
Mai månad kveler oss,
velmeinande og vennleg
tek han strupetak
med alle desse kirsebærblomane,
denne vennlege brisen
korleis vågar han røra oss på denne måten?
Svart-trost og vipe,
måltrost og alle desse andre
som aldri kan gje oss fred
Den første krydra angen av gras
etter ein lang vinter
Tunge angar av spirea,
nyutsprungne bjørker
og tidlege blomar
Alt dette som hentar oss inn
som gjer kveldslufta rusa av kjensler
og får oss til å lengta.
Å lengta etter det som var
Å lengta etter alt som kunne ha blitt
Å lengta etter alt som koma skal.
Trøytte av lengt,
med armane fulle av liv,
står me her og kan ikkje sova.
For våre urolege sjeler si skuld
finn me ikkje kvile.
Ein stad høyrer me gauken gala
for aller første gongen.
Snart skal blåklokkene
ringa sommaren inn
og me skal pusta friare.
***
Diktet over la eg ut på bloggen min for nøyaktig seksten år sidan. Eg trur det må vera ei spontanskrive og sidan har eg ikkje brukt det til noko, så då fekk det bli gjenbruk i dag. Eg veit ikkje om fleire enn meg kan bli gripne av ei slags kjensle av rastløyse på denne årstiden. Me blir liksom så svoltne på liv når alt blir grønt og lyst, og så blir me redde for at livet skal springa i frå oss.
I år er det på ein måte slik at me skal gjenerobra kvardagslivet, og det er jo for så vidt litt av eit prosjekt.
Det er ikkje sant at eg ikkje har vore innom skulen sidan me stengde ned. Eg har vore der to gonger, den eine gongen for å vera med på eit møte og henta noko og den andre gongen for å vera vikar, men i dag var eg der for første gong for å vera på jobb på nokonlunde vanleg måte. På veggen hang ein kalender med mars månad oppe, og på kanten av PC skjermen hang to gule lappar om ting eg måtte hugsa å gjera ca den 13. mars. Ingen av delene fekk eg gjort fordi dei dagane det skulle gjerast på aldri kom til å eksistera på den måten alle hadde rekna med då lappane vart hengde opp.
Eg fekk veldig fort den same følelsen som overraskar meg etter kvar gong eg har hatt ferie. Plutseleg følest det som om eg har vore der heile tida. Då eg skulle skriva inn noko i lærardagboka vart eg oppriktig overraska over kor stor mengde kvite ark eg måtte bla over for å koma til dagen i dag.
Det var kjekt å vera i gang. Veret vart mildare enn eg hadde venta då eg oppdaterte meg på yr, sjølv om me fekk ei haglbyge over oss då me gjekk heim. Det virka som om elevane var oppriktig glade for å sjå kvarandre igjen og protestane på det nye strikte vaske- og kohortsystemet vakte mindre forundring og protestar enn eg hadde trudd. Etter ei kort innføring i alt som skulle gjelda frå nå av, var me ute heile skuledagen. I morgon får me prøvd oss på ein vanleg skuledag. Det kan nok fort gå greitt det og. Nå har eg jobba til langt på kveld med elevtektstar og evalueringar, så nå er det på tide å seia takk for i dag. I morgon lovar dei fire til seks varmegrader og det skal ikkje regna lenger enn fram til klokka tolv.
Heidi

Eg såg meg i spegelen.
Eg kikka nærare etter
og såg
at åra på mystisk vis
har sprunge frå meg.
Eg må vel ha vore her
den dagen det skjedde?
Ja, det må eg jo ha vore.
Eg som har levd og levd.
Eg som har hanka inn
dansande dagar,
strevsame dagar,
fire barn
og hundrevis av elevar.
Eg har sett gjestar koma og gå
og godtfolk passera langs vegen.
Eg har hatt malande kattar
strykande mot leggene mine
og meir enn ein gong
plukka roser og kvite blomar.
Eg har klamra meg fast
med tenner og negler.
Har hengt bakpå tida
medan det gjekk så det kosta
og klort meg fast etter beste evne.
Visst var eg der då toget gjekk,
det gjekk bare så fort.
Eg har så mykje å gjera
i dag eller i går
eller helst i sist veke.
Svara finn eg ikkje,
eg bare kviskrar lågt
medan det heile susar vidare:
Herre gjer meg til ein reiskap for din fred.
Lat meg så fred der hatet rådar.
Så får det vera det same med resten.
***
Eg begynte å skriva kvar dag på bloggen den dagen Norge stengde ned, eller var det kanskje dagen etter. I fleire år har eg skrive dikt om håp og mot og hatt ein sterk følelse om at det kjem til å bli bruk for dei ein dag.
Då me runda 13. mars, tenkte eg at «kanskje det er nå» nokon har bruk for dikta? Fram til nå har eg leita fram, eller skrive eit nytt kvar dag, og nå har eg begynt å leita i gamle gøymer. Teksten over skreiv eg for ni år sidan. Han var av dei eg vraka då eg skulle finna tekstar til diktsamlinga som kom ut det året, eller kanskje eg skreiv det om til det ugjenkjennelege? I dag fann eg det at og tenkte at det som står der er jo faktisk noko eg framleis kan ha lyst til å fortelja, og så fekk det bli dagens tekst.
I dag har me hatt «ein nesten heilt normal sundag». Rett nok vart det gudteneste frå nettet, før det vart nokre timars arbeid med å førebu den komande skuleveka. Det blir ei annleis og spennande veke som eg er spent på.
Etterpå reiste me ut på tur. Det var solskin, men akkurat så bitande kaldt som det er her av og til på denne tida når nordavinden set inn. Leif hadde funne ei rute som svingde innom Viste-hola, ein av dei eldste steinalderbustadane i landet. Eg har vore der fleire gonger, men nå var det ganske lenge sidan. I ei relativt grunn fjellhole budde det ein flokk menneske, kanskje rundt 20 personar, så det må ha vore relativt trongt om plassen då nordavinden sette inn. Bein frå hola visar at dei har jakta på sel og sjøfuglar.
For første gongen på lenge fann me ut at me ville eta middag ute ein plass. Me gjekk forbi Viste Strandhotell der dei serverte sundagsmiddag. Me fekk eit bord i eit rom heilt for oss sjølve med nydeleg utsikt over sjøen. Sett innanfrå var det ein nydeleg maidag, sett utanifrå måtte det ganske varme klede til for å få den same opplevinga.
Om kvelden var me inviterte til å eta kveldsmat heime hos venner av oss. Det er veldig lenge sidan me har vore på besøk hos nokon bortsett frå hos Ingrid og Oddvar som høyrer til det me på det oppdaterte språket vel må kalla «familiekohorten», så i dag hugsa me «det gamle livet vårt», og gløymde nesten at me framleis er i Korona-krise.
I morgon skal eg gjera noko så normalt som å gå på jobb og sjå elevane att etter å ikkje ha vore i lag med dei på eit like langt tidsrom som ein sommarferie. Det blir fint og litt spennande. Alle trinna har fått tildelt ein turdag der me skal ta «kohortane» med ut på tur. På måndagar er det me som skal i veg. Så eg sjekka Yr i gårkveld såg eg at dei melde 2-4 varmegrader, altså kaldare enn det har vore nesten alle dagane i vinter. I dag hadde dei lagt eit par grader på vermeldinga, men kaldt blir det. Håpar at elevane har oppdaga kor kaldt det er slik at dei ikkje er blåfrosne etter ein time. Denne læraren skal stilla med fleire lag ull + vottar, lue og varm drikke, har ho tenkt. For eit par år sidan bestemte eg meg for at nå var eg blitt vaksen nok til at det var slutt på å gå og frysa…
Eg ynskjer alle lærarar som les dette og som skal starta med undervisning på skulen denne veka ein god oppstart.
Heidi
Rødhette må bli trygg nok
til å våga seg ut i store skogar
med meistringsglede
og ulvekompetanse
seinare i livet
når skogane blir større
og ulvane får lengre tenner
og djupare stemme
og ikkje lenger let seg lura
av eit ullteppe og fire sofaputer
i det trygge barnerommet.
*
Eg veit at eg har sagt det før, men eg klarer ikkje å la vera å bli fascinert av barnebarnet si bearbeiding av alt som er skummelt gjennom den nå lenge pågåande yndlingsleiken, «gøyma seg for ulven», med varianten «gøyma seg for trollet». Med skrekkblanda fryd gøymer ho kosedyra seg sjølv og gjerne dei vaksne som er til stades bak senger, under bord eller under teppe og puter. Smilet er stort når ulven eller trollet har gått forbi og me kan krypa fram og pusta letta ut. I går vart ho introdusert for eventyret om ulven og dei sju geitekillingane, ei forteljing som sjølvsagt traff midt i interessefeltet.
Martin Lönnebo har vel ikkje fagfeltet sitt først og fremst innan barnepsykologi, men han er ein svært klok mann og har samla seg mykje kompetanse når det gjeld menneske. Eg synest han har tankar verd å lytta til når det gjeld dette og:
«Det å stille de store spørsmålene er like naturlig som barnas lek. Det blir blant annet sagt at barn har formulert alle de eksistensielle spørsmålene før seksårsalder: om godheten, ondskapen, livet og døden, kjærligheten og hatet. I leken leker barnet seg fram til det å være menneske».
Videre skriv han om det å leita seg fram som menneske og når ein er vaksen. Han er spesielt oppteken av å bruka tilliten og spontaniteten vidare i livet for å vera open og våga å veksa i tru og visdom, men det er ein annan historie som ikkje høyrer heime her i dag. Det mest befriande med Lönnebo sine tankar er tankane hans om å høyra til i ein større samanheng og ikkje trenga å vera den som alltid skal vera så flink eller den har som mål å bli verdsmeister i det meste. På same måten som Per Fugelli set han fokus på at me er ein del av eit stort fellesskap der det å gjera det vesle ein kan er godt nok, for me skal ikkje leggja heile puslespelet aleine. Han seier rett nok med eit glimt i auget at mindre enn det skal ein heller ikkje gjera. Det som skil han frå Fugelli er at han har ei sterk tru på ein Gudsdimensjon.
I dag har eg redigert boka eg lagar saman med skriveelevane mine. Det er eit stort, men og interessant arbeid. Nå er eg snart i mål… Innimellom har eg og teke meg tid til å gå ein tur ute i det grøne mailandskapet med ei venninne. Nå trur eg det blir sofaen og strikkepinnar resten av kvelden.
Eg avsluttar med ein elevtekst i dag og. Kanskje det blir den siste i denne omgangen. Ute er det lyst og fint sjølv om klokka er halv ni. Eg er så glad i lyset i sommerhalvåret.

Heidi

Dei første varme maidagene i alt det intenst grøne,
florlette juninetter med intense lukter av syrin og sjasmin,
julidagar med bekymringslaus sommarglede,
mogne augustdagar med grøne stikkelsbær mot tunga,
september med vemodsvakre, skarpe kjenningar av haust,
ei bøn for glede og tillit,
for mot og styrke,
for kvile i det å vera menneske,
og for varmen frå andre menneske.
Ei bøn for alt som koma skal,
som me bare delvis kjenner,
og for all uroleg lengt
i våre utålmodige svoltne hjarte
og i vår skjelvande, ordlause tillit.
***
Langsamt opnar livet seg, til det som begynner å likna på kvardagane våre.
I går kunne me flytta soknerådsmøtet frå eit digitalt møterom til eit heilt ekte rom i kyrkja der me sat to meter frå kvarandre på nysprita stolar og nesten bobla over av entusiasme over å få møta folk igjen på ekte. I dag har eg vore på eit like ekte møte i diakoniutvalet, og det begynner å tikka inn meldingar frå venner som skriv at nå kan me jo gjera ein avtale og møtast igjen snart.
På måndag skal sjuandeklassingane våre på skulen, ein skule med nye og uvante reglar, med pultene på god avstand frå kvarandre, fleire daglege omgangar med vask av pultflate og ikkje minst hender, dørhandtak, gelender og stolar, og med adskilte friminutt på ulike område og mykje uteskule. Det blir godt å sjå elevane igjen. Fleire av dei eg hadde den faste kontaktlærarchatten på teams med i dag hadde lys i auga og gledde seg til måndag. Me får håpa me klarer å gjera skulen til ein god og trygg stad å vera på dei vekene dei har igjen av livet som barneskule-elevar. Dette blir jo noko me vil eiga i lag med dei seinare, akkurat som me hadde ei veke i lag på leirskule som fleire av dei kjem til å hugsa for alltid, så har me nå ein felles vår i lag med Koronakrise og skule i heimane. La oss håpa at det og er ei eingongsoppleving.
Det utfordrande nå er å leva akkurat passe normalt til at me ikkje går inn i ei smitteoppblomstring. Dei færraste av oss har spesielt lyst til å få Covid 19, dei fleste av oss er endå meir redde for å smitta nokon som absolutt ikkje bør bli smitta, og dei aller fleste av oss vil helst vera i lag med menneske me er glade i på «vanleg måte» utan å tenkja smittevern heile tida. Det blir ein slags kontrast mellom at ein i ein del samanhengar skal ha helst to meters avstand til andre, og det som er det normale livet på ein skule og i eit klasserom. Eg liker å vera raus med klemmar, stryka elevar trøystande over ryggen, pakka elevar tett saman i ein koseleg krok og lesa høgt for dei. Det seier seg sjølv at det kan me ikkje gjera nå, men likevel veit eg jo at det er vanskeleg å hjelpa ein elev med ei oppgåve på ein meters avstand, og at elevar på 12-13 år virkar som magnetar på kvarandre.
Me får vera så kloke me kan. Me gløymer ofte at livet slik me har pleidd å kjenna det og er eit risikoprosjekt. Me kan kor tid som helst få ein takstein i hovudet eller falla om på gata av andre årsakar. Me har bare blitt så veldig minna om vår eigen sårbarheit dei siste vekene. Det har liksom gått opp for oss kor små me er overfor dei store kreftene i verda, og me gløymer kor usannsynleg mange tannhjul som skal snurra i det store maskineriet for at verda skal vera slik me kjenner henne.
Eit par veker inn i krisa virka plutseleg ein del av reklamen i fjernsynet ekstra overflatisk, og alt det me gjerne kaller i-landsproblem virka tåpelege og bagatellmessige. Me kunne til og med reagera på at folk i spelefilmar sat veldig tett i ein sofa, åt fastfood utan å vaska hendene, eller klemde folk på gata.
Framleis er nyheitssendingane på radioen sentrerte om antall smitta og om Koronakrise, og framleis takkar dei fleste av oss det me måtte tru på av gode makter for at me bur i eit land der Erna Solberg, Bent Høie og Kong Harald snakkar til oss med formanande respekt og med tru på menneskeverdet. Det som blir sagt i eit større land ei dagsreise unna, som me ofte har likt å samanlikna oss med, får meg til å frysa på ryggen. Eg har som prinsipp å ikkje koma med personangrep på bloggen min, så dette får vera det næraste eg kjem. Måtte solidariteten og trua på menneskeverdet ha grunnfeste i oss, og måtte han strekkja seg lenger enn både til nasetippen og landsgrensene.
Eg har framleis elevdikt eg har avtale om å publisera, så eg sluttar på same måten som eg gjorde i går:



Takk til Tobias og Hedda som gav meg lov til å dela tekstar.
Heidi

Det å skulle driva fjernundervisning vart kasta på oss som julekvelden på kjerringa, og nå sluttar det på nesten same måten. Sidan eg har frilansardagen min på fredagar, så går eg rett frå å ha avslutta skuledagen på iPaden på kjøkkenet til å få vita at på den andre sida av helga er me tilbake på skulen. Nå var me så godt i gang med heimeskule at det er nesten litt vemodig å ta neste steg inn i noko som og er nytt og ukjend, men det skal nok gå bra.
Dersom ein ser bort frå krisa som har framprovosert dette, så må eg vel seia at fjernundervisning har vore ei interessant erfaring. Mange av oss er nesten litt overraska over kor godt det har gått, og ein del av oss lærarar har nok hatt ei digital læringskurve me aldri kunne ha oppnådd på eit vanleg kurs. Det ein verkeleg har bruk for å læra, det lærer ein seg, og for sinker som meg har det vore fantastisk å ha hjelpsomme, omsorgsfulle og flinke kolleger om det skulle knipa.
I dag har me hatt to kreative prosjekt. Det eine er ein idé som har gått som ein, unnskyld uttrykket, epidemi her på nettet, nemleg å finna eit berømt kunstverk som ein prøver å kopiera, eller la seg inspirera av, for så å laga sin eigen versjon av biletet gjennom eit fotografi. Både elevane og kollegene mine har vore utruleg kreative og flinke. Eg skulle ønska eg kunne leggja ut alle bileta her, men det kan eg sjølvsagt ikkje. Eg får nøya meg med å leggja ut mitt eige bilete.

Det var ein veldig kjekk og vellukka oppgåve som passa perfekt for heimeskule, og elevane fekk til utruleg mykje fint.
Det eg lova å gjera var å få lov til å leggja inn nokre heilt ekte elevtekstar laga i samband med den oppgåva eg presenterte her i går:






Heidi


I dag hadde eg ein liten gjesteopptreden som vikar for nokre av dei som er tilbake på skulen. Det kjendest velsigna normalt. Det var nesten så eg gløymde å sprita hendene når eg var innom på butikken på heimvegen. Det gjorde meg meir positiv til at alle kanskje skal tilbake på skulen på måndag. Eg har vore litt i tvil om kva som er best. Eg er open for begge deler, så får me sjå kva dei seier på pressekonferansen i morgon.
I dag byr eg på eit undervisningstips. Elevane skal skriva dikt med tittelen «Når alt dette» er over om kva dei vil gjera når «alt er lov igjen» og ingen treng å tenkja på Korona eller Covid 19.
Tekstane er mine eksempeltekstar. Det elevane skriv i morgon kjem nok til å vera mykje meir autentisk og rett på. Kanskje nokre av dei gir meg lov til å dela.
Heidi

For alle mørke krokar
me ikkje når inn i,
for alt i oss som fryktar lyset,
og alt me ikkje vågar sjå,
foldar me tankar og fingrar.
hender og fornuft
og ber
for våre redde omskiftelege hjarte.
***
Dagane er i varierande grad fylde av gjeremål. I dag har vore ein veldig møblert dag i så måte. Eg har omtrent ikkje hatt tid til å reisa meg frå stolen, så det blir seine kvelden før eg kjem meg på tur i dag og. Det seier litt om eiga, eventuelt eiga manglande evne til å setja grenser for aktivitet. Den positive sida av det er at eg synest veldig mykje er veldig kjekt og at eg ofte har ei heilt genuin lyst til å dra prosjekt eg driv på med bittelitt lenger enn eg strengt tatt må.
I den eine pausen eg har hatt i dag fekk eg med meg mesteparten av ei vakker gravferd som blei streama på grunn av begrensningar på antall deltakarar. Det var gjort på ein veldig fin måte, me fekk verkeleg kjensla av å vera deltakarar og få vera med på å ta farvel med ei flott dame som var mor til ei venninne av oss. Det er godt å sjå at det dukkar opp kreative løysingar som me ikkje eingong hadde tenkt på kunne eksistera.
Viss alt går bra nå, så ser det ut til at me er inne i ein ny, ukjend og i utgangspunktet mykje kjekkare fase enn den me har gått gjennom nå, nemleg den langsomme gjenopninga av eit nedstengd samfunn. Som trygghetssøkjande individ, noko eg nok ikkje er aleine om å vera, så er det på ein måte litt skummelt det og. Nå har me vend oss til å jobba frå kjøkkenbordet og har akkurat lært å roa oss ned midt i unntaktilstanden. Korleis kjem neste runde til å bli? Det blir garantert nye utfordringar med å driva skule med ein form for smittevern som ingen av oss har vore i nærleiken av før. Blir det ein stor nedtur for elevar som har gleda seg til å vera tilbake i kvardagen at alt blir så regulert? Blir det gjenopning for oss nå eller blir det det ikkje?
Klarer me å vera forsiktige nok til at det ikkje blussar opp igjen. Kor forsiktige må me eigentleg vera? Det kan virka som ein krevande balansegang å opna akkurat passe mykje opp. Når kan me handhelsa igjen? Kan me ha kaffigjestar utan få dårleg samvit? Det har visstnok ikkje blitt oppdaga nye smittetilfelle i Sør- Rogaland på 14 dagar, og ingen innlagde koronapasientar på sjukehuset. Får håpa det fortset slik.
Me øver oss på å leva med å ikkje vita. Det er utan tvil nyttig lærdom.
Heidi

Å kvila i ventinga,
velsigna motkulturelt.
Eg treng ikkje alle svara
ikkje i dag og ikkje i morgon.
Eg treng bare å finna kvila.
Ei hengekøya kanskje
til å bera meg og alle spørsmåla.
Det er i ventinga eg bur.
***
Teksten over er ein gammal tekst eg aldri har publisert. Eg kom over han då eg leitte etter dagens tekst. Det slo meg at han passa godt akkurat nå. Det er i ventinga me bur alle saman, og det er nå livet vårt er. Kanskje me blir flinke til å kvila i ventinga.
Eit vennepar av oss sat for 32 år sidan på ei trapp då me stakk innom. Me lurte på om dei venta på noko og dei svarte med eit visst glimt i auget at dei venta på å bli pensjonistar. To travle jobbar og barn på eitt og to år var i meste laget akkurat då.
Eg har ofte tenkt på at dei som alltid ventar på noko risikerer å gå glipp av mykje mens dei ventar. Dersom det er bare fjelltoppane som tel som «ekte tid», og resten er venting, så kan livet bli kort.
I dag har eg på sett og vis slåst litt med tida, eg trudde eg skulle få tid til litt av kvart, men det gjorde eg ikkje, for det eg skulle gjera i samband med jobben tok mykje lenger tid enn eg hadde trudd. Det var fleire digitale småting som eg eigentleg trudde eg hadde kontroll på som bare ikkje ville det same som eg. Eg får håpa at eg lærer av det slik at det går fortare neste gong… Bortkasta tid er ord eg prøver å unngå å bruka.
Klokka vart over ti før eg kom meg ut på den turen eg hadde gleda meg til å gå. Det var månelyst, klart og vakkert ute, og alle andre flinke menneske var heime og hadde sikkert lagt seg på ein måndagskveld. Det vart rett og slett ei av dei finaste opplevingane i heile dag å gå ein tur aleine i eit kveldslys som minna veldig om sommarnetter.
Heidi

AV APRIKOS OG LAKRIS
Orda skal fylla hjarta våre
og bu i munnane våre
dei skal bera med seg
ei kribling av noko større,
slag av sommarfuglvenger
den fjørlette kjensla av spindelvev,
lydane av barneføter på golvet,
varmen av barnekinn
pusten frå dei som gjekk frå oss.
Orda skal smaka av aprikos og lakris
av sommareple og rabarbra.
Rause skal me la dei bu mellom oss,
me skal kjenna dei att
og røra dei med ettertanke.
***
Det er ikkje bare, bare å fanga dei rette orda. Her på bloggen går det fint, her er det bare å plukka dei ned utan å tenkja seg om, for eg veit at her har eg slingringsmonn, låge aksler og rause lesarar.
Andre gonger er det verre. Eg har hatt ei utfordring om å laga ein salmetekst liggjande i bakhovudet ganske lenge. Eg hadde bestemt meg at eg måtte finna ut i helga om eg kunne få teksten til. Av og til kjem salmetekster heilt av seg sjølv, andre gonger må dei meislast fram. Det er fint å ha opplevd begge formene for produksjon. Eg har skrive linjer om og om igjen med kulepenn på papir og nesten skrive ut ei heil skrivebok. Nå nærmar det seg å bli omtrent det eg hadde tenkt, men eg er vel ikkje hundre prosent fornøgd endå. Me får sjå kva det blir til.
Eg har snakka før om ho på to og eit halvt som driv og erobrer språket. I dag snakka ho veldig om «då du og morfar var på Låseland». Eg fatta ingenting heilt til ho sa at ho hadde ringt, men eg kunne ikkje koma for eg var jo på Låseland. Då gjekk det opp for meg at det var ordet Jørpeland ho naturleg nok ikkje hugsa. Då me tok på utedressen vart det litt trangt i halsen og ho sa at ho ikkje likte «den hyllå». Etterkvart gjekk det opp for meg at hylla var halslinninga som på ein måte stakk litt ut som ei hylle på ein vegg, og då var det i grunnen eit ganske logisk ord.
I dag lurte eg på om «Jøhette og ulven»-besettelsen var gått litt langt då ho såg alvorleg på meg og sa: «Men mormor, du he så store aue!» Eg har forøvrig bestemt meg for at me må læra litt av toåringars pågangsmot.
I dag sette ho seg med eit relativt intrikrat strikketøy ho hadde funne i korga mi og sa «Mommor, kan æg læra å strikka litt». Eg må nok læra meg litt meir av den innstillinga når eg sit og prøver å få digitale og elektroniske hjelpemiddel til å fungera som tenlege verktøy. Den som verkeleg kunne frimodig tru det same som Pippi Langstrømpe: «Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert…»

Pågangsmot og fleksibilitet treng me alltid i lærarlivet, akkurat nå kanskje meir enn nokon gong. Eg arbeider på eit trinn som framleis har heimeundervisning, og me anar ikkje når dei skal tilbake. Det kan bli om ei veke, eller det kan bli lenger til. Vekene må sjølvsagt planleggjast heilt ulikt om det blir den eine eller den andre formen for undervisning, og når me kjem tilbake må opplegg, rom og timeplanar justerast ut i frå kohort-tankegangen. Ein del fag må gå ut, og me må fylgja elevane på litt andre måtar enn før, friminutta må organiserast heilt annleis, og me skal driva ansvarleg smittevern midt i det heile. Det blir sikkert fint, og går nok bra, men det er mange ukjende faktorar.
Så er det tid for utviklingssamtalar som skal foregå på nettet, me skal ha overføring til ungdomsskulen, og me skal prøva å avslutta skuleåret på ein fin og verdig måte som må bli heilt annleis enn dei rutinene me har for sjuande trinn på skulen. I tillegg skal me begynne å planleggja neste skuleår, noko som mellom anna inneber heilt nye læreplanar, og i fylgje ekspertane kan me vel ikkje vera heilt sikre på at me kan rekna med at det er eit heilt vanleg skuleår me startar med då heller. Kanskje blir det kohortar og smittevern fram til jul, men det veit me jo ikkje endå, og det er det vel heller ikkje nokon andre som gjer.
Me får satsa på at når fleksibiliteten har vist seg å bera oss uventa stødig fram til nå, så kjem resten av utfordringane til å gå bra og. Her gjeld det bare å halda blikket stødig på vegen framfor oss og ta eit steg om gongen.
Eg trøystar meg som så ofte før med Lina Sandell sin song om «Blott en dag ett ögonblick i sänder» og med Arne Garborg sine ord om at «Alt lagar seg bare ein ikkje kjem i ulage sjølv.» Det gjer det som oftast.

Og skulle eg verkeleg strødd om meg med sitat, så kunne eg jo smelt til med Karin Boye sitt dikt om knoppar og dropar. Det skal eg ikkje gjera, eg sluttar heller med eit fotografi som minner oss om kva årstid me er komne inn i. Då me stengde skulen ned hadde me nettopp hatt vinterferie…
Heidi

Eg skimtar stadig spora
Med reinleik og visdom skulle me gå fram,
med tålmod og godleik.
Eg skimtar stadig spora etter deg
det hender til og med at eg ser dei tydeleg.
Eg fylgjer dei
famlande, skråsikker og i blinde.
Kor skulle eg elles
gå med meg sjølv
sterk som eg er og svak,
trøytt og uroleg,
roleg og overmodig?
Eg fylgjer deg
utan solbriller
utan kart og GPS
med alt eg måtte ha
av mot og vilje.
***
I dag skulle bli ein skikkeleg skrive- og arbeidsdag for eg hadde mykje å ta igjen. Det vart det forsåvidt og, eg kom bare seinare i gang enn eg hadde tenkt. Eg skulle bare innom barnebarnet som snarast, for dei hadde sol på verandaen og eg hadde tilbod om ein kopp kaffi. Slikt kan ein ikkje la gå i frå seg.
Det er så forferdeleg vanskeleg å bryta opp frå ei verd der det bur ein to-og-eit-halvt-åring. I anledning dagen var ho utstyrt med store blomsterforma solbriller og var heilt sommarkledd fordi dei verkeleg har ein veranda som forvandlar vasskalde vårdagar til varm sommar.
«Skal me læsa Jøhette, mormor?» Ho hentar boka inne og mormor er klar. Ingenting er som å liggja tett saman på magen i sola og lesa om Rødhette. I eventyrbøkene ser mormor til Rødhette og alle andre bestemødre ut som dei er åtti år med oppsett grått hår, lange kjoler og runde briller på nasen. Dei ser eldre ut enn oldemødrer gjer i dag, eg har ikkje lagt skikkeleg merke til det før eg vart mormor sjølv, men den eventyr prototypen får eg heller leva med. «Mommor te Jøhette bur i huse der borte». Ho peikar med ein liten finger. Ho har tydelegvis ikkje gløymt at me måtte finna huset den dagen for to veker sidan då ho var så lite motivert for å gå heim frå tur at me måtte flytta oss inn i eventyret for å få gang på det.
Etterpå må me leita etter » Jøhette» på mobilen min, finn barnet ut. Og jo visst, der er ho på mange bilete og mange små teiknefilmar og forteljingar. Nokre av dei er så snille at bestemor aldri blir eten av ulven, bare gøymt i vedkassen heilt til Rødhette kjem med tømmerhoggeren i hælane, slik at han er klar til å koma inn og ta affære før ulven får lagt labben sin på jentungen. Eit av variantene er så politisk korrekt at Rødhette får med seg ein sunn og næringsrik grønnsakrett til bestemor i staden for ei korg med kaker og vin som det står i grunnforteljinga, eller som eg må innrømma at eg pleier å fortelja det; kaker og saft-. Rett skal vera rett.
Når eventyret er gjennomgått ein fire fem, gonger finn gullungen ut at det er på tide å gøyma seg for ulven. Ved hjelp av ein solstol og eit teppe lagar me oss ein absolutt ulvesikker gøymeplass for ei jente og ei mormor, og så sit me der og prøver å pusta heilt lydlaust mens ulven går forbi. Men han er jammen meg lurare enn me trudde, for me kan tydeleg merka at ha står og riv litt i teppet og knurrar forsiktig med ein stemme som kunne minna litt om mamma sin. Heldigvis går faren over, og me kan krypa letta fram att. Då er det på tide å finna ut om mormor kan finna bilete av troll på mobilen sin, og kanskje trollmusikken frå Dovregubbens hall?
Nå har me vore i ein lang fase der det mest spennande i verda er ulvar og troll. Framleis finst det ting som er for skumle til å nemna, for eksempel faren til Emil i Lönneberget, så han let me vera å snakka om.
Visst finst det litt av kvart å vera redd for i verda, så det kan kanskje vera bra å øva seg litt på ulvar og troll slik at ein veit litt om å handtera det skumle og usikre. Eg høyrde ein klok mann seia på TV i går at litt av kunsten under Korona-pandemien er å leva med det usikre, og ikkje heilt vita korleis, kor tid og på kva måte ting kjem til å bli. I følge han var det ein av dei nyttigaste ferdigheitane ein kunne ha i usikre tider. Det er kanskje ikkje så dumt å trena seg litt på å sitja under eit teppe og trena på å vera stille mens ein håpar at ulven går fort forbi, i alle fall ikkje så lenge ideen til leiken kjem frå barnet sjølv. Me har blitt minna på at me er sårbare alle som ein av oss.
Då eg var lita jente budde eg delvis i den same hagen som der barnebarnet bur nå. Eg har veldig klare minne om at det vaks hestablommar i store mengder før hagen var ferdig opparbeida og at to store jenter, Reidun og Siri lærte meg å laga kransar, krøller i vatn, fløyter og lange lenker av stilkane og ikkje minst å blåsa tusenvis av frø med kvite fallskjermer ut over markene. Det er ikkje mange blomar som kan gje så mykje barnsleg glede som hestablomma, sauablomma eller løvetann alt etter kva ein vel å kalla det. Eg seier som dikteren i «Løvetannens bønn». La de små barn komme til meg, for de vet ikke hva ugress er…
Heidi
