Gå til innhald

Nyttårsafta -2014

regnversdag lillejulafta

Det er føremiddag i heimen. Dei to sprekaste, og det er ikkje meg, har vore ute og jogga i regnet. I stova svingar det frå CD-spelaren: «In the summertime». Sunniva står på kjøkkenet og marinerer kylling og nykokt pasta til salaten ho skal ha med på hytteturen sin. Min kjære mann, akkurat nå på sin arbeidspult, skrivande han og, er i ferd med å starta opp vårt nye familieforlag «Sporisand forlag». Det må jo vera ein fin måte å avslutta året på…

At eit år til er gått, er nesten meir enn eg kan fatta, sjølv om det i og for seg har roma ganske mykje, men det er då verkeleg ikkje så mange vekene sidan sist me feira nyttår? Det er ikkje så ofte eg brukar malurt i bloggen min, men for ein gongs skuld tenkte eg me kunne unna oss ei lita klype, og koma med ein liten bekjennelse. Det å feira nyttårsaftan har mange gonger vore ein litt blanda sak for meg. Det er noko med at me blir fortalde at denne eine kvelden, då skal verkeleg det store skje, og så blir forventningane liggjande og dirra på ei notelinje det kan vera vanskeleg å koma opp på. Blir den festen eg steller i stand så vidundereleg som folk forventar at ein nyttårsfest skal vera? Heldigvis har eg etterkvart landa på at alle kveldar, denne inkludert, består av halvtimar og kvarter som i seg sjølv kan vera overraskande, trygt rutinemessige, visunderlege, vanskelege eller kvardagslege. Det siste er ikkje det dummaste, men då skal det seiast at for meg er dei fleste kvardagar fulle av små overraskingar.

Så er eg inne i mitt femtande og siste år som tenåringsmor, og eg skal jo innrømma at det i førekant ofte har bekymra meg litt at eg har hatt ein gjeng tenåringar som skal feira nyttårsaftan, og fantasien har ofte teke meg til dei store høgder og djupe djup med tanke på kva tenåringsbarn kan koma til å råka ut for på nyttårsafta når ein er ute og jagar det fantastiske. At det denne kvelden tradisjonelt har vore ein grenselaust fri flyt av artiklar som kan eksplodera i hender og auge, har ikkje vore eit pluss for fantasien. Nå høyrer det vel med til historien at alle til nå, så vidt eg veit, har klart å ta vare på seg sjølv den siste kvelden i året. Likevel må eg innrømma at det har falt ein slags fred over meg når eg høyrer sistemann koma inn utgangsdøra nede ein gong utpå morgonen, og eg kan sovna letta og lukkeleg med vissa om at nå kjem kvardagane i lange rekkjer uendeleg langt borte frå marsipan og delfiakaker, og med rugsprø i staden for julekaker.

Og nå i mitt altså femtande og siste år som tenåringsmor, er eg rimeleg sikker på at alle tek like godt vare på seg sjølv som på ein vanleg helgekveld, og eg har ikkje tenkt å venta på nokon før eg somnar. Eg skal på nyttårsfest til gode venner, og trur at det kjem til å bli ein veldig hyggeleg kveld. Og i morgon begynner eit nytt år, i alle fall på papiret, sjølv om det som alltid eigentleg bare er kvarter og halvtimar som kjem i lange rekkjer. Eg har og teke med meg Per Fugelli sine tankar om denne merkelege vanen vår å la nyttårsløfta våre gjelda eigen kropp: Meir trim, mindre røyk og færre kilo. Han utfordrar oss til å løfta blikket litt. Og det skal me kanskje gjera.

Måtte det nye året verta oss vennleg, og måtte me bruka det godt. Ei skål for alle festbremser der ute, inkludert meg sjølv, og for alle dei andre av oss. Nå skal me ut og glitra på kvar vår måte medan me tek i mot tida, kvarter for kvarter, halvtime for halvtime. For heilag vere livet! Bruk dei siste timane av 2013 til noko fint, og ta godt i mot alle halvtimane som koma skal etter midnatt og.

Heidi

PS: Pass godt på auge og fingrar…

Fedrene kneler for sine fedre.
evig eies det du legger bak deg.

Disie dager mot kjølige netter.
Sår samler lyspartikler.

Du er den andre for deg selv.
I din sønns ansikt.

Freddy O Fjellheim (Ljåens svarte blomst)Amishmann med hest

Sjette dag jul

image

Eg må jo få vist fram litt av julekrubba mi før eg ryddar ho vekk. Eg har kjøpt litt kvart år dei siste fire åra eller noko slikt, og så har eg spedd på med andre figurar. Figurane til krubba er laga av ei dansk dame, dei er humoristiske på ein måte eg likar. Eg synest absolutt at humor høyrer heime i ei julekrubbe så vel som på alle andre område i livet…

image

image

Dagen i dag har føya seg inn i rekkja av fine og veldig sosiale romjulsdagar med regnet øsande mot rutene og vinden ruskande i husveggene.  Eg og Ingrid og Sunniva har vore og ete god kyllingsuppe somTonje kokte til oss, og fått sagt ha det bra til Borghild som reiste tilbake til Oslo i kveld. Etterpå skunda me oss  heim for å laga i stand til ein liten selskapelegheit i heimen. Me fekk besøk av Anne Mette, Jan Atle og Torje. Det var veldig koseleg, og alle ungane våre bortsett frå Odd Christian kom for å vera saman med oss. Noko av det koselege med desse romslege dagane mellom jul og nyttår er å få litt tid saman med dei me får for lite tid til i dagleglivet.

Og etter at gjestene hadde reist, var det framleis att litt av kvelden.

image

imageTil lesing og speling eller som me to eldste, til å sjå litt fjernsyn. I juleferien har me sett på ein serie frå net-flix, «Carnivale», ei merkeleg forteljing om eit omreisande tivoli. Persongalleriet er merkeleg og handlinga endå merkelegare. Det skjer mykje som høyrer meir heime i eventyr enn i verkelegheita, og ein del er litt uhyggeleg. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg meiner om serien bortsett frå at det frodige persongalleriet appellerer veldig til meg. Og sidan me blir sitjande kveld etter kveld, må det jo vera noko i handlinga som fenger meg.

Og neste år skal eg berekna julematen betre. Kvar dag må me kasta mat som er blitt for gammal: Moltekrem, pinnekjøt,eggerøre, røykelaks… Eg kan ikkje fordra å kasta mat, men me får rett og slett ikkje ete opp etterkvart. Det merkest at det ikkje er så mange fastbuande i huset vårt som det har pleidd å vera…

Dagens lyrikar heiter forresten Else Fischer og er viss eigentleg dansk krimforfattar. Boka kom ut i 1976, og eg kjøpte i ei billigkorg i Danmark i 1981 då eg gjekk på lærarskulen og var på jentetur. Boka heiter «mens verden langsomt ændres» og er i følge påskriften på tittelbladet  «En borgerlig piges famlende forsøg på å finde ud af tilværelsen…»

Vinter

grå dæmringer
mørke
sneslud
og lyden af brændingen fra havet.

Else Fischer

En smuk gylden tone
Livet er en smuk gylden tone
en node
klipper man noget af noden
lyder tonen anderledes.

Else Fischer

Det siste diktet hugsar eg faktisk veldig godt frå eg las det i 1981, men eg hadde gløymt kor eg hadde det frå. Denne lyrikkvandringa er til glede for meg sjølv. Eg håpar nokre av dei andre lesarane og får seg ei og anna oppleving av alle orda sette saman til dikt.

Heidi

Femte dag jul

image

Ei av dei barnslege tinga ved meg er at eg kan falla for ting som dette, eit slikt englespel som går rundt og rundt i varmen frå eit telys. Eg kjøpte fire stykker som eg brukte som julepresangar, og i går i byen kjende eg at eg måtte kjøpa eit til meg sjølv og. Eg har nemleg alltid hatt litt lyst på eit slikt eit…

I dag har eg fått jobba ein heil del med forestilling eg skal bli ferdig med i løpet av jula, så det begynner å kjennast overkomeleg å koma i mål med det. Sunniva har hatt besøk av Camilla som var sjefen hennar i Bolivia, og to venninner som skal til Bolivia nå etter jul. Me har og hatt koseleg kaffibesøk av Jan og Bjørg. Veret var ganske fint, og eg rakk akkurat å koma meg ut og gå ein tur før mørket og regnet kom. Etterpå åt eg grøt saman med Sunniva og prøvetende englemobilen på biletet. Ute lyser det frå ulike typar julestjerner i vindauga. Det er koseleg.

image

Dei siste dagane har eg fått fleire hyggelege tilbakemeldingar frå folk som har fått diktboka mi til jul. Det gleder meg stort. Eg har og fått eit spørsmål om å opptre. Det har eg lyst til, eg må bare sjekka avtaleboka mi. Avtaleboka etter jul er eit ukjend landskap. Eg veit det står ting der som eg ikkje har begynt å tenkja på endå, eg må trekkja linjer og sjå om eg har fått skrive opp alt som burde stå der. Eg kvir meg i grunnen litt for å måtta begynna med streng oppmåling av tidslandskap att, det er så deilig å bare flyta omkring og ikkje heilt vita kva dagane har å bringa.

Evelyn ungSunniva hadde dette fine biletet av farmor si på instagram i dag. På dette bildet er vel kanskje svigermor omtrent på same alder som Ingrid er nå? Eller kanskje ho ikkje er eldre enn Sunniva. Ho hadde ein eigen god utstråling som det til og med går an å sjå på gamle fotografi. Heldige meg som var i ein situasjon der problematiske svigermødrer bare er noko ein les om i teikneseriar og sånn.

Sunniva fhs
Eg synest forresten at Sunniva er ganske lik på farmor si medan Ingrid er veldig lik mormora. Ingen av barna mine liknar spesielt mykje på meg, men det ser jo ut som om slikt kan hoppa over ein generasjon… Me får unna oss eit dikt til slutt sidan det er jul… Så skal eg avslutta arbeidsdagen min framfor skjermen og rett og slett parkera i sofaen med eit handarbeid og ein film…

Eg sit her og blar i ils Ferlins samlade. Etterkvart som han blir eldre, ser eg at han skriv mange triste dikt, men i kveld skal me velgja oss eit vemodig vakkert kjærleiksdikt..

I folkviseton

Kärleken kommer, och kärleken går,
ingen
kan tyda dens lagar.
Men dej vill jag fölgja i vinter och vår
och alla min levnads dagar.

Kärleken är så förunderlig stark,
kuvast av intet i världen.
Rosor slår ut av den hårdaste mark
som sol over mörka färden.

Mitt hjärta är ditt,
ditt hjärta är mitt,
och aldrig jag lämnar det åter.
Min lycka är din,
din lycka är min,
och gråten er min när du gråter.

Nils Ferlin

Ta godt vare på kvarandre, og bruk den siste dagen i året godt 🙂

Heidi

Fjerde dag jul -2013

image

Programmet har vore fullt av gilde ting. Først reiste eg og jentene til Stavanger i høljeregn. Eg kjøpte meg ny regnkåpe sidan tweedkåpe var veldig lite tingen i dag. Me åt deilig lunsj på Sting og vandra litt omkring i gater og butikker. Eg har det godt når eg er saman med døtrene mine og dei har det bra. Eg lurte på ein ting i dag. Eg møtte eit menneske eg ikkje kjenner, men det låg som ein aura rundt henne at ho ikkje hadde det godt.  Livet ville det slik at me var ganske nær einannan fleire gonger, og me veksla blikk eit par gonger. Eg trur ho såg at eg kjende at ho ikkje hadde det bra, og eg prøvde å seia noko oppmuntrande med blikket. Det eg lurte på var; Kva er det eigentleg OK å gjera i sånne situasjonar? Gje eit framand menneske ein klem fordi det plutseleg kjennest rett? Gje eit klapp på skulderen eller eit raskt strok over armen i det ein går forbi. Gå bort og seia nokre velvalde ord før ein forsvinn att? Handla som eg gjorde, prøva å seia noko med blikket og elles gjera som ein vanlegvis gjer når ein passerer ein ukjend? Reint bortsett frå at eg er sjeleglad for å sleppa å bruka uniform, så tenkjer eg at det av og til kunne vore ok å gå med frelsesarméuniform eller rundsnipp, for å symbolisera at ein bryr seg og er tilsnakkandes, liksom.

Etter byturen åt me salat og drakk kaffi heime hoa Laila og Olav, der me alltid blir varmt mottekne. Det øverste biletet er frå borddekorasjonen heime hos dei.

konsert Silje Sandanger

I kveld slo eg meg saman med ungdomen. Eg, SUnniva og Irene reiste på romjulskonsert i Nærbø kyrkje med Silje Sandangar og mange utruleg flinke musikarar som Sunniva og Irene kjende frå åra på Vågen. Det var veldig fint.

Dagens Ferlin:

Jag mötte

Jag mötte en syster i natten,
hennes ögon blänkte som gråt.
Genom smutsen, skränet och skratten,
mot gryningen följdes vi åt.

Det var väl en dröm allenast,
en dikt som strök mig förbi-
Jag glömde den nästan genast,
minns bara dens melodi.

Nils Ferlin

Heidi

Jag vet inte vad

juletreengel

Eg feirer feriefridomen med å sitera endå eit veldig vakkert NIls Ferlin-dikt. Det er lett å kjenna seg att i det han skriv.

Jag vet inte vad…

Det är som jag skulle ha glömt någonting,
någonting, men jag vet inte vad-?
Och jag vandrar så underleg tveksamt kring,
genom vårgrönt och fallande blad..

Det är som jag skulle ha drömt någonting,
Någonting som er mera än jag,-
Men jag vet inte alls och vad talar väl för
att jag kommer i håg det en dag?

Nils Ferlin

Sånn kjennest det av og til…

Heidi

Bilde

Fredag i romjula 2013

imageSå er det ein slags behageleg form for kvardag med fri frå jobb og juletre og julestjerner og masse kjekt som skjer. Det er fint. Sunniva er ute og et lunsj med ei venninne, Halvard ligg på sofaen og ser film, og far i huset varmar seg restar av pinnekjøt påsteikjepanna. Ute stormar det, og skyene siglar med rekordfart forbi vindauget på arbeidsromet. Snart skal me eta romjulsmiddag hos Torhild og Per Magne. Det blir koseleg. Eg har fått ordna her på arbeidsromet som vart ståande som katastrofeområde under jula. Her var det blitt produsert julgavar, pakka inn preangar og stua vekk ting, og eg rakk ikkje å rydda før jul. Eg hadde tenkt å skriva litt på tiandeklasseforestillinga, men det er jo framleis juleferie, så det fekk bli litt lystskriving først.

Eg fekk heimelaga musikk av Halvard til jul, som eg vil laga tekst ti. Eg trur eg vil laga ei sanglinje som er litt enklare enn melodilinja i melodien, for der er det litt snirklar og triller. Teksten har begynt å sviva så smått i tankane mine, men før eg kjem vidare, treng eg ei lydfil, og det har eg blitt lova. Det blir litt jazza, eg kan leggja det ut her når eg er ferdig

På vesle julafta ringde dei frå bokhandelen og trong fleire eksemplar av boka mi. Veldig kjekt. Nå trur eg me er i null sånn reint økonomisk, og då er me i grunnen ganske fornødge så langt. Det er utruleg kjekt å laga bøker, men eg skal ikkje påstå at eg trivst med forretningsdelen av det heile. Det er godt at nokon eg kjenner har meir talent for slike ting enn eg har sjølv.

Her på bloggen ynskjer eg velkomen ein ny gjestelyriker : Nils Ferlin, ein av dei store svenske lyrikarane gjennom tidene. Han vart fødd i 1898, og døydde i 1961. Eg er veldig glad i mykje av det han har skrive. Dette diktet om «livets villervalla» seier ganske mykje. For spesielt interesserte kan eg nemna at ordet «villervalla» var eit ord han laga i anledning av dette diktet.

I livets villervalla

I livets villervalla
vi gå på skilda håll
Vi mötas och vi spela
vår roll-

Vi dölja våra tankar
vi dölja våra sår
och vårt hjärta som bankar
och slår.

Vi haka våra skyltar
var morgon på vår grind
och prata om väder
och vind-

I livets villervalla
så nära vi gå-
men så fjärran från varandra
ändå

Nils Ferlin

Han skal få meir plass jer seinare. Akkurat dette diktet står så godt aleine.

Heidi

Annan dag jul 2013

image

Etter lange rekkjer med travle dagar, så var ikkje dette det dummaste ein kunne ta seg til på andre juledag. For første dagen på lenge så regna det ikkje, så eg måtte ut ein tur og gå litt.

image

imageSlik kan det sjå ut på våre kantar ein desemberdag klokka kvart over tre. Typisk jærsk vinter er like gjerne grøngul og grå som han er kvit. Vakkert er det likevel om ein har blikk for det og ikkje forventar seg noko heilt anna. Huset vart berika med fleire bøker om «Street-photofraphing» på julafta. På godt norsk det å fotografera ukjende på gata. Ein fotograf eg kjenner godt er veldig god på akkurat det, og eg liker slike bilete. Likevel ser eg eit etisk dilemma i å fotografera folk som ikkje har noko som helst ønske om å bli fortograferte… Ein fotograf hadde fotografert folk som åt på gata, ein annan folk som bar på rare ting, ein tredje hadde laga ein fotoserie av ansikt han hadde fotografert på T-banen. Ansikta var vakre og fortalde historiar. Om dei som eigde ansikta sette pris på å låna dei ut på den måten, veit eg ikkje. Eg har høyrt nokon meina at bilete av ukjende menneske er heilt uinteressante. Det er eg ueinig i. Bilete av ukjende menneske er veldig interessante. I alle fall dersom det er gode bilete. Gatefotografering fortel mykje om det å vera menneske og i tillegg fortel dei ein heil del om byen dei er tekne i og om tida dei er tekne i.

imageEg måtte innom Ingrid for å beundra nye tak i den nye heimen. Ho hadde til og med fått fuglenek. Det har ikkje me…

imageI denne stova budde eg då eg var barn. Koseleg utsikt!

imageOg kjøkkenet er blitt fint. Her med ein spelande gjest for anledningen. Ingrid sitt duebilete er kome på plass på veggen.

imageOg framleis er det grus og ikkje snø som er i bakken utanfor huset. Korleis det blir seinare i vinter, vil bare tida visa. Nå trur eg forresten det er på tide å fortsetja lyrikkserien som har hatt litt tronge kår i julestria. Eg held fram der eg slapp, med Kolbein Falkeid.

Diktet ditt

har gjemt seg på baksida av månen.
Og månen, vet du,
Har bunden rotasjon.
Snur ikke ryggen til noen.

Kjekk kar sånn.

Kolbein Falkeid

Og det som nå står for tur å ynskja dei som les her, er ei riktig triveleg romjul

Heidi

Første dag jul 2013

image

I føremiddag tok eg av den mønstra røde juleduken og la på ein himmelblå i staden. Eg hadde lyst til å bruka den store lysestaken der juletrelysa står tett i tett. Eg fekk han til jul av svigerinne Astrid, eller var det Eva Mari for ganske mange år sidan, og nå hadde eg hugsa å kjøpa inn jueltrelys. Føremiddagen gjekk med til å ordna og setja fram masse julemat, ribbe, karbonadar, røykjelaks, ost, kjeks, flatbrød, eggerøre, flatbrød, lefser, krumkaker, multekrem, risbollar, peparkaker, varme rundstykke, julegeiter, aniskringler… og jammen trur eg heilt at me gløymde å setja fram silda. Sjokolade, frukt, eplemost, brus, rabarbrasaft, julekaffi… Og så kom mor med fleire lefser, May Brit med potetsalat og rekesalat og Jensi med heimelaga vørterbrød. Me kunne nesten ha konkurrert med selskapa på Katthult… I utgangspunktet var me ti til bords, og akkurat så mange får me plass til rundt spisebordet. Etterkvart ramla det inn fire gjester til, og endå fleire var inviterte. Eg trur me kunne ha invitert fire gonger så mykje gjester og framleis hatt mat att, for eg hadde følelsen av at eg rydda vekk nesten like mykje mat som eg sette fram. Det er fint å samla mange menneske, og det blir ikkje så ofte me gjer det lenger. Me var flinkare til å invitera då ungane var små. Ute har det vore ein slik dag som aldri har blitt heilt lys, så det var ein god dag å vera inne på.

imageDet er spesielt å pakka fram deler av svigermor sin julepynt saman med vår eigen. Det er trist at tre av dei me pleidde å vera i lag med i jula og romjula ikkje er her lenger. Dei forsvann nesten samtidig, alle tre var gamle og hadde levd lange liv, men det er vemodig likevel. I går hadde me juleserviettar frå ei av svigermor sine skuffer. Eg trur ho hadde gøymt på dei lenge, for dei var av sånt srpøtt glatt papir som serviettane ofte var laga av for førti år sidan. Den stjerneforma julebrikka over er handbrodert og i serien med nisselysestaken er det ov to blå skåler med nisseskeier som ein kan ha til riskrem eller til mandlar og rosiner til gløggen.

image

Denne handbroderte juleduken låg alltid på det runde bordet i stova i Bærum i jula  med store fat med frukt, konfekt, fiken, nøter og dadler på. Eg veit ikkje om det er ho sjølv som har brodert eller om ho har fått han av nokon. Det er rart med desse tinga ein finn fram kvar jul. Ein får eit nokså sentimentalt forhold til dei. Då me rydda julepynten i dødsboet var det ikkje lett å kasta små lam med tre fyrstikkbein, gamle skrantne flettekorger i glanspapir og vattkuler med glitter på frå krigsåra… Om noko vart kasta i det heile tatt veit eg ikkje. Eg høyrde ein historie som blir påstått å vera sann, om ein familie som ende opp med å trenga advokathjelp når julepynten etter foreldra skulle fordelast, dette på trass av at dei var kome relativt heilskinna ut av deling av sølvtøy, møblar og gamle bøker… Og i tilfelle nokon i svigerfamilien min skulle lura i desse dagar på kor juleduken er blitt av, han ligg her hos oss, på bordet i den blå stova på loftet…

image

Etter å ha rydda etter selskapet, var endeleg tida komen for å pusta litt roleg. Eg la meg på sofaen framfor fjernsynet med ei bok eg hadde fått til jul, men klarte rett og slett ikkje å halda meg vaken. Nå trur eg det blir nokre rolege dagar, og det skal bli fint. Eg har eit ganske stort skriveprosjekt å fullføra, men andre juledag har eg tenkt å ta meg heilt fri. På julafta vart me sitjande og spela brettspel i timesvis etter middagen og julegavane. Det var kjempekjekt og veldig avstressande. Så viss ungane mine les dette: Skal me spela meir i morgon eller ein dag i romjula?

Ha ei framleis god jul
Heidi

 

.

 

Luke 24- Julafta -2013

julletre 2013

Ein innhaldsrik dag har gått inn for landing, og eg unnar meg sjølv å bli sitjande litt for å skriva nå når freden legg seg i og over huset. Eg trudde det skulle kjennast roleg og avslappa å vera bare oss sju som høyrer huset til på julekvelden, men jammen vart det ganske travelt like vel. Det var første gong me skulle laga til pinnekjøt, og eg trur me vatna det litt for godt ut eller kokte det i litt for mykje vatn, for det vart mindre kraftig i smak enn eg er van med. Ikkje alle ungane er glade i pinnekjøt, så me dreiv og organiserte dobbel meny. Med julegraut midt på dagen, var det bare så vidt me klarte oss reint grytemessig, og det var ein kunst å få all maten til å bli ferdig samtidig. Ingrid hadde påtatt seg å ta ansvaret for desserten, og kom med veldig god riskrem i ei stor skål.

For første gongen gjekk me til den seine gudstenesten, den som begynner klokka fem. Tidlegare har me alltid vore på dei litt meir kaotiske barnegudstenestene, men i år hadde me god tid sidan me skulle vera bare oss. Dette vart ein rolegare form for julegudstenste med vakker song frå Hilde Selvikvåg. Det som gjorde mest inntrykk på meg elles i gudstenesta var nok då me song eitt og eitt vers av «Solbarn, jordbarn» med bøn mellom versa som forgjekk slik at presten snudde seg mot sør, mot vest, mot nord og mot aust og bad for både barna og dei vaksne som budde der og dei utfordringane dei lever med. På julafta passar det godt å gje kollekten til Kirkens nødhjelp og minna oss om at nokon treng pengane våre endå meir enn me gjer sjølve.

Hør oss,
møt oss,
stjernebarn stig ned,
så jordens folk i alle land
finner julens fred.

image

 

Det vart ein veldig koseleg kveld, og gavane var mange og fulle av omtanke. Eg hadde ynskja meg noko frå Bolivia som var knytta til kyrkjeliv på ein eller annan måte, og mellom fleire fine bolivianske presangar frå Sunniva, fekk eg denne fine julekrybba som har fått plass på pianoet.

image

Den aller sjeldnaste gaven fekk eg frå Halvard. Han hadde komponert musikk til meg med tittelen Beauté de l`abstrait. Eg er utfordra til å laga tekst til melodien, og det tek eg som ei utfordring. Me er einige om at stemninga i musikken er bittersøt.  Det eg må finna ut er korleis songteksten skal gå. Skal songen fylgja melodilinjene eller skal melodien vera komp til ei forenkla vokallinje? Eg kan ikkje musikkspråket, så eg uttrykkjer meg i beste fall kronglete.

imageI morgon har me invitert resten av storfamilien klokka to, og timane før det må nok brukast til litt fiksing og ordning, så når klokka nærmar seg halv tre er det vel på tide å ta kvelden. Sunniva og eg har gått på same døgnrytmen nokre dagar sidan ho er litt døgnvill etter latinamerika, men i kveld har ho rett og slett lagt seg før meg. God natt frå her og gledeleg jul. Det er visstnok det ein helsar med etter skikk og bruk når ein er midt i julehøgtida, meiner eg å ha høyrt ein eller annan plass…

Heidi

Luke 23 -2013

Sunniva i regn lille julafta

Her i Rogaland har me hatt regn i dag, og utpå kvelden drog det seg til med storm i tillegg. Det bles så pass at det kvein i veggene og rista i rutene. Dei som var ute og kjørde sa at vinden tok gode tak i bilen på slettene. Eg og Sunniva kom oss likevel inn til Stavanger, og fotografen min slo følge for å fotografera byen i regn på «litla julaftå». Det var eit ganske høgt tempo, og mange menneske som på same måten som oss hadde nokre » i siste-liten-ærend som det hasta med». Me hadde likevel ein koseleg føremiddag i lag. Me hadde planar om å eta lunsj på einn kafé sidan me var i byen og det var nesten jul, men det var ikkje heilt lett å finna eit ledig kafébord. Til slutt fann me likevel ein liten italiensk kafé der det var plass til oss, og me koste oss med ciabatabrød med kylling og pesto og med tomat og mozarella. Eg har tenkt i mange veker på ein song eg har lyst til å skriva «Julekveld i regn», eg har handlinga i hovudet, men har ikkje hatt tid til å skriva han endå.

jul i regn. indiska

Det var godt å koma inn i eit tørt hus, og å fyra i omnen og få opp god varme. Eg har brukt ettermiddagen til å gjera ferdig heimelaga gavar, pakka inn gavar og laga kjøttkaker. Eldsteguten har «kome heim på juleferie», det er koseleg. Arne og Hilde stakk innom i ruskeveret og drakk te saman med oss. Dei andre har spelt trivial pursuit medan eg har pleia rollen som travelt damemenneske kvelden før kvelden. Eg ler litt av desse rituala me liksom må igjennom før me synest det blir jul, og i det eg skriv kjem eg på at eg gløymde å kjøpa sølvpuss. Det er sikkert like greitt, og å vaska vindu i regnver og storm ville då vera reine galskapen.

Eg var innom kyrkja og rydda med meg eit halvt flyttelass etter adventgudstenesten vår. Mellom anna fann eg ein stor pose med batteridrivne Lucialys og kvite skjorter. Eg pirka møysommeleg ut eit og eit batteri av lysa, for det hadde nokon sagt at eg måtte gjera, og eg har plassert dei på skulen. Vel heime fekk eg den smånevrotiske tanken at eg kan ha teke ein pose som ikkje er vår, som nokon hadde plassert der i anledning ein lysprosesjon på julafta. Eg grøsser ved tanken og sender ut melding til kolleger, for visst var det ein svart pose som stod i gangen nede som var vår?

Framleis må forskjellig ordnast, så eg stoppar med dette. Snart er det god jul på skikkeleg.

Heidi