Gå til innhald

Første dag jul 2017

Etter særdeles travle veker før jul,  så har eg sett fram til rolege dagar frå i dag av… Det var fint å begynna dagen med roleg frokost med kaffi, nytinte rundstykke og aniskringler og selskap av Sunniva. Eg og Leif tenkte oss på juledagsgudsteneste i Brynekyrkja. Ein eller annan hadde kome på den utruleg sympatiske ideen å venta til klokka tolv med gudsteneste denne dagen, det var deilig å ha god tid.

Gudstenesten var mangfaldig og fargerik. Kyrkja er vakkert pynta til jul, og det var akkurat det rette føremiddagslyset som fekk blåtonane i glasveggen til å vera på det aller blåaste og finaste.  Uvanleg nok for den norske kyrkja starta det med evangelieprosesjon der Benjamin, som er heime på juleferie fekk svinga med eit stort røykelseskar, slik at lukta av røykelse gradvis spreidde seg mellom stolrekkjene. Ei mannsgruppe song a capella framme i koret som eit ledd i prosesjonen, og seinare i gudstenesta vart evangeliet, i dette tilfelle Johannesprologen om Ordet som vart menneske og tok bustas mellom oss, lese frå midtgangen framfor koret der to ministrantar haldt kvart sitt levande lys over boka. Dei andre tekstane vart lesne av Leif Andenes, klokkaren vår med ein eigen evne til å lesa tekstar slik at dei blir levande.

Det var fantastisk musikk i kyrkja framførd av kantor Per Olav på kyrkjeorgel, piano og trøorgel, og flinke unge musikarar på trompet og eufonium. Stein, soknepresten vår hadde og ein veldig fin tale, om ordet som vart menneske og om lengten dei fleste av oss har om å vera heile menneske. Han siterte eit utsagn eg aldri før har høyrt, og som eg har lyst til å hugsa til seinare. «I jula bør ein gjera som Gud og bli menneske.» Han siterte og eit dikt av Helge Torvund som eg liker veldig godt. «Gå heim og kyss din kvardag.» Eg hadde tenkt å by på det her, men fann det ikkje i sin heilskap på nettet, så det får venta.

05DBE41B-0ACC-4C76-8FED-49DD056EA37D

I staden vart det eit nærbilete av den fantastiske julekrybba me har i kyrkja som Synnøve ein gong strikka og sydde i lag med trinnet til Sunniva. Det viser noko av det som er mest underleg i kristendommen og som samtidig for meg gjer mest berekraft og sprenkraft. Gud sjølv vart menneske, og kom som det svakaste vesenet, eit nyfødd barn, seinare ein flyktning og eit forfulgt menneske som vart torturert og henretta. Både jula og påsken rommar merkelege mysterium.

87BB44E2-845B-4BC7-89D1-D21DCD7D22BE

Etterpå gjorde me som me vart oppfordra til, gjekk heim og kyssa vår kvardag, som akkurat i vårt tilfelle i dag var den dagen som tradisjonelt har vore minst kvardag av alle, dagar, første juledag.

Eg og Cleopatra fann fred på sofaen med ei bok eg har hatt lyst til å lesa, og som eg fekk av Halvard til jul, Carl Ove Knausgård si bok om Edvard Munch og kunsten hans. Ikkje før hadde me blitt fenga av historia, så vart me utfordra til å vera med og spela Bezzerwizzer, og det kunne me sjølvsagt ikkje seia nei til. Det er ikkje kvar dag me har sjansen til å bruka timesvis på å spela brettspel med Halvard og Sunniva. Så åt me restar frå julemiddagen som smakte godt i dag og. Framleis er det ganske mykje pinnekjøt igjen. Var det ikkje eg som skreiv så fint at nyttårsløftet var å ikkje kasta mat… Er det for seint å frysa det som er att, mon tru? Viss ikkje blir det viss pinnekjøt i to dagar til…

I dag har eg latt vera å gjera noko som helst av alt «som burde gjerast.» Det var så godt å «ikkje gjera noko som helst.» Dei ler inne i stova. Sunniva sine venner sit og spelar spel.
Det er koseleg med liv i huset. Minst to av dei har tenkt å overnatta. I morgontidleg får eg gjera som Torvald Stoltenberg i fylgje anekdotene hadde til vane å gjera, telja alle hodene for å finna ut kor mange frokostegg eg skal koka…

Heidi

 

 

 

 

Luke 24- Grundig julefeiring

Dagen gar vore lang og intens og god. Heldige er me som har gild familie å feira i lag med. Det vart ein travel føremiddag med alle barn og barnebarn og andre folk på koseleg stikk-innom-besøk mens mor og far og alle som hadde ledige hender sysla med potetskrelling, tilbereding av riskrem, dekking av bord, siste vask av golv og bad og trapper og siste runde med innpakking av gaver. Eg kom ikkje heilt i mål i år heller. Minst eit av romma i huset fungerte som det rommet ein aldri rakk å rydda og som me sette alle moglege andre ting inn på i tillegg til rotet som var der frå før.

Me nådde julegudstenesta akkurat og etterpå var me tretten til bords, fjorten med Iben utan at det talet førte noko gale med seg. Gjestene sitt medbrakte pinnekjøt og kålrabistappe smakte kjempegodt.

Og jammen vart me ikkje mette sjølv om kakemennene og krumkakene gjekk fløyten i går. Gjestene var av det slaget som gjorde kvelden ekstra triveleg. Det vart til og med ein omgang med gang rundt juletreet, det hadde eg aldri sett føre meg på førehand. Første forsøk på å flytta juletreet ut frå veggen førte rektig nok til at det nesten velta, det måtte ein liten folkeaksjon til for å få det trygt på plass i foten att med pynten på. Det er utruleg kva som let seg gjera med godt samarbeid.

Veslejenta gjekk frå arm til arm og fang til fang når ho var vaken og ikkje fekk mat. Det var til ein kvar tid kø for å få halda henne, og då det nærma seg oppbrot måtte eg insistera på at mormor og måtte få ti minutt. Det fekk eg, slikt kan ein ikkje nekta snille menneske på julekvelden. Nå er eg nesten ferdig med å rydda huset for andre gongen i dag, og det har lenge vore på høg tid å ta natta. Det har vore ein fin kveld. I morgon ser eg fram til å ta det med ro saman med dei som camperer her i huset.

Heidi

H

Heidi

Luke 23 -Litla julaftå

Flyet til Sunniva landa klokka kvart over tolv i går kveld, og det vart ei lang natt. I dag var alle barna + Oddvar og Iben her til frokost. Etterpå la eg og Sunniva i veg til vår årlege førjulsbytur til Stavanger. Vanlegvis er Ingrid i lag med oss, men i år passa det ikkje for henne. Eg hadde  3-4 julegavar igjen, og var glad for at me kom oss i veg. Kvelden i førevegen hadde dei meld så dårleg ver at me var redde at me i verste fall måtte halda oss heime. Jenteturar til Stavanger er noko eg set stor pris på, og yngstedotter mi er hakket meir effektiv enn meg, så me fekk ordna alt me skulle. For dei med is i magen kan eg anbefala julegavehandel lille julafta, dei fleste er på det tidspunktet ferdige med å handla og bruker dagen på andre syslar. Det var fredeleg og roleg og relativt lite folk i butikkane.

Sentralt på jenteturar i byen er kafebesøk. I dag vart det suppe på Ostehuset. Eg kjøpte spinat- og grønkålsuppe med hakka mandlar. Det smakte veldig godt. Godt brød fekk me og.

Etter end handel rakk me eit lite førjulsbesøk hos venner på Hinna. Vel heime skulle eg rydda huset, pynta peparkaker og laga heimelaga karamellpudding, hadde eg tenkt…

Nå er det slik hos meg at huslege sysler alltid tek lang tid hos meg. Det er godt eg er rask i ein del andre ting, elles så kunne det gått på sjølvtilliten laus…  Elvira Huskestuen har vore innom i all sin prakt. Då ho og hr Juleglede skulle flytta salongbordet som ein del av ei midlertidig ommøblering for å få plass til 14 rundt bordet, kom me til å tru at me kunne løfta eit salongbord med ein krystallvase full av roser ståande oppå. Det var ei feilvurdering, det skjedde ikkje noko verre enn at me måtte henta badehandkle for å få opp alt vatnet frå golvet. Fru Huskestuen hadde ikkje lært meir av dette enn at ho trudde ho kune bera fem store og tre kakeboksar i ein eingong ned trappa for å setja dei i matboda. I husmorens arbeidsbok ville dei sikkert ha konkludert med at det var typisk for upraktiske Elvira Huskestuen å oppbevara åtte kakeboksar på kjøkkenbordet, når huset skulle fyllast med julegjester. Kva har ein ei matbod til? Den øverste boksen datt av lasset på veg ned trappa, og i forskrekkelsen datt boks nummer to og… Loket på kakemannboksen datt og av, og dei fleste kakemennene datt ut, brakk og måtte kastast… Krumkakeboksen behaldt loket på, men då eg opna for å sjekka, var innhaldet knust til smular… Kanskje det kan brukast som ein variant av tilslørte bondepiker? Først tenkte eg at det kunne kanskje bli tid til å laga nye i morgon, men det viste seg at hr Juleglede ikkje hadde fått tak i multer til multekremen som skulle høyra saman med krumkakene… Det blir sikkert nok mat, og fru Huskestuen bør luska i seng nå og få seg litt søvn. Plutseleg er det bruk for hanne i morgon og… Kven veit…

Heidi

Luke 22- Dei kortaste dagane blir dei lengste

Det er nesten som det bibelske prinsippet om at dei første skal bli dei siste… Sidan dei kortaste dagane ikkje strekk til, blir dei ekstra lange… Klokka er halv tre om natta, og det er kanskje på tide å landa dagen. I dag her eg hatt ein fredeleg dag som barnevakt for ho som på gode dagar er det fredelegaste og mildaste vesenet som tenkjast kan. Det er interessant å sjå kor mykje ein nesten nyfødd baby kan signalisera med kroppsspråk og lydar utan å ty til skriking.  Ho er ganske tålmodig med den gryntelyden som fortel at ho snart kunne tenkja seg eit måltid, ho gryntar ganske lenge før ho tyr til skriking, det er nesten bare i bruk i dei tilfella den vaksne ikkje ser ut til å forstå noko som helst. Heldigvis tek ho mat frå flaske utan problem, det gjer det mykje lettare for dei som skal vera barnevakt og dei som skal gå i frå. Ein dag med strikking, kaffi, P2 og babykos var akkurat det eg trengde i nå.

I ettermiddag vart eg plutseleg heilt nøydt til å vaska kjøleskapet fordi eit olivenglas hadde velta og lekke utover alle hyllene. Eg hadde eit håp om å få teke det før jul, og det viste seg å vera endå meir nødvendig enn eg trudde… Me har eit stort utviklingspotensiale på det å ikkje kasta mat. Eg trur det får bli nyttårsforsettet… Grønnsakar blir gløymde og blir liggjande alt for lenge og opna glas med tomatpure og liknande blir ståande og mygla. Me kjøper inn fancy sausar og tilsetningar til bestemde matrettar, og så blir resten av det opna glaset ståande til det må kastast… Eg trur løysinga må vera å bare kjøpa det me veit at me får brukt opp… Det verste er at eg får ei slags vegring mot å få ete opp restar, dersom det ligg eit blomkål i kjøleskapet som burde etast opp, så får eg ofte utruleg lite lyst på blomkål. Me tilhøyrer ein bortskjemd generasjon og kultur og eg innser det… Nå er kjøleskapet vaska og reint, og pose etter pose med matavfall er tømt i den brune dunken…

 

I kveld har eg kost meg med å pakka inn julegavar. Eg hadde ganske mykje liggjande, så det tok si tid. I morgon skal eg ut og kjøpa dei siste gavane. Eg håpar det er så fint ver at eg og Sunniva får gjennomførd den planlagde Stavangerturen. Dei melder skikkeleg uver, men me står i litt regn. Verre er det viss det blir storm. Me får satsa på det beste. Me skal i alle fall ta det med ro i frå morgonen av. Sunniva sitt fly var forsinka og landa først eit kvarter etter midnatt. Når ho var vel heime måtte me prata litt og eta kveldsmat. Så koseleg det er at huset fyllest opp.

Heidi

Luke 21- Den mørkaste dagen i året

852205D6-2E69-459C-A99E-D3F368725128

Den mørkaste dagen i året har vore lang og innhaldsrik, og har nå gått over til natt.  Siste skuledagen samlar lærarar og elevar det dei har att av krefter og innsatsvilje og så prøver me å få til ein fredeleg og fin slutt på dei heidundrandes skulevekene det alltid blir rett før jul og som står i teiknet av limpistolar, glitter, peparkaker og forestillingar. Eg trur det er fine og nyttige veker for både små og store, og nå treng me å landa og pusta litt roleg inn og ut før det er på tide å gå tilbake til «normalskulen i januar.»

Etter ein liten pustepause for dei tilsette på skulen med riskrem, mandel, julesong og tale var det å gå rett laus på neste etappe som festarrangør og dekoratør i heimen…

9F8DDBB5-BCFA-4E7A-B081-AB88E10B45AA

Eg trur eg har nemnd at medan andre melder at juletrea deira blir finare for kvart år, så må mitt bidrag til sinnets munterheit vera å nemna at om dei ikkje blir styggare og styggare, så held dei fram med å vera veldig rare… I dag prøvde hr og fru Juleglede å retta opp treet som i tillegg til å vera ekstremt høgt under greinene ( høyrde eg nokon nemna ordet sag), spesielt på baksida. Me har fått ein ny finurleg juletrefot etter å ha prøvd det meste av patentar. Denne virkar nærmast etter revesaksprinsippet. Ein pressar treet ned i ein ring og så sprett det opp metalltaggar som skal halda det på plass. Dette hadde skjedd, men treet var ganske skeivt. Me hadde ein seanse der fruen låg på magen under treet og lirka med foten (ja det var plass) medan husherren prøvde å retta det opp… Det å saga av stammen litt lenger oppe var på ein måte ikkje så aktuelt så lenge alt pynten var på…

Eg: Eg lurer bare på korfor me alltid ender opp med sånne merkelege tre…
Han: Det er for at me skal bli minna på det vakre i det ufullkomne…

Han veit å svara for seg, det skal han ha, juletrekjøparen min. Eg håpar ikkje det er eit ledd i ein konspirasjonsplan som ender med innkjøp av kunsttre… Dit er eg ikkje interessert i å koma… Han foreslår forøvrig at me kan ha englar og nissar sitjande på små stolar under treet når pakkane er opna og borte….

70D869BA-3838-4C6A-8AD4-0508C2380F47

Dagens aller finaste høgdepunkt var julekonserten i Undheim kapell med Bjarte Lending og Jorunn Undheim. Det var heilt nydeleg.

Så var det heim att til pyntinga. Min foreløpige slagplan er å pynta først og så rydda… Det to er kjedelegast…

Nå bør den mørkaste dagen i året bringast til kvile om natta skal bli lang nok. I morgon kveld kjem Sunniva heim frå Spania, og då skulle eg gjerne ha huset pynta og rydda. På dagtid skal eg vera barnevakt. Det gler eg meg til.

Heidi

Luke 20- Juletre

55782F12-4106-40C0-8928-580867F7D153

Mot all gammal vane, så har eg pynta juletre i dag, så kanskje eg er på gli mot tidsånda og resten av verda. Halvard hjelpe meg å få det på fot, og mot all normalt så lyste juletrelysa ved første forsøk.

Eg vil absolutt ha eit ekte tre og ikkje noko juks, og av ein eller annan grunn ender me alltid opp med tre som på grunn av forma aldri vil mistenkjast å vera kunstige… Kven vil ha eit kunstig tre som må lena seg mot veggen for å stå oppreist, liksom. Det har nokre av våre tre måtta gjera. Dette står fint på eigen fot, men på den eine sida er det veldig langt opp til greinene, me får snu og venda på det til me blir nokonlunde fornøgde… Erfaringa tilseier at når me har hatt treet eit par dagar så er me blitt glade i det og synest det er fint. Meir pynt har me og, både til treet og resten av huset.

Neste gong eg skriv her har eg juleferie 🙂

E0A4720B-7E0F-44A2-9BE2-32DDC3B25FCAHeidi

Luke 19- Den travlaste dagen

Dette trur eg har vore den travlaste dagen i heile adventstida. Femte klasse har hatt øvingar og forestillingar i heile dag, og sidan eg hadde vakt i matfriminuttet, matvakt med ein klasse og eit møte før fellestida, så gjekk det i eitt heilt fram til halv fire. Så rakk eg å førebu timane i skapande skriving før det var undervisning i kulturskulen. Heldigvis gjekk alt saman bra, så det handla mest om å skunda seg langsamt og bare vera til stades i ei lang rekkje av hendingar utan å la seg stressa. Etter ein tolvtimars arbeidsdag var det rett heim til ei lita familiesamling med pizza og etterlengta kos med barnebarnet, til slutt sovna eg litt framfor Jul i Flåklypa, og nå driv eg og planlegg vikartimen i morgon medan eg skriv dette. Nå skal me bare losa elevane gjennom to skuledagar før dei får juleferie, og så skal eg mekka litt på prosjekt «Jul i heimen». Det blir interessant å sjå kva eg rekk og ikkje rekk.

Eg har så sansen for teksten under av Vidar Sandbeck. Eg måtte kopiera han frå eit tidlegare år på min eigen blogg. Merkeleg nok var det innlegget og skrive den 19.desember, det må jo tyda på at eg i forbløffande grad ligg likt med eige skjema.
Teksten gjer verkeleg eit poeng av korleis me kan gira oss opp i turtal og ta heilt av…
Eg vil nødig utøva gammaldags kjønnskonservatisme, men i fylgje ryktene om statistikk, så er det ikkje representantar for kvinnekjønnet som står på bensinstasjonane klokka seks på julafta og skal kjøpa julegavane til familien sin. Kanskje nokre av oss kunne hatt godt av å læra bittelitt av dei som faktisk står der…

Heksedansen
Og kjerringa hopper i serken sin og kaster seg rundt som en virvelvind
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Ho fær over golvet så fort ho vinn med pompen i været og knea inn
For den som vil ligga litt føre sin neste, den kan itte sovå når sola skinn
Refr.
Med tida er så alt for knapp
kan hende, kjem ho for sent for sent til livets ende.
 *
Og kjerringa stamper i stua inn, med kluter og koster og pusseskinn
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Ho drev på i går tel ho nesten datt, med lyt a tørk over
gølvet att
For katta ho fly her med sølete labber og rakker tel huset hør enda natt
Refr………………..
 *
Det kan itte seile sin egen sjø, om ryggen blir rundt som et grislebrød
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Og dagen den går i en heksedans, med filler og såpe og møbelglans
Og når ho er ferdig da tar a det omatt, og om att og om att foruten stans.
Refr…………
 *
Og kjerringa roper åt gubben grå, Du får itte kom inn med skoa på
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Og kjerringa rydder den sene kveld, det gubben og onga har rota tel
Med tobakk og pipe og bøker og bilder og klosser og sneller og ludospell
Refr………………
 *
Og kjerringa vasker og gnir og gnur, og aldri ho tar seg en løpartur
For støtt er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Og gølvfilla går i en evig ring, nei maken det fins itte her omkring
Så hvis at ho kjem i sin egen begravelse vil det bli tå de store ting.
Refr………………
Vidar Sandbeck

 

Heidi

Luke 18- Den mørkaste veka i året

82F5FC5F-360C-4AA1-9B9B-28C85E23E99B

Det er viseleg at me feirer den store lysfesten vår i den mørkaste veka i året. Når det er mørkt store deler av dagen er det mykje gildt ein kan gjera inne. I kveld har eg vore i forening med gode venninner. Dei fleste av oss har kjent kvarandre sidan me gjekk på vidaregåande skule, og dei siste tretti åra har me møtt kvarandre omtrent ein gong i månaden for å dela nytt om livet.

Til å begynna med meiner eg me var relativt flittige med handarbeidet, så kom det ein lang periode der me sjeldan såg snurten av ei nål eller ein strikkepinne når me var i lag. Nå har ei ny strikkedille kome over oss, og i kveld har dei fleste av oss sitte med nasen i strikketøyet og mest ikkje hatt tid til å eta. Nokre av oss har nesten gitt opp å få produktet ferdig i julegavetid, andre har ikkje for vane å gje opp før me absolutt må. Heldigvis tilhøyrer me alle det kjønnet som er gode på multitasking, så me skravlar ganske godt sjølv om me tel maskar og rettar opp i innvikla ting som har gått gale fem omgangar lenger ned. I dag serverte Guro oss kaffi i nesten antikke mokkakoppar, det er klart at han smakar ekstra godt då. Eit eller anna klokt menneske har sagt at syklubben er like viktig for kvinner si psykiske helse som psykologstanden. Eg ser ikkje vekk frå at det kan vera noko i det.

2B67EE85-8A0F-4552-B079-38821949A5D9

I dag sykla eg til jobb i håp om at isen var regna vekk. Det var eit hasardiøst prosjekt. Sykkelstien var full av issvullar og stålis med regnvatn på. Eg kom meg like heil både fram og tilbake, og på dei glattaste partia var det bare å hoppa av og klamra seg til sykkelen så godt ein kunne. Eg veit ikkje om eg vågar meg på same turen i morgon.

I dag fekk eg spørsmål om eg kunne ta ei ekstra matvakt med elevane. Då måtte eg innrømma at eg hadde svara ja til å bli intervjua av ein journalist i matpausen. Fint skal det vera… Heldigvis har eg gode kolleger så det ordna seg…

I morgon er det den store forestillingsdagen i femte klasse. Eg prøver å mana meg sjølv til å hugsa at eg har lova å ta med ei skål med grøt og fire mandlar… Eit juleforkle kan eg kanskje og fiksa. Me får kryssa fingrar og tær for at dette skal gå bra, det gjer det som regel, og denne gongen har elevane vore veldig flinke til å pønska ut mesteparten av programmet sjølv.

Ettermiddagstimane vart brukte til å klargjera resten av juleposten og baka store mengder aniskringler til nedfrysing. Viss eg er heldig har nokon hjelpt meg litt med ryddinga til eg kjem heim frå kulturskulejobben klokka åtte i morgon kveld… Nå trur eg at eg må prioritera søvn framfor det husmoderlege…

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Luke 17- Tredje sundagen i advent

8BC4E449-221F-4999-B7EC-8D9172365DCE

Så vart det jammen skrive eit julebrev i år og, og me har fått gjort klar alle pakkar som skal sendast med posten. Eg gløymer litt frå år til år kor pass lang tid det tek å få gjort det som gjerast skal. Koseleg er det og at huspianisten har kome heim på juleferie, så eg har hatt både pianomusikk og tende adventslys til arbeidet.

Utpå ettermiddagen reiste me ut i vinterveret som var blitt til skikkeleg ekte jærsk regnver igjen. Me hadde ein runde med bøker som skulle leverast slik at dei skulle kunna bli julegavar sånn litt rundt omkring. Med litt tungt hjarte måtte me takka nei til kaffi og sosialt samver opptil fleire plassar. Melding til dei det gjeld dersom dei les her: Me får ta det igjen seinare. Eit par kaffistopp fekk me likevel klemd inn. Det er viktig å ikkje bare jobba på ein sundag, sjølv om denne sundagen frå gammalt av vart kalla «skitnesundag» fordi det mot normalt var lov å jobba for å koma i mål til jul. I stova til Torhild og Per Magne var det julepynta alt i oransje og lilla, og kaffien smakte usedvanleg godt.

I dag kom eg til å tenkja på  at eg faktisk hadde nokre adventrelaterte tekstar i den siste diktboka. Eg har ikkje brukt dei til opplesing, så eg hadde nesten gløymt dei, men her kan det vel vera rette plassen til å få brukt dei…

***

Vona om ei god jul

I regntunge adventsdagar
med forventningar i den fuktige lufta
og fletta julekorger i trea,
går menneska gjennom gatene
med tunge bereposar i hendene,
og vona om ei god jul
i tankane og kroppane
vemodsvakkert modige
i skjæret frå kulørte lykter.

 

Vona om det gode

Sprøare enn peparkaker i desember
og lettare enn ballongar i juni,
enn lyset og dei lette slørskyene,
enn dei høge stripete tårna
med russiske løkkuplar
er vona om det gode.
La ho bera songane våre,
bera alle oss som syklar,
lett vaklande
på einhjulssyklar med narrehattar
og trur.

Heidi

 

 

 

 

Luke 16 – Førjulsdag

763A051A-C0F1-45E7-B16A-10B1D36B6D31

I dag hadde eg lagt så mange planar for meg sjølv at eg aldri kom meg ut i det som kan visa seg å bli den flottaste vinterdagen denne vinteren. Eg får trøysta meg med at det var veldig koseleg å sjå ut på sola som blenkte i snøen medan eg dreiv på inne.

Eg hadde nemleg fått den ideen at i dag var det baking som var tingen, og i kjøleskapet venta det ferdig deig. Eg har høyrt fleire av dei som ikkje har vakse opp med det seia at kvite kakemenn forstår dei ikkje heilt vitsen med, det smakar jo stort sett ingenting, I dag måtte eg verkeleg kjenna etter, og må bare melda at det er smaken av jul frå barndomen… Eg hugsar at mor til ei venninne teipa igjen kakeboksane fram til jul. Kanskje det er det ein burde gjera…

Ein av dei andre grunnane til at eg ikkje kom meg ut på tur var at eg hadde annonsert at i dag skulle eg vera heime i tilfelle nokon ville kjøpa bøker. Eg fekk då etterkvart koselege besøk av eit par kjøparar. Midt i det heile stod plutseleg Halvard på kjøkkenet. Han kom heim utan å gje beskjed om når han kom, og det var kjempekoseleg å plutseleg ha han heime, det var nesten som det vart jul i huset.

B5B74C04-044F-4332-997A-68A072920657

I kveld har eg vore heime aleine, og eg har kost meg med andre typar juleførebuingar og høyrt på radio. På P2 har dei rett og slett hatt fleire lyrikkprogram i dag, og eit av dei har eg høyrt to gonger. Eg liker så godt å høyra når nokon les dikt for meg, og i dag høyrde eg mykje eg ikkje har høyrt før. Eg slår gjerne eit slag for P2, når eg først er i gang, viss eg får bestemma blir det stort sett bare den kanalen.  Ein lørdagskveld med radio og sitt eige selskap er rett og slett ikkje til å forakta.

Heidi