Gå til innhald

Luke 8- Endeleg kjem melodien

Dette er ei luke eg har gleda meg veldig til å opna. Her kjem melodien på Salig jul. Hilde Svela støttar ein fadderorganisasjon, Compassion, og det er blitt laga ein youtubefilm med barn frå dette prosjektet. Ver så god 🙂

 

Heidi

Luke sju er etterlyst, så her kjem ho…

image

Det er jo eit fint teikn på at nokon les bloggen min når eg får ein etterlysning på sms klokka elleve: «Når kjem luke sju?» Slikt set eg pris på. I dagmorges kunne eg feira soloppgangen heime på kjøkkenet mitt med to adventlys i staken. Eg hadde skrivedag, og i dag har eg rett og slett hatt ein effektiv skrivedag og fått laga ferdig eig førsteutkast til tiandeklasseforestillinga før påske. Det er andre som gjerne vil ha manuset for å kunna begynna på sin del av jobben, og det har eg stor foreståing for. Det hjelper meg og til å få unna arbeid eg elles heilt sikkert ville ha spart til juleferie

Den første eg såg då eg opna luke sju var Eli Rygg. Eg hadde lasta ned den nye boka hennar «Jeg vet at man kan bli helt glad igjen» på i-paden. Det er ei sterk og sår bok med veldig mykje klokskap humor, styrke og livsmot. Boka er herved anbefalt. Eg vart så berørt at eg skreiv ei lang melding til forfattaren, som eg håpar når fram. Dagen har vore lang og god, og nå ser eg at eg bør gå inn for landing. Som eit apropos til lysa på biletet, så sluttar eg med andre verset på adventsalmen min:

For alt me ikkje makta, Gud,
for alt som gjekk i stå,
for alt me aldri gjorde,
og for alt det som me må,
to lys står tend for tru og von,
to spinkle lys i mørket står,
så set me oss i ro hos deg,
og søkjer fred for tanken vår.

Heidi

Luke 6 er vannfast

image

Sist sundag sa eg til Odd Christian at eg var sjeleglad for at eg skulle ta tog og ikkje fly på min Oslotur. Nå sit eg her på Gardermoen med refundert togbillett og ny fly billett fordi eg plutseleg innsåg at eg var «vannfast». Det ante meg då eg såg kveldsnytt i går med reportasje frå flaumen i Egersundområdet at ting kunne bli krongla til.

I dag såg me på nettet at all togtrafikk mellom Kristiansand og Stavanger var stansa. Det var umogleg å få svar på NSB sin kundetelefon, og reiste derfor ned til Oslo S for å prøva å finna ut av ting.

For å gjera ei lang historie kort, ingen kunne svara sikkert på om banen vart opna att i løpet av dagen, eller om det ville kunna gå tog for buss gjennom eller utanom flaumområdet. Eg vurerte å byta billett til i morgon, for då har eg skrivedag, men ingen kunne garantera at det kom til å gå tog då heller.

Me hadde ein avtale med Halvard og Sunniva om å møta dei for å eta lunsj på ein vegetarrestaurant, og den avtalen klarte me å halda på. I firetida innsåg eg at her var det bare å bita i  det sure flyeplet… Heldigvis fekk me billettar. Dette er litt av informasjonen på lystavla på flytoget;

image

Det var fint å vera saman med «ungane». Dei er midt i den striaste eksamenstida, men det er ikkje så lenge til juleferien nå.

Koffertane våre var ikkje pakka for flytur, men det einaste eg måtte levera i frå meg i sikkerheitskontrollen var ei tube med Aloe Vera- krem. Det står eg i. Eg måtte likevel opna kofferten i kontrollen, fordi dei såg eit mystisk væskefylt element, som viste seg å vera deodoranten min…

I min fovirra flyskrekk tilstand oppdaga eg etter å ha trødd igjen kofferten at boardingkortet var vekke. Lett panisk endevende eg veskene mine, og gjekk til koffertdisken for å be om hjelp. Eg observerte ein mistenkjeleg papirlapp under skoen på ein nyleg innsjekka mann. Det viste seg heilt rett å vera boardingkortet mitt… Mannen var ein høfleg amerikanar som var «soooo sorry»… Me nordmenn har kanskje litt å læra…

Så nå sit eg her med alt på G og kan ikkje anna gjera… Nå les Leif at det går tog fram til Egersund, men at det ikkje er alternativ traffikk derifrå… Nå er ikkje me på toget i det heile tatt, men det kunne ha blitt ein interessant tur… Eg må innrømma at eg angrar litt på at eg lot «fornuften seira».

Det å få skriva litt blogg virkar alltid veldig beroligande på meg. Eg må innrømma at eg er svært spent på om dette let seg posta, for gratisnettet på flyplassen forsvann plutseleg… Uansett, nå skal me heim og tenna to lys i adventsstaken.

Heidi

 

Bak luke fem er det eit duetre


  1. image image image


Nærare bestemt eit duetre som står plassert i Sandvika. Der har me vore på jentetur i dag, eg og Eva Mari og Sunniva.

Etterpå var storfamilien inviterte til kalkunmiddag der Eva Mari imponerte med tilbehør som heimelaga plommechutney med chili og heimelaga kastanjepure. Eg let meg imponera. Ein koseleg dag.

Heidi

Luke 4 På reise gjennom dagen

image

Under luke 4 skjuler det seg eit tog. Akkurat nå er me i Kristiansand, men eg reknar ikkje med at me kjem til å vera der lenge. Me sit på toget  i retning Lysaker/ Oslo, og er rett og slett ute på vift.

Dei siste vekene har vore veldig travle, og eg har verkeleg lengta etter å finna roa i eit togsete. Turen har gått forrykande fort til nå, så nå gjeld det bare å nyta før me må gå av igjen. Det sympatiske reisefylgjet mitt har planlagd meir enn meg, og eg har fått tilbod om både kaffi, brus og eplemost i tillegg til salat, julegeiter og heimebakt kringle. Sjølv er eg ingen stor planleggjar av nistemat… Det eg hadde med var ein pose nektarinar som delvis ramla på golvet ved setesnuinga som kom litt brått på, konduktøren har servert klementinar frå golvet til medpassasjerar og eg ligg lågt i terrenget…

Me har passert den blå timen, og nå, klokka kvart over fire er det faktisk heilt mørkt ute. Tenk så mørkt det er i desember, eg gløymer det litt frå år til år. Eg tilhøyrer det eg trur må vera ein minoritet, me som synest at mørket er ganske koseleg.

Nå i dei mørke adventsmorgonane har nokon på jobb fått den lyse ideen at me kan visa julesongar frå youtube på den eine kvite kortveggen av gamlebygget om morgonane før første time. Det er koseleg og stemningsfullt sjølv i regnet. Personalromet er og tilrettelagd for morgonstressa lærarar med behov for ei «fredastund». Der vert det spelt julemusikk kvar morgon og stearinlysa er tende. Eg er ikkje av dei som vanlegvis har tid å avsjå til kaffi på personalromet om morgonane, men i dag måtte eg inn og kjenna på stemninga. Det kan godt tenkjast at det blir den einaste gongen eg snusar på dette godet…

Som min halvsære reiselektyre på denne turen, har eg lese ut «Presten og ateisten» av Didrik Søderlind. Dette er ei god gammaldags brevvekslingsbok der humanetikaren Didrik Søderlind brevvekslar med Sub-Church-presten Stian Kilde Aarebrot som er oppvaksen i ein pinsemenigheit. Dei er opne og personlege og skriv om tvil og tru, om ikkje-tru og det å vera på leit, om religiøsitet og ikkje-religiøsitet. Saman prøver dei ut ting som utfordrar dei begge. Stian lar vera å be i ein periode for å kjenna på korleis det er, og Didrik prøver å be til faste tider sjølv om han ikkje trur på Gud. Begge går til skrifte hos ein katolsk munk, og begge prøver å setja ord på sitt eige trusstandpunkt. Det er interessant å lesa. Dersom ein ateist eller ein person som trur annleis enn meg har lyst til å gjera noko liknande, så er eg klar…

Nettdekninga på Sørlandsbanen har blitt utruleg mykje betre. Nå skal eg ikkje utfordra skjebnen lenger, eg skal pøva å posta dette medan det framleis ser ut til å vera nett.

Alt godt til deg som les.

Heidi

 

 

Luke 3

imageDei fleste av oss har vel tenkt at eit nyutsprunge vårtre med ny- grøne blad er fantastisk vakkert. Eit stort grønt sommartre er og nydeleg, og ikkje mykje i naturen kan konkurrera med haust- tre i intense glødande gule, oransje og raude fargar. Det er først dei siste åra eg har oppdaga kor vakre vintertrea er med nakne greiner og eit heilt nervenett at småkvistar. I dag hadde eg akkurat nok batteri på mobilen til å få knipsa dette ettermiddagstreet då eg var ute ein rask tur i pausen før kulturskulen.

image

Me er nå kome til den tida av året då arbeidsdagen både begynner og sluttar i mørke. På torsdagane er eg så heldig at eg får ei lita samling i tredje klasse med musikk og høgtlesing før eg går i lag med dei til symjinga. Her er nytt og gammalt i salig blanding, litt morgonsong saman med smarttavla før det blir gammaldags høgtlesing bare med ei gammaldags lyslykt som lyskjelde. I det timen skal til å begynna, seier ein av gutane: «Sjå kråkene!» Eg er ikkje verre enn at eg let meg fascinera av kråkene eg og, så me tek oss eit minutt og to borte ved vindauget. Dei tusen kråkene frå i fjor er her att. Dei sit tett i tett som svarte eple på mørke natt- tre, før dei på eit visst punkt i lysninga, lettar som på eit avtalt signal. Dei deler seg i flokkar som flyg i ulike formasjonar, snart som ein myggsverm, snart som ein drope, snart som ei sky, dei flyg mot einannan og flokkane glir saman og skiljest att. Hadde det vore ei flyoppvisning ville me blitt imponerte. Eg såg eit fjernsynsprogram i fjor der dei hadde observert fugleflokkar og fiskestimar som sym og flyg i koordinerte formasjonar tilsynelatande utan at nokon leiar gruppa. Programleiaren drog den interessante konklusjonen at me i tillegg til å vera individ, og er ein del av kollektive biologoske einingar som i ein del tilfelle fungerer som ein biologisk organisme meir enn som enkeltindivid. Det er ein sympatisk teori syneste eg. Kråker treng kråker og menneske treng menneske for å utføra flokkhandlingane som me er skapte til. Etter at biologilæraren min på ungdomsskulen både let oss ha akvarium, terrarium med stålormar og ein overvintrande sidensvans i klasseromet i tillegg til fuglekassar rett utanfor klasserommsvindaugent, så er eg blitt veldig glad i ideen å dra naturen inn i klasseromet eg og. Eg skal på ingen måte seia at eg kan ta opp konkurransen med han, men eg er positiv til både å la rumpetroll bli froskar i ei krukke i vindauget og til å bruka litt morgontid på observasjon av kråker.Heidi Gjesdalbuen

Utpå føremiddagen vart eg gjort merksam på at det stod om meg i Gjesdalbuen i dag. Eg visste sjølvsagt at eg var blitt intervjua, men ikkje korleis det kom til å bli og kor mykje plass dei kom til å gje meg. Dette fotografiet la Kathy Ann på facebooksida mi. Eg må innrømma at eg ikkje abbonerer på Gjesdalbuen sjølv, eg bare les det av og til hos mor og far. Eg fekk far til å fotografera artikkelen med mobilen sin, for det var jo litt kjekt å sjå kva Kristine har skrive. Eg klarte ikkje å tyda alt, men det eg las såg fint ut. Far hadde kjøpt ei avis til meg, sa han, så eg får lesa skikkeleg etterkvart.

 

Fleire har spurt etter melodi og noter til julesongen eg og Hilde har laga. Det ser ut til at både lydfil og noter vil bli tilgjengelege. Det tek bare litt tid. Eg skal seia i frå når det er klart. Den musikalske delen er utanfor mitt kompetanse- og ansvarsområde, men eg veit at Hilde jobbar med saka.

Etter kveldsjobben var det rett heim for å pakka koffert, for etter jobb i morgon så er det rett på Oslotoget. Eg gler meg veldig til det. Eg var så sliten at det var bare så vidt eg fekk kvinna meg opp til stryking og pakking, men nå er det gjort sånn nokonlunde i alle fall. Det er verd eit biologisk studium korleis kreftene kan forsvinna heilt framfor husarbeidsaktige aktiviteter for så plutseleg å venda tilbake dersom eg får eit tastatur eller ei bok i hendene…

Vår utruleg søte helsesyster hadde samtale med tredjeklassingane i går om helse, kosthald og hygiene. Ho hadde eit fint og forståeleg bilete på det å få nok søvn… Å leggja seg i senga er som å leggja seg i batteriladaren. Me legg oss trøytte og tomme for energi og vaknar opplada og klare for ein ny dag. Det var eit fint og svært forståeleg bilete, men eg har ein mistanke om at det er aller mest gjenkjenneleg for A- menneske…

Uansett, nå får det vera kveld i heimen. God natt til dei av dokke som framleis ikkje er på plass i ladaren 😉

Heidi

 

Luke 2 Mellomlanding i dagen

image

Eg er innom heimen, og for at det skal kunna opnast ei luke i dag og, bestemmer eg meg for å skriva litt akkurat nå. Ute dett det desemberregn, det dett ganske tett og kaldt. Eg henger av meg regnkåpe og sykkelhjelm, tek førti par sokkar ut av vaskemaskinen og legg dei over i tørkeltrommelen. Eg fyller vaskemaskinen med skitne klede og får sett på ein førtigraders vask. Eg kjenner eg må tenna eit levande lys og koka meg ein kopp kaffi. Eg skal ut att snart, og treng å vakna litt. Det er ein strek i rekninga at eg må henta bilen ein stad for å koma nokon veg.  Det gjer sikkkert godt med ein tur ut, litt påfyll med frisk luft og litt regn mot ansiktet skadar vel ikkje. Eit dikt har eg tenkt å servera lesarane mine i dag, eg har bare ikkje bestemt meg for kva for eitt.  Jo, nå har eg funne det…  På julemessa låg det ein stabel diktbøker av Bjørg Egeland Løkken, ein lyrikar eg har likt å lesa i mange år. Eg kjøpte alle saman. På festen om kvelden møtte eg henne. Ho kom bort og presenterte seg for meg. Kanskje me kan bli betre kjende ein dag? Dette diktet er min gave til deg som les i dag.

 

Marias korssting

Hvite korssting på hvit lin
er det du broderer:
Nålen sitter hardt i fingrene.
Lilje, krukke, monogrammer,
alle gjennomstunget av kors.

En natt vil han komme tilbake, Maria,
vekke det hvite lyset i dine gjemmer, og løse alle sting.
Da kan du la linet synke i grv
for å møte ham med løftede hender.

Bjørg Egeland Løkken

Ha ein fin kveld, alle saman.

Heidi

Luke 1 Nokre gonger…

image

Nokre gonger skjer det litt rare ting. Akkurat i dag tenkjer eg på den heilt overstrøymande responsen eg har fått på den nye julesalmen min. Eg trur forklaringa rett og slett må vera at eg set ord på tankar som mange fleire enn meg går og ber på akkurat nå. Kontrastane blir så store  og me kjenner oss små i ein stor, eventuelt liten verden. Mange har til og med delt teksten. Nokre gonger kjennest det å skriva som å berøra noko heilag. Eg er sikker på at dei som skriv sjølv, dei som lagar biletkunst eller er musikarar forstår kva eg meinar.

I ettermiddag tok eg meg i å lesa ein av delingane, og tenkja at her er det noko som ikkje stemmer… Det manglar eit halvt vers… Sjølvsagt har eg meg sjølv å takka, det viser seg at eg har mista eit halvt vers då eg limte teksten inn på bloggen min for to dagar sidan… Rotekoppen i meg stikk hovudet fram gong på gong, til og med her på bloggen…

Eg syntest nesten at eg måtte få tak i mitt eige rot, så nå har eg både retta det på bloggen og lagt den fullstendige teksten ut på facebook. Nå er det sagt. Eg trur ikkje der blir så lenge til eg kan dela melodien med dokke heller. Det gler eg meg til, for han er veldig fin. I går var eg på konsert på Varhaug og høyrde på Hilde, systera Marianne og Solveig Leithaug. For nokre fantastiske songarar alle tre. Eg reiste heim med to Solveig Leithau- plater, for eg vart heilt betatt både av songane og tekstane hennar. Ho har lenge vore busett i USA med familien sin, og er bare på ein liten turne i Norge. Det var første gongen eg høyrde henne synga live.

Akkurat nå er gangen vår full av bøker. Det er ganske kjekt å leika forlag. Me fann ut at me måtte bestilla fleire eksemplar av boka vår, og i tillegg  så gjer Leif ut fagbøker i eit tempo som imponerer og forundrar meg. Både eg og Ingrid har lyst til å gje ut biletbøker, men dei er veldig dyre å produsera på eige forlag. Me deltok i ein biletbokkonkurranse begge to for halvanna år sidan, då slo ho mora si og gjekk nesten heilt til topps. Eg håpar ho får sjansen til å gjera meir av det, for ho er veldig flink.

For oss er jo dette bare ein hobby på toppen av vanleg jobb, og med mange kreative idear og gjeremål så blir det ofte litt vanskeleg å få dagane til å bli lange nok. Likevel er eg utruleg takknemleg for å få oppleva å ha så mykje skaparglede og å få oppleva at livet er overfylt med kjekke gjeremål.

I dag har eg og gjort noko kjekt. Saman med fire gode venner reiste me til Sandnes rett etter jobb. Først åt me middag saman og så var me på kino og såg ein cubansk film som eg trur heitte «Himmel over Havanna». Det var ein fin, men trist film om ein eingong veldig entusiastisk og kreativ ungdomsgjeng som nå var i femtiåra. Dei var nå i femtiåra og hadde reunion på ein takterrasse i Havanna. Det viste seg at verken livet eller regimet hadde fare fint med dei. Eg håpar me forstår kor heldige me er som har fått veksa opp og leva i Norge. Eg håpar og at me skjønar at norsk statsborgarskap ikkje er noko me på mirakuløst vis har gjort oss fortente til. Me trakk bare rett og slett vinnarloddet i fødselslotteriet… For meg er akkurat det ein viktig tanke å hald fast på i desse dagar.

Heidi

Når mørket legg seg stort og stilt

image

Når mørket legg seg stort og stilt kring landet der me bur
og pakkar seg kring alle oss som tvilar og som trur.
kring dei som slit med sorg og angst,
kring alle dei som går og frys,
me kviskrar, Herre, ver oss nær,
og stille tenner me eit lys.

Eg fekk lyst til å ha med første verset i adventsalmen eg skreiv for ganske mange år sidan i år og. Eg fekk han opp som ei helding frå fortida på facebook. Der kunne eg og lesa at eg låg eit steg framfor meg sjølv for eit år sidan. Då skreiv eg at eg endeleg var ferdig med manus til tiandeklasseforestillinga. Det er akkurat det eg sit og jobbar med nå i dag på skrivedagen min. Det er kjekt, men samtidig hardt arbeid, spesielt når tidsfristane begynner å pusta ein i nakken. Det er gnske intenst å sitja ein heil dag og jobba med ein litterær tekst så eg får ta meg litt pausar innimellom. I kveld skal eg på julekonsert, og i føremiddag har eg hatt koseleg besøk av Anne Kristine, så heilt isolert i det litterære er eg nå ikkje.

I morgon er det desember alt. I desember har eg som eit slags sært prosjekt i ganske mange år hatt det for meg at eg skal skriva blogg kvar einaste dag. Det er eit slags bejov for å dokumentera og lagra levd liv, trur eg. Om eg går for det i år og? Ja, eg gjer vel det… Eg har fått unna ein del store prosjekt og plukk ned ein del ballar, eg trur faktisk at i år blir desember rolegare enn november. Den siste store ballen hent eg ned frå lufta då eg haldt tale på julemessefesten. Det heile begynte med noko eg kunne le av eller bli djupt fortvila over. Før eg skulle i elden, tenkte eg at nå fekk eg ta ein overblikk over meg sjølv og sjekka at såg det som på godt jærsk heiter «nogonlonne sjebelige» ut. Ein gong oppdaga eg, etter eit større forteljaroppdrag i ei kyrkje, at eg hadde hatt jakken på vranga medan eg fortalde.

Denne gongen oppdaga eg, heldigvis i tide, at strømpebuksa låg i folder rundt ankelen. Eg drog til med stor kraft og den tynne ullstrømpebuksa revna i eit gedigent hol på den eine leggen. Det var heilt utelukka å få tid til å gjera noko med det før eg skulle utpå. Eg hadde avtalt å bruka mygg slik at eg kunne stå framme ved kortrappa og snakka. Folk kom vel til å bli så fokuserte på holet at dei ikkje fekk med seg eit ord. Eg fekk heller prøva å bruka det konstruktivt… Eg innleia talen med » Salige er dei som kan le av seg sjølv, for dei har alltid noko å le av…»

Det er godt at mitt hovudprosjekt ikkje er å vera ein av dei som bestemor med stor respekt gav skussmålet: «U æ så kontante alltid.» Det kjem nok aldri nokon til å seia om meg, og det er i grunnen heilt i orden… Eg lurer på om Erna Solberg og dronning Sonja alltid har ei ekstra strømpebukse i veska når dei skal ut og halda tale?

Heidi

 

 

 

imageKvelden pakkar seg kring husa,
stilt og tidleg mørknar det.
Nokon er på flukt der ute,
la dei finne julefred.
Me har ly og lys og varme,
nokon manglar hus i kveld.
Rør vår evne til å dela,
dela kjærleik, mat og eld.

Salig jul , kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm.

I det minste bur det store,
det som verda ventar på.
Kom til alle oss som leitar,
vis oss vegen me skal gå.
Gjev oss fred i kropp og tanke,
kjærleik, kom og finn oss att,
verda treng til lys og varme,
snart så er det julenatt.

Salig jul , kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm

Du som mangla ly og husrom,
barn på flukt og heimlaus mann,
du som kom med håp og kjærleik,
rør vår vilje du som kan.

Salig jul, kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm.

 

Nå har Hilde Svela begynt julekonsert turneen sin i lag med Solveig Leithaug og Marianne Engebretsen. Ho har laga ein nydeleg melodi til teksten over som eg gleder meg veldig til å kunna dela med dykk om ikkje så veldig lenge.