Gå til innhald

Firerettars middag til Jan Ivar.

Fin middag hos meg

på det nye kjøkkenet

før dramaen på tysdag! – sa eg til Jan Ivar.

Fire rettar? spurde han.

Då er det bare å dekka bord med blomar og lys og kva ein måtte finna.

Gås og and og fasan og alle slags verdas avanserte sausar

sausar med fløyte og raudvin og safran

og kanskje farserte bekkasinbryst

enkel eller dobbel bekkasin

sånn alt ettersom.

med stua trøflar med moltesyltetøy

og eit lite knippe heimeavla asparges?

Fylte pannekaker

til dessert med krem

og eksotisk frukt og

ein dash av sjokoladesaus?

Kaffi med heimelaga konfekt og kvite linserviettar?

Det er noko anna det enn å sykla til Dagny

sånn i kveldinga med heimeavla tomatar,

mogne plommer

og ein fargesprakande miniatyrbukett av blomar

frå alle pottene på verandaen.

Når eg ringer på rett dør, og ho ut med ein klem

får eg koma inn på kjøkkenet og sjå

at ho har fått seg svarte jærstolar.

Så fine dei er, kan eg seia.

Jærstolar er alltid fint,

og spesielt i svart.

Og så kan eg vandra heim att

i fylgje med Kirsten.

me kan trilla syklane ned den lange,mørke, bratte bakken,

i staden for å sykla,

fordi me ikkje har lykt

og uten lykt kunne me detta,

men sjølvsagt er det mest av alt

fordi det er mykje koselegare å snakka enn å sykla

når kvelden er mjuk og mørk og varm og behageleg

og luktar svakt av rosespirea

og det er tidleg på hausten

Når me kjem heim til meg

kan me stå ei stund og snakka under kirsebærtreet

som me må skjera greiner av

før me får ny klage frå vegvesenet,

og som me aldri vil få hjarte til å saga ned

fordi det blømer med så fine kvite blomar

ei veke eller to i mai.

Så skal eg gå inn,

kanskje eller kanskje ikkje

det luktar nybakt brød i heimen,

og eg skal laga vaflar

av det som er att av røre

til Vilde som skal overnatta her.

Og så blir dagen til natt

denne gongen og,

Og i morgon skal eg skriva lenge,

men eg må ikkje gløyma

at det er då eg har lova Jan Ivar

firerettars middag på det nye kjøkkenet mitt.

Heilsteikt pattegris med persilledampa nypoteter,

bruker dei viss ofte på slottet,

men eg trur ikkje heilsteikt pattegris

er tingen for meg og Jan Ivar,

me vil helst ikkje at maten skal likna på levande dyr,

og dessutan rekk eg nok ikkje

å heilsteikja noko som helst før han kjem,

for eg er ikkje så flink til å berekna tida.

Skilpaddesuppe skal viss og vera godt,

men eg trur me gløymer det og i denne samanhangen.

Skilpadder er det smått med

både i dyrebutikken og i frysedisken på Rema,

Men dessertpannekaker

høyrest ikkje bare dumt ut.

Og i verste fall er han som ein hund

etter grandiosa og loff med nugatti.

og eg kan ikkje sitja her og skriva

eg som skal ha ein middagsgjest

om ein time eller to.

Heidi

Dei minste er dei største

Og på sundagsskulen i dag lot eg vesle Serine på to år stå på ein stol og smila for å demonstrera det. Mange teologar og andre har hatt mange tankar om kva i alle verda Jesus meinte med at eit lite barn var den største i himmelriket. Det er ei slags gåte, for han kan ha meint både det eine og det andre. Eg liker gåter og mysterium. Dei minste er dei største og dei første skal bli dei siste. Eg liker slike utsegner i ei verd der det er blitt så veldig viktig å vera størst, finast, rikast, vakrast, slankast, mest medieomtalt, mest populær og mest vellukka. Eg liker det alternative, og til tider litt gåtefulle ved den kristne læra. Eg syklar nokså fornøgd i veg for å halda sundagsskule dei gongene det er min tur, med Thedora, handdokka mi i sykkelkorga og det hemmelege skrinet bak ryggen hennar. Eg liker at i nokre samanhangar er det lov å påvirka og forkynna det ein sjølv trur er godt og rett for barn å tru på. I den vanlege skulen og i kulturskulen er det sjølvsagt langt utanom mitt mandat å påverka nokon religiøst.

Me har ete deilig biff stroganov og hatt koseleg kaffibesøk ute på verandaen. I går var far her og sette opp golvlistene og etterpå åt me rundstykke og drakk kaffi ute i sola på verandaen. Ingrid og eg har gått turar i det fine veret, og eg har til og med hatt nokre timar på sofaen med ei god bok. Det har med andre ord vore ein fin sundag. Eg har tatt skrivefri i helga fordi akslene mine verka etter litt for mange timar ved tastaturet i veka som gjekk. Slik verk går over til hodepine. Eg må nok bli flinkare til å tenkja avspenning og pausar. Og sommarver i september, det seier me ikkje neitakk til. 🙂

Heidi

Og du skal gå inn

For meg blir det meir og meir klart at tida ikkje er ei lang linje, men meir ein kronglete tursti med mange små rom ein kan gå inn i. Når eg les tekstar eg har skrive i september tidlegare år, så kjenner eg meg att. Eg kunne ha skrive omtrent akkurat det same i dag. Men går eg inn i eit rom som heiter februar eller november, så er det ikkje der eg er akkurat nå. Stein Mehren har gjort ein megaobservasjon når han skriv: For den som elsker er årstidene åpne dører, og du skal gå inn. Velkomen inn i september. I dag har eg forresten vore mor i 24 år, gratulerer med dagen, min prins av ein eldstegut, om du skulle slumpa til å lesa her, men det trur eg eigentleg ikkje at du gjer.

Eg må feira den fine haustdagen med å dela ein av dei finaste tekstane eg veit om. Einar Skjæråsen har eit augustdikt og eit septemberdikt som eg får tårer i augene og kalde ilingar av å lesa. Her er september. Og sidan eg først har begynt å vera familiær, kan eg jo dedikera denne til kjærasten min. Han trur eg faktisk les her av og til. Og han har fått den koselege vanene å leggja igjen små post-it-lappar om varm kaffi på kanna og slikt, om han går på jobb før eg er oppe om morgonen. Takk for kaffien. Eg tok den siste slurken akkurat nå.

Høstvise.

Min elskede, jeg har en vise å synge
når bladene faller og fuglene drar.
Det sukker i skog etter sang som forstummet,
det mørkner i muld etter grøde som var.
En blekere årstid skal røre vår tinning,
med hastige vinger og drivende løv.
September skal gå over jorden og kalle
dens ånde til stillhet, dens hjerte til støv.

En sommer er borte og ringeren ringer.
Og vinteren venter bak visningens port.
Vi også skal møte vår høst og forarmes,
vår styrke skal trenges tilbake og bort.
Og sneen skal falle så stille, så stille,
og stemmene dempes i far og i foss,
og en gang en vårdag skal knoppene springe
og heggen skal blomstre, men ikke for oss.

Vi er hos hverandre mens dagene vendes
mot fjernere himmel og lavere ild
og alt som har feste og hjem under solen
er med i det store mysteriespill.
Jeg favner din favn, og jeg kysser din panne
og har deg med ømmere tanker enn før.
Min elskede, jeg har en vise å synge
mens fuglene flokkes og trekker mot sør.
Einar Skjæråsen

I går brukte eg store deler av dagen til å leita på nettet i gamle kyrkjebøker. Historien om oldeforeldra mine, Anna og Bendiks, og om barna deira rører meg meir enn eg hadde trudd. Eg sat og jobba med det til langt ut på natta. Eg har oppdaga at om eg legg to bloggeinnlegg veldig tett i tid, så les folk bare det siste. Så altså, viss du vil høyra kortversjonen av historia om Anna og Bendiks må du lesa det førre innlegget, som eg skreiv ein gong tidleg i natt.

Heidi

Ingvald og Ragna.

Eg må først vedkjenna at eg uforvarande har kome med usanning her. Det var ikkje meininga, og nå skal eg prøva å retta det opp…

I går var eg på ei Arne Garborg- samling i 18.etasje i det einaste, og framleis svært nye høghuset her i byen. Det var utruleg flott å sitja der med bortimot panoramautsikt over Jæren med hav og hei. Sigbjørn Reime, ein utruleg flink Garborg-forskar og formidlar, fortalde om ei ny bok han hadde skrive om familien til diktaren, og oppveksten hans. Han fortalde at slikt arbeid var blitt mykje lettare nå som kyrkjebøkene er lagde ut på internett. Den opplysninga slo ned som eld i meg. Fantest det verkeleg kyrkjebøker på internett? Eg har lenge hatt lyst til å gå til kyrkjebøkene for å finna ut meir om familien til bestemor, som eg skreiv om her i sist veke. Det eg veit har vore fragmentarisk. og ein del opplysningar har vore uklare, eller rettare sagt dei har nok blitt det i mitt hovud, for dette er ting eg delvis høyrde om då eg var barn, og ikkje har høyrt så mykje om seinare. Sidan Bestemor ikkje ofte hadde lyst til å snakka om desse tinga, trur eg ikkje nokon av oss som lever nå har visst så mykje meir enn meg. Det å leita i gamle kyrkjebøker, har stått for meg som tungvint og lite tilgjengeleg, men sjå om eg ikkje fann ut av det. Det aller meste av det eg trong låg på internett. Der fann eg kopier av gamle kyrkjebøker i dei sokna der familien haldt til og så var det bare å leita.

Den første usanninga var at dei skulle ha vore ti barn. Eg veit ikkje korfor eg har trudd det, kanskje eg blandar med ein annan av besteforeldreheimane? I kyrkjebøkene finn eg bare åtte barn, så då er det vel kanskje slik det er. Eg må heim til foreldra mine og finna det gamle biletet… Men nå får eg sjå å koma i gang med historia før alle mistar ein kvar interesse. Her kjem altså i korte trekk historia om familien til mormor mi…

I november 1887 gifta Bendiks Endresen Anda, som då var 33 år gammal, seg med den bare 18 år gamle jenta Anna Kristine Assersdotter Anda. Om det vart sett på som heilt naturleg at brurgommen var 15 år eldre enn den purunge brura, veit eg ikkje. I alle fall vart dei gifte, med faren til brura, Asser Asserson Anda, og ein kyrkjesongar, som vitne. Allereie i februar 1888 får dei det første barnet, ei jente som får namnet Teline Edvardine. På Figgen, halvanna mil unna, blir Figgens Uldvarefabrikk stifta i 1889. Her er det arbeid å få, og det blir starta eit heilt lite samfunn rundt denne fabrikken. Det blir bygd arbeiderbolig med både matsal og «fellesbespisning» i kjellaren, og etterkvart opnar dei ein eigen skule for arbeidarane sine barn. Her blir det undervist på riksmål, som seinare skulle utvikla seg til bokmål, medan bondeungane i området les landsmål (nynorsk). Eg har blitt fortald at dei vaksne i den vesle familien gjekk til fots til Figgen,  medan flyttelasset, og sikkert veslejenta og, var på kjerra, som dei hadde lånt ein hest til å dra.

Det ser ut som om det ikkje kom fleire barn i familien før Teline var fem og eit halvt år. Då vart dottera Inga fødd, og bare litt over eit år seinare fekk dei ei jente dei kalte Amanda. Margit, som skulle bli åtti år gammal, og «Moster» for to generasjonar barn, sidan ho sjølv forblei ugift, vart fødd halvanna år etter dette, i juli 1896. Då hadde Teline rukke å bli åtte år. Så gjekk det igjen fem år før neste familieauke. Alfhild vart fødd 25. mai 1901, og Borghild som skulle bli mi mormor, vart fødd i september 1903. Den 24. september, to år seinare, fødde Anna Kristine tvillingar, ein gut og ei jente. Guten, som vart den første sonen i familien, fekk namnet Ingvald, og jenta blir døypt Ragna. I familien har dei nå åtte barn, eldstejenta er 17 år gammal. Om det var stor glede over å endeleg ha fått ein son, veit eg ikkje. Det kan tenkjast at sjukdomen allereie prega familien, eller kanskje var alle framleis friske og uvitande då tvillingane var nyfødde…

Den 1. november same året mistar dei vesle Alfhild, som døyr av tuberkolose, fire og eit halvt år gammal. Margit, grandmoster mi, snakka mykje om Alfhild. Det virkar som om ho var spesielt knytta til denne fem år yngre systera. Ho fortalde meg fleire gonger at  «Du æ så lige u litla Alfhild vår. Hu va akkurat sånn så du Heidi.» Då ho sa dette så bestemor høyrde på, svara bestemor: «Ja æg høyre du seie dæ, men æg kan ikkje husa na». Truleg har fleire av ungane vore smitta, for 2. desember, bare ein månad etter, mistar dei to barn til, det er Amanda som døyr ein månad før ho skal fylla 11 år, og den vesle guten som då er litt over to månadar gammal. Tvillingsyster hans døyr dagen etter… Det var dette dei snakka om då dei sa at Bendiks hadde tre lik i stova samtidig, og mor hugsar at dei føygde til, » Og endå gjekk han på arbeid…»

Om mor deira var sjuk då desse tre barna vart gravlagde 9.desember, veit eg ikkje. I fylgje moster vart tvillingane gravlagde i same kista. Oldemor levde ikkje meir enn halvannan månad lenger enn desse tre barna sine. Den 23. januar døydde Anna Kristina av tuberkolose, eller tæring, som det står i kyrkjeboka, 37 år gammal. Borghild, som altså skulle bli bestemor mi, var då framleis ikkje to og eit halvt år gammal. Eg har forstått det slik at eldstesystera Teline, tok seg av henne dei første åra, og då ho gifta seg med Birk Torgersen Ravndal på Ålgård, bur vesle Borghild hos henne nokre år. Før ho rekk å fylla fem år,døyr ei til av storesystrene storesyster hennar, Inga, fjorten år gammal. Ho døyr av tuberkolose slik som dei andre syskena. Nokre månadar seinare, får Teline og Birk ei eiga lita dotter. Ho blir fødd i juli 1908, og merkeleg nok  kallar dei henne og for Borghild. Borghild Amanda, står ho skriven inn som i kyrkjeboka, så det ser ut som om Teline har kalla henne opp etter to av systrene sine. Teline får så tuberkolose og døyr ho og, frå dotter si, og frå den vesle systera som ho tek seg av.

Bendiks står att med dei to døtrene Margit og Borghild. Margit får ein augesjukdom og held på å mista synet. Ho ligg lenge på sjukehuset og mistar eit heilt skuleår. Då ho kom tilbake. sa læraren at ho ikkje trong gå om att, for ho visste like mykje som dei som ikkje hadde vore sjuke. Borghild, bestemor, har fortald meg mykje om barndomen sin saman med far sin. Ho sa ofte, «Mor hadde eg ikkje, men eg hadde enn duale jille far.» Om barndomen sin fortalde ho meg mykje, men det får det eventuelt bli tekst om her ein annan gong.

Sjølv om dette er fjern historie, som eg aldri heilt har fått taket på, så kjennest det viktig for meg å prøva å setja meg inn i denne situasjonen. Det kjennest som om det framleis går nervetrådar frå denne historia heilt inn i min generasjon og kanskje endå lenger. Kva folk måtte leva med på denne tida… Eg skulle ønska eg visste endå meir. Eg er redd for at alle dei som veit noko særleg meir enn dette om denne historien er døde alle saman nå.

Heidi

Om diagnosar og sånn

På siste dagen i august sit eg her og reflekterer litt over dette med diagnosar. I dei åra eg har jobba i skulen, har det omtrent eksplodert med diagnosar. Elevar kjem med bokstavar og namn på tilstandar som til dels omtrent ikkje ein gong var oppdaga då eg utdanna meg tidleg på 80-talet. Til å begynna med kjende eg ei viss vegring mot alle desse diagnosane. Kva skulle me nå med alle desse båsane, og skulle ein driva og medisinera barn med særpreg for å få dei til å bli meir A4, og for å få det til å bli rolegare i klasseromet?

Men etterkvart har eg endra innstillinga, som eg forøvrig ikkje flagga veldig høgt verken då eller nå… Eg ser at ein del barn med diagnosar har fått ein betre kvardag når me skjøner korleis verda ser ut for dei, og når dei eventuelt får medisiner som gjer at dei betre kan styra forstyrrande impulsar og sanseinntrykk. Når dette er sagt så er eg veldig sikker på at me ikkje må la diagnosane vera det første og mest tydelege bilete me har av barnet. Det kjennest ikkje rett å snakka om «Aspergaren i fjerde klasse» eller «alle bokstavbarna på sjette trinn.»

Eg er sikker på at svært mange diagnosar framleis ikkje finst. Det ville jo vera merkeleg om me akkurat nå i dette tiåret plutseleg hadde fått alt på bordet. Eg er for eksempel sikker på at eg sjølv lid av det ein kunne kalla «dys-spatiali». Det vil seia manglande evne til å orientera seg i romet og til å finna fram. Stadsansen min er katastrofalt dårleg, og om eg ikkje går meg villt i nabolaget, så skal eg ikkje mange gatene unna før eg kan prestera å gjera det. Eg har venninner eg besøkjer jamnleg, og kvar einaste gong rotar eg rundt i gatene og leiter meg vegen fram.  Andre i min familie har det heilt likt, så det er truleg ei arveleg greie. Kva vil ein framtidig diagnose kunna tilføra oss? Retten på gratis GPS? Støttetimar i å finna fram?

Eg reagerer og på måten fokuset blir festa på overvektige barn akkurat nå. Eg hadde sjølv vektproblem frå eg var ca seks år til eg var ca ni år. Eg bare veit at om eg var blitt henta ut av ein lærar til det å springa rundt i gymsalen med andre overvektige barn, medan klassen min hadde norsk eller historie, så ville eg ha opplevd det heilt forferdeleg.  Det ville ha kjenst både stigmatiserande, urettferdig og audmjukande. Denne tanke-erfaringa, for det var heldigvis ingen som tenkte på slikt då, så eg slapp Gudskjelov unna, er med på å få meg til å tenkja med varsemd på kva me gjer når me set i gang ulike støttetiltak for ulike ungar.

Grunnen til at eg sette i gang med å skriva dette innlegget, er at eg akkurat nå les dikta til Gro Dahle. Ho er ei fargerik, morsom, flink og kreativ dame omtrent på min alder. Eit av kjenneteikna hennar er to muntre musehalar på hovudet og eit stort strålande smil. For to år sidan stod ho fram og fortalde at då to av barna hennar fekk diagnosen Asperger syndrom, skjøna ho at ho og hadde dette syndromet, og ho fekk medhald frå fagfolk i at ho verkeleg hadde denne diagnosen. På You-Tube fann eg ein podcast frå eit program i radioen der ho held eit lite foredrag om seg sjølv og diagnosen sin. Det er både interessant og lett å finna fram til, viss andre har lyst til å høyra. Asperger syndrom blir og kalla «Professorsyndromet», fordi dei som har det har spesialfelt som interesserer dei veldig, og dei har ofte veldig høg IQ. Eit anna kjenneteikn er at dei slit med det sosiale samspelet mellom menneske. Ho framhevar mange kjende personar som truleg har hatt Asperger, eller som verkeleg har fått diagnosen. Ein av dei er Bill Gates. At vår eigen Arne Garborg skal ha hatt diagnosen, må eg tygga litt på. Eg får det bare delvis til å stemma når eg koplar dette til alt eg veit om han. Men for å seia det med eit  godt jærsk uttrykk: «Va de`kje dæ sama kæ an hadde?»

Kva eg vil med denne teksten, då mon tru? For det første bare tenkja litt høgt, og for det andre å hevda at me må ikkje hekta oss så mykje opp i ein eventuell diagnose at me gløymer å sjå på mennesket bak. Me er alle uendeleg mykje meir enn alle dei diagnosane me eventuelt måtte ha… Og kva kunne vel passa betre enn å la Gro Dahle avslutta denne økta?

Han sa: Ikke

med

fornuften

men

med månen

i munnen

skal

du lese

teksten

den

er

åpen.   (Gro Dahle)

Ha ein fin dag med eller utan diagnosar og bokstavar!

Heidi

Sundagen har landa.

Det er sundag og eg står opp.

Alle ting er nye.

På kjøkkenet mitt er det glitrande svarte benkplater av stein

og nye kvite skap

så merkeleg det er.

Eg set meg med tastaturet under fingrane.

Dikta kjem i lange rekkjer  i dag.

Dei held einannan i hendene,

og eg smilar til dei.

Kakerøre av eggekviter og valnøter,

av sukker og knuste ritzkjeks.

Døtrene mine sit på dei nye kvite stolane

dei ser på meg som baker. Alt er så nytt,

Me har framleis ikkje knekt kodene til

steikjeomnen og microen.

Der står mor og far i kjøkendøra

dei har med rosa rosern.

Du kan dela buketten i to seier mor.

Ingrid skal hjelpa til,

for eg står jo og baker.

Vasen veltar med alt vatnet.

Og folk spring til

for å berga det nye kjøkkenet frå alt vatnet.

Dei ser på meg begge to,

mor mi og dotter mi

med same blikket på meg i midten.

Dokke gjer meg heilt nervøs seier eg,

og så prøver me å le.

Dei viser korleis eg kan legga lokket

for ikkje å søla kvit krem på den nye blanke plata.

Men eplekaka blir viss ikkje steikt.

har me då endå ikkje forstått denne nye steikeomnen?

Men så blir det kake med krem og bringebær

med druer, nektarin og kiwi

og eplekake med sukker og kanel

og krem i ei lita blå skål. Me får meir gjester.

Der kjem Anne Mette

akkurat på tida nok for kake.

Vepsane er innpåslitne på denne tida.

Anne Mette balanserer ein asjett med kake,

på den eine sida har ho katten,

på den andre ein augustveps.

Far min,

supermann utan fantomdrakt

prøver å fanga stikkeklare veps med bare fingrane.

Han er viss den siste mohikanar eller noko slikt.

Og så blir dagen ein samtale,

så fint å ha deg her, Anne Mette.

Sidan ho må rekka ein konfirmasjon om ei veke,

kan ho ikkje vera her så lenge.

Om eg bare unne finna brillene mine,

kunne eg sitja på til sentrum

for å sjå på forstilling ein gong til.

Eg vil jo sjå Vilde dansa,

og eg vil sjå mor hennar få tårer i auga fordi Vilde dansar,

det er noko eg  plutseleg heilt bestemt ikkje vil gå glipp av,

dersom eg bare kunne finna brillene.

Har du gitt opp, spør Anne Mette

når det er fem minutt att til forstillinga.

Eg gjer ikkje opp før om to minutt, seier eg.

og der er dei jammen, i aller siste minutt.

Så syng me i bilen eg og Anne Mette,

bi på herren vær ved godt mot,

Jeg løfter mine øyne opp mot fjellene,

og alt er så fint,

og visst rekk eg forestillinga,

i siste augneblinken rekk eg ho,

der står Sunniva og sel brus,

for ho spelte forestilling i går,

og skal ikkje spela i dag.

Give me five seier ho, og det gjer eg.

Og Vilde dansar, dverg og apekatt,

krabbe og indianar,

og Irene er Ariel med vippande augnevipper

og med lang havfrueparykk.

I går var det  Sunniva som dansa,

dei er så fine alle saman.

May Brit vil bli med og sjå på kjøkkenet,

og der står jammen Heidi og Per Inge i gangen heme.

Eg blir så glad fordi dei er her.

Ingrid har bakt rundstykke

og framleis er her att litt kake.

Eg må bare skunda meg litt

for eg skal i kyrkja og lesa dikt,

og så skal eg rigga til bønevandring,

Eg leitar fram ikonar

og det vesle krusifikset som Sofie laga til meg,

eg finn blanke ark

og krossen av krystall

som Odd Christian bar heim til meg i ryggsekken

frå saltgruva i Polen.

Han reiste rett etter 11.september

det året då 11.september brende seg inn i historia

og eg ville mest ikkje at han skulle reisa

til Polen i den store bussen

medan verda var av hengslene

men det er ein annan historie.

Eg halar med meg den store krukka etter bestemor,

som eigentleg ikkje er så veldig fin,

men som bestemor var glad i og eg nok aldri

kjem til å klara å kvitta meg med.

Nå skal ho vera bønekrukke med bøner frå folk til Gud,

og ho skal berast fram til alteret.

Kulepennar og fyrstikker må eg ta med meg,

ein stor spegel frå kjellarboda,

blomar frå hagen, vasar

og tre av mor sine roser.

Og så må eg reisa.

Kom snart igjen det er så fint å ha dokke her,

seier eg til Heidi og Per Inge,

og så må eg springa.

Eg kjem ti minutt etter avtalt tid,

og det blir litt hektisk før roa senker seg i kyrkja.

Torunn står i døra og deler ut salmebøker,

men  framleis har ingen kome.

Eg veit ikkje kva for eit av desse dikta eg skal lesa,

seier eg. Har du tid til å velja eit av dei?

Ho les fort gjennom og meiner det same som meg.

Så senkar freden seg,

og trompeten løfter oss til himmels

saman med orgelet.

Så heldig eg er som her ein plass å høyra heime i,

tenkjer eg,

eg har ei kyrkje å bu i.

Og eg les dei to dikta frå lesepulten

og det kjennest bra.

Dei er heilt nye seier eg til folk,

men eg tok sjansen på å lesa,

sjølv om eg kanskje kjem til å forandra dei.

Etterpå det godt å vera heime.

Eg har vondt i hovudet og vil legga meg.

Ingrid kjem opp med varm suppe.

Varm suppe med mais og bøner

og med små tacoskjell til å dryssa på toppen.

Så et eg suppa i det nye kjøkkenet mitt

i lag med den same gamle kjærasten.

Sundagen har landa.

Han vart god.

Melder Heidi frå føremiddagen etter. Ho leikar forfattar og eksperimenterer litt med formene.

Heidi

Bare for det atte…

Me kjem inn til byen

i båtar og bussar,

på trikkar og i T-banar,

med narreluene våre på hovudet,

med prikkete klovnedrakter og gule parykkar,

med raude nasar og store trompetar,

kan henda til og med

med ein og annan knappholsblom,

som kanskje kan spruta vatn.

Me kjører opp og ned i rulletrapper

og et softis på fotbalbanane.

Me kjører karusellar,

og ligg nynnande på ryggen i parkane

med eit glas bringebærsaft eller to.

Me vinkar til kvarandre

frå toppen av store statuer,

og dansar på hustaka

med store fargerike ballongar

i lange snorer frå handledda.

Me badar i fontenene

og moonwalkar på sjølvaste Karl Johan.

I kyrkjene syng me høgt,

og stundom grøssande falskt,

med høge glade stemmer.

Etterpå sender me papirfly med bibelvers,

og kastar raude og grøne slikkepinnar

ned frå galleriet-

Me speler munnspel for gamle damer på bussen,

og deler ut heimedyrka tomatar på flytoget.

Me graver djupe holer til klovneskorne våre på strendene,

og vassar barføtte i sjøen.

Me sår solsikkefrø i kommunale bed,

og  flettar løvetannkransar som triste menn kan ha i håret.

Me er der,

men det er ikkje alltid du har auge til å sjå med.

Me er der likevel,

både i oktober og på torsdagar.

Ser du kongen kjøra forbi

i den store svarte limousinen sin,

skal du ikkje sjå vekk i frå

at det sit ein tre-fire stykker av oss i baksetet

og spelar feiande marsjar på kam.

Det er ein stille invasjon av oss klovnar og narrar,

snart skal me kitla livet til det ler høgt.

Blås opp ballongen og hent ukulelen ned frå skapet.

Det er plass til deg og.

Seier Heidi, som av og til blir lei av at alt skal vera så alvorleg og seriøst… Nokre av oss vart kanskje aldri heilt vaksne på den sjølvhøgtidelege måten me kanskje av og til burde ha vore det på. Det kan vera litt flautt å bli overmanna av fnising når ein nærmar seg femti.

Heidi

Klokka tre eller der omkring

var elektrikarane ferdige, og så var kjøkkenet og resten av huset vårt. Dei måtte rett nok koma tilbake for å kikka på taklampa som flimra og laga surrande lydar, men så var det gjort og me var innflytningsklare. Det kjendest omtrent som ei innflytting etter å ha budd midt på stovegolvet i fire veker med kassar og kar på alle kantar og oppvask ute på verandaen. Nå her eg til og med pussa arvesølvet som glitrar og skin frå øverst i dei opplyste vitrineskapa. Ettermiddagen og kvelden har me brukt til å få saker og ting på plass i skuffer og skap og sortera ut det som kan kastast eller forærast til frelsesarmeen. Nå er det meste på plass, men stova må me gjenerobra i morgon og prøva å få ting på plass att og å få vaska skikkeleg der, for det har det vore vanskeleg å få til nå i byggefasen. Det eine dreg det andre med seg, og plutseleg ser stova veldig shabby ut i forhold til kjøkkenet. Me får velja å kalla det «shabby-chic» det er høg mote…

I morgon blir det ny tur til Ikea for i beste fall å skaffa oss eit lite bord og eit par stolar i tillegg til nokre lister og handtak som mangla då me skulle montera. Me er blitt tittgjengde der. Til oppmuntring for ryddande foreldre, reiste Ingrid ut og handla mat og nye klutar, og så innvia ho kjøkkenet med å laga middag til oss. Me stod der alle tre og brukte sikker tjue minutt på å finna ut korleis kokeplatene fungerte, men me fekk det til til slutt. Rett nok hadde Halvard med største sjølvfølge varma seg litt mat på ei steikepanne ein time tidlegare, men Halvard var ausgeflogen, og ingen av oss forstod korleis han hadde fått det til. Men til slutt ordna det seg og me fekk servert bakte poteter med smårettsbacon, salat, løk, kvitløk, rømme, mais og ost. Det smakte kjempegodt. Ho er slett ikkje så verst, ho der eldstejenta vår.

I føremiddag har eg skrive litt, og studert dikta til Skjalg Bye, Anne Bøe, Paulo Coelho og Leonard Cohen. Det er kjempeinterressant å jobba med dikt og diktarar på denne måten. Ein av dei rørande opplevingane frå i dag var å gå inn på YouTube og sjå Leonard Cohen framføra Hallelujah. Han står der med svart hatt og er litt gammal mann og syng med sjela si på ein så sår og oppriktig måte at det i alle fall treff eit eller anna i mageregionen på meg. Eg anbefalar deg å gjera det same.

Då eg var sånn omtrent ferdig med dagens skrivande timar, kom Venus inn med masse slike små frøstjerner som dryss frå eit eller anna tre, og som det er fullt av nå om hausten, i pelsen sin. Ho ville spasera på tastaturet og klappast og kosast og matast. Så fekk eg veldig koseleg og litt overraskande besøk av Borghild, niesa mi som er nyutdanna fotograf. Eg håpar at eg og ho kan få til eit samarbeid om eit eller anna kreativt prosjekt. Ho tek så fine bilete. Dei kan sjåast på http://www.borghild.com. Sundag for tre veker tok ho med seg Sunniva, Vilde og Irene med ut på det som på godt norsk blir kalla for photoshoot, og eg synest at bileta er blitt veldig vakre.

Og nå trur eg Sunniva kjem heim, det betyr at eg og kan legga meg snart… Og i kveld er eg faktisk klar for det…

Heidi

Ödet

En stjärnljus natt när du vakar

skal Ödet slå på din dörr,

och söka dig med ögon av sällsam färg

som aldrig någon talat om förr.

Hon sjönk som dogg ur luften,

hon föddes av rymdens famn,

och ingen, ingen har mött hennes blick,

och ingen har givit henne namn.

Til dig är hon kommen ur Intets land,

för dig er hon skapad nu,

och ingen, ingen i tiders tid,

har kysst hennes läppar som du.

Karin Boye

I dag fekk Karin Boye lov til å opna «sendinga» her hos meg. For dei som ikkje kjenner henne, så er det ho som har skrive «Ja visst gör det ont när knoppar brister», og for dei som slit med svensken, så er öde det same som skjebne på norsk. Eg brukar ein del av tida mi på å lesa dikt, både fordi eg finn det veldig interessant, og fordi det eg helst vil bruka dagane på akkurat nå, er å skriva dikt. Eg reknar med at eg vil få masse inspirasjon og sikkert læra mykje av å lesa andre sine dikt. I alle fall gir det meg mykje glede å gjera det. I dag les eg Emil Boyson, som eg i motsetnad til Karin Boye kjenner lite til frå før.

Det eg har latt meg berørast av er skjebnane til desse diktarane Begge to fekk livsløp som var alt anna enn A4. Karin Boye stod etterkvart fram som lesbisk, i ei tid då homofili offisielt sett ikkje eksisterte. Ho var gift eit par år med ein mann, og levde seinare i livet saman med ei kvinne som truleg var sjukeleg sjalu. Karin Boye var heile livet på jakt etter det fullkomne, rette og reine. Idealet hennar var å leva i fullkomen tillit til verda og maktene. «Jag vill möta livets makter vapenlös». Dette viste seg å bli for vanskeleg, og litt over førti år gammal, gjekk ho tynnkledd ut i vinteren, med eit glas tablettar, for å ta overdose og så frysa i hel. Kjærasten hennar gassa seg sjølv til døde året etter. Dei som les dette kan gjera som meg, gå inn på youtube og høyra Karin Boye sjølv lesa diktet sitt om at det gjør vondt når knoppar brister. Første gong eg høyrde dette diktet, var eg framleis barn, og det gjorde djupt inntrykk på meg. Sender ikkje NRK «Ord for dagen» lenger, slik dei gjorde i barndomen min? På den tida vart føremiddagane innvia med eit dikt på radioen, og ein del av dei hugsar eg framleis som ilingar nedover ryggrada.

Emil Boyson var som ung mann ute og reiste. I Berlin møtte han ungjenta Friedel, med lange svarte fletter, som var ute og lufta hunden sin. Ho var noko så eksotisk som hittebarn og «sirkusberiderske». Han vart bergteken og forelska, og dei to gifta seg. Kort tid etter, reiste han til Norge, og ho skulle reisa etter når han fekk råd til å forsørga henne. Det skulle visa seg at det gjekk bortimot eit liv før ho kom. Han levde av å skriva dikt, og hadde knapt nok råd til å kjøpa mat til seg sjølv etter at han hadde send mesteparten av det han åtte ned til Friedel som visstnok pleia adoptivforeldra sine i sirkuset. Slik eg forstår det, var det ikkje før dei nærma seg alderdomen at han fekk hjelp av forfattarforeninga til å skaffa seg ein toromsleiligheit og henta Friedel til Norge.  Biografane undrar seg på om han ikkje vart djupt utnytta av denne kvinna som fekk alle pengane hans, men i Boyson sine etterletne papirer, som han ønska utgitt etter sin død, skriv han om Friedel på ein så  øm, beskyttande og vakker måte at eg mest blir rørt til tårer. For han forblei ho naturbarnet og den vakre jenta frå sirkuset, som han ønska å opphøya til dronning og bera på hendene sine. Ho sat inne i den vesle leiligheiten heile vintrane, medan han skunda seg alt han kunne ut for å kjøpa mjølk og brød slik at han ikkje skulle kjenna seg einsam. Og når ho gjekk ut i hagen ein gong i juni skriv han opprømt og kjærleg om låtten hennar då ho såg fuglar og blomar som ho var så glad i.

Og her i heimen går kvardaglivet sin dansande gang. I dag bestyrer eg ein elektrikar, ein røyrleggjar og to snekkarar, medan eg sit her og skriv. Det ser ut som om kjøkkenet vårt blir ferdig i dag, og det skal bli ein sann fryd etter fire veker utan skap, skuffer og oppvaskmaskin, og etter tre veker utan komfyr og steikeomn. Og fint blir det og, ser det ut til. For å toppa det heile, har me fått brev om at brannvesenet skal koma på befaring i dag. Dei er ute på ein runde og besøkjer alle husstandane i den vesle byen min, for å sjekka brannsikringa. Nå har dei akkurat fem minutt på seg til å koma, dersom dei skal halda tidsavtalen frå brevet om å koma mellom ni og elleve om førmiddagen. Det kan nok henda dei slit litt med timeplanen etter ein verkeleg storbrann her i går, der 500 griser brann inne under ein brann i eit stort grishus. I tillegg vart to røykdukkarar røykskade og måtte fraktast til sjukehuset i legehelikopter. Me møtte fire brannbilar og diverse andre utrykningskjøretøy i går då me kjørde inn til Ikea for å ordna nokre feilleveringar. Eg måtte ringa Ingrid for å forsikra meg om at det ikkje var ei togulukke, ho var akkurat då forventa å vera på toget på veg heim frå universitetet. Me skjøna jo på mengden av bilar at dette var noko meir enn ein husbrann.

Hausten har kome tidleg i år, eg insisterer på at det framleis er sommar sidan me skriv august i ei veke til, men den sterke vinden i går og mengdene med regn den siste veka kviskrar ordet haust. Eg har gått barbeint til nå, men har måtta leita fram eit par ullsokkar til å ha på føtene. Eg må til og med innrømma at eg frys litt her på skriveromet mitt, eg må nok skaffa meg ein omn. I går fekk eg bore med meg heim to tunge bereposar frå biblioteket. Dei skal stengja fordi me skal få nytt fint bibliotek her, og det var ikkje alle bøkene dei hadde tenkt å flytta med seg. Diktsamlingar til fem kroner stykket er det ikkje noko å seia på. Dei fleste såg ut som om dei knapt nok var opna av ivrige lånarhender. Meir lyrikk til folket seier eg lågmælt, og det er nok ikkje mange som høyrer meg.

Heidi

Det kjennest som verkeleg ekte luksus

Dette å kunna stå opp og gå rett på arbeidsromet for å koma i gang med skriving. Eg fyller det rosa kruset som eg kjøpte på ein bruktbutikk, og som eg liker så godt, med varm deilig morgonkaffi som kjærasten min har laga. Så tek eg med meg tre små kavringar med brelett, fordi eg ikkje vil ta meg tid til å eta først. Eg vil eta medan eg jobbar. Det er sikkert mykje lurare å ta seg tid til skikkelege matpausar og alt det der, men eg må få lov til å vera litt nyforelska i heile situasjonen.  Utanfor skin sola, og eg ser ut på moseflekkane på taket på leikehytta i hagen, på greinene på ei hengebjørk og på den augustblå himmelen med kvite dottskyer.

Fordi vil skriva lyrikk akkurat nå, gir eg meg sjølv lov til å bruka ein del tid kvar dag til å lesa dikt. I dag les eg dikt av Jens Bjørneboe i boka «Aske, vind og jord.» Eg oppdaga dikta hans før eg vart vaksen og dei har alltid fått det til å gå ilingar langs ryggrada mi. Og i det eg skriv dette, tenkjer eg at eg må passa me så dette ikkje blir ein lyrikkblog for veldig spesielt interesserte. Eg vil det skal vera ein blogg om det vanlege livet og om det å leva i, som mange kan ha interesse for å lesa, ikkje bare slike lyrikknerdar som meg sjølv.

I går var det sundag og eg kledde opp teaterdokka mi, Theodora, for å sykla til kyrkja og ha sundagsskule. Eg ler litt av min eigen galskap i det at eg let Theodora sitja i sykkelkorga slik at ho kan sjå medan me syklar. Eg har liksom ikkje samvit til å la ho ligga nedpakka i veska, og eg tenkjer for meg sjølv at nå er det i ferd med å tippa over, men samtidig liker eg at eg framleis har så mange oppriktig barnslege trekk. Her ei natt drøymde eg at eg såg meg i speilet og at andletet mitt var fullt av rynker. Eg såg ut som om eg var nitti år, og det kjendest skremmande.  Det er ein kunst å akseptera at åra går, og eg takkar Gud for at eg i beste fall framleis kan ha halve livet framfor meg. Men du all verda så fort eit liv går, sjølv om ein nyt det bitvis og i langsamt tempo. Det er ikkje rart me får mareritt av og til. Det er verkeleg noko i det forkynnaren i Bibelen skriv om å telja sine dagar og få visdom i hjartet.

Der syster mi har huset sitt, bygde ein gong oldeforeldra mine eit hus. Dei kom frå flataste Jæren og ville flytta dit for å få jobb på ein ny fabrikk. Fabrikken var ein trikotasjefabrikk, som seinare, vart berømt for badedraktene sine, som først var strikka av tynt ullgarn. Dit kom dei gåande. Dei gjekk fleire mil med hest og kjerre med flyttelasset oppå, og eit lite barn som sikkert fekk sitja på kjerra ho og. Dei bygde seg eit lite, kvitt hus, og fekk ti barn. Dei to yngste var tvillingar, og då dei vart fødde kom det tuberkulosesmitte til bygda. Ei gammal dame fortalde meg for lenge sidan at ho hugsa då Bendiks, oldefaren min hadde tre lik i stova samtidig. Det var oldemor som døydde frå nyfødde tvillingar, og begge tvillingane døydde og. Oldemor vart lagd i ei kiste, og dei små nyfødde vart lagde saman i ei anna kiste. Bendiks mista åtte av barna i tuberkulose, og bare bestemor og syster hennar, som forblei ugift, og seinare moster både for mor mi og brørne hennar, og for meg og syskena mine. Ho vart ein viktig brikke i barndomen min. Eldste syster til bestemor hadde alt gifta seg  og fått ei lita jente før ho vart sjuk, og ho rakk å vera reservemor for bestemor i nokre år før ho døydde.

Me har eit bilete av familien før ulukka tok dei. Der står dei oppstilde alle saman, bortsett frå tvillingane som endå ikkje var fødde. Dei ser alvorlege ut, for det skulle ein vera hos fotografen. Dei store jentene hadde mørke kjolar og håret greidd stramt bakover med sukkervatn for å skjula krøllene. Bare bestemor sit der, mest utan hår, og med blondekrage, på fanget til mor si og er bare eitt år gammal.

Dette biletet orka bare bestemor å ta fram for å sjå på ein sjeldan gong. Det pleidde å stå på «høgaloftet», snudd inn mot veggen. Eg hugsar første gong eg fekk sjå det. Ho peika på den vesle blondekragekledde jenta og spurde meg «Kjenne du henna?» Bestemor var to år gammal då mora døydde, og ho og systera vaks opp aleine med faren. Som bestemor sa: «Eg hadde ikkje mor, men eg hadde ein jysele jille far.» Ho sa til meg at ho ikkje hadde nokre minne om mora i det heile tatt. Det merkelege var at då ho den siste dagen låg og skulle døy, åttiåtte år etter at ho hadde mista mor si, då ho låg og haldt meg i den eine handa og mor mi i den andre, sa ho plutseleg «Mor!» Ho sa det så høgt ho orka med det vesle ho hadde att av stemme.

Korfor ho sa det får eg aldri vita. Kanskje ho var lita og redd, og ropte på mora som eit lite barn ville ha gjort det? Kanskje dukka det opp svært tidlege barndomsminne som ho hadde gløymt? Eller kanskje ho rett og slett såg mora koma for å henta henne? Kanskje dei to første svara er mest sannsynlege, men eg liker å tenkja at det kunne vera det siste ho opplevde. At ho fekk sjå den mora som ho heilt sikkert har lengta etter heilt sidan den dagen ho ikkje var meir.

Men tilbake til historia  om huset. Då bestemor var ung, skulle dei leggja ei jernbanelinje, og denne skulle gå akkurat der det vesle kvite huset stod, det som oldefar hadde reist i lag med kona si.  Dei kom med kranar, og kva dei måtte ha av reiskapar for å klara det, og løfta heile huset av den gamle grunnmuren og over på ein ny, nokre meter lenger oppe i lia. Eg har alltid sett for meg at det var jerbanefolka som gjorde dette. Bestemor gjekk inn i huset for å koka kaffi til arbeidsfolka, og sidan huset framleis stod litt skakt, vart kaffikjelen ståande på skrå på komfyren. Etterpå vart huset retta opp att og vart beint og fint, og slik stod det, i sytti eller åtti år, heilt til syster mi fekk det rive då ho skulle bygga det nye huset. Eg var der ofte som barn. Det lukta gammalt der, og kjøkkenet var eit gammalt trekjøkken, det var to små stover der og ei veldig bratt tretrapp opp til soveværelset og salen. Først var det utedo der, men så vart det vannklosett i eit kott under trappa.

Den jernbanelinja som skulle leggjast der då dei flytta huset, ligg der framleis. Det er lenge sidan det gjekk passasjertog der. Då eg var barn, gjekk det godstog der to gonger til dagen, men det er lenge sidan dei slutta å kjøra der og. Nå ligg jernbanelinja der heilt tilgrodd med gras og blomar, og skinnene er rustne. Det går an å gå tur der, og akkurat det gjorde eg i gårkveld. Eg kjende meg som Mary Poppins eller noko slikt der eg balanserte på svillene i kjole og med ein stor prikkete paraply, fordi det hadde vore ein del heftige regnbyger i løpet av dagen. Det er så fredeleg der, og av ein eller annan grunn har eg alltid elska å gå tur på jernbanelinja. Ein kan framleis ana den gode lukta av soloppvarma tjøre, og det er bringebærkratt med mogne bringebær og grøne tre langs linja. Mange stader veks det lupinar langs togtraseen, men her veks det mest røsslyng. Det er tett i tett med røsslyng langs skinnene, men det er og høgt gras, høge geiterams, klynger med blåklokker og kreklingris. Ein stad låg det ein liten død fugl på ei jernbanesville. Han hadde nok vore død ei stund, men nokon, truleg barn, for det er dei som har mest omsorg for døde fuglar, hadde lagt markblomar over brystet hans.

Dette vart ein lang tekst, og eg som hadde tenkt å avslutta dette med eit Jens Bjørnebo-dikt. Heilt til slutt hadde eg tenkt å gjera det, slik at dei som ikkje er så glade i dikt kan stoppa her… Eg trur eg gjer det likevel… Eg kjenner mest ingen som skriv så elegant, og med ein så sår undertone som Jens Bjørneboe. Han strevde med livet sitt, han utvikla rusproblem, og han gjorde ting som besteborgarane i samfunnet viste forakt for. Han skriv vakkert, rått og sårt på same tida om det å kjenna seg annleis. Eg tek med diktet «Blomster for Genet»

Maria, alle smerters moder

Nevn vårt navn i dine bønner!

Vi er alle tornekronet

Vi er alle dine sønner!

Halliker og sodomitter

Blottere og transvestitter

Pederaster, fetisjister

Drankere og morfinister

Jomfru, alle smerters moder

Trøst Genet, vår stakkars broder!

Også han er tornekronet.

Tyver, horer og Genet-

Vi som hang på begge sider

Av din sønn på smertens tre

Vet hva verdens frelser lider.

Jomfrumoder, bare vi

Vet hva nådens kalk vil si:

Kronens torner vorder roser.

Jens Bjørneboe.

Eg får lyst til å gråta når eg les  slike dikt.

Heidi