
Det er ikkje så ofte eg må hoppa i badekaret for å få varmen i meg, men nå i ettermiddag gjorde eg akkurat det. Eg har latt meg verva til styret i Vennelaget for Hå gamle prestegard, og i dag har eg vore med på å arrangera den tradisjonelle familiedagen på annan påskedag. Konseptet er kjempekoseleg. Det er tenning av bål og koking av egg og pølser nede i fjøra, og det er gøymt over hundre påskeegg i papp på området rundt prestegarden og nede i fjøresteinane. Dei som finn eit slikt egg kan få det fylt med godteri.
I hovudhuset er det sal av lefser, lappar, kaffi, brus og annan god mat, og eg hadde to forteljarstunder for barn der eg fortalde legender.
Det som ikkje gjekk etter planen i dag var veret. Det har blåse kraftig og regna mest heile dagen. Mykje av programmet vart flytta innomhus, men det å vera i den uisolerte delen av det gamle fjoset var kaldt nok det og. Ganske mange lot seg nok skremma av veret, likevel var det mange regntøykledde barn med iskalde kinn og fingrar som kom stolte inn med påskeegg dei hadde funne. Den siste forteljarøkta mi skulle vera det siste som skjedde, og nesten alle valde å putta dei våte kalde ungane i bilen og få dei heim. Derfor møtte det ikkje opp fleire enn to små jenter som ville høyra legenden om korleis snøen fekk farge. Dei var så interesserte og entusiastiske at det faktisk vart ei stor oppleving å fortelja for dei.

Etterpå var det deilig å koma inn i det godt oppvarma hovudhuset for evaluering og varm kaffi. Eg hadde tenkt å kanskje få gått ein tur langs stranda når eg først var der, men akkurat då frista det mest å koma seg heim til husvarmen.
I går ettermiddag fekk eg lokka livskameraten min med ut på tur. I mitt hovud skulle den turen gå langs stranda. Det er då eg verkeleg får opplevinga av natur. Det er noko med havet som får noko i meg til å falla heilt på plass. Eg må innrømma at eg ofte får mast meg ned til sjølufta når me skal gå tur, men i går hadde Leif andre planar. Han hadde tenkt på at me aldri går tur på Lyefjell og at det skal vera så fine turløyper der.

Eg hadde ikkje så mykje å stilla opp mot det argumentet, så me la i veg. Eg måtte innrømma at det var ganske fint på Lyefjell og. Det liknar veldig på det terrenget eg vaks opp i på Ålgård, spesielt området rundt Flassavatnet og Kodlitjødnå der me både leika og gjekk på skeiser.
Me gjekk ikkje så langt, for det var blitt ganske seint på ettermiddagen og det var ganske vått og myrete utanom den store grusvegen.

Fargane, halmgult, mosegrønt og grått viser at me ikkje er kome så veldig langt på vår endå. Men fargane i mars har sin sjarm dei og.

Etterkvart har eg blitt veldig knytta til naturen på låg- Jæren, men dette minde meg på at det er veldig lenge sidan eg har vore ute og gått i naturen i Ålgårdsområdet der eg faktisk høyrde til størsteparten av oppveksten min. Kanskje me må dit neste gong?
Heidi

For meg har påsken mange rom og mange trådar som blir tvinna saman til ei høgtidsveke.
Kyrkja sin påskebodskap rører meg på ein intens og levande måte. Påsken rommar så mykje. Kjærleiken som er sterkare enn døden, det gode som er sterkare enn det vonde, lyset som er sterkare enn mørket.
Noko av det påsken handlar om klarer eg bare å gripa som eit mysterium. For meg er det kanskje mange av dei menneskelege elementa i dei gamle historiane som gjer mest meining og kler tydelegast fram. Historiane om svik. Historiane om tilgjeving. Peter som sa han ikkje ville svikta, men som sovna i Getsemane og når det gjaldt som mest banna på at han aldri hadde sett den mannen før og så gol hanen for andre gongen.
Det handlar om alt som ikkje vart som dei hadde trudd og tenkt, om Pilatus som stod midt i eit dilemma han ikkje hadde bedd om å vera i og som det ikkje utan vidare lot seg gjera å koma ut av. Om kvinna som fekk kjeft fordi ho braut alle konvensjonane og salva Jesu føter med nardussalve medan han var i selskap, om kvinnene som stod under krossen når dei næraste mannlege vennene hadde gått i dekning, om dei kjærlege orda til Maria og til Johannes.
Det handlar om alt som vart annleis, om dei nye livssituasjonane som plutseleg opna seg, om Thomas som måtte stikka fingeren i sida på Jesus for å tru og om Judas. Judas har eg hatt frykteleg vondt av sidan eg høyrde om han før påske i første eller andre klasse. Eg retta opp handa og spurde eller kanskje eg gjekk fram til frøken etter timen for å spørja:
«Jammen, kva med Judas? Viss det var meininga at han skulle gjera det han gjorde, så var det frykteleg urettferdig at han skulle straffast». Frøken, Gerd Signy, svarte klokt, men spørsmålet slapp aldri heilt taket.
Eg ser for meg alle dei som har kome til å ta litt større feilsteg enn dei fleste av oss. Alle dei som må bera skamma for alt som har gått gale. Eg ser for meg ein mann med langt hår og kvit kjortel som går fram som eit lam for slaktebenken og skal ofrast for skulda og skamma som høyrer med i livet til alle menneske. For meg har denne mannen mange ansikt og eg forstår kva Jens Bjørneboe skriv i diktet sitt : «Maria alle smerters moder, be for oss i denne stund…»
Mykje i påskebodskapen er ikkje innlysande for meg. Nokre av elementa grip meg så sterkt at eg ikkje slepp taket i dei.

På onsdag fekk me vera med på noko spennande, eit tradisjonelt jødisk påskemåltid, sedermåltid, heime hos Arne og Inger. Dette måltidet som er ein viktig del av jødane si påskefeiring, minnemåltidet for utgangen frå Egypt. Det var dette måltidet Jesus feira med disiplane sine skjærtorsdag. Den varianten me var med på var eit messiansk sedermåltid, eit sedermåltid som og var tilpassa den kristne påskefeiringa.
Jødane sitt påskemåltid inneheld mange symbolhandlingar. Ein et bitre urter, peparrot og persille dyppa i saltvatn for å minnast israellittane sine tårer i Egypt. Søt mursteinsdeig av mandler som eit symbol på lengselen etter det gode dei lengta etter då dei var i ørkenen og usyra brød til minne om brødet dei bakte i hast då dei måtte bryta opp.
Det blir og drukke fire beger vin: For livet, for frelsa, for velsininga og for håpet-
I vår tid kunne dei same symbolhandlingane vore utførde av alle levande menneske. Bitre urter og saltvatn for å få ein smak av tårene til alle som lid og opplever urett, usyra brød for dei som er på flukt, mursteinsdeig for all lengten etter det me trur er det gode, og ikkje minst eit glas for livet, velsigninga, håpet og frelsa frå alt det som vondt er.

Skjærtorsdagsgudstenesta i kyrkja begynte med deilig kveldsmat i kyrkjeromet. Eit måltid slik påskemåltidet og var det.

Kyrkja var pynta med vårblomar og gåsungar og med eit bord med druer og brød. Eg tenkte då eg kom at eg er heldig som har eit slikt heilag rom og ei slik kyrkje å koma til.
Før preika oppdaga eg til min forbauselse at presten som sat der inne tok av seg stolaen. Gjorde han det i distraksjon? Hadde han fått på feil stola og ville skjula det? Eller endå verre; følte han seg plutseleg dårleg og måtte løysa på antrekket. For sånne som meg som er vane med å sitja i kyrkjebenken skal det ikkje meir til før me blir litt urolege.
Så kom ein person gåande barbeint opp midgangen og sette seg på ein stol- Presten tok av seg prestekjolen, festa eit linklede om livet og begynte å fortelja om då Jesus vaska føtene på disiplane. Han hadde lært teksten utanåt. Etter fotvaskinga vart han ståande, nesten i midgangen og halda talen sin. Det var blikkstille i kyrkja. Noko med denne handlinga greip oss djupt.
Etter gudstenesta vart altaret rydda. Ingenting låg att, ingen blomar ingen lys, ingen bibel. Så vart kyrkja strippa for blomar og dekorasjonar. Langfredag blir folk møtte med eit tomt kyrkjerom og eit altar med svart klede over. Slik er påsken sin dramaturgi. Kyrkja er i tillegg til alt anna den store teaterscena som handlar om liva våre.

Heidi

I dag var vêret ganske grått. Likevel gjorde lyset at ei vårbrune markene gløda i ein fin gyllen fargetone. Me sette oss i bilen og kjørde til Bjerkreim for å eta sein frokost i lag med Torhild og Per Magne på hytta deira. Vertinna stod på kjøkkenet i eit slags fargerikt easter- bunny- kostyme og kokte knallgule egg. Det er få personar som i eigenskap av sitt fargerike nærver får meg i så godt humør som Torhild…

Etterkvart reiste mennene ned att og me via dagen til å prata og le og så fann me ut at det var på tide med ein tur i badestampen. Vatnet var varmt og godt, så det var heilt ok å sitja ute sjølv om det regna.

Nå er eg heime att etter ein fin togtur frå Egersund. Eg ventar på at Sunniva skal dukka opp og vurderer om eg skal begynna å sjå på påskekrimmen eller ikkje… Det må vel vera eit luksusproblem.
Heidi
På veg gjennom livet mitt
ein prosesjon.
Stadig dukkar han opp att
i vegkryss og til påske,
på festvegar og i lange vakenetter.
Ein kvitkledd mann på ein eselfole,
med det lange håret
som sorggardiner rundt ansiktet,
ein spelande mann med hatt og gulltenner,
med fillete jakke og eit lite raudt trekkspel.
Så kjem ho med den gråtande fiolinen,
og så kjem alle klovnane.
Heidi
Først i ferien kjem det ei helg, og før det er det siste dag på jobb. I går vart eg godt varetatt som arbeidstakar. Rektor inviterte til påskefrokost på lærarromet ein halvtime før vanleg skulestart. Det skal ikkje meir til for å gjera ein vanleg morgon uvanleg. Tende lys, påskeliljer og gulfarga kokte påskeegg saman med kaffi og morgonkolleger gjer susen…

Elevane i tredje klasse kom i opp til klasseroma til første time og fekk sjå augenstikkerane dei hadde laga i lag med Siri frå Den kulturelle skulesekken i kvit leire ferdig monterte på steinane dei hadde hatt med. Dei vart kjempefine. Superlimen trong litt meir tid på å herda skikkeleg, så alle insekta får feira påske i vindaugskarmane på skulen.

Elevane på tredje trinn er for unge til å bli inviterte til å få sjå «Heima sjå osse» i Storstova. Takka vera litt velvillige kolleger i både skule og kulturskule fekk eg lov til å ta med meg ei lita gruppe elevar frå trinnet og sjå forestillinga ei gong til. Eg liker å sjå teaterforestillngar fleire gonger, for det er veldig mykje ein ikkje får med seg først gongen ein ser det. Når det er eit manus eg har vore med på å laga, og ein del av «mine» elevar som er på scenen, så er det ekstra kjekt å sjå. Eg skulle gjerne fått med meg alle forestillingane, men to av dei er ikkje verst det heller. Dei var minst like flinke denne gongen, og elevane eg hadde med som eigentleg er utanfor målgruppa, storkoste seg dei og.
Då eg hadde kome opp på skulen att og ete knekkebrøda eg hadde med meg, fekk eg ei melding om at kulturskulelærarane som hadde vore aktive i Storstova skulle eta lunsj saman på «Jordbærpikene». Ville eg bli med? Det ville eg. Det er alltid så velsigna deilig å slappa av saman etter eit stort prosjekt, og spesielt når dei involverte har ei felles oppleving av at dette har vore vellukka. Etter ein time og to tusla eg meg opp att for å avslutta det eg burde koma i havn med før ferien og rydda i rot som har hopa seg opp i travle kvardagar. Klokka vart halv seks før eg sykla heim med ferieutsikter i lomma.
På ein eller annan merkeleg måte blir ein alltid så utruleg søvnig av å få ferie. Det vart ein kveld i sofaen med ei bok, eit strikketøy og ein runde Skavlan. Det var deilig. Nå er eg på føtene att og tenkte å bruka dagen til å pynta litt til påske, skriva litt og koma seg ut på tur. I morgon dukkar Halvard opp i heimen for å vera heime 4-5 dagar, og på måndag kjem Sunniva. Det blir fint.

For meg har påsken alltid vore ei viktig tid, og ei tid som har inspirert meg til å skriva ganske mange tekstar. I dag avsluttar eg med ein tekst frå den siste diktboka mi:
NAMNET MITT ER MENNESKE
Skjærtorsdag med alle luktene,
med lam og brød og vin.
Han vaskar føtene mine.
Tankelaust dyppar eg brødet
i fatet saman med han.
Eg høyrer orda hans,
og kjenner blodet frysa til is
før eg reiser meg og går.
Eg sovnar i Getsemane,
og skammar meg
når eg møter blikket hans.
Eg kyssar han til helsing
før eg ser han segna under krossen.
Eg kastar sølvmyntar ut på jorda,
og bannar på at eg aldri før har sett den mannen.
Eg høyrer hanen gala for andre gongen.
Eg møter han i hagen
før eg får stikka peikefingeren min
inn i såret i sida.
Med matt blikk
ser eg meg sjølv i spegelen
og veit at namnet mitt er menneske.
Frå Ta heller med deg hjartet ditt (2015)

Heidi

Ute er det nydeleg vårver, og i morgon kjem påskeferien for oss som er så heldige at me jobbar i skulen. Eg kjenner at det faktisk skal bli godt med nokre fridagar. Det har vore full fart i det siste. Den store kulturopplevinga for i dag var å troppa opp i Storstova klokka kvart over fem, snusa litt på stemninga bak scenen, snakka med kolleger som kunne fortelja at skuleforestillingane i dag hadde gått veldig bra, sjå skodespelarar og dansarar bli sminka og få dei siste instruksane, høyra songarane varma opp bak sceneteppet og sjå dei siste instrumenta få den siste stemminga. Etterpå var det fint å finna seg ein plass i salen, kjøpa seg ein kopp kaffi og setja seg godt til rette.
Eg kunne konstatera at mine flinke kolleger i kulturskulen hadde gjort ein strålande jobb etter at eg og manusgruppa leverte siste versjon av manus til dei sceneansvarlege.

I dag skulle eg ynskja at eg hadde ein skikkeleg kamera i fenget, for ein mobiltelefon eignar seg ikkje til scenefotografering frå salen. Eg tek likevel med eit par av bileta bare for å dela litt av synsinntrykka her. Kanskje eg får anledning til å bruka nokre finare bilete seinare, for eg er sikker på at det vart fotografert mykje. Eg trur avisa har vore innom og.
Eg er imponert over kor flinke elevane våre har blitt med teater, song og dans når dei går ut tiandeklasse. Eg har sagt det før, men det toler å gjentakast: Den vesle jobben min i kulturskulen er ein av dei finaste jobbane eg har…

Og visst er det mykje kulturelt i det vanlege klasseromet og. I dag hadde me for eksempel påskeverkstad med dei sekstifire tredjeklassingane våre. For å seia det forsiktig, så var det full rulle, men det var veldig kjekt og. Formingslæraren i meg har litt dårlege vilkår i år, for dette skuleåret var det ikkje plass på timeplanen min til å ha klassar i kunst og handverk. Kvar gong eg fuskar litt i faget så hugsar eg at det er eit veldig kjekt og veldig travelt fag å undervisa i…

I går var noko av det mest kulturelle eg gjorde å drikka kaffi og eta vaflar i attilieret til Stanley Stornes. Me var der med styret i den kommunale kunstklubben for å kjøpa inn bilete. Det var forresten sånn omtrent dei beste vaflane eg har ete nokon gong. Me fann og fine bilete som me kjøpte.

Og utanfor dei store glasvindauga mot Vågen var lyset så fint at eg ikkje kunne la vera å stirra ut. Kveldslyset i mars har noko gjennomsiktig nesten eterisk ved seg. Då me kom ut, såg det slik ut, men eit kvarter tidlegare var det endå skjærare og endå meir akvarellaktig. Tenk å halda til ein plass med havsutsikt.

Etterpå reiste me til eit nytt galleri der me fekk meir kaffi i fine koppar med Bjørg Thorhallsdottir sitt design. Nå skal eg gjera noko eg kanskje strengt tatt ikkje har lov til…
Eg skal visa nokre bilete som gjorde inntrykk på meg. Eg har ikkje spurt kunstnarane om lov, bileta er delvis bare utsnitt og eg går ikkje god for gjengjevinga av fargane. Det er meint som rein reklame og beundring til kunstnarane, men dessverre veit eg ikkje i etterkant kven alle er ein gong… Unnskyld… Kanskje eg tek dei vekk att… Eg er litt usikker på kva ein har lov til å gjengje, men det er vel ikkje i seg sjølv ulovleg å fotografera fine ting ein ser… Som sagt… Eg føler meg på litt gyngande grunn og burde kanskje spurt opphavsmennene om lov…



Eg vil avslutta med noko som i alle fall er heilt mitt eige. Eg har skrive ein del vårdikt gjennom tidene, og kvar gong det blir vår att blir eg overmanna av dei same kjenslene. Ein blir overvelda over kor sterkt og vakkert livet fortonar seg, og samtidig dukkar det opp ein slags hudlaus lengt eller kanskje tørst etter det å leva heilt og intenst. Eg veit ikkje korleis eg skal forklara det betre utan å ty til mine eigne dikt, så det er faktisk akkurat det eg har tenkt å gjera…
Sola legg varme sjal
kring akslene mine
medan krokusen eksploderer.
Plutseleg hugsar me
kor hjelpelaust grådige me er.
me hadde gløymt kor svoltne me er på liv,
gløymt at det nesten gjer vondt
å vakna etter ein vinter.
Den vesle tjukke humla
er tidleg ute.
Kanskje er det håp
for jorda likevel?
Framleis er me her.
Framleis er alt mogleg.
Me skal bare tine først.
Frå Ta heller med deg hjartet ditt (2015)
Plutseleg
står ho i døra,
kledd i dette hudlaust urolege
vemodet
himmelblå kjole
og gul hatt.
Står der og opnar
for dette alt for sterke
lyset
på alt som samlar støv.
Sjølv opnar eg vindauget
ut mot vipene
ut mot kvitveisen
mot komande bjørkesprett
mot smelting og uro.
For framleis
denne brå kriblinga
frå noko på innsida
som aldri kan falla til ro.
Eg mumlar
eit høyrbart
og høfleg
God morgon, våren.
Ein plass i blodsystemet
kjenner me til vår forundring
kor heftig me framleis lengtar.
Frå Det kvite romet (2013)
Partitur:
Mellom notene
sette av fugleføter
i fuktig sand
ser eg våren koma
mot meg
i rasande fart,
Ein blakk hest,
galloperande
strittande man,
flaksande hale og lugg.
Sanden
vilt fykande
mellom dei svarte hovane.
Skumhestane
frå havet
kjem han vrinskande
til møtes.
Set eg meg
på den iskalde steinen
kan eg fort
bli gammal eller sjuk,
så eg spring
på raude gummistøvlar.
Eg som alltid
har vore redd for hestar
spring med håpet
som ein glorie om hovudet,
spring utan tankar.
Klar til å hoppa
på hesten i fart.
Frå Fotnoter i sanden (2012)

Heidi








































