
Det er koseleg å begynna dagane med levande lys. Morgonane er mørke nå, og det å ha adventsamling med elevane med tenning av adventlys og høgtlesing medan det er mørkt både ute og inne er noko av det finaste eg veit i skulen. SIst veke tok eg med meg ei gruppe elevar og skreiv heksehistoriar i eit morgonmørkt rom, bare opplyst av stearinlys. Det var spennande. I dag har me tova englar av kvit ull og støypt juletrefot til juletrea me skal laga av ein pinne og papir.
Eg skulle unna dei av lesarane mine som sjeldan er der, ein dag i skulen. Eg er overbevist om at mange ville ha opplevd det intenst, travelt og nesten litt heseblesande, likevel håpar eg at dei ville fått ei oppleving av alt det fine som skjer mellom menneske i løpet av ein heilt vanleg skuledag. Eg sluttar aldri å la meg fascinera av å sjå ungar veksa opp. Eg har hatt fire av dei her heime, og tre gonger har eg høyrt til eit kull elevar alle åra frå dei begynner i første klasse til dei går ut sjuande.
Dei fleste åra har eg vore vanleg klasselærar og nokre år har eg vore mest spesialpedagog. Det å jobba så mykje med barn som ikkje får alt gratis har gjort at eg gleder meg ekstra mykje når nokon får til noko dei har strevd med å klara, og når nokon plutseleg får til meir enn både dei sjølv og dei vaksne hadde venta.
Det er blitt så in i tida å seia til barn at dei er fantastiske og at dei kan få til alt dei vil om dei bare prøver hardt nok. Alle som tenkjer seg om veit at det er ei sanning med store modifikasjonar. I ein del tilfelle er det blank løgn. Me er forskjellige og det er det meininga at me skal vera.
For å ikkje gå lenger enn til meg sjølv, så trur eg dei fleste som kjenner meg litt innser at eg aldri ville kunna bli ballettdansar, konsertpianist, høgdehoppar eller urmakar. Det er ikkje så farlig heller. Det er nok av ting eg har kunna bli. I skulen og i samfunnet elles så er utfordringa å støtta kvarandre slik at me kan bli ein god versjon av oss sjølve, det mennesket me er skapte til å vera. Sjølvtillit er viktig, tillit til andre og evna til å vera eit godt medmenneske er like viktig. Dersom barna går ut i livet og veit at dei i eigenskap av å vera menneske har uendleg høg verdi, og at det har alle andre menneske og, så har me lukkast med noko viktig i skulen.
I ettermiddag hadde eg noko så koseleg som ein date med den eldste sonen min. Me var ute og åt middag saman, handla litt julegavar og drog på kveldsbesøk til mor og far. Heldige meg som har nokre av ungane buande i nærleiken. Eg gleder meg veldig til dei som ikkje gjer det kjem heim på juleferie. For ungane mine er ungane mine sjølv om ein av dei har runda tretti og dei tre andre er godt over tjue…

Heidi
Det er så kjekt å ha besøk. Då får ein mellom anna eit ekstra lite puff for å koma seg ut og oppleva ting saman med gjesten sin. I dag gjekk turen til Tou scene der det var julemarked der ulike kunsthandverkarar og andre kreative sjeler fekk vist kunsten sin fram for sal. Det er masse sjel i veggene i dei gamle bygningane der.
Når det gjeld kunst og interiør, så trur eg at eg har ein litt rampete smak. Ja til masse fargar og ville humoristiske idear. Eg blir nok aldri ei klassisk pels, diamantar og diskret eleganse- dame, men det gjer ingenting, for det er det så mange andre som gjer betre enn meg.
Solnedgangen i kveld kom tidleg, men var nesten overjordisk vakker. Me var så heldige at me kjørde langs stranda akkurat i det eldkula glapp taket i himmelen og sokk ned i det store skalagensraude gullfarga lyset som låg og glitra over det mørke havet.
Det fine med tidlege kveldar er at dei er lange og romslege når dei først har innteke verda.
Eg har fått tid til å skriva litt og tenkja litt i dette huset som er litt tomt etter nærveret av Eva Mari, men som framleis rommar både katt og mann og meg. I morgon er det ei ny adventveke. Eg trur ho blir god,
Heidi
Bak luke tre skjuler det seg ei fin bøn til ettertanke. Det er Martin Lønnebo som har skrive bøna. Astrid las ho for meg og Anne Mette då me var på Hamar for to veker sidan. Her finn du både norsk omsetning og originalteksten.
Gud, om du vil høre min bønn:
Gjør meg til en kakkelovn
for ettervarmens skyld.
Bevar meg fra å bli et butikkvindu,
et reklamebyrå, en bankboks eller en fryseboks.
Takk for alle gode mennesker som ligner
fyrstikker, stjerneskudd, vedkomfyrer, elektriske komfyrer, men er dårlige på ettervarme.
Nå for tiden har vi det så trekkfullt og kaldt, at jeg lengter sånn etter mennesker med ettervarme.
O Kristus, Du er vårt forbilde!
O Hellige Ånd, bli vår ild!
Den eneste ilden som aldri blir til aske.
–
Gud, om du vill höra min bön:
Gör mig til en kakelugn
för eftervärmens skull.
Bevara mig från at bli ett skyltfönster, en reklambyrå, ett bankfack eller en frysbox.
Tack för alla goda människor som liknar
tändstickor, tomtebloss, järnspisar, elspisar, men er dåliga på eftervärme.
Nuförtiden har vi det så dragigt og kallt att jag längtar så efter människor med eftervärme.
O Kristus, Du är vår förebild!
O Helig Ande, bli vår eld!
Den enda eld som aldrig blir till aska.
_Martin Lönnebo _
_(forfatter, tidligere svensk biskop og skaper av «Kristuskransen») _
Heidi

Litt overraskande etter fleire dagar med gråver, kom dagen i dag med strålande desembersol. Vêret var perfekt til ein tur langs jærstrendene, noko som passa oss kjempegodt.
Finare kan det ikkje bli.
I den lange perioden med lite blogging har eg hatt det travelt med ulike forestillingar, skrive evalueringar og hatt utviklingssamtalar, vore på veldig fin jentetur til Hamar , gløymt kofferten på toget i Oslo og fått han tilbake, feira stor femtiårsdag for syster og falt på sykkelen på glatta utan å slå noko anna enn kneet…
Kanskje eg kjem tilbake til noko av dette, men me får ta det her i frå, nå ser eg fram til eit litt rolegare liv i vekene fram til jul. Eg liker adventstida og desembermørket med masse lys inne. Eg gleder meg og til meir tid til skriving.
Eg har tenkt å leggja ut dikt og glimt av levande liv her kvar dag i adventstida. I dag får bileta fortelja litt om den finaste plassen i verda.
Heidi

Opptreden i Egersund kirke i kveld og i Hinna kirke i gårkveld. Nå er eg trøytt og letta og glad og klar for adventblogg etter tre- fire veker med i -overkant -travel -kvardag. Nå skal eg nyta tre flotte fridagar med Eva Mari på besøk.
Heidi

I går var eg på ein fin temadag i Stavanger. Det var foredrag, seminar, messe og nydeleg kontemplativ musikk. Arrangementet var i hovudsak lagt til St Petri -kyrkja, men nokre av arrangementa var i metodistkyrkja. Etter ei intens veke var det litt hardt å måtta koma seg tidleg opp på laurdagsmorgonen og, men det var fantastisk fint å vera der. Torun var heime på besøk, så me to reiste saman. Det er fint å ha nokon å oppleva fine ting i lag med.
Det var pausar innimellom programpostane, og det vart tid til litt kaffi og sosial oppdatering og. I Stavangergatene var det allereie eit streif av julestemning blanda med velkjend vestlandsk haustregn.

Noko av det som gjorde sterkt inntrykk på meg var foredraget til fengselsprest Kjell Arnold Nyhus. Etter modell frå eit svensk fengsel i Kumla, har han fått vera med på eit eksperiment i Halden fengse. Langtidsdømde fangar, fleire av dei drapsmenn, har fått tilbod om å vera med på klosterretreat der dei insette får disponera ein eigen avdeling i fengseleg der dei lever i tre veker etter ein eldgammal modell av klosterretreat. Fangane lever i denne tida i same rytmen som munkar, med ein streng døgnrytme med mykje stillheit, tidebøner og samtalar med dei to retreatleiarane.
Biletet over er frå boka han har skrive i etterkant, der han med løyve frå dei som var med har skildra prosessen. Det er nå gjennomført to slike retreatar i Drammen fengsel, og i svenske Kumla, eit høgsikra fengsel med piggtråd og vollgraver, har dei etter stor suksess med slike retreat bygd eit klosterområde innanfor fengselsmurane. Fangane søkjer om å få vera blant dei utvalde som får vera med på dette og det spennande er at både fangar, fengselsbetjentar og retreatleiarane som er delvis fengselsprestar og delvis menneske med retreaterfaring melder om dette har vore sterke opplevingar som har endra dei som menneske.
Ideen er i utgangspunktet heilt hinsides… Å la dei hardast belasta fangane leva som munkar, det høyrest ut som ein ugjennomførbar idé der ein har strekt fantasien langt for i det heile tatt å koma på det. Eg tenkjer at dette har vore gjennomførbart, og at nokon i det heile tatt har kome på ideen, må tyda på at noko i oss menneske alltid lengtar etter noko djupare, etter å bli sett og høyrt og elska. Eg trur og det kan handla om ein tøtste etter ro og djupare meining. Eg kjøpte med meg boka hans, og har brukt føremiddagen på å lesa ho.
Eg var og på seminar med søster Hildegard, ei tysk nonne, som nå bur og arbeidar i Norge. Ho fortalde mellom anna om erfaringane frå då ho som ung nonne med sosionomutdanning vart plassert som den vaksne i eit hus i ein av SOS-barnebyar der ho skulle vera «mor» for ein gjeng kriminelt belasta ungdomar. Alternativet ville vore å plassera dei i ungdomsfengsel. Ho vegra seg veldig for å setja i gang med denne oppgåva som ho vart beordra til frå høgare hald, men ende med å elska det og bli verande i oppgåva i tjuefem år. Nå rekna ho seg som mor til tretti gutar med belasta liv som etterkvart hadde blitt vaksne menn. Dei fleste hadde klart seg langt betre enn det hadde vore grunn til å frykta. Eg har møtt nokre nonner med ei utruleg utstråling av fred, humor og styrke. Hildegard ville eg lika å bli betre kjend med. Kanskje det opnar seg ein veg til å bli det. I eit liv kan det meste henda…
Elles var det utruleg fint å sitja i kyrkjebenkene, lukka auga, høyra nydeleg kontemplativ musikk, vera med på liturgiar og taizésongar. Det er så mange inntrykk. Av og til treng ein å falla til ro i livet sitt.
Heidi
Det er ikkje første gongen me lar oss skremma, skuffa og fortvila over valet av ein amerikansk president. I nittenåtti gjekk eg på lærarskulen i Kristiansand, og eg hugsar det gjekk kaldt nedover ryggen på oss då det viste seg at Ronald Reagan vart ny amerikansk president. Eg hugsar framleis eit par setningar frå ein vestlandsk revy eg ikkje trur eg såg ein gong, men bare fekk referert: Ein eldre mann sit og les i avisa og kikkar opp med fylgjande kommentar: «Da ska bli regen i Amerika. Da ska bli regen i fira longe år.»
Det skulle visa seg å bli Reagen i Amerika og det i «åtta longe år». Det var sikkert mangt og mykje som gjekk sin skeiva gang, men den verdskrigen me skalv for i skuggane av den kalde krigen, klarte me heldigvis å styra unna.
Eg kan ikkje seia eg jubla for George W, heller, og få ting viser betre enn presidentvala at det faktisk er mykje med den amerikanske kulturen og politikken som det er vanskeleg for ein nordmann å forstå og identifisera seg med.
Då eg vakna med ei viss uro i kroppen klokka tre om natta under valet var eg så dum at eg strekte ut handa etter i-paden for å forsikra meg om at Hillary leda. Då eg såg det eg såg, vart det ikkje meir soving den natta. Eg prøvde å fortelja meg sjølv at eg ikkje på nokon måte kunne påvirka den amerikanske stemmeteljinga, og at eg like godt kunne sova vidare for å kunna møta neste dag vaken og klar. Kropp og hjerne let seg ikkje overbevisa. Eg vart liggjande og smugkikka med eit stadig høgare stressnivå i kropp og sjel, heilt til eg like godt kunne stå opp…

På skulen neste morgon høyrde eg elevane snakka høgrøysta med kvarandre på gangen, og då eg kom ut til dei for å seia god morgon medan dei hengde av seg jakkane, høyrde eg på stemninga at mange av dei rett og slett var redde. Her har dei i fleire månadar overhøyrt at dei vaksne dei kjenner omtala Donald Trump som «den spinngalne mannen som seier så utruleg mykje dumt, og som det ikkje går an å stola på». Nå var denne mannen vald til president i USA, og ungane lurte på korleis det skulle gå med verda. «Skal han begynna å byggja muren mot Mexico med det same?» «Kjem tredje verdenskrig nå snart.» Me måtte prøva å roa dei ned med å fortelja at det var mange som skulle bestemma i lag med han, og at det å vera president ikkje var det same som å vinna ein valkamp. Nå kom han nok til å visa nye sider ved seg sjølv…
Eg innser at eg ikkje er amerikanar, at det ikkje er alt eg forstår fordi eg aldri har følt det på kroppen, og at den norske pressa ikkje akkurat har behandla Trump som favorittkandidaten. Likevel kjenner eg at eg er djupt uroleg for ein del verdispørsmål. Korleis skal det nå gå med klimaforhandlingane? Kva slags menneskesyn skal bli forvalta i USA? Kva slags kvinnesyn har den nye presidenten? Er det verkeleg slik at mannen trur på at det å ha rett til å bera våpen er ein menneskerett som dessutan vil gjera verda til ein tryggare plass?
Det får meg og til å tenkja som nokon, kanskje det var Vømmøl spelemannslag, song på syttitalet. Det e itt´no som kjem ta seg sjøl.»… Her i landet har me trygt kunna lena oss mot velferdsstaten og kunna tru at me bur i eit land der menneskerettane er oppfylde, der me tek vare på dei svakaste mellom oss, og der alle har rett til å bli tekne vare på… Eg blir minna på at det ikkje er sjølvsagt, at me aldri må slutta å kjempa for det me trur på og at me må prøva å oppdra barna våre til omsorg, nestekjærleik og evne til solidaritet i ei verd der mobbing er underhaldning og der nokon trur at dei med dei spissaste albuane har mest rett.
Det har vore regen i Amerika før. Det er godt me snart er inne i den tida på året der me skal syngja «Fred over jorden, menneske fryd deg…» Eg blir alltid litt fortvila når nokon seier at «Nå er det så mykje gale i verda at eg viss bare kan grava meg ned.» Slutt aldri å tru at enkeltmenneske kan gjera store forskjellar. Ghandi og Nelson Mandela hadde i si tid stor grunn til å tru at dei ikkje kunne forandra på noko som helst.
Eg hugsar den gode kjensla for snart åtte år sidan då me såg Barak Obama gå hand i hand oppover gata i Washington DC etter at han var blitt innsett som president. Eg hadde ei god og varmande kjensle av at «Nå går verda framover, nå er me på rett veg.» Det trur eg og at me var. Av og til gløymer me som plaskar rundt i den norske andedammen kor mykje som er frykteleg gale i verda. Me må aldri slutta å tru at me kan gjera noko med det.
Heidi
Veka som har gått har vore intens og innhaldsrik. Det har ikkje blitt tid til blogging, så nå får eg stikka hovudet fram og visa at eg er i live. Det har vore ein fin sundag. Etter engleverkstad på sundagsskulen rakk eg såvidt heimom før det venta sundagskaffi på oss hos eldstejenta. Det er mørkt ute nå, men midt på dagen var det fint haustlys. Det var dagen for tende lys og eplekake.
Torhild og eg er hyra inn til eit oppdrag i Den kulturelle spaserstokken. I forestillinga Livsvev skal me ta med oss publikum på ei reise gjennom liv og årstider. Me hadde lagt inn ein øvingsettermiddag i dag. Nå har me begge den gode følelsen av at forestillinga er på plass og at dette skal gå bra.
Nå er det frost ute, så eg gjekk ut med saksa for å invitera rosene til ei mildare avslutning på livet. Eg lurer på om dette er den siste helga eg kan ta inn blomar frå hagen.
Eg har lese ut Ketil Bjørnstad si bok om syttitalet og gler meg til å lesa boka han truleg held på å skriva akkurat nå om åttitalet. Eg har lånt meg ein biografi om Tove Jansson som eg gler meg til å opna. Utanfor Eurospar er det kome ein stor oppblåsbar julenisse og på aust- og sørlandet har det kome snø i helga. Her heime er det framleis litt lauv att på trea og i den låge novembersola mot ein regnmørk himmel på torsdag vart det ein heilt magisk glød i haustlauvet.

Nå ser eg fram til å setja meg framfor fjernsynet og hekla på fantasidokkene mine medan eg ser på Nobel. Eg burde sikkert ikkje begynna å lesa om Tove Jansson etterpå, for då er det jo kveld…
Heidi
Reint klokkemessig så er eg ikkje ein av dei som grin når sommartida tar slutt. Snarare ville eg vel vore på normaltid heime sommaren. Det hadde sikkert passa meg som B-menneske betre. Noko av det finaste med den tekniske varianten av sommartid er at natt til siste sundag i oktober får me tilbake den timen tida lånte av oss i vår. Plutseleg er morgonane litt lysare att, men kveldane er tidleg mørke.
Sidan eg det siste året har vore med i styret for vennelaget på Hå gamle prestegård, var eg delaktig i å arrangera Halloweendag der i dag. Eg er vel litt splitta på måten halloweenfeiring har utvikla seg på i Norge, men denne formen for feiring, utan hjelp frå handelsstanden går eg god for. Då eg var barn elska eg grøss og gru, kyrkjegardar, dødsannonsar, tåredryppande skillingsviser og mollstemmde salmar. Mest av alt elska eg dei aller mest gruoppvekkande eventyra til HC Andersen der Storeklaus hogde hovudet av bestemor si for å selgja henne på torget, der snille prinsesser i siste liten vart redda frå å bli brende på bålet etter å ha skambrend hendene på å strikka skjorter av brennenesler, og der døde menneske står opp frå gravene for å hjelpa gode og trufaste menneske som har mista mor si… Eg trur det å bli drogen mot det makabre og triste er ein måte å bearbeida det som er vondt og skremmande i verda, og redselen knytta til det at me er dødelege.
Merkeleg nok er eg ikkje så glad i å lesa krim eller sjå krimfilmar i vaksen alder, men det er ein heilt annan historie.
Mi oppgåve i dag var å vera med på å rigga til eit skummelt rom på det gamle loftet på prestegarden. Der pynta me med store mengdar syntetisk spindelvev, eit fascinerande materiale som eg aldri har vore borti før, med edderkoppar, rotter og myser og anna som godt kunne finnast på eit eldgammalt loft. Der oppe laga me til verkstad der ein kunne klippa og dekorera flaggermusmasker i papp, laga flaggermis til å heng i vindauga, spøkelse i kvitt papir eller å teikna graskaransikt på klementiner. Andre stader kunne barna sjå på ei skummel forestilling, bli malte i ansiktet eller laga gammaldagse jærske roelykter.
Det eg i alle fall er heilt for, halloween eller ikkje, er at barn kjem saman med vaksne dei kjenner og blir sitjande lenge rundt eit langbord for å laga ting saman. Det hadde nok mange barn likt å gjera mykje oftare. I kafeteriaen nede kunne ein kjøpa lefser, lappar, blodraud raudbetsuppe og spøkelseskaker med marsipanlok. Og skulle ein ha fått nok av alt det overnemnde, så er naturen der nede alltid heilt fantastisk, same korleis veret er. Området rundt prestegarden er eit av mine favorittområde i heile verda. Turterrenget langs havet er det finaste eg veit å gå i.
I dag vart det ikkje tid til turgåing. Det har vore ein travel og fin sundag. Då eg kom heim fekk eg nylaga middag og blei servert kaffi medan eg tok med meg Ketil Bjørnstad til sofaregionen. Eg oppdaga at eg faktisk kunne nådd å oppleva den heilt ekte varianten av Ketil Bjørnstad på Sola i kveld, men det vart sofaen i staden. Nå har eg bakt scones med ost, rosiner og peanøter til kvelds. Katten malar og ute er det stupmørkt. November er farleg nær oss.
Heidi
Eg syklar gjennnom mørke morgonar med rosevottar kjøpt i Jurmala på hendene. På vasspyttane ligg det paprtynne lag av den aller første isen, og vinden er kald.
Eg hugsar med eit mjukt vemod at me song haustsongar om morgonen då eg framleis gjekk på barneskulen. Me song «At snart er alle fuglar fløyet, snart er alle blader falt», songen eg forstod var den mørke og meir ukjende broren til «Alle fugler små de er, kommet nu tilbake». Me song om nøkken som slo gullharpa si mot klippene og seinere kom «Vegen hem var mörk och lång och ingen har jag mött» og «Skunda dig älskade skunda att älska, dagarna mörknar minut för minut».
Eg registrerer at nå er det verkeleg blitt haust att, ein sommar er over, heilt utan tvil, og me har blitt ein sommar eldre, og i beste fall eit år klokare sidan sist. Eg minner meg sjølv om at me er priviligerte me som framleis heng med og framleis kan stå i rolla vår i det store spelet. Livet og tankane blir ein særeigen haustblanding av vemod og glede og kjensla av å vera intenst og sårbart levande.
Eg har hatt nokre fullmøblerte veker der den eine hendinga har bite den andre i halen. Eg har hatt to kveldar med gode venninner, eg har halde kurs i kreativ skriving for ein gjeng lærarar, eg har fått sett inn ei ny krone inst i munnen, rigga bønevandring på ein fin og varm kveldsgudsteneste, vore med på å foreta trekninga i det kommunale kunstlotteriet, skrive på ei stor forestilling, feira med varme og glede at syster runda femti år. Eg har øvd inn ti spøkelsesforteljingar som eg aldri har fortald før og fortald dei til skriveelevane mine i eit rom utan vindauge med bare eit brennande stearinlys. Eg håpar at ingen av dei har vore plaga av mareritt etterpå.
Midt i det heile har eg funne tid til å krypa inn i bøker, og lesa litt for lenge utover nettene. Heilt i frå eg var eit lite barn har eg bedrive smuglesing. Det å lesa ei bok midt på dagen føles på ein måte nesten litt uanstendig, ei slags unnaluring frå det verkelege livet. Lesing på senga er derimot ei slags velfortent belønning for å ha gjort det ein burde og var forplikta til gjennom dagen. Denne veka har eg tydd til lesing i løpet av ettermiddagar og tidlege kveldar og. Eg har stått på venteliste på det digitale biblioteket i mange veker og venta på å få låna «Syttitalet » av Ketil Bjørnstad, bind to i livsserien hans. Det er ei bok eg har lengta etter å få mellom hendene heilt sidan eg las «Sekstitalet».
Då eg var inne for å sjekka kor langt oppe på ventelista eg var kome, oppdaga eg til mi overrasking at det var ledige eksemplar av Jens Stoltenberg sin nye biografi. Den kunne eg ikkje la vera å låna. Så i denne veka har eg vandra gjennom tiåra i lag med Jens. Det har vore fin og informativ lesing. Eg hugsar då han vart vald til statsminster første gongen, at eg syntest det var ein uverkeleg og litt merkeleg situasjon a statsministeren var av min eigen generasjon. Etterkvart har eg vend meg til at dei som styrer verda er på min alder…
Når eg les boka til Jens er det med ei oppleving av at dette er nær meg på ein heilt annan måte enn når eg har lese politikarbiografiane til Einar Gerhardsen og Gro Harlem Brundtland. Dette er mi samtid og min historie på ein heilt annan måte. Når han skriv om møte med Barak Obama og Angela Merkel, får eg ein slags rar erkjennelse av at verda blir styrt av heilt vanlege menneske, og at dei like godt kunne vore deg og meg.
Når dette er sagt så må eg skunda meg å seia at eg aldri har drive politikk, og heller ikkje hatt nokre som helst intensjonar om det. Det er interessant å fylgja Jens i eit liv der politikk er førstevalet, eg forstår nesten korleis det er. Han fortel med ærlegdom og varme og om det i livet som har vore sårt, vanskeleg og komplisert. Eg har alltid likt Jes Stoltenberg og gjennom denne boka har eg blitt betre kjend med han. Eg kan ope innrømma at eg er glad for at akkurat han har ei toppstilling i Nato i desse merkelege tidene med framtredande verdspolitikarar som det er langt vanskelegare å identifisera seg med og stola på enn han.
I går sykla eg heim frå jobb i den første haglbyga for i år og ein dobbel regnboge i aust. Det var fint å finna eit varmt pledd og gå inn i siste etappen med Jens med ein malande katt oppå teppet før det var tida for ein kjøretur med Gry til ein sein kveld med henne, Anne Mette og Sigrid og Anne Mette si chilivarme kyllingsuppe.
I dag er eg i gang med Ketil Bjørnstad og Syttitalet. Eg er hypnotisert og bergteken og ville helst liggja på ein sofa heilt til i kveld og lesa. Det er noko med Ketil Bjørnstad sin forteljarstemme og med forteljingane hans om korleis har opplevd det å leva i sitt eige liv som appellerer veldig til meg. Han fortel om eit liv som på mange måtar er utanfor det me innbillar oss er A4 og vanleg. Han vågar ein ærlegdom om sine opplevingar av livet og det å leva som eg på ein litt merkeleg måte kjenner meg att i. Eg har snakka med andre som på ingen måte fekk same opplevinga som meg av å lesa Seksti-talet. Det er merkeleg korleismusikk og litteratur skapar heilt ulike klangbotnar i ulike menneske.
Men eg skal ikkje bruka heile dagen på å lesa. Nå skal eg skriva nokre timar før eg skal eta middag med Leif og Odd Christian. Ein tur ut bør eg og prøva å få lagt inn før eg har planar om å landa i sofaen med fantasihekledokker i hendene, fjernsynet framfor meg og ein kjærast ved sida av meg. I morgon skal eg vera med på å arrangera Halloweensundag på Hå gamle prestegard.
Så må du som les dette nyta helga du og. Natt tili morgon får me tilbake den timen dei lånta av oss då sommartida sette inn. Det er alltid ein velkomen gave, og for ei kort tid blir morgonane litt lysare att.
Heidi
