
Veret var nydeleg, så det hadde vore ein fin dag for uteaktivitet, grilling og forteljing rundt bålpanna som me eigentleg hadde planlagd. Nå ville det seg ikkje slik denne gongen.
Det å gå over på heimeskule var mykje lettare enn sist, for nå har me jo gjort ein del erfaringar. Når me bare kom i gang glei det veldig fint. Nå ha eg fått gjort ferdig litt julegavar og pakka inn mykje som vart kjøpt utan ekstra papir. Tida går alt for fort nå før jul. Auga dett igjen. Eg må koma meg i seng. I morgon får me ferie.
Heidi

For nokså nøyaktig eit år sidan, sat eg på arbeidsromet her heime med heftige hosteanfall og venta på svaret på ein koronatest. Då ungane kom heim frå Oslo sat mor med munnbind i andre enden av stova og venta framleis på svar. Eg var veldig redd for å ha smitta kolleger og elevar slik at dei skulle måtta feira jul i karantene.
Heldigvis var svaret på testen negativt, og det blei jul i stova. Den gongen såg eg ikkje for meg i min villaste fantasi at noko slikt skulle gjenta seg neste gong det vart jul.
For å gjera ein lang historie kort… Smittesituasjonen tilseier at nokre av trinna på skulen, mellom anna mitt, skal ha heimeskule på måndag og tysdag. Eg har teke ein negativ hurtigtest i dag og tenkjer at då kan eg med høg dannsynlegheit ikkje ha smitta barnebarn på overnattingsbesøk, familie som eg drakk adventkaffi med, eller vennene som åt kveldsmat hos oss i kveld.
Det er eg takknemleg for. Eg har hatt ein lang og fin sundag som ikkje har blitt kasta vekk på soving. Dei små overnattingsgjestene sov seg fredeleg gjennom natta, men såg ingen grunn til å drøya morgonen unødig lenge. Ti på halv seks stod me opp eg og jentene, og jammen kom ikkje morfaren tuslande grytidleg han og. Det er ikkje kvar sundag me er frokost halv sju eller startar på peparkakebaksten i nitida om morgonen.
Eldstejenta har kome i den fasen at ho lagar linjer på eit ark, fyller linjene med bokstavar og ber mormor lesa kva ho har skrive. Det er ein fryd for henne å oppdaga at ho kan skriva noko som kan lesast. Etter å ha lese høgt eit til dette ukjend åttelydsord, spør eg kva ho trur det ordet kan bety. Løysingsorientert som ho er fortel ho raskt at det er jo namnet til lillesøster til Karill… Det namnet kan ein jo ha behov for både å kunna lesa og skriva…
Lillesyster stabbar rundt på to framleis litt ustø bein og trener seg på å halda balansen. Ho øver og iherdig på førstelinja i same songen som i går: Bæ, bæ liela… Melodien er klokkeklar, men teksten er det ikkje heilt lett å få tak på. Det er fascinerande å sjå korleis lysta til å læra nye ting ser ut til å sitja djupt planta i barn. Som me song med Liv Godin på Ålgård skule på begynnelsen av 70-talet: «Øve, øve jevnt og trutt og tappert det er tingen, alltid bedre om og om og om igjen»
Eg ser for meg korleis Liv Godin midt i ein heilt annan time, for eksempel ein handarbeidstime, spontant kunne stilla elevane opp som eit songkor, og med stor entusiasme dirigera songen på sin særeigne måte.
Mange av lærarane frå skulegangen min har eg på repeat i minnet, og eg kan endå høyra for meg ting dei sa og gjorde både med ord, intonasjon, kroppsspråk og bevegelsar. Det er i beste fall litt rart å tenkja på at folk på Bryne kan leva med ting eg har sagt og gjort som lærar djupt forankra som ein film i minnet. Samtidig er det viktig at me, og ikkje bare dei av oss som er lærarar, hugsar at me stadig går rundt og lagar avtrykk i kvarandre sine mentale minnebøker
Måtte me gjera det med klokskap.
Heidi

Som alle veit er fotografering av barn som baker peparkaker eller vestlandske kakemenn obligatorisk dokumentering av førjul i heimen… Så her kjem mitt bilete. Barnehender er forresten noko som i seg sjølv kan gjera meg lettare sentimental, så då er lista for innlegget lagt.
Eldstejenta hadde alt både bakt og pynta peparkaker i dag mens lillesyster sov, så me tok fram den lyse deigen her. Den eldste sa at mamma trudde lillesyster var for lita til å baka, men me to fann ut at sidan ho var her og var vaken fekk ho få ein sjanse. Eittåringen var faktisk imponerande delaktig. Ho gjorde ivrige forsøk på å trykkja ut kaker med eigne hender og laga dyrelyder til både lam og bjørn som vart trykte ut. Song gjorde ho og. «Bæ, bæ, liela». Begge to var ganske tålmodige, så me kom over halvvegs i den doble porsjonen med deig før det var på tide å gjera noko anna.
Eg hadde tenkt at me kanskje kunne julepynta litt i huset, men fireåringen såg ut til å ha mest lyst til å bare slappa av og kosa seg. Me har lese om Ludde, Albert Åberg og Mummitrollet som feirar jul. Så har me sett på Jul i svingen, leika litt med dokker og ete litt lørdagsgodt. Risgrøten me hadde kjøpt inn hadde ho ikkje så lyst på likevel, så det vart fiskepinnar i staden. Eg ser at det kan vera ei grense for peparkaker og risgrøt i desse tider for dei som er fire år og.
Minstejenta stabbar meir og meir rundt på eigne bein sjølv om det framleis går fortare og er tryggare å hurtigkrabba seg fram. Ho er ei lita kosejente som er glad i både bæring og fang. Det seiest at kattar, hundar og strikketøy får blodtrykket på stressa personar til å gå ned. Fornøgde barn på fanget må vel toppa den formen for statistikk, sjølv om eg har mistanke om at illsinte hylande barn kan ha veldig motsatt effekt.
Til mi overrasking så la begge seg heilt utan protestar og har sove søtt sidan då. Eg veit av erfaring at plutseleg vaknar dei og er klare for fest og basar eller for ein veldig grytidleg start på dagen. I slike tilfelle angrar eg alltid på at eg ikkje hadde vett til å leggja meg grytidleg kvelden før… Det kan det henda eg gjer i natt og…
Men før eg koplar meg frå her må eg skunda meg å seia at barnebarn er det finaste eg veit.
Heidi/ mormor

I dag passa det godt å ha ein frifredag etter eit par veldig travle veker. Eg hadde ei oppleving av å springa litt bak meg sjølv med alt eg gjerne vil ha ordna før jul. Eg minner meg sjølv om at til meg å vera så er det heilt normalt. Samanlikna med meg sjølv trur eg at eg i grunnen er i rute. Eg seier med Tønes: “Det ekkje adle så koga likt. “
Eg har brukt dagen til å laga litt julegavar, gjera klar for litt baking og strikka litt på det siste julegaveprosjektet. Eg har kost meg veldig med juleaktivitetar akkompagnert av P2. Det blir lett lange kvelder for å rekka det eg skal, men det er noko av det koselegaste eg veit, så meg er det ikkje synd på.
Ein liten jentetur vart det og tid til midt på dagen. Eg og Ingrid til med oss Iben på litt julehandel. Ho gjekk som ei lita sol mellom alle dei travle vaksne med munnbind og ville gjerne stoppa for å observera nissar som rørte på seg og for å studera fristande leiker i leikebutikken. Ho fekk lov til å kjøpa to par dokkesko som dokkene skal få til jul. Ho kunne betru meg at både Karill og dei andre dokkene ønska seg så mange dyre ting til jul at ho hadde måtta seia nei til både det eine og det andre…
I morgon kjem begge jentene på overnatting. Iben seier at ho gal-gledar seg. Me skal leika og pynta og baka peparkaker. Nå får eg skunda meg å ta kvelden slik at dei kan møta ei opplagd mormor når det brakar laus.
Heidi

Bak denne luka skjulte det seg ei sprøyte. Eg har fått eit nytt forhold til sprøyter i løpet av det siste året. Å få nåla i overarmen følest nesten som å kryssa ei slags etterlengta mål-linje.
Dei to første sprøytene fekk eg i Vardheia. I dag var staden Timehallen. Då avtalen nærma seg, kom eg på at eg hadde gløymt å ha med det munnbindet som eg hadde fått streng beskjed om å ha med då eg fekk bekrefting av timeavtale. Hadde nokon på arbeidsromet med seg eit munnbind? Ikkje det, nei? Me brukar jo ikkje slikt på jobb…
Dei hadde ikkje nede i skuleadministrasjonen heller, så eg la sykkelturen om Kiwi. Der var dei heilt utselde. Eg fekk satsa på at eg fekk tigga til meg eit på vaksinasjonsstaden. Det var heldigvis ikkje noko problem. Det er litt komisk at det butikkane går tome for før jul er munnbind og eingongstestar. Nå kan me bare gløyma folkeopprøret rundt smørkrisa for nokre år sidan… Her kunne det frista med den tørre kommentaren «Jommen sa dei smør…» , men det skal eg spara oss alle for.
Me jærbuar begynner viss å bli vane med massevaksinasjonar. Første gongen eg var med på det sat folk litt rastlause på kvar sin isolerte stol og trykte litt nervøst på mobilane sine. I dag var det både lått og høglytt samtale i ventelokalet. «Nå nå me æ stappfodle av vaksina å konne vore mæ på alt, så he di stengt heilt ner», var ein av replikkane eg overhøyrde.
Det blir eit slags rart samhald av folk i same båt, nesten som å få straumstans på ei eller anna fjellvidde når ein er på ein lang togtur. Eller det kunne minna om den desemberdagen i 2013 me måtte vassa til livet i snø for å koma på jobb. Eg hugsar til og med at dei av oss som kom seg heilt fram åt komler på heimkunnskapen då me hadde send ungane heim. Kven som stod for kokekunsten har eg gløymt, men eg hugsar at det var koseleg på ein heilt eigenarta måte.
Heilt tidspunktadekvat så er me lærarar ganske trøytte når jula nærmar seg såpass som ho gjer nå. Obligatoriske juleaktivitetar har me snart lagt bak oss, og alle begynner å bli klare for ferie… I dag presterte eg fleire gonger å seia feil namn på elevar, og eg gjekk meg vill i ei hoderekningsoppgåve eg hadde gitt elevane. Heldigvis var nokre av dei kvikkare i tankane enn meg, så me fann svaret til slutt. Eg forklarte at nå var me på gult nivå igjen, så me måtte hugsa å vaska hendene godt og vaska pultane før me åt. Då eg var nesten ferdig med å spruta såpevatn på alle pultane sa ei jente. «Men Heidi, me treng vel ikkje å bruka antibac?» Eg hadde tatt feil flaske.
Me lærarar er nok litt kollektivt redde for karantener i jula sjølv om me ikkje snakkar til elevane om det. Det er jo litt rart å høyra og lesa alt som blir skrive om å halda avstand, bruka munnbind og ha heimekontor. Me er jo ei yrkesgruppe som lever og leverer litt alternativt i tider som dette. Så langt har det gått bra. Karantene i julehelga skal me nok og ta på strak arm om det trengst. Det skal likevel ikkje leggjast skjul på at dei fleste av oss som jobbar i skule og barnehage og har veldig lyst til å kunna feira ei bortimot normal jul i lag med familiane våre.
Elles så er det kanskje litt rørande å lesa at me er så viktige at me bør sleppa karantene når me er nærkontaktar i jobbsamanheng. Det sjarmerande ordet «fritidskatantene» har eg og nettopp lært meg. Det betyr at me er ønska på jobb, men utanom arbeidstida er me i karantene. Det er ikkje fritt for at det nesten dagleg dukkar opp tankar i hovudet mitt om gode idear til revyinnslag…
Men, men. «We shall overcome…» Denne gongen og. Snart er det juleferie. Ein stor takk til alle flinke folk som gjer massevaksinering mogleg siste veka før jul. Det kan ikkje ha vore få «vaksinandar» som var innom Timehallen for å blotta aksla si i dag.
Heidi
Luka

I dag var heile skuledagen juleverkstad bare avbrote av vakt i matfriminuttet. Elevana laga klesklype-englar, reinsdyrkrukker og ullenglar, og dei malte nissar, juletre og snømenn me laga av keramikk i november, og som heldigvis tørka godt nok til at me fekk brend det i begynnelsen av veka.
Juleverkstad er kjekt, intenst og noko av det travlaste ein kan driva på med. For nokre elevar er heilt vanlege skuledagar nok det aller beste, men for andre er det fantastisk å få bruka ein heil dag bare på å bruka fantasien og hendene.
Då eg gjekk på skulen, var eg alltid glad når oppgåvene var så pass romslege at eg kunne få lov til å gjera det litt på min eigen måte. Derfor prøver eg alltid å gi elevane ein sjanse til å prøva ut eigne idear. Englane vart kjempefine, både den grøne og dei som gjekk mest i kvitt.
Heidi

Eg går ut frå at eg ikkje er den einaste som driv med intens indre dialog om både det eine og det andre.
I dag trur eg rett og slett eg byr litt på meg sjølv…
Eg:
Det kan då ikkje vera morgon alt? Eg er så usannsynleg trøytt.
Meg:
Å vera trøytt er ein nokså sannsynleg konsekvens av å sitja oppe og jobba til langt på natt…
Eg:
Eg trur jammen at eg er litt sår i halsen.
Meg:
Sånn kjennest det nesten alltid i halsen når du vaknar.
Eg:
Men tenk om eg er koronasmitta og går på jobb utan å forstå at eg er smitta? Så blir eg ein sånn supersmittar som smittar alle på jobb slik at 60 ungar og 10 vaksne må vera i karantene på julaften på grunn av meg.
Meg:
Skjerp deg.
Eg:
Eg burde kanskje ta ein hurtigtest?
Meg:
Har du ikkje fått med deg at det er mangel på hurtigtestar i landet vårt? Spar dei testane me har liggjande til nokon faktisk får symptom.
Eg:
Viss ein kjenner at ein burde ta ein hurtigtest bør ein ta han.
Meg:
Du tok to i sist veke, dette er reint hypokonderi.
Eg:
Då venter eg litt og ser, men tenk om eg vurderer feil
Meg:
Det gjer du ikkje.
…
Same ettermiddag:
Eg:
Nå kjem gjestene snart. Plutseleg kan ein av oss vera smitta og smitta dei andre. Eg som går oppi ungar heile tida burde kanskje forstått at dette ikkje er tida for å ha gjester.
Meg:
Skjerp deg. Her er god plass til å halda meteren.
Eg:
Eg som vassar i potensiell smitte burde sikkert ta ein hurtigtest for ikkje å smitta gjestene mine. Tenk om dei blir veldig sjuke. Eg har jo nokre testar liggjande. Viss eg burde ha tatt ein vil eg angra resten av livet for at eg ikkje gjorde det dersom nokon blir alvorleg sjuke.
Meg:
Skjerp deg.
Eg:
Testen ser heldigvis ut til å vera negativ denne gongen og. Takk og lov. Men det hender at slike testar viser feil.
Meg:
Skjerp deg.
Eg:
Du har rett…
***
Så kom pressekonferansen i går kveld. Det viste seg å vera nokså harde tiltak, men skulen blir omtrent som vanleg og det blir ikkje tidlegare juleferie. Eg forstår at barn og unge skal skånast for unntakstilstandar, og at foreldre må senda barna til skulen for å kunna gå på jobb sjølv. Eg kjenner likevel at det kan kreva si dame å stå i frontlinja og trøysta barn med rennande snue og hoste. Plutseleg hugsa eg med heile kroppen kor ubehageleg eg kunne synast det var i fjor at me gjekk der uvaksinerte utan vernetiltak medan resten av verda var på heimekontor.
Plutseleg gjekk det opp for meg at eg ikkje treng å venta så lenge før eg får 3. dose. I staden for å venta i seks månadar eller fem månadar treng ein nå bare å venta i fire og ein halv månad. Litt teljing på fingrane fekk det til å gå opp for meg at fire og ein halv månad er omtrent akkurat nå. Plutseleg hadde eg logga meg inn og fått avtale om vaksinering torsdag klokka kvart over tre. Tanken på at eg burde takka nei til tredje dose fordi det finst så mange i verda som treng han betre enn meg forsvann i utsikten til å på ny bli erklært å ha god beskyttelse framover. Ein jobbar tross alt med ungar, det finaste me har i dette samfunnet. Då er det best å halda seg best mogleg beskytta. På veg heim for å ha forening sykla eg innom butikken for å handla med meg diverse. På den første avisframsida som lyste mot meg stod det med krigstypar: » Tre vaksinedoser er ikkje nok».
Og visst er me svake for laussalsavisene sine overskrifter om «dødsflått» og «mordarveps», om quizzar som avslører «kor sannsynleg det er at du kjem til å døy av hjarteinfarkt det komande året» eller om faren for at «det blir for lite juleribbe eller meirismør i år». Det gjeld bare å halda tungene sånn nokonlunde rett i munnen…
Ein varm tanke med håpet om at me alle kjem fram til juleferien utan korona eller karantene. Og ein varm tanke for at me klarer å bevara sjølvironien. Då har me alltid noko å le av.
Helsing ho som kikkar ut frå skapet og erkjenner sin nye trong til å ta daglege hurtigtestar i smug…
I minnebøkene frå «for veldig lenge sidan», hende det at folk skreiv: «Lev i håpet som katten i skåpet!» Det er då eit knakande godt livsmotto.
Heidi

Svart senker natten seg i stall og stuer
solen har gått sin veg
skyggene truer…
Etter ein lengre periode med fint ver og sol, regna det i dag morges. Så synd tenkte me, og lurte på om det ville leggja ein alvorleg dempar på programmet for dagen, det gjorde det ikkje.
Etter lystenning, opning av adventskalender, litt øving på songane og forteljinga om Santa Lucia, tredde ungane på seg kvite T-skjorter over dressar, regntøy og ytterjakkar. På ei tralle drog me med oss ein sound-blaster med musikken vår. Då me nærma oss målet fekk alle delt ut kvar sitt led-lys og den eine adventkransen fekk gjera jobben som Luciakrone.
Me fekk koma inn i hagen på Sivdamsenteret, den hagen som er slik at ulike avdelingar har daglegstove og hagedør ut mot fellesarealet. Der starta me musikken og instruerte dei til å synga høgt og tydeleg. Dørene var sette på gløtt, men bebuarane måtte vera inne, og det hadde jo vore fint viss dei høyrde oss. Barna stod tett inntil daglegstova med ansikta inn mot dei som sat der og så song dei av full hals.
Santa Lucia og Luciasongen frå «Jul i svingen». Dei song «… jorden var aldri helt forlatt, en stjerne skinner i natt» og «For, vi tenner våre lykter når det mørkner, og når alle lyder pakkes inn i vatt, ja vi tenner våre lykter når det mørkner, kanskje lyser de til kvelden sier god natt». Eg stod og såg på og song med så godt eg kunne. Eg såg ansikta til dei som song og at auga deira funkla i det grå morgonlyset. Så såg eg på ansikta på andre sida av glaset. Nokre av dei hadde tindrande glade barneblikk dei og. Eg såg på kollegene mine som song saman med barna og at fleire av dei, akkurat som eg, hadde tåreblanke blikk og fekk problem med å synga fordi dei plutseleg var så rørde.
Noko av det fine med å vera lærar er at plutseleg så opnar tida seg og det skjer noko magisk. Akkurat det skjedde der og då. Eg såg på dei sprell levande ungane våre som er barn akkurat nå, og på dei på den andre sida av glaset som var barn for ikkje så frykteleg lenge sidan sett i det store tidsperspektivet.
Blikka møtte kvarandre, morgonen songen og dei elektriske lysa vart noko som løfta oss alle litt ut av tida og kvardagen.
Tre gonger song me i hagen framfor ulike daglegstovedører, så drog me tralla med musikkmaskinen med oss opp igjen for å finna fram matpakkar, skulebøker og symjetøy. På vegen opp snakka nokre av oss vaksne at det hadde vore fint å koma tilbake før 17. mai eller før sommarferien for å synga sommarsongar. Det var ein tanke det var fint å halda seg fast i.
Heidi

I dag gjekk eg og Torun tur langs Orrestranda. Lyset var så utruleg fint i dag, og, nesten pastellfarga og skjørt og intenst på same tida. Slikt lys er det bare om vinteren.
Me fekk med oss ei fin og roleg gudsteneste på 3. sundagen i advent. Nattverdutdelerane hadde på seg munnbind, og eg tenkte tanken at det er mykje me nesten har vend oss til. Sist gong eg såg det syntest eg at prest med prestekjole, nattverdbrød i hendene og munnbind var eit så surrealistisk syn at eg vart heilt satt ut av humor og forundring.
Me har skrive årets julebrev. Eg merker meg at det blir færre og færre av dei for kvart år som går, men eg synest det er ein koseleg skikk som eg har lyst til at me skal halda på. Så har eg bakt to fruktkaker som skal få liggja innepakka i kjøleskapet og godgjera seg fram til jul. Nå vurderer eg om eg skal gå ein tur innom skulen, noko eg nesten aldri gjer i helgene, men eg trur det ligg noko der som eg leiter etter.
Då eg skreiv julebrevet kom eg på diktet under. Det omfattar noko av det eg har mest lyst til å vidareformidla akkurat nå, så her kjem det på bloggen og.
Glea
Men så ein dag, ein mørkdemd dag,
hende dæ se at Vaorherre kom gangande
å spørde kå dæ sto te.
Jau, takk, sa e, mæ me æ dæ berre bra,
men da e så mykje gale ute i værn
at dæ mest blir so ei sønd å væra glad.
Dau smilte Vaorherre so dæ klaorna øve
adle berg, å sa at sopass sterk lyt`n væra
att`n tåre løfta glea
so ett ljøs her i værn.
Dæ va slek ho va teinkt, sa`n
Kari Bakke
Ta vare på gleda, på jorda og på kvarandre. 😉
Heidi

Det var så nydeleg lys ute i ettermiddag. Eg og Torun gjekk tur langs Frøylandsvatnet og måtte stansa fleire gonger for å prøva å fanga lyset på eit bilete.

Eg klarte det ikkje heilt men bileta får likevel fram litt av dei glasaktige, nesten litt sprø nyansane like før blåtimen er her på alvor.
Dagen har vore fin med mykje samver med gode venninner. Me har vore på kafé i føremiddag og i kveldinga møttest me hos meg og prøvde å halda meteren medan me brant masse stearinlys, fyrde hardt i peisen, åt rømmegrøt og spekemat, snakka, snakka, snakka, lo og snakka endå meir.
Eit klokt menneske har sagt at det viktigste tiltaket for god kvinnehelse er venninnegjengen. Eg trur på den teorien.
Heidi
