Seint i går kveld las eg ut mi første e-bok: «Disse øyeblikk» av Herbjørg Wassmo. Boka er ein sjølvbiografisk roman, der me kjem tett inn på livet hennar; Eit vanskeleg forhold til faren etter overgrep i barndomen, eit vanskeleg ekteskap, uønska og vanskelege graviditetar, ein spontanabort, og dei vanskelege sidene ved å plutseleg vera ein suksessrik forfattar og eit menneske med til tider litt for tynn hud. Dette var ei bok som kraup rett under huda på meg. Eg klarte ikkje la vera å lesa vidare, og vart liggjande og lesa alt for lenge om kveldane. Det var sterkt, intenst og til tider svært ubehageleg å bli trekt inn i hennar univers. Boka er skriven med ein vilje til å vera ærleg, som det står stor respekt av. Eg anbefalar andre å lesa boka, men ver førebudd på at det kan koma til å gjera vondt.
I dag hadde eg ein time om jødedomen for første klasse der eg viste ein powerpointpresentasjon der eg prøvde visa korleis det var å vera barn i ein jødisk familien. Me la vekt på sabbatsfeiring, livet i synagogen og på Hannukahfesten og påskeferinga med sedermåltid. Som eit element i dette påskemåltidet dypper dei bitre urter, for eksempel persille i saltvatn for å kjenna smaken av alle tårene folket har gråte. Dei elevane som ville fekk smaka ein liten persillekvast dyppa i saltvatn, og dei fekk lov til å uttala seg om dei syntest det smakte som tårer.
Eg tenkjer at jødane kanskje i sitt religiøse liv har teke smertene i livet med på ein annan måte enn det som ofte blir praktisert i kristendommen. I både salmer, klagesonger, ordspråka og forkynnaren er det nokså tydeleg tale om kor vanskeleg det er å vera menneske. Kanskje me skal våga å snakka høgt om at livet og har eit nattauge, og at menneske i ulik grad kan slite med å bera dei tunge sidene i sitt eige liv? Og om at me er «skapte for å letta børene for kvarandre.» som Halldis Moren Vesaas seier i «Tung tids tale.»
Hender finn hender
herd stør herd,
og barm bankar varmt i mot barm.
Det hjelper då litt,
nokre få forfrosne,
at du er varm.
Halldis Moren Vesaas
Heidi
Etter etterspørsel, så legg eg ut teksten til konfirmantsalmen min her. Eg skreiv han til Ingrid sin konfirmasjon for ti år sidan, og etter det har han blitt brukt på konfirmasjonsgudstenester både her hos oss og i fleire andre kyrkjer. Eg blir glad når andre har lyst til å bruka orda mine. Johanne Ur Sæbø har laga ein fin melodi til teksten.
Konfirmantsalme:
Glade samlast me i kyrkja
for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar,
Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be,
signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru,
signa dei du.
Stolte bar me dei til dåpen,
og nå samlast me i glede.
Nå er dåpsbarna blitt store,
dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her,
signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru,
signa oss du.
Gje dei unge mot og vilje,
vakne sinn og sterke røter,
så dei vågar sjå og høyra,
vera midt i alt dei møter.
Kunna tola slit og strid,
halda fast og vera fri,
signa dei med mot og tru,
signa dei du.
Signa alle deira dagar,
dei som gret og dei som smiler.
Ver du nær dei alle timar,
når dei trur og når dei tviler.
Herre signa deira liv,
gjev dei håp og perspektiv,
signa dei med song og tru
signa dei du.
Heidi
I dag har eg forresten vore så heldig å få koma i etterselskap til flotte Lise, som vart konfirmert i går.
Heidi
I går måtte eg nesten skriva ein song om det å ha sommar i april. Teksten er send til ein ny samarbeidspartnar. Eg er spend på om ho klarer å plukka opp ein melodi.
Sommar i april
Plommetre med kvite blomar,
bjørkesprett og sønnavind.
Sommaren er tidleg ute,
møter vinter som forsvinn.
tunge tankar skal få liggja,
stua vekk er sut og tvil.
Kom nå, me skal ut og leva,
det vart sommar i april.
Surrande, den første humla,
lerka tirlar yr og glad,
lukt av gras og krydderange
i frå nye bjørkeblad.
Livet syng, og dagen dansar,
vinden rører blikk og smil,
alt blir lett og vemodsvakkert,
me har sommar i april.
Koma alt som snart skal koma,
skodde, regn og nordavind.
Skål for slikt som ikkje varer,
for i dag er dagen din.
Kom nå ut, la humla susa,
og fornuften ta ein kvil.
Stem din lengt til fest for livet,
og for sommar i april.
Heidi Strand Harboe
Heidi
Av og til når eg les ting, så tenkjer eg at dette må eg dela, andre kan ha like stor nytte av å lesa det som meg. Sånn var det i går kveld, og då lova eg meg sjølv at dette var tankar eg måtte dela. Derfor kjem det eit ganske langt sitat frå Charles Ringma si bok «Den indre rytmen». Dette er med andre ord ikkje min tekst, bare ein tekst eg meiner er verd å lesa og ta opp til nærare ettertanke.
…
«Et av problemene med visse fundamentalister, – uansett åndelig overbevisning, er at de gjør det så enkelt for seg selv, og sitter med fiks ferdige svar for alle andre.
Ikke det at man ikke bør søke full visshet i sin tro, men problemet er at vi også må innrømme at vi møter vanskelige spørsmål og nye motsetninger på vår vei. Gjør vi ikke det, signaliserer vi en tro som er rigid, trang og urealistisk.
Problemet er at mange ledere er redde for å være åpne og sårbare. De tror at folk blir tiltalt av styrke, sikkerhet og klare svar.
Som regel tar de feil. De som søker åndelige svar er vanligvis folk som står ved viktige veiskiller i livet. De ønsker ikke ferdigsnekrede løsninger. De ønsker forståelse, vennskap og varhet. De vil gjerne ha del i en tro som handler om kam såvel som om håp, stiller spørsmål like gjerne som den gir svar, taler om svakhet så vel som om helhet og kraft.»
(Charles Ringma: Den indre rytmen.)
Ein av tinga livet har lært meg er at det å ha fis ferdige svar for andre mennesker ikkje er ei god løysing i det heile tatt. Eg har ofte lurt på forfor nokre menneske er så skråsikre på alt mogleg. Men me er truleg skrudd ulikt i saman. Det er kasnkje det som gjer at eg aldri har meld meg inn i nokre politisk parti, og truleg ville vore ubrukeleg i fagforeiningsarbeid. Eg hr heller aldri heilt forstått korfor nokre menneske blir så frykteleg sinte på dei som har andre synspunkt enn dei sjølv. Kanskje det kunne gjort seg med litt høgare temperatur i diskusjonar om ting eg synest er viktige, men aggresjon er nok ikkje min styrke. Eg trur nemleg at av og til, men ikkje så veldig ofte, så kan aggresjonen vera på sin plass… Men eg trur og at toleranse og evne til å lytta nesten alltid er meir fruktbart.
Heidi































