Gå til innhald

Mor bakar hai til middag

13960033245_ef15442aaf_b

Eg innrømmer at eg har litt sansen for elevar som alltid spør om dei kan få mala vattkulene rosa eller grøne når dei lagar påskekyllingar og som insisterer på å ha punkesveis og svart skjegg på dorullnissen sin. Litt  av grunnen er sikkert at eg delvis var ein slik elev sjølv. Eg hugsar til og med at eg innsåg at min militærgrøne påskekylling med rosa kam,  ikkje vart på langt nær så fin som produkta til dei som hadde fulgt instruksjonen nøye…

I dag fekk elevane ei kolonne med ai -ord av typen kai, pai, hai, haikar og som dei skulle setja inn i rett setning. Ein av elevane kom då med fylgjande setningar: «Ein haikar er veldig farleg» og «Mor bakar hai til middag». Eg må innrømma at eg vart i litt godt humør av det. Best var høgtlesinga for nokre år sidan, då sjetteklassen min øvde seg på å lesa «No livnar det i lundar» fint og vakkert. Då turen kom til han bakerst i klasseromet las han: «No livnar det i lundar, no lauvast det i li. Den heile skapning stundar nå fram til klokka ti.»

Klokka ti begynte friminutta, og det er ingen tvil om at tifriminuttet var eit lysglimt i dagen for gjeldande elev. Ein er lærar så lenge ein har humor, eller korleis det nå var det derre sitatet…

Heidi

Dagane før dagen

14175800171_1a041f50a1_b(1)

På same måten som vekene før jul er veldig spesielle for oss i skulen, så er vekene før syttande mai og noko heilt for seg sjølv. Det er ganske rørande å sjå seks-sjuåringane stå høgtideleg på golvet og syngja «Ja, vi elsker dette landet» av full hals og med stor innleving. At me vaksne har ein tendens til å begynna litt for lågt for ungane og likevel streva med å koma opp i høgda når me kjem til «elsker, elsker det og tenker…», får heller stå sin prøve. Me får heller trøysta oss med at barna sine morgonstemmer tek høgdane med langt større akrobatikk. Eit kvart klasserom må pyntast når det nærmar seg den syttande, og i tradisjonell stil så blir det ofte blomar og norske flagg i vindauga.

Ein annan klassikar når det gjeld laging av syttande mai- fane i første klasse, er at alle får i oppdrag å teikna seg sjølv som går i tog.

14176444742_92af7ce7a0_b

Og til slutt set me saman alle teikningane til eit skikkeleg hav av glade ungar, som me skal bera med oss i syttande mai -toget.

14179097484_03c7b4e0e6_b

Ein annan ting som har vore litt spennande dei siste dagane, har vore at Ingrid si biletbok nå er så godt som ferdig, og eg har fått vera med på å prøva ho ut for elevane på sjuande trinnet og på første trinnet for å prøva ut responsen i ulike aldersgrupper. Eg har kost meg med å få lov til det, og eg har fått fryktelig lyst til å laga biletbok sjølv og.

Samansett tekst i form av tekst og bilete er ei godteken og elska kommunikasjonsform når det gjeld biletbøker for yngre barn og teikneseriar og teiknefilmar for menneske i alle aldersgrupper. Ein relevant problemstilling for oppgåva Ingrid skal skriva er biletbøker for eldre barn framleis er ein litt ukjend sjanger. Det blir laga spennande biletbøker for målgruppa frå ti år og oppover, men i bokhandlar og på bibliotek blir desse plasserte i bok-kassar saman med biletbøkene for små barn. Dermed når dei ikkje ut til målgruppa. Det dessverre ofte slik at både foreldere og lærarar ser på biletbøker som noko som er laga for små barn som skal erobra lesekunsten eller sitja på fanget og bli lesne for. Seinere tenkjer ofte vaksne at det er for lite utfordrande for barn å lesa biletbøker, dei treng bøker med kompakte tekstsider. Dette er veldig synd, for samspelet mellom tekst og bilete opnar for mykje spennande. Det veit alle som er glad i teikneserier, eller rett og slett glade i biletbøker.EPSON MFP image

Til slutt: La meg presentera Elna Selberg frå Ingrid si bok om «Pengetelleren Sverre». Ho er ein gifteklar sel med eit litt tomt blikk og ein litt for trong kjole. Dessverre blir ikkje Sverre spesielt interessert. I tillegg har ho av forståelege grunnar eit heller slapt hand-trykk…

 

EPSON MFP image
Bøker er kjekke ting. I dag vil eg ta med meg ei av dei og leggja meg tidleg. Det er heller travle tider, men i kveld har eg fri.

 

Heidi

 

 

 

Eg låner eit dikt

14136510936_c8fd94f795_b

Eg låner eit av dei fine dikta til Helge i dag og.

DEN BANDASJERTE KJÆRLEIKEN

I kvardagens fortæring
av brød og himmel

finst ein kjærleik
som brest

ein godhet
som teier

Men og den tagale
godheten

den bandasjerte
kjærleiken

finst

Helge Torvund

Så fine ord.

Heidi

image

Mellom oss

13973036570_95916e03bd_b

Nå er det lenge sidan eg baud på dikt på denne plassen. Dei som stod for tur etter alfabetisk orden i bokhylla mi, får ha meg unnskyldt, men eg har fått Helge Torvund sine samla kjærleiksdikt i signert utgåve i postkassen min, og dei er så fine at eg må la dei koma først…

MELLOM OSS

Eg rørde ikkje ved
dei sterke kjenslene
Eg sa ikkje noko
om varmen mellom oss
Eg kviskra ikkje
ærlege mjuke prd
Eg haldt deg ikkje
fast inntil meg.

Men likevel veit du:
Her er me
og vårkvelden
med sitt gule lys
Eit varmt brød
for alle fattige hjarte

Helge Torvund

Takk skal du ha, Helge.

Heidi

Om å lytta til andre trommer

14156890652_2a6d493330_b

I dag morges høyrde eg eit intervju på radio. Ho som vart intervjua heitte Hilde Johanne Åfoss og var psykolig og eventyrforteljar. Ho brukte forteljing som ein del av samtaleterapien. Eg spidda straks øyrene, for dette er jo ting som interesserer meg. Så begynte ho å snakka om Askeladden. Sjølv om eg sjølv har fortald utallige eventyr, og om Askeladden, så må eg innrømma at eg vel har hatt eit litt blanda forhold til denne norske folkehelten. Eg har sett på han litt som Peer Gynt, som den litt unfallande, storskrytande eventyraren som blir hjelpt av kjeften og motet akkurat som i songen om Pål og hønene.

Hennar innfallsvinkel fekk meg til å innsjå at det kan sjåast på ein annan måte. Medan Per og Pål spring som galne for å vera førstemann som både høyrer og kjem fram til utlova prinsesser, så tek Askeladden seg god tid. Han tenkjer seg om og lyttar til intuisjonen sin før han legg i veg. På vegen sin behandlar han alle likt, anten det er gamle tilsynelatande tåpelege kjerringar, som truleg på grunn av eigen dårskap har klart å setja nasen fast i røter og hoggestabbar, eller om det er kongen sjølv, så viser han dei respekt og lyttar til dei. Verken meir eller mindre, faktisk. Dersom han har noko å dela, så deler han utan å nøla og utan å prøva å lura seg unna. Han har sansen for dei merkelegaste skapningar han møter, anten dei må halda seg for munnen fordi dei har sju vintrar i magen, eller dei konstant gomlar gråstein fordi dei er ridde av ein uforklarleg svolt, så godtek han dei som dei er. Seinare skal det visa seg at dei som vart akta for ingenting er dei mest verdfulle vennene når alt kjem til alt.

I dag las eg i boka til Ringma om det å søkja stilla, ettertanken og kontemplasjonen kvar einaste dag, ikkje for å trekkja seg unna menneska, men for å ha tid til å henta nye krefter slik at ein kan sjå ansikta deira i nytt lys. Han uttrykkjer det slik: «Det kontemplative livet er som å lytta til andre trommer.» – Og det å ta seg tid til å lytta til andre trommer er truleg ikkje det dummaste ein gjer, for dei trommene som er oss nærast og som alle høyrer, kan laga slik larm at ein blir døv for all annan musikk. Rigma tøyer det så langt som til å seia at dei som er villige til å lytta til andre trommer er dei som forandrar verda. Kanskje den godaste Ringma tek litt hardt i av og til, men han er veldig verd å lytta til. Eg kom til å tenkja på eit anna utsagn som har betydd mykje for meg:

«Dei som dansa vart sett på som galne av dei som ikkje høyrde musikken»… Eg hugsar ikkje kven som ein gong formulerte det, men fint er det…

13975005050_530b6952de_b

Kanskje det å gå ein tur med tid for både tankar og det å pusta roleg inn og ut, og kan vera ein måte å lytta til andre trommmer på. Eg og Leif gjekk ein tur langs kongevegen, pilgrimsleden ytterst ved havet, i dag. Me starta ved den gamle kyrkjegarden på Varhaug og gjekk ein times tid før me snudde. Me gjekk i lett vårregn til den beroligande rytmen av havet som slo. Neste gong skal me berekna oss betre tid, for det er ein av dei finaste stiane eg veit om. Eigentleg forstår eg ikkje korfor eg ikkje går der mykje oftare.

14138483776_0b9e876029_b

13973036570_95916e03bd_b

Eg går mest langs sandstrendene, men rullesteinsstrendene er fantastisk fine dei og. Me gjekk forbi ein stad der det har vore losstasjon. Eg såg føre meg å leggja ut der i frå i ein liten losbåt i kuling og storm. Det er verhardt langs kyststripa her i sørvest.

14161771855_5ea9397468_b

14181738913_3acdaa1c51_b

Heidi

Vårsull

14036244891_ae799d3ee1_b(1)

Eg har fått ein vemodsvakker melodi mellom hendene. Ein melodi som gjerne vil ha ein tekst å leva saman med.
Om det blir denne teksten, eller kanskje ein heilt annan, får komponisten bak melodien bestemma…

Vårsull

Vinden kjem med bod om vår,
bårer slår mot strender.
Månen kikkar fram og ser
mine opne hender.
Snart blir lyset sommarkvitt,
snart skal barneføter
dansa lett i nyslått gras
over mold og røter.

Bjørka står med grøne blad,
tung av krydderange.
Natta kjem med tunge steg,
tankane blir mange.
Epletreet blømer kvitt,
voggar lått og tåre.
Tonar syng i dur og moll
om alt som har vore.

Takk for alt som var og er,
takk for draum og sansar,
Takk for år som kom og gjekk,
takk for vind som dansar.
Takk for dei som ein gong var,
dei som nå skal kvila.
Takk for dei som eingong ser
nye vårar smila.

Heidi Strand Harboe

Hurra for kulturskulen

14123664476_6f33a4cedd_b

Akkurat nå har eg bare ein tiprosents stilling i Time kulturskule. Det er likevel ein skule eg identifiserere meg med og er stolt over å jobba i. I går var me på uteforestilling og såg «Storbonden Lear», og det vart ei flott forestilling. Den første forestillinga hadde frå ende til annan foregått i øsande regnver. Me såg den andre forestillinga, då regna det mest ikkje i det heile tatt. Ingen kulisser er finare enn dei ein finn ute i naturen i mai. Desse jentene dansar dødsscenen i stykket, sterk og flott scene.

13960167467_63ae7c72d4_b

Etter at bonden hadde angra på dødsleiet, døydde han før noko var blitt formalisert. Intrigene løyste seg heldigvis på beste måten etterpå, og glade bønder kunne kasta huvene sine opp i lufta i begeistring.

14151200465_d28b69b5e4_b

På vegen heim måtte me fotografera desse flotte sauene. Dei går alle i same retning utan særleg grad av refleksjon. Det er nok ikkje for ingenting ein snakkar om saueflokkmentalitet.

I dag var det min tur til å vera i kulturskulen sin teneste, men før det starta eg dagen med å drikka morgonkaffi med Torhild. Det var veldig triveleg, så det kan me godt gjera fleire gonger. Litt vel travle damer kan trenga fleksible løysingar. I går vart Torhild si løysing då me samanlikna helgeplanane våre: «Men me kan jo drikka morgonkaffi hos deg lørdag morgon…» Og slik vart det.

Så tok eg med meg dei sju flotte skriveelevane mine og reiste på skrivetur til Egersund med toget.

image

I Egersund møtte me denne trivelege fyren med lang heimestrikka genser. Det er ein veldig fin stad å dra på tur til, ikkje bare er det ein koseleg by som ligg bare ein halvtime unna med tog, men det er og ein stad elevane sjeldan besøkjer.

På skriveturar er det slik at elevane blir utstyrde med skriveblokk, blyantar og mange oppgåver dei skal jobba med på turen. Ei av oppgåvene er å laga ein togtekst der dei skildrar det dei ser frå toget. Sidan eg ikkje har spurd dei om lov til å bruka tekstane deira, kan eg bruka min eigen…

Maitekst frå toget.

Nærbø første,
og lønna står grøn,
kvitmalte hus og grøne marker
med store tre.

Snart havet sjølv
ute i horisonten,
med lette støvskyer
over den svarte overflata.

Desse eldgamle jernbanesvillene
og alle steingardane
gjev ly til mette lam
som har lagt seg ned i graset
langt frå mor si.

Neste stasjon er Varhaug
med hestablomar langs perrongen.
Ein mann går av toget
i vindjakke
med sommarblomar i ein papirpose.
Folk kikkar byfint ned på oss
frå fornemme glasverandaar,
før me passerer kvitblømande plommetre.

Måkane leitar med lange nebb
i svarte åkrar,
som snart byter plass
med grøne tjelver
der kyrne ligg
med jura tungt mot graset.
Ute på den mørkeblå stripa
vogger store skip
medan steingardana
lagar rutemønster i grått
mot alt det grøne
mot alt det framleis gulbleike.

Vigrestad neste,
og dørene lukkes,
dei første blå lupinane,
Jernbaneblomar
frå jernbanen sin barndom
og store steinete marker
slike som forfedrene våre,
alle småbønder og slitarar
brukte ryggen opp
på å henta ut av jorda
kvar vår
og laga enkle og doble steinardar.

Før dei gjekk heim
til kvitmalte små forblåate hus
og sleit med å dyrka jord
av lyngheier og sand.

På Brusand opnar
sanddynelandskapet seg
og alle dei runde knausane
og berga.
Medan stasjonsbygningen
inviterer til å besøkja
frisørhjørnet,
massasje og aromaterapi.

Det er nok kanskje ikkje dit
dei skal
desse mennene
som kjem av toget,
og stoppar litt
for å dra glidelåsane opp
i vindjakkane sine..

Fleire og blåare lupinar,
og den gamle steinbrua på Ogna.
Blondeskyer
og frisk vind
frå badehandkle
som driv som stolte segl
frå klessnorene på campingplassen
i konkurranse med muntre vimplar
i norske fargar.

Dørene lukkes
og gamle stolpar
står att aleine
for kor vart alle
telefonstolpane av.
Desse står værbitte
og sprukne
meir enn middelaldrande
heilt sikkert
og lengtar etter tjøre.

Store podlar
med saltvatn og brakkvatn
speglar himmelen
og på Sirevåg
har dei stasjon med søylar
mest som i meir kontinentale strøk.

Rosa Ragusa med grøne blad
framleis utan blomar,
men kvitveisen blømer
på Sirevåg
Og sola blenkjer.

For ikkje å snakka om Hellvik
kvitt i kvitt av kvitveis.
Kulpar og tunnellar
og kvite segl der ute.

Neste stasjon er Egersund.
Dette er togets endestasjon.

Heidi

image

image

Om å klora seg fast med neglene

image<a

Eg prøver av og til litt for hardt å klora meg fast i tida. Eg har så mykje eg har så veldig lyst til å gjera og så prøver eg å dra i tida som ein ballong for å få mest mogleg ut av det eg dagleg får tildelt. Spesielt nå i mai, er det som om ein litt utålmodig tørste etter liv ligg og dirrar i lufta. Så blir det litt for lange dagar, og litt for lite søvn. På fredagane har eg ambisjonar om å jobba som ein helt og få skrive veldig mykje… I dag starta dagen med ein tur med Ingrid og Oscar for å få litt luft og fysisk aktivitet, for til og med eg skjønar jo at det er lurt å bevega seg litt… Oscar var så fin der han sat i baksetet på den vesle kvite fiaten og gleda seg til å gå tur.

image

Måkane ser nesten ut som om dei sit der og småhutrar litt i fjøresteinane.

image

Og i dag møtte me opptil fleire travhestar med blide kuskar i vogna som smilte og helste under ullhuvene sine.

image</a

Vel heime fekk eg ordna litt kjøp av billettar og diverse anna som måtte gjerast. Så kombinerte eg ein høgst nødturftig rydding av kjøkkenet med småprating med Sunniva som jobbar vidare med manuset sitt. Endeleg fekk eg sett meg ned for å vera kreativ. Eg har gjort opptak av ein nydeleg melodi Anne Kristine har laga. Det er ein vemodsvakker vårsull som er på jakt etter ord han kan kle seg i. Nå må eg nok prioritera ein ny runde med rydding. Min medforfattar i heimen har akkurat gitt ut to bøker, og arbeidsromet er fyllt med vekter for veging av bøker og papp for innpakking, taperullar, bøker osv medan eg har store papirbunker med elevtekstar framfor meg. Eit rom som passar som arbeidsrom dersom ein kan fungera som høgtfokuserande kaotikar i kreative prosesser… Eg kjenner at det er på tide å rydda litt. Me har forresten starta vårt eige forlag på toppen av det meste. Her finn du oss:

Om Sporisand forlag

Ein gong i tida var eg i kontakt med Vivan Zahl Olsen, som vel må vera min favorittbarnebokillustratør gjennom tidene. Det er ho som mellom anna teikna illustrasjonane til Fru Pigalopp. Eg fekk eit kort av henne der ho sa at ho godt kunne ha lyst til å illustrera nokre bøker eg hadde send henne manus til, men så kom det liksom aldri vidare… Av og til er eg for dårleg på å stå på for å få ting i havn, eg ender med hoppa på nye idear og prosjekt i staden. Dette er det fine kortet ho sende meg. Det dukka opp under eit forsøk på rydding av arbeidsrom. Eg synest at kortet på ein fin måte viser kva som er viktig i livet…

image

Heidi

8.mai

14016306626_2960a85bb8_b

Dagane fyk av garde. Åtte dagar inn i mai allereie. Etter sommardagane i april har det vore ganske «kaldt og hustre», men det blir grønare og grønare for kvar dag som går, og i bedet framfor huset dukkar det jammen opp vekster eg meiner å kunna identifisera som nokre av staudene eg planta i fjor.

Den største kulturopplevinga i dag var kan henda då førsteklassingane fekk dansa solo ein og ein i musikktimen. Dei fekk halda på så lenge dei ville, før dei gjekk i frys og nestemann fekk gå utpå og dansa. Det er eit språk i dansen som ikkje kan omsetjast til ord og som rører meg djupt.

Me har vore ein tur på ein stor papir- og kontorrekvisitabutikkk. Alltid når eg er slike stader, så får eg så lyst til å teikna, mala, lima, klippa og laga. Då må eg minna meg om at eg har ein del utstyr heime eg sjeldan får brukt. I går då eg var på eit koseleg ettermiddgsbesøk hos Anne Kristine og såg at ho var i gang med biletvev, så fekk eg lyst til å begynna med det og. Det er deilig at det er helg nå.

Min modige og energiske arvtakar i dramaseksjonen, Maren, skal visa uteteater i morgon. Ho har bearbeida Shakespear sitt stykke «King Lear», til «Storbonden Lear». Ho har fått med seg dansarar og musikarar og skal ha forestilling ved Fotland Mølle. Eg tek av meg hatten for idé og pågangsmot, og kryssar fingrane for fint ver. Eg har absolutt tenkt meg opp for å sjå ein av forestillingane som skal vera klokka fem og klokka sju.

Heidi

Bare eit par setningar

Sverre i deress

Etter ein lang og kreativ dag, har eg brukt tid på å prøva å finna medlemsnummeret mitt i TONO i samband med noko som skal registrerast. Nå har eg gitt opp og send dei ein mail der eg ber om hjelp. Eg har funne kontrakten og diverse brev ov mailar, men ikkje noko medlemsnummer.Det er synd at det er så mykje papirarbeid med å driva skapande verksemd… Eller eigentleg er det kanskje ikkje det. Det er bare meg som ikkje har tålmod med slikt. Det er jammen bra eg har ein fast jobb knytta til stat og kommune ;)… Sjølv om det kan slumpa til å vera eit og anna skjema å fylla ut der og sånn innimellom…

Halvard spelar piano. Eg er for trøytt til å skriva meir nå. Eg skal bare smuglytta litt på han, så skal eg gå og leggja meg.

Heidi