Gå til innhald

Var det ikkje deg eg såg?

august 16, 2009

Og aldri var du vakrare. Av og til lurer eg på kor flinke me er til å sjå einannan. Me navigerer rundt mellom tusenvis av ansikt og kroppar, men har ofte ikkje tid til å stansa opp og sjå.

På fredagskvelden hadde me den årlege garasjefesten heime hos sjefen min. Ho og mannen innreiar garasjen med gardinlengder langs veggene, langbord og levande lys.

Denne gongen regna det. Det silregna store deler av kvelden, og når det var på tide å trekkja ut av garasjen sat me tett saman under eit stort markisetak. Der under var det varmelampar og utepeis. Store deler av kvelden sat eg på ei trapp, tett, tett saman med andre og med eit felles teppe rundt flest mogleg av oss. Det var fint. Orda la seg som ei sky rundt oss og låtten steig mot himmelen.

I morgon kjem elevane. Me er klare nå, trur eg.

Heidi

From → Filosofi, Skule

4 kommentarar
  1. søs permalink

    ja det var en fin kveld ❤ me er heldige som er ein del av gjengen ❤ øgonblick – det vackraste som er…

  2. Torhild permalink

    Wow…..I am waiting for your next heading….

  3. Petra permalink

    Känns tomt utan dina uppdateringar, min sköna böna! 🙂

  4. heidi permalink

    Nå er eg her att. Oppstartsveka på skulen har som alltid vore hektisk, og eg har hatt litt problem med å orientera meg på nye Andedrakt. Men nå er eg over begynnarkneika håpar eg. Det blir nok bra her og. Eg må bare få litt hjelp av ein eg kjenner til uforminga av sida mi.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: