Gå til innhald

Luke 5 Desemberroser

I bedet framfor huset er det framleis rosa roser. Dette er kanskje siste veka me har dei før frosten tek knekken på dei siste, men enn så lenge er dei her.

I går møtte eg soresøster til ein tidlegare elev. Til min store glede kom ho bort for å gje meg ein klem, og ho kunne fortelja at broren hadde det bra. Eg bad henne helsa han masse, og i dag traff eg han for første gong på lenge. Han kom bort for å gje meg ein god klem. «Har du det bra?» spurde eg. «Ja, sjølvsagt har eg det bra,» svarte han, og eg kunne sjå at han meinte det. Det vart på ein måte den aller finaste rosa eg fekk i dag. Etter 31 år på Bryne skule har eg rukke å bli glad i mange barn, og har fulgt mange av dei tett i mange år. Det er så gildt å få klemmar på gata, og det er så fint å høyra at det går bra med dei, for på ein måte vil dei alltid ha eit rom i hjartet mitt. «Kjenner du meg ikkje igjen, Heidi», var det ein som spurde i skuletrappa der han plutseleg stod og var far til ein førsteklassing. «Har du gløymt meg?» Då måtte eg svara at eg hugsa han veldig godt som sjuåring, tiåring og tolvåring, eg visste bare ikkje før nå korleis han såg ut som trettifemåring.

Dagen i dag har vore av det fullmøblerte slaget. Først skule og møtetid, så kulturskule og til slutt veldig koseleg besøk av venninne Karin som kom innom eit ærend og heldigvis hadde tid til prata og drikka kaffi og. Me har kjend kvarandre sidan me gjekk i første klasse og venta på kvarandre utanfor fotografen for å ta følge til skulen. Av og til tenkjer eg at eg samlar på menneske. Det er så fint med slike ein har kjend lenge, og det er fint å kunna opna nye rom i seg sjølv for å bli kjend med nye menneske. Diktet under er skrive til Hilde som eg og har kjend lenge, me vart kjende i første halvdelen av åttitalet fordi kjærastane våre var bestevenner. Dette diktet er skrive til ein gong ho fylde runde år. Ein treng ikkje møtast veldig ofte for å vera venner, det er fint å vita at dei lever og er der, og at dei fleste bare er ein telefondistanse unna. Eg var i tvil om dette diktet var for privat til å koma i den nye boka, men det havna der. Eg trur at mange kan kjenna seg att, sjølv om dei ikkje kjenner dama det er skrive til.

 

Dikt til ei eg har kjent lenge

Dette å ha venner,
å gå på sida av nokon gjennom livet,
beundra mammamagar og nyfødde barn,

hugsa bryllaup og brudekjolar,
badeturar og store dagar,
å sjå meir enn tretti år tilbake
i blikket til kvarandre.

Å sjå at små ting kan bli store
om dei ikkje var det der og då,
marsipanfrosken i Ebeltoft,
han trong ikkje å smaka godt eingong.

Ein song om store gryter,
om samtalane rundt eit bord,
om å setja opp telt i høljeregn,
og om kveldsbøner frå Taizé.

Ein song om alle dagane som var,
og om dagane som skal koma,
om varme klemmer og andre tider
me framleis ikkje har sett,
men som me vonar skal bli gode.

Kanskje ein sommar
om tretti år eller meir
er det oss som sit i ein hage
med sjasminar og syrin
og ein kvit duk på bordet,
med kaffi svart som alle sorger,
og eplekake med krem,
eller kanskje ein marsipanfrosk
og takkar for alt me har fått,
medan me gler oss til framtida.

For av dei gode tinga me fekk
er barna våre det vakraste,
dei og vennskapen.

Heidi

 

 

 

Luke 4 Reisen til julestjernen

I går la me to vaksne i heimen ut på tur i regnet for å sjå Reisen til julestjernen i Storstova. Det var jo spennande at me for første gong skulle sjå Oddvar på scenen. Han spelar Ole, som er ansatt på slottet. Eg er mektig imponert over denne teaterproduksjonen. Det var som å koma inn i eit eventyrland. Scenen var nydeleg, kostyma fantastiske og skodespelarane veldig flinke. Sjølvsagt set det ein spiss på det heile å kjenna opptil fleire av skodespelarane, men eg hadde kost meg sjølv om eg ikkje hadde kjend ei sjel. Eg synest det er fantastisk at Camilla og Trine og dei andre involverte kan få til noko så flott på vesle Bryne. Eg er ei barnsleg sjel som sikkert ikkje er representativ for gruppa «vaksne menneske,» men eg må innrømma at tårene rann då Sonja fekk julestjerna av ein engel, -bare fordi det var så hinsides vakkert. Heia Oddvar, svigermor er stolt av deg.

Vel heime måtte me feira litt at det var første sundag i advent, så i full fart vart det julestjerne i vidauget, lilla lys i adventstaken, gjærkringle i steikeomnen og kakao i ei stor gryte på komfyren. Det var nesten litt høgtid over det å tenna adventslys med eit barnebarn på fanget. Etterkvart fekk me telefonbesøk av Sunniva som snakka med oss alle på facetime eller kva det heiter. Utruleg kva teknologien kan brukast til…

I kveld har eg vore ute i forteljar- og oppleseroppdrag. Eg har vore på Vidsyn 18 etasjar over bakkenivå saman med 17 damer frå Inner wheel og ete deilig middag og nytt utsikten over lysa i eit desembermørkt jærlandskap. Det vart ein kveld med flotte damer og mykje humor og hjartevarme. Det er alltid kjekt å opptre når ein merkar at folk er lyttande. Eit av dikta eg las opp som eg syntest passa godt i kveld var «Håplause håparar»

 

HÅPLAUSE HÅPARAR

I mørke, blåsande kveldar
er det godt å vita
at det alltid går
ein og annan
håplaus håpar der ute.
Ein med lys i stormlykta
og eit hjarte som nektar å gi opp.
Det snublar mange av dei rundt på vegane
med narrehattar, klovnenasar eller nonnekjolar.
Eller bare
djupt alvorlege tenkjarar med bøner til Gud
og til livet
med snorer av håp
og av kjærleik
knytte fast til handledda sine.

 

Dette er eit dikt eg er glad i. Eg liker det dobbelte tolkingsromet som ligg i uttrykket Håplaus håpar. Eg håpar eg alltid vil vera ein av dei.  Diktet står i boka «Det kvite romet» som kom ut for fire år siden. Eg trur me har etterbestilt denne boka to gonger. I dag selde eg ei av dei, og nå trur eg me har bare ti att. Burde eg gøyma dei til eventuelt spesielt interesserte? Nei, eg veit ikkje heilt…  «Trur du me kjem til å bestilla fleire?» spurde eg Leif. «Nei, la oss heller konsentrera oss om dei to som er nyare, dei har me framleis mange av,» sa han. Det er noko rart med bøker, spesielt dei ein har skrive sjølv… Me vil jo gjerne selgja dei, samtidig er det litt rart når lageret blir tomt, og boka på ein måte ikkje heilt finst lenger. Ein blir jo litt blind på eige arbeid, så når nokon spør meg kva bok dei skal kjøpa og kva eg anbefalar, så er det veldig vanskeleg å svara. Dei er ulike på same måten som barna mine er ulike med kvar sine særtrekk, og eg er knytta til alle saman, sjølv om eg i ettertid kanskje ville ha gjort eit og anna litt annleis.

Då vart det ei luke å opna i dag og for dei som framleis måtte vera oppe…
Framleis god adventstid.

Heidi

 

Luke 3 – Diktet til Monika

Velsigna vere den som let seg bera av tillit,
som roleg opnar og lukkar auga
utan å svimla eller frykta.
Velsigna vere den som har djupe røter
og samtidig strekkjer armar og greiner
mot den store blå himmelen.
Velsigna den som vågar å bruka vengene sine
og på same tid har føtene festa i livet.

For sekunda som me ikkje kan halda fast,
minutta som renn gjennom oss,
timane som gir oss varme hjarte
og linjer i ansiktet,
dagane me stryk med hendene
før me legg dei i ryggsekken me skal bera med oss,
formar oss og blir til kjøt,
det er dei som gjer oss til menneske.
Menneske som pustar og ler,
menneske som grin og som elskar,
menneske med mjuke hender
som kan vera der for andre menneske.

Velsigna vere den som let seg bera av tillit.
Det er slike som skal bera tilliten vidare.
Dela han raust ut til andre på gater og torg,
på toget og heime i eiga stove.
Løfta han opp mot himmelen
og by han fram til fuglane,
til vinden og til alle som vandrar
langs gatene, på skogsstier
og langs endelause strender
med livet sitt i hendene.

Velsigna vere den som framleis
lengtar, håpar, trur og pustar.

 

I går fekk eg vera med på ein fantastisk fin festdag. Finaste Monika hadde leigd lokale på Mølla og invitert mange damer til feiring av livet. Feiringa av livet tok utgangspunkt i at ho nå går inn i sitt femtiande år, og syntest det var på plass å feira inngangen til eit slikt jubelår i staden for utgangen.  Ei slik feiring skulle få ta større plass enn bare ein kveld, så me var inviterte til å vera der klokka halv to. Etter fantastiske smørbrød laga av Heine Grov, til song av det minste barnebarnet, fekk me vera med på konsert med Ingrid Kjosavik, ein artist eg til nå bare hadde høyrt om. Konserten var nydeleg, og det var så fint å bare sitja der på blank føremiddagen med mange kjekke damer, brennande stearinlys, fine bord med krydderpynt og låg skulderføring.

 

Etter mange gode kaker og endå meir levande musikk, hadde kolleger frå Bryne skule ei lita markering der eg las diktet over. Det er skrive til Monika for anledninga. Meir enn noko anna beundrar eg henne for den roen og den tilliten til Gud og livet ho ber med seg inn i alle rom i livet. Dette hadde eg lyst til å få fram i diktet. Eg har rett og slett tru på at i dei tidene me akkurat nå får vera med på å skapa, er tillit, ro og tru det viktigste me kan bera med oss og formidla. Det er på ein måte motstraums sjølv om mindfulness og fred er noko veldig mange leiter etter med lys og lykte.

Etter fem timar måtte eg dessverre forlata festen midt i ein fantastisk tale om oppvekst på Bryne på syttitalet frå ei barndomsvenninne. Eg hadde lova meg vekk som barnevakt utan heilt å forstå at ein fest som begynte halv to om dagen kunne koma til å vara heile natta med. Eg var takknemleg over å ha fått vore der, og unna dei eg skulle senda i veg på ein annan fest å få oppleva noko verkeleg kjekt dei og. Det å sitja i fred og ro med ein snart småpludrande, og snart fredeleg sovande baby i armane er heller ikkje å forakta ved inngangen til adventstida.

Takk for festen. Monika. Eg skal bera han med meg i veska for energivande minne å bera med seg vidare.

Heidi

Luke 2 2017 Elvira Huskestuen skal på julebord

Denne veka hadde me tema «sjølvironi» i femte klasse. Eg sa mellom anna at den som kan le av seg sjølv har alltid noko å le av. Så vart elevane oppfordra til å fortelja historiar frå eigne liv der noko har gale. I dag fekk eg lyst til å by på sånn omtrent det eg oppfordra elevane til å gjera.

Før eg skriv vidare på eg introdusera Elvira Huskestuen for dei som les dette. Som barn var eg umetteleg på alt som kunne lesast, og i bokhylla heime hadde mor eit verk som heitte «Husmorens arbeidsbok». Eg meiner denne var i to bind og innbundne i raudt. Kor mor fekk desse bøkene frå anar eg ikkje, kanskje dei var ein gave frå far? Om hu las dei nokon gong veit eg heller ikkje, men sjølv meiner eg at eg las dei frå perm til perm med ein viss interesse. Her stod det om alt frå praktisk innreiing av heimen, gode arbeidsstillingar og hensiktsmessig utstyr. At eg las dette i ein alder av åtte -ti år, skulle tilseiast at det ikkje er all lærdom ein kan lesa seg til…

I boka var det to eksempelpersonar. Hovudpersonen har eg gløymt kva heitte, la oss kalla henne for Kari Storgarden. Det var ho som gjorde alt rett, hadde passe høg kjøkkenbenk, rette typen arbeidssko og eit alltid ryddig hus. Den andre personen heitte Elvira Huskestuen og gjorde alt galt til skrekk og advarsel for lesarane. Elvira Huskestuen hadde mellom anna strykebrettet sitt på heil feil stad i huset, slik at ho måtte gå unødig mange steg kvar gong det skulle strykast. Eg hugsar ein av setningane ordrett framleis :»Stakkars lille upraktiske Elvira Huskestuen». Eg hugsar at det gjekk litt kaldt nedover ryggen min. Allereie då fekk eg ei foruroligande kjensle av at det kunne tenkjast at eg vart Elvira Huskestuen og ikkje prektige Kari Storgarden når eg ein gong kom til det punktet at det skulle haldast hus…

Sidan har Elvira Huskestuen fulgt meg. Ho dukkar opp rett som det er, og eg har lært meg å møta stakkars vesle upraktiske Elvira huskestuen med ein viss varme og humor. I går var ho på banen. Me skulle ha julebord  i kollegiet og mitt team hadde ansvaret. I oppløpet på ettermiddagen skulle eg ein tur innom kjøpesenteret for å handla litt. Grunnen til at eg valde denne staden, som er garantert kaotisk på ein fredag ettermiddag, var at eg var på halvdesperat jakt etter paraplyar til paraplydrinkar. Det er første gongen i mitt liv eg har vore på jakt etter akkurat dette, og grunnen kan eg ikkje røpa endå. Det viste seg at dette tåpelege vesle tilbehøyret til høg partyfaktor såg ut til å vera heit passé. Eg var på Nille, Søstrene Grene, Obs og andre stader på jakt etter papirparaplyar, men måtte til slutt resignera… Kor er alle paraplydrinkparaplyane når ein for ein gongs skuld treng dei?

Ved ankomst klarte eg å få vippa til meg ein parkeringsplass fordi den forrige kunden køyrde ut. Eg vart ståande litt på skrå, men tenkte at det kunne vel ikkje vera så farleg bare eg fekk plass innanfor det oppmalte rektangelet. På min jakt etter paraplyane raska eg med meg litt av kvart som eg meinte eg kunne trenga fram til jul, så då eg nådde matbutikken vart handlevogna nesten fylt av posar frå andre butikkar. Eg var til og med innom og prøvde ny julekjole på rein impuls, men eg fann ut at den eg håpa hang nystroken i skapet fekk duga. Det eg absolutt trong nå var Fjordlandgraut til riskrem , raud saus, fløte og vaniljesukker. Eg kom på at eg ikkje var sikker på om me hadde vanleg sukker i heimen, så det ville eg ha med. Ein heil reol var merka «sukker» og eg gjekk fram og tilbake utan å finna det eg leitte etter. Til slutt oppdaga eg at dei var tome for vanleg sukker, kanskje er det neste ledd i den politiske aksjonen mot sukker at det skal tast ut av hyllene den siste månaden før jul? Eg fann ut at finmalt økologisk sukker nok kunne duga sjølv om det var tre gonger så dyrt. Då eg etter ei stund stod i kassakø, oppdaga eg at eg stod der mellom julepynten med kvitt pulver rundt skoa, det kvite pulveret var ikkje snø. Eg gjorde ho i kassen merksam på at det nok hadde gått hol i sukkerposen, men det var heilt greitt for meg at ho la posen i ein plastpose. Litt diskret gjorde eg henne merksam på at det var sukker på golvet og. Ho bare nikka og gjorde ikkje noko nummer av det.

Eg hadde kjøpt gavepapir som ho gong på gong drog gjennom scannaren. Til slutt spurde ho om eg hadde sett prisen på det, for ho fekk ikkje scannaren til å virka. Først då kom eg på at det papiret hadde eg viss allereie betalt hos Søstrene Grene… Ho spurde om eg hadde coop-kort. Det sa eg at eg hadde, men at det nok låg i ei anna veske. Ho såg nesten litt letta ut over å sleppa å bruka tid på at dette kaotisk kvinnemennesket av ein kunde skulle leita gjennom alt ho hadde for å finna rett kort.

Ute på parkeringsplassen virka klikk-med-bilnøkkelen- trikset heilt utmerka. Eg fann bilen veldig fort. Det eg heldigvis ikkje hadde forstått var kor vanskeleg det skulle bli å få lirka bilen ut av parkeringsluka med utålmodige medsjåførar på alle kantar. Me har utmerka rygge-og-krasjealarmar, og for å seia det slik så var det firstemd musikk frå alle alarmane medan eg prøvde å få bilen ut med ein utålmodig parkør bak meg og endå fleire framfor meg. Eg roa meg ned med å seia høgt til meg sjølv at «dette, kjem til å gå bra, bare bruk den tida du treng», og med ei takkebøn til høgare makter var eg ettekvart klar til å kasta meg inn i ei overfylt rundkjøring for å koma meg heim til riskremmekking og partyklargjering. Det såg lenge ut til at eg nesten skulle klara å koma meg til åstaden til avtalt tid for dei i komiteen, kjolen måtte strykast, men var elles i fin stand. Eg klarte og å klatra opp for å henta ned den største glasskåla i heimen utan problem: Plutseleg vart utfordringa å finna pakken med strømpebukser som eg for ein time sidan hadde kjøpt for anlendingen. Eg virra rundt i heile huset og prøvde å finna ut kor eg kunne ha lagt han. Til slutt måtte eg senda melding til Kim: «Eg virrar rundt i huset og leiter etter noko, kjem så fort eg kan.» Å fortelja kva eg leitte etter var i overkant med informasjon fann eg ut. Det var ikkje utan baktanke eg sende akkurat til han, for svaret var som forventa: «Ikkje stress, Heidi, kom når du er klar». Til slutt fann eg ei heil strømpebukse i eit skap, og først då eg var klar såg eg at pakken eg leitte etter hadde lege på kjøkkenbenken heile tida. Skosnorene på begge vinterskorne hadde røke og var provisorisk samankytta. Eg hadde kjøpt nye snorer på kjøpesenteret , men fann ut at det kunne eg ikkje bruka tid på å fiksa nå. Det viste seg at den eine skoen var provisorisk knytta så stramt at det ikkje let seg gjera å få foten nedi… Det ende med at eg kutta heile skosnora og la i veg med veska over den eine armen, eit nett med tre pakkar bringebærsaus, to sausemuggar, ei skei og eit par for store finsko med dopapir i tåa over den eine armen, og ei stor glasskål med fem kilo riskrem i hendene.

Ute var det glatt, så historien kunne end med mange spennande forviklingar, men eg kom meg fram til lokalet med riskremen og lårhalsane i behald på trass av ein uknytta sko.  Det var framleis ti minutt til resten av gjestene skulle koma, og teamet mitt sat der med ferdig dekka bord, vakkert pynta alle saman. Damene med uklanderleg neglelakk, fine glatta hårfrisyrer og perfekt selskapssminke, herrene i dress. Sjølv kom eg ramlande inn med alt mitt, og det første eg gjorde var å gå på gangen og skifta skosnorer. Eg var usikker på om eg våga å sjekka i spegelen om mascara foundation, rouge og lebestift som eg hadde brukt tre minutter på å prøva å få på plass, flaut rundt i heile ansiktet. Så trekte eg pusten djupt og tenkte at «Nå er eg på fest, og dette blir heilt sikkert kjekt.»

«I dag er det Elvira Huskestuen som kjem på fest,» kviskra eg til Jan Ivar. «Det såg eg med det same,» repliserte han. Eg forklarte til nokre av dei andre at dagen var blitt litt meir travel enn eg hadde trudd, og at eg heller fekk gjera ein skikkeleg innsats med ryddinga. Ei av dei sa «Du blir jo aldri stressa, du Heidi, eg har faktisk aldri sett deg stressa.»
Så fint då, tenkte eg. Og så kunne festen begynna. Årets første pinnekjøt smakte godt.

Heidi

Luke 1 2017

8F6B130D-69B9-4ED9-BCB5-0D88008B2019

Det er mykje rart ein kan påleggja seg sjølv, og til og med nesten lura på om resten av verda har ei forventning om…

I sju år har eg skrive adventblogg, eit innlegg kvar dag i adventstida. Ei luke inn i tida for meg sjølv og for dei som måtte lesa, og for min eigen del eit lite livskonserveringsprosjekt… Den halvskrudde og forvitne livsforskaren i mitt mest nerdete indre rom finn det interessant å henta fram livet dag for dag og år for år, halda det opp mot lyset, undra seg, og mumla halvhøgt, var det slik det var, ja…

I år har eg vore mindre til stades på bloggen enn før. Kanskje det skuldast litt at eit bittelite sprell levande menneske har flytta inn i eit kjend hus bare ein liten sykkeltur frå oss. Ho har vore det store vesle lyset i livet mitt frå ho første gong låg i armane mine i midten av oktober, og etter det har eg hatt ein sterk indre lengt etter å ha henne der heile tida. Dette høyrest ut som reindyrking av mormorklisjeen, men det er så ektefølt som det kan få blitt. Det går vel kanskje som det i beste fall gjer i det ekte livet, at stormforelskinga går over i roleg kjærleik. Eg er så utruleg takknemleg for at ho er her.

Eg har tenkt at eg treng jo ikkje skriva blogg kvar dag i desember dersom eg ikkje vil. Prosjekt er til for å avsluttast når den rette tida kjem, elles ville slike som meg i livstidsperspektiv drukna i prosjekt. Slik har eg tenkt, men eg har jo innerst inne visst at eg ikkje har spesielt lett for å gje meg når eg først har ein fiks idé… I går kveld begynte eg å gleda meg til å skriva adventkalendar på nett, og i dag då eg vakna hadde eg kjempelyst til å skriva. Så då seier me det slik i år og, at det er ikkje viljen og lysta det skal stå på.

I tankane mine er ein adventkalendar litt meir enn bare laus spinning rundt sitt eige liv, men me får ta det etter kvart og ikkje leggja lista urimeleg høgt. I dag har eg faktisk lyst til å starta med noko som det vil passa veldig godt å slutta med… I fjor laga eg ein visetekst, jærsk julevise, som eg heilt spontant la ut i adventkalendaren min. Neste dag fekk eg melding om at teksten hadde fått melodi. Bjarte Lending brukte i fylgje han sjølv ca fem minutt på å henta ned ein melodi som passa perfekt til innhaldet i teksten, synest eg. Songen vart spelt på lokalen på onsdag, og heile songen ligg på nettet i fin ny utgåve med nytt arrangement.  Så i tilfelle nokon har lyst til å bruka songen på den eine eller andre måten nå i adventstida… Her er han…

Inspirert av nordnorsk julevise, så tenkte eg at me kunne jammen trengt vår eigen variant her på Jæren og. Kor ofte er det relevant for oss med nesnødde graner, julenek fulle av dompap og djupe skispor over kvite åsar, slik me kjenner den norske jula frå julekorta?

I går hadde eg tre femteklassar i skapande skriving. Me skulle fylla tavla med jule- og adventsord som me skulle laga Haiku-dikt av. I alle klassane kom det opp ord som snømann og snøfnugg. I bare ein av klassane sa ein av gutane: «Reggen!» «Hæ,» sa dei andre «Reggen he ingenting mæ jul å gjær!» «Men der regna jo ganske møje i julå og,» forsvarte han seg. Dei andre kjøpte ikkje forklaringa, så eg måtte ut og gje han støtte.

Her er min variant av jærsk jul:

Jærsk julevise

Det er så mørkt på jorda i desember,
me drøymer om at lyset finn oss att,
når stormen piskar hav og draum og tanke,
og livet pakkar dagen inn i natt.

Ei stjerne lyser kvar gong himlen klarnar,
i trassig tru, så skin ho sterkt og klart,
ho seier lyset finst om natta tynger
og alt du ser er avmakt kledd i svart.

Me tenner lys og lykt og søkjer saman.
Me dekker bord, og håpet tek me med,
om styrken i å vera hos kvarandre,
og om vår gøymde draum om julefred.

Der svarte skarvar står på kalde steinar,
og vintertrea bøyer seg i vind,
står husa her i rennedrev og reggen,
og lyser medan jula ringest inn.

Sjå ville stormkast ruskar hus og strender,
høyr nordavinden syng at Gud er stor,
nå møtest me med hjarte blikk og hender,
og trur på englesong om fred på jord.

220E44FE-5C05-4E50-A549-B125ADA6E79A

Ha ei fin adventstid

Heidi

Kremmarsjela

IMG_2826Kremmarsjela i meg er nok ikkje mitt mest framtredende trekk. Eg håpar i grunnen at det ikkje er det heller…

Ein ting er sikkert, eg kunne aldri ha levd av å selgja eigne produkt og tenestar. Det å laga bøker er kjempekjekt, det å få dei i hendene er fantastisk, det å selgja dei er vanskeleg. Eg har alltid lyst til å leggja til ein beklagelse over at dei kostar det dei kostar, og eg har alltid lyst til å leggja til: Sidan det er deg, skal du sjølvsagt ikkje betala…

Eg blir oppriktig glad når nokon seier dei liker bøkene mine, men klarer ikkje å la vera å tenkja at nokon kan irritera seg over dette har dei brukt pengar på..,

Relativt ofte seier eg ja til oppdrag om å lesa dikt, fortelja eller begge deler. Ut frå samanhangen, så hender det at eg gjer det gratis. Det er ein befriande tanke at folk i etterhand ikkje tenkjer at dette var ikkje verd pengane, og når eg har bøker å selgja, er eg livredd for at folk skal føla eg spring etter dei for å prøva å prakka på dei ei bok eller to..,

Nå er Ingrid og mi God natt- bok i trykken, og eg gler meg til å få ho. Me har laga ein bokmåls- og ein nynorskvariant av boka om små dyre- og menneskebarn som ikkje har lyst til sova, og om trøtte PG kjærlege foreldre som gjer så godt dei kan…

Boka er stila til Iben og alle dei andre som snart skal sova, sidan me på eit plan skreiv boka i rein venteglede og lengsel etter Iben som snart skulle bli fødd.

Boka kjem til å kosta 200 kroner. Sånn, nå har eg reklamert litt på ein subtil måte som nesten får meg til å rødma litt i kinna.

Tankane går til ein ivrig loddselgjer som i si tid var busett på Nærlandheimen. Iført lusekofte og briller banka han på døra. Opningsreplikken var ofte den same: «De skal ikkje ha lodder her nei… I dag er det til saniteten…»

Heidi

IMG_2825

Stavangerfredag i november

Dette er nesten som å vera på internettkafe i gamle dagar. Eg heller mot at biblioteket på Sølvberget er noko av det aller finaste Stavanger har å by på. Nå har eg funne meg ein gratis utlånsmaskin og sit her mellom unge menn og skriv og kjenner roa senka seg over meg og ein litt novembergrå fredag der julepynten er delvis på plass allereie og butikkane melder om heilsvart fredag…

Sjølv har eg latt utlegga begrensa seg til noko så usunt som ei rosinbolle og ein kopp kakao på bibliotekskafeen, for å feira at eg har klart å overtala meg sjølv til å vera flink jente og møta på mammografiscreening. Rett nok melde eg avbod på den første timen eg hadde fått, fordi han var midt oppi Iben sin forventa fødsel og då ville eg helst ikkje ha anna enn fødsel å bekymra meg for og gleda meg over. Dessto meir ansvarleg er det vel å ringa på eige initiativ og få ny time…

Æ kan ikke si at æ lier det no sææærli, for å praktisera lærarhøgskule kristiansandsken min… Eg liker ikkje å gå til tannlegen heller, og slett ikkje å reisa med fly. Ho som tok i mot meg på mammografiavdelinga var det aller søtaste menneske eg har møtt der nokon gong. Ho spurde om eg grua meg til undersøkjinga, og eg sa som sant var at eg ikkje grua for det i det heile tatt, men at eg grua til å gå og venta på brevet i etterkant. Ho sa at det hadde ho ikkje trudd for eg virka så veldig roleg. Då kunne eg melda at eg ER veldig roleg heilt til eg begynner å tenkja på sjukdom og alt som kan gå gale.

Eg innrømmer det og vågar å setja ord på det i tilfelle andre kan bruka dei til å spegla seg i… Eg er det menneske som vurderer om tannlegen kjem til å finna svulstar i tannkjøtet og som kan unngå eit besøk til optikaren fordi dei har begynt å scanna augeeplet, og kven veit kva dei kan finna der… Eg overdriv litt, men ikkje så veldig mykje.

Dama på mammografimottaket sa at ein av grunnane til at det tok to til tre veker før svaret kom, var at to ulike legar såg på bileta utan å snakka saman… Då tenkte eg i min galskap at med to legar var det kanskje dobbel så stor sjanse til å finna noko… Ikkje heilt god med andre ord… Eg har bestemt meg for å slutta å vera så dum, men det er kanskje lettare sagt enn gjort…

Ein kollega av meg sa at fagfolk hadde sagt til henne at alle friske menneske har tendensar som kunne blitt psykiatriske diagnosar om dei hadde blitt sjukelege. I så fall har friske meg ein angstnevrotikar i magen. Eg får trøysta meg med at det kunne ha vore ein psykopat eller noko anna skummelt…

Ha ein fin svart, grå eventuelt gammelrosa fredag. Nå skal eg skriva litt på biblioteket før eg skal møta Anne Mette. Det blir kjekt 🙂

Heidi

How many times can a man turn his head

pretending he just doesn`t see?

220E44FE-5C05-4E50-A549-B125ADA6E79A

Eg har eit lite «friminutt» på skulen mellom jobben og kveldsjobben og sit her og filosoferer litt. Eg har akkurat lagt siste hand på manus til tiandeklasseforestillinga, og klokka åtte i kveld skal eg møta ungdomane i manusgruppa for å sjå om me går for det akkurat slik, eller om me skal forandra på noko. Den nest siste songen i musikalen er «Blowing in the wind,» og hovudpersonen, ei jente på 16 spør publikum om det bare er slik med menneske at dei gjer feil om att og om att og ikkje har evna til å læra eller forandra seg…

Kva manuset eigentleg handlar om er litt hemmeleg, så det skal eg ikkje skriva om her, men akkurat som før så er eg imponert over sekstenåringar sin evne til refleksjon og kreativitet.

På sundag var eg på kveldsgudsteneste og høyrde Jørn Lemvik, generalsekretær i Digni, snakka om menneskeverd og at mennesket ikkje er til sals. Eller er det det?
Bokstaveleg talt blir menneske selde både som banrebruder og prostituerte og til og med som slavar. Han brukte strofa over som eit spørsmål til dei som var i kyrkja. Kor lenge kan me snu oss vekk og ikkje reagera på uretten i verda. Eg har tenkt mykje på kor lite me høyrer om dei mest forferdelege ting som skjer i land som ligg langt vekke frå oss. Me reagerer når onde og vanskelege ting skjer i Europa eller USA, men kva med alt som skjer i land det er mindre naturleg å samanlikna oss med? Har menneska som bur der lågare menneskeverd enn oss, sidan me let barn svelta i hel utan at me reagerer, eller er det bare slik at me ikkje orkar å ta det inn over oss?

Me har godt av å bli litt vekte av og til, og eg har godt av å ha skrivegruppe i lag med 15-16 åringar. Det kan få meg til å reflektera. Ungdomane er opptekne av kva som verkeleg betyr noko og kva som ikkje gjer det. Eg er redd me vaksne ikkje alltid er like gode førebilete. Det ligg i menneskenaturen å vera seg sjølv nærast og å halda seg til flokken sin. Det er viktig å ta vare på kvarandre og å byggja gode flokkar. Viss tenåringane våre er meir opptekne av om nasen og rumpa og karakterboka held mål enn korleis ein kan skapa ein betre verden, så har me kanskje svikta bittelitt som rollemodellar?

I dag opplevde eg at både bankkort, førarkort og kopikortet på jobb var borte vekk. Heldigvis låg i alle fall to av korta på golvet i bilen… Og eg tek sjølvtillit på ekstremt dårleg sikring av viktige kort i ei veske med to opne glidelåsar. Så ende det godt denne gongen og… i mitt vesle mikrounivers i alle fall…

Eg høyrde nokon bruka eit litt vridd uttrykk: «Gammel dame er vond å vende»… Bortsett frå at eg sjølvsagt er uendeleg langt i frå å vera ei gammal dame, så er det noko i det… Som det står i ei anna protestvise som er litt i stil med den over: «When will they ever learn?»

Det kan vel tenkjast at det svaret og bles med vinden… Og nå får eg smila oppmuntrande til meg sjølv og seia «Til rors Columbus!» i det eg går to trapper opp til neste jobb…

Ha ein fin novemberkveld.

Heidi

Fortener eg snart ein hemul-diagnose?

Det har vore nokre veldig travle veker, så i dag var det herleg med ein sofakveld med strikketøy. Nå er årsmøtet med fordeling av kunst i den kommunale kunstforeninga vel gjennomført og sekretæren, det vil seia meg, kan lena seg litt tilbake. Eg hadde litt panikk for at nokon ikkje skulle ha fått dei kommunale mailane om at dei hadde blitt trekte ut, så den siste veka har eg leik detektiv både på 1881 og facebook i håp om å få tak på dei som ikkje hadde meld tilbake at dei hadde fått trekningsliste.  Heldigvis lukkast eg veldig langt på veg i å finna alle saman, og eg trur dei fleste gjekk relativt fornøgde heim med nye kunstverk.

Forestillinga eg skriv i lag med ei manusgruppe frå tiande klasse i kulturskulen er så godt som ferdig, og i går las eg og Ingrid siste korrektur på billedboka vår som nå er send til trykkeriet, og som om alt går bra skal vera har i midten av desember. Det vart litt intrens jobbing der og i siste liten, for me såg at me ikkje var hundre prosent fornøgde med alt. Nå kjennest det bra. Utgangspunktet vårt var at me gjekk tur i skogen ein dag i vår og snakka om at det hadde vore så fint å laga ei billedbok saman. Ei bok me kunne bruka som barselspresang og til gave til små barn, ein variant av å gje heimestrikka vottar eller sokkar til nokon.

Etterkvart har prosjektet vakse seg litt større, men me reknar med at dette er meir eit uttrykk for skaparglede og gleda over eit nyfødd barn, enn ein stor forretningside. Eg gleder meg veldig til å få boka i hendene. Teksten går på rim og handlar om små barn, både menneskebarn og dyrebarn som ikkje har lyst til å sova om kvelden. Dei små vesena i boka har svært ulike levekår, men felles for dei alle er at det finst vaksne som er der for dei, sjølv om dei vaksne er mykje trøttare enn ungane sine…

Og dersom det måtte sjå ut som eg har babyar på hjernen, så kan det vera eit eller anna sant i det. I haust har eg kost meg med å testa ut fargar og design på babyluer. Nå skal eg festa trådane og dampa dei litt, så vil det visa seg om nokon har lyst til å kjøpa dei på julemessa i kyrkja. Viss ikkje så får eg nok gitt dei vekk sånn etterkvart.

Luene på biletet er kanskje to tredelar av den totale produksjonen. Kanskje eg er i ferd med å utvikla meg til ein hemul… For dei uinnvidde er det desse litt mummitrollaktige vesena i mummidalen som alle er totalt hekta på eit eller anna, det vere seg botanikk eller astronomi. Eg må innrømma at eg har prøvd å prakka på andre medlemmar i familien denne merkelappen…

Ute er det blitt veldig november med mørke morgonar og kveldar og nesten bladlause tre, men framleis blømer rosene i bedet framfor huset.

Morgonane lysnar først når me er på plass i klasseromet. Dette året har me vindauge i ein annan himmelretning enn før så me ser ikkje dei tusen kråkene letta frå trea sine, men omtrent tjue minutt inn i første time kjem dei tungt flaksande forbi oss. Nå er me i den årsfasen der me som eg skreiv om i hausdiktet dagen etter at Donald T vart lovleg vald til president i USA. Me syklar gjennom novembermorgonane. Syklar gjennom regnet i side svarte regnkåper. Syklar under lyktestolpar fulle av spindelvev til me blir varme og klare for nye dagar.

Eg veit at nokre av dei som les her sa at dei gjerne ville kjøpa diktboka når ho kom ut. Dersom eg har gløymt nokon, så gje meg eit hint.  Nå skal eg vera flink og leggja meg «tidleg» slik at eg kan kosta på meg litt lesing på senga. Eg les to fine bøker parallelt. Kasnkje eg skriv om dei her etterkvart.

Framleis god november til alle.

 

Heidi

Arbeidsleir i heimen

FA6F19EC-986E-444B-9290-81EBDEC0134C

På torsdag kveld landa Eva Mari på Sola og det var klart for arbeidsleir i heimen. Ho er nemleg flink til å sy, og eg følte meg ikkje kompetent til å montera dåpskjole på eigen hand. Etter minst 125 timar med broderinåla var eg nokså ferdig med broderia og hadde ikkje lyst til å øydeleggja arbeidet med å ikkje få til å montera. Heldigvis var dama frå Sunnmøre og Bærum klar til å bistå meg og mine manglande ferdigheiter.

På fredag føremiddag stod me klare på Alveland til å få studera den utstilde dåpskjolen dei hadde i butikken. Eg hadde brodert litt ekstra store sølvstjerner på min kjole fordi eg tenkte det ville setja eit snev av særpreg på han. Eg hadde viss ikkje trengt å vera redd for at særpreget ikkje skulle koma av seg sjølv. Det var rett og slett litt forskjell på mine nålestikk og det dei profesjonelle hadde gjort på utstillingskjolen. Eg bestemte meg for at det ufullkomne har sin sjarm… Og etter ferdig montering ser det i grunnen ikkje så verst ut likevel. Ufullkome eller ikkje…

Med to skapande damer i heimen er det kanskje ikkje bare bare å vera ein innebuande mann. Med symaskiner, mengdar av knappenåler, kaffikrus, store mengder strikkepinner og garn og særdeles høglytt lått i tillegg til diverse kokekunstar på kjøkkenet innimellom og fri flyt av kaffi og te til ei kvar tid, så var det sikkert heilt ok for han å bruka ein del tid på å sitja på arbeidsromet og retta norskoppgåver.

Men jemmen kom me ikkje nesten i mål… Knappholprogrammet på den nye symaskinen min var så automatisert og teknologisk at me aldri fann ut av det. Eg får gjera eit nytt forsøk, eller kanskje ty til trykk-knappar… Dåpslua får eg og satsa på at eg får til sjølv. Ei veldig kjekk helg vart det i alle fall. Me fekk aldri tid til å gå tur langs stranda slik me hadde tenkt, men me rakk å gå på kafe, kosa med barnebarn og å arrangera familiemiddag. Ho må nok snart koma igjen slik at me rekk resten. I tillfelle nokon lurer så var det relativt tidkrevjande, men kjekt likevel å montera dåpskjole. Eg har framleis god tid på å få ferdigstild plagget heilt, så nå er eg optimist.

6A97053D-62F3-40FF-B2DA-87749253AB85

Noko som eg gler meg villt og uhemma over, er at mi og Ingrid si biletbok snart er ein realitet. Nå er ho hos lay-out-ekspertisen, så blir ho send til trykkeriet i neste veke. Viss alt går bra har me ho i hendene eit par veker før jul. Det blir ein bokmålsvariant og ein nynorskvariant av den same boka. For meg er dette eit reint gledesprosjekt. Det har vore ein draum i alle år å få laga ei biletbok, og det er så kjekt at det vesle samarbeidsprosjektet me koste oss med mens me venta på veslejenta faktisk skal få finnast mellom to permar.

Hausten skrir fram. Det blir mørkare for kvar dag og ikkje så langt unna har eg eit lite lys som er akkurat ein månad gammalt i dag. Det har vore fantastisk å ha henne så nære, og har gitt overskot i ein veldig travel arbeidsperiode. På toppen av alt anna skriv eg tiandeklasseforestilling i lag med ein utruleg kreativ gjeng ungdomar. Det er veldig kjekt arbeid, men det er ganske travelt å produsera manus til ein timeslang musikalforestillint i løpet av eit par korte månadar i tillegg til alt det andre som gjerast skal. I løpet av veka som kjem, håpar eg me er nokonlunde klare med førsteversjonen, og etterpå pleier det å gå veldig greitt med resten av arbeidet.

Nå tek eg mentale symjetak over eit kaotisk skrivebord, og vurderer det dit hen at det luraste nå er å landa dagen, og heller gå vidare i morgon.

Ein god sundagskveld til dei av dokke som får tid til å lesa dette før natta kjem 🙂

Heidi
Heidi