Gå til innhald

Rare veker

Det er vel inga overdriving at me er inne i uvanlege tider. Som eg skreiv sist, så har eg nesten litt behov for å loggføra korleis vekene denne vinteren har vore. Det må rett og slett vera interessant å ha det nedskrive til seinare bruk og refleksjon.

Kanskje me trudde me hadde nådd ein slags topp av koronapandemien då trinnet mitt haldt heimeskule dei siste dagane før jul fordi me hadde smitte på trinnet. Slik skulle det ikkje visa seg å vera. Etter jul tok det verkeleg av med veker der me hadde fleire sjuke enn friske elevar, og sidan har det aldri heilt slutta å ta av…

Dei siste vekene har smitta slått som store bølgjer over personalet på skulen min og over dei fleste andre arenaer. På jobb har det vore eit dagleg puslespel å få til å vera nok vaksne til å driva god og forsvarleg undervisning, og me har verkeleg fått tøya fleksibilitetsmusklane våre på å måtta snu opp ned på det me har av planar nesten frå dag til dag. I familien har til nå 75% av barna mine og svigerbarna mine vore smitta dei siste vekene og 50% av barnebarna for å vera litt meir matematisk enn eg pleier å vera. At små barn plutseleg er veldig dårlege er ikkje kjekt i det heile tatt, men heldigvis gjekk akkurat det fort over.

Noko av det som er utfordrande er å gå og venta på at nokon, kanskje for eksempel meg sjølv, skal bli smitta og det å leggja planar for korleis me løyser det når og viss folk blir smitta. Eg synest for eksempel det er ganske utfordrande å ikkje kunna melda seg til å hjelpa til med å passa smitta barnebarn fordi eg så langt ikkje har hatt korona sjølv. Men som barnebarnet trøysta meg med: «Me æ jo enn familie for dæ om atte æg ikkje kan koma inn te dæg fordæ æg he korona!» Det er jo veldig sant… Og det å få snøklokker levert på døra av ei som ikkje kan koma inn er jo til å bli rørt til tårer av.

Tre turar austover i haust har måtta avlysast på grunn av smittefare. Den eine turen vart flytta på, men let seg ikkje gjennomføra på andre forsøk heller. Eg skulle ha vore på eit styremøte i Oslo som eg måtte fylgja via ipaden frå stovebordet heime. Det gjekk heilt fint det og.

Eg gleder meg veldig til at eg ikkje lenger føler at eg må åtvara folk om at eg har vore oppi veldig mykje smitte i det siste, og at det kanskje er lurt å halda litt avstand.

Då den store opninga kom midt i eit kaos av smitte og korona sa eg til yngstesonen at eg nok syntest dei kunne ha halde igjen bittelitt ei stund til. Eg måtte smila litt av svaret hans: «Men du må huska på mor at dæ æ andre samfunnshensyn å ta enn hypokonderiske femtiåringar.» Eg innsåg at han hadde eit poeng, og måtte smila litt både av det og av at han var hensynsfull nok til å slå av ti år i aldersanslaget.

Eg må jo seia at dei siste to åra har vore god eksponeringsterapi for skaphypokondarar. Eg må vera ein av landets ivrigste brukarar av heimetestar, men har elles klart meg bra. For å vera heilt ærleg må eg innrømma at eg kjenner det litt når det blir bestemt at koronasjuke barn kan gå på skulen som vanleg dersom dei bare har lette symptom, det kan jo vera at dei som har bestemt det har rett i at barn må få ein så normal kvardag som vanleg.

Og akkurat det synest eg faktisk at me har lukkast i. På skulen lever me det normale livet så langt det kan la seg gjera og eg er veldig imponert over dei eg jobbar saman med som verkeleg står på for at pandemien og stort fråfall av vaksne på jobb ikkje skal gå ut over ungane. Midt i koronabølgja lever me eit nokså normalt og veldig triveleg skuleliv. Fleire av dei eg snakkar med på jobb seier at dei aldri har følt seg så slitne om kveldane som dei gjer akkurat nå, så då får me trøysta kvarandre med at det sikkert bare er heilt normalt etter månadar med litt høge skuldre medan me balanserer våre eigne post- eller pre-koronasymptom så godt me kan. Dette står me i og greier oss faktisk ganske bra.

Då me høyrde om fritidskarantene, at me som lærarar skulle kunna gå på jobb og vera i karantene i fritida, høyrdest litt urimeleg ut då eg høyrde om det første gongen. Nå innser eg at det i grunnen nesten er slik me har levd etter jul. Det har vore velsigna deilig å setja seg i sofaen med eit strikketøy, ein katt og eit fjernsynsprogram når kvelden nærmar seg.

Morgonane og kveldane er blitt merkbart lysare. Snart trengst det ikkje sykkellykt lenger dei morgonane det ikkje er så glatt at sykkelen må bli heime i garasjen medan eg tek beina fatt. Eg har snøklokker i ein blå vase på bordet, og vipa er observert på Jæren allereie. Det blir vår i år og, sjølv om dei som styrar verda raslar med sablane og hissar til krig. Nå held me oss godt fast i alt som godt er, lagar surdeigsbollar som skal stå til heving i åtte timar på kjøkkenbenken og pustar langsamt inn og ut medan lyset kjem tilbake og pandemien går over.

Heidi

Dokumentasjon frå januar – 22

«Han spurte så, han sagde så : Hvor hører du vel hjemme?»

Mange av oss som jobbar med ungar i diverse aldrar kan reinska stemmen vår, kremta betydningsfullt og synga sorgmuntert i kor: «Vi hører hjemme i smitteland, i smitteland, i…»

Akkurat nå er det mykje smitte overalt. Ungane blir smitta, lærarane blir smitta og foreldra deira blir smitta. Heldigvis ser det ut som om nesten alle nå får omikronvarianten og ikkje blir veldig sjuke. Dette er ei gledeleg endring frå for eit år tilbake då me rett nok ikkje hadde smitte på skulen, men heller ingen vaksiner. Skrekkvisjonen frå dei av oss med fantasien på rett plass var då mageleie i kunstig koma med tilkopla respirator …

Brune papirposar, som ein kanskje tidlegare kunne assosiera med bollar eller postkort, har fått ei ny betydning. Nå går me stadig vekk heim med ein eller fleire slike frå arbeidsplassen eller rådhuset, og oppi ligg det hendige små eingongssett til sjølvtesting av virus. Nokre av oss lurer på om stadige roterande testpinnar i nasen til slutt kan forårsaka gnagsår, det vil visa seg.

Eit anna problem til ettertanke er at mange påstår at pinnar i nasen ikkje er ein sikker nok metode, dei bør eigentleg stikkast i halsen. Om dette stridest dei lærde akkurat nå, og nokre av oss ventar spent på svaret, og vurderer å testa halsen og neste gong.

Men visst venner me oss til det meste, og kvardagane går som vante gang sjølv om ein kjend medieperson påstod at me ikkje hadde hatt ein normal kvardag på to år. Dette er gode tider for å trena fleksibilitetsmuskelen sin. Alt kan til ei kvar tid bli omjustert og omdirigert, og for dei av oss som ikkje er så glade i alt for faste timeplanar, kan jo slikt vera spennande. Arbeidsdagane blir til etterkvart som dei kjem, avhengig av kven og kor mange som er sjuke eller i karantene. Fritida blir òg justert frå veke til veke. Denne månaden skulle eg ha reist til Oslo i to ulike anledningar, og begge er utsatt og avlyst.

Men dagane er fine og fulle av innhald, me øver med elevane på ei stor forestilling, og eg hadde nesten gløymt kor kjekt det er å synga gamle songar i lag med skuleklassar der elevane syng av full hals. Det går i Anne Knutsdotter og Håvard Hedde, og det er reint nostalgisk. Så får ein prøva å ikkje tenkja på at nokon kanskje vil hevda at dette ikkje er tida for å synga av full hals. Me har jo fått beskjed om at ungane skal ha det mest mogleg normalt, og det kjennest heilt rett.

I går vakna me til snø og i løpet av morgontimane fekk elevane våre beskjed om at dei kunne ta med rumpebrett i tillegg til varm drikke og varme klede. Her kjem vinteren gjerne om ein dag om gongen, og i går klarte me å gripa han og halda han fast. Det vart aking, snøbbalkrig, englar i snøen og eit forsøk på å få til ei miniatyrsnøborg. I tillegg var det varming av iskalde hender, barn som fraus og ville ha ein klem for å få varmen i seg, oppgliding av glidelåsar i jakkehalsar, justering av pannebånd fordi det var vanskeleg å gjera det sjølv med polvottar på, og opning av drikkemekanismen på gjenstridige drikkeflasker. Eg prøvde å hugda kva for ein lomme av ryggsekken eg hadde lagt antibacflaska i.

Så gjeld det å balansera alt dette mot fritida, for karantenereglane er jo blitt nesten fråverande. Når eg og dotter mi og dei to barnebarna alle er utsette for smitte frå ulike kantar, er det då ekstra farleg å møta kvarandre, eller kan me tenkja at det å møtast ikkje gjer noko frå eller til? Er det uansvarleg å møta venner som ikkje lenger har smitteutsette barn buande heime, og som brukar dagane på jomfruelege heimekontor? Nokre av dei har gamle og sjuke foreldre eller andre nærkontaktar i kategoriar som framleis bør unngå smitte.

Akkurat nå synest at det kjennest litt godt å ikkje møta så mange i helgene og om kveldane, men det er ein balansegang. Eg er i alle fall glad for å ha fått tre vaksinedosar. Då skal ein i teorien og vera mindre smitteførande.

I neste veke skal eg ut å opptre ein kveld om eg framleis testar negativt. I neste månad skal eg kanskje to turar til Oslo, og ha to helgebesøk av langvegsfarande gjester. Framleis kjennest alle prosjekt litt usikre, men det har me blitt flinke til å leva med.

Viss dette står fram som eit sutreinnlegg, så er det ikkje meininga. Det er snarare tenkt som ein dokumentasjon av ei merkeleg tid. Kanskje ein om femti år vil lesa pandemidagbøker med same intetesse som ein les krigsdagbøker i dag?

Fredag er frilansardagen min. Nå høyrer eg livskameraten min kjem heim. Me skal eta nysteikt surdeigsbrød med ost og smør og drikka kaffi. God helg alle saman.

Heidi

La oss dela håpet

Godt nytt år, alle saman. Det trur eg ikkje eg har skrive her endå. Det fine biletet over er laga av ein av elevane i fjerde klasse. Den gruppa som jobbar med teikning/maling og keramikk i kunst-og-handverk-timane starta året med å laga kunstplakatar for å oppmuntra til mykje godt håp for året som kjem. Tanken er at me skal henga opp plakatane i nærmiljøet.

Sjølv er eg full av håp. Her er det jammen nok av både små og store håp å velja mellom. Då bror min kom med nyttårsønske ein stad på nettet ønska han eit år med mykje rausheit. Det heng eg meg på. Måtte me vera rause med kvarandre, og ikkje sjå oss blinde på slikt som eigentleg er detaljar. Måtte me møta kvarandre med nyssgjerrig openheit slik at me kan læra av kvarandre og bli klokare.

I romjula fekk me mykje tid sidan både det eine og det andre måtte avlysast. Ein kveld såg me filmen «Don’t look up», ein satirisk film der ein forskar oppdagar at jorda er i ferd med å bli truffen av ein meteor og kjem til å gå under. I eit parodisk samfunn fullt av fjas og maktkamp er det umogleg å få folk til å lytta slik at katastrofa kanskje kan unngåst. Dette er sjølvsagt ei kunstnarisk tilnærming til å fortelja oss noko om korleis verda taklar den trugande klimakrisa. Eg anbefalar alle å henta fram eit ope sinn og sjå filmen.

Og eg har absolutt håp, både for å finna løysingar for å unngå det verste utfalla av klimakrisa. Eg har håp om at koronakrisa vil løysna grepet, og eg har håp om at menneska kan bli klokare og meir lyttande. Ikkje minst har eg håpet om at me kan stå saman og at me kan lena oss mot ein større tillit som er større enn egoismen vår.

For å uttala meg superpretensiøst sidan årsskiftet tradisjonelt er ei tid for store ord, så siterer eg rett og slett kyrkja sin nattverdliturgi og takkar for at eg kan tru at kjærleiken er sterkare enn døden.

Og tilbake til kvardagslivet. I dag har eg sopt gran-nåler av golva mine, og nå ventar eg på to mormor-jenter som skal vera her i ettermiddag. I følge messenger er dei på veg, så då må eg ta pause frå å leika rikssynsar og profet. Ha ei fin helg, alle saman. Eg oppmuntrar oss alle til å våga å sjå både opp og ned, bakover og framover, og ikkje minst til å sjå dei som står ved sida av oss.

Heidi

Klar for neste kapittel

Så er jula rydda ut av stova, og det nye året har vore her i snart ei veke. Eg har problem med å sleppa taket i det meste, o

g gå vidare.

Som ein kan sjå på biletet, så er eg ikkje minimalist når det gjeld juletrepynt. Det første året me hadde juletre sat me på lille julafta og laga julepynt for å ha nok å pynta med. Det slepp me nå.

Her er det mange minne. For nokre år sidan arva eg ein del av juletrekulene etter bestemor. Eg trur dei kanskje må vera frå femtitalet, og dei knuser viss ein tek litt hardt i dei. Eg har gode minne om då eg var barn og fekk hjelpa bestemor å pakka dei ned då juletreet skulle ut. Først pakka me ei og ei kule inn i appelsinpapir med bilete av dei tre musketerane på. Så vart dei lagde i noko som kanskje var gamle skoøskjer, og så i ein litt kraftigare pappkasse før onkelen min bar kassen forsiktig opp på høgaloftet. Der skulle dei stå i påvente av nye juler.

Litt pynt har me og arva etter svigermor og svigerfar. Då eg var med og rydda etter dei, forstod eg kor sentimentale kjensler dei fleste av oss har rundt jula. For meg som ikkje hadde vakse opp med det vesle lammet som mangla eit fyrstikkbein, pyntekulene med skraper i og den piperøykande julenissen, var det nesten rart å sjå kor høg lista vart for å kasta eller gje vekk noko av det.

Dei første juletrekulene våre vart kjøpte billig på ikea. Etterkvart har me fått mange fine ting i gave, eller er har unna meg litt nye ting når juletreet skal pyntast igjen. Her finst mange minne, englane frå då Sunniva var i Bolivia og pynt eg har fått av venninner og av tidlegare elevar. Det er nesten som å bla i ei minnebok.

Nå er det årlege juletreet vårt, som skal vera eit heilt ekte tre så lenge eg har stemme, så fullt av pynt at det sikkert kunne halde til å pynta fire tre på ein meir sparsommelig måte, men eg liker det slik. Det er nesten litt flautt å fortelja at min til nå einaste kamp innad i soknerådet var å prøva å få dei andre til å bli einige med meg i at me ikkje skulle gå over til kunstig juletre i kyrkja. Eg tapte…

Eg har høyrt at ordet høgtid rett og slett kjem av ordet høg tid, altså tider sin stikk opp som platå og fjelltoppar på ei flat tidslinje. Det gjer meining. Nokre tider er høgare enn andre tider og festar seg lettare til minnet. Kvar gong eg ryddar vekk julepynten lurer eg på korleis det kjem til å vera neste gong me skal feira jul. Kjem me framleis til å vera her alle saman? Korleis kjem tida til å vera då? I fjor hadde eg kanskje ikkje sett for meg ei til koronajul, men slik vart det. Me begynner å venna oss til det. Det følest nesten ikkje surrealistisk lenger å gå rundt mellom menneske som har toppa antrekket med eit blått eller svart munnbind.

Nå går me vidare og takkar for jula som var. Det nye året kjem eg tilbake til seinare.

Heidi.

Romjulshelsing

Jula er ei god tid. Etter det tradisjonelle førjulskappløpet med meg sjølv opnar tida seg for fred og ro og romslege dagar. Eg trivst med det alt saman.

Sånn omtrent lille julaften om kvelden innser eg som vanleg at dette kjem eg ikkje til å rekka. Julaften føremiddag kjem til å bli ein intens etappe for å få i mål det viktigste og ordna slikt eg har gløymt. At juletreet ser kaotisk ut, at vindua ikkje er vaska på innsida og at eg ikkje veit korleis eg skal få plass til alt pynten er eit lite problem. Slikt går seg til. Eg veit frå før av at når jula først er på plass i stova kjem eg helst til å villa ha det slik for evig og alltid.

Så kjem det til eit punkt der ein forsoner seg med situasjonen… Krumkakene fekk eg aldri steikt, og det blir ikkje heimelaga karamellpudding i år. Sølvet får eg ikkje pussa, så gjestene får eta riskrem med teskeier eller spiseskeier i rustfritt stål. Arbeidsromet blir som så ofte før midlertidig katastrofeområde som ikkje kjem til å bli rydda i sjølve jula. Og så får jula bare bli ringt inn. Me er så klare som me kan få blitt…

Første juledag tek eg kjøkkenvakt. Sunniva har alt steikt foccacciabrød og kan ta ein tur med faren sin i det nydelege veret. Klokka fire er det selskap her for næraste familie. Det er koseleg å samlast.

Så opnar dagane seg til små barmhjertige oasar av god tid. Sunniva har gitt oss i julegave at ho skal ordna spennande middag ein dag. Det blir dumplings med gode grønsakar. I tillegg får me nybakt julebrød og brød bakt på surdeig om morgonane. Veret er fint og me går turar med og utan barnevogn. Den eldste småjenta har oppdaga kor kjekt det er å gå i rolle. Ho tar på seg Pippi-parykk og forlangar å få malt frekner i ansiktet. Så får mormor beskjed om å gå inn i stova og seia at me har fått ein uventa gjest. Pippi serverer peparkaker som ho har bakt på golvet i Villa Villekulla, og mormor lovar å kjøpa gullpengar som ho kan ha i den vesle blå pappkofferten neste gong ho kjem på besøk.

Den nye typen julehefte er fine. Herborg Kråkevik laga det første av dei for nokre år sidan. Nå finst det mange. Eg kjøpte eit sjølv fekk eit anna av Leif og fekk eit tredje til jul. Tredje juledag kom tida for å liggja på sofaen og lesa.

Sjakk utan å kunna reglane, strikketøy, filmar og god mat. Vanlegvis ville me hatt treff med venner og storfamilie. I staden blir det rolege dagar og eit visst forbruk av hurtigtestar kvar gong nokon føler seg litt forkjøla eller ekstra trøytte. Det funkar det og. Nå kom prinsesse Elsa på besøk. Ho lurte på om mormor hadde kjøpt inn gullpengar, for Elsa er jo ei prinsesse og treng ein koffert med pengar ho og. Det hadde heldigvis mormor hugsa å ordna.

Heidi

Luke 24- 2021

Me har hatt ei kjempefin julaften. Ingen var i karantene og alle som var tenkt å vera her kunne samlast. Dagen begynte med åtte rundt frokostbordet og Sunniva sitt kjempegode surdeigsjulebrød med smak av nellik og kardemomme. Ute strålte sola. Det var kaldt og klart og til og med kvitt på bakken.

Det sluttar aldri å forundra meg at den føremiddagen som gjekk så utruleg seint når ein var liten går så utruleg fort nå. Me var blant dei heldige som fekk plass på ein av fire gudstenester med plass til 50 personar i kvar.

Me vart ein stor gjeng som hadde gleda oss til å høyra og sjå Iben synga i barnekor på julaften. Slik vart det jo likevel ikkje i år, men ho stod glad og opprømt og venta i julekjole og kåpe då eg og Sunniva kom og henta henne for å ta henne med på gudsteneste. Gudstenesten var kort og fin på tross av at me fekk vera så få der inne om gongen. For oppgira ungar på julaften var det lenge nok å sitja stille, sjølv kunne eg godt ha sitte mykje lenger for å kjenna på roa og høgtida og høyra på fin song og musikk.

Som ved eit under var alt heime ferdig i tide. Tradisjonen tro kom far med ferdig kokt pinnekjøtt som bare skulle inn i ovnen. Maten smakte nydeleg og kvelden vart veldig fin.

Tenk at julaften kom og let seg gjennomføra i år og. Så får me så kva resten av jula og det nye året har å by på. Takk for fylgjet gjenom adventstida, kjære lesarar. Eg håpar alle har hatt ein fin kveld.

Heidi

Luke 23 – desember 2021

Freden har senka seg i stova og jula er veldig rett rundt svingen. Det me har rukke til nå har me rukke, og det me aldri rakk får vera som det er.

Lille julaften pleier å vera ein travel dag, og slik vart det i dag og. Nokre privilegie utan om det vanlege fylgjer med å ha vaksne barn. I dag har eg kome to gonger ril dekka bord. Sunniva serverte nybakt surdeigsbrød til frokost laga på surdeig ho hadde med seg frå kjøkkenet sitt i Oslo. Halvard laga kvit pizza med trøffelolje, salami, sylta raudløk, sjampinjong , og ruccola med riven parmesan over til middag. Begge deler smakte kjempegodt.

Leif og eg, og eg og Sunniva, har vore på to små rundar for å dela ut julehelsingar. Normalt ville me gått inn litt hos dei me besøkte, men i dag stod me flinkt på god avstand og prøvde så godt me kunne å ikkje smitta nokon, sjølv om me så vidt me veit ikkje smittar.

Vår nye venn, munnbindet, er aldri langt borte. Då me handla lefser og gode grønsaker på Skjæveland gardsutsal fekk ei linje frå ein av barndomens julesonger nytt innhald: «… og feste maska før vi banke på…» song det i hovudet då eg såg den eine etter den andre av glade kundar koma ut av bildøra og stoppa litt for å ta på munnbindet. Det er mykje som får ny meining med tida.

Nå er det på tide å ta kvelden. Morgondagen ventar snart.

Heidi

Luke 22-2021

Årets beste julegave fekk eg nok i dag morges då hurtigtesten eg skulle ta for å sjekka meg ut av skulesmitten var negativ. Det var et stor lette å kunna tenkja at nå kan jula gjennomførast omtrent som tenkt. Eg er glad og heldig. Eg veit om folk som må feira jul i isolasjon pga smitte, og veit at det kan skje kven som helst. Eg skal til og med innrømma at når ein av mobilane våre ringer på uventa tidspunkt, så er den første tanken som streifar meg at det kan vera smittesporarar.

Me er einige om at tida er inne til å snakka om andre ting. Ikkje eit koronarelatert ord til i dag, vart me einige om. Ingen av oss har vel klart det heilt, men me synest det er eit prisverdig prosjekt.

Eg har passa minstejenta heime hos Ingrid og Oddvar for at mamma skulle få ein liten pause til å gjera andre ting. Det var fredeleg å setja seg ned i eit ferdig julepynta hus mens gullungen sov. Her heime var det meste framleis ikkje heilt i boks.

Då eg kom heim hadde Leif og Halvard fått treet på fot med lysa på. Treet var så fint at det såg nesten ikkje ut som om det høyrde heime hos oss. Våre tre har ofte sett ut som om dei er utplukka etter prinsippet «tre det er litt synd på fordi ingen kjem til å kjøpa dei viss ikkje me gjer det.»

Mens treet vart pynta dukka barnebarna og foreldre opp, så eldstejenta fekk hjelpa til litt. Det er noko av det gildaste eg veit når stova fylles opp av nesten alle mine. Det vart trekt kaffi, som til og med eg måtte innrømma vart alt for sterk, og Iben fekk servera peparkaker og kakemenn me bakte i helga.

Sunniva laga middag, og eg prøvde å finna plass til alle englane rundt i stova. Framleis er eg usikker på kor stallen til julekrybba er, og kor eg har lagt adventstjernene som skulle vore opphengde for fire veker sidan.

Kvelden vart brukt til å laga risbollar og pakka inn dei siste gavane. Eg og Halvard har sett på Beatlesdokumentaren som vart innspelt i samband med eit prosjekt og aldri blitt ferdigstilt før nå. Veldig interessant, gler meg til å sjå vidare. Nå skal eg bare få risbollane i boksen, så skal eg finna meg noko boksliknande å krypa ned i eg og.

Heidi

Luke 21- desember 2021

Nå er juleferien her. Eg feirer med å sovna heile tida her eg sit framfor fjernsynet med Leif og Sunniva og prøver å sjå ein julefilm. Kveldane har blitt alt for seine den siste veka, det har vore så mykje nødvendig og koseleg eg har måtta ordna.

Sunniva og Halvard er vel heime begge to, eg er glad for at dei har kome seg så langt. I desse rare tidene kan ein ikkje ta noko for gitt. Eg føler at me alle, ikkje minst fordi me er sju lærarar i den aller næraste familien, balanserer dagleg på ein knivsodd og risikerer å vera neste mann som blir smitta eller havnar i karantene. Heldigvis treng me ikkje lenger å vera fullt så redde som før verken for å bli smitta, sjuk eller å smitta andre.

Eit par dagar med heimeskule har eigentleg vore ganske fint. Sidan me er ganske mange vaksne på trinnet, har me gode sjansar til å følgja dei ganske godt opp mens dei jobbar. Eg trur faktisk ein del av dei opplever å få meir vaksenkontakt enn dei gjer i klasseromet.

Det dei fekk av undervisning i dag var plan C. Plan A var nissefest inne på skulen, plan B var utedag med kakao, peparkaker og eit lite songoppdrag, og så måtte me jammen til å tråkla saman ein plan C i går. Det er første gongen eg har vore med på ein digital juleavslutning, men det fungerte godt. Dei aller fleste jobba som heltar og måtte minnast på å ta matpause. Me får håpa det snart blir normal skule igjen, men det er ganske fascinerande å sjå kva det går an å få til nå når alle elevane er vane med å bruka ipad. Kva skulle me gjort om me vart kasta ut i heimeskule for ti år sidan?

I morgon ventar mange koselege gjeremål, litt baking, litt pynting og rydding, litt barnevakt og ferdigstilling av eit par presangar. Eg rett og slett liker «styret rundt jul» og synest det er kjempekoseleg. Utfordringa er bare å ha litt krefter igjen når julaften kjem.

Ha ein god siste innspurt før jul, alle saman. Det er viktig at me tek oss tid til å sjå kvarandre. Det er faktisk viktigare enn det meste av alt det andre.

Heidi