Gå til innhald

Før me kjem til tjueti…

                                                                                          

  så sender eg julebrevet mitt til bloggen og.

Kjære venner på Andedrakt 🙂

Så er det meg og tastaturet… Det har det eigentleg vore i rikesleg monn dei siste vekene, for eg har teke på meg både det eine og det andre skriveoppdraget utan heilt å sjå konsekvensen av mine eigne løfte… I dag har eg fullført to av dei. I lag med dei flotte skrivekursjentene mine, har eg laga to bøker i haust, ei biletbok om ein liten gris og ei forteljing om ei jente i 7.klasse. I min einfaldigheit hadde eg lova at dei skulle vera ferdige til jul, slik at dei skulle få dei siste skrivekursgongen før jul, altså i morgon. Og det skal dei få… Og så må eg bare fullføra barneteateret til byjubileet i Sandnes kommune, og få send inn konsulentarbeidet til kirkerådet. Tiandeklasseforestillinga kan venta til i romjula.

Men eg klagar ikkje altså, alt er heilt frivillige oppdrag, til neste år håpar eg på å kunna ta meg eit permisjonsår frå skulen og bare arbeida i kulturskulen på sida av skrivinga. Eg får smila fint til rette vedkomande i Time kommune, og håpa at dei ser i nåde til meg. Åra flyt så fort forbi, og dersom eg skal oppfylla min eigen draum om å ha eit slikt år ein gong i livet, så kunne det passa bra å gjera det frå august av. Til våren vinkar eg sjuandeklassingane mine i veg til ungdomsskulen, og då må eg skunda meg å handla før eg fell pladask for ein ny gjeng med ungar…

I dag har eg vore ute og ete italiensk mat med fem venninner. Me sat i ein krok og glippa med auga til smektande juletonar.  Klokka nærmar seg elleve på kvelden onsdag ei veke før jul. Halvard og Odd Christian ler og snakkar nede i stova. Dei sit der i halvkaoset med fyr på peisen og føtene tett inn til varmen. Leif kom akkurat heim frå julekonsert på Thime stasjon. Odd Christian var ein snartur i Bergen i går og tok eksamen i it. I morgon er det Ingrid sin tur til  å prøva seg på matematikkeksamen. Eg kan lova alle gamle lærarskulefolk at krava er blitt nokså mykje høgare enn då me gjekk der… Eg har prøvd å lesa saman med Ingrid for å halda motet oppe i henne. Mykje av det er heilt nye ting for meg.

Ingrid har i sommar flytta inn i kjellarleiligheita vår. Der nede er det nå ein ryddig og velordna oase med fine maleri på veggene, grøne plantar, orkidear, akvarium og eit velordna fruktfat. Det hender at eg havnar der ein time og to etter endt dagsverk. Det er veldig koseleg å ha henne heime. Kvar morgon tek ho tog inn til universitetet på Ullandhaug, der ho har starta på allmennlærarutdanning. Oddvar som nå er kjærasten hennar på femte året, bur i Porsgrunn der han går på ingeniørutdanning. I går kom han heim på juleferie.

Leif var nylig på Costa Rica i seks veker for å læra spansk og dansa salsa. Då kjendest det som om eg budde i eit småkaotisk ungdomskollektiv med dei fire ungdomane mine og Spretts slekt og venner. Det trivdest eg godt med, men som den einaste som til ein viss grad kjørte bil og den einaste med nokonlunde ordna økonomi, så var det ganske travle veker. Konklusjonen vart at me klarte oss utmerka godt aleine heime, men at mannen i huset var meir enn velkomen heim att då han dukka opp midt i november ein gong. Då lengta eg etter å få lov til å legga meg ein fredags- eller laurdagskveld heilt utan ansvar for å venta på tenåringane i huset…

Odd Christian gav opp å finna hybel i Trondheim og inntok det rommet i huset me hadde begynt å tenkja på som TV stova vår, men aldri rakk å begynna å bruka. Etter fire år heimefrå tenkte han nok på gjesterommet heime som nokså midlertidig, men me har oppdaga at det faktisk fungerer kjempefint at han bur heime. Truleg blir han vel buande saman med oss fram til sommaren. I juni er han ferdig utdanna om alt går etter planen, og han er heldigvis ikkje skremt etter det første halve året sitt i norsk skulevesen.

Sunniva er blitt stor jente som går på musikk-dans-drama på Lundehaugen vidaregåande skule. Ho har hovudfokus på drama og trivst utmerka med det. I tillegg har ho heile hausten vore med i to dramagrupper på fritida og har hatt det så travelt at eg ikkje fattar at ho heng saman. For snart tre veker hadde ho premiere med ”Maestroens rose” på Undheim revyteater der ho spelte dansepike på eit variete-teater. Ho dansa og strålte, og etter premieren var det første eg tenkte på at eg måtte få billettar til ei forestilling til. Nå er ho ferdig på Undheim, men ho og venninnene øver iherdig til premieren på stykket ”Groovy” som skal vera i Storstova på Bryne i slutten av januar. Kvar måndag kjem kusina Vilde hit og er med på øving og overnattar hos oss før ho og Sunniva reiser saman til Lundehaugen neste dag. Vilde har dei siste åra gått inn og ut her som eit bonusbarn i familien, og Sunniva har tilsvarande tilstandar hos Vilde på Figgen.

Halvard går i tiande klasse og vil helst på ”media og kommunikasjons linje” neste år for å laga filmar. Elles så er rommet hans søkklasta med ulike former for strengeinstrument. Dei siste åra har han spelt og spelt med ekte Harboe-energi. Eg håpar musikkfasen varer nokre år til, slik at han rekk å bli skikkeleg flink… Han driv og veks noko voldsomt akkurat nå, og stemmen er midt i stemmeskiftet.

I mai vart han konfirmert. Det vart tendenser til panikk i heimen då overnattingsgjestene sat pynteleg ved frokostbordet, snart klare til avgang, og Halvard kom inn for å fortella at han ikkje fann dressbuksa si…

Det vart sett i gang storstila leiteaksjon, men til slutt måtte me bare kapitulera og leita etter alternativ. Skulle me snøra inn ei av buksene til Odd Christian med belte i livet og legga opp med tape eller stiftemaskin? Nei, det fungerte ikkje. Til slutt fann me ei litt for kort og litt for trong finbukse frå eit år eller to tilbake. Det fekk duga sidan me ikkje hadde tid til å leita meir. Med skjorta utanpå buksa, og ein heldigvis ganske sid konfirmantkappe, vart antrekket mest ikkje påfallande i det heile tatt. At konfirmantfiguren i plast som eg hadde kjøpt i dyre dommar knakk nakken i trappa før han nokon gong kom på toppen av kransekaka, var også ein heilt ubetydeleg bagatell. Det vart ein veldig koseleg konfirmasjon, bare synd at farmor og farfar ikkje kjende seg friske nok til å vera med.

I sommar var eg fire veker på Solgården i nærleiken av Alicante der eg hadde sommarjobb som leiar for barneklubben på senteret. Sunniva, Halvard, Leif, Vilde og May Brit var der saman med meg dei siste to vekene. Solgården er ein fin plass å vera, og i gangavstand ligg byen Villajoiosa med fine strender og koselege tronge gater med gamle hus. I september fekk eg ei siste kjenning av sydlandsk sommarvarme då eg i lag med tre gode venninner hadde fire dagar i Roma. Anne Mette, Heidi, Gry, Sigrid og eg hadde spart til turen i mange år. Dessverre måtte Sigrid bli heime med biholebetennelse, men me andre hadde nokre utruleg fine seinsommardagar der. Det vart litt dramatisk heilt i slutten då drosjen stod utanfor og venta og det viste seg at hotellinnehavaren ikkje tok visakort… Men me fekk betalt og nådde flyet vårt. Roma er ein heilt fantastisk by, eg gler meg allereie til å koma tilbake ein eller annan gong.

Då skulen starta i august, skjøna me at me var i svineinfluensaens tidsalder. Første dagen var det gjennomgang av smitteforebyggande tiltak, mekking av kriseplanar og utdeling av desinfeksjonssprit. Men til nå har det gått nokså smertefritt for seg her i huset. Me har hatt nokre dagar kvar med feber, men om det er svineinfluensa som har vore på besøk får me nok aldri vita. Leif og eg har vaksinert oss, eg ville helst at ungane skulle gjera det og, men sidan diskusjonane har gått såpass høgt som dei har på vaksinefronten, føler eg ikkje at eg kan pressa dei til det.

Nå er det bare tre skuledagar att før jul. Me har laga englar og vore på skulegudsteneste. Me har ete julegrøt og starta dagane med tenning av adventlys og høgtlesing frå Anne Franks dagbok. Det har vore hektiske veker som alltid på denne årstida, og jul i heimen har vore nedprioritert til nå. Det blir nok jul i år og, det er då framleis tolv dagar igjen… Store mengder clementiner har me klart å svelga unna, og julebaksten fram til nå, to boksar med lyse risbollar, er snart fortært…

På sundag fekk eg med meg ein konsert i baptistkyrkja på Ålgård, der eg var fleire gonger kvar veke store deler av barndomen på sundagskule og juniorklubb. Det var rart å vera der att etter tretti år eller meir. Var verkeleg ikkje kyrkjesalen, som eg hugsar som stor, større enn dette? Dei som likna på folk eg kjende var barna til dei eg kjende…

Livet er fint, utfordrande og intenst. Det blir spennande å sjå kva det nye året, som språkrådet visstnok går inn for at me skal kalla tjue-ti og ikkje totusenogti vil innebera. Eg er open for det meste, og for mitt vedkomande kan det verkeleg koma til å bli eit litt annleis år om eg ender opp med skrivepermisjon.

Saman med Martin Lönnebo prøver eg å ta himmelen med meg inn i kvardagane mine. Han seier at eit kvart sekund i tida har ei heil æve av stille og ro bak seg. Det gjeld bare å ta små steg til sides og minna oss sjølv om at det heilage alltid er nær oss. Eg anbefaler alle eg kjenner å abbonera på tidsskriftet ”Strek” og å lesa boka ”Veven” av Martin Lönnebo.

Begge deler er små vitamininnsprøytingar inn i kvardagen og det levande livet.

I ein komplisert verden, treng eg slike lykter for å sjå at gleda er ein annan plass enn i alt det som kan kjøpast for pengar.

Eg siterer Eivind Skeie si adventsalme heilt til slutt:

Må jord og himmel møtast, eit lys er tend for det.

Ha ei velsigna jul og alt godt i tjueti. Måtte alle gode ting skje og skje.

 

Heidi

Be thou my vision…

Syng det frå CD-spelaren nede i stova. Songen fadar ut akkurat nå, og går over i ny song. – The water is wide.

Det har vore ei fin adventhelg. Mange gjeremål ligg og dirrar i lufta, og kunne blitt til stress, men stort sett har eg klart å halda fatninga. Strikketøyet må eg nok ta det litt rolegare med, for det verker litt i strikkemusklane i akslene.

-We both shall row my love and I,- høyrest det frå stova, og det skal me. Kjærasten min sit med ei uendeleg stor bunke med sidemålsstilar som han snart har retta seg gjennom. Eg har retta eg og, retta og skrive inn tekstar frå skrivekurset, og så har eg lagt siste hand på halvårsrapportane.

I går stakk me av frå alt som gjerast burde i heimen, kjørde inn til byen og åt lunsj på foodstory. Etterpå vandra me herleg planlaust rundt i dei juleopplyste gatene medan det blå ettermiddagslyset i desember overtok etter det oransje solnedgangslyset over dei lilla skyene. Eg handla litt etter innfallsmetoden, og så reiste me heim for å retta vidare, laga pizza og tenna stearinlys.

I dag hadde eg ein heilag time i kyrkja med – Eg veit i himmerik ei borg, og -Å hvor salig å få vandre. Den siste songen er ein song eg verkeleg likar å synga. Han tek meg mellom anna med innom Lund kirke der eg pleidde å gå på studentgudstenester då eg budde i Kristiansand tidleg på åttitalet. Då ljoma takt og tonar i romet så vindua dirra. Men aller helst skal det syngast på svensk slik me gjorde då:

Her vid älverna i Babel titt forstumma nog vår song, men vi ventar bättre dagar i Jerusalem en gong.

Härleg songen där skal ljuda, stärkt som dånet av en mäktig flod. Äran tillhör Gud och lammet som oss köpte med sitt blod.

Skikkeleg Kanans språk, men du så det svingar… I dag var det seks dåpsbarn i kyrkja. Etter at dåpshandlinga var over gjekk presten mellom benkeradene framme i kyrkja. Han løfta opp eit og eit dåpsbarn i armane sine og song ei velsigning over kvart av dei:

Herren velsigne deg, Herren bevare deg, Herren gje deg fred, Herren gje deg fred.

Etterkvart fall kyrkjelyden inn i songen. Det var ein heilag atmosfære i kyrkjeromet, og bortsett frå songen var det heilt heilt stille i romet. Dåpsbarna var alle heilt rolege, og kikka vekselsvis på den syngande presten og vekselsvis ut i romet.

Halvard ville så gjerne begynna å pynta til jul. Som regel er eg julepyntpuritanar. Skikken eg har med meg heimefrå går ut på å starta å pynta først om kvelden vesle julafta. I år reiser me vekk, så i alle tilfelle må me pynta før det… Det ende med at eg og Halvard sette opp julekrybba og alle englane, og tende lys i lysglasa, medan me hadde julemusikk til arbeidet; O helga natt og White Christmas i salig blanding. Eg har irritert meg litt over at fleire og fleire tek jula på forskot. Nå er me i gang her og. Eg ønsker meg ei adventtid med litt romslegare tid enn mine gamle innarbeida tidsplanar. Eg kjenner eg har behov for å stressa minst mogleg. Så får me sjå.

Heidi

Kor skal eg ta fatt, mon tru?

Eg har hatt så godt som ei veke med internettfaste fordi nettet har ligge heilt nede i heimen, og i tillegg delvis nede på jobb.  Det er sikkert sunt å bli minna om at livet fungerer utan digitale hjelpemiddel og, men på jobb var det bare så vidt det gjorde akkurat det. Me kom nemleg ikkje inn i skriveprogramma ein gong, og dersom me gjorde det, så virka ikkje skrivarane… Rart å tenkja på at for sånn omtrent ti år sidan hadde me ein maskin på deling eller noko slikt…

Nå passa det dårleg inn i rapportskriving og evalueringar, og korleis skulle me nå få delt ut vekeplanar og lese e-post… ¨Nå er viss alt i orden begge plassane, så nå kan livet gå vidare som før.

For fjorten dagar sidan hadde eg den rare opplevinga å fylgja kjærasten min til computertomografundersøking. Ja, ikkje heilt inn då, men me sat der på venteromet i lag med andre nervøse ventande til han slapp inn, og stemninga var til å ta og føla på. Det gjekk liksom opp for oss at det faktisk var ein sjanse for at dei skulle finna noko, sidan dei hadde kalla han inn i det heile tatt… Foranledninga var uforklarleg bortfall av hørsel på det eine øyret. På torsdag fekk me vita at dei ikkje såg noko der inne som ikkje burde vera der. Takk og lov… Me trudde ikkje at det skulle vera det heller, men litt uroleg blir ein jo, og av og til går det opp for ein at livet ikkje er noko ein har garanti for å ha.

Eg har lese ut boka «Skrivefest» av Tove Nilsen, og kjenner sterk dragning mot å prøva meg som forfattar på nesten-heiltid.

Etter veldig travle veker på jobb, har eg minst tusen og ein ting eg skal/vil/bør/må gjera heime. Kor skal eg ta fatt mon tru? Det vil dagen visa, men eg bør vel kanskje koma i gang. Laurdagar er fine dagar

Heidi

Dei mørke morgonane

og dei tidlege kveldane er over oss. Eg har ikkje noko i mot det.  Det er noko beroligande med dette mørke teppet me får pakka rundt oss kvart år mot slutten av november. Og så er det så fint å tenna levande lys.

Me har internettproblem både i heimen og på arbeidsplassen min. Det tvingar meg til å bare ta inn internett i små bitar om gongen kvar gong sjansen byr seg. Snart er det i orden, håpar eg…

Sidan sist har me sett opp Mio, min Mio med elevane våre, og to gonger har eg reist til nabobygda for å sjå Sunniva spela teater. Ho dansar og stråler på scenen slik at morshjarta blir stort og varmt.

Foreldresamtalane er eg så godt som ferdig med i denne omgangen. Eg må bare ta eit oppsamlingsheat med dei som ikkje kunne koma til avsatt tid, og dei som ikkje dukka opp. Det blir bra.

I dag reiste eg og nokre kolleger spontant ned for å la oss vaksinera etter at me hadde fått telefon om at ansette på skulen kunne koma og få svineinfluensavaksine dersom me ville. Dei hadde fått inn fleire dosar med vaksine enn forventa. Det kjennest veldig greitt å ha gjort det, sjølv om eg lurer på om det kanskje var ein lett versjon av svineinfluensa eg hadde då eg var sjuk for to veker sidan.

Kanskje er det vaksinen som gjer at eg kjenner meg totalt utlada og veldig søvnig, eller kanskje det er ein naturleg konsekvens av ekstremt lange arbeidsdagar dei to siste vekene?

Sit her i sofaen med kjærasten min og skriv medan Leonard Cohen syng: Everybody knows….

Everybody knows, that`s how it goes, everybody knows….

Sova snart nå, og snart ei lang helg utan skulearbeid, det høyrest bra ut…

Leonard Cohen syng vidare:  you know you can, I`m your man…

Heidi

Det er godt å kåmmå hematt

frå ei lang og slitsam reis,

då en følte at en bære va en fuggul underveis…

Dette, eller noko som liknar veldig, skriv ein norsk trubadur på ein dialekt som ikkje er min eigen. Det er godt å få nokon heimatt og.  På sundag returnerte kjærasten min til heimen etter eit seksvekers langt studieopphald. Eg var ikkje i tvil om at me skulle klara brasene heilt utmerka utan mannen i huset og, og visst klarte me oss heilt utmerka.

Sidan alle dei fire ungdomane mine meir eller mindre bur heime akkurat nå, og ein del av «Spretts slekt og venner», går inn og ut her, så hende det at eg kjende det som om eg budde i eit ungdomskollektiv. Og det er ei positiv kjensle det.  At ein gjeng sekstenåringar kollektivt gjer seg klare til å gå i selskap, eller har seg eit måltid nattmat midt på natta, er bare koseleg. Om ein gjeng gutar spelar gitar på eit av roma, eller at det blir  jubla høglydt rundt eiy TV-spel på loftet er fine greier.

Likevel, eg kjenner jo at det er godt å vera to. To til å bestyra innkjøp og setta ut søppeldunkar på rett plass, ta hand om innkomne rekningar, og hugsa å kjøpa kattemat og levera avisa til naboen etter at me har lese ho.

Eg kjende skuldrene sokk eit hakk når han var vel heime, nå var me to som kunne henta og bringa tenåringar. Det vart plutseleg ei opning for å sova litt på fredags og lørdagskveldar sjølv om 15- og 16- åringane framleis ikkje var trygt i hus, og me vart to som kunne veksla på å stilla på foreldremøte.  Det er bra slik. Og nå har eg bare teke for meg den praktiske sida av å vera to. Resten får eg kanskje spara til eg om ikkje så veldig mange månadar skal halda tale for ein som fyller femti år…

Nå er det i prinsippet fridagen min. Sidan eg  jobbar to kveldar i veka, kan eg disponera fredagen som eg vil. I dag vil eg disponera han til kontorarbeid borte på skulen min. Eg er innstilt på det, og innstilt på å koma så langt at eg kan ta fri i sjølve helga, det er utruleg deilig dei gongene eg klarer det. Dessverre har det lett for å bli ein del helgejobbing når ein jobbar i skulen. Slik er det bare.

Etter seks veker som aleinemor for to tenåringar, så har eg fått fornya respekt for dei som er aleine med barn gjennom heile oppveksten deira, utan å ha noko særleg avlastning frå andre vaksne.

Nå skal eg navigera vidare ut i dagen. Eg ser gjennom vinduet mot den seint lysnande dagen at spaserturen ned til jobben blir særdeles våt, og forfriskande. Eg kjem til å vakna, så mykje ser ut til å vera sikkert.

Heidi

Eg kjem til deg med glede-

 

I dag har eg vore på kyrkjejubileum. Bygdekyrkja vår er 150 år i år, og er nyoppussa. For lang tid sidan vart eg spurd om å skriva ei salme til jubileet. Johanne Ur Sæbø sa seg villig til å gje salmen melodi. I dag vart han urframførd med kor orkester og solistar. Slikt er alltid sterkt å oppleva når ein har jobba lenge med noko.  Eg blir glad når folk kjem og seier at teksten gir dei noko. Eg tenkjer alltid at viss ein eller to eller fleire kjenner seg berørde så er oppdraget fullført. Då har eg klart å veva livserfarinar og truserfaringar på ein måte andre kan spegla seg i. Eg har ingen ambisjonar om å nå fram til alle, – men til ein eller to eller fleire… Då blir eg glad.

Erling Pettersen, den nye biskopen vår var med. Han haldt ei klok og varm preik.

Og så kom kjærasten min heim frå Costa Rica i dag. Det er ikkje dumt det heller. Seks veker som aleinemor var nok i denne omgangen.

 

 

Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,

for alt det eg lever er ditt.

Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,

hit kjem eg med livet mitt.

 

Eg kjem til deg med glede, ein sommar ber eg inn

med blåklokker, kløver og solvind, eg kjem hit med lette trinn.

I havet sin puls i mot stranda der bur mine hjarteslag.

Livet er enkelt å bera med seg ein sommardag.

 

Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,

for alt det eg lever er ditt.

Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,

hit kjem eg med livet mitt.

 

Eg kjem til deg med uro, med haust og iskald vind.

Med stormar, med gråt og med sinne, så kjem eg med tvilen min.

Finst mogning og vekst i mi uro? Eg veit ikkje kor eg skal.

Herre, kom ver du min styrke, vinden er sterk og kald.

 

Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,

for alt det eg lever er ditt.

Eg vil vera hos deg , vera heil vera ekte,

hit kjem eg med livet mitt.
Eg kjem med frost og kulde, ein vinter frys i meg.

Eg kjem hit på iskalde føter, eg leiter meg fram til deg.

Her kjem eg med skjelvande tankar, når livet er kaldt som snø.

Herre du står der og ventar, rekkjer meg vin og brød.

 

Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,

for alt det eg lever er ditt

Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,

hit kjem eg med livet mitt.

 

Så står eg her med våren, og alt er liv og song.

Eg kjem hit med alt dette nye, eg står her som første gong.

Eg kjem hit med håp og med glede, eg kjem hit med alt eg vil.

Du gjev meg styrke og kvile, her som eg høyrer til.

 

Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,

for alt det eg lever er ditt.

Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,

hit kjem eg med livet mitt.

 

Du tek i mot meg Jesus, her ventar du på meg

Mens tidene mognast og vekslar, så høyrer eg til hos deg.

Du møter meg Herre i dåpen, er nær i min siste kveld.

Du er mi trøyst og min tillit, Gud du vil allting vel.

 

 Heidi

Jag vill möta livets makter vapenlös…

Slik skriv Karin Boye i eit av dikta sine. Dersom eg hugsar det rett slik at eg kan sitera det frå minnet, det er ikkje alltid eg hugsar rett. Eg liker Karin Boye sine dikt.

I helga las eg Eyvind Skeie sin Svein Ellingsen- biografi. Svein Ellingsen er ein person eg har stor respekt for. Han skriv heilt fantastiske salmer. I boka kunne eg lesa at Svein Ellingsen og har vore oppteken av Karin Boye si diktning. 

Det var hjarteskjerande å lesa om barndomen til Svein Ellingsen. Han var eit hyperfølsomt og hudlaust barn. Han vart ikkje teken vare på i skulen. Om sundagane gjekk han aleine i kyrkja og sette seg på ein fast plass, der han sat for å høyra på gudsteneste, salmer og musikk.  Sjølv var eg eit robust barn, men truleg og eit litt merkeleg barn. Eg møtte masse varme. Men noko såpass sært kunne sikkert eg og ha gjort; gått aleine til kyrkja kvar sundag for å sitja og lytta.

Seinare har han, framleis i fylgje biografien, hatt periodar med sterk angst, og fått hjelp frå psykiatrien fleire periodar i livet sitt. Kanskje dette er erfaringar som har vore med på å gje han den sjeldne gåva å kunna setja heilt presise ord på erfaringar slik at orda blir til salmer til ære for Gud? Likevel tenkjer eg at viss vaksne hadde vore flinkare til å ta vare på sjeldne barn, så hadde han kanskje gått inn i vaksenlivet med ei meir robust psyke?

Ein gong hadde eg vunne ein salmekonkurranse. Eit par veker seinare kom det eit brev i posten med den vakraste handskrifta eg har sett i mitt liv utanpå konvolutten. Det viste seg å vera eit brev frå Svein Ellingsen. Han hadde sett salmen min, og inviterte meg til å vera med på seminar, og til å melda meg inn i hymnologisk forening.  Eg vart utruleg smigra, for meg er han verkeleg salmediktaren med stor S, han og Lina Sandell.  Eg fekk eit stipend frå kommunen slik at eg kunne få reisa til Trondheim på seminar. Der fekk eg helsa på Svein Ellingsen.

Etter å ha lese boka ville eg gjerne ha møtt han igjen. Eg trur eg ville kunna læra mykje av han. Og eg fekk veldig lyst til å skriva fleire salmer.

To linjer til frå ei av strofene til Karin Boye passar som ei avslutning, synest eg:

Det goda är värnlöst.

Det goda behöver inte segra.

(Framleis sitert etter minnet.)

Heidi

I svineinfluensaens tidsalder…

så er det ikkje lett å vita om ein er hypokondar eller ein tåpeleg «gå-rundt-og-smitta-andre-fordi-ein trur- ein-er-uunverleg-person»…

Hypokondar er eg vel i og for seg, samtidig så høyrer eg heilt opplagt til den andre gruppa… I sist veke var syster og niese sjuk med antatt svineinfluensa, og i går datt dei same symptoma over meg. I klassen min har opptil 20% vore sjuke på same tida. Då eg sat og strikka borte hos onkelen min vart eg plutseleg kvalm, og i natt vakna eg med frostrier. Temperaturen var på 37.7, på grensa til feber, så eg reiste på jobb. Då eg sat og las for elevane, rant svetten nedover panna samtidig som eg fraus. Nokre vaksne var glade for at eg stabla meg på beina og gjorde ein jobb, andre lurte på om det var lurt å ta sjansen på å smitta elevane. Etter ein indre debatt med meg sjølv, ende eg opp med at hypokondaren sende heim den uunverlege. Eg var innom apoteket, der eg som antatt smitta måtte gå med munnbind, og få rensa hendene med desinfeksjonssprit før eg fylde ut eit skjema, og gjekk heim med tamiflu.

Nå har eg starta kuren, og sit her og lurer på om dei klarer seg utan meg på jobb. Det gjer dei. Influensasymptoma er av ein karakter som tilseier at eg heilt utan tvil ville ha vore på jobb om det ikkje var fordi eg var redd for å smitta elevane mine med svineinfluensa. Dei tek jo ikkje prøver lenger, så kva ein har og ikkje har får ein aldri vita, om ein ikkje då skulle gå hen og bli skikkeleg sjuk.

Ute skin sola så fint. Eg får prøva å henta meg inn så godt eg kan. Og  nyta at eg kan ta det med ro under ein stor medisinsk begrunna paraply… Men eg ville jo helst ha vore på jobb då. Eg får håpa dette er min vesle forsiktige smak av ein epidimi som snart går over i historien…

Og sånn heilt forøvrig, så er dette min tekst nummer 800 her på andedrakt. Tenk det. Så skreiv eg vel i si tid minst 100 på moncee og minst 100 på hypodea, så eg vil tru at meir enn tusen tekstar er tasta ut i cyberspace.  Det er merkeleg å tenka på…

Heidi

Dagane som kjem og går

det er dei som er livet ditt.  Nokre gonger kjem og går dei så fort at du blir heilt svimmel bare av å halda deg fast i dei.  Eg likar hausten, og i grunnen liker eg mørket som pakkar seg tidlegare og tidlegare rundt kveldane. Det er fint å vera inne slike kveldar, men du må vera rask og observant for å halda dagslyset fast før det plutseleg har kome ein ny kveld.

I går var ein nydeleg dag. Etter å ha teke ei rask ryddeøkt, og ete frokost med Ingrid som var heime fordi ho ikkje var heilt i form, møtte eg ei barndomsvenninne. Me vart kjende då me begynte i den same førsteklassen for meir enn førti år sidan. I skuletida vandra me dagleg ut og inn av kvarandre sine liv, seinare har kontakten vore meir sporadisk og i periodar. I går gjekk me tur i haustvinden medan dei siste blada vart rivne av trea. Me ser tilbake på ting me har opplevd med meir erfaring i å kunna fortolka, og truleg og med opnare sinn enn før. Eg er så takknemleg for barndomsvenninnene mine og for venner eg har frå tida før me var vaksne og etablerte. Me har erfaringar saman som me ikkje treng å forklara for nokon som aldri vil kunna skjøna heilt kva det dreier seg om. På ein eller annan merkeleg måte opplever me at me kjem einannan nærare etter som åra går.

Etter at me hadde rukke både skogstur, kafebesøk og handlerunde var eg på butikken og kjøpte meg limegrønt og mangentafarga garn for å strikka meg eit sjal. Ein periode av livet mitt var eg ho som alltid strikka. I åra på gymnaset pleide eg til og med å strikka når eg gjekk, helst strikka eg plagg med mange og sterke fargar som eg aldri brukte mønster eller oppskrift for å laga. Nå strikkar eg bare av og til, det hender at lysta kjem snikande, og det gjorde ho i dag.

Etter å ha kokt ei stor gryte graut til ungane mine tok eg beina fatt igjen og spaserte til Gry der eg skulle møta resten av litteratturgruppa mi. Gry hadde fakkel på trappa, og i gangen lukta det av nybakte brød og suppe. Så diskuterte me boka Shantaram og livet forøvrig medan eg begynte og rakk opp igjen fem seks ulike startar på sjalet mitt. Eg er litt ute av trening og måtte gjenoppdaga korleis maskar og fasong forheld seg til ulike felle- og auke teknikker. Vel heime strikka eg endå fleire forsøk medan eg venta på å få dei to yngste trygt i hus.

I går hadde eg spandert på meg sjølv ei bok eg har hatt lyst til å leda; Eyvind Skeie sin biografi over salmediktaren Svein Ellingsen. I dag har eg lese og hatt problem med å legga boka frå meg. Det er sterkt og trist å lesa om vesle Svein som ikkje kjende seg heilt godteken i skulen fordi han var eit barn med litt annleis interesser enn dei fleste andre, han var skuleflink og det han kallar sjølv «eit overfølsomt barn.» Måtte me som er lærarar vera kloke nok til å sjå alle variantar av små menneske slik at me ikkje gjer dei sår dei må bera på i heile sitt vaksne liv… Eg har stor respekt for salmene til Svein Ellingsen, og kjenner stor respekt for han som person. Respekten blir ikkje mindre av å lesa denne boka.

I går fekk eg ei CD-plate i posten frå Tore Aas. Han hadde laga ei messe der han hadde  med eit liturgisk laudamus-ledd eg skreiv då eg var med i ei liturgigruppe i samband med kyrkjereformen. Denne sette eg på for å høyra medan eg sette meg i sofaen med strikketøyet. Det var utruleg avslappande å sitja slik og ikkje tenkja alt for hardt på alt det andre ein kunne og burde ha gjort. Det var ei fin plate. Fasongen på sjalet er eg framleis usikker på, men me får sjå. Nå skal eg ut og gå ein lang tur tenkte eg, medan det framleis er dagslys der ute. I morgon har eg invitert to venninner hit. Helger er fine saker.

Heidi

Du skal skrive ditt liv…

…stod det i ein av statuttane for dei som kalla seg Kristiania-bohemen. Om eg ikkje i like stor grad kunne identifisera meg med alt Hans Jæger og gjengen dreiv på med, så var det noko med den setningen eg ikkje klarte å legga vekk. Å skriva sitt liv, det høyrdest ut til å vera litt av eit prosjekt. For meg virka det rett og slett som ein måte å ta vare på det merkelege, fascinerande og dyrebare livet som på ein måte renn og renn mellom fingrane våre, utan at me maktar å halda det fast.

Sjølv har eg alltid vore forelska i språk og i det å skriva. Før eg lærte meg å skriva sjølv, noko som skjedde lenge før eg begynte på skulen, fekk eg bestemor eller onklane mine til å skriva ned for meg. Inspirert av sundagsskulen som nokre naboar som var truande pinsevenner tok meg med til, dikterte eg historier om barn i Afrika som fekk hjelp av Gud etter at stråhytta deira hadde brent ned og slikt. Dødsannonsene i Jærbladet og Stavanger Aftenblad gav meg sterke lesaropplevingar fordi dei hadde så mange flotte ord. Vår umistelege, eiegode, djupt savna og så vidare. Det var verkeleg ord til å frysa deilig på ryggen av. Og eg var djupt fascinert av alle luker inn til det religiøse og til det som eg opplevde som vakkert og opphøya.

Men eg var og veldig tiltrukken av talte ord, helst vaksne ord som ikkje var for barneøyrer. Noko av det deiligste eg visste var å gjera meg usynleg i eit rom med mange vaksne. Etterkvart som dei vaksne begynte å gløyma at det var eit barn i romet, kunne eg få med meg dei mest fantastiske skildringar av korleis det eigentleg var å vera vaksen.  Eg fekk med meg skildringar som eg bare delvis forstod, og som eg kunne ligga og fundera på om nettene, medan eg tenkte fram og tilbake for å få puslespelet Livet til å henga saman.

Dette å oppriktig forundra seg over korleis det er å vera andre menneske enn meg sjølv,   har eg aldri klart å slutta med. Det finst mange ord for denslags… Sjølv synest eg at ordet interessert er eit av dei meir sympatiske… Eg elskar framleis å sitja på eit tog eller ein buss eller eit venterom og høyra kva ukjende folk snakkar om. Eg har aldri slutta å forundra meg over kor ulike me er, og samtidig; kor mykje ein kan kjenna seg att i.

Og eg har aldri heilt forstått at nokon seier at dei aldri kunne tenkja seg å lesa biografien til eit menneske dei aldri har høyrt om, eller kjøpa bøker med brev som Freud eller Garborg i si tid sende til venner og kjende, som handla  om ver og vind. Slikt kastar eg meg over med den største appetitt. For ti-femten år sidan oppdaga eg sjangeren weblog eller blogg, som eg sjølvsagt fann uhyre interessant. Eg høyrde folk snakka forundra og indignert om fenomenet, tenk å legga ut livet sitt på den måten. ..Sjølv las eg med stor interesse, kommenterte og vart kjend med fleire av dei som skreiv.  Samtidig kjende eg at dette hadde eg hatt frykteleg lyst til å gjera sjølv, men slikt gjekk vel ikkje an? For snart ti år sidan begynte eg å skriva litt på eit svensk «bloggecomunity», ikkje på denne plassen, men ein liknande stad. Eg tenkte at der var det bare ukjende svenske menneske. Etterkvart skjøna eg at kven som helst kunne koma til å lesa…

Nå har eg sagt så mykje at ingen vil forundra seg over at eg les bloggar. Eg har rett og slett lært mykje om det å vera menneske , synest eg. Og eg har fått kontakt med menneske som liknar på meg, og med menneske som lever totalt ulike liv frå meg. Mange av dei hadde eg nok aldri kome til å få kontakt med i det verkelege livet. I tillegg til at eg på ein merkeleg måte faktisk er blitt glad i mange av desse menneska, så tenkjer eg at eg får erfaringar eg kan bruka når eg ein eller annan gong skal skriva romaner og noveller og treng å vita litt om det å vera andre enn meg sjølv…

Og korfor eg skriv?  Kanskje litt av same grunn som andre steller hagen… Her har eg eit lite hjørne der eg kan vera kreativ, samla tankar og ta vare på dagane. Kanskje nokon har glede av å lesa det slik eg har glede av å lesa det andre skriv?  På same måten som nokon skriv moteblogg eller bloggar om innreiing av hus eller barneoppdragelse, så kan eg skriva om dei tinga som betyr noko for meg.  Eg synest det er fint å få blanda min stemme med alle dei andre stemmane som roper eller kviskrar sine bodskap ut til resten av verda. Utan å lesa bloggar hadde eg hatt mykje mindre innsikt i korleis det kjennest å vera ein homofil mann som har blitt far ved hjelp av ei surrogatmor, ein fotomodell i USA, eller ein munk i den katolske kyrkja. Eg kjenner meg litt rikare av å få lesa det andre deler med seg av.

Og det som er mitt daglege liv… For nokre er det kanskje merkeleg og rart at nokon kan leva og tenkja slik, det ser eg ikkje vekk i frå.  Eg legg ned mi puslespelbrikke på bakken, og tenkjer at nokon kanskje kan bruka ho til noko. Og sjølv ville eg ha elska om mor, bestemor eller oldemor hadde gitt meg eit liknande vindu inn i deira liv.

Og hugs, dette er min redigerte versjon av livet mitt. Det er sjølvsagt ikkje utan vidare slik livet mitt er, sjølv om det sjølvsagt er akkurat det det er på same tida. Her er det eg som legg premissene. Her bestemmer eg kvar dag kva historie eg har lyst til å fortelja, og om eg har lyst til å fortelja. Eg trur ikkje det er nokon draum om å vera viktig eller om å bli berømt. Eg bare drysser ut det eg til ei kvar tid har lyst til å dela, og eg har glede av å gjera det.

På lørdag høyrde eg ein minidebatt om dette med blogging på radioen. Nokre av dei som uttalte seg var totalt uforståande til at nokon trudde at nokre menneske brydde seg om å lesa kva dei skulle ha til middag eller kva slags bukse dei hadde på seg den dagen. Dei om det.  Noko av det finaste med blogging, er at det er heilt frivillig å lesa. Det å skriva kan sjåast ein slags stuntpoesi eller ein sær form for perfomancekunst, eller kanskje rett og slett det å få fortelja noko ein sjølv synest er viktig. Det er ein uhøgtideleg måte å heva stemmen på, eller ein avart av å kviskra i vinden. Eg leiter framleis etter luker inn til det heilage, samtidig som det heilage og allminnelege smeltar meir og meir saman for meg til lenger eg lever og opplever. Livet er eit rart prosjekt og er vel verd å setja ord på spør du meg…

Heidi