Kanskje litt for ofte ser eg på verda som ein stor absurdteaterscene, der dei mest surrealistiske ting utspelar seg. Her er to innslag som ville passa inn ein slik stad; hundebunad frå bunadavdelingen på Garborgsenteret, og ein fin utstillingsfigur frå kjøpesenteret Kvadrat.
I dag var me på besøk med heile fjerdetrinnet på Garborgsenteret, dei hadde program for oss i tre timar. Elevane fekk høyra om Arne Garborg sin barndom, noko mange av dei var ganske godt oppdaterte på, dei fekk sjå film om då Linus i svingen og vennene hans gjekk julebukk, dei fekk gå ei løype inne på senteret der dei på ulike måtar skulle læra ting om Arne Garborg, og der dei mellom anna fekk laga rare dikt ved å snurra på ulike ringar i eit diktjul. TIl slutt fekk dei kle seg ut i bunadar og gamle klede og dei fekk leika på Garborgsenteret og biblioteket. Så heldige me er som har slike kultursenter så nære, og som tek i mot oss så gjestfritt. Garborgsenteret ligg i same bygg som biblioteket, og biblioteket på Bryne er verkeleg eit mangfoldig allbrukssenter med vidopne dører og veldig imøtekomande personale.
På slutten av arbeidsdagen rakk eg eit kurs på kompetansesenteret oppe på gamle Bryne vidaregåande. Det var og veldig bra. Dette var med andre ord den store senterdagen.
Tilbake på skulen venta den siste utviklingssamtalen, dei samtalane me har to gonger i året med elevar og føresette. Denne samtalen var blitt utsett på grunn av sjukdom. Eg synest i grunnen at slike samtalar er ein veldig triveleg del av lærarjobben. Det er interessant og meiningsfylt å bli betre kjend med foreldra, og å samarbeida tett med dei.
Medan eg gjorde klar til samtalen var det så fin solnedgang og blåtime utanfor skulebygget at eg måtte fram med mobilen for å fotografera litt.
Klokka ti over halv fem vart eg henta av Ingrid. Så reiste me inn på Kvadrat for å eta middag saman og samarbeida litt om nokre julegavar. Det er litt trist at barna blir så fort store, men til dei som framleis ikkje har nådd det stadiet at barna flyttar ut, så kan eg koma med den trøysta at det å ha vaksne barn og er veldig triveleg. Heldigvis har to av dei busett seg i nærleiken, og dei to andre kjem snart heim på juleferien.
Nå må eg sjekka om dei to bretta med safranbiscotti som står til tørk i omnen er klare snart slik at eg kan få lagt meg…
Heidi

Nå har eg nettopp mista eit innlegg pga dårleg nett. Eg er stuptrøtt og orkar ikkje rekonstruera. Må bare seia at eg har vore på ein fantastisk konsert i kyrkja til inntekt for Idas hjelpefond. Det var stor spennvidde i programmet frå General Forsamling til Jæren solistensble, og mykje gjorde sterkt inntrykk.
I dag på Luciadagen, minnest eg spesielt bestemor Borghild, som døydde for tjuetre år sidan, og svigerfar, Arild som døydde for fire år sidan. Dei kjennest ikkje langt borte dei to avskjedane. Eg har oppdaga etter å ha levd ei stund at dei døde kjennest mykje nærare enn eg hadde trudd dei kom til å gjera. Eg er nokså sikker på at i løpet av dei tjuetre åra har det ikkje gått ein einaste dag utan at eg har tenkt på bestemor. Forholdet eg hadde til henne var veldig spesielt for meg.
Tider skal komme, tider skal henrulle…
Heidi
For å gje litt førjulsstemning frå klasseromet til dei som ikkje er så heldige å vera der dagleg, så tek eg med nokre av englane frå engelverkstaden i dag. Englane er først tova av karda ull, og så har dei fått hovud, hår, glorie og diverse anna som englar måtte tenkjast å trenga. Det er like travelt kvart år med juleverkstad, men me kjem alltid i mål.
I går var det og ein dag for førjulsaktiviteter. Først fekk me med oss «Fest i Guds hus», ei adventmesse med barnekor, vaksenkor og dans i kyrkja. Kombinasjonen dans, barnekor og ikkje minst nydeleg trompetspel frå orgelgalleriet, får meg alltid til å gråta ein skvett. Eg er eit menneske som ytterst sjeldan grin i sorg og sinne, men kom med eit barnekor, ein dansar, ein trompetsolo eller eit mannskor med sangerluer…
Veret var veldig grått og vått frå morgonen av, men i skumringa, som skjer allerede i firetida oppstod det eit utruleg vakkert og trolsk lys med kombinasjonen av låge skoddeflak, klarnande himmel i vest og kolsvart himmel i aust og eit rosaoransje slør frå solnedgangen. Av og til skulle eg ynskja eg var ein ekte fotograf som gjekk rundt med skikkeleg kamera med fantastiske linser. Eg ser så mange fine motiv, og det er ikkje alltid mobilen heilt gjer nytta… På den andre sida, det er godt å sleppa å bera på alt det tunge fotoutstyret og forsiktig framferd med dyrt utstyr er ikkje min fremste forse…
I går var me så heldige at eldsteguten inviterte på heimelaga vegetarmiddag med heimelaga falaffel i nysteikte pitabrød. Det har sine fordelar å ha eit par av «ungane» buande i området.

Nå er me inne i dei aller mørkaste vekene i året, og sånn såg det ut på personalromet då eg gjorde meg klar for å gå heim sånn i firetida. Det er ikkje bare blånissar som synest at den blå timen er utruleg vakker. Eg har alltid lyst til å halda tida fast. Dette gjeld og for desse mørkaste vekene. Eg synest faktisk at det er noko vakkert med mørket, og ikkje minst med soloppgangane seint på morgonen og solnedgangane på ettermiddagane.
Det mest fantastiske som skjedde meg i dag var at eg i titida fekk ei melding frå Bjarte Lending som kunne forelja at nå han hadde laga ein melodi til julesongen eg la ut på bloggen min i gårkveld, og før eg visste ordet av det fekk eg melding med fin melodi og song. Det er noko utruleg fascinerande med kreativitet, plutseleg så bare klaffar det, og ein sit der med eit produkt som ikkje fantest for få dagar sidan. Det er tredje gongen eg opplever dette med ein julesong. Det må vera fordi alle veit at julesongar er skikkeleg ferskvare slik at keativiteten blir skrudd på full opning…
Songen ligg allereie ute på youtube. Det ligg ei lenke frå facebooksida mi. Av ein eller annan grunn fekk eg ikkje til å leggja ho her.
Heidi
For ei vekes tid sidan fekk eg spørsmål om eg hadde fleire bøker å selgja. Ho som spurde tenkte på julegavar. Svaret er at det ikkje har kome ut nokon ny bok i år, men at me har att av dei me har gitt ut tidlegare. Eg tok ei rask opptelling og oppdaga at det minkar på dei, men framleis har me eksemplar att av alle tre.
På sundag kjem eg til å ha eit salgsbord på sekkelageret i samband med arrangementet «Jul på Møllå». Då vil litt av inntektene frå salet gå til Idas hjelpefond. Det er og mogleg å kjøpa dei heime på døra hos oss, eller å få dei tilsende. Då kjem portoen i tillegg. Prisane er som dette:
Fotnoter i sanden- kr 150
Det kvite romet – kr 220
Ta heller med deg hjartet ditt- kr 250
Dersom du kjøper alle tre bøkene, får du dei for 500 kr.
Det kvite romet + Ta heller med deg hjartet ditt- kr 400
Fotnoter i sanden + Det kvite romet- kr 320
Fotnoter i sanden + Ta heller med deg hjartet ditt- kr 350
Heidi 🙂
Inspirert av Nordnorsk julesalme, så fekk eg så lyst til å skriva ein julesong eller ei julevise inspirert av landskapet me bur i. Som barn kjendest det nesten litt feil at me sat her i regn og vind og feira jul når alle visste at norsk jul var bitande kulde og kvite jorder i stjernelys med snødekte graner og eit halvvegs nedsnødd fuglenek fullt av dompappar.
Dei siste dagane har eg leika meg med å prøva å få til ein slik tekst. Eg ser med ei viss overrasking at resultatet er blitt mørkare enn eg eigentleg hadde sett føre meg… Eg tek sjansen på å leggja ut den foreløpige teksten her, og tek gjerne i mot gode råd-
Jærsk julevise
Det er så mørkt på jorda i desember,
me drøymer om at lyset finn oss att,
når stormen piskar hav og draum og tanke,
og livet pakkar dagen inn i natt.
Ei stjerne lyser kvar gong himlen klarnar,
i trassig tru, så skin ho sterkt og klart,
ho seier lyset finst om natta tynger
og alt du ser er avmakt kledd i svart.
Me tenner lys og lykt og søkjer saman.
Me dekker bord, og håpet tek me med,
om styrken i å vera hos kvarandre,
og om vår gøymde draum om julefred
Der svarte skarvar står på kalde steinar,
og vintertrea bøyer seg i vind,
står husa her i rennedrev og reggen,
og lyser medan jula ringest inn.
Sjå ville stormkast ruskar hus og strender,
høyr nordavinden syng at Gud er stor,
nå møtest me med hjarte blikk og hender,
og trur på englesong om fred på jord.
Heidi
Kvelden i går vart ei stor oppleving. Kollegiet frå kulturskulen skulle møtast til julebord på det gamle apoteket, der jærkokken, Heine Grov ha starta eit slags gjestehus.
Eg har ikkje vore inne i bygningen sidan det var apotek der, og det må det vera meir enn tretti år sidan. Eg va heilt uforberedt på kva flott og staseleg bygning som viste seg å vera på innsida. Det var fleire veldig trivelege rom der, både i første og andre etasje, og det var nydeleg pynta til jul og lukta røykelse, sviblar og julemiddag. Det var omtren slik eg ser for meg at det er å koma inn i eit dansk herskapshus på julafta.
Noko av det fine med kulturskulekollegiet er at dei som jobbar de har høg musisk kompetanse. Det er fleirstemd allsong og under kvelden dukkar det opp ein blåstrio, gitar og ein liten stabel med munnspel.
Me følte oss behandla som gjester i heimen, og maten var aldeles fantastisk. Det var ein stor buffet med varm og kald mat laga av lokale råvarer, mellom anna det beste pinnekjøtet eg har ete nokon gong, med nydeleg kålrabistappe til. Til kaffien fekk me heimelaga riskrem med jordbærsaus, heimelaga karamellpudding med karamellkrem, heimebakt eplepai og heimebakt sjokoladekake. Det var rett og slett ein plass eg fekk veldig lyst til å koma tilbake til. Etter denne nærast skamrosen kunne nokon koma til å tru at eg hadde inngått ein sponsoravtale med Heine Grov, så det må eg kanskje for ordens skuld tilbakevisa på det mest bestemte. Eg lot meg bare ærleg og redeleg trollbinda…
I dag stod eg relativt tidleg opp for å baka peparkaker og kvite kakemenn. Eg håpa eg hadde funne ei god oppskrift på deig, og alt såg bra ut til steikinga. Då viste kallene seg å bli fulle av «blemmer». Eg får vera raus med pynten… Det eine brettet med kakemenn vart svidd, og såg nesten ut som peparkaker dei og… Eg er nokså usikker på kor mange husmorpoeng eg klarte å samla meg på denne aktiviteten…
Oscar og eg tok oss ein tur ut før det veldig tidlege kveldslyset la seg rundt oss. Det er framleis ein del i naturen som minner meir om haust enn om vinter. Nå kosar eg meg med TV- program om nobelprisvinnar Bob Dylan.
Heidi
I dag var det godt å ha ein dag til fritt bruk. Eg har omgitt meg med levande lys og sovande hund og katt. Det må vera noko av det mest nedstressande ein kan driva på med.
I ettermiddag har eg sett deig til peparkaker og til kvite kakemenn. For tida har me ikkje barn som kan baka saman med meg, men eg fekk lyst til å ha heimebakte menn og koner likevel. Eg har så fine former eg vil få brukt, og det er høyrer med å ha litt i boksane.

Eg må innrømma at det alltid er litt spennande å opna Jærbladet når eg har tekstar på trykk der… Serien «Tankar» er eg svært glad for å få vera bidragsyter i, og eg prøver så gost eg kan å få skikk på dei tilmålte orda mine. Eg vil gjerne få seia noko av det som er viktig for meg, og eg vil gjerne at den stemmen som kjem fram der er hjartestemmen min. Det kan lesast som eit innlegg i hijabdebatten, eller eit innlegg i flyktningedebatten sjølv om det heilt eigentleg er meint å vera min stemme i den store kakafonien der nokon ropar så høgt at mykje av det viktigaste ikkje blir høyrt… Eg har tenkt at eg er ein liten smule meir kontroversiell enn eg pleier å vera, men så langt har ingen ringt for å prostestera.
I kveld skal eg på julebord igjen. Sist fredag var det med Bryne skule og i kveld er det TIme kulturskule sitt julebord. Slik er det å halda seg med to arbeidsgjevarar. Det kan lønna seg i desember….
Heidi

Eg har til tider eit veldig fullmøblert liv. Det står i grunnen litt i kontrast til det at eg på mange måtar elskar dagar med stort slingringsmonn for improvisasjon. At dagane er fullmøblerte først og fremst med lystbetonte gjeremål hjelper godt på. I dag har eg vore på jobb frå ti på åtte om morgonen til kvart over ni om kvelden, bare med ein drøy halvtimes pause ein stad på midten… Då må eg innrømma at det blir utruleg deilig med tre nokså umøblerte dagar nå i helga. Eg har utruleg mykje eg har veldig lyst til å gjera, så nå får me sjå…
Eg prøver å aldri ha det meir travelt enn at eg kan bu i eit kvarter om gongen og ikkje sikta for langt fram, at eg kan pusta roleg, ha tid til dei menneska som dukkar opp i kvartera mine og at eg har tid til å stoppa opp av det som måtte dukka opp av ting å le av…
Stort sett klarer eg dette, ellers hadde eg vel ikkje orka mitt eige tempo, men eg har stort forbetringspotensiale i å rydda tid til å gjera ingenting. I morgon skal eg nyta noko av det mest luksuriøse eg veit om: Å vakna utan vekkarklokke. Det einaste som er endå meir luksus er å sovna utan vekkarklokke.
Og det skal eg gjera ganske snart…
Heidi


