Gå til innhald

Kvite morgonar.

mars 26, 2006

I mest ein månad var det kvitt her. Snøen vart liggjande, og veke etter veke har det vore solskinsdagar og frostnetter. Nå har sola tært vekk det meste i av snøen, og i dag er veret som normalt. Det vil seia storm, og regn i vindkasta.

Morgonane har vore lyse og kvite. Nå er dagane lenger enn nettene. Lyse morgonar og vinterver er ein sjeldan kombinasjon her hos oss.

I natt tok dei ein time frå oss, og legg eg meg ikkje snart, så blir eg trøytt i morgon. Eg smakar på ordet sommartid, og eg hutrar litt i kveldstrekken.

Nokre personar kjem med uventa strimer av lys og uventa bølger av varme. I sist veke møtte eg Reidar som hadde kjøpt seg film. Han insisterte på at eg skulle låna filmen av han for å sjå han først… Han er ikkje ein person eg omgåst ofte, men omsorgen i handlinga tok heilt innersvingen på meg.

Sist fredag bremsa Ståle ned sykkelen bare for å seia noko oppmuntrande. Eg kjenner han ikkje spesielt godt, men han har fleire gonger overrumpla meg med varm kvardagsomsorg. Ein dag sa han utan vidare:” Eg har skrive song til deg. Når du fyller år skal eg ringa på døra og synga han for deg…”

Hurra for Reidar og Ståle, som har gåva å senda ut varme vibrasjonar når ein minst ventar det.

I dag hadde eg sleng på bilen i ein sving der det hadde lagt seg mykje nysnø. Det gjekk bra denne gongen og…

“Så heldig eg var som fekk deg til mor,” seier Sunniva og kyssar meg lett på kinnet.

Jo då…
Visst finst her varme mot slutten av mars.

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. morsan permalink

    och du delar med dig av den till oss ❤

  2. Heidi: permalink

    Og du gav ei handfull til meg, morsan. Rart korleis det varmar med ein kommentar og to på innlegga ;).

  3. Tintomara permalink

    Jag blev glad när jag såg att du skrivit igen (och när jag läste det!) för nu var det allt länge sen!
    Själv är jag trött och orkar ingenting, men vill du se en fin vårbild kan du tiita på Touos hemsida,
    http://www.kennel-explicit.com/
    Jag antar att golfströmmen gör att ni får vår tidigare än vi? Bor du inte på västkusten?

  4. Tintomara permalink

    Tulos hemsida skulle det vara. Skrev fel.

  5. Heidi: permalink

    Jo, eg bur på vestkysten. Lenge leve Golfstraumen.

  6. Kesia permalink

    Og eg saknar Vestkysten og deg! Du vakre skjeldne blome!

  7. Kesia permalink

    Huff,norsklæraren i meg vakna eit bel: Du sjeldne blome! Orsak..

  8. Heidi: permalink

    Bare kjekt, Kesia. Nå fekk eg to kommentarar i staden for ein, og kommentarar er eg ein hund (katt?) etter…

  9. Heidi: permalink

    PS til Kesia:Saknar deg og kanelblom 🙂

Legg att svar til Kesia Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: