Kvelden pakkar seg kring husa,
stilt og tidleg mørknar det.
Nokon er på flukt der ute,
la dei finne julefred.
Me har ly og lys og varme,
nokon manglar hus i kveld.
Rør vår evne til å dela,
dela kjærleik, mat og eld.
Salig jul , kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm.
I det minste bur det store,
det som verda ventar på.
Kom til alle oss som leitar,
vis oss vegen me skal gå.
Gjev oss fred i kropp og tanke,
kjærleik, kom og finn oss att,
verda treng til lys og varme,
snart så er det julenatt.
Salig jul , kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm
Du som mangla ly og husrom,
barn på flukt og heimlaus mann,
du som kom med håp og kjærleik,
rør vår vilje du som kan.
Salig jul, kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm.
Rør ved våre stengte hjarte,
opna dei til me kan gje
av den kjærleiken du deler,
vis oss veg til julefred.
Nå har Hilde Svela begynt julekonsert turneen sin i lag med Solveig Leithaug og Marianne Engebretsen. Ho har laga ein nydeleg melodi til teksten over som eg gleder meg veldig til å kunna dela med dykk om ikkje så veldig lenge.
https://www.instagram.com/p/-dr2UKIYC2/
Sjølv skal eg på konsert i morgon. I går var det julemesse, og Kvitsøy er litt for langt unna for meg. Det er utruleg spennade å jobba med musikarar, og med biletkunstnarar og teaterfolk og forresten. Eg har jo fått prøva meg på samarbeid med mange, og det er noko av det kjekkaste eg veit.
Det var dagens reklame for ei veldig dyktig dame eg har samarbeida med i det siste. Få gjerne med deg denne konserten du og.
Heidi
Det er så lett å gå rundt og tenkja på alt ein burde har gjort. Det er ofte vanskelegare å gjera noko med det. Av og til viser det seg at det går lettare enn tenkt å få til ting om ein bare får setja nokre idear i system. Litt sliten og utlada etter ein arbeidsdag og fire fine utviklingssamtalar etter vanleg arbeidstid, sette eg meg ned framfor fjernsynet. Nokså tilfeldig så fann eg eit program på NRK med temaet «Tema klima» som vart send direkte frå Gardermoen flyplass, der dei snakka om miljøgiftsparande tiltak dei ville utfordra folk til å setja i gang. Dei sa og at den viktigste faktoren for å få dette til i praksis er at folk inspirerar kvarandre. Det fekk meg til å tenkja at eg kanskje burde skriva litt om småting me har gjort i heimen i tilfelle me kunne inspirera nokon…
I sommar på Korsveifestivalen møtte me både bibeltimehaldarar, foredragshaldarar og andre festivaldeltakarar som var veldig opptekne av korleis ein i praksis kunne leva meir miljøvennleg. Me bestemte oss for å prøva å ta nokre små sjakktrekk i rett lei. Ein av dei som hadde ordet gav rådet å ta ein nytt steg kvar månad, slik at ein me små steg kunne opparbeida nye vanar og få nye haldningar.
Eg må innrømma at eg har ligge svært lågt i terrenget med dei små eksperimenta våre. For det første så vil eg veldig nødig framheva oss sjølve som folk som trur dei får det til og som trur dei er flinkare enn andre. For det andre kan det jo vera at desse tiltaka etterkvart dett til bakken med gedigne mageplask slik at alle ser at me mislukkast. Slikt kan nemleg fort skje. For det tredje så kjennest det ikkje som om me har anstrengt oss så veldig, og for det fjerde er jo dette eit område der det framleis er mykje synsing om kva som nyttar og ikkje. Det er lett å tenkja at små tiltak i eit hjørne av Norge ikkje påvirkar situasjonen globalt i det heile tatt. Det arvumentet ser eg. Det finst til g med dei, nokre av dei kjenner eg ganske godt forresten, som framleis ikkje går med på at klimaendringane er menneskeskapte. Eg skulle i grunnen ynskja at eg delte den overbevisninga, men det gjer eg ikkje…
Det første og minste skrittet:
Ikkje kjøpa bereposar i plast til å frakta varene heim frå butikken. Dette har eg tenkt i fleire år utan å få til å praktisera det skikkeleg. Nå har eg klart meg heilt utan bereposar, bortsett frå i eit einskild tilfelle. Trikset er å ha handlenett i stoff liggjande overalt, både i vesker, sykkelkorger, gangar og i sykkelkorga.
Eit litt større skritt:
Ikkje bruka bilen i tide og utide. Me har faktisk kjøpt oss el-bil for eit år sidan, men dei brukar jo energi dei og. På fjernsynet oppfordra dei alle til å begynna med ein bilfri dag i veka. Me har mange bilfrie dagar i veka. Me er så heldige å ha jobbane våre så nære at det går like fort å sykla som å gå. Eg har bare brukt bil til jobb i 2-3 tilfelle haust, og då har det vore spesielle grunnar til det. Ei unnskyldning for å ta bilen er at me skal handla på heimvegen. Me har fått oss ekstra sykkelkorger slik at me får med oss mykje sjølv på sykkel. Eg har ei på sykkelstyret og ei på bagasjebrettet. Korleis det blir med syklinga når snøen og hålka set inn vil tida visa…
Eit skritt som har forundra oss:
Me fann ut at me skulle begrensa bruken av kjøt og spesielt av raudt kjøt. Dette har vore så lett at me nesten utan å merka det har levd omtrent som vegetarianarar. Me har ete fisk 2-3 dagar i veka og vegetarmat dei andre dagane. Me har ikkje kjøpt kjøtpålegg. Vegetarianar har me ikkje blitt. Me et kjøt når me får det servert hos andre og me har servert kjøt av og til når me har gjester, kjøtkaker, fårikål og kyllingsuppe. Dette ser me mest på som eit eksperiment. Eg veit ikkje om me kjem til å fortsetja med det, og på julaften skal me eta pinnekjøt med stor glede.
Eit skritt me ikkje har klart å gjennomføra:
Eg hadde ein ambisjon om ikkje å kasta mat. Her kjem me framleis sørgjeleg til kort. Me er ikkje flinke nok til å planleggja, og me har framleis ikkje forstått heilt at me er ein familie på to og ikkje ein familie på seks. Det er farleg fort gjort at ein bunt gulrøter blir liggjande å skrumpa inn, eit rømmebeger blir ståande å mygla eller ein mjøkekartong plutseleg har stått to veker for lenge. Me er ikkje store mjølkedrikkarar. Her har me eit stort utviklingspotensiale.
Eit skritt eg ikkje får lov å skryta av:
Eg er ikkje komfortanel med flyturar, og flyr så lite eg kan. Det blir derfor fnyst av meg i dei fleste samanhangar der eg hevdar at eg tek toget for å reisa miljøvenleg. 😉 Det blir med ein viss rett påstått både her og der at dette er kamuflert flyskrekk og ikkje idealisme. Så lenge eg er så glad i å reisa som eg er, så blir det vel ein og annan flytur framover og, men dersom det ikkje ligg heilt spesielle tidsbegrensningar til grunn, så er det uaktuelt å for eksempel ta fly til Oslo eller Bergen.
Eg er ikkje fanatikar, men av natur er eg nok ein type menneske som godt kunne ha blitt det. Eg har i meg ein stor trong til at det eg gjer vil eg gjera skikkeleg. (Det viser bare ikkje så godt alltid). Eg meiner at fanatisme fort kan bli farleg, og saman med fanatikaren lever det og ein livsnytar i meg. Derfor blir det vel på eit vis ein slags balanse. Eg er ikkje oppteken av at alle burde gjera det same som oss. For meg er dette kanskje mest av alt noko det er litt spennande å prøva ut. Dette var eit innlegg frå ein vaklande idealist som har eit grunnleggjande ynskje for både å få barnebarn og om at dei skal veksa opp på ei jord der det er reint vatn og frisk luft.
Er dette eit provoserande innlegg? Kanskje det er det sjølv om det ikkje var slik meint. Eg vil gjerne høyra kva andre tenkjer om desse tinga, og eg vil gjerne la meg inspirera av andre sine erfaringar. Og sidan eg er ein rotekopp som heilt opplagt har mange ting eg ikkje fiksar på ein politisk korrekt måte, så reknar eg med at lesarane mine taklar ein liten rapport om eit til nå litt vellukka eksperiment.
Heidi
Eg er oppteken av lys og av fargar. Eg blir ikkje einig med meg sjølv om biletet over reint fargemessig kunne ha vore teke i juni bortsett frå rimen i marehalmen i framgrunnen… Eg forbind slike lyse lette pastellfargar meir med forsommar enn seinhaust. Likevel er det eit eller anna på biletet som ikkje heilt seier sommar, er det gulfargen, mon tru?
Fint var det i alle fall. I dag har veret vore gråare, og det passa meg i grunnen godt, for nå har eg så mykje som må skrivast. Eg har lova å halda tale på julemessefesten på laurdag som kjem, og det vil eg gjerne gjera skikkeleg. På skapande skriving har me skrive bok om julenissen som hadde fått seg ny mobil med instagram og facebook på, som oppdaga at han var lei av å vera ein kjedeleg julenisse, nå ville han ha six-pack, kule klær og ny sveis… Det gjekk fort å skriva boka saman med elevane, og meir tid til å reinskriva det i dag… Men nå er det gjort, nå skal me laga fine bilete slik at det kan bli ei julegavebiletbok. Det eg nå må gjera er å jobba med manuset til tiandeklasseforestillinga før påske, for det har eg lova å ha sånn nokonlunde ferdig til jul. Det er veldig kjekt, men ganske arbeidskrevjande å skriva i lag med ei gruppe ungdomar. Det pleier å bli bra til slutt.
Nå har eg hatt besøk av ein journalist frå Gjesdalbuen. Eg spurde om dei hadde lyst til å skriva om boka vår, og så kom dei og laga eit intervju. Det er alltid litt spennande. Det å vera sitt eige PR-byrå er ikkje den enklaste delen av det å driva forlag. Eg vil jo gjerne at folk skal vita om boka, men det å driva utadretta reklame for seg sjølv er ikkje så veldig enkelt, kjenner eg. Nå kan boka kjøpast på Vivo bokhandel på Bryne, men det er framleis billigare å kjøpa direkte frå oss. Eg er i tvil om kor mykje arbeid me skal leggja ned i å prøva å distribuera ho ut til andre bokhaldlar. Heldigvis er ikkje dette noko me tenkjer me skal leva av. Det er vel snarare ein hobby som det er kjekt å driva på med. Til nå har den delen av livet mitt gått av seg sjølv. Eg skriv blogg fordi eg har glede av å gjera det, og eg har blitt spurt akkurat passe ofte om å lesa opp, fortelja og underhalda rundt forbi. Det er bra slik.
Morgonane kjem og går og nokre dagar ser soloppgangane omtrent slik ut frå innsida av lærarlivet. Så heldig eg er som får bruka heile tida mi på å halda på med ting eg liker å gjera. Før helga fekk me vita at vår veldig fredelege og kjekke leigebuar i kjellaren har kjøpt seg ein eigen plass å bu. Nå er me spente på kven som etterkvart skal flytta inn til oss. Det er alltid spennande med forandringar, og me veit aldri kva dører som skal bli opna. Eg hadde bare lyst til å leggja att eit livsteikn sidan det er skrivedagen min. Då pleier eg å unna meg ein times tid med blogging…
Eg les ein Leonard Cohen- biografi eg har halde på med lenge. Det er inspirerande. Så les eg aviser og høyrer på nyheiter. Dei siste vekene har det vore vanskelege ting ute i den store verda som me blir utfordra til å ta stilling til. Eg gjer meg mange tankar. Tittelen på boka mi blir rettare og rettare. Ta heller med deg hjartet ditt, seier eg til meg sjølv og verda. Eg må innrømma at som pasifist frå ungdomstida av så har eg litt vanskeleg for å tru at flatbombing er ein god måte å løysa verdsproblem på. Det er hjarteskjerande å sjå syrarar leita etter familiemedlemmar i ruinhaugar etter vestleg bombing. Eg diskuterer med meg sjølv om eg er naiv eller ikkje, men eg tenkjer at det er viktig å hugsa at alle liv er like mykje verd. Det er sikkert ikkje mange som er ueinige i at alle uskuldege menneske har rett til å sleppa å bli offer for både flybombing og terror… Og kven har me plass til her i landet? Det er og eit vanskeleg spørsmål, men eg synest det er nyttig å ha i bakhovudet at det faktisk er heilt tilfeldig og ufortent at me trakk det store loddet i livslotteriet og vunne den store premien å få bu trygt og godt i Norge utan at nokon vurderer å kasta oss ut.
«Gud gje oss visdom i hjarta våre.» Det er ei bøn det er godt å klamra seg til.
Heidi
Dette nydelege biletet tok Leif i kyrkja i går på glaskunstfesten. Det me her snart skal få sjå er at Sonja gir hjartet sitt til engelen og får den heilage julestjerna i byte. Det er ein heil liten andakt innebygd i det. Det var fint å ha med seg teatertroppen frå Fantefylgje, eg trur rett og slett eg må gå og sjå på forestillinga deira i Storstova nå i begynnelsen av desember.
Om eg skal våga å seia det som eit medlem av komiteen, så vart arrangementet veldig vellukka. Me hadde tenkt oss fram til at mesteparten av arrangementet måtte vera inne i kyrkja fordi det sikkert kom til å regna og blåsa i november. Det viste seg at det skulle bli stjerneklart og vindstille og at festen var opptakten til den første frostnatta. Det var fint å sjå glasmaleriet bli offisielt belyst for første gongen til trompetfanfarar frå kyrkjetårnet etter at varaordføraren, smykka med ordførarkjede hadde sett støypselet i kontakten frå sin posisjon i liften.
Og sånn ser den nyopplyste glaskunsten ut sett frå mørket utanfor.
På fredag hadde me vandrekonsert i kulturskulen, og skrivekurselevane bidrog med sjølvskrivne dikt der dei prøvde å beskriva korleis dei trudde det var å vera på flukt. Her trykkjer eg to små dikt, men sidan eg ikkje har spurt om lov, så lar eg dei stå med anomym forfattar:
Båten kom nærmere,
Jeg gråt.
Båten la til kai.
Jeg gråt.
Vi gikk om bord.
Båten begynte å seile.
Vi kom på land.
Alt var annerledes.
Vi gråt.
*
Bestemor, bror min,
mor og eg,
heilt aleine.
Husa er ruinar,
me er heilt aleine.
Ei dokke midt på vegen,
dekka av støv.
Eg plukkar ho opp.
Eg vil ikkje at ho skal liggja slik,
heilt aleine.
***
Vandrekonserten var organisert slik at det var konsertar i tre bygg. Kvar av dei varte ein halv time. Folk vart guide mellom lokala slik at alle fekk med seg alt. Det vil seia at alle forestillingane vart spelte tre gonger. Eg var i lag med mine elevar og fekk bare sett den eine forestillinga. Eg hadde bare jobba med eigne elevar og var mektig imponert over det eg fekk sjå. Me har utruleg flinke elevar og eg har utruleg flinke kollegaer i TIme kulturskule. Den kvelden var eg stolt av arbeidsplassen min.
I dag fekk me tid til ei vandring langs havet i strålande solskin, sjølv om deler av dagen gjekk til å førebu og rigga til bønevandring til kveldsgudstenesta i kyrkja. Hovudaktørane i kveld var ein psykiater og ein bluesmusikar. Eg anbefalar kveldsgudstenestane i Bryne kyrkje. Dei pleier å vera fine.
Som det framgår av teksten, så har eg hatt ei travel helg. Det blir godt å ha skrivedag i morgon, sjølv om eg har tusen ting som den dagen gjerne ville brukast til og. Eg deler tida mi mellom å vera lærar og spesialpedagog, å vera kreativ frilansar og å vera ein ganske engasjert frivillig kyrkjemedarbeidar. Det kan vera ein travel kombinasjon, for alle rollane vil gjerne slå armane ut og breia seg utover timeplanen. Nå er det tida for foreldresamtalar, iop-ar, og snart for adventaktivitetar i skulen, så det er mykje som skjer. Det gjeld å halda tankane klare. I dag har eg oppdaga at eg har prestert å få til to dobbelbookingar i kalendaren min, eg får ta det som eit teikn på at det er på tide å pusta litt roleg inn og ut.
Eg har forresten fått lov av Leif til å skriva at nå veit eg nesten kor behageleg det kan vera å ha ei kone, noko eg alltid har hatt mistanke om… Han har eit roleg semester der mykje av jobbinga foregår i heimen. Det betyr at han står med middagen småputrande på komfyren og med nybakte brød på benken når eg kjem heim. Eg har nesten ikkje laga mat i heile haust bortsett frå av og til i helgene. I dag har eg forresten bakt ein stor porsjon safranbiscotti som eg tenkte kunne vera greitt å kunna by på til kaffien. For å seia det slik: Dei vart farleg gode. Kanskje det er like godt å halda seg vekke frå baking 😉
Fred over kvelden.
Heidi
Framleis veks det prestekragar og andre blomar i verandapottene mine, og det er midt i november. Livskreftene er sterke. Måtte dei gode livskreftene og ømme kjensler for at menneskelivet er ukrenkeleg, gjera menneskehjartene varme og kloke.
I går var eg på kurs i Stavanger om interkulturell kommunikasjon. Øyvind Dahl var ein varm og klok forelesar, og i eit lite konferanserom med plass til omtrent tjuefem tilhøyrarar sette me seks frå Bryne skule oss tett saman på bakerste benk, nesten litt som fnisete tenåringar som for ein gongs skuld ikkje trong å vera den som hadde kontrollen på og oversikta over det som skjedde i romet. Det er godt å vera den som tek i mot, spesielt når foredragshaldaren har kloke tankar å koma med som kan utvida tankefelta våre litt. I pausen fann me eit bord i den store messehallen og åt pastasalat og drakk kaffi.
Eg gjekk ein tur i kveldsregnet og gjekk meg til gnagsår i dei nye skoa. Så pakka eg meg inn i eit teppe og såg på gamle episodar av Lindmo og Skavlan. Eg var i eit modus der eg hadde lyst til å lytta til livshistorier frå levande menneske. Etter å ha sett ein direkteepisode av Skavlan fann, eg fram nokre biografiske bøker eg har hatt lyst til å lesa. I dag morges vart eg liggjande å lesa i to og ein halv time. Vetle Lid Larssen si bok om han og far hans, rørte meg djupt. Eg gledde meg til å stå opp til kaffi, varme havrepannekaker og heimekokt eplemos. Eg skrudde på radioen og dei snakka med roleg stemme om «terrorhandlingane» i Paris. Eg trudde ikkje mine eigne øyre, og forstod ikkje hielt kva dei snakka om, men sidan det var ei nyheitssending, så tenkte eg at etterkvart ville eg få med meg kva som hadde skjedd. Eg la meg i går kveld og ante ingenting, og i dag morges visste heile verda at noko forferdeleg hadde skjedd. Etterkvart fekk eg eit bilete av hendingane medan eg sat på det stille kjøkkenet mitt med kaffi i ein lilla kopp med roser på medan haustregnet pøste ned og katten skrapte på døra og ville inn. Eg sit og skriv med radioen på, og høyrer akkurat nå at Gatwick flyplass er evakuert på grunn av ein mistenkjeleg pakke.
Det er rare tider me opplever akkurat nå. Me blir utfordra frå mange retningar, og det er lett å bli fortvila og forvirra. Mi bøn til Gud er at me må få varme hjarte og klare, kloke tankar. Dei fleste av oss kan ikkje setja oss ved dei store spakane som styrer internasjonal politikk i den graden slike spakar måtte finnast. Det me alle har fått utdelt er eit menneskeliv å høyra heime i og eit handlingsrom rundt oss som me kan operera i. Eg håpar me blir flinke til å skjelna det viktige frå det uviktige og det gode frå det forvirrande og mørke. Eg vurderte lenge fram og tilbake på kva eg skulle kalla den nye diktsamlinga mi. Nå veit eg at tittelen er heilt rett. «Ta heller med deg hjartet ditt,» seier eg til meg sjølv og til alle andre. I forvirrande og urolege tider trur eg det er det klokaste me kan gjera.
Heidi
Det er årstida for mørke ettermiddagar og kveldar. Plutseleg bare er ho her, den mørke tida av året. Nå kjem morgonane og kveldane til å bli mørkare og mørkare fram mot jul. Eg liker dette mørket, samtidig som eg kan forstå at det kan bli for voldsomt for mange. I går fekk eg lokka med meg Leif ein liten tur inn til byen fordi eg opp dei vinterskoa eg kjøpte på laurdag, og som eg var overlukkeleg for å ha funne, viste seg å vera litt tronge då eg kom heim… Heldigvis fekk eg bytta dei i ein storleik større, så nå burde alt vera bare bra. Lysa var tende i gatene, og i «fargegata», der eg aldri klarer å la vera å fotgrafera, så var det tend lysgirlander høgt over bakken. Det var fint. I fjor hadde eg ei kjensle av at året gjekk rett frå seinsommar til førjulstid, og den same opplevinga har eg i år. Det må ha noko med det flotte haustveret me har hatt to år på rad å gjera…
Me var ganske svoltne etter å ha reist rett frå jobb, så på heimvegen var me innom Ikea og åt middag. Der serverte dei mellom anna ein vegetarrett dei kalte grønsaksbollar, og det smakte kjempegodt. Inne på Ikea var det alt for tidleg julepynta, men i motsetnad til den opplevinga eg har hatt med det same tidlegare år, så opplevdest det faktisk ikkje provoserande. Det var reine julestemninga der med lukter av pinnekjøt og ribbe og surkål frå restauranten og masse julepynt. Midt i kjøkkenavdelinga hadde dei plassert ein steikeomn der det stod ei dame med juleforkle på og steikte peparkaker. Desse vart delt ut til kundane, og dei mindre standhaftige av oss mumsa fornøgd i seg eit nysteikt juletre laga av ikea sin peparkakedeig. Det var nok eit godt salgsknep, for peparkaker er unekteleg noko som lukter usannsynleg godt. Det var bare så vidt eg styrde unna boksane med peparkakedeig. Derimot reiste eg heim med adventservietter og stikkutformer til å laga tredimensjonale peparkakejuletre og stjerner som ein kan pynta bordet med. Eg la og diskret i korga ei stor adventstjerne i papir til å henga i tak eller vindu for å lysa opp i advent- og juletida.
I går prøvde eg å gå inn for tidleg landing, men det er eg ikkje flink til. Då klokka nærma seg halv tolv, tikka det inn ei melding frå ein musikar eg har samarbeida med. Ho hadde fått lyst til å laga ein julesong og lurte på om eg hadde ein tekst liggjande. Det trudde eg først ikkje eg hadde, men så kom eg til å tenkja på at for eit par år sidan så skreiv eg eit par julesongtekstar som eg aldri heilt fekk brukt. Eg stod opp for å leita på harddisken, men det viste seg å vera vanskeleg å finna fram. Til sist fann eg eit par tekstar, men var usikker på om det var dei endelege versjonane. Eg leita og på bloggen min utan å finna noko. Ved midnatt, medan eg sat og leitte kom det opp noko i facebookfeeden, den funksjonen som heiter «Minne frå tidelegare år», eller noko slikt. Der kom det ein juletekst opp på skjermen som viste seg å vera lagd der for på dagen to år sidan. Av og til opplever eg så veldig rare ting, spesielt rundt skrivinga mi, tilfeldigheiter kan vera så rare. Matematikarane mellom oss meiner at rare samantreff skjer alle med jamne mellomrom. Dei mest åndeleg fokuserte av oss vil vera skråsikre på at det av og til går englar gjennom roma. Eg trur på både matematikk og englar. Det spørs kva del av meg som for spørsmålet og kor tid det blir spurt… Nå ser det ut som om den eine teksten min er i ferd med å få seg venger i form av ein melodi, og eg gler meg til eg kanskje etterkvart får lov til å la songen fly gjennom bloggen min.
Dei same tusen kråkene som sat i treet utanfor skulen i fjor vinter, er nå på plass att. Eg er ikkje skråsikker på om det er kråker det er, men trur det må vera ein eller annan slags kråkeart. Dei er svarte og dei sit tettare på greinene enn epler på eit epletre. Det er alltid mørkt når dei sit der, og når det lysnar lettar dei i store flokkar og flyg som ein myggsverm rundt husa før dei forsvinn i dagen. Framleis er det så lyst at dei tek morgonflyginga si før elevane kom, men eg hugsar at i fjor var det nesten magisk då me kunne sjå frå klasseromsvindauget, sånn omtrent halvvegs i morgonsamlinga at kråkene letta frå trea. Det er i alle fall blitt mørkt nok nå til å helsa dagen velkomen med eit lys. Det er noko barmhjertig over det å la dagen begynna med tusmørke, stearinlys og litt lågmælte tankar.
I dag kom eg heim til ein røykvarslar som peip intenst og skjerande kvart andre minutt. Eg forstod at det betydde at batteriet var i ferd med å ebba ut, men gjorde ikkje noko med det fordi eg trudde me måtte kjøpa spesialbatteri, at eg ikkje ville klara å nå opp til røykvarslaren og at eg trong verktøy til å opna han med. Etter to og ein halv time med piping oppdaga eg at det var nok å stå på ein stol, at me hadde rett type batteri, og at det var lett å opna han… Eg kjende meg som ei skikkeleg handy-kvinne etter å ha fiksa det. I alle fall gjorde eg det heilt til akkurat nå, for nå høyrer eg at det pip igjen… Eg får ta meg ein runde og sjå om det er ein av dei andre røykvarslarane som og treng batteri, eller om det er den same som har begynt å pipa igjen….
Ha ei god «mørketid» alle saman…
Heidi

































