Gå til innhald

18.mai-

mai 18, 2007

Ingen spør nokonsinne tre veker på førehand om korleis 18.mai-veret skal bli. I dag set me dobbel pris på godveret i går, for det har vore grått og regntungt heile dagen, men i dag gjer det absolutt ingenting. I alle fall ikkje for nokon her i huset. 18.mai har vore ein dag utan store ambisjonar. Dagens største utfordring har ikkje vore større enn å arrangera 14-års-dag for femten unge damer.

I føremiddag var eg veldig nære å gje etter for folkekravet frå dei tre yngste om å kjøra den sjuke hamsteren vår til dyrlegen. Eg gjekk så langt som til å ringa veterinæren, men dei tok bare i mot telefonar før ti.
Så vart det ein telefon til Jan Ivar i staden, samt smuglesing av ei hamsterbok på dyrebutikken. Pasienten vår ser ut til å kunne vera ramma av ei blanding av forkjøling og alderdomssvekking. Det første kan ein bli frisk av. Halvard og Sunniva er optimistar, for i dag har han gått rundt i buret, rett nok framleis ein tanke ustø, og ete salatblad som han held mellom labbane på vanleg hamstervis.

I morgon fyller Sunniva fjorten år, men fordi nokra av venninnene skulle reisa vekk er det blitt feira i dag. Eg og ho har jobba med saka heile dagen. Me dekka bord med koboltblå tallerkenar, limegrøne dukar og rosa serviettar, med 17.maibukettane frå i går i vasane.

Menyen vart enkel: Tacos med diverse tilbehøyr og dessertbord, med is, sjokoladepudding, peanøter, jordbær, krem, bananskiver, sjokoladekake, varm sjokoladesaus, marshmallows og diverse godteri i skåler.
Stemningen har vore høg, og deler av forsamlinga er framleis i festmodus etter fem timar. Dei ler og snakkar høglydt nede i kjellarstova.

Det er stor forskjell på femten pynta tenåringsjenter som underheld seg sjølv, og ein tilsvarande gjeng gutar i 7-8 års-alderen. I år blir sistemann i huset tenåring. Eg vil seia at me har begynt å få ein viss dreis på barneselskap etter å ha arragert ca 48 slike… Det er så synd at kompetansen skal renna ut i sanden, for nå er me faktisk ferdige… Barneselskapscatering er vel omtrent det eg kunne trenga på aktivitetsplanen min…

Sette meg for å sjå på TV, men sovna heile tida, så det gav eg opp… Nå skal eg ned og sova vidare.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May-Lis permalink

    Konfirmant sangen håper jeg vil gå videre og at flere menigheter vil få glede av den. Den er kjempeflott 🙂 Jeg måtte flire litt av innlegget ditt i dag. Kjent fenomen. Jeg er så imponert av deg. Du er så fantastisk. Tror du skal slutte å bry deg med husarbeid og heller skrive mye. Du gleder mange 🙂

  2. Ukjend's avatar

    48 barnebursdager? korleis rekna du fram det? Menyen høyrast god ut.. er det det same eg kan venta meg når eg kjem tilbake til byen på Jæren?

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    May-Lis:
    Eg er allereie farleg langt ute på den heller skriva enn rydda hus galeien 😉
    OC
    Det er klart… Eg tenkte at alle fire har hatt selskap frå dei var 1-12 + -… Det er klart at godsakene står i kø når kronprinsen kjem heim…

  4. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    blogging om smågnagere hører absolutt med til web 2.0 sjangeren: se http://knufflebunneh.blogspot.com/2007/03/history-of-blogging.html

Legg att svar til May-Lis Avbryt svar