene i verda og skal aldri skifta jobb!
Då eg gjekk heim med Dagny og Elisabeth i rå desemberskodde hadde eg gnagsår på begge hælane, særleg på den venstre… Men dei nye skorne mine toler å venta-. Hadde det vore sommar hadde eg gått heim på sokkane eller på bare bein.
I dag har eg fått tid til å vera husmor. Eg har laga risbollar og deig til peparkaker og kakemenn. Nå steikjer kjærasten min pizza til oss og Ingrid og kjærasten hennar ler saman på sideromet. Eg har fiksa på dei småtinga konsulenten ville eg skulle kikka på på omsetjingane mine. Det er godt å leva.
Heidi
Så lenge har eg aldri vore borte i dei tre åra eg har skrive på nettet. Borte frå nettet, og på scenen irl. Det har hend så mykje, så eg har ikkje visst kor eg skulle begynna. Me får hekta oss på igjen. Litt etter litt.
Det som har rørt meg aller sterkast sidan sist er at ein gut eg har kjend sidan han fylde 7 år valde vekk livet sitt.
Eller var det ikkje det han gjorde, vart han eit hjelpelaust offer for ein depresjon, alvorleg sjukdom med døden til fylgje? Ikkje veit eg kva namn ein skal setja på det forferdelege som skjedde, men han skaut seg sjølv og lever ikkje lenger. Eg hadde vore læraren hans i seks år og kjende djup og inderleg sorg. Var det noko eg kunne ha gjort? Noko eg kunne sett? Svar på det får eg vel aldri, men seier med Märta Tikkanen: “Ingen får tru at alt er nokon sin feil.” Det vart ei sterk og vakker gravferd. 150 ungdommar la kvar si raude rose på kista hans. Raude roser, kvit snø og svart jord. Eg gråt.
Etterpå leia eg minnesamlinga med 150 ungdomar til stades. Eg ville gjerne gjera det, og det kjendest godt.
Elles så har det gått fort i swingane, men eg har nå kome i mål med det meste. Skuleteateret vart så fint, og salmene som skal omsetjast er det bare litt finpuss att på.
I dag vart ei av dei beste venninnene mine operert. Eg ber til Gud om at ho må vera frisk att. Den varmaste klemmen i verda til deg om du les dette Kesia. Eg er utruleg glad i deg.
I ettermiddag har eg skrive evaluering av individuelle læreplanar. Nå skal det snart bli jul…
Heidi
Sist helg var eg på kurs i helbredande forteljing. Det var veldig fint å vera der. Me fekk i oppgåve å velja ein kort sekvens av livet vårt og fortelja det i fleire varintar: Vinnarvarianten,( det vil seia den du ville bruka på eit jobbintervju eller på CV- en), sutrevarianten (den du ville bruka hos legen for å bli sjukemeld), og Askeladd/ oppdagelsesreisande- varianten, (den der du lar alt skje, og ser på det som skjer som magisk og godt.) Alle desse og tusen andre er sanne framstillingar av livet ditt, men dei er ikkje livet ditt.
Interessant. Prøv sjølv og sjå kor mange forteljingar frå livet ditt som er sanne samtidig som dei kan vera heilt forskjellige. Og hugs at det er du som er forteljaren og redaktøren.
Nå sit eg her og ser sola skina etter lange tider med regn. Fantastisk! Eg har mykje arbeid eg må gjera i helga, er veldig trøytt og svært lukkeleg.
Nå skal eg arbeida med å laga teater av HC Andersen sine eventyr. Det blir fint. Jan Ivar har lagt ned mykje arbeid allereie, og eg skal bare jobba vidare. Og så skal eg oversetja engelske songar frå klosterkommuniteten Iona. Det siste er utruleg vanskeleg. Det er ei umogleg oppgåve å ivareta språket hundre prosent og samstundes få til dette med rim og rytme. Eg som ikkje eingong likar å leggja kabal og løysa kryssord… Men det er ei utruleg fin oppleving å leggja noko på bordet og vita at du har fått det til, og at resultatet er heilt på grensa av kva du i beste fall kan klara å prestera. Det er vel den opplevinga eg søkjer, samstundes som eg gjerne vil at dei nydelege songane skal få fine norske ord å funkla i.
Ein tur ut må det og bli tid til, og i kveld skal eg gå “natteravn”. Natteravn-konseptet går ut på at foreldre med tenåringsbarn med jamne mellomrom blir direkte utfordra til å vandra gatelangs i byen nattestid for å vera der for ungdomane og leggja ein dempar på eventuell uro.
Nå må eg koma i gang med arbeidet mitt. Gud velsigne dagen.
Heidi
Etter send-away-partyet skal Martha etter skikk og bruk ikkje visa seg ute før bryllaupet, men i eit hus der om lag tretti personar deler ein utedo let dette seg ikkje heilt gjera i praksis. Om morgonen tek brura med seg eit par bøtter varmt vatn for å ta ein dusj ute i bølgeblikkskuret. På vegen smiler ho blygt til dei ho ser, og bekreftar at jodå, ho er litt nervøs nå på den store dagen.
Føtene hennar blir stelt utanfor huset på afrikansk vis: Kvinnene i huset sliper hælane sine kvar dag mot ein stor stein på gardsplassen slik at dei til ei kvar tid er reine og mjuke og rosa i fargen. I tillegg brukar dei børste og sterk såpe på føter og skor.
Me har lenge lagt merke til at dei sender misbilligande blikk mot våre ustelte, sprukne norske hælar. I desse bryllaupstider held dei ikkje ut å sjå på det lenger. Dei hentar fotfilar og såpe til oss og gjer oss venlege råd om korleis ein skal få føtene til å halda seg fine og reine. Dei fortel oss at dette let seg gjera sjølv om ein heile dagen går barbeint i sandalar på raud leirejord. Som to små jenter som er tekne på fersken i å gå med skitne hender og lange svarte negler tek me i mot rettleiing og gjer så godt me kan.
Kjolen Martha skal gifta seg i blir gjort klar til festen. Me trudde det me såg på festen den første kvelden var brudekjolen hennar, men der tok me feil. Brudekjolen er endå meir pynta enn den første kjolen. Han har perlebroderier og tilhøyrande slør.Til vår overrasking viser det seg at kjolen ikkje er kvit, men lys, lys blå. Linda forklarer oss tålmodig at afrikanske kvinner vaskar brudekjolen sin i lys blå farge fordi han då vil sjå blendande kvit ut mot den mørke huda. Dette viser seg å halda stikk. Når me ser kjolen på brura eit par timar seinare ser han så kvit ut at det skjer oss i augene.
På ny kjem frisør- Flora på besøk med kam og saks og ein plastpose full av langt kunstig hår. Dei fleste kvinnene har framleis festfrisyren på plass etter sist runde, men brura må vera ny og endå finare enn sist. I romet der ho blir pynta er det eigentleg bare kvinnene i familien som slepp inn, men sidan Tove og eg etterkvart er nærmast som familie å rekna, får me lov å avlegga ein rask visitt medan ho blir pynta. Når me kjem inn sit ho lettkledd i ein stol i bare kangaen framfor ein stor spegel medan to kvinner ordnar håret og fiksar sløret samtidig som ho blir vakkert sminka.
Me spør når vigsla skal ta til og får vita at det startar i kyrkja klokka to. Me blir difor litt forvirra når klokka rundar halv to utan at noko skjer. Først klokka halv tre svingar ein bil opp framfor trappa. Tatt i betrakting at ingen me har møtt her har hatt eigen bil, og at dei fleste taxiane har teipa frontruter eller dører som knapt lar seg lukka, så er det ein bemerkelsesverdig fin bil som svingar opp framfor huset. Bilen er pynta på amerikansk vis med ballongar, band og krepp-papir.
Døra til romet der brura sit går omsider opp. Brura kjem ut, nydeleg pynta med høge kvite skor, kjole slør og hanskar. Sløret heng framfor ansiktet. Ho kjem ut med to brurejenter og ein liten bruregut. Hovudet er bøygd blygt ned mot bakken, og ho går forsiktig mot bilen med små elegante steg. Ikkje ein einaste gong ser ho opp. På trappa står kvinnene i familien hennar oppstilde. Mor og tanter, systrer og nieser. Dei syng minst trestemt ein song om at nå kjem ho ut og skal gifta seg. Dei syng henne ut i bilen og songen deira legg ei heilt spesiell,
nærmast magisk stemning kring det heile. Det kjennest heilt uverkeleg å stå midt i denne flokken av syngande kvinner og vera norsk og uvitande.
Når brura er vinka vel av garde, kjem det ein liten buss for å henta gjestene. Eg ser straks at alle me som skal i veg umogleg kan få plass i den bussen. – Og ganske rett: Ein heil del av oss blir ståande att med løfte om at bussen skal koma tilbake for å henta oss.
Sjølvsagt finn eg det rett og rimeleg at me som ikkje eingong er i slekt med brureparet kjem med i andre runde. Likevel synest eg det er litt trist at me går glipp av vigsla. Det varer og det rekk før me blir henta, og eg
reknar med at nå blir me alt for seine til å få med oss noko som helst.
Overraska blir eg difor når me når fram til kyrkja og oppdagar at sjølv om klokka nå nærmar seg halv fire så er ikkje brureparet komne ennå. I staden dansar bryllaupsgjestene i ring framme i koret til høg gospelmusikk og ler og ropar halleluja. Frisyrene til kvinnene er i seg sjølv eit syn å falla i stavar over, her er alt frå dei mest sirlige flettefrisyrer til desimeter høge tuppar på toppen a la Lille My.
I tillegg til gjestene så er kyrkja fylt av halvskitne glade ungar frå nabolaget som har dukka opp for å få med seg eit bryllaup. Ein mann i grøn dress spring opp og ned i midtgangen medan han bles i speidarfløyta si og skjenner på ungane dersom dei lagar bråk.
Brudgomen kjem først i lag med forlovaren. Så, mellom to og tre timar etter den tida bryllaupet skulle ha begynt, dukkar brura opp i lag med brurebarna og ei gift venninne som er forlovar denne kvelden. Så snart brura viser seg i døropninga spring gjestene jublande ut i midgangen og dansar av glede… Brur og brudgom går nå mot einannan med små dansesteg medan ein stor flokk
blåkledde barn dansar mellom dei. Truleg er desse barna eit symbol på eit ynskje om at brur og brudgom må bli fruktbare og få mange barn.
Sidan faren hennar er død er det ein av onklane som på vegne av familien må gå ut i midtgangen for å svara bekreftande på presten sine spørsmål om familen godkjenner at jenta skal giftast til denne mannen. Framleis må ein mann i Tanzania betala brurepris for å få brura si, og dersom han ikkje har klart å skaffa til vege pengane, kan familien til brura der og då stansa vigsla ved å svara nei.
Klokka seks må me forlata kyrkja for å dra til Dar Es Salaam. Framleis er dei ikkje gifte. Resten av festen var me så heldige at me fekk sjå på video. Me såg gjestene dansa fram med presangar som plastboller og tresleiver over hovuda sine, og me såg mykje dans og mykje Cola- drikking…
Då me kjem tilbake to døgn seinare, trur me at alle gjestene for lengst er reiste. Til vår overrasking er dei framleis der alle saman. Me får vita at dei må venta for å ynskja brura velkomen ut att…
Det viser seg nemleg å vera slik at den første veka som gift kvinne skal ikkje ein ikkje gå ut blant folk. I staden er ein inne i eit hus for å nyta ekteskapet sine gleder. I denne veka blir ein varta opp av andre kvinner som lagar maten til brureparet og diskret steller godt med dei. Først etter denne veka kan brura forlata huset og gå ut og leva eit vanleg sosialt liv. Som Linda sa: “How could they not see their dear daughter when she is coming out of that house…”
Og me som trur at dette med bryllaupsfeiring tek heilt av her i Norden…
Heidi
Festen er i gang. Det er sett fram eit bord til brura sin familie til høgre for platformen og eit bord for brudgommen sin familie til venstre for platformen. Dei andre sit på stolar som er sette fram over heile gardsplassen.
Musikken frå musikkanlegget er på full guffe og konferansieren ynskjer velkomen til festen. Martha ser me framleis ingenting til. Linda forklarar at ho kjem når tida er inne. Folk tek til å dansa til musikken. Nokre av dei svinger med store lommetørklær over hovudet medan dei dansar, og kvinnene ropar ut gledeshyl, gele-gele, i det dei lar tungene gå frå den eine munnvika til den andre. Sjølv om me ikkje skjønar kva dei syng over musikkanlegget, så skjønar me at det er ein slags gospel- musikk. Orda Jesus, halleluja og Mungu (Gud) går ofte igjen. Av og til ropar pastoren eller konferansieren noko
i mikrofonen og avsluttar med “Halleluja”. Forsamlinga svarer samstemt “Amen” på hallelujaropa.
Etterkvart stiller eit ungdomskor seg opp og syng medan dei gjer dansebevegelsar. Etter ei stund får alle gjestene utdelt kvar si flaske Coca-Cola. Det er tydeleg at Cola-imperiet gjer seg gode pengar i dette landet, for me ser reklame for denne drikken overalt, sjølv om det er relativt få andre vestlege merkevarer å få kjøpt.
Etter ein times tid skjer det noko. Venninnene til brura kjem dansande opp midtgangen. Dei har sydd seg kjolar av det same stoffet, men med forskjellig snitt. Frisyrane deira er fantastiske, eit resultat av mange timars arbeide dei siste dagane.
I kontrast til dei glade menneska er brura sjølv. Ho skal frå gamalt av sjå sjenert og litt engsteleg ut. Dessutan skal ho vera trist fordi dette er siste dagen i lag med familien før ho frå gammalt av skal flytta inn til sin nye familie. Ho kjem i lag med ei ugift venninne. Begge to har oppsett hår og mest heilt like fotside kjolar. Dei går hand i hand opp til plattformen og ser heile tida blygt ned i bakken. Dei går opp til den silkedekka sofaen under baldakinen og set seg ned ved bordet som er dekka til dei med fire cola-flasker til kvar.
Nå når brura er komen blir me vitne til fleire sermoniar.
Ei toetasjes bryllaupskake blir boren inn. Først matar dei to kvinnene einannan med kake. Så går dei bort til brura sin familie. Ein og ein reiser dei seg opp og blir presenterte for gjestene til stor jubel. Etter kvart som dei blir presenterte matar brura dei med kake rett i munnen.
Etter dette matar ho brudgommen sin familie på same måte. Ei symbolsk handling som viser at ho nå har to familiar og at dei skal dela med einannan. Det av kaka som blir att får brudgommen sin familie ta med heim.
Brudgommen sin einaste rolle i denne festen er at han reiser seg sjenert og tek i mot ein stor blomebukett som brura gjer han for å visa kven som er den utvalde.
Enorme gryter med mat blir borne inn. Folk stiller seg i kø for å få. Ei lang rekkje unge jenter står bak grytene og ausar opp gigantiske porsjonar på dei store tallerknane. Heile nabolaget kjem til for å få mat og store flokker framande ungar stiller seg i køen. Saman med maten er det ei ny flaske cola til kvar. Folk set seg ned i små og store klynger og et etter skikken maten med høgre handa utan skei eller gaffel.
Før brura kan sendast vekk må ho få presangar. Folk dansar fram med presangane. Me to norske damene prøver å hiva oss på, men kjenner nok sterkt på den manglande kompetansen i “dansa- fram- med- presangar- dansen”. Eg slutta aldri å forundra meg over dei rytmiske dansebevegelsane ein kvar tanzanianer med eller utan psykisk utviklingshemning til ei kvar tid var i stand til å henta fram.
Dei unge frå Mehayo der Martha har jobba dei siste ti åra, gjev henne seng og skap som dei har fått laga i heiltre. Alle dei funksjonshemma barna og ungdomane som bur der er sjølvsagte gjester på festen, dei er skikkeleg stolte over å få dansa fram med presangane.
Pastoren held ein lang tale for brura og framtida, onklane ynskjer henne lukka til og niesene les dikt og syng for henne. Pasoren ber for framtida til Martha og alle svarar amen og halleluja. Så får ho ein bibel som ho skal ta med seg inn i det nye livet sitt.
Nysgjerrig som eg er får eg Linda til å fortelja meir om
tradisjonane bak denne festen. Eg får vita at i gamle dagar ville mennene og dei unge kvinnene trekkja seg vekk frå festen etter måltidet. Dei eldre kvinnene ville starta tromminga på spesielle trommer. Alle som høyrde denne tromminga ville straks skjøna kva som gjekk føre seg og eldre kvinner kunne koma for å ta del i sermonien om dei høyrde trommene. Kvinnene ville då undervisa den unge brura om ekteskapet og om seksualiteten. Før natta var omme ville dei barbera alt håret av brura, og gni henne inn med aske for å gjera henne klar til ein heilt ny epoke i livet. Neste morgon ville familien til brudgomen ta henne med til sin landsby for å halda bryllaupsfesten der.
Mange av dei gamle tradisjonane eksisterer nå bare som eit minne. Eit moderne musikkanlegg har erstatta trommene. Likevel vart ho dansa inn mot ekteskapet til høglydte hallelujarop medan festen vart festa til videotape for at dagen verkeleg skulle fungera som eit minne for livet.
Heidi
Martha skal gifta seg. Martha med det nydelege smilet som har denne auraen av ro og varme rundt seg som nokre menneske ser ut til å vera fødde med.
Martha mista far sin tidleg, og kom til Morogoro som femten- seksten-åring for å jobba hos Linda. Nå har ho budd der i ti år, og kjærasten har ho funne i den lokale kyrkja. Derfor har Linda tilbudd seg å halda det tradisjonelle “send-away-partyet” for henne. Dette er ein fest som har blitt feira sidan eldgamle tider i Tazania. Brura sin familie steller i stand ein stor fest før dei gjer i frå seg brura når brudgomen og familien hans kjem for å henta henne.
Det første som skjer i anledning av den foreståande feiringa, er at fire gifte kvinner frå kyrkjelyden kjem på besøk to dagar på rad i veka før bryllaupet. Dei skal undervisa Martha om livet som gift kvinne.
Familien til Martha begynner å koma tre dagar før festen.
På trappa utanfor huset blir det trongare og trongare av gjester som sit der og ventar og snakkar. Med seg har dei det ugali-mjølet dei reknar med å bruka før festen for å laga ugali, den grauten av maismjøl og vatn som er hovudigrediensen i tanzaniansk kosthald. Overført til norske forhold kunne ein seia at ugali erstattar både
poteter og kneippbrød. Det er rett og slett det dei et til alle måltid, i tillegg til grønsakar, kjøt og fisk dei gongene dei har det.
Det er nå me for alvor får innsikt i afrikansk gjestfridom.
Alle gjester blir tekne godt i mot. Dei blir stua inn på soveroma i antal som får oss til å måpa. Truleg ligg kvinner og barn tre i kvar seng og resten på flatseng på golvet. Sjølv deler Linda si eiga dobbelseng med mor si og minst to barnebarn. Tantane får sofaane og matter på golvet. Heldigvis tilseier klimaet at ein treng minimalt med bagasje. Kvinnene sine kangaer er geniale plagg. Dei gjer teneste både som kjole, forkle, bæresele for babyer, sjal, handkle og dyne. Har ein med seg fire kangaer har ein alt ein treng i lange tider. Dei er i tillegg lette å vaska og tørker fort i sola.
Onklane til brura voldar vertinna større problem. Sidan ho sjølv er enke, og bur utan mann, kan ho ikkje losjera framande menn i golvet i stova. Til slutt får dei reidd opp
flatseng i eit klasserom med nokre tepper og puter, og alle er godt nøgde. Ein av onklane sparer bagasje med å gå i findressen alle dei tre dagane han er på besøk. Til sjølve festen tek han fram ein lys panamahatt som han pyntar seg med.
I dagane før festen skal Martha i følge tradisjonen halda seg i ro og gjerast klar til det som skal skje. Flora, frisøren, kjem på besøk på romet hennar og lagar ein
kunstferdig frisyre med høgt oppsett hår via store mengder hair-extensions. Kjolen blir henta hos ein lokal skreddar. Desse sit på fortaua inne i byen og syr på sveivesymaskinar medan alle som vil kan beundra verket.
Kjolen til Martha er kremfarga og fotsid. I det festen tek til, sit ho framleis inne på romet sitt og blir gjort klar til det som skal skje. Naboer og vener i hopetal fyller opp stolane nede på tunet der det er vakkert pynta. På eit podium er det gjort laga eit “High table” med stoffbaldakin over. På platformen er det vakkert danderte kunstsilkestoff i bakgrunnen, palmer, silkeblomar og ballongar. Dette er ein fest alle er velkomne til, det blir kokt kjøt og ris og ugali i store gryter. Ein reknar med at det kan dukka opp to hundre svoltne og festglade menneske sånn etterkvart.
Når sola går ned og mørkret kjem blir det tent lyskastarar.
Musikk blir spela med høgt volum, høgtalaranlegget blir motert, og han som skal filma gjer klar videokameraet.
Folk strøymer til og festen kan begynna.
Heidi
Det var ein liten gut eg gav liv til. Eg visste at det var nok siste gongen eg skulle gjennom ein fødsel, fordi det var fjerde gongen keisarsnittkanalen skulle opnast, og det syntest legen min var nok.
Denne gongen ville dei gje meg spinalbedøving i staden for epiduralbedøving, som eg hadde fått før. Eg fekk eit “skot” i ryggen som momentant lamma meg frå livet og ned. Kirurgen stod klar med skalpellen i tilfelle blodtrykksfall, og ikkje før hadde eg fått bedøvinga så fekk eg den kjensla av å svima av liggjande, noko som eg visste frå før av indikerte bodtrykksfall. Det var rett før det vart eit hastesnitt, men efidrinen fekk meg på rett kjøl att, og dei kunne ta tida dei trong.
Denne gongen hadde eg fantasert mykje om den personen som skulle hentast fram frå mine djup. Eg hadde tenkt og bedd, og eg hadde fått det for meg at eg skulle få ei dotter med Downs syndrom. Eg var så godt førebudd på dette at eg hadde planlagd å seia i frå sjølv straks eg fekk sjå henne at eg såg at det var slik det var, og at ho var like velkomen med eller utan syndrom. Dersom eg sa det slik, ville lege og jordmor sleppa å grua seg til å forelja sanninga liksom…
At det var ei jente hadde me fått vita på førehand, rett nok med atterhald, fordi ho låg litt kronglete til. Derfor visste me at det var ei lita Anna Sofie som skulle koma ut til oss i dag.
Så då operasjonslegen ropte gjennom det grøne munnbindet sitt: “Gratulerar, du har fått ein stor gut,” protesterte eg tålmodig: “Nei det er ei jente…” “Ja då må eg ha lært noko feil på skulen,” svara legen og haldt opp eit illsint skrikande mørkeraudt nyfødd barn for meg. Barnet var nake, rett frå limora med blod og feitt på den runde magen, og eg måtte medgje at legen såg ut til å ha rett. Dessutan såg eg straks at han ikkje hadde Downs syndrom…
På det obligatoriske opphaldet på intensiven etter at dei hadde meg sydd saman, låg eg og les i ein Munch- biografi. Eg prøvde etter beste evne å sjå kjempepigg ut for å koma fortast mogleg ned til det normale livet på barselavdelinga. Eg lengta etter å pr definisjon vera ei frisk mor som ikkje trengde meir spesialoppfylgjing, ei som kunne få ha vesleguten hos seg heile tida.
Planen virka, og eg vart trilla tidleg over på barsel, der
kjærasten min venta med tre sysken. Den yngste veslejenta mi var bare litt over året i blomstrete snekkerbukse og tynt kvitt fjonehår på hovudet. Besteforeldra stod der og med tårer i augene. Rundt nabosenga stod det og ein far og tre sysken. Kjærasten min spurde om dei og hadde fått barn nummer fire. “Nei, svarte ei blid dame i nabosenga. Me har fått barn nummer fem, men den eldste er på speidartur.” Eg skjøna straks at dette å ha fått fire barn på åtte år var såre normalt.
Og nå etter ti år er vesle Halvard, som han altså blei heitande, framleis minstebarnet mitt. Han er stor gut, men framleis så liten at han har gledd seg i mange dagar til å stå opp den femte oktober og få presangar. Har har regissert feiringa i tre etappar. På sundag var det familieselskap, i dag er det kino med far og sysken,- “Shrek 2”, og etter haustferien, gutane i klassen. Det var meininga at me skulle feira dagen med å gå på restaurant alle saman for å eta meksikansk eller italiensk, men Halvard spurde om me ikkje kunne utsetja det til i morgon, for han ville så gjerne besøkja Fredrik i dag. Han har nemleg fått ei nyfødd veslesyster heim frå sjukehuset. Slekt skal følge slekters gang som det står i salmen. ..
Og her sit eg. Ti år lenger framme i livet med bustete hår, og ein limegrøn bluse frå UNO. og smugskriv litt på ein jobb- maskin. Eg har haustferie, og ute er det vemodig oktober-vakkert med haustregn og haustfarga tre.
Dagane bit den neste dagen i halen og blir til lange rekkjer som dannar veker, månadar og år. Så mykje liv eg skulle ha festa til papiret om eg bare hadde hatt tida til det. Slik det er nå blir det å stikka knappenåler gjennom ei og anna stemning og festa ho til andedrakt. Og det er vel ikkje så lite bare det?
Heidi