
Eg får ikkje bestemt meg for om eg skal skriva at nettene blir lange eller at nettene blir korte når eg kjem meg alt for seint i seng… Resultatet kan i alle tilfelle bli litt for lite søvn. I kveld kan eg rapportera om at eg og Leif har vore ute og gått med isbroddar på skoa. Eg er imponert over kor effektive dei var. Astrid melde at vegen opp til dei var forferdeleg bratt, og det var absolutt ikkje overdrive. Eg følte meg nesten som ho i eventyret som måtte klatra opp glassberget medan me manøvrerte målretta oppover den islagde vegen.
Planen denne helga var å samla ein gjeng venninner frå lærarskulen her på Bryne, men på grunn av koronasituasjonen vart det bare Torun som kom til meg og Astrid her på Bryne. Me tok derfor med oss dei av mennene våre som var tilgjengelege og hadde ein kjempekoseleg kveld her på Bryne. Arrangementet held fram i morgon.
Elles har me vore i gravferd i dag. Me fekk vera med på å ta farvel med mor til Inger i Høylandkyrkja. Sermonien var varm og vakker.
Det var første gong eg var i gravferd med munnbind på. Munnbind er framleis noko som gjer meg ein litt surrealistisk følelse både å bruka og sjå i bruk, men det er merkeleg kor fort me venner oss til det som i utgangspunktet virkar heilt unaturleg.
Veret er framleis vakkert og kaldt og det er framleis til dels speilglatt. I løpet av nokre dagar trur eg det blir mildver og regn og omtrent slik me pleier å ha det her.
Råd til meg sjølv til jula skal ryddast vekk: Ikkje la adventpynten liggja i botnen av dei store julepyntkassane. Det blir så tungvint dt.
Heidi

I dag skulle me på tur og hadde flaks med to ting. Vêret var bra og på kunstisbanen på torget var det ingen barn frå andre skular eller barnehagar. Det betydde at me kunne la ein og ein klasse kosa seg der med ganske god plass mens dei andre klassane hadde utemåltid med varm kakao eller var på bybingo det dei skulle finna skilt, bygningar og skulpturar og kryssa av på eit ark. Fasiten var alle barna glade og uskadde tilbake på skulen og ein stykk lilla vott tapt i Mølledammen.
Sjølv stod eg over skøytinga, men takka vera ei fantastisk ordning med frilagerutlån her på Bryne, fekk alle som ikkje hadde skøyter låna gratis. Hatten av for alle frivillige som gjer slikt mogleg.
Sjølv om eg stod over skøyter på eigne bein så fekk eg tydelegvis trimma muskulaturen i ryggen gjennom å snøra, stramma og knyta skøyter fast på eit høgt antall barneføter. Både frilageret og skøytebanen er eit supert tiltak for å få fysisk aktive barn vinterstid.
Eg var så heldig å få ei melding frå Oddvar som spontant inviterte på middag. Herleg å gå rett frå jobb til ferdig middag med barnebarna og foreldra deira. Så kunne ne bidra med litt barnepass etterpå. Koronabarnet som var skjerma for smitte heile det første leveåret held nå truleg på å byggja opp eit immunforsvar ved å suga til seg alt av smitte som går forbi. Det er forresten ikkje heilt sant, korona har me så langt gått frie alle saman, bank i bordet.
Om invitasjonen var kjempekoseleg, så var vegen ned til huset der middagen vart servert livsfarleg. Blank stålis i store parti, etter fleire nesten-fall fann eg ut at det virka tryggare å kryssa vegen. Dette førte til at eg plutseleg låg midt i bakken på hender og kne. Heldigvis hadde eg ikkje publikum, for eg hadde nok vore til stor underhaldning det eg låg med lue og boblekåpe og med ryggsekk på ryggen… Det verste var at eg ikkje på noko vis fann fotfeste det eg låg, så eg måtte krypa over til den andre sida, framleis med ryggsekk på ryggen…
Heldigvis slapp eg unna med eit slikt skrubbsår på kneet av den typen me alltid fekk om sommaren då me var i sjuårsalderen. Eg klamra meg til gjerder og tre til eg var vel nede, og klarte ikkje å la vera å le av meg sjølv. Eg må nok alvorleg vurdera å finna fram broddane som har ligge nesten ubrukte i mange år, men eg er litt usikker på om dei ville ha vore til hjelp på akkurat det føret…
Men nå skal det viss bli regn og mildver. Det har sine fordelar det og.
Heidi

Til ære for vinterveret me har hatt den siste veka får eg bidra med litt meir barnekunst. Oppgåva kalla eg «Snøstorm» eller på godt jærsk «Rennedrev». Det er ikkje heilt det same naturfenomenet, rennedrev er fort hakket våtare enn ein snøstorm… Dette er ein variant av oppgåva der ansikt teikna med oljekritt får hår ved hjelp av vannfargar og sugerøyr.
Formingslæraren i meg kryssar fingrane for at keramikknissane me laga for ei veke sidan er klare til brenning om ei veke slik at me kan få brend dei og malt på detaljar med hobbylakk før jul.

Og sånn ser «nestenkvit» jul ut på Bryne. Ganske idyllisk og mykje glattare enn det ser ut til å vera. Ikkje vågar eg å sykla og ikkje vågar eg meg ut med bil. I dag klarte eg å detta i eit ekstra glatt parti på veg heim. Heldigvis gjekk det bra… Kanskje det blir broddar neste?
I morgon skal me ta med elevane på tur, me skal eta matpakken i skogen og kosa oss på skøyter på kunstisbanen på torget om alt går bra. Det kan nok bli ein kald fornøyelse. Får håpa alle hugsar ytterbukse, stillongs, lue og vottar…
I følge det som blir sagt så kan det bli mangel på hurtigtestar her i landet, så dei bør nok brukast med andakt og ettertanke. Eg hadde tenkt å spara dei me har i huset, men så dukka den smånevrotiske tvangstanken frå i fjor opp om kor ille det hadde vore å smitta alle eg kjenner med korona før jul. Om ein kjenner godt etter kan vel fleire enn meg kjenna på kløe i halsen og ein litt trøytt kropp etter lange arbeidsdagar. Og var eg ikkje innom episenteret for ein viss ny mutasjon nå i helga? … Heldigvis var testen negativ i ettermiddag og, så då har eg nok ikkje smitta nokon i dag heller…
Måtte me få klokskap nok til å takla desse rare tidene på gode og konstruktive måtar. Denne pandemien minner oss om kor sårbare me rett og slett er på meir enn ein måte. På sundag kan eg synga den «gamle adventssalmen min mens eg tenner tre lys:
Tre lys er tend for gode ting,
for kjærleik glede fred,
mens jorda dansar villt i ring
og me må fylgja med…
For det er jo faktisk det me må, klora oss godt fast, smila oppmuntrande til kvarandre og opna oss så godt me kan for gleda, freden og kjærleiken.
Heidi

Tysdag er langdagen min. Då er eg bokstaveleg talt på jobb frå morgon til kveld, først undervisning på fjerde trinn, så pedagogisk utviklingsarbeid og til slutt undervisning i kulturskulen. Det går bra ein dag i veka.




I dag har me hatt adventsstund og mellom anna laga marsipanfigurar. Leiinga baud på lunsj i matpausen med ferskt brød og godt pålegg. Det er omtrent det som skal til for å løfta ein gjeng lærarar ut av kvardagsrutinane.
Me
Me har vore på nettkurs med statped i ADHD, Asperger syndrom og relaterte diagnosar, det er alltid greitt med fagleg påfyll frå ekspertisen.

På skapande skriving feira me siste gongen i semesteret med gløgg, peparkaker og klementiner. Til mi overrasking hadde ingen av dei smakt gløgg før.
Nå har eg brukt kvelden til å få med pressekonferransen frå tidlegare i kveld. Me er nok mange som er kjempeleie av korona, men for min del er eg mest glad for at dei tar grep når situasjonen er som han er. Me får nynna på den gamle songen We shall overcome og satsa på lys i andre enden av tunnelen. Få timar før nedstengningane fekk eg endeleg kjøpt billettar til ein konsert eg lenge har hatt lyst til å gå på. Nå spørst det vel om det blir konsertar i desember. Me får sjå kva som skjer.
Eg er ferdig med å laga eit opplegg i krle om gamle juletradisjonar. Då eg skulle forklara dei forskjellen på opphavet til julenissen og fjøsnissen spurde barna : men kva med blånissar, grånissar, svartnissar og rampenissar. Då forstod eg verkeleg at juletradisjonar og juleinnhald ikkje er statisk. Det forandrar seg heile tida, akkurat som språket…
Heidi

Dagens kunstverk er laga til meg av Iben som nettopp fylde fire år. «Mange folk me kjenner som står rundt sola», kalla ho det. På barns vis teikna ho fort og intenst med tusj og signerte. N-en i slutten av namnet strever ho framleis litt med å få taket med, men ho var likevel godt fornøgd. «Du ska få dæ av meg mommor». Den gapende figuren til høgre for sola er meg, og personen til høgre er lillesyster når ho er blitt stor og har fått langt hår. Barnekunst er noko heilt for seg sjølv, og i loftsryddinga eg er i ferd med er det eit av dei gamle tiltaka å kasta 30 år gammal barnekunst og like gamle julekort. Eg påstår at eg ikkje er materialist, men eg har vondt for å stryka ut spora og linjene i livet mitt.
Dette har vore den store frysedagen. Alle som har vore ei stund på Jæren veit at sjølv om gradestokken ligg og vippar rundt null, så kan det kjennast bitande kaldt når isvinden set inn for fullt. Det var kaldt på arbeidsrommet på jobb, kaldt i klasserom og kaldt i huset heime. Ute var det isnande kaldt på tross av ulltrøye, ullkofte, votter, lue og skjerf.
I går var det og veldig kaldt å koma heim. Eg fekk nesten ikkje varmen i meg, og fann ut at eg nok måtte starta dagen med ein hurtigtest for å vera sikker på at frysinga ikkje var eit teikn på covid 19. Det er blitt nesten heilt normalt å starta dagen med ei lita flaskebørste langt opp i nasen og eit kvarters venting på å finna ut om det er blitt ein eller to strekar på testpinnen. Til nå har det takk og lov bare vore ein strek, men eg er litt nervøs kvar gong. Eg er spent på kva nye tiltak som er varsla å koma i morgon. Eg har ein del førjulsaktivitetar som kanskje kan stå i fare for ikkje å kunna gjennomførast, men me får sjå. Eg håpar i alle fall på ei nokonlunde normal julefeiring i år. Men som det står i songen «Vi e sterk og kan ta ka som helst når det kreves…» Det er i alle fall nesten sant. Dei siste åra har vist meg at me er veldig tilpasningsdyktige.
Eg sat nettopp i stolen og tenkte at nå skal eg leggja meg snart. Så oppdaga eg at eg har eit leseark om krokodiller eg må få laga til i morgon. Eg får slutta her og via meg til krokodillene.
Alt godt,
Heidi

Så tenner vi to lys i dag, to lys for håp og glede.
Etter lang og koseleg frokost med tende lys, var det på tide å pakka saman og takka for oss.

Me har hatt det så fint i lag med familie, og vintervêret har gitt oss ei førjulsstemning me ikkje får oppleva kvart år.

Reisehabitten i desse tider er litt eigenarta. Først på med lag på lag med varme klede, og så på med munnbindet. Eg ser ut som om eg er klar til å rana ein bank eller noko. Før pandemien kunne eg aldri sett for meg ein lang togtur i det antrekket der…
Nå køyrde me nettopp ut frå Bø stasjon. Toget hadde det konduktørane stolt kallar rutemessig ankomst over høgtalaranlegget dei gongene dei måtte ha dekning for den slags ord. Ute er det masse snø, og alt nå klokka halv to har det begynt å skumra litt. Eg har med bøker blad og strikketøy, så det skal nok bli ein fin tur. Toget er veldig fullt, så det staselege munnbindet har fått sitja på til nå. Bak meg småhosta det nettop ei dame og tvers over midtgangen nøys det ein mann… Elles så er stemninga her roleg og gemyttleg. På sundagar er folk på veg heim og småpratar roleg. På fredagar er det ofte ein eller annan oppstemd venninnegjeng på veg til jentetreff, då kan stemninga bli litt annleis. Som pasjonert lyttar, liker eg begge deler. Eg liker meg der det er mennneske.
Ein blir litt småparanoid. På Lysaker stasjon gjekk me inn i stasjonsbygget for å varma meg litt. Der stod det ei godt vaksen dame og hosta intenst utan munnbind. Så syntest eg at eg høyrde henne seia til nokin ho snakka med i mobilen at ho ikkje følte seg heilt i form. Eg hadde heller aldri trudd at eg som har ein jobb der ein tidvis nesten vassar i snått skulle reagera på litt hoste på eit venterom.
Nå får eg snart setja i gang prosessen med å leggja ut ein tekst frå toget. Det kan by på utfordringar, men eg får ta det som ein del av spenninga ved å vera på reise. Ha ein fortsatt god sundag.
Heidi

I dag har eg og Eva Mari vore på julemarked på folkemuseet på Bygdøy. Det var framleis julekortstemning og iskaldt ver. Eg kjøpte meg vottar med sauemotiv av ei dame som hadde klippa sauen, karda, spunne og strikka dei sjølv, så nå har eg eit unikt minne frå ein gong eg fraus på fingrane. Det vart handla litt julegavar, mellom anna frå bua til Kirkens bymisjon, men av hensyn til eventuelle mottakarar kan eg ikkje skriva så mykje om det her.
Me var tidleg ute, men etterkvart var det ganske folketett der. Me får tru at mykje frisk kald luft og munnbind som vart våte av kondens etter varm pust på innsida gjorde susen mot omikron og andre variantar av uønska smitte. Den som finn ein patent på korleis ein unngår at briller blir heilt ugjennomsiktige av dogg ved bruk av munnbind i iskaldt ver, vil truleg og ha ein forretningsidé ein kan bli rik av. Uansett julemarked på Bygdøy i skikkeleg vinterver var ei oppleving.

For å få varmen tilbake i kroppen reiste me etter eit par timar heim til eit hus det Henrik fyrte med ved og kokte glovarm kakao til alle tilstadeverande.
Halvard og Sunniva kom på besøk i kveldinga og fekk smaka Eva Mari sin gourmetmiddag: andefilet, ovnssteikte grønsakar og poteter servert med raudløkskompott med eple. Til kaffien serverte me heimebakte lefser frå julemarknaden. Det var veldig fint å få tid med «ungane» både i går og i dag. I morgon går turen etter planen heimover igjen med tog.
Nå har klokka forlengst krope godt forbi midnatt og ovnsvarmen har tatt kvelden. Eg kjenner det er på tide for meg å gjera det same…
Heidi
Vinter

Å ta steget ut i dagen var nesten som å stiga inn i eit julekort. Me begynte morgonen med kaffi, stearinlys og strikketøy. Av noko som nesten var vanvare reiste eg heimefrå utan både garn og pinnar, men slikt let seg fiksa når ein er i nærleiken av Eva Mari, her finst restegarn i store mengder og pinnar i alle storleikar.
På Bærums verk torsdag føremiddag var det koronavennleg og stille, ein perfekt dag for ein førjuls dametur. Me var nesten aleine i fleire av dei små butikkane og ute var det snø, parafinlykter som lyste og ei elv der isen la seg. Munnbind, briller og rå frostrøyk viste seg å vera ein vanskeleg kombinasjon. Kvar gong eg gjekk inn i eit hus la det seg eit tjukt ugjennomtrengeleg skoddelag på brilleglasa, det var bare å håpa at ein ikkje skubba borti ei nyblåst glaslykt eller noko slikt før synet kom tilbake. På vegen heim måtte me innom i Sandvika slik at eg kunne kjøpa eit ekstra lag tynn ull å ha under dei andre kleda. Så var me innom Panduro og kom ut med masse hobbymateriell, så her kan det fort bli ein lokalt juleverkstad i løpet av helga.
Etter ein kopp varm kaffi tok eg og Leif på oss kvart vårt munnbind og sette oss på banen ned til byen. Med jamne mellomrom kom stemmen til Raymond Johansen inn i vogna og bad alle passa på at dei hadde på seg munnbindet. Storebror ser deg.
Då me kom til byen litt før fem, var det allereie mørkt. Me gjekk gjennom julemarkaden i Spikersuppa og kjøpte med oss ein pose varme smultringar.

Så gjekk me frå Nasjonalteateret opp til Grünerløkka. Der det var mykje folk gjekk eg med munnbind utan briller og i strøk med lite folk var det omvendt. Reisekameraten min måtte og innom ein butikk og få kjøpt seg ei ulltrøye til å ha under genseren. Vegane var farleg glatte så me sklei etter tur, men me kom oss både fram og tilbake med heile lårhalsar.
Hos Sunniva fekk me kaffi og varme og så var me tre i lag med Halvard og Therese på ein veldig fin kinarestaurant på Tøyen som me oppdaga i sommar.
Nå har klokka for lengst passert midnatt og dei andre søv. Eg får finna den varme dyna eg og. I skuggen av ein oppblussande pandemi har me hatt ein veldig fin vinterdag i lag med menneske me er glade i. Nå får me takka fint for dagen me fekk og så får me sjå etterkvart kva morgondagen har vi hendene.
Heidi

Det var fantastisk godt å kunna gå inn på toget på Bryne stasjon klokka ti på halv to og tenkja at nå reiser me, me kjem oss i veg.
Etter nokre veldig travle veker var det godt å setja seg i eit togsete, dra dyna rundt seg som eit teppe og tenkja at her skal eg sitja heilt i ro i mange timar. Ute glitra det i iskrystallane på perrongen, og etter kort tid køyrde me inn i snødekte vinterlandskap i låg. Desembersola stod lågt på himmelen og laga eit nesten julekortaktig lys over landskapet.
På toget ein torsdag ettermiddag er det avslappa stemning og lite folk. Sjølv om eg er ein stor togentusiast, så overraskar det meg nesten om ingenting uventa skjer. Sist eg reiste stod me ein ekstra time i Kristiansand fordi dei mangla togpersonale, i dag stod me ein ekstra time på den same stasjonen fordi to møtande godstog blokkerte toglinja på Vennesla stasjon. Heldigvis skal me ikkje nå noko, så me kan ta det som det kjem.
Eg har lese ei interessant bok skriven av ein Leif kjenner frå si karismatiske ungdomstid meir enn 40 år tilbake i tid. Per Søetorp skriv om sitt eige liv. Livsreisa hans har bore med seg fleire tiår som lovsongsleiar og evangelist i ulike karismatiske miljø. I godt vaksen alder opplever han at trua og livet hans har teke ein uventa sving. Han stiller spørsmålsteikn ved ein del av det han har bygd livet og trua si på, og lurer på vegen vidare. Boka heiter «Kommer ikke far mer?», ein tittel som nok både spelar på at han mista far sin i ei trafikkulukke då han var 10 år, og at noko har skjedd med den nære Gudsrelasjonen han pleidde å oppleva.
Det er ei interessant og litt trist bok å lesa, og han seier sjølv at han veit folk vil reagera ulikt på det han skriv. Han tek opp spørsmål som berører. Eg anbefalar boka. Ho viser at livet ikkje er lettvint. Eg beundrar forfattaren fordi han skriv så ærleg, og eg unnar han å finna fram, kva nå det måtte innebera.
Eg trur jo av erfaring at det naturlege anlegget for svart-kvitt – tenking og fanatisme som dei fleste har eit visst anlegg for i slutten av tenåra ofte mildnar og endrer seg i løpet av eit liv. Sjølv er eg veldig for å våga å vera open og lyttande til andre sine erfaringar. Eg trur det er viktig å våga å snakka ærleg om livet.
Nå ser eg fram til ei helg saman med familie i Oslo og Bærum. Eg blir jo litt usikker når eg høyrer om Omicron-tilfelle i Oslo, nye coronarestriksjonar og høge smittetal. Eg får trøysta meg med at me etterkvart har ei viss erfaring av å leva i skuggen av eun pandemi. Det er sikkert fleire enn meg som er slitne av å vera redde for å bli smitta og redde for å smitta andre. Me får vera kloke og forsiktige og satsa på at det går bra denne gongen og.
Heidi

Tradisjonsglad som eg er, så klarer eg ikkje å la vera å starta ein adventsblogg i år heller. Etter så mange år, så går det liksom ikkje an å slutta utan vidare. På skulen er me i gang med advent, og akkurat som kvart einaste år så startar adventstida nesten surrealistisk tidleg. Det var jo nettopp sommar, og for den saka si skuld, det var jo nettopp jul. Men elevane var heilt klare for å laga julelenker i glanspapir til å pynta klasseroma med. Til mi sorg er adventstakane med levande lilla lys blitt skifta ut med kvite ledlys med kunstig flamme. Det kunne eg ha skrive mykje og engasjert om, men i dag skal eg la det vera.
Som de ser på biletet, så har eg fått ein dose med levande lys nå i kveld. Biblioteket var pynta til fest, og fest vart me. Vår flinke og gilde bibliotekar, Aud Søyland Kristensen går av med pensjon nå i desember, og medarbeidarane klarte å overraska henne med ein kulturkveld. Sjølv fekk eg ein telefon på ei ustabil telefonlinje medan eg sat på toget ein gong i september. Kunne eg ha lyst til å bidra med noko på festen 1.desember? Det skulle vera så hemmeleg at det ikkje ein gong skulle skrivast meldingar om det. Så klart eg hadde lyst, det var ei ære å få vera med på noko slikt. Eg håpa eg hadde høyrd rett dato på telefonen. Eg skreiv det ned så fort eg kom heim frå Oslo og bestemte meg for at eg måtte ha med meg noko som var spesialskrive for anledningen.
Då eg kom dit kjende eg meg endå meir beæra over å få vera med. For eit flott program dei hadde laga.
For å gjera det første blogginnlegget i adventskalenderen litt enkelt for meg sjølv, så lar eg diktet eg skreiv vera hovudteksten min i dag. Etterpå må eg til med pakking, for viss alt går som me håpar så reiser me til Oslo med toget i morgon, rett etter skulen. Eg har gleda meg til turen, men det har vore så mykje sjuke folk rundt meg at eg nesten ikkje har hatt tru på at me kjem så langt som til toget. Akkurat nå reiser ein ingen plass med feber, forkjøling eller endå meir unevnelege plager.
Her kjem biblioteksdiktet mitt. Det er skrive til Aud, men alle som er glade i å lesa kan gå frimodig inn i det å ta teksten til seg.
Bibliotekstdikt til Aud
Av og til gløymer me nesten å hugsa
at bak ei beskjeden dør merka bibliotek
har me fri tilgang til verdenar full av verdenar.
Det er bare å banka på døra,
eller rett og slett bare opna ho forsiktig, forsiktig,
og lista seg inn på tå.
Då kan du før du anar det
vera midt i Nangijala, eller kanskje i Jante,
du kan vera på ei verdensomseiling under havet,
eller du stå der i heimekjend halvmørke
og høyra Enok Hove sine tunge steg
i heimelaga tresko over lynglandet på Høgjæren.
Men du kan like godt finna deg sjølv
på ein hagebenk der ein katt solar seg
du kan sitja der med eit brev i fanget
eit einaste lite brev,
og vita at slik ser draumen din ut.
Så møter du erobraren, oppdagaren og forføraren,
eller kanskje eit einsleg lite mummitroll
som engstar seg for kometen som kan koma,
før nokon anar det,
og gjera uboteleg skade.
Det kan og godt tenkjast
at du ser ei sint lita mymle stå der
og støtta deg i det å seia i frå
når det trengst å bli sagt i frå om noko.
Så kan det tenkjast at du høyrer
ei modig dame kviskra på svensk
at för mig kann kärleken aldrig vara
två som kryper ihop i ett hörn
medan livet brusar förbi,
Nei, for nokre av oss må livet alltid vara
många som kämper i bredd,
också du också jag,
mitt uppe, mitt ute i livet.
Du nikkar kort og bifallande
før du går styrka ut døra
for å finna nye innganger.
For den som les bøker
finst det alltid nye synsvinklar
og erfaringsbasar å kikka ut i frå.
Du mjuknar inst i magen,
og du smiler tappert
når du ser kor merkeleg ukjend
og forunderleg kjend livet ser ut
når du kan sjå ut frå andre auge enn dine eigne.
I slike landskap trengst det losar og kjentfolk
Slike som har trakka opp løyper og stiar.
Det beste er kanskje vaksne damer,
slike som har vandra her lenge
og kjenner avkrokar
og omvegar betre enn dei fleste,
slike som har forsynt seg såpass av Idunn sine eple
at dei kan gjera vakta si lang.
Dei kan losa heimlause og villfarne
så langt at dei kjenner seg trygge og modige
og finn resten av vegen sjølv.
Seinare når dei ein vakker dag går av vakt,
er ferda ikkje meir enn godt påbegynt.
Då kan dei skli ut og inn av rom og dører,
dørene på biblioteket på Bryne,
eller knallblå greske dører
på øyer langt frå heime.
Den som framleis er svolten på livet
har alltid mykje å henta.
Den mätta dagen, den er aldrig störst,
den besta dagen är en dag av tørst.
Dei som har auge å sjå med
og hug til å lesa med stadig nye auge,
er utan grenser.
Dei har røter og venger,
og kan fly når det trengst
dei kan jakta orda og eventyra
der slikt er å finna.
slike menneske,
finn alltid fram.
Heidi