Gå til innhald

Appelsiner, tulipanar og grøne eple.

Etter ein sein kveld på jobb på torsdag, kjem det ein ny frifredag med påfylgjande helg. Sidan eg var sjuk mesteparten av sist helg, er her eit og anna å ta fatt i.

Eg vaskar kjøkkenet mitt, og likar det sjølv om skapdørene ramlar ned og gardina er flekkete. Snart, eller om eit år eller to, må me gjera noko med det, men det hastar ikkje. Gardina får eg vaska, eller kanskje kjøpa nye, om litt eller litt lenger, men ikkje i dag.

Eg sender tekstmelding til mor og far og inviterer på kaffi. Ute er det livsfarleg hålkeføre, så det blir trening inne i staden for trimtur ut. Eg låner Ingrid sin rockering.  Nå får eg i beste fall til å rocka han seks rundar før han går i golvet. Eg rockar medan min tidlegare elev Magnus syng opera frå cd-spelaren. Det er då framgang å spora.  Ingrid kjem heim frå universitetet og byr meg på kaffi før ho skal på jobb i butikken. «Du kan ikkje gå rundt i den rakna strømpebuksa, » seier ho. «Eg veit det, seier eg, eg skal skifta før eg møter folk.»

Eg baker eplekake. Trikset mitt er å ha dobbelt så mykje epler i som oppskrifta tilseier. Tett i tett med eple oppi eit tynt lag med kakerøre. Eg skreller epla og delar dei i tynne båtar. Så dryssar eg på eit tynt lag sukker og mykje kanel. Me et blomkålsuppe rundt bordet i stova. Blomkålsuppe og nysteikte rundstykke der smøret framleis smeltar smilande ned i det varme brødet. Levande lys i lysekrona og tjuefire smålys i den ovale lysestaken. Etterpå drikk me kaffe, og eg strikkar dobbel perlestrikk i petrolfarga alpakkaull. Eg strikkar skjerf som eg vil gje til Eva Mari. Eg strikkar til akslene verker. Etterpå skal eg hekla blomar som eg kan sy på, lyseblå og turkis blomar.

I helgene renn dagane vekk mellom fingrane mine. I dag er eg oppe halv ni for å fanga timar. Me kjører Ingrid til arbeidet og handlar mat til helga. Eg får endeleg levert fire bilete til innramming. Den heilt fantastiske fredsgeneralen som far til Astrid har laga. Han med blomar i soldathjelmen, tåtesmokkar i staden for stjerner på brystet og ei stor fredsdue i armane. I meir enn to år har eg tenkt på å få ei skikkeleg ramme rundt, og nå har eg gjort noko med det. Så har eg levert inn det herlege gatebiletet i oransje rosa og lilla som eg kjøpte av hr Morelli på Piazza de Navona i september. To store bilete Ingrid har malt til meg skal få ei skråskoren sølvramme. Det eine er ei ettertenksomt smilande ung jente med masse blomar i håret, og det andre er ein klovn i blått og turkis og sølv. Det skal bli så fint så.

Eg pakkar ut varene, og smakar på dei marinerte soltørka tomatane. Dei rosa og lilla tulipanane snittar eg og set i ein glassvase med dekor i blått og gull. Dei store oransje appelsinene er så fine i den koboltblå Höganesskåla, og så strør eg epler og pærer utover lefsefatet i keramikk som Karen har laga. Nå skal meg bretta masse tøy, vaska golv og drikka kaffi med nye aviser til. Om eg kjem til å koma i mål? Slett ikkje, ikkje med alt. Så får eg heller filosofera på om det er eit mål å koma i mål. Eg innrømmer for meg sjølv at det er det vel kanskje.

Så trøyster eg meg sjølv med at alt for vellukka menneske, det kan me jo ikkje vera alle saman. Skål for det ikkje heilt perfekte…  Det har då sin sjarm?

Heidi

Min kamp og litt til…

Ei ubehageleg omgangssjuke har ramma heimen. To av oss var friske før helga kom, me andre har hangla oss gjennom lettare reduserte. Eg skulle ha reist til farmor på fredag for å gratulera med dagen, men sidan så mange i familien var sjuke, og eg ikkje kjende eg heilt god sjølv heller, så fann eg ut at det var uansvarleg å utsetja nokon for smittefare på nittitreårsdagen sin. Og utpå ettermiddagen viste det seg at det var rett avgjersle, for då slo magen heilt krøll på seg…

Etter å ha definert seg sjølv som sjuk og smittefarleg får ein bare gjera det beste ut av det. Som til eksempel at eg og Ingrid ligg på kvar vår sofa nede hos henne med kvart vårt heimestrikka pledd over oss og ser TV medan me småpratar og drikk doven cola-light og for min del, sukra te. Eg drikk lite te, det går helst i kaffi, og sukker i teen brukar eg aldri, men får barndomen av har eg lært at det er botemiddel mot vrange magar, og ei teskei sukker må ein vel med godt samvit kunna ty til sånn reint medisinsk når matlysta er fråverande…

Ganske mange timar har gått med til å lesa dei to første tjukke binda i Karl Ove Knausgård sin sjølvbiografiske roman, Min kamp. Det må utan tvil vera det mest omdiskuterte litterære verket i Norge akkurat nå. I seks bind skriv han romanen om seg sjølv, og det som har vakt mest diskusjon er kor vidt  det er etisk forsvarleg å utlevera menneska ein har forhalde seg til gjennom livet, og kor vidt det er interessant å lesa om at andre har skrive livet sitt. At han reint litterært blir både rost opp i skyene og slakta er sjølvsagt og eit aspekt ved det heile.

Eg synest sjølvsagt at nokon si forsøkt ærlege skildring av sitt eige liv i utgangspunktet er eit interessant prosjekt. For meg er menneskelivet umåteleg interessant, men eg innser at ikkje alle opplever det på same måten. Ein kan seia at eg interesserer meg for levd menneskeliv på same måte som andre kan vera hekta på frimerke, veteranbilar  eller sjeldne orkidear? Det eg synest er mest problematisk er i kor stor grad ein har rett til å trekka andre sine liv og skjebnar inn i det å frivillig fortelja sitt eige liv. Sidan liv er så tett vevde saman med andre liv, om ein ikkje skulle leva som eremitt i øydemarka, så skal ein ikkje ha skrive seg djupt ned i laga av erfaringar før problemet melder seg… Sjølv ville eg hatt store problem med å skriva det i ei bok om eg oppdaga at mi gamle farmor vart alkoholikar på sine gamle dagar, om faren min døydde sterkt alkoholisert i eit inferno av kroppsutsondringar og råtnande skitne klede, eller om eg oppdaga at svigermor forsynte seg grovt og hemmeleg av barskapet medan ho var barnevakt. Eg ville ikkje skriva om den dårlege stemninga når eg besøkte nokon med tre små barn og dei vertskapet tydeleg irriterte seg over barna mine… Alt dette og mykje meir har Knausgård teke med i bøkene sine. Det er sårbart, brutalt og ærleg. Han skriv om korleis han har problem med å snakka med folk han ikkje kjenner, korleis han lett kjedar seg i sosiale samanhangar, og om korleis han kjenner seg som om han har havna på ein annan klode når han buset seg i Sverige med svensk sambuar.

Men visst er det interessant at nokon vågar, at nokon har som prosjekt å skriva sitt liv med heile fargepaletten og kjensleregisteret i bruk. Det er fascinerande og litt provoserande på same tida. Nå står på venteliste på biblioteket for å få bind tre i hendene. Eg kjem truleg til å halda fram og lesa med same småhypnotiserte suget heilt til eg er ferdig med bind seks. Etterpå kjem eg sansynlegvis til å håpa at han skriv ned dei komande førti åra og. Har nokon av de andre lese bøkene? Eg vil gjerne høyra kva andre tenkjer.

Heidi

Orrestranda 10.januar 2010.

Det kalde vinterveret varer og varer. Ute er det klart og iskaldt. Me har bestemt oss for å dra ned til stranda for å fotografera. Me har blitt tipsa om at lyset i firetida, akkurat i det siste rest av sola søkk ne i hørisonten, skal vera heilt fantastisk. Det er best å kle seg godt, for nede på stranda er det ofte ekstremt kaldt. Eg finn fram den strikkegenseren som er så tjukk at han så å seia ikkje er i bruk. Oppå knepper eg eit uformeleg militærfarga plagg. Ullstillongs og vinterstøvlar, vottar, heimestrikka skjerf i alpakkaull og lue med hekla blomar høyrer med til antrekket. I dag er det opplagt «to see » meir enn «to be seen» som er spørsmålet…

Vegane er glatte og islagde, og markene kvite av snø. I eit og anna hus ser ein framleis tende juletre og store adventstjerner i papir. Himmelen har allereie fått rosaoransje glød, og eg lurer på om me er for seint ute. Ved vegen ned til stranda kjem to svaner flygende mot oss med lange utstrekte halsar. Dei teiknar seg som kinesiske skrifteikn mot himmelen og forsvinn. Når me går ut av bilen ser me ein stor flokk av ville svaner på tjelva. Dei har truleg måtte trekka ut mot havet fordi vatna deira har frose igjen akkurat som i eventyret om den stygge andungen. Mellom dei kvite svanene ser me fleire som framleis ikkje er vaksne og har brunleg fjørdrakt. Dei strekk halsane mot oss og skrik såre klagande skrik.

Vegen over sanddynene er heilt tilfrosen. Nokre stader er det vanskeleg å ta seg fram. På den andre sida, den sanddynene skrår ned mot stranda, mister eg fotfestet eit sekund og rutsjar nokre meter nedover. Det er så tilfrose at sanden er hard som stein, langt hardare enn eg ville ha trudd. Nede på stranda møter me fleire godt innpakka turgjengarar. Fleire har med seg fotostativ. Solskiva er akkurat i ferd med å forsvinna ned i havet som er svart og sølvfarga på same tida. Lyset er mjukt og magisk. Alle dei store steinane er glaserte med kvit, seig is av saltvatn, som får landskapet til å sjå ut som om ein trollmann frå Mummidalen har svingt tryllestaven over. Sandblanda is ligg som eit skarelag over stranda ut mot sjøen. Tang og stortare, med stelker så tjukke som mannsarmar, ligg kvitglaserte som mellom dei store steinane og lyset forandrar seg frå minutt til minutt. Kjærasten min monterer fotostativet sitt og leiter konsentrert etter nye motiv og vinklingar. Han er flink. Han får fotografera for oss begge. Eg småpratar med folk som passerer, oss og leikar meg med å prøva å finna dei rette orda til å skriva januarkvelden inn i det uforgjengelege.

Heidi

Granateplene.

Klokka er ti over halv fire ein laurdagsettermiddag i januar, og den skarpe januarsola har allereie kome så langt på lei at ho har lagt gullfarge på hustaka i aust og dannar ein gullrosa bakgrunn for dei svarte sprikande trea oppe på åsen. Kristin Asbjørnsen syng forførande nydeleg frå dataskjermen på sida av meg: Don`t hide your face from me. Don`t hide yourself from me.

Me har, med eit visst vemod frå mi side, rydda vekk juletreet, julekrybba og mesteparten av englane. Ein del av dei er heilårsenglar, eg treng dei resten av året og. Eg oppdagar nokre fine små emaljehjarte og stjerner som eg kjøpte i fjor og som eg rett og slett har gløymt å henga opp i år. Dei får venta til neste år. To pakkar fine juleserviettar vart aldri opna, dei får overvintra i lag med julepynten og pynta bordet neste år. To pakkar lilla adventserviettar går same vegen. Me har viss hatt færre selskap denne jula enn me brukar å ha.

Plutseleg slår det meg korleis eg pleide å hjelpa bestemor å ta ned juletrepynten. Eg hugsar det heilt tydeleg. Ho sat i stolen sin, eg sat på kne på golvet. Forsiktig tok me ned ei og ei kule og pakka inn i eit eller fleire lag appelsinpapir, før me la det i pappøskja som skulle på loftet. Mellom pynten var det og nokre små fuglar og små hus. Etterpå bretta me saman pappbiletet av ei kyrkje og folk som kom kjørande til kyrkja i sledar. Det var tapa saman etter mange års bruk og stod alltid på skapet ved vinduet når det var jul. Ein av onklane mine hekta forsiktig ned den store pappstjerna som hang i vinduet. Inni var det ei lyspære, etter at lyspæra var bretta ut, kunne stjerna brettast saman til ein  spiss trekant, og leggast saman med den andre julepynten. Framleis, femten juler etter at bestemor døydde, tidleg om morgonen på Luciadagen, i senga si på sjukeheimen, kan eg plutseleg sakna henne så sterkt at eg eg får lyst til å gråta.

Nå unnar eg meg ei skriveøkt, det har eg gleda meg til heile dagen. Eg må skunda meg, ellers så blir det kanskje ikkje tid til det likevel… Kjærasten min har servert meg kaffi i eit gult ikeakrus, eg har ullsokkar på føtene, og kuldegradene gneistrar i snøen utanfor.  For eit par dagar sidan fortalde ein kollega meg om boka granateplene av Sue Monk Kidd og Ann Kidd Taylor. Eg sa at den boka ville eg absolutt prøva å få lese, og dagen etter kom ho med boka slik at eg kunne få låna ho. Sidan har eg brukt alle sjansar til å få lese litt, for boka snakkar til meg. Ho er skriven av mor og dotter i fellesskap. I kvar sine kapittel skriv dei om dei same hendingane, om reiser dei legg ut på saman. Den første turen er for å feira at mora skal runda femti, og at dottera er ferdig med ein viktig eksamen. Dei reiser til Athen. Der møter dei myta om den unge jenta Persefone som dett gjennom eit hol i bakken medan ho plukkar blomar og havnar i Dødsriket. Mora Demeter, som er gudinna for grøde og avling, dreg straks ut for å leita etter dottera. Til slutt blir ho så apatisk av ikkje å få dottera tilbake at ho kler seg ut som ei gammal dame og set seg ned, utan vilje til å vera gudinne meir. Sidan dette går ut over avlingane, bestemmer Zews at Persefone skal sendast tilbake frå dødsriket, slik at Demeter kan gjera oppgåvene sine att. Det triste er at Persefone allereie har ete av Hades sine granateple, og aldri meir kan bli heilt fri frå dødsriket. Ho må tilbake til dødsriket ein tredel av året. Då sit Demeter seg ned og sørger over dotter si, og kornet kan ikkje vekser. Det er derf0r det er vinter ein tredel av året i fylgje gresk mytologi.

Mora i boka «Granateplene» innser at ho ber på ei stor sorg. Ho er i ferd med å mista dotter si, som ho trudde ho var klar til å sleppa, og ho innser at ho er skremd av det faktum at ho er i ferd med å gå inn i overgangsalderen. Ho er i ferd med å forlata sin eigen ungdom og gå inn i ein ny fase som skremmer henne.

I går kveld hadde  eg ein nydeleg kveld saman med litteraturgruppevenninne mine. Me hadde lese «Huset ved moskeen», men samtalen dreia over på boka eg las om Granateplene, og på Knausgård sine bøker som fleire av oss hadde tankar om. Gry kjørte heldigvis bilen vår bort og heim, for det er masse snø og is, og på slikt føre trivst eg endå dårlegare som sjåfør enn det eg normalt gjer. Vel heime tidleg på natta vart eg liggande og lesa vidare i boka. Eg vakna tidleg og hadde bare lyst til å lesa vidare, men eg hadde ikkje hjarte til å vekka mannen som låg på sida av meg og sov med å setja på det skarpe leselyset. Eg bestemte meg for å venta litt med leselampen, sovna og glei inn i ein forvirrande stressdraum:

Eg skulle ha norsktime med elevane mine, og av ein eller annan grunn skulle eg ha alle femtitre elevane samtidig. Thorbjørg skulle assistera meg. Plutseleg såg eg at eg hadde alle sjuandeklassingane frå naboskulen der og. Dei sat i eit slags auditorium som var delt i to rom, og på galleri som i eit teater. Eg mangla papir til å skriva på, Thorbjørg fann brurebiletet av broren og kona og sa me kunne skriva bak på det, men det meinte eg var litt for gale. På uforklarleg vis auka det bare på med elevar i klassen. Snart var det sikkert 1000 sjuandeklassingar som sat der og skulle ha skriveundervisning. Mange av dei var urolege og ukonsentrerte, og mange var veldig motiverte. Folk gjekk ut og inn og skulle observera undervisninga, og eg tenkte at dette får eg ikkje til, eg har jo fått ein heilt umogleg oppgåve. Eg bestemte at eg skulle plukka ut ti elevar som skulle koma fram og laga ein tekst saman med meg medan dei andre såg på. Plutseleg stod eg med eit langt sverd i handa og skulle peika med sverdet på dei ti utvalde. Mange sat med handa oppe og ville vera med. Eg var livredd for å skada dei med det skarpe sverdet, og det gjekk opp for meg at eg hadde gløymt kven eg hadde peika ut. Eg såg ein elev i klassen som eg hadde på skulen for meir enn femten år sidan, og tenkte at her er det noko som ikkje stemmer, han må jo vera vaksen nå. Tanken slo meg at det kanskje var ein draum. Eg sa til meg sjølv at dersom det bare var ein draum så slapp eg ut av denne stress-situasjonen. Det siste eg tenkte før eg vakna var at det var uansvarleg av meg å vakna, kven skulle då undervisa denne store gjengen med 7.klassingar som eg hadde fått ansvaret for…

Eg vakna og oppdaga at klokka var elleve. Eg irriterte meg over å ha sove vekk heile føremiddagen, og trøysta meg med at eg trong vel å få sova. Sue Monk Kidd skriv i boka at ho alltid skriv ned draumane sine for å halda fast på eine eigne historier om seg sjølv. Kanskje det inspirerte meg til å skriva ned min draum her, sjølv om eg vanlegvis ser på draumar som noko litt for privat til å vera bloggmateriale, så hadde eg lyst til å halda han fast.

I «Granateplene» jobbar mora med å akseptera at eit kapittel i livet, kapittelet som oppdragar, mor og ung kvinne er i ferd med å avsluttast, og at eit nytt kapittel skal skrivast. Ho samlar mot til å gå inn i det nye kapittelet, som ho tenkjer kan bli endå meir skapande enn det ho skal avslutta. Ho har betre tid til å skriva og skapa enn ho har hatt før, og ho har meir livserfaring. Ho innser at det er tøffare enn ho har forestilt seg å sleppa taket i barna sine, og å innsjå at ho frå nå av er ei kvinne i femtiåra…

I denne prosessen samlar ho, utan heilt å skjøna korfor, på informasjon om svarte madonnaer og bier. Dette skulle visa seg å verta råmaterialet til ei fantastisk bok ho skulle koma til å skriva, «Bienes hemmelige liv,» boka eg slukte med uendeleg leseglede for eit par somrar sidan. Og eg skjønar at noko av fascinasjonen min for granateplene er at eg må innrømma at eg ser både klare og overraskande parallellar til mitt eige liv.

Og eg held aldri opp med å la meg overraska over korleis tilfeldige trådar formar livet mitt. Av og til trur eg at det er englar som smiler til meg i tilsynelatande tilfeldige episoder. Det eg skal skriva nå høyrest ut til å vera i høgaste grad redigert inn i teksten, men det er rein kvardagsleg sanning:

Akkurat medan eg skriv desse linjene og rommet blir langsomt mørkare og kaldare, medan gullfargen utanfor glir over i den blå timen og alt blir vinterblått, og medan Leonard Cohen syng for oss kjem dotter mi, Ingrid inn på kontoret med stripete genser, langt fløymande hår og glad stemme.

«Eg har fått tak i ein film som ser så fin ut, mor. «Bienes hemmelege liv», har du høyrt om han? Eg tenkte me kanskje kunne sjå han saman?» Og eg sverger på at eg ikkje har sagt eit ord til Ingrid verken om Granateplene, Sue Monk Kidd eller Bienes hemmelige liv… Me avtaler å sjå filmen saman i morgon.  Og livet er rart og skjørt og vakkert. Nå må eg ut og gå om eg skal rekka det i dag. Og eg innser at dette bloggeinnlegget er så langt at ytterst få vil lesa det… Men det får i grunnen vera underordna.

Heidi

Tilbake til framtida.

Tida er ei kraft, skriv Eyvind Skeie på bloggen sin. Det er ein fascinerande setning å leika med i tankane. Sikkert er det at nå når me snur kalendaren så blir folk flest meir opptekne av tid enn me normalt er. Me fortel einannan at nå er det blanke ark og nye sjansar, og me restartar til ei viss grad vår eigen livsstil. I alle fall prøver mange av oss å justera kursen ein millimeter eller to. Eg ser ikkje vekk frå at englane smiler litt av oss der me balanserer på den linjaleggen me kallar tid. Og så har me dårleg tid og god tid. Eller dårleg god tid som når me sit på legekontoret og ventar utålmodig på noko som kan vera ubehageleg, eventuelt god dårleg tid, viss me skundar oss for å nå noko kjekt ,gjerne lattermildt småspringande, saman med nokon me likar å vera i lag med. Dette med god dårleg tid og dårleg god tid er heller ikkje mine tankar, men noko eg høyrde nokon, eg hugsar ikkje kven, snakka om på radio. Der høyrde eg og om ein forfattar som lot ein av hovudpersonane stå i kø på Rema kvar dag i den travlaste tida, for der gjekk tida så seint, han var nemleg plaga av at livet gjekk alt for fort…

I går såg eg ein fascinerande engelsk dokumentar om noko som vart lagt fram omtrent som ein trend i Storbrittania: Menneske som lever som om dei høyrer til ei anna tid. Me fekk møta fleire unge damer som levde som om det var på 50-talet, med husa innreia i 50-tals-stil, tidsrette klede og bilar frå rett periode. Desse damene var husmødrer på heiltid, og livsinnhaldet deira var å leva 50-tals messig og å degga for mennene sine som kom heim til nyslikka hus og nylaga middag på respateksbordet. Fleire av dei gjekk minst mogleg ut, og omgangskretsen deira var folk som levde på same måten som dei… Ei av dei uttalte at dei ho kjende som levde femtitalsliv ikkje ville ha barn fordi det ville gjera det mest umogleg å leva på denne måten. Ho trudde ho ville ha vald abort om ho vart uforvarande gravid. Me møtte og damer som levde på 30-talet og 40-talet. Dei snakka varmt om den nye kalde tida og om den svunne idyllen… Det slo meg at som dei opplyste menneska dei var, så burde dei veta at 30- og 40- talet er kjend for andre ting enn idyll…

Dette må jo handla om trongen til å ha det trygt, og om trongen til å tilhøyra ei gruppe ein kan relatera seg til, slik at det blir «oss og dei andre.» Ei av dei som levde eit trettitals liv innrømma at ho hadde ein microbølgeovn i eit skap i knehøgde, som ho tydde til av og til, og ei anna innrømma at ho handla femtitalsklede på internett forsi dei var så vanskelege å finna…

Martin Lönnebo skriv at bak eit kvart punkt på tidslinja ligg ei heil æve av stille, og at det er mogleg å ta små steg til sides for å finna denne stilla. Det er ein vakker tanke.

Eg skriv eit stykke som er eit bestillingsverk for barneteater. Det er for målgruppa 2-6 år og handlar om framtid, fortid og nåtid. Det er nåtida me kan gjera noko med. Samtidig blir alle opplevingar i nåtida transformert til fortid, fortid som me skal bera med oss i all framtid…

Det er fascinerande med tid. Sjølv har eg mest alltid god tid samtidig som eg eigentleg har dårelg tid. Sånn som nå. for eksempel; her sit eg og skriv…. Og tida flyr i frå meg. Carpe diem alle saman. Avsluttar med det same visdomsordet frå bibelen som eg nettopp las på bloggen til Arne:

Lær oss å telja dagane våre så me kan få visdom i hjartet.

Heidi

Første i første totusen og ti.

To tusen og ti vart tellemåten språkrådet landa på, og for meg kjennest det langt meir logisk enn tjueti, sidan me nettopp avslutta totusen og ni. Det vart ein spektakulær avskjed med gode gamle totusen og ni. Naturen er så vinterleg og vakker at det mest ikkje liknar på det landskapet me kjenner. Eg trur aldri før eg har stått ute på gata under eit årsskifte, innepakka i skjerf og lue, med gnistrande kulde og minst tolv kalde grader med masse snø, klar stjernehimmel og kvit lysande fullmåne.

Nest siste dagen i året reiste eg ned til havet saman med kjærasten min, for å spasera, fotografera, og sjå på solnedgangen. Til ære for vinteren har eg skifta ut bloggbiletet mitt med eit bilete frå same staden som det vanlege, bare i vinterdrakt. Som de ser så var det ganske isete å gå over sanddynene for å koma ned på stranda. Nede på stranda opplevde eg for første gongen at det var felt med så mykje «is-tele» i sanden at ein kunne gå oppå utan å synka ned. Det var reint trolsk med snø og is og glitrande tele i sanden og solnedgangen, som vart mørk oransje og fekk fargane i havet til å skrimra i nyansar av fiolett og flaskegrønt. Dersom ein snudde seg med ryggen mot havet såg ein månen som bare mangla ein liten skjerv på å vera full, henga tung og rund over marehalmen mot ein svartnande vinterhimmel.

I går kveld skulle me for første gong på 23 år feira nyttår utan å ha med nokon av ungane våre. Dei skulle av stad til kvar sine stadar for å feira. Vilde, Sunniva og Ingrid pynta seg med elegante ballkjolar med og utan stropper, og med sko med hælar som eg sjølv bare kunne drøyma om å halda balansen i. Eg svelde ein klump i halsen og håpa dei ville få ein fin kveld dit dei skulle. Sønene mine trekte i mørke dressar og fekk streng beskjed om å ta på seg varmare jakkar utanpå trøyene.

Sjølv fekk eg bare nesten varmt vatn i dusjen og kjolen eg hadde tenkt å ha på meg hang igjen på austlandet, men det gjorde ikkje noko. Eg fann kjole og sette kjærasten min i gang med å stryka medan eg piska krem til eplekaka me skulle ha med oss. Leppestiften kom på i bilen, og hårbørsten hadde eg gløymt igjen heime, men eg hadde då nådd å børsta håret før eg sprang.

Gunnar og Hanne Lise hadde laga det så vakkert med fyr i peisen vakkert dekka bord, kvite lys og rosa roser. Ute i vinterhagestova med store vindu ut mot kvelden stod framleis den store norske grana pynta og lange raude lys var tende. I eit hjørne låg ein svart gris og snorka høglydt. Kalkunen var arrangert i saus med soltørka tomat og chili og brødet var heimebakt. Gunnar er glad i å laga mat, og overgjekk seg sjølv med den eine kreative retten etter den andre. Desserten var moltesorbet med rips servert med pistasjeknekk. Kongen talte lågmælt frå fjernsynet innerst i kroken og langsomt og fredeleg la me det gamle året bak oss.

Godt år alle saman. Nå vil eg ned og fyra i peisen og tenna levande lys i stova mi. Eg vil bruka den første dagen i året til å vera ein lat livsnyter, laga nokre perlehjerter til juletreet, og kanskje laga ein kalender eller to til nokon som har lyst på det.

Heidi

Medan Halvard spelar trekkspel

sit eg her innetulla i eit teppe og jobbar med liturgi. Eg har fått eit lite oppdrag som går ut på å bearbeida eit par av dei liturgiske tekstane som har vore ute til høyring. Det er initeressant, men oppmerksomheitskrevjande arbeid som treng at eg tek fram perfeksjonisten i meg. Dei som er engstelege for at den perfeksjonisten ikkje finst kan eg beroliga med at det gjer han faktisk. I avgrensa område kan eg vera så perfeksjonistisk som bare det, og faktisk kosa meg med å vera det.

I går kjørte me heim frå austlandet med eit punktert framhjul som faktisk gjorde alt ein kan forlanga av eit framhjul etter at me hadde spraya ein sprayboks full av tettespray inn i det. Vidunderlege nye verden, tenk at øydelagde dekk kan reparerast med spray. Elles så var reisa strabasiøs nok, med tidvis glatte vegar, vintermørke, tåke og strekningar med snøføyke. Men heim i god behald kom me…

Farfaren hadde såpass tru på Halvard sine trekkspelgåver etter første samspeltimen at han rett og slett gav han imstrumentet i presang. Han meinte at han sjølv som snart-nitti-åring hadde nok med pianoet og alle fløytene. Me fekk på mysteriøst vis klart å pressa det inn i bilen, så nå har Halvard eit trekkspel og i instrumentstallen sin.

I dag morges, eh føremiddag for å vera pinleg nøyaktig, bakte eg kanelbollar medan han spelte julesongar på trekkspelet. Bassen har han ikkje funne ut av ennå, men det høyrdest ganske rått ut med Deilig er jorden og O helga natt utan bass og. C-en har han klart å finna. Resten av akkordane får han prøva å leita seg fram til.

Sidan det hastar litt med liturgiane, har eg ikkje rukke å pakka ut endå. Og ein liten tur ut på hålka for å få litt luft og trim hadde gjort seg det og… Nå får eg  ta ein siste runde med liturgi, og så får eg sjå kva eg rekk før Harry og Charles klokka kvart på ni. Juleferie er heilt nydeleg.

Heidi

Andre juledag.

Då me vakna hadde det snødd og snødd heile natta. Eg ville ut og spasera litt i det flotte vinterveret, men det var bare så vidt me fekk opp utgangsdøra, og eg måtte vassa gjennom gardsromet for å koma ned på vegen. Ute på vegen var det masse menneske, for det meste menn i sin beste alder som var travelt opptekne av å måka gardsrom og fortau. Folk her austpå er vane med slikt ver som dette, og dei mest rutinerte tøffa rundt med elektriske eller motordrivne snøfresarar. Eg fann ein sundagsopen tyrkisk butikk og fekk handla med meg litt jus og mjølk og mandlar dekka med kakao og kanel.

Utpå føremiddagen bar det til svigerforeldreheimen att for å hjelpa til å førebu familieselskap. Eg og Sunniva bar stolar og skar salat medan Odd Christian og far hans måkte og sopte gardsromet. Halvard spelte piano og trekkspel saman med farfar. Han fekk ein liten trekkspeltime av farfar. I går laga Halvard og Odd Christian kvar sin film med det nye fimkameratet til Halvard. Odd Christian laga ein film om «den siste dansande familie,» der farfar sitt improviserte dansenummer til nøtteknekkarsuiten vart foreviga, slett ikkje verst til å vera ein mann som går i sitt nittiande år…

Så dukka storfamilien opp, og då eg sa at eggerøra eg hadde blitt betrudd å laga nok var i saltaste laget, sa min kavaler av ein svoger at eggerøre mest alltid er for lite salt… Me åt laks og aure, juleskinke, eggerøre, flatbrød og salatar før me avrunda med kransekake, is og farmor sine heimelaga krumkaker. Etterpå løyste dei vaksne verdensproblem, medan «barna», som nå er mellom femten og tretti år, spelte gamle brettspel og Gianna sisters på farfar sin gamle commodore.

Klokka halv seks pakka me med oss Astrid og Fredrik for å dra til Sandvika kino og sjå 3D versjonen av Avatar. Me måtte stoppa for å sjekka ein rar lyd på høgre side av bilen, og det viste seg at høgre framhjulet var flatt. Gradestokken hadde sunke til under tolv grader minus, så det vart relativt kaldt for dei av oss som ikkje var skikkeleg kledde. Det ende med at me ankom kinoen i taxi, og nådde det akkurat. Normalt ville eg ikkje tenkt at Avatar var min type film, men ei filmanmelding eg høyrde på radioen hadde gitt meg lyst til å sjå han. Eg likte det eg såg gjennom 3D brillene utanpå dei vanlege brillene. Det var ei betagande skildring av eit «folkeslag» som levde i eit med naturen, og menneska som kom for å utnytta det dei trudde var områda tilhøyrande ein primitiv stamme var ikkje akkurat flatterande ambassadørar for menneskeslekta.

Nå er det siste kvelden her, me har testa ut Eva Mari sitt sekshjarta vaffeljern som fungerte heilt utmerka. I morgon skal me opp grytidleg for å rydda/vaska oss ut av huset og inn i bilen. Så får me håpa at det ordnar seg med bilhjulet. Me kan ikkje kjøra 50 mil på reservedekket på heftig vinterføre. Det ordnar seg vel. Peisvarmen i stova er god, og det fristar ikkje å ta kvelden, men morgondagen teke i betraktning…

Heidi

Walking in a winterwonderland

song Sunniva og venninnene improvisert fleirstemt i baksetet på mazdaen på sundag føremiddag då me skulle kjøra dei til teaterøving. Og winterwonderland var det verkeleg med halvvegs nedsnødde vegar og fykande snø. Eg var faktisk litt i tvil om me ville klara å få dei heim att frå nabobygda utpå kvelden eller om vegane ville vera heilt gjensnødde. Det same lurte dei ansvarlege leiarane på, så jentene vart permitterte tidlegare enn planlagd slik at alle skulle kunna koma seg heim før det vart heilt kaos.

Då me kjørde austover på lille julafta var me så heldige at snøkaoset låg bak oss og slo til på vegar me allereie hadde passert. Her på austlandet var det atskillig mindre snø enn heime då me ankom, men sidan då her det snødd masse her borte og, og Sunniva uttrykte nettopp bekymring for korvidt me ville snø inne her i det lånte huset, men det gjer me nok ikkje. Her inne med peiseld og kveldsmørke er det veldig vakkert å sjå ut på den fine kvite snøen som ligg tungt på tre og hus og vegar.

Ingrid valde å vera heime med Oddvar og butikkjobben, og me saknar henne litt, men elles så er det ganske fint å få tid i saman med ungane på denne måten. Vanlegvis lever me kvar våre liv og treffest ved nokre daglege treffpunkt, men nå er me saman heile tida. Det er fredeleg og fint. Eg har hatt det i overkant travelt, og det er deilig å ta det litt meir med ro.

I går drakk me føremiddagste med svigermor og svigerfar og hjalp dei å pynta juletreet. Det er fint med gammal julepynt. Gamle pappkuler med snøglitter på, slike som bestemor sa var frå krigen, fekk henga på saman med gamle flettekorger i glanspapir, fine glaskuler og trådglitter.  Det virker som om eg levde i gamle dagar når eg tenkjer på at eg og bestemor sat ved kjøkkenbordet hennar då eg var lita og brukte kveitemjølsklister til å lima hankar på fletta julekorger i glanspapir som morfar hadde sykla ut for å kjøpa til oss…

Om kvelden var storfamilien samla med masse god mat og til ære for Maria på seks år kom det ein julenisse med store solbriller og banka på verandadøra akkurat då onkel Joffe var ute eit ærend. I dag har me hatt sein frokost med juledagsgudsteneste på TV, og eg rakk å jobba litt med liturgiarbeid før me drog til «farmor og farfar igjen» der onkel Joffe dukka opp med fiskesuppe og blåbærkrem. Me var innom ein bensinstasjon og kjøpte to små sekker ved, og i kveld har me fyrt på peisen, robba kakemenn i boksane til Eva Mari og sett Slumdog Millionaire. Eg har lese ca halve boka til Jonas Gardell «Om Jesus», og finn ho interessant. Nå ser ungane på Ghostwhispers, trur eg skal sjå saman med dei før eg eventuelt avsluttar første juledag saman med Gardell. Ha ei framleis gledeleg jul, som eg har lært i ei bok om skikk og bruk er den rette frasa i juledagane. Før jul heiter det nemleg god jul… Og etikette er me vel nøye på vel… Det står på ein måte i stil til den boksen me fekk med paté de cerdos patas negras… Ein leverpostei frå viltgåande griser med svarte labbar som går i skogen og et hasselnøter som dett ned på bakken… Såpass må det vera…

Heidi

Langt oppi lia der veit je et sted…

det snør og det snør og det snør nesten ned.

Det fins itte væger, det snør og det snør,

og ingen har vært der i jula før.

Men nå kommer du og jeg og dompappen,

heisan og hopsan og tralala…

Slik song Alf Prøysen i barndomen min, og nå forstår eg betre kva han meiner. Her har det snødd og snødd, og då eg skulle i førjuls-stikkinnom- besøk hos Anne Mette på sundag, var det heilt uframkomeleg. Siste biten måtte eg ta meg fram til fots, og det var omtrent midt i byen. På veg heim stod ein bil bom fast i ei rundkjøring. Me stoppa og kjøpte thailandske små vårrullar med peanøttsaus. Dei smakte fortreffeleg.

Etter ein dag med hard julejobbing og koselege kaffibesøk, er det på tide å pakka kofferten med juleklær for å kjøra femti mil sånn omtrent rett aust… Dei har lova snø og kuling. Det kan koma til å bli ein interessant tur. Nå må eg skrida til verket slik at det blir nokre timar med søvn før eg må opp klokka sju…

Heidi