Tjue julebrev er sende med posten. Fleire kjem etterkvart.
Eg har skrive rapportane som skrivast skal, og det begynnar å lysna for å få tid til å ta juleferie. Mange er sjuke for tida både av kolleger og elevar. Eg har vore småkvalm dei siste dagane, men det går over.
Dagens høgdepunkt var konserten i kulturskulen der Sunniva song duett med ei anna Sunniva på “Ledet av en stjerne”. Ho har gått på solosong dette siste halvåret, og det er veldig kjekt å få sjå henne opptre. Eg håpar ho kan få halda fram i kulturskulen neste år sjølv om ho etter gjeldande reglar då går av for aldersgrensa. Me jobbar med at elevane våre skal kunna få undervisning utover grunnskulen. Me får sjå korleis det går.
Elevane på sjette trinnet har skrive bøner som skal brukast på skulegudstenesta. Det er interessant å lesa kva dei skriv.
Og juleferien nærmar seg med stormskritt. Nå gjeld det å klara å bli ferdig. I morgon har eg to møter og på torsdag har eg eitt i tillegg til undervisninga. I beste fall når eg til og med ei grovrydding på skrivebordet.
Dette diktet er eitt av dei elevane har i leselekse denne veka.
Natten
Natten i natt er hellig.
Noe skal skje.
Det som skal komme fra himmelen
er ikke bare sne.
Natten i natt er hellig.
Noen skal dø i natt.
Nysådd og angst og matt
spirer en himmel i isen
der gaten er blank og glatt.
Natten i natt er hellig.
Noen skal fødes i natt.
Vår mørke kjølige klode
er ikke helt forlatt.
Fra hennes lysende søsken
kommer det noen i natt.
Jens Bjørneboe
Heidi
Eg har ikkje fått i veg min del av juleposten i dag heller, men det kjem nok… Dagane flyt i veg.
I dag var eg på julekonsert med ein gjeng frå jobben. kyrkja me var i er ny og vakker. Gospelkoret hadde laga nye og annleis lydkulisser omkring kjende og mindre kjende julesongar. Etterkvart swingde det skikkeleg av musikken. Eg har skrive eit par songar for lenge sidan som dirigenten har laga musikk til. Dei brukte begge to i kveld, og til den eine hadde dei ein dansesolist, barbeint i kvit kjole. Det var skikkeleg som å opna ei luke i livets adventkalenderen. Solisten deira Anh Vuh song så nydeleg at det gjekk ilingar langs ryggen min, og då ho mista teksten på “Mitt hjerte alltid vanker,” hadde eg lyst til å springa fram og suflera. Ho hadde mellom anna ein sjarmerande versjon av Åge Samuelsen sin “Å Jesus du som fyller alt i alle,” på tilnærma Stavangerdialekt.
Eg blir litt forelegen når folk kjem og tek meg i handa for å takka for den fine teksten på dei to songane. Det kjennest som så veldig lite frå mi side.. Bare nokre songar eg skreiv i lag med Bjarte for tolv år sidan, liksom… Men eg prøver å smila veloppdragent og seia tusen takk, så hyggeleg at du likte teksten.
Eg har kanskje litt problem med å sjå på ting eg har laga kunst, eg blir litt sånn fnisete tenåring når nokon rosar tekstane mine. Det kjennest litt sånn keisarens nye for store klær, men sjølvsagt blir eg glad og. Litt av magien er å la ting fly med vinden og så blir det til noko heilt av seg sjølv.
På veg heim bestemte me oss for å avlegga ein førjulsvisitt hos Jan Ivar. Han serverte pepsi max og potetgull og mora sine heimebakte sirupssnippar. Så krølla me oss saman i sofaane og såg på “Sommer”, det einaste TV-programmet eg bare må sjå kvar veke.
Og kveldane kjem så alt for fort.
Heidi
For lengsel håp og glede
var det Inger Hagerup tende lys tredje sundagen i advent.
Dette var mellom anna dagen for å ta det litt med ro. Det vart derfor radiogudsteneste parallelt med ein betre frokost med egg og bacon
Eg har laga leseark i RLE i dag og. Temaet denne veka er å visa korleis bibelen har inspirert kunstnarar i ulike kunstuttrykk. Ei av leseleksene har i seg dette diktet som eg er veldig glad i.
Hymne til Josef:
Den unge Maria vandret
engang til Betlehem by
forteller den gamle legende
som alltid er like ny.
Det var ikke rom i herberget.
Men stallen var lun og varm.
Så fødte hun der sin første sønn
støttet av Josefs arm.
Stjernesoler og vismenn.
Hyrder og englekor.
Hva tenkte den mørke Josef
som aldri mælte et ord?
Gjennomstrålet av himmelsk glans
lyste de hellige to.
Hva tenkte den mørke Josef
som bare var trofast og god?
Kan hende han svøpte sin kappe
litt bedre om barnet og moren.
Slik vernet han ordløst menneskers drøm
den hellige Josef av jorden.
Inger Hagerup.
Nå har eg vore på skulen og gjort klar til i morgon, og vore på besøk hos onkel med heimebakte julekaker.
På onsdag kjem kanskje Odd Christian heim, og på torsdag kjem heilt sikkert Ingrid. Det gler eg meg til.
Eg sender varme tankar til Odd Christian som skal ha ein stor eksamen i morgon. Eg håpar dei kjem fram og er til god hjelp…
Ein tidleg kveld trur eg det var det skulle bli…
Heidi
Høgdepunktet i dag var å reisa inn til nabobyen for å eta lunsj på kafé med litteraturvenninnene mine. Me hadde funne ut at det var akkurat den formen for treff travle damer treng når dagar og kvelder snører seg til mot jul.
Det var eit akkurat så kjærkome pustehol som det var tenkt å vera å sitja der midt på dagen med tunfisksalat og kylling i karri og kokvarm te. I tre timar sat me der og hadde det
godt.
Ute var det klar himmel, eit par plussgrader og ein iskald vind som gjekk gjennom marg og bein. Eg hadde tenkt å stikka innom eit kjøpesenter medan eg venta på toget som skulle ta meg heim, men det stengde omtrent samtidig som eg gjekk inn i det. Så slapp eg å utsetjast for den slags freistingar.
Inne i kjøpesenteret traff eg Jorunn frå gymnasklassen min som var det for å varma seg ho og. Me fekk ein liten halvtime saman på ein kjosk der eg måtte kjøpa meg varm drikke for å halda varmen i kropp og fingrar. Det var veldig koseleg å snakka saman, det var fleire år sidan sist. Toga våre gjekk omtrent samtidig i kvar sin retning vidare.
Då eg kom heim haldt Vilde, Halvard og Sunniva på med å laga middag til oss, og me åt i stova under lysekrona med dei levande lysa. Etterpå hadde eg lova ungane å laga rasjonen av risbollar for denne jula. Eit skikkeleg kliss med delfiafeitt, masse smelta sjokolade og melis og fire liter risnøter. Dei blei gode, søte, feite og usunne, og ligg nå i to kakeboksar i matbua. Så viss du les dette, Odd Christian: Du kan bare gle deg.
Nå har eg og min kjære sett ein dokmentar på tv om ein lettare eksentrisk amerikansk pastor som reiser rundt i USA og prøver å overbevisa folk på store kjøpesenter om at det ikkje er kjøping som gjer deg lukkeleg. Eg er sjølvsagt einig med han i sak… Dei kalla seg “The church of no shopping” og brukte slagordet “What would Jesus buy?” Dei konkluderte med at han i allefall ikkje ville ha handla på wall-mart…
Eg var ikkje heilt sikker på om mannen verkeleg brann for saka eller om det var eit slags eksentrisk show, men det same kan det kanskje vera…
Han stod i allefall på kjøpesentera med eit stort gospelkor med raude kappar som song lett omskrivne negro-spirituals og tradisjonelle julesangar som i deira versjon handla om at folk ikkje måtte kjøpa så mykje. Sjølv ropte han same bodskapen ut i ein stor papirmegafon. Det same skjedde kvar gong. Først såg folk på dei med interesse, så med vantru, og til slutt vart dei jaga frå senteret…
Det er unekteleg noko sant og viktig i bodskapen, men eg trur eg ventar litt med å erobra M 44, det lokale kjøpesentert med papirmegafon og gospelkor.
I tankane i dag har eg vore med to kolleger som opplever vanskelege ting nå rett før jul. Den eine mista eit ufødt barnebarn to veker før termin, den andre har vore på sjukehuset i lag med mannen sin som vart plutdeleg sjuk.
Måtte begge bli trøysta.
Eg har fått ein ny dagleg vane, eg les bloggen til den norske dominikanerbroderen Arnfinn Haram. Sidan han legg dette ope ut på nettet, går eg ut frå at eg får lov til å koma med eit direkte sitat av noko eg umiddelbart tenkte var både sant og tankevekkjande:
“Tap liding og sorg gjev oss nærkontakt med røyndomen, fører oss nærare molda vi er tekne av. Når stasjet er borte, lærer vi å be. Å be er å gje ord til sjølve lengten i våre liv. Å venda seg til den ytterste instansen,- til skaparen.
Når det verkeleg er du sjølv som bed, og ikkje ditt eige glansbilete, kjem orda dine som kviskring frå molda. Frå din nakne eksistens.”
Arnfinn Haram
Heidi
I dag når eg akkurat å opna luka før døgnet passerer midnatt… Sjå kor flink eg er blitt med deadliner. Det er framleis fem minutt igjen, faktisk.
I går mista eg ein tekst då internett plutseleg kobla seg ut heilt av seg sjølv. Han handla om ein travel dag etter intense forestillingsdagar, og om trikset å kopla til alle vitsar og gamle historier ein har høyrt i heile sitt liv for å halda ein strikkeklasse i sjakk når ein er for trøytt til all anna oppdragande verksemd.
Eg rakk å sjå Sunniva dansa på kulturskulen si danseforestilling. Eg blir alltid djupt rørt av å sjå henne dansa. Kanskje fordi det blir så tydeleg at den vesle blide jenta mi som var alle stader samtidig er blitt ein vaksen langbeint femtenåring.
Eg hadde lova skrivekurselevane mine julegrøt siste gongen. Sidan eg var så sliten tok eg minste motstands veg og kjøpte ferdiggrøt klar til oppvarming. Takk til Fjordland. Eg fann ei mandel i skulen sitt skap, og skålda ho i ein smørsmeltar. Så kunne me gjennomføra det rituelle grøtmåltidet, ein nonstop-pose, som eg kjøpte då me hadde sannsynlegheitsrekning og aldri brukte, fekk tena som mandelgave.
Dagen i går var dagen for å skriva juletekstar. Same kor trøytt eg er før skrivekurskveldane, så får eg masse energi av å skriva i lag med desse jentene. Då dei hadde gått opna eg skattekistene, skrivemappene deira, for å få med meg kveldens tekstar.
I dag var det fredag, og på fredagar kan eg i teorien sova lenge, men i dag var det eit møte eg måtte stilla opp på halv ni om morgonen. Så kom eg meg i allefall opp og fekk teke hol på dagen…
Klokka eit reiste eg og mor og syster til eit kjøpesenter for å handla juelgavar. Mor spanderte lunsj på kafeteriaen. Eg og syster var mest uthaldande, me sveiv rundt i seks timar og hadde det avslappande og godt.
Nå i kveld har eg vore aleine heime og tilbrakt timane på sofaen framfor fjernsynet med eit teppe rundt meg. Eg må innrømma at eg ikkje fekk med meg alt i alle programma. Nokre timar på sofaen var akkurat midt i blinken i dag.
Sunniva sit barnevakt. Viss ho ikkje vart kjørt heim, ville ho helst bli eskortert av meg. Det er speilglatt ute, så eg aktar ikkje å ta bilen. I tilfelle henting blir det til fots på speilglatt føre og i iskald vind. Eg må innrømma at eg håpar ho blir kjørt heim. Kjærasten min er på julebord med kollegene sine. Eg trur eg høyrte plinging frå mobilen min som ligg nede til lading. Eg får gå ned og sjå om eg må kneppa på meg kåpa…
Heidi
Klokka runda akkurat midnatt. Eg er to minutt for sein til å opna luka på dagen… Men to minutt inni det nye døgnet kjennest det heilt opplagt framleis som torsdag. Ein langtorsdag i fall slike finst.
Dagen i dag starta klokka halv fire. Kanskje det har samanhang med at eg la meg tidleg i går? Truleg hadde det mest med det å gjera at eg hadde ein premiere framfor meg… Hjernen var klar ganske tidleg for å seia det sånn…
Dagen har vore intens og fantastisk. Stykket vart veldig bra til slutt. Me har halde på heile dagen med sminking og hårstyling og øving og forestillingar. Innimellom hadde me det tradisjonelle måltidet på kafé som skulen spanderer på oss musikalfolk to gonger i året, den dagen me har kveldsforestilling…
Etter grovrydding av lokalet var det heim for å laga eit opplegg i rle/kunsthistorie om kunst inspirert av bibelen. Har nå laga ein perm med berømte bilete på transparenter til oss på trinnet…
I morgon Lucia-forteljingar igjen. Og strikking og skrivekurs. Dagen har vore veldig innhaldsmetta.
Så der set me strek.
Heidi
Intenst.
Har det vore i dag. Først seks timars øving der eg tilsaman hadde ca fem minutt pause. Det er magisk og spennande og stressande på same tida å prøva å forma ei halvferdig forestilling til eit sluttresultat. Konklusjonen blir vel at syttifem ungar er i meste laget og me kunne godt hatt ein gjennomgang eller to til før premieren.
Likevel, – trass i alle småtinga som kunne vore annleis og det at det ikkje alltid er lett å byggja opp energien til det nivået me aller helst skulle sett, så ser me mange små mirakler. Barn som plutseleg vågar, barn som glitrar, barn som tek ansvar…
Etter øvinga var det å gå i gang med neste arbeidsøkt: To dramaklassar.
Nå er eg veldig klar for å kvila. Så klar at eg trur eg skal gå rett og legga meg. I morgon har eg ein like lang arbeidsdag framfor meg, bare at me begynnar ein halvtime tidlegare enn i dag med å sminka barna til kattar. Det er best for alle partar å skaffa seg ei lang og roleg natt.
Men halsproblemet er borte vekk, takk og lov for det.
Kryss fingrane for oss og kattelivet i morgon.
Heidi
Noko av det første eg tenkte i dag morges var at i kveld blir det tidlig legging. Likevel sit eg her…
Skuledagen var travel. På toppen av at det er ekstremt travelt nå med musikalforestilling i overmorgon, så er det mi ryddeveke på jobb. Det betyr at det er mitt ansvar å få ting ut og inn av oppvaskmaskinen, og å tømma alt det sorterte søppelet ut i kontainarane. Eg såg i dag morges at eg var blitt uttrekt til å opna adventkalenderen og, men så langt kom eg ikkje.
Dette var dagen eg skulle ta med Sunniva og to venninner på barneteater inne i byen. Skulen min kjøper årleg ei heil forestilling. Det er veldig kjekt. Eigentleg er Sunniva og venninnene for store til barneteater, men sidan dei spelar teater sjølv, så er det inspiererande å sjå på andre…
Eg for min del elskar dei proffe barneteateroppsentingane inne i byen med heilt utrulege kostyme, og ein scenografi som me amatørar bare kan drømma om. Dei har dreiescene og utruleg elegante løysingar på det meste.
Det er bare det at Sunniva plutseleg oppdaga at ho ikkje kunne vera med likevel, verken ho eller venninnene. Dei skulle noko anna og hadde bomma på datoen. I staden for å irritera seg over det, gjaldt det å bruka den luksussituasjonen det var å sitja med fire ekstra teaterbillettar i lomma.
I går inviterte eg fadderbarnet Maren og mor hennar med på teater i dag, og dei var sporty nok til å få det til. Eg tok tog i lag med Gerd og Tonje og ei venninne av Tonje.
Askepott og Lillemus Mei var den først forestillinga eg såg på teateret som barn. Eg veit ikkje kor gammal eg var. Åtte- ni år kanskje? Eg reiste med ei venninne og foreldra hennar. Framleis hugsar eg store brotstykke av den forestillinga, og eg kunne sjå kva for nokre deler dei hadde med nå snart førti år seinar, og kva dei hadde endra på. Eg lot meg fortrylla akkurat som den gongen, sjølv om eg nå ser på det heile med vaksne analytiske auge, og den gongen opplevde det heilt magisk. Min store og heilt uoppnåelege draum den gongen var å få spela barnetater på den store scenen inne i byen.
At eg som vaksen skulle jobba masse med barneteater visste eg ikkje så. kanskje det kunne ha vore eit brukbart plaster på såret… Nå er har eg to dagar med teater frå morgon til kveld foran meg. På skulen set me opp eit stykke me har kalla “Et kattaliv”. Det har elementer frå cats og frå Aristokattane og resten er vårt eige verk.
Akkurat nå kjennest desse dagane alt anna enn romantiske ut. Syttifem ungar er frykteleg mykje å halda styr på. Alle skal sminkast til kattar… Først har me ein øvedag og så ein dag med forestillingar. Eg reknar med at sju- til åttehundre barn og vaksne skal koma å sjå på. I dag har me rigga bakgårdsscene med masse traktordekk, oljefat og søppeldunkar. Dessutan har me hatt ei kriseøving for dei som hadde fått øvd minst. Den største utfordringa i morgon blir dei som til ei kvar tid ikkje er på scenen, det vil seia veldig mange barn.
Halsen min har begynt å streika. Eg tygg og syg repsils og fortel meg sjølv at eg sjølvsagt ikkje kjem til å bli sjuk. Det pleier faktisk å fungera.
Heidi
To lys for håp og glede.
Ein sjeldan gong hentar eg husmora fram i meg sjølv.
Kjærasten min seier at eg er litt slitsom i det moduset.
Liksom ikkje heilt meg sjølv…
Men det vart mange sortar kaker på bordet og lys og fyr i peisen, og peparkakemuffins med farga glasur og dmå stjerner.
Og eg hadde skrive ein lang og fin tekst om julebrev og besøk, om Hedvig som fekk tova rosa prinsessekrone med perler på taggane, og prinsessedørskilt, fordi eg ikkje klarte venta med julegaven når ho først var innom.
Sunniva seier eg er forelska i den ungen, og det er eg-
Eg hadde reflektert over bergpreika som eg har laga lekseark om, og skrive om liljene på marka og det andre kinnet til, om å gje både kappe og kjortel, og gå ei ekstra mil med den som vil tvinga deg til å gå den eine. Eg hadde skrive om korleis desse tekstane forundra og utfordra meg då eg var ei lita jente på sundagsskulen og trudde at det fromme livet var innom rekkevidde.
Eg hadde sitert kumbel om at det meste var uvikig, ærlig talt og ærlig talt er kun det minste viktig. Gjør derfor gladelig det meste galt, om bare du kan få det minste riktig.
Og så forsvant den fine teksten ut i det blå då eg skulle spara han. Eg vart sitjande der og blunka forundra utan å tru mine eigne auge… Det såg ut som om eg var blirr automatisk utlogga… Kanskje eg hadde brukt alt for lang tid? At eg aldri kan læra å sikra meg ved å leggja ut litt om gongen…
Men, men, i beste bergpreikånd prøver eg å venda det andre kinnet til. Teksten var lang, og nå er han borte. Slik som den aller største fisken. Den som alltid hoppar av kroken før du får han på land… Så tastar eg ned det viktigste ein gong til, så fort eg bare kan… Meir har eg ikkje tid til. 🙂
Heidi