Gå til innhald

Luke 6:

Dans, dans, dans oppå bordet…
Ja, ikkje eg då, eg ville aldri ha vågd å satsa på at bordet ville tola det. Men julebordet vart veldig vellukka. Det gjer godt å bare vera sosialt saman av og til utan ein einaste elev i sikte. Eg lo så eg rekna med å måtta slita med gangsperre i magemusklane i dag, men det har gått bra.

På tvers av mine vanar reiste eg heim ved midnatt. Litt fordi det var såpeglatt ute, og eg kunne få haik med nokon. Litt av grunnen var og at eg hadde planlagt tur med ein av venninnegjengane mine tidleg neste dag, og etter ei søvnig veke såg eg rett og slett poenget i å få litt søvn. Mens eg skriv dette kjenner eg ei snikande frykt for å vera i ferd med å bli overfornuftig…

Og i dag var det tur med toget til julebyen Egersund. Byen var som ein einaste stor julemarknad med salgsboder overalt der ein kunne kjøpa alt frå gamle julekort, eg motstod fristelsen til å kjøpa eit kort frå trettitalet der avsendaren, ein ung mann håpa at det skulle koma fram sjølv om han ikkje var sikker på adressen, til store dekorerte peparkakehjarter, heilestøypte honninglys, heimekokt syltetøy og handblåste glas.

Eg var sjeleglad for å ha kledd meg godt, for sjølv om det var plussgrader ute så vidt det var, seig det rå og iskald luft inn frå havet. Det var derfor tvingande nødvendig med eit par lengre kafebesøk i løpet av dagen… Nissebarn song i gatene, skulekorps spelte, frelsararmeen hadde gitarane sine framme, og eit mannskor utkledde som munkar song fleirstemd medan dei selde gløgg med og utan alkohol.

Sidan eg er eit menneske som ikkje kjenner begrensningas kunst sette eg i gang tre relativt store bakeprosjekt då eg kom heim. Eg har bakt peparkakemuffins etter oppskrift i ei bok eg kjøpte på sal. Og så har eg sett ein deig til lussekattar med ekte safran og ein deig til aniskringler.

Eg har ikkje bakt nokon av desse tinga før, så det blir spennande å sjå om eg får det til. Eg oppdaga at eg hadde gløymt egget i lussekattdeigen, og knadde det i etter at deigen var ferdigblanda. Dessutan trur eg at eg kanskje hadde litt for varm deigvæske då eg blanda i gjæren… Me får sjå… Nå skal eg snart ned og begynna og baka ut deigane mine.

Som musikk til arbeidet har eg høyrt på radioprogrammet alle tiders klassikar… Så nå har eg vore fem år saman med “När björkorna susar”, åtte år saman med “En enkel sang om frihet”, og då eg høyrde “Miiisisipi” hadde eg friminutt på Gjesdal ungdomsskule. Det var ein lyttarkonkuranse om kva gruppe det var som song den sistnemnde songen. Eg veit at eg veit det, men kjem ikkje på det…

Ungane er på overnattingsbesøk hos mormor og morfar, og kjærasten min og eg har huset aleine i lag med to kattar, to undulatar og ein hamster… Kjærasten min har tend bål i peisen og byd meg med jamne mellomrom opp til å dansa bug i stova. Og det gjer eg sånn innimellom, med lett klissete gjærdeigsfingrar…

Eg veit ikkje heilt kven som kjem til adventkaffi i morgon, men nokon blir det nok.

Heidi

Luke 5.

Det er så velsigna godt å ha fri. Eg har sortert namna i kontaktboka mi på mobiltelefonen, for då eg skulle overføra dei som låg på den gamle, vart det bare rot.
Ikkje nok med at ein har eit hus og eit klasserom og ein kontorplass å halda styr på, så skal ein ha tid til å halda mobilen i sjakk og… Det har dessutan vore veldig tidkrevande å læra han skikkeleg nynorsk og å bygga opp eit ordforråd i ordboka som tilsvarer det eg liker å bruka. Eg er truleg yrkesskada for eg har aldri lært å leggja meg til eit såkalla mobilspråk med halve ord og forkortingar. Hos meg er det fulle setningar på ordlistenynorsk som tel.

Nå får eg løfta meg ned i hovudetasjen etter håret, for eg har lova meg sjølv å rydda og vaska i dag. Eg har lyst til å invitera nokon på adventkaffi, og brukar det som motivasjon til å prøva å heva tilstanden der nede. Har framleis ikkje invitert, så det er alle moglegheiter til retrett…

Så er det julebord i kveld. Kanskje på tide å finna ut om eg har noko å ha på meg… Eigentleg er det ikkje i kveld ein gong, eg skal vera i gang om fem timar, det er mitt team som arrangerer. Så skal eg halda ein tale eg foreløpig bare har i hovudet…

Ja, då gjekk eg vel i gang då… Ei vederkvegande adventhelg til alle…

Heidi

Luke 4.

Kjærasten min spelar piano i stova. “Sommernatt ved fjorden”. Nå går han over på “Tir na Noir”. Den har Halvard spelt på dei siste vekene. Foreløpig spelar han rett og slett Tir na Noir betre enn far sin, som kanskje aldri har prøvd seg på den songen før. Nå går han over på “Den første song eg høyra fekk”, og “Oppi Lauvåsen veks det jordbær.” Det høyrest fint ut.

Her i huset blir det spelt seint og tidleg. Først og fremst av Halvard. Han spelar gjerne det same om og om og om igjen. Eg har stor toleranse for å høyra “Tir na Noir” trehundre gonger på piano og “Eye of the tiger” trehundre gonger på gitar. Eg let meg fascinera over pågangsmot og drive, og er litt misunneleg på at eg ikkje får til å laga musikk slik som gutane eg deler hus med. Sunniva dansar og går på solosong på sida av teatergruppene, så ho får henta ut det musiske i seg sjølv ho og.

I dag har eg fortald Lucialegender om Lucia som reiv ut augene sine og sende dei til mannen som ikkje ville la henne vera i fred, og om Lucia som kom til Sverige i ein kvit båt og redda folket frå hungersnaud.

Det er ei slags musisk oppleving det og, å sjå ungane sitja med store vidopne auge og drikka av forteljingane som blir lagt fram for dei. Eg har den beste arbeidsplassen i verda, men nå skal det bli godt med fridag og helg, for nå er eg ganske trøytt. Eg sovna på sofaen då eg kom heim, slikt skjer bare kvart jubelår.

Kjærasten min har kjøpt reker som me skulle ha til kvelds, men ingen av oss kjem liksom så langt som til å dekka bordet og finna dei fram. Kanskje dei får venta til i morgon?

Her pleier huset å bli pynta til jul lille julafta, men Halvard bad så tynt om å få lov å pynta litt, og eg klarte ikkje å motstå fryden hans ved tanken på jul i stova. Nå er det englar og nissar i salig kaos der nede… Og det er fint å framleis ha barn i huset.

Heidi

Luke 3.

“Jeg har slikt å gjøre, jeg har slikt å føre, så fører jeg vel den og,” sa Askeladden og plukka med seg alt han fant langs vegen.

Den som har eit innhaldsmetta liv får meir enn nok å føra med seg ein vanleg onsdag, i den grad vanlege onsdagar måtte eksistera.

Sola stod opp og kasta dei siste lysstrålene inn i klasseromet i det Cecilie frå boka “I et speil i en gåte” gjekk gjennom speilet og over på den andre sida saman med engelen Ariel. Ho såg seg sjølv liggja i senga med håret fløymande utover puta og den gamle julestjerna engelen hadde hjulpe henne å finna att, låg oppå dyna. Og eg klarte å halda tårene i under kontroll og stemmen brast ikkje. Nydeleg bok.

Skuledagen har gått i høgt tempo som han gjerne gjer på denne tida. Eg har fått strekkja tålmodet som normalt er ganske stort for å få ein gjeng kattar i menneskeskikkelse gjennom teaterprøvane i dag. Dette er alltid eit kritisk punkt i prosessen. Me vaksne er panikken nær, og ungane har endå ikkje forstått kor dårleg tid me har. Men me har gjort dette før, og pleier å landa på beina akkurat som kattane, sjølv om fallhøgda er stor.

Eg var innom biblioteket med femti bøker eller meir frå leseprosjektet, og så kjøpte eg tre ulike filmar frå Jesu liv fordi eg må sjekka ut kva som er den rette for elevane. Brukte to og ein halv time på å prøvesjå dei i lag med Halvard under tre teppe, for det var så kaldt i TV- stova.
Nå har eg henta ned alt eg kan finna på internett om Santa Lucia, for eg skal fortelja Lucialegender for første og sjette klasse i morgon. Dei skal ha felles bake-, skrive- og lesedag i morgon føremiddag.

Nå skal eg sjå om eg kan sova meg inn. Eg har eit lite etterslep av søvnmangel etter eksamen.

Heidi

Luke 2:

Soloppgangen får me gjennom vinduet i klasseromet.
Ved solnedgang er det framleis bare ettermiddag.

Eg har helst på Oda, ein kremfarga britisk korthårskatt som har flytta inn hos Jan Ivar. Ho var nydeleg.

Etter skule og to dramagrupper lengter eg etter å få sova.
Sunniva skal ha prosjekt om Afrika, og skal fortelja om Mehayo, senteret for psykisk utviklingshemma, der eg besøkte Linda for fire år sidan saman med Tove.

Me har sett på bilete der i frå, både mine og nye me fann på nettet. Eg lengter litt etter mitt Afrikanske liv som varte i tre veker. Ta meg med dit neste gong du reiser, seier Sunniva. Det hadde vore fint, seier eg.

Heidi

Luke 1

Adventkalenderen opnar seg. Med kaffi og varm dusj og ein liten presang. Seine jenter, litt sein på jobb, litt glatt på vegen.

Eg hentar Amarylissen, så skal eg henta adventstake. Men kor er staken og kor er lysa? Eg får hjelp. Berit kjem med lilla lys, Helen kjem med adventstake, kor ho fekk han frå veit ingen, men nå blir det adventlys i 6B og.

Pavarotti og “Som i et speil og i en gåte.” Kleshenger i taket med adventshjarte på. Hjarte fulle av varmande ord. Eit for kvar dag i tida som skal koma. Kakao i krus og sprell levande ungar.

Aulaen er oppteken, det får bli veslesalen. Eg kler meg i blå kjole og skiftar hovudtørklæ. Eg er kvinna ved Sykars brønn med den store grøne krukka etter bestemor, eg er Marta som ser Lasarus koma ut av grava med lik-klede på hender og føter.

Ettermiddagen er kakebakst. Det luktar godt av gløgg og klementiner, og bittesmå kjeks med fingerkrem i midten er barndom mot tunga mi.

Til slutt bøner frå meg og frå dei andre. Me lener oss mot tilliten til livet og let orda koma.-
Og kjenner det er sant det som står i salmen:

“Jeg er i Herrens hender, når dagen dør i vest.
Min synd jeg stilt bekjenner for han min høye gjest.
Han gir meg himlens nåde, han setter englevakt.
For natten vil han råde, med hellig guddomsmakt.”

Heidi

Havregryn kvart på to om natta.

Eg var nok meir prega av gårsdagen og eksamenslesinga enn eg trudde. Då klokka var ni om kvelden var eg heilt utlada. Eg la meg grytidleg, og vakna klokka elleve og fekk ikkje sova att… Muntleg eksamen sveiv rundt i hovudet i lag med spanske verb, og eg lurte påkva eg skulle gjort annleis. Men eg veit jo at eg gjorde mitt beste, og tok ein sjanse og thats it.

Då eg vakna var eg svolten, for i går var det slik at eg først var for travel og spent til å eta noko særleg og, etterpå hadde eg ikkje så lyst på mat.

Men ein står ikkje opp om nettene for å eta, i alle fall gjer ikkje eg det. Men kvart på to kapitulerte eg etter å ha lege og vridd meg fram til då. Eg fann ut at her var det like godt å stå opp og bli litt mettare, og kanskje skriva av seg litt spenning.

Så her er eg. Havregryn med mjølk ete med teskei for at måltidet skulle vara ei stund smakte nydeleg. Kanskje eg skulle avrunda nattmaten med ei appelsin og eit tend stearinlys før eg kryp til køys att…

I morgon har eg atten ungar å ta meg av, og det gler eg meg til. Det som blir den store utfordringa er eit stort strikkeprosjekt siste halvparten av dagen. Fjorten meir og mindre nybegynnarar i strikkekunsten skal setjast i gang. Heldigvis har eg verdens flottaste sivilarbeider med meg i den første økta, og eg og han har gjort dette tre gonger før. Han begynner å bli relativt stø i handverket etter tolv veker, så om ikkje anna så kan han gå ut av siviltenesta ein gong i vår som ein habil strikkar…

Til helga skal eg vera med og ordna til til julemesse i kyrkja. Så skal eg og kjærasten min på tangokurs for vidarekomne… Ikkje kom her og sei anna enn at eg kastar meg uti ting utan å vera alt for sikker på at eg skal klara det. Det er sikkert sunt for flinke jenter som eigentleg liker å vera flinkast i klassen. Her skal hovmotet tøylast og grensene tøyast…

Og det å sitja oppe om nettene og skriva er ei fredeleg og avslappande greie… Var det ikkje det eg visste? Dette her kunne lett blitt ein farleg vane.

Å dansa tango med livet… Este le mio!

Heidi

Ein merkeleg dag går mot kveld.
Eg pugga verb til langt på natt. Rart å vera student igjen, men eg har alltid likt eksamenar på ein måte. Denne heilt spesielle stemninga når ein kjem inn i eit lokale der det skal haldast eksamen, dette spende samhaldet, blyantane som skrapar mot arka.

Ordboka eg hadde fått låna var super. Eg trong tida, hadde ikkje tid til å eta eller gå på toalettet, mykje var vanskeleg, men det kjendest som om eg klarte det ganske bra.

Så var det muntleg. Sidan eg har fått alt for lite snakketrening gjennom nettstudiet, var strategien min litt sånn “god dag mann økseskaft.” Me hadde fått i oppgave å førebu eit av kapittela i læreboka til muntleg framlegging, og eg hadde eit langt manus som eg fortalde ganske brukbart på spansk. Eg har ein del erfaring med manusinnøving og forteljing, så eg håpa eg kunne flyta på det.

Etterpå skulle eg snakka fritt med dei. Då kjærasten min henta ein velfortent B, hadde dei berømma han for å våga å bruka språket. Eg tok det for langt i min iver. I staden for å sitja og tenkja, kasta eg meg uti det og snakka i veg. Her skulle eg visa kommunikativ kompetanse… Og ein er då dramalærar og forteljar… Dei hadde nemleg sagt det same på dei to studiedagane, at evna til kommunikasjon var veldig viktig.

Eg kjende jo at eg famla, men vart likevel overraska då dei sa at dei ikkje kunne godkjenna muntleg eksamen fordi eg hadde blanda inn alt for mykje franske ord, og dessuten snakka spansk med tydeleg fransk aksent…
Det virkar som om skulefransken, som stort sett har vore sovande i tjueåtte år, overtek roret i stressa situasjonar. Eigentleg litt fascinerande det då…

Eg er jo litt skuffa over å stryka på muntleg, men eg visste at dette kunne bresta eller bera. Pensum frå vidaregåande skule komprimert ned til tre månadars studier, er i heftigste laget på toppen av full jobb og ein del andre ting. Og eg trur eg får godkjend skriftleg. Då kan eg ta muntleg eksamen om igjen i mai viss eg orkar, det skulle ikkje by på så forferdeleg mykje arbeid. Men me får sjå.

Eg gjorde ikkje dette for å få studiekompetanse, for meg var det eit slags forsterka spanskkurs. Men sjølvsagt, det hadde vore kjekt å klara eksamen. Har fått mange nydelege trøystemeldingar på sms frå folk som har fått vita korleis det gjekk… Kjærasten min meiner at eg er for strengt bedømt, men eg veit jo at eg har alt for lite snakketrening…

Det kjennest mest av alt som om eg har avslutta eit spanskkurs som har teke mykje tid, men vore veldig interessant. Nå går vegane vidare.

Men eg forundrar meg framleis over det med ordboka i går. Nokre gonger blir eg bare veldig minna på at eg er under ein høgare omsorg.

Heidi

… skjulte trådar…

Livet er ein merkeleg sak. Kor stor er sjansen for at fylgjande skulle skje:

Eg sit på flyplassen og les i den raude og den lilla og den blå skriveboka mi. Eg kjem i snakk med to damer som og skal til Bergen for å ta same eksamenen. Dei er imponert over systemet mitt, og seier eg må vera ein skikkeleg systematikar…
Lett berusa over at nokon for ein gongs skuld trudde det om meg, går eg på flyet i lag med dei medan me diskuterer spanske verb. Eg motbeviser hypotesen deira om at eg er systematikar, med å la den skarpt blå vesle week- end-kofferten min stå att på gate femten på Sola flyplass.

Først då kjærasten min, som er velsigna med lange armar tek bagasjen min ut av bagasjehylla, oppdagar me at kofferten ikkje er der… Og det var siste flyet den kvelden. Eg slo fast at det å gløyma klesskift ikkje var det verste, me skal vera borte i bare eit døgn. Det utan samanlikning verste var den store, dyre spansk-spansk-ordboka mi som eg hadde lagt i kofferten fordi ho var så tung… Korleis skulle eg få tak på ei ny ordbok når alle butikkane var stengde? Og korleis skulle det gå på eksamen utan ordbok?

Eg fortalde ho som sat på sida av meg på bussen kva som hadde skjedd, og ho var full av medkjensle. Ho skulle til Bergen for å halda foredrag om psykososialt skulemiljø, og om korleis ein skal trena barn opp til å takla stress. Ho meinte at det å oppleva slikt rett før ein eksamen, var noko av det mest stressande som tenkjast kunne. Eg sa at eg håpa det skulle ordna seg på eit eller anna vis. Før eller seinare ville det bli ei god historie, sa eg. Men ikkje heilt ennå, meinte ho. Eg tenkte i mitt stille sinn at eigentleg var det ei god historie allereie, men det kunne eg ikkje seia høgt…

Då me gjekk av bussen kom ei heilt ukjend dame bort til meg. “Eg vil gjerne få gje deg ei ordbok, “ sa ho. “Eg høyrde at du hadde gløymt di på flyplassen, og eg har ei i veska som eg ikkje har bruk for…”

Kor stor sjanse er det for at slikt skal skje? Det står Anne Elisabeth inni boka, så det er truleg namnet hennar. Etterpå gav ho meg mobilnummeret sitt fordi eg sa at eg gjerne ville gje ho boka tilbake etter eksamen…

Det er det eg alltid har sagt at menneska er betre enn sitt rykte. Kvar gong eg gløymer eller mistar lommebok eller veske kjem nokon og leverer det tilbake til meg før dagen er omme. Det er min erfaring gjennom meir enn førti år med distraksjon, men dette tek verkeleg kaka…

Eg kjenner meg som fetter Anton i Andeby som tilfeldigvis oppdagar at han treng ein femtilapp og så kjem det eit eller anna menneske og seier dei har fått det for seg at dei skal gje femti kroner til den første dei møter som har krøller og gamasjer… Dette er på grensa til det truverdige. men eg har to sannhetsvitne, Odd Christian og kjærasten min. Odd Christian kom for å møta oss, og fekk akkurat med seg seansen. Eg var litt redd for ikkje å få lov å bruka boka, for ho var ikkje lik de andre eg hadde, men me har send sms til
studierettleiaren som har svart tilbake at boka er godkjend…

Det er alltid så fint å sjå eldsteguten vår, me tok han med oss ut og åt veldig god mat. Han hadde klipt håret sidan sist, og var skikkeleg fin. Nå er det på tide med litt studiesøvn. Det manglar bare at me forsøv oss… Eg har vore på ein døgnopen butikk og kjøpt tannkost og elles det mest nødvendige for å klara meg utan klede og toalettsaker.

Life is a cabaret, old tjom, so come to the cabaret…

Heidi

Lesa nedover…

lesa bortover, lesa på kryss. Lesa tabellar og gramatikkbøker, lesa tekstar på internett og i bøker.
Skriva, skriva, fulle bøker med notater. Dei fine farga bøkene frå Mull på Hebridane er tekne i bruk.

Dess meir eg les, dess meir ser eg at eg ikkje kan, men slik skal det vel kanskje vera. I går var eg kvalm og svimmel etter alle timane med lesing. Men eg nyt det midt i det heile. Det er så spennande å læra eit språk. Sola sin så fint der ute. Kattane kjem spaserande gjennom snøen på hustaket. Dei stansar på takvinduet og mjauar til eg slepp dei inn. Etter ei stund vil dei ut att…

Nå skal eg ta ein pause og rydda inn i oppvaskmaskinen. Kanskje eg rekk å setja på ein vaskemaskin og, for ikkje å snakka om å ta ein dusj.

I kveld tek me flyet til Bergen for å vera klare til eksamen i morgon. Eg må øva meir på verb, og på den muntlege presentasjonen av ein tekst.

Ojala…

Heidi