Gå til innhald

I lyset av det gode

Visst finst det gode. At det vonde finst blir oftare poengtert, men når me tenkjer oss om så er det oftare det gode enn det vonde som er synleg. Menneske tek ansvar, menneske viser omsorg, menneske stør menneske.

I dag høyrde eg eit radioprogram som fekk tårene mine til å renna. Det var eit dokumentarprogram der dei intervjua folk som var på hyttene sine i nærleiken av Utøya fredag 22.juli. Det var historier om folk som rodde til Utøya for å hjelpa. Ei kvinne gjekk i land og leitte etter personar ho kunne ta med i båten tilbake. Ho fekk med både skadde og uskadde, og undersøkte døde for å finna ut om det var håp om å berga dei. Ein gut valde å bli igjen fordi han hadde småsøsken på øya han ikkje ville reisa i frå. Denne kvinna fortel at ho eigentleg er ei pyse som aldri ville ha trudd på førehand at ho ville ha våga å gjera noko slikt, men der og då forstod ho at dette måtte ho gjera.

Me fekk høyra om folk som rodde ut i gummibåtar, om ungdomar i sjokk som måtte matast med varm te med teskei, om ullteppe, badehandkle, varm drikke og varme baderom med varmekablar i golvet. Desse menneska viste varme og omsorg for ungdomar dei aldri hadde møtt, og nokre av dei sette sin eigen tryggleik i fare for å kunna vera til hjelp. Ei kvinne på over sytti fortalde at dei sjokkerte ungdomane ho fekk inn på hytta med eitt kjendest like nære som om dei hadde vore barna hennar.

Mennesket har evne og vilje til å visa omsorg, dei aller fleste av oss ville nok ha handla som desse menneska gjorde, likevel rørde forteljingane om det dei hadde gjort meg djupt.

Den danske visesongaren Trille syng i ein song: «Sådan ser jeg ofte striber av lys, ofte striber av varme, som når en hvisken høres bedre enn et råb, ja jeg ser små skibe sejle fulle av håb.»

I dag har eg vore på lunsj hos Ingrid og på kyrkjekveld med Karsten Isachsen. Nå sit eg oppe og ventar på at Halvard skal koma heim. I morgon skal eg ha sundagsskule. Me skulle ha vore to saman, men ho andre har blitt sjuk. Det går vel sikkert bra likevel… Eg er priviligert som med jamne mellomrom får lov til å fortelja små barn forteljingane om det gode… Sjølv om eg alltid blir litt stressa på førehand fordi eg så veldig gjerne vil at det skal bli fint og godt.

Heidi

Onsdagsfri

er ein utmerka ide. Tanken er at det skal vera skrivedagen min, og då skal eg skriva masse. Eg må innrømma at i dag er det blitt lite skriving. Eg var rett og slett så trøytt og sliten at eg kjende mest for å prøva å få henta meg inn. Sidan Ingrid er i praksis og har lange dagar vart det ein spasertur opp til leilegheita deira for å  gå ein luftetur med ein glad og sprettande Oscar. Eg fekk til og med med meg syster som dukka opp på føramiddagsbesøk, og me fekk knapt nok ein regndrope på turen. Nå regnar det som frå bøtter spann og auser, og med tanke på at det er skogtur i morgon med første klasse, så er det jammen bra at eg har støvlar og regnklede hengande på jobb.

Eg har fått nye progressive briller, og etter to og ein halv dag med sterk til lett hovudverk, så kjennest det faktisk ut som om eg har klart å venja meg greitt til å bruka dei. For første gong har eg prøvd meg på nokre litt kraftige innfatningar, før har eg alltid hatt gull- etter bronsefarga metallinnfatningar, så nå spørs det om folk ser meg eller brillene når eg møter dei på gata…

Programmet har vore tett i veka som gjekk. Fredag ettermiddag sette eg meg på toget saman med kjærasten min rett etter jobb. Me drog til Bærum for å få ei helg i lag med foreldra hans før han dreg til Cuba om tre veker. Natt til lørdag vart svigerfar innlagd på sjukehus med smerter i brystet, men det gjekk heldigvis over i likaste laget, og han vart heimsend sundag ettermiddag. Me fekk med oss nokre timar på sjukehuset, og fekk tid saman med svigermor heime hos henne medan me drakk te i dei tynne, tynne porselenskoppane hennar.

Det er mykje eg ville ha skrive om, det kjem nok etterkvart får me tru.

Og eit par klare haustdagar fekk me med oss i samband med helga. Ungane syng så vakkert om hausten på skulen:

***

Krystallklare dager, ja nå er det høst.

Sola står lavt på himmelen i øst.

Bladene gulner på busker og trær.

Nå kan jeg plukke frukter og bær.

Røyksopp og risker og små kantareller.

Rognebær, nøtter og ville moreller.

Sola den gløder på himmelen i øst.

Krystallklare dager, nå er det høst.

Og dei syng så vemodig vakkert at eg blir varm og våt i auga. Men den ekte sørvestlandske hausten er nok betre fanga av salige Obstfelder for lenge, lenge sidan.

En er en og to er to,

vi hopper i vann,

vi triller i sand,

sikk sakk det drypper på tak,

tikk takk det regner i dag…

I dag ville bestemor ha vore 108 år om ho hadde levd. Det er allereie 18 år sidan eg mista ho. Framleis kjennest ho som ein viktig del av livet mitt. Eg trur eg har tenkt på henne kvar einaste dag. Livet er ikkje bare det som er her og nå, det er på same tida eit samandrag av livet vårt. Eg prøver å gripa livet og halda det fast, men veit at same kva eg gjer så vil sekunda tikka vidare på eiga hand.

 

Heidi

Å vera frisk og levande

Eg innrømmer gjerne at eg er hypokondar. Fordi eg helst ikkje vil tenkja på alle sjukdommane som eg tur at eg kanskje kan ha, så går eg sjeldan til legen. I sist veke var eg hos ein ny optikar. Eg kjende der dirra ørlite i hypokondarmuskelen då han foreslo å måla trykket på augene sidan det aldri var blitt gjort før. På den måten kunne ein oppdaga skumle sjukdomar, som ein elles ville ha oppdaga på eit langt seinare tidspunkt, sa han. Sjølvsagt var trykket heil i orden, og det trudde eg jo eigentleg.

Det er ikkje alltid eg eigentleg trur det. I sommar tenkte eg mykje på at eg kunne ha ein diagnose eg heldigvis ikkje hadde då eg endeleg fekk sjekka det ut. Det hender eg er engsteleg ganske lenge før eg tek mot til meg og sjekkar det ut. Då risikerar ein nemleg at all tvil blir fjerna og at ein må leva vidare som alvorleg sjuk. Av og til slår det meg kor ufatteleg smal grensa er  mellom heilt frisk og alvorleg sjuk, mellom det å leva, og det å gå over grensa til noko anna. Samtidig som døra opna seg til eit nytt arbeidsår, fekk eg vita at eg faktisk var frisk, og ikkje trong å bruka meir krefter på å psyka meg opp til å vera alvorleg sjuk. Eg var i grunnen godt i gang med det siste allereie og visste at eg skulle kunna ta det som koma skulle. Sjølvsagt vart eg ufatteleg glad over endeleg å ha fått sjekka ut noko eg hadde vore veldig redd for, og for å få det svaret eg mest ønska meg. Ikkje alle er så heldige. Og  visst vart eg glad. Så glad at eg alvorleg trudde eg kunne besvima av glede viss eg ikkje haldt meg fast i noko.

Og så bar det rett på jobb og inn i eit nytt og fantastisk rom der alle krefter krevdest. Etter snart ein månad i første klasse, blir tempoet nå langsamt litt rolegare, trur eg. Og det har rukke å bli haust ute. Haustregnet har silt ned i vekevis, og eg har innsett at eg dette vart den sommaen eg aldri kom så langt som til å bada i sjøen. Eg likar hausten og likar regnet. Kanskje det har samanhang med at denne hausten har eg vore så ufatteleg glad for å vera frisk og levande.

Mellom mykje anna held eg på og lesa dei bibelske salmane. Det er fascinerande lesning. Først må ein forsona seg med at salmisten i mest kvar einaste salme ber Gud om å straffa alle fiendar. Heldigvis har synet på Gud og på religionen som blir uttrykt kome vidare sidan då. Det fascinerande ligg i å faktisk få lesa eit autentisk dokument om levande menneske si gudsoppleving, gudslengt og tillit til Gud for fleire tusen år sidan. Då kan det vera nærliggjande å tenkja som Sigrid Undset at mykje forandrar seg, men sjølve menneskehjartene er uforanderlege. Linjene under er henta frå salme 55, 56 og 57 i bibelen. Slik kjenner me det framleis når me kjenner oss små og trua, trur eg.

Eg tenkte:

Hadde eg venger som dua,

då flaug eg bort og fann meg ein bustad.

Langt av garde ville eg røma og halda til i øydemarka,

for eg ser bare vald og strid i denne byen.

Når eg er redd, vil eg lita på deg.

Eg har tillit til Gud og er ikkje redd.

Kva kan vel menneske gjera meg.

Eg må liggja midt mellom løver

som vil gløypa menneska.
Deira tenner er som spyd og piler,

deira tunger som kvasse sverdet.

Vær meg nådig Gud,

for eg flyr til deg.

I skuggen av dine venger finn eg livd til ulukka er over.

*

Me syng mykje med førsteklassingane. Blikka deira er fulle av stjerner og heilt utan atterhald. Eg sluttar med nokre linjer om hausten i ein song dei elskar å synga:

«Så når høsten kommer,

leke gjemsel inne, jeg kan stå,

se når regnet flommer,

danse rundt med gummistøvler på.»

Det siste kunne eg og ha gjort akkurat nå, men begge para mine med gummistøvlar står i garderoben på skulen…

 

Heidi

11. september

Denne dagen har dei siste ti åra hatt ein klang av uhygge, og blir til og med i Norge omtalt som «nine-eleven», endå det ikkje eingong er i den ordninga me presenterer datoar i Norge. Eg hugsar dagen veldig godt, og ikkje minst den djupe kjensla av redsle og uhygge som fylde meg. Då angrepa skjedde dreiv eg fredeleg dramaundervisning i lag med Jan Ivar, og då eg kom heim fann eg familien min framfor fjernsynet totalt oppslukte av det eg først trudde var ein amerikansk spelefilm.

Heldigvis har denne dagen vore av det fredelegare slaget. Eg har hatt ei slags jobbehelg med skrivetur til den store byen med skriveelevane mine i går og med eventyrforteljing i nabokommunen i dag. Skriveturen i går vart fantastisk fin. Dei hadde spådd regn, men i siste augeblink omestemte maktene seg og me fekk ein fin septemberdag med tilløp til sol inne i byen. Me var inne i den gamle domkyrkja og skreiv til barokkmusikk og tenorsong. Både eg og jentene var heilt sikre på at songaren var ei dame heilt til det viste seg åvera ein beskjegga tenor som song så fint til tonar frå chembalo og lutt. Etterpå fekk me med oss torghandel, store båtar i Vågen, dei siste jordbæra og aller siste omgang med valkamp før kommunsvalet i dag og i morgon. Det minner meg om at eg må finna fram valkortet mitt som eg fekk i posten for ei tid sidan. Eg tvilar vel på at eg vil bli nekta å røysta om eg kjem utan, men det er vel best å strekkja seg etter å vera ein god borgar med formalitetane i orden.

Eventyrforteljinga i dag hadde valda meg litt hovudbry, for oppdraget mitt var å fortelja «Prinsessen på erten» i ein halvtime. Problemet blir då at dette eventyret let seg lesa opp på fem minutt i HC Andersen sin versjon, så då blir ein nøydt til å leggja til ganske mykje om ein skal fortelja i ein halvtime. Og det å leggja til er litt problematisk når det gjeld kunsteventyr. På ein måte er det som om nokon las opp eit av mine dikt og la til veldig mykje for eiga rekning for å få det til å bli langt nok.

Men i dag var det akkurat det eg hadde bestemt meg for å gjera. Eg hadde laga eventyret om til eit slags forteljarteater og la i veg med to posar rekvisittar; dukar, stolteppe, ein stor vase med rosa roser, ein stor tekopp, eit rosa lys, ei  kongekrone, ei prinsessekrone, ei silkerose som aldri visnar, ein stor ring, eit smykkeskrin frå Borneo og sjølvsagt ein pakke grøne erter. For å halda litt auge med klokka hadde eg og plassert ei rosa vekkerklokke på bordet med alle rekvisittane, som skulle vera eit slags slottsinteriør, og dei hadde funne fram ei gammal seng til å leggja erta og tjue imaginære dyner og madrassar i. Forteljinga var utandørs i eit gammalt partytelt, og bakken under teltet var så gjørmete at prinsen ende opp med å bli ganske sorpete på kneet under frieriet og innøvinga av frieriet. Då Sunniva hjalp meg å bera inn tinga sa ho: «Her luktar det Korsvei.» Akkurat det gjorde det, og det kjendest i grunnen ganske trygt.

Barna som kom var små, fleire var under tre år. For dei blir det frykteleg lenge å sitja stille for å høyra på eit eventyr i 30 minutt, men alt i alt synest eg at det gjekk bra. Hjernen min var til og med i ferd med å dikta opp passande replikkar om dronninga eller ei av prinsessene skulle falla medan dei viste korleis ei ekte prinsesse skal gå, men heldigvis så haldt eg meg på beina, for det var jo eg som spelte alle rollane sjølv. Eit slikt forteljarteater er ganske konsentrasjonskrevjande, og eg hadde repetert og repetert replikkar og scenar i hovudet på førehand, så eg var ganske utlada etterpå då eg var ferdig og dei små prinsessene og prinsane som høyrde på fekk koma fram å ta «prinsessetesten». Det vil seia at dei fekk lov til å krypa oppi senga for å kjenna om dei kunne kjenna erta under madrassen gjennom dyne og sengeteppe. Dette gjorde dei med strålande auge og stor innleving, og alle som ein måtte dei innrømma at nei, erta hadde dei ikkje kjend.

I føremiddag var det gudsteneste med presentasjon av nye konfirmantar. Presten drog trådane både til 11.september 1001 og 22.juli 2011. Etter terrorangrepa på Utøya og regjeringskvartalet skreiv eg ein salme som Carl Petter Opsahl, ein veldig dyktig musikar, har sett melodi til Salmen vart framførd av to konfirmantmødrer, den eine på trompet og den andre med song. Organisten spelte saman med dei på el-piano. Det vart ei sterk oppleving for meg, for det er første gongen eg høyrde salmen framførd. Carl Petter og eg er samde om å dela litt raust med oss, så her er teksten. Om nokon gjerne vil ha melodien, kan dei kontakta meg.

  • Med redde tankar står me i det vonde,
    me strekkjer tome hender ut mot deg.
    Ver hos oss, Herre,
    gøym oss ved sitt hjarte.
    Forny vårt mot, så me kan finna veg.Lat våre våte tårer vatna jorda
    og styrka oss, så kjærleiken kan gro.
    Ver hos oss Herre,
    varm oss ved ditt hjarte,
    så alt som skrik i oss kan finna ro.

    Gud, ver vår trøyst, vår tilflukt og vår styrke
    så me kan reisa oss i håp og tru.
    Ver hos oss, Herre,
    gjev oss varme hjarte,
    så me kan tenna håp og byggja bru.

    Ja, send oss ut i kampen for det gode,
    i kamp for liv og kjærleik skal me stå.
    For du er Herre
    over lengt og liding,
    kom gjev oss mot, kom vis kor me skal gå.

Elles så har helga vore spesiell fordi Ingrid flytta ut av kjellarleiligheita og inn i den fine nye leiligheita ho og Oddvar har kjøpt ca eit kvarters gange frå her. Det kjennest litt tomt og vemodig. Vesle firbeinte Oscar har budd hos oss fram til nå for at dei skulle få flytta i fred, men nå er han og henta. Saknet er dempa av ein intenst malande katt, og tid til å halda hund på eiga hand har me på ingen måte. Det kjennest som om ein epoke er over, og som om mange nye ventar.

Heidi

 

Jo då, visst finst eg her

Det er bare det at i nokre veker så har kvar dag, kvar time og kvart minutt hatt nok med sitt eige innhald, og ikkje bydd på ledig tid og ekstra skrivetid. Men nå roar livet seg ned eit hakk, vil eg helst tru…

For livet byr på mykje. Innimellom detsom skjer i førte klasse på skulen og med nystarta grupper i kulturskulen så har eg levd mykje og intenst.

På venninnetur i Oslo var me innom ein liten butikk på Grønland der dei selde sjølvsydde klær. Denne spesielle laurdagen var det opning av fotoutstilling med Oslobilete. Sidan me dumpa inn i rett tid vart me inviterte på eplesider og vin og fekk med oss ein liten opningskonsert med solistar og band. Den eine etter den andre frå det som kanskje kan ha vore eit venninnemiljø frå musikkstudier kom fram og song. Dei sat der på ein stol og strålte medan dei song livsglade melankolske songar mot regnet der ute.

«I see friends shaking hands, saying how do you do. They`re really saying I love you…»og på dansk: «Sov søtt lille Jumbo, min egen skatt, om skogen er stor og dunkel. Nu sover din tante, den gamle struts, og neshornet din onkel.»

Og ute regna det som frå bøtter og spann. Det var framleis sommarvarmt der ute med ein ørliten kjenning av haust når kveldsmørket kom. Eg måtte kjøpa meg ny svart paraply med kvite prikkar og tærne surkla i søkkvåte sko etter våtdraktprinsippet.

Me har feira at Odd Christian runda 25 sist laurdag og dermed hadde eg og eit aldri så lite jubileum; Tjuefem år som mammma. Åra har gått uendeleg fort og romma uendeleg mykje. I mitt kanskje ikkje heilt objektive hovud, så hugsar eg meg sjølv som tjuefemåring som nesten akkurat lik som eg er nå i skapnad av ein femtiåring. Det spennande ressonnementet blir då at eigentleg er det i prinsippet ikkje så veldig stor forskjel på menneske som eig 25 levde år og menneske som eig femti levde år. Det opnar for det interessante aspektet at me liknar einannan meir enn me trur. Men sjølvsagt kan det tenkast at ein plukkar med seg erfaringar og frukter av liv som langsomt endrar noko i deg utan at du heilt legg merke til det sjølv.

I alle fall, sidan Odd Christian bur heime nå medan han leitar etter ein meir blivande plass, så feira me dagen slik gebursdagar har blitt feira her i huset sidan barna var små med presangbord om morgonen og marsipankake, sjokoladekake og pannekaker til mormor og morfar og andre slektningar som har tid til å dukka opp. I tillegg henta me oss thai-mat frå den nye restauranten og innvia ein av presangane, det nye Scrabble-spelet. Akkurat nå bur me sju personar med hund og katt og undulat her i huset, så me er mange sjølv utan gjester. Men nå går kollektivlivet mot ein ende. Til helga flyttar Ingrid, Oddvar og Oscar inn i leilegheita dei har kjøpt. Det blir nok litt tomt, sjølv om me blir fem personar tilbake med katt og kvitring, og langt flyttar dei ikkje, så me skal nok framleis koma til å sjå einannan rett som det er.

Og me har vore i konfirmasjon og feira flotte Ragnhild. Det vart ein fin fest. Og etterkvart er det snart bare arbeidsromet og loftet som verkeleg skrik etter å bli rydda. På sundag skal eg ut og fortelja eventyr, så det må eg bruka dagane framover til å øva på. Det som er att av dagane, rettare sagt. Men nå skal eg få meg frokost før eg skal på tur med far og syster for å besøkja farmor, for framleis lever me her i ei lang rekkje der slekt fylgjer slekters gang.

Og nokre friminutt i livet er nydelege. Som når eg ligg på sofaen saman med Sunniva og Ingrid og drikk kaffi og ser på eit TV-program om Ibsens kvinner, med malande kattar og sprettande hunder. Eg stryk Sunniva over rygg og nakke medan Sunniva strittar Ingrid sitt lange lyse hår med ei varm strittetong. Så mykje og så lite. I lyst og i nød i sorg og i glede. Me lever alle saman og djupast sett så har me det veldig bra. Det er det som verkeleg betyr noko.

Heidi

Helplessy devoted…

Det er som om nokon har sagt Sesam-Sesam og fått berget til å opna seg, og ein plutseleg står er i eit rom ein ikkje visste om, og det kjennest som ein har vore der alltid, og som om ein plutseleg ikkje kan bruka tida på noko anna enn å vera der. Det er som å ha forelska seg og ikkje klara å tenkja på anna.

Etterkvart er ein del system oppe og går. Framleis er det langt fram til den heile og fulle kontrollen, men det kjem, det kjem. I alle fall sterkt nok til at ein kan lena seg mot system og kontrollar og pusta litt roleg ut og inn sånn innimellom.

Livet i første klasse er fantastisk. Så fort kan det gå å bli veldig glad i nokon. Det er altoppslukande, men denne veka kjennest det ikkje som i sist veke; at ein ikkje hadde krefter til å gjera noko anna i det heile tatt-

Og ei fantastisk helg under teiknet for gode venninner har eg og fått med meg. Kanskje eg skriv meir om den. Eg har fleire bloggeinnlegg på harddisken i hjernen, og bare det roar seg litt så skriv eg dei kanskje ned.

Ein veldig flink musikar har laga ein nydeleg melodi til ei salme eg kjende for å skriva ned etter det som skjedde 22.juli. Det kjennest så fint når tekstane mine får venger i form av melodiar og flyg i veg på eiga hand.

Og snart har det kanskje roa seg nok til at eg for alvor kan finna tilbake til denne sida att. Eg liker jo å vera her.

Heidi

Så trøytt…

Eg veit om ei dame som seier nei til alle avtalar og oppdrag av alle slag dei første to vekene i eit skuleår. Eg forstår det. Visst var eg ganske så grådig og ferierte fram til ein time før eg skulle vera på min første jobbdag etter ferien. Slikt må ein jo rekna med å betala for og eg angrar ikkje i det heile tatt.

Livet med førsteklasse er som å gå inn i ein ny verden. Det er ufatteleg at eg bare har vore saman med ungane i fire dagar med tre planleggingsdagar i forkant, det kjennest som om eg har jobba med dei alltid. Det er fint, utfordrande, spennande og fargerikt. Nå i starten har me vaksne nesten ikkje hatt tid til  ta pausar. Alle system skal opprettast, snurrast i gang, prøvast ut og justerast. Me begynner å bli kjende med desse små menneska, som stort sett kjem til skulen med stjerner i auga og er meir enn klare for å bli store skulebarn. Dagane går med leiking, bokstavinnlæring, songar, rim og regler og ein time midt på dagen i sandkassa. Alt er så fint s fint, men du all verda så trøytt eg er når eg kjem heim frå jobb. Det er tydeleg at alt ein har av krefter, kreativitet og arbeidsevne blir mobilisert dei snaue fem timane ungane er på skulen. Etterpå er det masse planleggingsarbeid for å få systema i gang. Heldigvis seier alle eg jobbar saman med at dei er like slitne som det eg er når eg kjem frå jobb. Slik er det bare i denne fasen.

Og roleg helg vart det heller ikkje, dersom ein ikkje nyttar den svenske tydinga av ordet, for helga var utruleg innhaldsrik og fin med litteraturgruppejentene hos meg på fredag, femtiårsdagsfeiring, konsert på laurdag og siste innspurt med å skriva liturgiar på laurdag og sundag. På sundag var eg ansvarleg for ei bønnevandring i kyrkja og fekk i tillegg med meg eit foredrag om kunstnaren Pushwagner i tillegg til å sjå utstillinga hans. Veldig fint alt saman.

Til helga dreg eg til Oslo att for å slappa av med to venninner, men denne gongen tek eg ikkje nattoget heim… Eg gler meg veldig til ei Oslohelg, men før me kjem dit så blir prinsippet å bearbeida ein time om gongen. Det blir bra slik.

Heidi

Gjev meg ein, gjev meg to,

gjev meg tre, ja den er god, gjev meg tog, ja første tog til Åndalsnes…

song Skruk for ein ti – femten- tjue år sidan, og etter det har eg vel tenkt at ein eller annan gong skal eg og ta tog til Åndalsnes, og nå har eg gjort det, for ei veke sidan for å vera nøyaktig…

Og visst ville eg ha skrive om det med det same, men internettilkoplinga på Trondheimsbanen viste seg å ligga nede, og sidan har det vore smått med tid til internett.

Først måtte eg ta tog til Oslo, der hadde eg knapp margin på å nå ettermiddagstoget til Trondheim, men jammen rakk eg det ikkje. Så var det tog til Dombås der det var togskifte til Raumabanen retning Åndalsnes. Siste delen vart ei stor overrasking. At det var så utruleg vakkert på ei togstrekning i Norge hadde eg ikkje sett for meg. Toget krabba seg i sikk-sakk opp og ned fjellsidene i Romsdalen langs begge sider av elveløpet til elva Rauma. Me gjekk svimlande høgt oppe slik at eg nesten ikkje torde sjå ut, me gjekk i to vendetunnellar der toget snudde inne i fjellet, og me gjekk over skyhøge jernbanebruer før me nærma oss Åndalsnes og fekk sjå Trollveggen og Trolltindane frå togvinduet. Togturen var guida på norsk, engelsk og tysk og stoppa opp på ekstra spektakulære punkt slik at folk kunne fotografera. Den slags turistservise hadde eg ikkje venta frå gamle trauste NSB, eg kjende det som å få ei heilt utruleg sightseeing med på kjøpet på billigbilletten…

På Åndalsnes stod Eva Mari og venta med bil, for framleis stod litt av turen att. Før me kjørte til Sunnmøre leita me opp ein kinarestaurant og hadde oss eit betre måltid med scampi og biffkjøt. Det hadde vore flaumliknande tilstandar dagen før, så det hadde vore eit ope spørsmål om det var framkomeleg, men det gjekk bra. Så var det gjensyn med Henrik og Marco i sommarhuset i Søvika før me neste dag tok siste etappe på turen, vegen ut til Ona fyr. Me reiste med to ferger for å koma ut til fyrøya i havgapet eg hadde gleda meg til å få sjå. Det minde meg litt om turen til Iona for ein del år sidan, ute på Ona var det i grunnen ikkje vits i å ha bil, for dei to øyene Ona og Husøya, som hang saman med ei lita bru, var ikkje større enn ein lett tok seg fram til fots. Eg var overraska over å oppdaga at den vesle øya var tett bebygd med ganske store hus, eg hadde sett for meg ei forblåst øy utan særleg vegetasjon med eit og anna lite kvitmalt hus der det gjekk an å grava hustomter. Eg håpar dei som søkjer på adressa inne i parantesen får opp det same biletet som eg ville visa fram… (http://www.nonews.net/blarsen/ona.jpg) Sjølv om veret vart nydeleg, så kjende eg for første gongen i år dette glasklare kalde streifet av haust i lufta som alltid dukkar opp ein gong i løpet av august. Hausten er ei uendeleg vakker og ganske vemodig årstid som ein vel bare får ønska velkomen i år og, men for meg får han gjerne drøya ei stund til før han kjem for fullt.

Veret var ikkje spådd å bli spesielt bra, men det vart det. Fem damer i sin aller beste alder fekk nokre utruleg fine dagar der ute. Me solte oss i ly av kyrkjegardsmuren ytst mot havet, der var det god ly. Me tok i mot fergjene som kom i lag med lokalbefolkninga, var på utkikkspunktet ved fyret, og fekk til og med med oss ein fullmåne. Midt i det heile fekk eg telefon frå ei dame eg aldri har møtt som fortalde at ho hadde laga ein melodi til ein av tekstane mine. Det ende med at ho song for meg over mobiltelefon medan eg sat på ein varm stein mellom blåklokker og balderbrå og høyrde på. På øya var det to keramikkverkstadar og eg fekk med meg ei pappøskje heim med gjenstandar som i verste fall kunne knusast, men det gjekk bra. Glad kom eg heim med endå meir pynt til ei stove som kjærasten min drøymer om å gjera minimalistisk.

For å gje meg ei endå sterkare oppleving av ekte nordvestland inviterte faren til Eva Mari på heimelaga baccalao av heimefiska og heimetørka klippfisk medan mora hadde steikt sunnmørske sveler.  Det smakte nydeleg. På sundagen vart eg og Eva Mari kjørte til toget av foreldra hennar, og nokon hadde funne ut at eg skulle få oppleva å kjøra ned Trollstigen. Det gledde eg meg til. men eg må innrømma at vegen var mykje brattare og endå meir svingete enn eg hadde kunna forestilla det. For å vera open nok til å innrømma det, så var eg rett og slett livredd, men me kom oss då trygt ned… (http://www.media.allerinternett.no/php/obj.phpi?o=2177967&w=468&frame=0&ee=)

Så var det same vegen tilbake som den eg kom. Denne gongen i hyggeleg togfylgje med Eva Mari heilt til Lysaker. Så var det nattog heim, og rett på jobb. Det vart minimalt med søvn på toget, men soloppgangen med morgontåke over Sørvestlandet var ubetaleleg. Ein time etter at toget kom til stasjonen heime starta skuleåret med planleggingsdag. I år har eg verkeleg klart å trekkja ferien maksimalt ut.  I morgon møter eg både førsteklassingane mine og kulturskuleelevane for første gongen dette skuleåret. Det blir spennande. Nå er det rett og slett ein idé å få seg litt søvn kjenner eg.

Heidi

Kjøra tog med Heidi

Det er det du med dette er invitert til. Sit eg ikkje her i comfortvogna som ei anna businessdame, med PC-en tilkopla internett. Då må eg jo bruka han til noko spennande og konstruktivt eg og. Det er framleis mest menn i vogna. Bare to av dei snakkar saman. Dei diskuterer børsen og aksjekursar. Det seier nok mest om meg som pasjonert lyttar at eg liksom utan å tenkja gjennom det får med meg samtalen deira, sjølv om børs må vera noko av det som interesserer meg minst i heile verda. Himmelen er knallblå med kvitt slør der ite og skogen er grøn med ei og anna raudmalt hytte. I fylgje metereologane så er eg på veg frå eit regnversland til eit anna, og har altså gleda av ei togreise gjennom sollandet sånn innimellom.

Røsslyngen blømer, og eg skjøner at dette er ein usedvanleg spennande dag på børsen. Det visste eg vel i grunnen etter nyheitssendingane i går, og nå kunne eg få eit og anna tips om eg hadde lyst til å kasta meg ut på aksjemarknaden. Det har eg absolutt ingen planar om, og ikkje har eg tenkt å skriva tipsa her heller, for det er stygt å smuglytta til folk, og endå styggare å skriva ned ting folk seier og leggja det ut på internett. Eg kunne sikkert bli politianmeld for både spionasje og ærekrenking. Men eg kan seia så mykje som at den norske aksjemarknaden «går så det koster» så lenge klokka bare «æ fire på morran i USA».

Toget er nå nede på flatlandet etter å ha kjørt i fjellsidene på sør-vestlandet. Klokka nærmar seg ti på formiddagen, og fleire og fleire har kome på toget. Det er nok bare eit tidsspørsmål før eg ikkje får ha eit dobbelsete for meg sjølv lenger. Granskog, vatn og vannliljer, ein badedam for ungar. Denne sommaren har ikkje blitt slik at eg har bada i det heile tatt. Badedrakta har vore med meg på tre av fire turar og er pakka ned denne gongen og. Frå å vera som dei fleste ungar som bada bare ein fekk lov av dei vaksne så driv eg nå stort sett bare med lystbading, det vil seia ikkje bada viss vatnet ikkje kjennest behageleg, og då begrensar det seg ganske mykje her til lands. Men ryktene seier at sjøen er ganske varm nå, det vil seia bort i mot tjue grader.

Ulempa med denne typen togvogner er at dei ikkje snur seta når toget skiftar kjøreretning, det vil seia at nå kjører eg feil vei, og då gjeld det å ikkje bli kvalm. Dersom ein kunne stoppa toget som ein bil ville eg teke ein pause ved den elva me passerer nå og lagt meg på det varme svabergaktige fjellet ved sida av vatnet og samla litt solvarme.

Må ta ein pause frå skrivinga i alle fall før kvalmen tek meg for fullt.
Heidi

som

Morgonsol om landet lyser

heitte ein morgonsong me lærte av Olga Midttun i fjerde klasse. Og faktisk gjer ho det  akkurat nå, sola. Det er har vore ein veldig tidleg morgon. Eg vakna klokka ti over fire og sovna ikkje att fordi eg var redd eg ikkje skulle vakna av vekkerklokka klokka ti på halv seks. I dag var det dagen for den store askeladdturen heilt til Sunnmøre med tog. Det vil seia først heile sørlandet til Oslo, og så byte til Trondheimsbanen og nytt byte på Dombås til Åndalsnes. Det vil seia ca 16 timar meir eller mindre i eitt på toget.
Det er rart kor langt ein kan koma for 300 kr med NSB, men det er knappe marginar tidsmessig så det gjenstår å sjå om det blir ei spontanovernatting på ein eller annan stasjon eller noko slikt. Klokka halv fem i dag morges høljeregna det, og dei har varsla ganske låge temperaturer, genser, ytterjakke, gummistøvlar og regntøy høyrer med til norsk sommar, slik er det bare…

Eva Mari som ordna billetten hadde jammen kosta på meg ein plass i comfortvogn, og sidan dei reklamerer med internett og tilkopling til straum for datamaskinar, så fann eg ut at eg måtte prøva det. Dette er min første togtur med medbrakt datamaskin, så nå skal eg finna ut koss dette fungerer. Det har ikkje lukkast meg å kopla til internett det kvarteret eg har hatt PC-en på, men det kan ein kanskje ikkje venta så lenge toget har gått like mykje inni som utanpå fjellet…

Men sjå der ja, der var eg på nett. Nå må eg bare hugsa å lagra ofte dersom eg skal skriva direkte på nettet slik eg gjer nå, for dekninga kjem nok til å koma og gå. Det er veldig roleg her i comfortvogna der eg oppheld meg. Det kan jo ha med at det framleis er morgon å gjera. Her er det mest menn. Eit par av dei les aviser, nokre drikk kaffi og eit par personar har kopla til datamaskinane sine. Me var nettopp på Marnadal stasjon, utanfor togvinduet er det smågardar og fjell, og der kjørde toget inn i ein tunnel att…

Ute er det august og mogen sommar. August er kanskje den vakraste månaden eg veit om. Alt er moge og grønt og mjukt og mildt. På toppen av det heile er det dryssa ei teskei vemod, fordi det forgjengelege er ein viktig del om denne månaden. Som Einar Skjæråsen så vakkert seier det så er det som om naturen «stiger og synker mot visningens dal».

Den lange, fine skuleferien er og på hell nå. Eg strekkjer ferien så langt eg kan og dreg på tur til Ona, fyrøya utanfor Ålesund, eg tek toget heim på sundag, siste etappe blir nattog frå Oslo og heim og så går eg rett på jobb på første planleggingsdagen som startar ein time etter at togen forhåpentlegvis har trilla inn på stasjonen heime.

Etter ein ny tunnel skin sola på ein liten stasjon i eit skogsholt der geiteramsen står og lyser og ein stabel gamle jernbaneskiner luktar deilig av tjøre. Det siste kjenner eg ikkje, eg bare veit at jernbanesviller luktar godt av tjøre, og så forsvinn Snartemo stasjon att, og toget går atter inn i fjellet. Eg tenkjer at denne teksten kanskje bare er sånn måteleg interessant for alle som ikkje er like glade i å kjøra med tog som meg, men det kan jo henda at nokon er det, så derfor skriv eg vidare, og dei som kjeder seg nå kan jo bare hoppa av toget og gå glipp av denne autentiske reiseskildringa frå ein morgon i august der alt i teorien kan henda heile tida, men at det er så mange tunnelar på vegen, har eg faktisk aldri lagt merke til før. Neste stasjon er Audnedal med avstigning venstre side, blir det sagt. Så då må me vel ut i lyset att.

Og sjå om det ikkje er sol i Audnedal og. Eit kvitt hus  og skjelvande lauv, kan det vera ei osp mon tru. Han i setet foran har slutta å eta potetgull og tygg gulrøter i staden, og så er det inn i fjellet igjen.

God morgon, Norge, som kikkar fram med jamne mellomrom der me kan sjå ned på små bygder med raude og kvite trehus bada i morgonsol, for nå beveger me oss oppe i fjellsida, meir inni fjellet enn utanpå, faktisk. Og eg er glad eg kan leggja den lilla Gudrun- Sjöden- kåpa over meg som eit teppe, for det er litt småkaldt her. I denne vogna er det gratis kaffi som ein kan varma kropp og hender på. Eg må nok snart gå og finna meg ein kopp, kjenner eg. Me passerer eit tjern med store vannliljer, og er komne ned i dalen nå, der me kjører parallelt med bilvegen. Eg innser at denne teksten er i ferd med å bli ein av mine aller særaste nokonsinne, så eg trur eg takkar for meg medan nokon kanskje framleis reiser saman med meg. Eg kjem tilbake seinare.

Heidi