Gå til innhald

Gjerrig på tid.

Eg oppdagar at eg er blitt gjerrig på tid. Det kan jo vera nybegynnariver, men dragninga mot skriveromet mitt er sterk. Eg skulle ha skrive meir enn eg har gjort. Nå har eg sjansen, og tida flyg så fort. Ein dag går så fort, eit liv går så fort. Katten min bryr seg ikkje om slike tankar. For tretti sekund sidan hadde eg han malande på fanget mitt, og klappa han med den eiine hana for å forhindra at han skulle spasera fram og tilbake på tastaturet, noko han gjer med stor glede rett som det er, og då blir det så vanskeleg å skriva… Ungane mine seier at eg må seia «hu» om katten, ikkje han. Det er jo to kattedamer me har i huset, Venus og Cleopatra, ikkje noko mindre, men ein katt blir han i mine øyrer når eg omtalar ho som «katten.»

Eg skriv og skriv og skriv, og eg les og les og les. Sidan eg har bestemt meg for å skriva dikt, så hentar eg inspirasjon der eg har det å finna, og ein av stadane er i diktbokhylla mi. Der har eg vore ein litt for sjeldan fryd, og det er meg ein sann og stor fryd å ha starta på bokstaven A og lesa meg utover. EI diktbok kvar dag, og så skriv eg av dei dikta eg likar best i ei lita notatbok. Til nå har eg bare skrive råtekstar. Dei må jobbast meir med seinare, men eg tenkjer at det kan eg for alvor ta fatt på den dagen eg står opp og inspirasjonen til å skriva noko nytt manglar. Dette er det siste eg har skrive i dag. Ta det som det det er, ein råtekst… Sidan den forrige teksten min handla om morfar, tenkte eg at bestemor skulle få sleppa fram i dag. Ho dukka plutseleg opp då eg sat og skreiv om eit kjøkken. Ho var gift med morfar, men av ein eller annan grunn enda dei to opp med å heita bestemor og morfar. Kanskje dei ein gong i tida var uenige om korleis dei ville titulerast av barnebarna, eller kanskje det bare vart slik. Dersom eg nå, av stilistiske grunnar skulle kalla henne mormor eller han bestefar, ville det bli heilt feil. Ein bestefar er i mitt hovud av ein eller annan grunn ein høgreist kraftig kar med kvitt hår, heilt annleis enn min vesle mørkhåra morfar.

Eg sit på kjøkkenet.

Det regnar ute.

Regnet silar nedover glaset

slik at det doggar  på innsida

Det luktar så trygt her av kaffi og av syltetøy.

Kanskje i kveld skal eg få kakao.

Dei lette og langsame stega til bestemor

kjem på ulltøflar over golve.

Eg ser det blomstrete armeforkleet hennar,

og den litt bøygde nakken

den kvithåra dulten med alle hårnålene.

Ho smiler til meg og eg smiler tilbake.

Tida noko som er her utan å forsvinna.

Ein kan lena seg mot bestemorstida.

I skuffa har ho ein pose me bringebærdrops.

Eg set meg inn i stova, seier bestemor,

så kan du koma akkurat når du vil.

Ho let meg få eiga tida.

Tida er bare mi når eg er hos henne.

Ho skal ingen plass, ho går aldri ut.

Ei bunke gamle vekekeblad frå ei øskje eg har i kjellaren.

Eg les om det vaksne livet og drikk saft.

Bare sei når du har lyst på mat, seier bestemor.

I gardsromet blømer rosespireaen framleis.

Kanskje er det eit og anna stikkelsbær att i bærhagen,

men først må det slutta å regna.

I regn blir ein våt av å gå gjennom hekken.

Eg finn ei saks og klippar ut.

Eg lagar kveitemjølsklister, og klistrar det inn i ei bok.

Ein slags teikneserie om sjølvtillit og tannkrem.

Bileta er  ganske fine.

Eg lagar mi eiga teikneseriebok.

Donald og Langbein får selskap

av unge damer i kvite kjolar

med ringar av sjølvtillit kring hovuda sine.

I ei anna bok har eg glansroser

med englar og gutar frå Holland med korger

med tulipanar og tresko på føtene.

På benken står eit lite kjøleskap med veldig tjukke vegger.

Inni er det hyller.

På ei av dei gøymer morfar syltelabbane sine.

Kalde syltelabbar innepakka i avispapir.

Bestemor orkar ikkje synet

av føter som kjem frå ein levande gris.

Litt av skinnet sit endå fast på dei,

dei er kjøleskapskalde.

Det grøssar i heile meg

når eg vågar meg til

å røra dei med ein finger.

Heidi

Eg hadde visst heilt gløymt

at august er den månaden eg kjenner meg aller mest heime i. Eg kjenner det både inni meg og utanpå. Eg likar roa og mogninga, og truleg trivst eg til og med meg det vesle vemodige pustet av haustsom liksom ligg og dirrar ein stad i dei varme sommardagane. Eg har plukka rips og stikkelsbær i store kvite spann og drukke kveldskaffi med syster, mor og eldstedotter. Det er fint å vera saman med familien sin. Nokre gonger slår det meg at desse tre kvinnene er så like einannan. Sjølv er eg annleis. Det er rart at dotter mi plutseleg er morsfamilien min opp ad dage, medan eg sjølv er mykje meir lik farsfamilien. Gener er nokre merkelege greier.

Og eg er i etableringsfasen av mitt nye liv. Forfattaråret mitt skal spikrast fast, medan kjøkkenet framleis er eit slags hol  huset, rett nok med nymalte veggar og tak og med nytt golv som kjærasten min la ned sjølv saman med far i går. Montøren har framleis ikke dukka opp, han skulle ha vore her for ti dagar sidan, men på grunn av sjukdom og skulestart og barenehagestart for barna hans, så har det ikkje pass å koma endå. Eg vaskar opp i ein balje på terrassen i beste campingstil, og akkurat det er vel sånn bortimot ganske hyggeleg. Verre er det at huset er i konstant unntaksmodus, men det får eg leva med. Eg har lova meg sjølv å skriva i seks timar kvar dag, i alle all dei dagane eg ikkje jobbar om kvelden. Det kjennest litt syndig å sitja og skriva medan det er så mykje anna som skulle ha vore gjort, men eg synest eg skuldar meg sjølv å ta skrivinga på alvor, så det har eg gjort, og det kjennest bra.

Ein tur langs stranda har det og blitt tid til saman med Ingrid. Vatnet var overraskande varmt. Eg angra litt på at eg ikkje hadde med badetøy. Fordi eg har lyst til å skriva lyrikk akkurat nå tek eg meg tid til å lesa ein del lyrikk. I dag har eg oppdaga latviske Wizma Belśevica. Sjå kor vakkert ho skriv om havet:

Og også havet er noen ganger så stille, så stille,

selv ikke den minste dråpe knuses over dens rev.

Så uendelig venter havet på noe

at det ikke tør ånde.

Og da sier jeg.

Akk hav, hav

du ulykkelige barn

Akk, lille pike, du har det svært vanskelig nå.

La meg ryste sanddynen av silke

og legge den under ditt trette hode!

Hvil om så bare et øyeblikk.

Jeg vet at man ofte legger

byrder på dine skuldre uten å spørre om hva du makter

og kaller deg en sterk kvinne.

Så sørgmodig skinner den hvite

stripen i ditt blå hår!

Å bli grå så ung…

Å bli trett i en så ung alder, hav!»

Og hun gjemmer øynene i mine hender

og varme ravtårer flommer og flommer.

Nå, gråt ut… det letter… ingen hører deg…

Hvilken stillhet over jorden…

Havet gråter.

Vizma Belśevica (Den hvite gjemselen.)

Den som kunne skriva slike dikt. Det er synd at ein så sjeldan set seg ned og verkeleg les lyrikk.

Heidi

Morfar var ein bitteliten mann.

Eg hadde ikkje planlagd at eg skulle skriva eit dikt om morfar. Men plutseleg så hadde eg gjort det. Om teksten skal brukast til noko meir seriøst enn dette, må eg truleg jobba meir med det, men eg kan jo la de som les dette få eit lite kjapt glimt inn i barndomen min. Eg budde meir eller mindre i same hus som morfar til eg var seks år gammal. Eg var veldig glad i han.

Morfar var ein bitteliten mager mann,

men det visste eg ikkje.

Ikkje før eg var vaksen og såg det på eit fotografi.

Den gongen såg eg bare morfar.

Han hadde vide bukser og bukseselar,

og det hende han gjekk med hue inne.

Han tok meg med på turar

til det eg trudde var Amerika,

og som seinare viste seg å vera ein stad på Tu.

Nokre gonger hadde eg på meg ein liten raud rypesekk

med saftflaske og kjeks i på amerikaturane våre.

Du må ikkje lura ungane, sa bestemor,

men det glitra litt i auga hennar då ho sa det.

Om kveldane kunne me sjå Esau og Jakob i vindauget,

dersom me kikka ut etter at det var blitt mørkt.

Me kikka ut mange gonger,

og Esau og Jakob såg ut

som ein mann med skjorte og eit barn med kulerunde auge.

Nokre gonger når det var jønsok,

gøymde han flasker med eventyrbrus ute.

Bror min og eg måtte leita,

mellom forene på eplestykket,

mellom dei store steinane,

langs steingarden

i det høge gulkvite graset frå i fjor.

Morfar hadde to tenner,

ei på kvar side av munnen.

Han song når han var aleine

om Jonas som låg i fiskens buk.

Morfar tissa i tomme fiskebolleboksar

når han måtte på do om nettene,

og av og til hadde han kramper i føtene

så han måtte hoppa rundt på golvet.

Morfar laga små runde hol i bestemor sine tyllgardin.

Dei smelta rundt sigarettane hans

fordi han måtte stå så nære kjøkenglaset for å sjå ut.

Morfar røykte Blue Master,

men han fekk ikkje lov inne i stova.

Han hadde eit sår i panna,

men huene hans var slik

at han kunne slå skuggen opp eller ned

og festa med ein knapp.

Morfar laga kjøttkaker om kveldane.

Han fylde opp store gryter fordi me var så mange.

Sausen var tynn og brun,

og smakte salt og kjøt og søndag,

om ein fekk lurt ei teskei ned i gryta når ingen såg.

Aller best sakte det

om skeia først var innom ertestuingen.

Etterpå pussa han skorne våre

til det lyste av dei,

og sette dei på avispapir på gangen.

Om morgonane kom han syklande

På den gamle damesykkelen sin med sidetasker.

Han hadde vore på Bryne og kjøpt ferske rundstykke til meg.

Eg smurde dei med kald margarin

og fatost med karve,

eller kanskje med bringebærsyltetøy,

og bestemor lo mot meg medan eg åt.

Nå i første omgang kjennest det ikkje mindre enn vidunderleg at dagane mine skal gå til skriving. Eg kan gå til arbeidsromet utan å nærma meg stova eller kjøkkenet, som for tida mest av alt er eit stort hol. Montørane kjem i beste fall i slutten av veka. Eg seier til meg sjølv at nå skal eg på jobb, og visst skal eg rydda og vaska og alt dette andre, men først må eg jo på jobb, det er jo slik det er med den saken. Har ein ein jobb, så har ein ein jobb… Og så går eg lukkeleg ut til arka og pennane og macen min og set i gang.

Heidi

Alle mine skrivedagar

tek for alvor til i dag. Det kjennest godt.

August har vore på sitt varmaste, mjukaste og vakraste dei siste dagane. Nå blømer rosespireaen, og plommekarten sprengjer mot skalet.
På lørdagskvelden var me saman mange menneske i friluftshuset heilt ute i havgapet for å feira Astrid. Eg skreiv eit dikt til ho. Det kunne kanskje passa å opna «forfattaråret mitt» med å la dykk få lov til å lesa?

To ting kan redda verda,

To ting kan gjera ho varmare,

mjukare og meir avslappa:

Dagane først i august

og damer på femti.

Begge kan by på ro

og klokskap,

noko verda treng

meir enn det meste.

Om bølgene framleis skal slå mot strendene

og strandnellikane bøya seg mjukt i nordavinden,

Om sola skal gå opp og ned,

om kvardagane skal gå rundt,

treng me mogning, styrke, og tålmod.

Med desse to er  det langt i frå for seint,

bare roleg på tide

Framleis kan alt skje

om desse to får gjera verda frodigare

og mildare.

kan henda til og med

støare, staare, sterkare og meir sjølvsikker,

Med sine erfaringar om at det meste går

bare ein har tru og evna til å halda ut.

I august openbarer livet seg

meir fylt av frukt og tyngde

enn nokosinne.

Nå får det bare koma

alt som koma skal,

nå har me vent oss til livet,

og drukke oss mette på yr sommar

Me toler ein hausstorm,

Me veit at våren ventar

spirande langs grøftekantane

i overkomelege porsjonar

når ein minst ventar det

om ein har opne auge.

For to ting står støe

som steingardar på Jæren

om livet flokar seg til

og vinden tek i i hardaste laget.

Dagane først i august,

og damer på femti.

Truleg spelar englane saksofonar,

eller i det minste tverrfløyter

Om dei då ikkje rett og slett held seg til harpene sine,

når damer som du blir feira i august.

Og elles så er mange ting nye. Ikkje kjøkkenet endå, men det kjem vel om me bare syner tolmod… Halvard reiste med toget for å starta første året på vidaregåande på Vågen. Sunniva drog glad og fornøgd for å starta andreåret sitt på same skulen. Sjølv skal eg ta i mot dramaelevane og skriveelevane mine i dag. Eg har lova meg sjølv mange og lange timar på  skriveromet mitt kvar dag. Det kjennest så lukseriøst. Det blir spennande å sjå korleis dette kjem til å utvikla seg.

«Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet. August er det mykeste myke jeg kjenner. Myk som sorg, og som kjærlighet.» (Einar Skjæråsen)

Heidi

Og så skal alt på plass.

Ikkje på kjøkkenet, for montørane har  framleis ikkje dukka opp. Dei skulle ha starta på måndag, men så fekk me vita at dei var litt forsinka på grunn av sjukdom, me håpa dei skulle koma i løpet av veka, men det har dei ikkje gjort, og i dag fekk me melding om at dei i beste fall kjem i slutten av neste veke. Men her er litt av kvart å gjera, me får prøva å få lagt golv og malt vegger før monteringa set i gang. Eit eller anna støv er virvla opp på kjøkkenet, trur er, for eg er så veldig allergisk når eg er inne i huset. Eg nys i eitt sett, og av og til kjennest det som eg står i fare for å drukna i min eigen snue. Det er verkeleg ein gylden anledning til å trena seg i tålmod. Og respekten min for dei som til ei kvar tid driv med oppussing av eit eller anna rom i huset sitt, er stigande…

Men alt anna skal på plass. Skuleferien tikkar ubønnhøyrleg mot slutten, og for min del er eg nå i gang med planleggingsdagar i kulturskulen. I går kveld, i det me runda midnatt tok eg fram avtaleboka mi, tok ut arka frå forrige skuleår, sette i ein tråd gjennom hola, og la det i skuffa der farne skuleår ligg arkivert. Så tok eg plastomslaget av dei nye arka, og sette dei inn… Eg har vegra meg litt for å gjera det. Det har vore ei sann glede å vera utan avtalebok i sommarvekene. Eg har og hatt eit mykje meir avslappande forhold til mobilen min enn det eg har resten av våret. Det var nærast heilt ok at han ikkje virka i alle landa me var innom i sommar. Men nå er det blanke ark og farjestifter tel. Det vil seia, etter ein dag er dei sjølvsagt ikkje blanke lenger.

For meg er det jo ikkje eit vanleg skuleår eg skal inn i. Det er sjølvaste skriveåret mitt, med bare 25 % vanleg jobb. Men og slike år skal inn i strukturerte former, og det kjennest litt vemodig å gje slepp på den herlege ustrukturerte sommarferien med låg klokkefaktor og få faste avtalar.

Men som eg hugsar frå andre år, det er som å stå på stupebrettet og grua seg litt for stupet og for det kalde vatnet. Du veit at snart skal det omslutta deg heilt på alle kantar, og så skal du symja. Du tek sats, hoppar, og tek vannflata med eit gys. Så tek du til å symja, først med raske og litt febrilske symjetak. Så er du inne i rytmen, og kan knapt nok hugsa at du nokon gong har vore på land. Litt åndsfråverande dreg du pusten, og tenkjer at dette var nå eigentleg ikkje noko å grua seg for. Men ein bør koma seg i seng om kveldane, det bør ein.

Heidi

Ikkje for pyser

Å pussa opp kjøkkenet er ikkje for pyser. Ikkje for sånne pyser som meg i alle fall. Oppusningsarbeidet skrid langsomt fram og byr på stadig nye utfordringar. I dag hadde me elektrikarar her, og så kom det endå fleire av dei tusen vala som må tast. Skal de ha spottar eller lysrøyr over oppvaskbenken? Skal det vera lys i vitrineskapa? Skal det vera ekstra lys over kjøkkenbenken? Kor mange stikkontaktar ekstra vil de ha? Når passar det at me tek straumen? Og så vidare og så vidare. Eg ante verkeleg ikkje kor mange ting ein må ha ei meining om, og helst litt fort. Nå er me utan steikeomn og kokeplater. Vatnet på kjøkkenet forsvann i sist veke, og det same gjorde naturleg nok oppvaskmaskinen. Nå vaskar eg opp i ein balje ute på verandaen mellom alle skap og hyller som skal i containaren som kjem i slutten av veka, og kjøkkenmontørane har gitt beskjed om at dei er forsinka på grunn av sjukdom.

Og alt dette er bagatellar. Sjølvsagt er det det. Eg tek meg alle hattar for folk som har oppussing som sin lidenskap. Eg trur aldri det blir min. Sjølv vil eg helst måtta tenkja minst mogleg på slike ting, og bruka tida til ting som kjennest viktigare og meir interessante. Det betyr ikkje at eg gir blaffen i estetikk og hygge.  Eg vil gjerne at det skal vera koseleg, fint og gjestfritt hos meg. Eg har ingen ambisjonar om å bu i eit utstillingslokale, men vil gjerne halda meg innan den bakteriefloraen som helserådet meiner me kan tola. Eg ville ikkje lika å koma i lokalavisa eller VG som «rottedama», eller under overskrifta «Paradis for kakerlakker»…

Her skal det sjå ut som om det bur folk, og her skal det vera hjarterom, ein god sofa, blomar og tende lys. Her får det gjerne vera gode fargar og varme inntrykk, og her vil eg helst at det alltid skal vera plass til ein til rundt bordet.

Eg innrømmer at det var på tide å gjera noko, og eg håpar at me kjem i mål etterkvart. Eg gler meg til å kunna bruka timane mine på skriving og andre ting utan å føla at eg stel tida mi frå det eg eigentleg burde ha brukt ho til. Men midt i alt har eg det riktig bra, og turen til Sunnmøre var heilt fantastisk.

Sakta, men steg för steg går det framåt. Det måste man tro. (Sitat Märta Tikkanen)

Heidi

For den som elsker er årstidene åpne dører

Mot en verden av lys

For den som elsker

er årstidene åpne dører

og du skal gå inn


Og alt du elsker

skal gro av deg

hvis du har tid og tør

elske alt som gror i deg


For du er den

som elsker og blir elsket

den som sår og blir sådd

Mot en verden av lys er ditt live

Både kimen og mørket

Stein Mehren.


Den første linja i dette diktet dukka veldig opp i hovudet mitt i dag. For årstidene er verkeleg opne dører. I dag har eg vore inne i det romet som heiter augustmånad, og er har kjent igjen luktene, lydane, lyset og roa frå alle dei andre gongene eg har vore i dette romet. Det er mange gonger etterkvart, men eg hugsa ikkje til fulle korleis det var før eg var der att.

Augustmånad er grøn og frodig blømande med klar luft og kvilepuls. For 25 år sidan var me på Hildre på Sunnmøre for å feira bryllaupet til Henrik og Eva Mari. Nå er me her att for å feira sølvbryllaupet deira. I dei 25 åra som ligg mellom, har det vore mange årstider og mange opne dører, men nå er me inne i det same året att, og foreldra hennar opnar døra for oss akkurat som dei gjorde då. Eva tok i mot oss med kaffi og surmjølkskjeks akkurat som den gongen. Staudene hennar er like eventyrleg vakre som då. Me har ete baccalao i går kveld og i dag har me fått heimefiska krabbar, heimerøykt laks og mange heimelaga salatar. Me har gått tur ute i havgapet og ete nysteikte vaflar med rømme og nyplukka blåbær utanfor sommarhuset til Henrik og Eva Mari i Søvika. Nå er det ein liten kvilepause før sjølve feiringa i eit partytelt ned mot havet. Eg har lova å vera toastmaster, og har litt sommarfuglar i magen, men det går nok bra.

Me har reist langt for å koma hit. Seks ferjer og ca tolv timars kjøring. Først fekk me avlevert Odd Christian og flyttelasset hans i Bergen og sett på det vesle krypinnet der ha skal bu, og kjøkkenet han skal dela med fire andre. Sjølv om det er fem år sidan første gong han flytta heimefrå, så er det eit streif av vemod knytta til at han flytter. Det er ikkje logisk, men slik er det. Det passa godt då eg skrudde på radioen utanfor huset hans, og Kari Bremnes song «Sorgen og gleden de vandrer tilhope».

For å bryta turen opp litt, overnatta me på hotell i Førde, før me tok fatt på den siste vestlandsetappen. Naturen oppover vestlandet er vakker. Det er så fint at ein mest blir litt trist inni seg av å sjå på det. Det høyrest ikkje logisk ut, men eg får ikkje forklart det betre akkurat nå. Eg klarte å få gjennomslag for å stoppa i Astrup-tunet. Eit tun med fleire gamle hus i ei bratt fjellside i Jølster. Det var der kunstnaren Nicolai Astrup budde i lag med den 12 år yngre kona, som gifta seg med han då ho var femten år. Der malte han og laga litografier, og der fekk dei åtte barn på femten år. Då det yngste barnet var to år, døydde han av lungebetennelse og kona fekk klara seg som best ho kunne.

Viss du ikkje veit korleis Astrup malte, bør du googla han og oppleva bileta hans. Då eg såg Jølster og etterpå bileta hans, tenkte eg, «Ja, akkurat slik er det det er.» Det høljeregna då me var i Astruptunet, så me fekk bruk for dei to store paraplyane me kjøpte oss sist me var på Ikea. Eg brukte den grøne paraplyen med store prikkar, og kjærasten min brukte den sjokkrosa. Regnet fekk fargane til å bli endå klarare og meir intense, og på tunet blømde det frodig i dei bratte bakkane. I følge eit hefte eg kjøpte med meg om diktaren, så planta han mange blomar og planter der for å kunna mala dei inn i bileta sine.

Sogn og Fjordane er eit nydeleg fylke, og det same er Møre og Romsdal. Her er me såpass mykje lenger nord enn heime, at kveldane tidleg i august er så lyse som om det skulle ha vore i juni. I kveldinga kjem det fram mange hjortar. I går kveld såg me minst tolv av dei springa langs dei grøne bakkane på oppsida av vegen opp mot dei bratte fjella. På den andre sida var havet med sein kveldssol og båtar og holmar ut mot horisonten.

Årstidene er opne dører, og me skal gå inn.

Heidi



Ingrid hadde oppkjøring i dag

og eg sov litt dårleg i natt. Dels fordi eg hadde lova å kjøra ho, og måtte opp klokka halv sju etter mange late morgonar, og dels fordi eg var nervøs på hennar vegne.  Etter å ha kjørt ho var eg jo oppe, og kunne like godt starta dagen. Eg var innom skulen og henta ein del saker som framleis stod i hylla mi, nå må ho gjerast klar til neste mann. Det var litt  rart å pakka seg ut og vita at «velkomen til nytt skuleår-plakaten» ikkje gjaldt meg denne gongen.

Neste post på agendaen var å demontera vidare ute på kjøkkenet vårt. Far kom ned for å hjelpa, og nå er vasken teken ut og vatnet stengd av. Under oppvaskmaskinen såg det ut som om det ikkje var vaska på veldig lenge, og det var det jo ikkje heller. Derfor gjekk eg laus på partiet med veldig sterkt og varmt Ajaxvatn. Ved veggen var det silikonfyllingar som var ved å sleppa taket. Ein av dei gav ein veldig fin «skyta med strikk- effekt»,  som resulterte i at eg fekk ein skikkeleg sprut varmt såpevatn inn på auget. Først tørka eg bare av med armen, men så vart det ganske vondt. Då eg såg i spegelen at auget var mørkeraudt begynte eg å skyla det med vatn. Eg las på flaska etterpå at om ein fekk Ajax på auget måtte ein spyla lenge med vatn, så eg fortsette å spyla. Eg var inne på tanken om eg burde ha ringt legen, men sidan synet var heilt greitt, rekna eg med at det ville gå bra.

Eg fekk melding av Ingrid at ho ville hentast, og fekk ein nokså sterk følelse av at det ikkje hadde gått bra, men heldigvis hadde ho bare til hensikt å halda meg på pinebenken. Ho hadde klart det… Så nå blir nest bekymring å tenkja på alt eini kan koma ut for når ein kjører bil utan å ha mor eller kjørelæraren på sida av seg… Men eg er veldig glad for at ho klarte det.

Torhild kom på mekke-salme-og omsetjings-besøk. Det var så fint å ha henne her, og det eg ikkje heilt fekk til aleine, løyste seg då me var to.  Pianoet med hennar musikalske fingrar på tangentane var akkurat det som trongst. Me er slett ikkje så verst i lag eg og ho… Etter nokre timars arbeid dukka Per Magne opp, og så var det grilling på verandaen med masse deilig salat for gjestene og dei som høyrer huset til. Seansen på verandaen vart avrunda med jordbær, eplekake og kaffi, og eg oppdaga at dei sure kirsebæra på treet vårt var klare for å eta.

Nå er det tidleg augustkveld, og me kokar kaffi på det nye arbeidsromet sidan kjøkkenet vårt for tida ikkje finst. Eg har kost meg med å dikta songar me skal ha med oss til Sunnmøre. Dit dreg me nemleg i morgon og me tek med oss Odd Christian og flyttelasset hans til Bergen. Den store guten min flytter altså ut att, og snart reiser Oddvar tilbake til Porsgrunn, Ingrid skal tilbake til lærarutdanninga, Halvard og Sunniva til den nye vidaregåande skulen for kreative fag. Kjærasten min skal på jobb til han dreg til Bolivia først i september. Og eg skal sitja her på det nye arbeidsromet og skriva når eg ikkje er på kveldsjobb i kulturskulen. Det skal bli så fint så. Nok ein sommarferie er over, og eit strøk av vemod blandar seg med forventning om noko nytt.

«Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten, og at en kveld i august var den første, besynderlig duse, kjenning av land.» Einar Skjæråsen.

Heidi

Ligretto stopp!

Me er vanlegvis ikkje dei store spelarane her i huset. I alle fall ikkje når det gjeld kortspel og brettspel.  Men då me var austpå sist helg, introduserte Odd Christian oss for kortspelet Ligretto. Det er ein spesiell type kortspel, og kvar eske har kort til fire spelarar. Me utvida til å kjøpa ei eske til i ein annan farge, og dermed kan me spela åtte spelarar på same tida.For å vinna i Ligretto må du vera lynrask i reaksjonane, og du må vera flink til å ha overblikk.

Eg ville jo lika å tru at eg er ganske trent i begge deler etter 25 år i skulen, men nå når heimen er i Ligrettofeber, og det blir spelt seint og tidleg, må eg bare innsjå at slik er det ikkje. Særleg sønene i huset er så godt som heilt umoglege å slå. Spesielt Halvard har teken på dette. Han vinn så godt som kvar einaste runde han er involvert i.

Og eg lurer sjølvsagt på kva dette kan koma av… Eg nektar sjølvsagt å tru at reaksjonsevna hos ei oppegåande dame på førtini er dømd til å vera lenger enn tilsvarande hos ein gut på snart sytten… Slike forklaringsmodellar kastar ein fort overbord… Så kjem eg til å tenkja på alle timane han har sitte med dataspel som fordrar nettopp lynraske reaksjonar og raske overblikk. Kanskje slike spel fører noko godt med seg likevel?

Eller kanskje eg rett og slett må leva med at eg er litt treig av meg… Sjølv om eg altså hadde kallenamnet Lynvingen då eg var femten år… Ein god og tålmodig tapar er eg i alle fall. Det skal eg ha. Målet mitt har etterkvart blitt å ikkje bli aller sist, eller å ikkje avslutta med minuspoeng… Men i følge Odd Christian så er ein god tapar ein tapar… Og ikkje nok med at eg spelar mot dårlege taparar, nokre av dei er ikkje heilt gode som vinnarar heller…

Så om du tilfeldigvis stikk innom dørene her ein av dagane, så ikkje bli overraska om du blir invitert me på kortspel. Det har skjedd med opptil fleire besøkjande den siste veka… Og Halvard og eg ser på Beatlesdokumentarar om nettene når dei andre har lagt seg etter å ha summert poenga sine. Eg prøver å lura døgnet for timar, i verste fall lurer eg meg sjølv. Innimellom er det rydding og bering, det er mykje arbeid med å pussa opp. Ikkje set i gang med slikt utan å ha gode grunnar…

I dag kom eg meg likevel tidleg opp og har jobba med salmen eg skal skriva på oppdrag. Eg har eit nokså bunde mandat, og det er ikkje lett å få det som eg vil. Eg skriv, raderer, tenkjer, skriv, forandrar, raderer og ber til Gud om hjelp til å få fram det eg gjerne vil formidla. Det skumle med å ta slriveoppdrag er at ein må selga skinn før ein har sett spor av bjørn. Eg trøystar meg med at fram til nå har det gått bra til slutt. Når eg er i god flyt med slikt arbeid, så siglar timane frå meg utan at eg merkar at dei i det heile tatt går forbi.

Det er deilig seinsommar ute. August er ein av mine desiderte favorittar mellom alle desse månadane me går inn og ut av som rom i eit stort hus. Litt vemodig er det likevel at juni og juli allereie har stengde dører. Nå skal me leva august med  alle sansar.

August er det mykeste myke jeg kjenner, denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne duft av avskjed i mine hender…

Heidi

Lasagneplater datomerka 2005

er nå rydda ut av matskapet vårt. Det aller meste er rydda ut av skapa faktisk. Om det skuldast støvet eller malingslukta er eg ikkje sikker på, men eg har fått årets allergianfall og auge og nase renn og renn. Regnet renn og nedover huset, og kleda på klessnora som var bortimot tørre torsdag kveld, er nå søkkvåte att. Det er kanskje like godt å få skylt skikkeleg ut av dei, for lukta av hevd låg tungt i lufta i går. Me droppa ideen om gladmatfestival, og bestemte oss for å heller gjera ein heltemodig innsats med alt det som gjerast bør og skal. Det er eigentleg greitt å få begynna på ny ute på kjøkkenet. Skap og skuffer bar preg av at det var lenge sidan sist.

Kvar dag har det skjedd noko kjekt som har gitt meg ein velkomen liten pause frå prosjekta heime. I går vart eg invitert bort til Synneva og kunne beundra all estetikken ho har fått til i sommar. Ho og nokre av dei andre eg kjenner, har verkeleg gåva å få ting til å bli vakre rundt seg. Me åt risgraut, drakk cappuccino og hadde ein jenteettermiddag saman med dei flotte døtrene hennar. Allergien min var bortimot borte vekk då eg gjekk heim.

Oversettingane og salmediktinga mi får få ein liten pause i dag, for eg er så søvnig av allergimedisin at eg trur det går ut over kreativiteten. Halvard og eg har i fellesskap blitt litt hekta på The Beatles den siste veka. Om kveldane har me sett dokumentarar, og me har lese Cynthia Lennon si bok om John, som eg kjøpte i New York for å døyva flyskrekken. Halvar fann filmen «Nowhere boy» på nettet. Filmen handlar mest om John Lennon og kva opplevingar han hadde med seg ut i vaksenlivet. Det er interessant å sjå både Paul Mc Cartney og John Lennon når dei spelar og syng. Eg har alltid likt å sjå på ansikta til folk som spelar og syng. Det skjer noko med ansiktet til nokon som konsentrerer seg sterkt om musikk. Ansikta opnar seg og blir så ærlege.

Eg trur eg opplever noko av det same når eg skriv som nokre gjer når dei syng, spelar, malar eller dansar. Ein forsvinn litt som den personen ein er til vanleg. Benny Andersen som er både lyrikar og pianist har skildra denne tilstanden så fint. Eg avsluttar dette innlegget med å sitera han. Eg begynte plutseleg å lura på om det er ok å legga noko som nålevande personar har skrive ut på internett utan å spørja dei. Det må vel vera lov på private bloggar? Om eg gjer noko gale får du ha meg tilgitt, Benny Andersen… Det er bare det at du skildrar dette så veldig fint.

Spillemand.

Når jeg spiller

er jeg ikke en anden,

men noget andet

tom for alt andet end musik.

Det er ikke min smerte

eller lykke I hører

den forsvinder ved første anslag.

Det er musikken

der benytter sig af

at jeg rører ved den.

Hvor er musikken-

i mine fingre og nerver?

I noderne?

I klaveret?

I mit hoved?

Jeg ved det ikke nu.

Jeg ved det kun når jeg spiller

og ingen forklaring behøver

tom gør jeg det for musikken.

Benny Andersen

Heidi