Nå er me vel heime att etter endå ein nydeleg dag langs vegane. Eg kan ikkje la vera å skriva om kor fint det er når naturen vaknar til live att og alt plutseleg ser ut til å bløma samtidig. Noko av det som truleg gjer at me blir som trollbundne av alt det vakre, er at det er så flyktig. Me veit at noko av dette går over før me får tenkt oss om. Den eine dagen står kirsebærtreet kledd i blendande kvite blomar, neste dag er graset fullt av kvite kronblad, og når det blir helg att er det heile over. Slik kjem og kjem livet i spiralforma rørsler gjennom dei same roma i livet gong etter gong, og me veit med eit streif av vemod i halsen og tårekanalane at me samtidig blir førde gjennom dei litt lengre årstidene i livet, dei som me bare får vera med på ein gong kvar.
Og i dag skal me vera takksame for at me framleis er her alle saman, og framleis har sjansen til å dela våren, sommaren og hausten med.
Så snurrar me gjennom denne rare festen av ein vårmånad, som kanskje er den travlaste i heile skuleåret, for dei av oss som har livet vårt der. Samtidig er det alle desse langhelgene og høgtidsdagane og alt som feirast skal. Nå skal eg inn i ei kort, men intens arbeidsveke med to planleggingskveldar for neste skuleår, og mange tidsfristar som eg skal kappspringa med. Dei lover oss varmt og fint ver i morgon og. Det er aldri feil.
Ha ein fortsatt fin mai-månad, det har eg tenkt å ha.

Heidi

Det har vore endå ein nydeleg forsommardag. I føremiddag var eg på besøk hos Tove på Høvik Me gjekk tur i skogen og plukka nydelege liljekonvall. Etterpå gjekk me langs sjøen og sat lenge på ein benk og såg utover havet og snakka om livet og ting me opplevde i lag som kolleger i mange år.
Etterpå vart eg henta av Leif og me besøkte Astrid og Einar saman med alle i Bærum
som var heime i Bærum i dag. Spesielt kjekt var det å møta fjorten månadar gamle Sofia for første gongen. Først nytte me sommersola ute i hagen, så gjekk me inn for å kosa oss med kaffi og kaker.


I kveldinga køyrde me ned til Oslo der me byvandra litt på Grønland og i gamlebyen. Me møtte Halvard til middag på ein liten indisk kafé, og etterpå fann me ein ny plass der me kunne sitja ute i sola og drikka kaffi og prata.
Dagane her har vore gode, lange og innhaldsmetta. I morgon ber det heimover att.
Heidi
Nettlukka står meg ikkje heilt bi i kveld. Det virkar som om nettet er litt ustabilt slik at det eg skriv plutseleg er borte igjen…
Eg får derfor gjera dette mykje enklare enn eg hadde tenkt. Dagen har vore nydeleg, temperaturane slik ein ofte bare kan drøyma om i juni og juli, og syrinane blømer om kapp med syrin og brudespirea.
Eg og Eva Mari har vore på biltur med opne bilvindu og vind i håret. NRK er i streik og dei sender stort sett bare musikk, så me har gaula om kapp til gamle songar frå barndomen:
Er det underlig man lengter bort i blant,
til en sommerseng i en kløvereng mellom jordbær som vi fant…
Og
Jeg elsker Carmen, Carmen elsker meg… Me nådde målet og hadde ein nydeleg dag på Blåfargeverket på Modum. For ein vakker stad.
Me hadde gløymt at dei stengde tidleg i butikkane på pinseaften, men saman med alle dei andre som hadde gløymt det, fann me ein liten sundagsopen butikk, så vart det rømmegraut til middag likevel.
Me sat ute på terrassen heilt til halv elleve med levande lys i glaslyktene.
Minstejenta fyller 25 i dag. Gratulerer med dagen, Sunniva ❤ Eg gleder meg til å få deg heim frå Spania snart.
Heidi
Det har vore ein fantastisk fin 17.mai. Veret har vist seg frå ei ganske sjarmerande side det og. Dersom me hadde hatt vekevis med regn, ville me blitt overlukkelege om det kom ein nasjonaldag med blå himmel, sol og kald vind. Nå har me vore bortskjemde med sommarvarme, så då legg me litt betre merke til vinden. Kombinasjonen litt overtrøytt lærar, ein porsjon pollenallergi, ein eksplosjon av lærar og barn i bunadar og korpsuniformar og det å vera generelt lettrørd, vart nesten litt i overkant for meg i dag. Då eg skunda meg mot sentrum for å møta Ingrid, Oddvar og Iben for å sjå på barnetoget, var allereie mascaraen i ferd med å renna bort. Så måtte eg jo ta meg saman ved synet av eit stykk barnebarn med bunad, flagg på vogna og blondeskaut, som sat og smilte med to miniatyrtenner og var klar for sin første 17. mai. Hadde det i tillegg dukka opp eit mannskor med kvite songarluer, hadde eg sikkert begynt å hulkegrina. Triggarane for rørelsestårer er ikkje alltid forutseielege, barn med tende lys i hendene er så sin sak, men eg snufsar like inderleg over skulekorps, mannskor og eldre menn som sit aleine på kafé og et middag. Det mest pinlege er at eg ofte blir rørt på foreldresamtalar når eg skal fortelja ei mor eller ein far kor fantastisk barn dei har. Det siste er nesten på grensa til det litt uproffe…
Sidan eg var komen i mål med masse god 17.mai mat, tok eg ein spontanoppsamling av alle søsken, svograr, svigerinner, søner, døtrer, svigerbarn, barnebarn og foreldre som er i nåbar avstand og inviterte til samling etter barnetoget. Alle dei varsla dukka opp så på det meste var me tretten til bords. Det vart veldig koseleg. Klokka seks skulle eg lesa dikt og fortelja på 17.mai-fest på Saron. Slike oppdrag er alltid litt spennande, men alt gjekk fint og folk høyrde etter. Eg har fullt av uskrivne tekstar og mengder av kreative idear i hovudet, som eg av og til får veldig lyst til å setja ut i livet. Langt der bak sviv det ei forestilling som eg ikkje får heilt fred for, men sidan dei andre involverte ikkje veit om det endå, skal eg ikkje skriva meir om det her. Eg vandra lykkeleg heim frå Saron med ein veldig lang blomsterbukett med liljer og lange strå. Det var ein kunst å få han heilberga heim utan at han brakk i vinden, men eg klarte det faktisk.
I morgon tidleg set me oss i el-bilen og kjører til Bærum for å feira pinse der. Det skal bli fint. Det kjem til å bli ein del ladepausar, så eg burde pakka i kveld for at me skal kunna koma oss tidleg i veg i morgon, men eg trur rett og slett at eg er litt for trøytt, det får bli litt full fart pakking i morgon og kanskje litt ekstra søvn før me reiser. Det er jo lyse kveldar nå; Eg har kome så langt som til å finna fram sommartøyet frå kjellaren, dei melder ikkje så verst ver, trur eg.
Sunniva har hatt sin siste eksamen i dag. Når ein studerer i Spania så risikerer ein å bruka 17. mai til den slags. Nå skal ho bare ha ein praksisperiode på ein norsk skule i Spania, så er ho rett og slett utdanna lærar ho og. Eg håpar ho blir like fornøgd med yrkesvalet som eg har vore.
Heidi
Teknisk sett er det 17.mai allereie, men eg opererer med at ein ny dag begynner etter at det har vore natt, og eg har sove. Det kan koma til å utvida døgna bittelitt, i alle fall liker eg å inbilla meg det. Nå har eg prøvd å førebu dagen i morgon og eit planlagd besøk der «foreldre og barn og litt til» er inviterte på besøk etter barnetoget. Eg kan dessverre ikkje by på eit nyvaska hus med reine vindauge og lukt av grønnsåpe, det rakk eg bare ikkje. Derimot har eg bakt ei ganske avansert kake som eg aldri har prøvd meg på og laga heimelaga rips-is i store mengder. Det har eg aldri prøvd på før, men eg veit at det smakar kjempegodt.
Det med husvasken var ikkje ironisk meint om nokon skulle tru det. Eg nyt å bu i eit reint og ryddig hus, det er bare relativt sjeldan eg verkeleg får oppleva å gjera det. Vaskehjelp kvar fjortande dag hjelper på, då må det ryddast på førehand. Elles så får eg bare innsjå at med mine prioriteringar, som ser ut til å vera bortimot uhelbredelege, så er det ikkje tid til så mykje husarbeid som skal til for at alt skal vera fint til ei kvar tid. Kanskje eg kjem dit ein vakker dag. I dag har eg forresten laga eit heilt nytt ord. «Katteluking» Det har ikkje med luka i kjøkkendøra, der katten går ut og inn å gjera. Det er bare rett og slett lukevarianten av ein kattevask. Eg innsåg ein gong ut på ettermiddagen at ein skikkeleg opprensing hadde eg ikkje tid til, så katteluking fekk duga…
I ettermiddag nådde eg ein trilletur i vinden med godlabadne, ho er eit blidt og tålmodig menneske som eg helst vil vera i lag med alltid. Då eg sykla heim i sju- halv åttetida hadde dei pynta så fint utanfor skulen rett her borte med norske flagg og bjørkelauv. Det skulle ikkje meir til for å få eit litt overarbeida og lettare sentimentalt menneske rett inn i 17. maistemning. Eg har prøvd å pynta litt her heime og. I tillegg til det som lot seg finna i beda, kjøpte eg ein billig bukett med raude roser, og gleda meg over å laga 17.maibukettar. Eg gleder meg til i morgon. Eg har alltid likt nasjonaldagen, og han er blitt ganske mykje meir lettvint når me ikkje lenger har ansvaret for oppgira ungar som ofte hadde problem med å sova natt til 17.mai. I tillegg var det slik at det ofte dukka opp russ i morgongryet for å vekka lærarane sine, og sidan eg deler hus med ein av dei, kunne det bli vekking med mykje lyd. Slikt har dei slutta med. Me skal ikkje pynta fire ungar i bunadar, eventuelt korpsuniform og få dei av garde i rett tid til eit barnetog som tidlegare skulle i veg mykje tidlegare enn nå. Me har ikkje ein gong russ i heimen å bekymra oss for lenger, så 16.mai-livet burde vera ganske roleg. At eg framleis ikkje er i mål tyder vel på at me tilpassar oss nye fasar slik at me klarer å få det travelt då og. I dag sluttar eg med den finaste nasjonalsongen eg veit, fedrelandssalmen er mykje meir lågmælt og sympatisk enn «Ja vi elsker,» synest eg.
Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand,
og vinter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu
som kristne det kan seg søma.
Nå er det i Noreg atter dag,
med vårsol og song i skogen,
om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud den gode såd
til groren ein gong er mogen.
Elias Blix
God 17. mai kjære landsmenn.
Heidi
Etter ein lang og fin dag med nesten tolv timars arbeidsdag og gildt samver med fine damer til langt på kveld, får det bli ein kortversjon av blogging i dag og. Eg held fylgje med meg sjølv i løypa, og har nådd dit eg hadde bestemt meg for å nå pr i kveld. Det er ei god kjensle, for eg har jobba veldig hardt i det siste. I dag gir eg ordet til Oskar Stein Bjørlykke, ein fin lyrikar og flott person som eg har hatt gleda av å samarbeida med ved fleire høve.
Lukka, hu kan vera sjeldan
hu.
Men av og te når ho kjem tuslande
te meg på sokkaleisten, ein sånn
heilt alminnelege dag, så seie eg da
no òg:
Har du kanskje vore her heila tido,
du
Oskar Stein Bjørlykke
Så får eg seia til meg sjølv som ein seier til småbarna: Det var en deilig, deilig dag, men tenk nå er den over, og alle som er riktig snille….
Kanskje eg får prøva å vera snill eg og. Dei har så få timar, desse dagane mine, og eg er eit grådig menneske.
Heidi
Eigentleg hadde eg planlagt å skriva noko anna, men i kveld får det bli dette, sidan tida ikkje strakk til. Kven veit, kanskje ein eller annan der ute treng denne teksten meir enn den eg eigentleg hadde tenkt å skriva. Eg brukte han i kyrkja i går. I løpet av helga opplevde eg fleire gonger at nokon kom og takka meg fordi ein tekst eg hadde skrive plutseleg hadde blitt viktig for dei. Det er ein av dei rare tinga med å vera levande… Plutseleg legg me frå oss noko og utan at me veit det, kjem det nokon forbi som har bruk for det. Teksten i dag er ein del av ein lengre tekst frå ei av diktbøkene mine, han handlar om å bera trøysta ut i verda.
***
Trøysta, trøysta mitt folk,
seier Herren.
Eg er send ut med ordet trøyst i panna.
Trøysta, trøysta mitt folk.
Ikkje har eg nøklane til hemmelege låsar.
Ikkje kan eg formlane
til kodane ingen kjenner.
Eg som bare står her
med kallet
ei raud rose mot nakne hender
med grøn stilk og med tornar
peikande mot jorda.
Trøysta, trøysta mitt folk.
Heidi
Det er sundag. Me har vore mange rundt frokostbordet med nybakte grove scones og svart kaffi. Barnebarnet har for første gongen site i den blå tripp-trappstolen som nesten hadde skifta farge etter å ha stått i kjellaren i tjue år fordi ingen her i huset trong han lenger. Det er noko med å sitja rundt bordet saman. Me har vinka farvel til gjesten vår og rydda litt. Eg har lese ferdig ei bok eg vil skriva meir om ein annan dag.
Nå sit eg her og førebur mitt bidrag til kveldsgudstenesta i dag, som er organisering av bønnevandring. Tidligare biskop Ernst Båsland skal snakka om håp. Eg trur det blir fint. Eg har leita litt i diktøkene mine fordi håp er noko eg er genuint oppteken av. Eg har funne mange tekstar, og ein av dei følte eg rett og slett for å dela her i dag, Dette får bli min «sundagstekst» i dag.
Med tilliten sitt barneblikk
Som eit nyfødd barn
strekkjer eg armane ut
og let tyngda vere tillit
Alltid bare tillit,
slik skal eg bera
meg sjølv vidare.
Det er nå
resten av livet mitt
begynner og begynnar.
Med tilliten
sitt barneblikk
stirrar eg morgonen
rakt i auga
heilt til eg får blikkontakt.
Heidi
(Og i tilfelle nokon fekk lyst til å koma på kveldsgudsteneste i Brynekyrkja, så er tidspunktet klokka 19.00)
Me kan ikkje kasta vekk tida når me har fint besøk på Bryne. I dag har eg og Eva Mari vandra litt i Bryne for å visa fram den «nye byen», me har ete lunsj på kjøkkenet med Ingrid og Iben, ete middag på Harry Pepper i Stavanger med Oscar, og beundra huset han leier på toppen av Olavskleiva, som visstnok er eit av dei eldste husa i Stavanger. Både Stavanger og Bryne viste seg frå si aller beste side i dag i den aller finaste månaden mai. På veg heim frå «gamle byen» var me på Solastranda for å få med oss det og før det vart kveld. Den firbeinte av oss tok til og med eit bad i bølgene.
Om kvelden rigga me oss til med strikketøy, sjokolade og Grand Prix som det heitte i gamle dager, den gongen me eigentleg interesserte oss for den slags. Kvelden framfor fjensynet vart så pass lang at me sovna litt innimellom begge to, og i skrivande stund anar eg ikkje kven som vant. Det eg vart mest inspirert til var å læra meg å kakla som ei høne… I morgon, har eg invitert fleire gjester til frokost før me må vinka farvel til Eva Mari, eg har akkurat oppdaga at me nesten ikkje har brød i heimen, så eg får prøva å stå tidleg nok opp til å få bakt eit eller anna. Auga svir og kroppen sovnar, så eg trur det er på tide å ta kvelden.
Heidi
I dag var det full forsommar igjen. Først var Elvira Huskestuen på Kvadrat i lag med Eva Mari, og brukte lang tid på å prøva å finna att bilen. Det lukkast til slutt, etter lange vandringar med klikking på bilnøkkel utan vennlege blunk tilbake frå nokon av dei parkerte bilane som stod der på lange rekkjer, fann me ut at me rett og slett var på feil parkeringsplass.
Deretter glei det meste av seg sjølv, me har vore på Hå gamle prestegård og gått tur i solskin og frisk havbris, og me har ete ostetallerken og lefse på bord utanfor hovudhuset. Me har drukke kaffi og hatt besøk av Iben i glashytta på verandaen, me har ete heimelaga pasta og drukke nymalt kaffi hos Odd Christian i lag med Oscar. Kvelden vart avslutta hos Gerd med ost og kjeks og ein lang lys kveld hos Gerd. Livet er ikke det verste man har, og i morgon er det lørdag igjen.
Heidi










