I går morges var eg innom yr.no bare for å forsikra meg om at sola framleis skulle skina over vår del av Tyskland. Det viste seg at det skulle ho ikkje. Dei melde at om eit par timar skulle det begynna å regna, og så skulle det regna til me skulle heim att. Det viste seg å vera ganske presist anmeld regn. Dette var dagen for slott og slikt, hadde me bestemt. For å koma dit tok me toget til Potsdam, som er som ein by utanfor byen. Det var der tyske keisarar valde å bygga slotta sine, så der kunne ein bruka fleire dagae på slott om ein ville. Medan me sat på toget, begynte det å regna. I optimisme er alt som heiter regnklede og paraplyar lagt att heime, me fann ut at vart det alt for gale fekk me kjøpa oss ein tysk paraply.
Då me gjekk av toget fann me ut at me måtte ta trikken ned til sjølve byen. I trikkekøen var det ein lettare berusa mann som inviterte folk til å klappa pelslua han hadde på hovudet, ei ung jente klappa venleg på lua og sa at det var akkurat som å klappa hunden hennar. Reisefølget mitt bad meg forsiktig om å ikkje innleia ein lengre samtale med denne mannen om eg kunne unngå det. Eg var for så vidt klar til å klappa pelslua, såpass kan ein då strekkja seg til om det måtte gleda eigaren, men eg blei aldri spurt, så eg slapp unna.
I køen var det og ein ung gut med masse piercingar i ansiktet og med høghælte sko. Han var blant dei menneska ein alltid får lyst til å gi ein klem fordi dei ser ut til å ha ekstraordinær tynn hud å beskytta seg med. Guten bar på ei handveske og eit lite reisebur, han stod på sida av ein eldre og litt meir robust gut, som eg gjekk ut i frå var kjærasten hans.
Dei to sette seg to seter framfor oss på bussen. Mellom oss sat det to heilt unge jenter. Den eine jenta teikna eit stort hjarte i doggen på bussvindauget. Så dunka ho guten med dei høghælte skorne i skuldera. Då han snudde seg, såg ho spørjande på han og peika på hjartet. Eg lurte på kva som kom til å skje nå. Guten lyste opp i eit stort sjenert smil. «Genau,» sa han. «Genau so ist es!» Han strauk vennen sin over håret før han sette ein tåpeleg liten sykkelhjelm på det same hovudet og snudde seg til jentene att. Jenta smilte tilbake. Ho teikna ei pil gjennom hjartet i doggen og venger på begge sidene av det. Begge lo. Guten opna det vesle reiseburet sitt i plast og tok ut ein liten dveghamsterunge som dei to jentene fekk lov å halda og klappa. Dei pludra begeistra med det vesle dyret. Så tok guten fram handveska si. Det viste seg at oppi veska, mellom tøyfiller og avispapir levde det to små kvite myser. Desse fekk og koma fram og helsa på jentene.
Så begynte guten å fortelja om korleis det var når han pierca leppa og augenbrynet. «Dette var verst,» sa han, på tysk sjølvsagt, og bretta opp nasevengene sine. Det viste seg at han hadde ein piercing gjennom naseveggen, så langt opp at det ikkje var mogleg å sjå han frå utsida. «Då eg sette den, grein eg som ein gal, tårene bare silte.» «Ja, det er klart du gjorde,» sa den eine jenta. Det går nokre nerver der som berører tårekanalane direkte.
Så var trikken framme i sentrum, og både me og jentene skulle av. Det regna ikkje så mykje nå lenger, og me fann oss ein Thairestaurant det me kunne sitja under ei markise å eta. Det var så varmt ute at det eigentleg var litt deilig med det varme regnet, men det er jo upraktisk å bli våt. Reisefølgjet mitt spurde ein hyggeleg mann, som sat der og åt frityrsteikt kylling på spyd, kva han ville anbefala oss å sjå i Potsdam. Han svarte at dei fleste kom jo dit for å sjå på slotta, men personleg ville han anbefala det hollandske kvarteret som låg bare eit par kvartal unna. Mannen kunne ikkje visa oss på kartet vårt, fordi han fortalde at han bare sat der og åt grillspyd medan han venta på brillene som var inne hos optikaren like ved. Me sa at me fann nok fram likevel.
Avslutningsvis lurte me på om me kunne eta dei sterkt rosa orkideane som var ein del av salaten vår, eller om dei var bare til pynt. Sidan me i grunnen aldri ville tenkt på å eta orkideane av same farge av orkideplanten vår heime på kjøkkenet, så lot me det vera.
Det hollandske kvartalet var vakkert med små restauranter, gavebutikkar, pannekakehus, keramikkverkstad og hollandske murhus. Etterpå kom me til endå fleire veldig koselege bygater. Potsdam var ikkje som ein del av storbyen Berlin, men som ein hyggeleg småby som kan anbefalast andre reisande. Eg gjorde eit forsøk på å kjøpa sko, men dei einaste som ikkje gjorde vondt på vannblemmene og gnagsåra kosta 800 kroner og såg ut til å vera dessigna for damer på 75+ så eg lot det vera. Til slutt fann me parken til det eine slottet, «Sansoucci.» Det var eit fantastisk parkanlegg med blomsterbed i engelsk stil, planter bak glasdører og ei lang trapp i pagodeform som gjekk opp til slottet på ei høgde. Akkurat då me kom inn inngangsdøra fekk me vita at det var stengetid både der og på dei andre slotta. Slotta i Potsdam får me ha til gode, men me var i grunnen godt fornøgde likevel. Me vart sitjande under ein søylegang i romersk stil og kikka på parken og slottet, fordi det regna så mykje at me ikkje orka å gå der i frå.
På toget heim frå Potsdam var det ganske varmt. Ein søt ung gut tilbaud seg å opna vindauga, og det syntest dei andre i vogna bare var fint. Det viste seg at vindauga ikkje lot seg opna utan ein heilt spesiell nøkkel, men guten trakk ein embraconøkkel opp frå lomma og opna det likevel. Ganske frimodig, men alle var fornøgde.
Etterpå fann me igjen solbrillene som kjærasten min mista på utekinoen dagen før, og det vart seint på kveld før me kom på at me hadde tenkt å eta middag. Me fann ein hyggeleg plass der det kom inn ein mann som selde aviser. Av alle ting vart eg sitjande og snufsa over tre tyske nekrologar. Det var små biografier over avdøde, ikkje som i Norge ei oppramsing av kva dei hadde gjort. Det var Hertha som hadde mista ein baby, sendt mannen i krig og krigsfangenskap, mannen hadde forlatt henne i barnedåpen til den yngste til fordel for ei elskerinne og ho hadde jobba helsa av seg for å halda liv i familien. Som gammal dame hadde ho budd hos dottera og brukt all si tid på barnebarna. Det var mannen som hadde havna i austtyskland og som likte å skjera ut figurar i tre, og det var den framgangsrike mannen som var litt eldre enn oss som hadde førtidspensjonert seg for å sjå verda før han vart gammal, hadde vore på sykkeltur med kona og blitt smitta av svineinfluensa, gått inn i eit lengre sjukeleie og nå var død.
Nå kallar dei levande. kjærasten min har dekka til sein frokost på verandaen. Eg får la meg riva laus.
Heidi
Eg begynner verkeleg å lika denne leiligheita. Førsteinntrykket var at det var litt småshabby her med uendeleg mange trappetrinn opp, og med så skeive golv at ein vart svimmel, og i tillegg store sprekker i det sjakkruta golvbelegget på kjøkkenet. Nå har eg begynt å lika det. Eg har ikkje lenger ei kjensle av å måtta passa meg for kor eg trør… Men golvet knirkar forferdeleg nokre plassar. Kanskje det derfor fleire av brukarane her skriv i gjesteboka at naboen rett under har banka i taket sitt og skjelt dei ut for bråk når dei treffest i trappa? Det blir litt komisk i mine øyre så lenge dei startar ein kompressor utanfor på gata klokka åtte om morgonen og syng og spelar gitar på gata til halv to. Sjølv har eg høg toleranseterskel for bråk og lever heilt greitt med begge deler. Akkurat nå har kompressoren teke pause, og i staden susar det ein ambulanse med sirene forbi.
Men tilbake til naboen under. Minst to gonger har ho hengd handskrivne lappar på døra til dei som bur her med blant anna denne påskrifta: Please don`t walk like elephants on the floor… Ho eine som hadde fått lappen, skriv fortvila at ho veg under femti kilo, stort sett ikkje har vore inne i det heile tatt, og forøvrig aldri har høyrt før at ho går tungt. Det er ikkje for ingenting at eg nå tenkjer gjennom ulike sjarmoffensiver eg kan bruka om naboen ringer på døra… Kanskje ho liker presskannekaffi? Eigentleg veit eg ikkje at det er ei ho eingong, eg har bare gått ut i frå det. Interessant i og for seg at eg reknar med at ekstremt vanskelege naboar er damer. Eg har nemleg bare møtt eit eksemplar av rasen i heile mitt liv, og det er ein heilt annan historie som ikkje høyrer heime her.
Reiseleiaren min, ja han er ein pasjonert reiseleiar og eg er ein pasjonert diltar, er av det spennande slaget. Når eg reiser saman med han dumpar me alltid oppi ting eg garantert ikkje ville funne fram til i lag med andre reisefylgje. Nå er eg vel ikkje fullt så blotta for eigne meiningar som det kunne virka som i desse setningane, men reint tekstmessig så let me det vera slik for å forenkla biletet. Eg merkar på måten eg stadig fell inn i metaspråk at det må vera eit eller anna i veggene her, så lenge ein er i ein forfattarleiligheit så må ein leika litt forfattar.
Sidan me har kjøpt oss femdagarsbillettar me kan bruka på buss, t-bane, tog og trikk, så fann me ut at me måtte kjøra litt buss. Me tok bussen ned til den bydelen som vert kalla «Mitte», altså det ein ofte betraktar som sentrum i Berlin. Her fann me oss ein sushirestaurant, men sidan me til nå ikkje har vågd å eta sushi, så åt me henhaldsvis kokosnøttsuppe med scampi og risnudlar med scampi og marinert kylling i staden. Reiseleiaren min fant fort ut at vår bydel, Kreuzberg, var mykje meir sjarmerande enn sentrum, og eg var ikkje ueining, så me gjekk til næraste U-bahnhof og reiste tilbake igjen.
Der fann me sikkert eit av verdens relativt få homofilimuseum, og der brukte me deler av føremiddagen. Me fann ut at her i Kreuzberg er det så og seia umogleg å visa att i gatebiletet. Her er det alt frå små menn med langt kvitt hår og skjegg med gammaldags rypesekk på ryggen, til menn med cowboyboots, raude lakktights og knallgule cowboyhattar. Det er masse hundar her og endå fleire syklar. Dei fleste hundane får lov til å gå fritt på sida av eigaren, og sånne svarte små hundeposar ser ikkje ut til å ha slått heilt an her…
Om kvelden hadde me bestemt oss for å gå til eit gammalt sjukehus som var omgjort til kunstsenter, for der skulle dei ha utandørs kino klokka ni, og utandørs kino hadde me aldri vore på. Til slutt fann me fram til sjukehuset Bethanien der kreativiteten hadde fått stort spelerom. Gangane var malte i grafittistil i knallsterke fargar og frå taket hang det installasjonar i form av sko som var hengde opp med fiskesen.
Kinoen var i den gamle hagen, og for å koma dit gjekk me gjennom eit kolonihageliknande område med urter, grønsaker og stokkroser. Området minna meg litt om fristaden Christiania, der me sjølvsagt har vore på vandring ved eit anna høve. Inne på kinoområdet så henta folk seg ein gammaldags fluktstol og desse vart sette opp i velordna rekkjer på graset. Det må ha vore mange hundre menneske der. Dei som kunne dette hadde med seg varme klede. tepper, matpakkar og kald og varm drikke. For oss som ikkje kunne det, så var det ein kjosk på området der ein kunne kjøpa seg øl, brus, popcorn og pølser under heile forestillinga. Filmen var heilt nydeleg. Eg trur han var tyrkisk. Tittelen på originalspråket var Bal, eg lurer på om det betyr honning på norsk, og var ei av dei vakraste barndomsskildringane eg har sett. Gå og sjå han om de får sjansen. Heldigvis var han ikkje dubba til tysk, og det var heilt greitt å lesa dei tyske undertekstane.
Filmen vart vist på eit kjempestort lerret som blafra litt i brisen, og dei store trea me sat under slepte blad og frø i hovuda våre. Svaler og flaggermur flaug lågt over plenen, og folk åt, drakk, røykte og koste seg. Ho bak meg hadde til og med ein liten prat i mobiltelefon undervegs. Av og til vart kinosalen opplyste av billykter, og innimellom kom det eit fly som hadde begynt innflyginga til Berlin airport. Etterkvart tendest stjernene i taket.
Eg hadde vore redd me skulle koma til å frysa forferdeleg, sidan me ikkje hadde forstått at det var lurt å ta med teppe og varme jakkar, men det gjekk fint, det vart aldri skikkeleg kaldt, bare litt småkjøleg. Utekino var ei veldig fin oppleving, men truleg ikkje noko som ville fungera heime sidan det ville vera vanskeleg å finna ein kveld som var både varm nok, vindstille nok og mørk nok. Men altså, dagens reisetips: Utekino med tyrkisk film på gamle Bethanien. Snart er det tid for nye eventyr, men først skriva litt.
Heidi
Denne sommaren har vore og skal framleis vera mange reiser og mellomlandingar i heimen innimellom. I går fekk me gjort stova sånn nokonlunde ferdig, og fekk invitert Hanne Lise og Gunnar til koseleg kveldsmat for å feira at stova er bebueleg att.
I dag vende me nasane mot Berlin, der kjærasten min har fått låna ei forfattarleigheit av forlaget sitt. Leiligeheita ligg i Kreuzberg, ein bydel frå gamle Vestberlin der det bur veldig mange tyrkarar. Me bur i eit idyllisk strøk med utsikt til ein kanal frå verandaen vår i femte etasje i eit gammalt hus. Me må inn hovuddøra, gjennom ein bakgard og opp ein oppgang på andre sida. Det er nøyaktig nitti trappetrinn opp og ingen heis, så dette kjem me til å bli sprekare av. Golva er skeive og knirkar når me trør på dei. Dei første ti minutta var eg nesten svimmel og engsteleg for at golvet skulle svikta og eg skulle detta fem etasjar ned, men nå har eg vend meg til det. Verandaen der det akkurat er plass til to stolar og eit lite bord er ein fantastisk plass å sitja og nyta utsikten.
Det var litt overskya med låge kvite cumulusskyer rett over bakken då me landa i Berlin i føremidda, men etterpå har me hatt strålande sol. Det er nydeleg å kjenna sommarvarme på ein norsk kropp, som ikkje har kjend alt for mykje solvarme i sommar.
Sidan me er i lånt forfattarleiligheit så har me tenkt å skriva litt, men i dag har me brukt første dagen til byvandringar. Me har gått så eg er aldeles sårbeint allereie første dagen, så eg angrar litt på at eg bare har med eitt par sko. Rundt kanalen herskar den reine idyllen. Folk sit på muren langs kanalen aleine, i par eller grupper og les bøker, pratar eller røyker. Me har vore på tyrkisk marknad på andre sida av kanalen. Der lukta det likt som det gjorde i Istanbul, og mange av dei same tinga var å få kjøpt. Me hadde lunsj på ein koseleg liten restaurant i ein slags hage. Eg åt karrisuppe kokt på kokosmjølk og eggerøre med røykelaks og sennepssaus, det smakte nydeleg.
I kveld har me vore på bydelsvandring etter ei bok me fann her i leiligheita. Me har vandra i gatene, ete middag på ein fortausrestaurant, menyen min i kveld var tapastallerken medan han som er reisefølget mitt hadde spaghetti med pasta og kylling. Me vandra gjennom ein gammal kyrkjegard der slaktarar, parykkmakarar og murarmeistrar hadde gravmonument så store som hus. Langs kanalen var kveldslivet yrande. Folk tek med seg øl eller vin, kortstokken, gitaren eller middagen sin og set eller legg seg ned i gravet og nyt livet. Kanalvatnet er så skittent at det har same fargen som kakao, men det ser ikkje ut til å plaga nokon. På vatnet er det sightseeingbåtar, gummibåtar og sjørøveskuter. I tillegg til mange tyrkiske damer med og utan hijab, så ser det ut til å vera veldig mange studentar her. Omtrent halvparten av dei me ser i parkar og gater ser ut til å vera på alder med dei eldste barna mine.
På ei bru over kanalen hadde det sosiale kveldslivet verkeleg teke av. Folk sat tett i tett på brua og åt og drakk, det vart spelt gitar og sunge songar, og ein ung mann hadde teke med seg saksofonen sin og reiste seg opp og spelte innsmigrande og svingande for dei som ville høyra på. Me spurte ein av dei som sat der om det var noko spesielt som skjedde der i kveld sidan det var så mange folk samla, han svarte at det var bare noko folk hadde begynt med det å sitja saman på brua om kveldane og nå var det slik kvar kveld. Eg trudde først at brua var stengd for bilar, men så kom det eit par bilar kjørande, det var akkurat plass til dei på utsida av der folk sat med vinflasker, gitarar og barnevogner.
Det merkest at sommaren er gått over til seinsommar og at me er lenger sør enn me er heime, for klokka ti var det blitt ganske mørkt. I løpet av den siste halve timen me gjekk vart det først fløyelsmørkt og så ganske bekmørkt. Me var innom Lidl og kjøpte med oss ost, oliven, spekeskinke, cashewnøtter, druer og egg. Nå har me sitte ute på verandaen med stearinlys og høyrt på nattelydane frå kanalområdet. Nå får tida visa kva me finn på i morgon…
Heidi
På Korsveifestivalen fekk eg høyra biskop Thomas tala to gonger. Biskop Thomas er koptisk biskop i Egypt, der kopterane er ein forfulgt kristen minoritet. Han har opplevd å vera trua på livet, og å måtta trøysta soknebarn som har opplevd å sjå familiemedlemmar bli massakrert. Biskop Thomas er ein liten mann. Han går kledd i lang svart munkekutte med ei slags brodert kyse på hovudet. Han har langt grått skjegg, og først trudde eg han var ein mykje eldre mann enn han viste seg å vera. Han hadde ein utruleg karisma, masse humor, og kanskje dei varmaste auga eg har sett på noko menneske. Etter å ha høyrd på han, måtte eg finna ut meir om kven denne karismatiske personen er, og eg fann ut at han var bare eit par år eldre enn meg, og i tillegg til å vera koptisk munk og biskop har han ei doktorgrad i psykologi og er utdanna veterinær.
I seminarprogrammet stod det fylgjande:
Om å gjengjelde ondt med godt:
«Situasjonen for de kristne i Egypt er ofte vanskelig. Likevel prøver mange, blant an- net inspirert av biskop Thomas, å gjengjelde ondt med godt – å besvare forfølgelse og undertrykkelse med kjærlighet. Situa- sjonen for oss i Norge er svært forskjellig fra den i Egypt. Men kan vi lære noe av dette? Hvordan besvarer man ondt med godt, uten å utslette seg selv – og er det egentlig mulig å elske sine fiender?»
og
Å leve som Jesu etterfølger i Egypt:
«Hva betyr det å leve som Jesu etterfølger i et av de landene i verden hvor kristne blir mest undertrykt? Biskop Thomas avbrøt som ung den akademiske karrieren og flyttet inn i et kloster i den egyptiske ørkenen. Etter kort tid i klosteret fikk han et kall fra Gud om å være biskop i den koptiske kirken. På dette seminaret vil han snakke om situasjonen for de koptiske kristne, om å møte andre med kjærlighet – og om hvordan troens innside henger sammen med troens utside i livet.»
Det viste seg at biskopen ikkje var mest oppteken av å snakka om politikk eller om den politiske situasjonen i Egypt. Han store agenda var å oppfordra til uforbehalden nestekjærleik. Skal ein representera Kristus og Kristi kjærleik til menneska, så kan ein ikkje la ein einaste millimeter av hjartet sitt vera dedikert til hat. Han nekta å sjå på fiendane sine som noko anna enn menneske skapt av Gud, skapt til gode gjerningar, som på grunn av feil opplæring og påverknad gjorde det vonde. I møtet med slike menneske og var det kjærleik ein skulle bera med seg, aldri hat.
Han fortalde om menneske han kjende som bad for mordarane til barna sine og som nekta å kjenna på hat eller hevntankar. Ei av dei hadde sagt. «Eg har allereie mista det mest verdifulle eg har. Hat kan ikkje bringa dei tilbake til livet. Hat kan bare føra til at eg mistar det mest verdifulle eg nå står att med, kjærleiken. Skulle eg gi plass til hatet, ville eg bli heilt øydelagd». Biskop Thomas sa at det å tvihalda på nestekjærleik og langsame prosessar som einaste løysninga på valdelege konfliktar fører med seg mykje tålmod og mykje liding, men at alternativet; å sjølv gripa til hat og vald inneheld minst like mykje liding. Det å halda fast på kjærleiken midt i det vonde, var noko ein måtte trena seg i. Det innebar hard trening, men han erfarte at kjærleiken vann over frykten.
Det han sa gjekk rett til hjartet på meg, og etterpå tok eg meg sjølv i å gå fram til han for å fortelja kor mykje det han kom med hadde gripe meg. Eg ynskte han lukka til i arbeidet og avslutta med «May God bless you and protect you.» Først nokre minutt seinare kom eg til å tenkja på at det kanskje ikkje var mitt oppdrag som eit kvinneleg lekmedlem av den norske kyrkja å velsigna han, men eg vart nå velsigna tilbake. Eg lurde litt på om det eg hadde gjort var som å insistera på å få velsigna paven, men trøysta meg med at eit av poenga han hadde understreka var at for Gud er alle menneske like og like mykje verde. Han fortalde om ei oppleving han hadde hatt der han i det som kanskje hadde vore ein draum og kanskje ein slags visjon hadde fått lov til å låna Gud sine auge og sjå verda gjennom dei, og at det han hadde sett var ein uendeleg kjærleik til alle menneske. Eg tok meg i å tenkja at det kunne sjå ut som om Gud då han ville sei takk for lånet av auga og ville levera dei tilbake i staden sa «Nei bare lån dei så lenge du vil du, biskop Thomas.»
På det siste seminaret hans var eg saman med Astrid og Torun. Me var alle djupt gripne av det han hadde formidla, og snakka oss i mellom om at eit slikt synspunkt var det lett å slutta seg til i fredelege Norge, men at i eit land som Egypt måtte det verkeleg kosta å halda fast på visjonen.
Mindre enn eit døgn seinare, følte me at utfordringane hans var blitt ubehageleg relevante. Me hadde vore på eit seminar om det som i seminarheftet var omtala som :»Kroppens rolle i bønn: Om sammenhengene mellom stress, anspenthet og nærvær. På verkstedet vil kursholderen gjennomgå enkle og rolige øvelser som hjelper oss til å falle til ro og bli mer nærværende i bønnen.»
Ein mann, som var diakonutdanna og hadde jobba mykje med dette emnet, gjekk gjennom avspenningsøvingar han sjølv brukte for å falla til ro og opna seg for bøn. I romet var det varmt og stolane var behagelege. Det var deilig å få ein pause frå regnet ute på teltplassen, og diakonen hadde ein heilt uvanleg roleg og søvndyssande stemme. Først såg eg Astrid sovna i stolen på sida av meg, så duppa eg av sjølv… Då me skulle oppsummera var det ein som spurde korleis ein skulle halda seg vaken gjennom slike øvingar. Kurshaldaren spurte med glimt i auget kor mange som hadde sovna medan han underviste. Me var ganske mange som måtte retta opp handa. Han sa at folk ofte sovna på kursa hans, og det tok han i grunnen som eit kompliment… Ein måte å halda seg vaken på kunne jo vera å gjera øvingane gåande, men elles så kunne ein jo velja å sjå på det som å sovna på Guds fang som eit lite barn som sat på eit trygt fang og sovna i frå det det hadde tenkt å fortelja. Eg bestemte meg for at det å sovna på Guds fang høyrdest ganske trygt og fredeleg ut, og satsa på at litt av kurset hadde eg då fått med meg.
Etterpå vart det tida for å vakna. Då me kom ut av kursromet klokka halv fire var det ei dame som sa at ho hadde fått tekstmelding om eit truleg terrorangrep i Oslo. Forvirra gjekk me bort til ein svensk mann som sat der med laptopen sin. Me fekk lov til å låna pc-en og såg bileta frå eit bomba regjeringskvartal. Vantru vart me ståande der og sjå på stadige oppdateringar. Nokre timar seinare lytta me vantru på meldingane om at ein bevæpna mann skaut rundt seg på AUF- leiren på Utøya. Eg høyrde rykte på eit toalett om at ulukka var mykje større enn det som til nå hadde kome fram. Ei ung jente hadde fått sms om at døde ungdomar låg og flaut langs stranda og at ungdomar hoppa i sjøen for å sleppa unna. Eg bestemte meg for at dette vel ikkje kunne vera sant, eg håpa at det var bare katastroferykte.
Om kvelden var det kveldsgudsteneste i det store teltet der 3000 festivaldeltakarar skreiv bøner, tende lys og gråt i vantru og sorg over det som hadde skjedd med landet vårt. Då me seinare høyrde at ein nordmann var pågripen for ugjerninga kjende eg ei stor lette over at det ikkje såg ut til å vera internasjonal terror. Det ville ha ført med seg endå meir frykt, trur eg. Ikkje minst framandfrykt. Det ville nok ha blitt endå vanskelegare å vera muslim i Norge dersom dette hadde vore kopla til eit muslimsk nettverk.
Neste morgon fekk me vita at rykta frå kvelden før ikkje var overdrivne. Meir enn 80 ungdomar var regelrett massakrerte av ein norsk gjerningsmann som meinte at han var ein slags martyr og hadde ein misjon å utføra. Heldigvis har tonen i det offentlige Norge ikkje vore prega av hevntankar og hattankar. I staden har folk sørga saman med blomar og faklar, og i går såg me både statsministeren, kongen og dronninga gråta på TV i sorg over det som har skjedd.
Klokka tolv i dag hadde eg eitt minutts stillhet på kjøkkenet saman med nesten alle nordmenn i gater, heimar på arbeidsplassar og på offentlege torg og samlingsplassar. I kveld vil me ta del i ein solidaritetsmarsj inne i byen.
Og eg tenkjer at for alle oss som møtte Biskop Thomas i Seljord på torsdag blir orda hans som ein prolog og som ei stor utfordring. Me er kalla til å vera Guds ansikt på jorda. I Guds ansikt er det ikkje plass til hat.
Til slutt i dette innlegget kjenner eg for å understreka at sitata frå Biskop Thomas er etter minnet og etter å ha blitt silt gjennom mine erfaringar og mitt begrepsapparat. Sidan han ikkje snakkar norsk har eg og teke meg den fridomen å sitera han på eit anna språk enn det han snakka til oss på. Om nokon som les dette meiner at eg har teke meg til rette med større tolkingar enn eg har grunnlag for, så vil eg gjerne bli korrigert.
Men møtet med han har gjort noko med meg, og truleg med mange fleire av oss som fekk lov til å møta han. Verda treng heilt openbart folk som torer å leva i den radikale tilliten til det gode som han viste oss eit glimt av.
Heidi