Gå til innhald

Luke 23- 2016

Me kom i mål i år og, i alle fall sånn nokonlunde. Klokka har passert midnatt med ein halvtime, så teknisk sett er det julafta allereie. Eg har eit brett aniskringler i omnen som eg må hugsa å halda eit auge med. Ute er det vore skikkeleg vestlandsk ruskever. Juletreet er pynta, og alle englane på plass. Eg er eit englemenneske meir enn eit nissemenneske, men nokre nissar har eg og plass til. Ein av ungane mine påstår at eg har nisseansikt, rektig nok eit koseleg nisseansikt. Kan eg forstå kva ho meiner?

Begge julekrybbene er på plass, både den danske og den bolivianske.

Julepynten kom på treet. Då eg såg biletet, begynte eg å lura på om lysa står loddrett på greinene på andre sine juletre, det ser eg ikkje vekk i frå… Stort sett består pynten vår av englar, stjerner og fuglar.

Sunniva og eg har rukke å vera sosiale i to omgangar, tre for hennar del… Folk hostar og nys, eg håpar ikkje dei er allergiske mot juletre, for eg vil så veldig gjerne ha eit ekte tre i stova. Me har fått oss ei edelgran, fordi det var så mykje snufsint og nysing i fjor. Kanskje me må prøva oss på furu neste år, eller rett og slett på ein «einerbærbusk»?

Eg liker symbolikken i å ta eit grønt og levande tre inn i stova og pynta det. Bartrea er trea som ikkje gir opp når andre tre mistar blada og står ribba att. Ikkje la dokke ribba av alt som er kaldt og vondt folkens! Denne verda treng tre og folk som tviheld på krafta og nålene og seier at dei er sterke nok til å stå i det som er kaldt og gale.

Det er så mange stemmar der ute som eg ikkje er einig i. Eg får lyst til å bli fredsaktivist, miljøaktivist, menneskerettsaktivist. Dersom systema går av hengslene, så må alle dei som ynskjer  noko anna vera villige til å stå opp og seia i frå om at me er på ville vegar.

Men nå skal me feira jul.

Heidi

Luke 22- 2016

I dag har det vore ein av dei dagane eg verkeleg har gledd meg til i dei travle vekene som har vore. Først sein frokost, så jentedag i Stavanger med døtrene mine, som vart avslutta med kaffibesøk i den oransje stova til Torhild og Per Magne. Kvelden har gått med til innpakning av julegavar. I dag blir luka mest av alt ei fotoluke med nokre av inntrykka dagen har hatt å by på…

Julepynting og juleutstillingar er spennande saker… Og så alt ein kan få kjøpa. Kva med ein marsipangris omtrent så stor som ein liten hund til den nette sum av tusen kroner? Nokon som kjenner seg frista?

Me åt lunsj på ostehuset og drakk kakao i fargegata, og ganske tidleg så begynte det å mørkna.

 

Overraskinga i kveld var den fine versjonen av julevisa mi som Jærbladet hadde laga med fine foto frå Jæren fotoklubb og Bjarte sin song og melodi. Det er spennande å vera med på det nokon her inne kalte kreative kjedereaksjonar.

Heidi

 

Luke 21 b- 2016

image

Det forrige innlegget var slik at det passa best til å få stå aleine. Sidan eg hadde meir eg hadde lyst til å skriva om, så fekk eg rett og slett oppretta luke 21 b… Sidan det går an å bu i 21 b når me snakkar om hus, så må det vel gå an i kalenderluker og.

I dag har eg vore på ein fantastisk fin julekonsert i Undheim kapell med Bjarte Lending, Jorunn Undheim og to veldig flinke musikarar. Dei song saman og kvar for seg, og var innom mange forskjellige sjangarar. Det er første gongen eg har høyrd «O helga natt» bli sungen på norsk med trekkspelakkompagnement. Det gav songen ein heilt ny karakter som eg likte.

For meg var det sjølvsagt eit høgdepunkt at julevisa mi, som Bjarte har sett melodi til vart urframførd, denne og med tonefylgje av trekkspel og gitar, noko som verkeleg kledde tekst og melodi.

I dag kom Sunniva heim, så nå er me fulltallige. Det var kjempekoseleg å samla alle rundt middagsbordet unntatt Leif som hadde ettermiddagsjobbing med kveldselevane sine i dag før han og kunne ta juleferie og reisa på konserten i lag med meg.

Eg håpar eg skal få lagt ut trekkspelvarianten av jærsk julevise her etterkvart. Me får sjå kva som kan ordna seg.

Heidi

Luke 21 -2016

I dag er det fire år sidan den dagen mange hadde frykta i årevis fordi Maya-indianaren sin eldgamle kalendar slutta med den datoen. Sjølv trur eg jo eigentleg ikkje på slike spådomar, men heilt uanfekta var eg ikkje… At datoen skulle visa seg å falla saman med svigerfar si gravferd, var ein av dei lunefulle tilfeldigheitane som oppstår i alle sine liv av og til. Då eg gjorde klar for feiringa av femtiårsdagen min, så viste det seg at det var ein dommedagsspådom over den dagen og, men det er ein annan historie.

Dagen med det enorme snøfallet, Luciadagen 2012, var den dagen me mista svigerfar.Det var og eit merkeleg samanfall av to veldig spesielle hendingar. I dag fekk eg lyst til å legga inn i kalendaren noko har skrive om den dagen, som og er dagen for vintersolverv.

21.12.12

Du vart gravlagd
den dagen verda
var spådd å gå under.

Same dagen
som dei dramatisk sterkt truande
verda over, telde livet,
la dei loket på kista
der du låg i ei av flannelsskjortene dine,
dei du hadde bunkevis av i skapet,
med ein kvit silkeduk over ansiktet.

Tidspunktet for jordas undergang
fall saman med trompetsoloen
som forkynde at
slekt skal følge slekters gang
midt i Deilig er jorden.

Eg kikka forsiktig på klokka
og konstaterte
ein liten smule letta,
at slektene høgst sannsynleg
ville gå vidare,
bare utan deg.

Me stod tause
framme ved kista,
til me diskret var gjorde merksame
på at det snart kom nye sørgjande.

Saman gjekk me ut
til alt det kvite.
Det var skikkeleg glatt der ute.

image

Heidi

Luke 20 -2016

VINTERBROR
Lillebjørn Nilsen

Gode Broder! Vi ble født i samme natt.
I samme hus.
De samme stjerner satte kursen da vi smatt
ut av våre mødre!

Gode Broder! Det var årets lengste natt
som ga oss liv.
Og det er ofte jeg har tenkt på dette at
vi er vinterbrødre.

Tenk om livet er en ferd fra kyst til kyst
i ukjent hav!
Og vi skal la vårt anker gå når natten tyst
våre fartøy dølger.

Kjære venn! Så var vi skip som dro en natt
fra samme havn.
Og våre stjerner hjalp oss trygt bak hvert vårt ratt
over mørke bølger.

Det finnes sikkert mer på vår planet
som sier mer om alt vi ikke vet...

Men
Gode Broder! Vi ble født i samme natt.
I samme hus.
De samme stjerner satte kursen da vi smatt
ut av våre mødre!


image


Denne songen har eg gått og nynna på i dag. Nå,i skrivande stund, er me på
veg inn i årets lengste natt. Det er noko poetisk med tanken. Kanskje eg 
må gjera som Lillebjørn Nilsen og skriva ein song eller kanskje eit dikt om 
det...

Nå har eg fått juleferie, og er i det velkjende «eg- har – nettopp- fått – ferie- moduset, som plutseleg» dukkar opp når ferien melder seg… Eg er  veldig trøytt, og samtidig oppgira med stor virketrong og har lyst til å gjera veldig mykje, sjølv om eg tenkjer det ville vore lurt å prøva å sova seg inn litt før jula kjem…
Det eg verkeleg gler meg over, er at vekkjarklokkealarmen skal deaktiverast og ikkje brukast på lenge. Når ein ikkje må opp klokka ti på halv sju, kan ein med godt samvit la nettene koma til sin rett, både dei lengste i året og dei andre…

Heidi

Luke 19- 2016


Slik kan jærsk jul sjå ut… Me var i Sandtangen med elevane i dag. Me var blitt lova opphaldsver, men veret var så fuktig at det grensa til regn. Lufta var full av skoddedropar som gjorde klede og sitjeunderlag fuktige, og lyset vart nesten glødande midt på dagen. Det er ikkje så mykje som minner om austnorske julekort med nedsnødde landskap og dompappar, men om ein ser det med auge som ikkje forventar denslags, så er lyset midt på dagen i desember nydeleg.

Det var tørt nok til at me fekk fyr på minigrillane, og elevane koste seg med varme pølser og varm kakao. Dei fekk leika oppe i bøkeskogen og koste seg verkeleg. Ungar på Bryne er ikkje så nøye på om det er regn i lufta. Her har me eit heilårsver som kan slå til både på julafta og på 17.mai, for ikkje å snakka om på st. Hanskvelden. Då har det ca ti varmegrader og delvis opphaldsver…

Det som reint naturmessig fortel oss at nå er det vinter, er dei mørke morgonane og ettermiddagane. Eg skal bevara meg vel frå å skriva på bloggen at det er synd at sola snur på onsdag, men eg er slik skapt at når noko først er der så vil eg at det skal vara lenger. Det er noko heilt eige med desse mørkaste vekene, med lyset midt på dagen og med dei mørke kveldane og morgonane. Det er årstida for at meir enn tusen kråker sit i trea utanfor vindauga når skuledagen startar, og så tek dei til vengene når lyset kjem i ni- halv- ti- tida. Eg har rett og slett ikkje utstyr til å få fotografert dei, men det er eit syn. Dei sit tettare enn eplene på eit epletre fullt av frukt, og i løpet av kort tid er alle saman på vengene og driv litt formasjonsflyging før dei forsvinn.

I dag var me samla ein gjeng venninner heime hos Helga og åt julemiddag med juleskinke, asparges, blomkål og bakte poteter. Etterpå fekk me sviskegraut, noko eg ikkje har smakt på minst ti år, og heimebakte julekaker og frukt. Kaffien vart servert i små runde arvekoppar. Dette er verkeleg årstida for mange gilde treff. Nå skal eg pakka inn ein liten julegave til pakkeleik på jobb, og prøva å skaffa meg litt søvn før eg skrir til siste skuledag før jul i morgontidleg.

Eg torer mest ikkje å seia at me begynner ferien i morgon, men det kjennest på kroppen som om me har fortent litt pause nå. Skulen i desember er ei stor oppleving, men du all verda så travelt det er når me i tillegg skal laga individuelle planar og evalueringar, skriva søknadar om tildeling av spesialpedagogiske timar og gjennomføra elevsamtalar og utvilingssamtalar. I tillegg er det ei travel tid for min andre jobb i kulturskulen. Det har blitt mange veldig lange arbeidsdagar, og i morgon skal den siste gjennomførast med stil, vil eg håpa. Etterpå skal eg med stor glede slå av vekkjerklokkefunksjonen på mobilen.

Heidi

 

Luke 18 -2016

image

Ei fin helg går mot enden. Sauene over er Inger sine. Spesielt typen øverst til venstre er fornøyeleg. Eg får nesten lyst til å samla på sauer eg og…

image

Lørdagskvelden i går vart brukt til å steikja krumkaker, lag risbollar og gjera klar stjerner som barna på jungelgjengen skulle laga i dag. Det høyrest veldig stødig og  vakse ut, men til trøyst for dei som måtte trenga litt malurt i begeret, så vart kveldin innleia med at eg klarte å skubba borti eit oppstabla tårn med vaniljesauskartongar på Kiwi. Det regna vaniljesauskartongar som traff golvet som små vaniljefontenar. Det gjekk sikkert tjue kartongar i golvet. Då føler ein seg lur, kan eg informera dei av dykk som aldri opplever slikt, om. Sjølv om eg har vore ute for ein god del liknande situasjonar… så er det ikkje direkte kjekt. Heldigvis var min gode kollega der når eg trengte han med trøyst og ei bøtte som eg ikkje anar kor han fekk tak i… Etterkvart fann eg ein flott ung mann som tydeleg var godt opplært i korleis ein skulle oppføra seg når slikt skjedde i løpet av arbeidsdagen. Eg tilbydde meg både å plukka opp, betala og vaska goøvet, men fekk ikkje lov til nokon av delene… Han fekk meg nesten til å føla at det var heilt normalt å riva ned vaniljesaustårn, og at det skjedde med dei fleste av oss rett som det var… For nokre år sidan løsna eplemostflaskene frå sixpack-kartongen, og gjekk i golvet og knuste i den same butikken. Då eg etterpå fortalde om at personalet var så snille at dei insisterte på at eg ikkje trong å vera med og plukka opp, sa ei av døtrene mine: «Du må jo forstå at dei meir enn noko ville ha deg vekk frå grapset…» Klok etter den uttalelsen var eg ikkje vanskeleg å få vekk i går… I dag skulle eg inn og handla litt, aldri har eg vel bevega meg forsiktigare mellom hyllene…

Ettermiddagen vart forresten brukt til koseleg førjulslunsj med Anne Mette og Gry…

image

Så kan eg jo reklamera litt for «jungelgjengen», som er sundagsskulen i Bryne kyrkja. Det foregår parallellt med deler av gudstenesta. I dag hadde me med oss mange gode hjelparar i form av foreldre og besteforeldre, og etter å ha opna skattekiste, sunge julesongar og sett opp julekrybbe i lag, hadde me ei «frea-stonn» med å laga gullstjerner med paljettar og pynt til å hengja opp heime.

image

Så var eg så heldig at eg hadde fått meg eit bord på Ida sin julemarknad «Jul i mølla», til inntekt for hjelpeprosjektet hennar i Guatemala. Det er koseleg å vera med på slikt, og eg fekk handla litt julegavar sjølv frå dei andre handelsbuene. Til mi overrasking så selde eg mykje sjølv om eg ikkje hadde noko nytt i år. Den siste boka mi «Ta heller med deg hjartet ditt,» vart rett og slett utseld. Det hadde eg ikkje sett for meg. Heldigvis hadde eg hugsa å leggja av bøker til dei to som har sagt at dei vil koma innom og kjøpa før jul. Nå må me ta stilling til om me skal bestilla eit nytt opplag. Det blir vel kanskje til det, for det er jo kjekt å ha litt av alle bøkene. Uansett så får det venta til etter jul. Til neste haust, om alt går bra, reknar me med å ha nok stoff til å laga ei ny bok. Bare tanken er kjempespennande.

I dag åt eg middag med dei tre mennene i huset. Halvard kom heim på juleferie i dag, og Odd Christian kom heim på sundagsbesøk han og. Etterkvart får me kanskje begynna så smått å henta fram julepynten. Dei neste dagane skal me avrunda haustsemesteret med elevane. Eg håpar det har slutta å regna i morgon tidleg, for då har me tenkt oss på skogtur med elevane.

image

Slik ser forresten morgonane våre ut for tida. Det er den einaste tida året eg får med meg soloppgangane.

 

Heidi

LUKE 17- 2014

image

Hvor ble jeg av?

At ein av dei tidlegare elevane mine skulle gje ut bok er ikkje noko som overraskar meg så veldig, det boka handlar om er derimot sterk nok kost til å sjokkera meg djupt og inderleg

I boka ”Hvor ble jeg av?” med undertittelen ”Et tenåringsliv i rus,” skriv Victoria Skretting om korleis ho etter å ha smakt alkohol for første gong som tenåring, umiddelbart vart hekta på rus, og at ho etter det drakk dagleg i smug. Litt tilfeldig fekk ho tak i hasj og spenninga mot rus og ukjende opplevingar gjorde at ho veldig raskt avanserte til sterkare stoff, og prøvde ut alt ho kunne få tak i.

15492515_1783951161858342_4580184442840230388_n

I boka skriv ho om hendingar i nærmiljøet som får meg til å måpa i forskrekkelse, at ho etter å ha vore ute for alt dette som mindreårig, gjer det til eit lite under at ho nokre år seinare landa på beina og kutta ut alt som heitte rus.

Det eg sjølvsagt spør meg sjølv om etter å ha lese dette er om eg burde sett eller gjort noko eg var blind for. I fylgje henne sjølv så starta dette allereie då ho gjekk i sjuande klasse og framleis var min elev, men kven har fantasi nok til å tru at ei søt og kvikk jente ein har kjend sidan ho begynte i førsteklasse er i ferd med å utvikla eit rusproblem…

Av og til har ein som lærar ein nagande frykt for at livet ikkje skal gå greitt for ein av elevane. Denne kjensla kan eg med handa på hjartet seia at eg ikkje hadde for Linn Victoria. Ho var ei smilande utadvendt jente, som dansa, turna, spelte i skulekorpset og var flink til å skriva.

Ho var den av elevane som var med på å skriva ei stor forestilling då ho gjekk i femteklasse, og ho gjekk sjølv til avisa for å få dei til å skriva om det. Det eg kunne sjå var at ho var spesielt kreativ og nyssgjerrig, begge deler eigenskapar eg som lærar set stor pris på. Saman med ei venninne fekk ho bruka valgfagtimar til å driva ei teater- og dansegruppe for yngre elevar, og saman med den same venninna skreiv ho og framførde talen til foreldre, lærarar og medelevar då ho gjekk ut av sjuande klasse. Eg merka nok at ho det siste halvåret var blitt litt ”fjortis” og ikkje jobba fullt så godt med skulearbeidet som før, men at dette kunne skuldast den første flørtinga med rus, låg langt utanfor mine tankebanar.

I dei åra eg hadde klassen til Linn Victoria jobba me mykje med opplegg som skulle vera rusforebyggjande. Me trente på å ta aktive verdival og snakka om kor farleg det var å utforska narkotiske stoff. Eg trur til og med at eg var ekstra ivrig i desse åra, for eg hugsar at eg lova alle elevane i klassen at me skulle gå til Tjemsland og kjøpa softis til alle saman om dei let vera å smaka røyk før dei gjekk ut barneskulen.
I seinare år har me kanskje tenkt at å framstilla det å prøva narkotiske stoff, ja til og med alkohol, som noko livsfarleg var å overdriva litt… Etter å ha høyrt historia til Victoria, så lurer eg på om me verkeleg burde setja blinkande blålys på tenåringar og alkohol igjen. Dersom det er slik at nokon er så utfordringssøkjande og så utsette for rusavhengigheit, så er det kjempeskummelt at tenåringane våre driv uttesting av alkohol. Det er kanskje like bra at eg ikkje var tenåringsmor lenger då eg høyrde denne historia, for då ville eg kanskje blitt ei endå strengare mor enn eg allereie var på desse tinga fram til ungane var atten.

Eg tenkjer og at me som er vaksne går litt i oss sjølve når det gjeld eigne haldningar til rus. Dersom det er slik at nokre menneske treng så få opplevingar med rus for å tippa over kanten, kva ansvar har me då når det gjeld alkohol og drikkekultur. Eg lar vera koma med svar, for når det gjeld alkohol så må eg passa meg for ikkje å utvikla meg til fanatikar. Fanatisme er eit lite sjarmerande personlegdomstrekk… Eg vil likevel våga å seia så pass at det kanskje ikkje gjer noko om det finst ein del vaksne menneske som vel å avstå heilt frå rusmiddel.

Men dette er ein annan diskusjon. Det viktigaste i dag er at Linn Victoria i dag har eit godt grep om livet sitt og har teke vare på både nyssgjerrigheita og kreativiteten sin. Takk Gud for at det gjekk bra.
Elles så må eg skunda meg å fortelja at eg har bedd om lov til å skriva dette, og at Victoria har godkjend det.

http://pluss.vg.no/2016/12/05/2629/2629_23856272

Heidi

Luke 16- 2016

image

I dag har eg hatt gleda av å nyta ein dag her heime som eg har kunna bruka til å skriva julebrev og kosa meg med anna som eg liker å bruka tida på før jul. Her er eg litt kryptisk fordi det kan ha med julegavar å gjera. – Eg veit at det heiter julegåver på nynorsk, men det finst ting eg slit med å skriva på korrekt nynorsk: julegåver, julaftan, Noreg… Dei ligg så dårleg i munnen og på tastaturet, eg burde sikkert skamma meg…

Kanskje eg skal by på eit avsnitt av årets julebrev…

«Etterkvart som heimen blir komplettert med kjærastar og svigerbarn, så hender det eg prøver å sjå på oss sjølve med eit lite skråblikk… I eige liv representerer me sjølvsagt den aller mest naturlege måten å leva livet sitt, og følest som den inkarnerte normaliteten… Tanken har slått meg det siste året at me kanskje eigentleg er nokre raringar med alle skriveprosjekta våre, alt det rare Leif blir hekta på som salsa, tango og språkkurs i polsk og russisk. At eg spring rundt i kyrkjer og forsamlingshus med forteljingar, dikt og ei stor handdokke, og at eg skriv blogg nesten kvar dag, er det eigentleg over grensen til det spesielle?  Er det litt smårart at me leikar vegetarianarar, syklar rundt på el-syklar, startar dagen med høgtlesing av tekstar og har skriverom der papirbunkene nesten når opp til taket? Eg sa ein gong til barna mine at dei måtte leva med å ha ein litt original far, og av ein eller annan uforståeleg grunn fekk eg høyra at viss eg trudde eg var mindre original enn han, så måtte eg tru om igjen… Me får håpa at me toler å bli viste fram utan at nokon “verte avskræmde” som det heiter på godt jærsk. Oddvar reknar me ikkje lenger som ein som kan skremmast. Han har levd med oss i tolv år eller noko slikt og er blitt ein av oss.»

Nå skal eg jobba litt meir med halvhemmelege prosjekt før eg gjer meg klar til å gå til Arne og Inger for å synga julesongar og eta julegeiter. Det blir sikkert kjempekoseleg.

Heidi

Luke 15- 2016

image

Det er noko veldig fint med januarlyset. Store deler av døgnet er det mørke, morgengry eller skumring. Midt på dagen er lyset skarpt og nesten med ein blåtone i. Torsdagane mine er ofte den travlaste dagen i veka. Då går eg rett frå dagjobb til kveldsjobb, bare avbrote av lunsj på personalromet med veldig koselege kulturskulekolleger før eg tek i mot  skriveelevame mine. Me startar skriveøkta med å setja  oss i ring på golvet og leika språkleikar før me skriv.

Etter nokre veldig travle veker, så roar det seg nå…

Skulen er ein veldig fin arbeidsplass i desember. I dag var me på førjulssamling arrangert av femte klasse. Dei var kjempeflinke. Under versjonen deira av «Piken med svovelstikkene», gråt eg av all mascaraen.

Heidi