
Livet er blitt grønt og lyst om enn framleis ikkje veldig sommarvarmt. Bileta over frå ein tur i Sandtangen i ettermiddag viser at naturen for alvor er i ferd med å vakna til liv. Framleis er naturen kledd i desse lysegrøne og irrgrøne nyansane som er så intense og overveldande i mai.
Endeleg har eg fått tid og ro til å gjenoppdaga at utestova er ein god stad å vera. Etter å ha nytt livet der i gårkveld, vart det både frokost, fleire krus med morgonkaffi og fleire aviser der i føremiddag. Det er som å vera ute når det eigentleg er litt for kaldt til å vera det. For første gong på veldig lenge tok eg meg tid til grundig lesing av 3-4 aviser. Det er akkurat som om livet er i ferd med å falla til ro i normaliteten igjen.
Eg har sett at mange har følt seg utfordra på det å ha så mykje ledig tid nå under Koronakrisa. Slik har det ikkje vore for meg. Merkeleg nok så trur eg at eg brukte ein heil del meir tid på skulerelatert arbeid under heimeskuleperioden enn eg gjer til vanleg. Det var liksom alltid noko å retta, noko å planlegga, noko å spela inn på film. Når eg tenkjer tilbake på det etter to veker i ein «meir normal» arbeidssituasjon, så var det ei interessant tid som utfordra på nye måtar og var annleis enn det meste eg har opplevd og kanskje kjem til å oppleva.
Nå i april og mai har eg hatt nokre ganske «store oppgåver» som til ein stor del ikkje har vore relatert til den vanlege jobben på skulen. Nå er eg «i mål med det meste», og tida opnar seg. Ein annan aktivitet som er heilt sjølvpålagd er at då skulen og samfunnet «stengde ned», så bestemte eg meg for å skriva på bloggen min kvar dag så lenge unntakstilstanden varte. Av og til kan eg få heilt klart for meg at det er ting eg skal gjera, og slik var det med dette. Eg tenkte at eg kanskje på denne måten kunne bidra med noko som kunne vera positivt for ein eller annan i ei vanskeleg tid. Eg hadde skrive mange dikt om håp, tru og livsmot, som eg visste eg skulle bruka til noko ein eller annan gong. Kanskje det var akkurat nå?
Det har blitt mange seine kveldar, og i går då me fekk langfri og eg visste at eg hadde god tid for første gong på lenge, slo det inn over meg ein på ein måte ganske behageleg følelse av å vera trøytt og søvnig. Kanskje omtrent som å vera lukkeleg i mål etter eit maratonløp. Dei som kjenner meg godt veit at det er ei kjensle eg har lite erfaring med, men det eg har er faring med er at eg har hatt det travelt før og veit at eg pleier å henta meg nokså fort inn igjen.
Eg trur at eg og mange med meg har gått litt på tå hev i ein ganske lang periode og lurt på kva som kjem til å skje, og kor denne epidemien og alt han ber med seg vil ta oss hen. Nå kjennest det som om me har landa litt og kan senka skuldrene sjølv om me veit det ikkje er over endå. Nå blir utfordringa å vera akkurat passe forsiktig.
I dag har eg hatt litt av den følelsen eg pleier å ha når det nettopp har blitt sommarferie, ei kjensle av å stå overfor eit hav av god tid som eg snart skal hoppa uti. Eg må bare henta meg inn litt før eg hoppar.
Eg har høyrt eit program med Ole Paus på radioen. Eg har fått sånn sans for den mannen. Eg liker fleire av tekstane hans veldig godt, og gjennom Ketil Bjørnstad sine sjølvbiografiske bøker synest eg nesten eg har blitt litt kjend med han. Verda er full av menneske eg kunne hatt lyst til å bli kjend med og i tillegg kjenner eg så mange fine folk allereie som eg gleder meg til å bli endå meir kjend med. Ole Paus seier at han er grunnleggjande glad i menneske, og det trur eg at eg og er. Han fortalde at han elska å høyra på salmesong i radioen og at han skreiv salmar som 4-5 åring der han brukte alle dei fine «salmeorda» som han eigentleg ikkje forstod kva betydde. Det kan eg relatera til. Eit av høgdepunkta for meg på radio var «Ord for dagen», ei dagleg opplesing av eit dikt før barnetimen for dei minste. Eg forstod heller ikkje heilt alle orda, men dei var så fine.
Eg er heldig som er eit barn av Norsk rikskringkasting. Det gav meg erfaring med mykje rart som eg truleg elles aldri ville kome i befatning med; folkemusikkhalvtimen, morgonandakten, ønskediktet og så vidare. Me fekk til og med med oss daglege meldingar om fiske om fangst med «snørva» og om «møssa på stampen» og andre uforståelege ting som vekte nysgjerrigheita, for ikkje å snakka om Reidar Morset si muntre nynning til morgongymnastikken med knebøy og annan akrobatikk. Den soleklare oppfylgjaren av barndomen sine radio-opplevingar er å lytta til P2. Det gjer eg kvar dag og så ofte eg kan.
I kveld sat eg og Leif i hagestova og såg Per Arne Dahl sitt intervju med Egil Grandhagen som vart laga i slutten av April for å sendast ut på nettet på Kristi Himmelfartsdag. Det som gjorde det veldig spesielt var at Grandhagen døydde av kreft natt til i går. I intervjuet er han prega av sjukdomen og det var eit sterkt og gripande intervju.
Dei siste vekene har tema i KRLE i sjuande klasse vore Kristi himmelfartsdag og pinse. Det er eit spennande fag å undervisa i, og bruker alltid tid på å prøva å setja meg ekstra godt inn i det eg skal gå gjennom med elevane. Det gjer noko med meg sjølv, sjølv om eg er veldig bevisst på at det som skjer i timane er å informera og undervisa og prøva å gjera elevane interesserte i dei religiøse sidene ved livet enten dei lærer om kristendommen, islam, jødedommen, hinduismen eller buddhismen. Eg håpar å bidra til at dei skal føla respekt for andre menneske sitt livssyn og for det at me trur forskjellig, og kanskje ikkje trur i det heile tatt. Og så håpar eg at i alle fall ein del av dei får med seg allmennkunnskap som mellom anna inneber at dei veit korfor folk i Norge etter tradisjonen har feira dei kristne høytidene.
I morgon er det ein ny fridag utan vekkjarklokke. Akkurat det må det vera lov å nyta sjølv om eg er veldig glad i jobben min. Dersom nokon måtte lura på korleis ein del av oss lærarar har tuska til oss den fridagen, så er svaret at me har flytta ein planleggingsdag til timeplanarbeid på kveldstid. Det har me hatt denne veka, og nå er snart hovudlinjene for neste skuleår på plass.
Heidi

Etter ei veldig travel, men kort arbeidsveke, er det langhelg. Det kjennest velsigna godt at mange store og arbeidskrevande prosjekt nå er i boks, og at eg ikkje treng å strukturera fridagane rundt slikt eg må få gjort.
Det var og heilt fantastisk at det plutseleg var eit streif av sein vår og nesten sommar i lufta. Sola varma så godt. I hagestova som for tida er kombinert med å vera drivhus var det full sommarvarme. Eg hadde bestilt tid med gullungen og hadde herlege ettermiddagstimar i lag med henne. Etterpå var det fantastisk å bare liggja på sofaen i hagestova og ikkje trenga å gjera noko som helst. I kveld har eg sett Michelle Obama- dokumentaren som ligg på Netflix, veldig fint.
Nå skal eg passa på at eg har kopla ut alarmen på mobilen i morgontidleg. Morgonar utan vekkjarklokke er ein sann fryd. Ikkje minst kvelden før.
Heidi

Heilage sekund,
sjenerte og barføtte,
kan plutseleg vera der
utan å ha ropt høgt,
utan ein gong å ha sagt i frå på førehand.
Du anar kanskje smilehola
langs skydekket på himmelen
og så brest det heile opp
stort, andektig og stillfarande
ein flamme utan veike,
ei kvit due som streifar synsfeltet,
du pustar inn og ut
forsiktig og roleg
vil ikkje forstyrra,
ikkje pusta hol i noko.
Heilage sekund
kan plutseleg løfta deg
forsiktig ut av dagen og firkanten.
Det hender dei varer
i fleire minutt.
***
Sånn omtrent dette var det eg ville seia. Orda kan eg finpussa seinare. Det er opplevinga eg prøver å halda fast. Ho var der seinast i dag.
***
Og så vil eg gratulera Sunniva med dagen. Barna ber alltid med seg fragment av hjartet mitt, eg saknar dei alltid litt når dei ikkje er i nærleiken av meg. Oslo er ikkje så langt borte. Det er det eg fortel meg sjølv. Av og til får eg lyst til å syngja med Sally Nilsen på kav Stavangersk: «Kom hjem te na mor, kjera baden, kom hjem og få komla med dott». Sjølv om akkurat dette barnet ikkje er spesielt glad i komla, og sjølv om eg aldri har funne på å dytta kvitt fett inn i midten på dei komlene som ein sjeldan gong blir kokte i ei stor gryte ute på kjøkkenet. «… men alligavel…»
Heidi
Ikkje så ofte eg startar dagen med ullstillongs, skigenser, anorakk, overtrekksbukse, lue og vottar 18.mai. Varme klede gjorde susen, utedagen med elevane vart veldig fin. Fikk til og med skrelt av meg lue og vottar før me var framme ved målet. Elevane skulle observera fuglar og prøva å finna gjenstandar med gitt vekt og lengde. Det er kjekt å sjå at dei verkeleg koser seg med å få vera i lag med kvarandre igjen og med å gå tur.
Etter at elevane hadde gått heim var det først ein times planlegging av neste veke og så ein seks timars planleggingskveld med førebuingar til neste skuleår. Det blir eit spennande skuleår med nye elevar og nye læreplanar. I tillegg blir det spennande å sjå om me startar opp neste skuleår med «vanleg skule» eller om me framleis må tenkja kohortar, smittevern og tilrettelagde løysingar. Me veit liksom ikkje heilt kva verkelegheit me planlegg for, men det vil visa seg etter kvart.
Eg gjekk heim klokka kvart over ni og undra meg over kor utruleg lyst det er om kveldane. Det har liksom ikkje gått heilt opp for meg at om to veker så er me inne i sommarmånadane.
Eg kostar på oss to elevtekstar med collage som elevane laga i sist veke. Takk til Mari og Victoria for at eg får lov til å bruka tekstane deira.


Heidi

17.mai i skuggen frå Covid 19 viste seg med fasiten i handa å vera ein veldig fin dag. Me innleia med frokost i lag med barnebarnet og foreldra hennar. Etter frokost med både nysteikte rundstykke, eggerøre og kake som barnet med veldig nyvaska hender hadde fått vore med på å pynta, måtte eg og ho leika med duplofigurane.
Inspirert av fjernsynet som stod på, reiste figurane rundt i bil for å besøkja dei gamle og sjuke, og barnebarnet syntest dei og måtte få besøk av ei «syttemai-ku». «Hær æ de plass til tog», sa barnet og la ut ei togskinne med eit duplotog. Først seinare kom eg på at ho nok har høyrt om syttanda-mai-tog og hadde litt uklare formeiningar om kva det var. Sjølvsagt kom ulven forbi både ein og to gonger, så me måtte sitja klare med eit teppe å gøyma oss under. Synd at ho ikkje fekk med seg dagsrevyen i kveld, for der hadde dei eit filmklipp der ein ulv var på veg inn til sentrum i ein norsk by. Det hadde nok vore midt i blinken, og kanskje litt i overkant spennande.
Litt fjernsyn vart det tid til, og på slike dagar er eg lett å røra. Eg syntest det var ein flott idé at kongefamilien reiste rundt i veteranbilar og besøkte stadar der dei offisielt ikkje var venta. Dagens sterkaste inntrykk var då dei besøkte eit eldresenter der ein mann reiste seg frå rullatorstolen og vart ståande framfor kronprinsparet med bøygd rygg og ærbødig bøygd hovud. At Mette Marit sette seg heilt ned på huk i bunaden slik at dei kunne få blikkontakt, og vart sitjande slik for å snakka med han, var rett og slett vakkert. Eg las etterpå at han var tidlegare livvakt på slottet, så det kan jo vera dei kjende kvarandre godt. For meg vart det i alle fall ei forbilledeleg handling. Det å ta seg tid til å stansa opp og setja seg ned på huk der det elles ville vera nærliggande å gå vidare, det er det me bør gjera oftare. Det er slik me får kontakt med barn og med menneske som av ulike grunnar står med bøygd rygg. Begge deler kan fort føra til flotte og sterke menneskemøte.
Eg måtte kikka litt ut i gata vår for å sjå om nokon stilde seg opp for å synga nasjonalsangen klokka eitt. Det var det ingen som gjorde, men det var sikkert fleire enn meg som stilde seg opp i stova for å vera med etter beste evne. «Ja vi elsker» er forresten ikkje den songen eg drøymer om å syngja av full hals tett saman med kjende og ukjende. Eg har vel fram til nå til gode å koma opp på foreskrivne tonar på «Elsker, elsker det og tenkjer», dersom ein startar i eit nokonlunde normalt toneleie, for då ikkje å snakka om «den saganatt som senker, senker drømme på vår jord».
Songen går alt for høgt for meg, det hjelper ikkje ein gong å gå opp på tå og strekkja hals. «O helga natt,» er vel omtrent den einaste songen som er endå meir utilgjengeleg, men den blir det heldigvis aldri venta at eg skal syngja med på. Å halda fram med at eg synest deler av teksten i tillegg er vanskeleg å gå god, for sømer seg ikkje på 17.mai. Eg har ikkje problem med at fedrene har kjempa og mødrene har grett, eg synest det er atskillig vanskelegare å gå god for «har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett». Sett med vår tids briller synest eg det er ganske farlege tankar om at alle godene me har har me fortent fordi det er vår rett, og ikkje minst at det har blitt slik fordi «den Herre stille lempet». Men som sagt, det skal få liggja i dag. Eg veit at tekstutsnittet høyrer heime i ein annan kontekst.
La meg heller fortelja at andre pulje med gjester og vart veldig koseleg. I lag med mor, far, Odd Christian og Sonja koste me oss med 17.mai-mat som ikkje akkurat er kvardagskost i heimen: rømmegrøt, spekemat, flatbrød, salat, rundstykke og karbonader. Mor og far hadde med seg lefser og heimelaga rabarbragraut med fløte, og saman med kaker og moreller så vart det ein buffet som me kan leva lenge på. Rabarbra smaker så veldig av sommar, så det må vel bety at sommaren snart eller nesten er her…
I morgon er det ny utedag med vervarsel om to kalde varmegrader, så det er viss ingen grunn til å leggja klar shorts og bikini i den grad ein måtte operera med den slags antrekk. Etterpå er det planleggingskveld for komande skuleår fram til klokka ni om kvelden, så det er viss all grunn til å avslutta 17.maifeiringa før kvelden blir til natt slik det så ofte skjer før eg har fått sukk for meg. Når eg får spørsmålet ein gong i framtida om kor eg var då Oddvar Brå brakk staven eller då landet vårt ikkje fekk feira 17.mai på grunn av koronasmitte, kan eg alltids lura meg inn hit og finna eit fyldig referat. Ein veit aldri kva ein kan få bruk for…
Heidi

Sånn reint teknisk og datomessig er det 17.mai om ein halvtime, sjølv opererer eg med at den nye dagen startar når eg vaknar om morgonen.
Denne dagen vart det snakka om alt då me stengde ned 12.mars. «Korleis blir det med 17.mai?» , vart det spurd i fleire media. Sett i den store samanhengen kunne eg ikkje forstå at nokon brukte krefter på å bekymra seg for denne eine dagen meir enn to månadar fram i tid. Det måtte då vera det minste problemet?
17.mai blir det. For oss vaksne er vel på ein måte eit interessant eksperiment med ein litt annleis nasjonaldag. For barna er det litt annleis, men då me snakka om dagen og skreiv tekstar om dagen, så virka det som om dei fleste sjuandeklassingane hadde planar om 17.mai-feiring med familien, i rolegare former enn det dei var vane med, men at dei tenkte at det sikkert kom til å bli fint.
Dei melder om kaldt ver, men det ser ut til at regnet som det låg an til å bli faktisk har blåse over til den 18.mai i staden. Kulda talar nok mot anbefalingene om at folk aller helst bør leggja feiringa til hagen eller verandaen for å minska smittefaren. Her i huset skal me ta i mot litt gjester, herbuande barn, barnebarn og foreldra mine. Dei kjem litt puljevis og me skal laga 17.mai mat og pynta kake. Eg trur det kjem til å bli ei fin og roleg feiring. Eg har og tenkt å prøva å få med litt av sendingane på NRK. Eg trur dei har lagt sjela si ned i å leggja til rette for ein fin nasjonaldag i heimane.
I mange år var morgonen den 17.mai den travlaste i året med fire oppgira barn som skulle i bunadar og korpsuniform med nystrokne flagg og tidlege oppmøtetider på forskjellige plassar. Men det var fint. Ein ekstra stressfaktor eller gledesfaktor alt etter som ein ser det var at i dei første åra me hadde småbarn var det framleis ein tradisjon for at russen vekte lærarane sine sånn ca midt på natta. Det var ikkje så lett å få fire- fem åringer til å sova att etter å ha blitt vekte av hoiing og trompeter klokka halv fem når dei visste at nå var det 17.mai.
Eit velfungerande fedreland er verd å feira, og det er fint å minna kvarandre på det me har. Ikkje minst er det fint å tenkja gjennom korleis me vil fortsetja å ha det, og korleis me må innretta oss dersom me vil at barnebarna skal veksa opp med dei same naturressursane og den same samfunnssolidariteten som me sjølve har opplevd. Ingenting har nokon gong vore fullkome, heller ikkje i Norge, men me har mykje fint å ta vare på og byggja vidare på. Lenge tenkte eg at nestekjærleik og menneskeverdet til alle menneske var verdiar som kom til å stå sterkare og sterkare i eit meir og meir velutvikla samfunn. Eg tok det som sjølvsagt at slik skulle det vera. Det har gått opp for meg at det kan eg ikkje ta for gitt. Det er mange straumar i tida som skremmer meg. Kanskje er det slik at dette er tankar me må slåst for i all framtid fordi det finst andre og meir egoistiske måtar å tenkja på som eg trudde at sivilisasjonen hadde vakse i frå.
Dette var ikkje meint å vera ein 17.mai-tale, men bloggen er nå ein gong talarstolen min. Eg sluttar like godt med yndlingsnasjonalsongen min akkurat i det radiosendinga eg høyrer på tek meg over datogrensa.
Gud signe vårt dyre fedreland, og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand, og vinter for vårsol røma,
lat folket som brødre saman bu, som kristne det kan seg søma.
*
Og for at dette skal vera heilt klart. Korleis sømer det seg å bu i lag i eit land? Spør du meg er svaret nestekjærleik, varme, rausheit, respekt og solidaritet.
Ha ein fin 17.mai .


I dag lar eg Hedda frå 7.klasse få koma til orde. Ho skreiv denne teksten i skrivetimen på torsdag og eg har fått lov til å bruka han. Eg trur mange av oss kjenner oss igjen i både mange nye ord, mykje nyheiter og tørre hender etter all vaskinga.
Dagens første store opptur var at eg fekk til å levera kulturskulemanuset som eg strevde sånn med å få gjennom på internett i går. Eg får vri litt på eit litt slitt uttrykk og seia at det ordnar seg for snille kulturskulelærarar. Etter å ha lagt siste hand på det som skulle gjerast før utviklingssamtalane, så belønna eg meg med noko eg nesten aldri gjer, sette meg ned framfor fjernsynet med strikketøy midt på blanke dagen. Det føltest nesten litt uansvarleg.
Etter barnehagen tok eg i mot ei hoppande glad lita jente som hadde ete is i barnehagen og laga 17.mai-fest. For første gong sidan nedstengninga våga me å ta henne med innom oldemor og oldefar der alt var som før med potetkaker med sukker og ispinne barnestolen etter mormor på plass ved kjøkkenbordet og leikene etter mormor og syskena i ei stor korg i stova. Det var rørande å sjå kor glade alle var for å sjå einannan, og alt føltes nesten velsigna normalt bare med litt ekstra handvask og antibacing og klemmeforbod. Ho kunne fortelja oldemor at ho var på «øvenatting» hos mommor og moffar. Nå ligg det vesle velsigna vesenet og søv i sprinkelsenga si med to tuttar i kvar hand og så mange bamsar, kosedyr og bade-ender at det er så vidt ho får plass sjølv. Viss me er heldige så søv ho kanskje til klokka er bortimot seks i morgon tidleg.
Det har vore ein fin dag, det er godt å gjera dei normale tinga sjølv om me gjer dei med eit lite streif av redsel eller dårleg samvit. Kven skulle tru at eg nesten ikkje skulle våga å seia høgt at eg har besøkt foreldra mine. Redselen for å bli smitta eller mykje verre å smitta nokon som blir alvorleg sjuke ligg der, me får bare prøva å vera kloke og ansvarlege.
I dag på ei nyheitssending fekk eg sjå Erna og regjeringa dansa «Enig og tro til Dovre faller» på fjernsynet. Seinare høyrde eg dansen bli kritisert på radio. Nokon meinte at klovneri fekk vera for klovnar og at regjeringa har alvorlegare ting å tenkja på i desse tidene. Dansen er spelt inn for å vera med i eit barneprogram på fjernsynet 17.mai. I denne saka støttar eg regjeringa.
Heidi

I morgon har eg frilansardagen min, og har tenkt å jobba litt med ulike prosjekt, men nå har eg hatt så mykje å koma i mål med at eg har jobba seint og tidleg heile veka. Det betyr at eg kan tillata meg å ta det litt med ro.
Eg har nettopp lasta opp boka eg fortalde om i går, og har bestillinga klar. Det litt irriterande er at eg ikkje får bestillinga gjennom. Eg har jo heile tida hatt litt i bakhovudet at når eg bestiller frå utlandet, så kan det vera at det stoppar opp på eit eller anna punkt i forhold til koronakrisa, men eg har ikkje fått nokon hint som skulle tyda på at noko ikkje er i orden. Eg får kryssa fingrar og tær og håpa at eg får det til i løpet av morgondagen… Eg var i grunnen ganske fornøgd med å ha fått til heile prosessen utan hjelp frå min meir datakyndige mann, men nå er eg open for all hjelp eg kan spa opp for å koma i mål.
I morgon skal elevane få ei aldri så lita 17.maifeiring i skuletida som eit plaster på såret for at dei mistar 17.mai-arrangementa på skulen. All ære til FAU som så vidt eg har forstått er med og sponsar det heile. Eg håpar dei får litt betre ver enn det kan sjå ut som, men elevane våre er oppdregne i regn og nordavind og toler litt på verfronten.
Eg har lyst til å slutta med ein av elevtekstane frå boka i dag og. Eg gir ordet til Shannon, som er den eg trur har vore skrive-elev nest lengst av alle elevane eg har hatt. Det er gildt med dei som går lenge på faget slik at eg får fylgja utviklinga deira gjennom mange år på rad.
*
Jeg er
Jeg er tomrommet i verdensrommet som ingen ser.
Jeg er skyggen i mørket
og et vindkast i stormen.
Jeg er steinen på havbunnen du kastet da du var ti.
Et lite barns drøm, glemt med årene,
og de voksnes bekymringer.
Jeg er streifet av ukjent lengsel,
en vissen blomst langs veikanten.
Jeg er det du ikke bryr deg om,
overalt, men ikke synlig.
Shannon

Heidi

Etter mykje hardt og kjekt arbeid har eg og dei sju skrivejentene mine nå eit bokmanus nesten klart for trykking. Eg veit at eg ofte har skrive om kor interessant det er å arbeida med skapande skriving med barn og ungdom. I år er jentene i kulturskuleklassen min spreidde i alder frå 12-20 år. Det fine er at dei likevel er ei veldig fin gruppe som tek vare på kvarandre og oppmuntrar kvarandre. På tysdagar er eg ofte trøytt når eg etter undervisning og prosjektutviklingstid skal nesten rett på kveldsundervisninga. Så snart me er i gang så føler eg meg ikkje trøytt lenger. Det gir energi å vera i lag med denne gjengen. I siste liten fekk eg lyst til å ta med nokre av tekstane. Dei som får koma til orde her er Gabriele og Hannah. Det er litt tilfeldig, for her er det mykje fint å velja i:
Ho forstod ikkje
Ho hugsa den første dagen då det starta.
Dei stygge blikka i spegelen om morgonen og om kvelden.
Ho hadde merka dei store armane sine som bare hang der
som blaute klær på ein kleshenger.
Ho såg at det var stygt, men ho let dei vera der.
Den neste veka la ho merke til dei breie hoftene sine.
Dei likte ho heller ikkje.
Ho syntest dei fekk henne til å sjå feit ut.
Kvar veke merka ho nye ting.
Det siste ho merka
var at då ho ville sjå på ansiktet sitt i spegelen
så var spegelen heilt blank.
Det var sol ute.
Sola var fin.
Ho skulle ønska at ho var like fin.
Ho forstod ikkje
at den som hata det ho såg i spegelen
kunne vera fin.
Korfor såg ho det ikkje sjølv?
Kanskje det ikkje handla om å vera fin?
Kanskje det handla om noko mykje meir komplisert?
Kanskje handla det om å vera sola utan å sjå ut som ei?
*
Det var aldri nok
Du gjorde dette mot meg.
Du forventa aldri at eg skulle klara meg.
Eg skal ta fram nål og tråd og sy bitane saman.
Eg gav deg alt.
Det var aldri nok.
Ikkje eingong tårene
fekk det til å bli.
Nå står du der og ser på meg.
Du ser ut som du har tapt
ein million i Lotto.
Gabriele
*
Hjerte rimer på smerte
Hjertet, det låg der knekt.
Det hadde uansett blitt knust før eller siden.
Dette hjertet er ikke av glass.
Ikke kast det.
Fest blodårene sammen igjen.
Bind muskeltrådene sammen.
Dette hjertet skal ikke på søppelhaugen.
Det er knust,
men kan bli helbredet.
Lever det heller til gjenbruken,
eller ta det med deg hjem.
Hjerte rimer på smerte,
det er det en grunn til, kjære deg.
Og om det ikke rimer,
kan det uansett helbredes.
Om hjertet ditt er knust,
har du andre organer.
Du kan elske noen like sterkt med en lunge.
Det finnes alltid flere muligheter.
Hannah
*
Det er fint å sjå kor godt elevane i sjuande klasse synest det er å vera tilbake på skulen. For mange av dei er to månadar uendeleg lang tid. Fleire kom tilbake og hadde vakse minst fem cm. Dei synest det er litt trist at ikkje alle kan vera i lag i friminutta, og kanskje litt stress at dei må vaska hendene heile tida. Det å halda ein meters avstand er heller ikkje lett.
Eg merkar at ein blir sliten på to litt ulike måtar med fjernundervisning og klasseromsundervisning. Eg er glad for at me får desse vekene saman før dei skal vidare, og det er litt hjarteskjerande at eg med ein viss sannsynlegheit ikkje får dela ut avskjedsklemmar når me nærmar oss
St. Hans.
Livet er nesten i det normale hakket igjen. Me får håpa at det verste Koronastyret er over nå. Det får visa seg.
Heidi
I dag stel eg denne. Eg leita etter gode youtubefilmar til undervisninga og vart rørd av dette samspelet laga i to heilt ulike stover nå i mars.
Av og til ville verkelegheita hatt dårlege odds i eit stort pengespel. Kven ville trudd då me gjekk inn i det nye året at Norge kom til å bli omtrent heilt nedstengd i to månadar.
Kven ville tenkt seg at den tolvte mai det same året snødde det då barna gjekk til skulen der dei måtte slusast puljevis inn i klasseroma til handvask og kohortar?
Det er mykje me ikkje veit. Veldig mykje av det me fryktar kjem aldri til å skje, og mykje av det som skjer ville me aldri hatt fantasi til å tenkja oss.
Aprilsnø er eit ord for slikt som ikkje varer. Maisnø har me ikkje ord for ein gong, den pleier ikkje å koma ein gong.
Håp og vitaminar
Det finst masse håp og vitaminar
i knallraude rips
i svarte solbær
i oransje tomatar i drivhuset,
i grøn salat frå svart jord
i eldraude chiliar
og støvete blåklokker i grøftekanten.
***
Det me kan vita nesten heilt 100% sikkert er at nå kjem det ei årstid med mykje håp og vitaminer. Ho skal koma, om ikkje så brått.
Heidi