Gå til innhald

Fjerde dag jul.

Eg såg verkeleg fram mot andre juledag. Ein heil dag i bil utan ein einaste ting eg måtte gjera, ordna eller bli ferdig med. Det seier litt om å vera trøytt når jula plutseleg er der, men det kan vel seiast å vera ein viktig del av tradisjonane det og?

Andre juledag kom med nydeleg ver. Vegen var fri for snø og is, men temperaturen som låg og vippa to tre grader over og under null, gjorde at ein kunne risikera litt småglatte vegar her og der.

Me var flinke til å koma oss tidleg opp, og med ein kopp kaffi frå den rosa termoskanna vår sette me kurs mot soloppgangen i aust. Lufta var litt rå og fuktig, slik at trea stod rimkvite langs vegkanten. Dei første fire timane sat eg stort sett med augene lukka bare fordi det var så deilig å slappa av. Eg hadde teke med diverse julemusikk frå “Fire tenorar” til “Jul med Elvis Presley”, dersom nokon dag er den rette for slik musikk så var det denne. Halvard hadde lasta ned lydbok, Max Manus sine memoarer. Det er jo høgaktuelle greier i desse dagar.
Om det kunne eg ha skrive veldig mykje, men då kjem eg ikkje lenger, så eg let det vera.

Me nådde fram i det det skulle til å bli skikkeleg mørkt, så me traff perfekt med dagslyset. Hos Eva Mari var det julebord, og juletre, masse stearinlys og fyr på peisen.
Me fekk mellom anna servert peparkaker med blåskimmelost og mandarin.

Dessutan vart det ein ny omgang med julegavar. Eva Mari hadde sydd fin kjole til meg i eit spennande halvtransparent stoff, og laga ein nydeleg kalender som eg gler med til å henga opp heime på kjøkkenet. “Nå fekk eg skikkeleg julestemning,” sa Sunniva då me sat rundt bordet, eller kanskje det var Halvard som sa det.

Etterpå slanga og slynga me oss i det det måtte finnast av stolar og sofaane i ei veldig godt oppvarma julestove. Halvard og far hans drog på kino og såg Max Manus filmen i lag med to av dei vaksne syskenbarna til Halvard.
Og dette vart slett ikkje fjerde dag jul som overskrifta lova. Eg kom ikkje lenger enn til annandagen før mi tid ved dataen tok slutt fordi me hadde ein avtale. Slik er det når me er mange om ein PC og ein fint må venta på eit nådig lån frå ein eller annan…

Første juledag.

I natt somna eg over tastaturet, og skal ikkje gå djupare inn i beskrivingane av kvelden. Ungane koste seg med å sjå gamle filmar dei hadde laga i oppveksten. Eit innlegg i det tradisjonelle adventovernattingsbesøket hos besteforeldre har vore å laga eigne filmar med morfar sitt kamera. Det var rart å sjå dette beviset på kor fort tida går og gkor mykje ungane har forandra seg.

Eg må bare nemna ein julegave mellom alle dei fine gavane. Ein konvolutt frå foreldra mine til meg og kjærasten min med påskrifta: Til fornøyelse, helst saman.
Oppi lå det tusen kroner. Eg har veldig sansen for beskjeden at pengane skal brukast til ei god oppleving, ikkje til noko nyttig. Eg gler meg til å bruka pengane.

Vel heime att vart det deler av midnattsmessa frå Roma på fjernsyn, og litt nattmat saman med eit par av ungane mine.

Det var deilig å få sova litt lenge i dag. Huset var fullt av julegavar i plastposar og anna me ikkje hadde fått rydda ferdig i går. Eg fattar og begriper ikkje korleis andre folk klarer å alltid halda det ryddig rundt seg.

Me fekk veldig koseleg frokostbesøk av Hilde, nabojenta vår som er blitt noko så fint som forskar. Ho har vore fast barnevakt her sidan ho var trettten-fjorten år og etterpå har ho studert psykologi i Australia og Bergen.

Me hadde ein lang og fin og interessant samtale over te og kaffikoppar, og ho er heldigvis ein av dei mange som er såpass husvarme hos oss at det ikkje stresser meg så veldig at husmorindeksen på ankomstpunktet var under pari.

Etterpå har eg rydda hus og gumla deilige kakaomandler eg fekk i julegave av Synneva. Juledagane er erklært unntakstilstand frå det strengaste lavkarboregimet.

Etterpå inviteret kjærasten min meg med på spasertur. Etter at det har vore skikkeleg gråver ei vekes tid klarna det opp i går med nydeleg vintersol og kuldegrader. Nå skal eg ned og ordna eit fat med røykjelaks og eggerøre. Så ber det i familieselskap att. I morgon blir det lang biltur til svigerfamilien på austlandet.

Framleis gledeleg jul. Eg las i ei gammal skikk og bruk bok at det heitte god jul til jula ringdest inn, deretter gledeleg jul.

Heidi

Luke 24

Julaften er gått over til julenatt. Huset er i ferd med å roa seg for natta.

Å feira jul midt i eit travelt liv og midt i ein stor familie er å trena seg i å trivast med det ufullkomne. I alle fall kjendest det slik til jula ringdest inn. Eg hadde håpa på ein roleg dag sidan me ikkje skulle ha besøk her i dag, men det var mykje som skulle ordnast og timane vart korte.

Først var det eit skikkeleg etterslep av rydding på kjøkkenet.
Det vil seia aller først kjørde eg Ingrid til jobb. Eg diskuterte med meg sjølv om eg kunne gå inn på kjøpesenteret og handla dei siste gavane. Eg følte meg som eit fuglekremsel, med bare bein i eit par gamle støvlettar men skjørtet var så langt at det syntest ikkje.

Eg hadde lov aå laga riskrem til julemiddagen. Eg hadde juksa litt med å kjøpa ferdig grøt som eg blanda med ein liter krem, sukker og vaniljesukker. Timane til å slappa av i eit reint og nyvaska hus kom aldri, men riskremen vart bra.

Me rakk ein liten runde med blomar, brev helsingar og smågavar. Me var så vidt inne litt i eit par stover og.
Me handla på vegen, og eg kjøpte to par svarte sokkar til gutane mine. I fjor kom me nemleg så seint til kyrkja at me bare fekk ståplass på galleriet. Det skuldest mellom anna at nokon ikkje fant sokkar.

I år skulle det visa seg å vera skor som var problemet. Halvard fann ikkje passelege finsko. Han tok eit par kvite joggesko med oransje skosnorer. Fordi han innsåg at dei oransje skosnorene var litt skrikande til finklede raska han med seg eit par svarte skosnorer og drog ut dei oransje. Det var bare det at dei svarte snorene var slitne og øydelagde i tuppen slik at dei vart omtrent umoglege å træ. For å gjera ein lang historie kort, gutane mine havna på galleriet i år og.

Men dei store glasvindauga i kyrkja viste oss ein vinterhimmel som plutseleg var klar og lyseblå. Medan me song salmer og Keisar Augustus plukka ut barn til å vera med i julekrybba, skumra det ute. Det er alltid ei stor oppleving å synga “Deilig er jorden” til slutt i ei julegudsteneste, midt i den herleg ufullkomne failien min, i ein herleg ufullkomen flokk menneske som eg deler kyrkje med.

Hos mor og far var det dekka nydelege bord med raud duk og blomar og lys. Pinnekjøtet var utruleg godt, akkurat passe salt, passe sprøtt og passe fullt av smak, saman med kålrabistappe og poteter vart det eit skikkeleg herremåltid.

Og det myldra av tenåringar og andre ungdomar, og av oss i foreldregenerasjonen. Eg ville ha skrive meir, men eg somnar bokstaveleg talt over tastaurer akkurat nå.

God jul alle saman!

Heidi

Luke 23

Eg klarte akkurat å oppdatera før lille julafta reint teknisk sett gjekk over til å bli julafta. Når eg ser på dei tidlegare lukene denne veka ser eg at det er blitt eit fast mønster å lukka luka når det bare er nokre små minutt att av gjeldande dato.

Dette kan sparast som ei sannsynlegvis ganske representativ lille julafta der ein trur ein har relativt god tid, men oppdagar at ein ikkje har det. Ingrid jobbar flittig på butikken nå i ferien. Dei andre har teke ferie. Eg har brukt fleire dagar på å overtala Halvard til å vaska dei store stovevindua som ikkje er blitt vaska utvendig sidan i sommar. Då han kom deg ut var det så mørkt at han ikkje kunne sjå, så prosjektet måtte utsetjast til i morgon kveld.

Eg starta dagen med å gjera ferdig eit par kalenderar, så var det ein tur til sentrum for å handla iinn dei siste presangane. Det var masse folk ute i same ærend, så til slutt kjendest det ut som om det gjekk trill rundt i toppetasjen. Men jakta på julestjerna til toppen av juletreet, etter at me oppdaga i går at ho mangla, enda godt. Det vart ny stjerne på halv pris, ein veldig fin variant med perler rundt kanten og fint lys.

Eg fekk med fersk gjær frå skulekjøkkenet i går, så eg hadde lagt inn ei bakeøkt. Eg laga engelske krydderbollar med nellik, allehånde, kanel, ingefær og kardemomme. Dei smakte kjempegodt, men steikeomnen vår lek varmluft gjennom ei sprekk i glasdøra, så det er vanskeleg å få gjærbakst til å bli passe mykje steikt både utanpå og inni. Samtidig med bakinga så var me åtte til middag.

Nå i kveld har eg og Ingrid pakka inn julegavar. Det var eit mykje større arbeid enn eg hadde trudd, men nå er me så godt som ferdige. Eg har pakka den gigantiske broderte julestrømpen vår med godteri og julehefte til barna. Det er ikkje snakk om at nokon er blitt for store til slikt. I morgon tidleg skal dei i følge tradisjonen tassa inn til julegodter, teiknefilmar og julehefte. Det er jo litt koseleg og at både tenåringane og han som er godt over i tjueåra insisterer på at dei ikkje heilt har vakse i frå å vera barn.

Eg håpar alle veit kva dei skal ha på seg i morgon ettermiddag, for der går grensa for kva eg orkar å ha oversikt over. Eg har faktisk ikkje oversikt over eigne finklede ein gong. Men slikt er bagatellar. God julaftan til alle saman.

Heidi

Luke 22

Eg har viss ikkje tenkt over før kor sosial tid det er i dagane før jul. Då eg kom syklande heim frå jobb møtte eg Laila i gardsromet. Ho var på veg innom med julehelsing og gave. Om kvelden tikka det inn melding frå Anne Mette som og ville koma innom med julehelsing og gave. Ho hadde med seg fadderbarnet mitt, Kristina som studerer litteratur og er heime på juleferie. Det var ei veldig koseleg overrasking.

Bare Halvard var heime då dei dukka opp klokka ti om kvelden, men i løpet av ein times tid kom dei andre ungane og heim frå jobb og barnevakt og spelekveld. Vilde kom og for å bu her litt, så plutseleg sat me tett i tett ein heil flokk menneske med tekoppar, aniskringler og lussekattar. Dei lilla adventlysa var skifta ut med raude, og alle julepyntenglane var henta fram.

Elles så hadde eg ein liten skrivejobb dei først timane eg var vaken, så var eg på jobb klokka halv tolv, klassen min fekk avspasera føremiddagen etter forestillinga for eit par veker sidan. Så var det felles avslutning i aulaen, der elevar frå alle trinna hadde kvar sine innslag, og med avsynging av julesongar. Eg sat tett mellom elevane mine og kjende at dette var ein god måte å slutta semesteret på. Etterpå fekk alle saman klem og nokre gode ord.

Takka vera Halvard er me tidleg ute med julepynten i år. Han insisterte på å pynta juletreet. Det gjorde han aleine og etter eige hovud. Han bestemte at i toppen skulle det vera blå kuler, rundt midten skulle det vera ein seksjon med sølvkuler og nederst raude kuler. Eit slikt juletre har eg aldri sett før med horisontale fargeseksjonar, eg skal halda meg i skinnet og ikkje flytta på kuler… Men dei fine knallturkise kulene eg kjøpte på indiska i romjula i fjor måtte eg kjempa for å få lov til å henga opp, fordi dei ikkje passa inn i fargekoden.

Ingrid påstår at ho har litt unormale foreldre. Det kan eg ikkje forstå… Sjølv påstår ho at ho er heilt A4, noko eg protesterer heftig på. Kva for ein A4 fireåring finn på å kalla bamsen sin for Nils Gerhard Elgåsen, liksom…
Me konkluderte med at dei fleste menneske kanskje sjølv trur at dei er vandrande normalitetsbegrep…

Heidi

Luke 21

Eg har nokre rituale som eg utfører kvart år sist i adventtida. Eit av dei er at eg benkar meg med bordet med store mengder postkort, bilete og gjer-det-sjølv-kalenderar.

Så klipper og limer og klistrar og skriv eg kalenderar til folk eg er glad i med ei helsing for kvar månad. Det varierer kor mange av dei eg lagar. Eg har vore oppe i fleire og tjue, i år blir det langt der i frå. Det har eg ikkje hatt tid og overskot til, men i dag har eg laga fem kalendarar. Ein av dei er eg heilt ferdig med, dei andre fire ventar på dikta sine, men er elles fullendte reint biletemessig.

“Nå må du fornya deg litt,” seier kjærasten min. “Du må ikkje vera så forutseieleg. Og det kan han sjølvsagt ha rett i. Eg likar å gjera ting om igjen, men på nye måtar og med nye innfallsvinklar. I dag har eg laga ein kalendar full av salmetekster til mi kjære farmor. Det har ho aldri fått før. Eg prøvde å finna salmetekstar som eg går ut frå at ho kan og er glad i. Eit par av dei kunne eg høyra for meg farfar synga, og eg tenkte at det kjem nok farmor til å gjera og. Eg tok med salmen “Eg veit i himmerik ei borg, ho skin som soli klåre, der er kje syndar eller sorg, der er kje gråt og tåre.” Farmor sa at den salmen var farfar veldig glad i og hadde sagt han ville ha ho sungen i gravferda si. Slik vart det og.

Farfar hadde ein kraftig songstemme som runga i kyrkjeromet. Foreldra mine gjekk veldig sjeldan i kyrkja, men nokre gonger var eg med farfar dit. Det var fint og høgtideleg og litt keisamt på same tida.

I dag er det eg som har vore vaksen i kyrkja i lag med mange barn. Sundagsskulen gjekk fint, og det kjendest fint og rett å vera der.

Elles så har eg stort sett site på kjøkkenet med kalenderproduksjonen min med mann og barn svivande rundt meg. Det har vore koseleg. Nå skal eg få kalenderen
til farmor i ein stor konvolutt som eg må laga av to små konvoluttar, og så er det rydding av kjøkken. I morgon er siste skuledagen før jul.

Heidi

Luke 20

Gode bror, det var årets lengste natt… syng Lillebjørn Nielsen i ei vise. Og akkurat nå er det årets lengste natt. I alle fall i følge Einar som besøkte oss i dag og brukar å ha greie på den slags.

Reint lysmessig burde dette altså ha vore årets kortaste dag, og slik kjennest det og, alle fine stearinlys til tross. Eg har nådd mindre enn halvparten av det eg hadde tenkt å gjera i dag, men sannsynlegvis kjem det ein dag i morgon og.

Eg slo følge med dei tre gutane i heimen inn til eit stort kjøpesenter for å ordna nokre presangar. Slikt tek ofte lengre tid enn ein trur, men eg klarte å gå på lågpuls. Eg sat på ein benk og drakk kaffi i lag med Odd Christian medan Halvard og far hans handla gitarforsterkar. Halvard har vore kjempeflink og klart å spara tre tusen kroner i haust. Det siste tilskotet blir julegaven hans frå oss. Det er sikkert bra saker, men korleis han skal frakta med seg den kolossen når han skal ut og spela anar eg ikkje.

Nå har han vore med på sjølve handelen, men forsterkaren er nå boren inn i kjellaren og skal stå der til julafta. Det er kjekt å ha noko å gle seg til

Me fekk kjempekoseleg besøk av Liv og Einar og mor til Einar. Eg likar desse uventa adventbesøka. Huset var særdeles lite velordna, men eg får lena meg mot Eva Mari sin definisjon og seia at me bur i ein kunstnarheim. Men me kunne by på god julekaffi opptil fleire sorter julekaker frå den driftige bakekvelden på jobben min.

Etterpå bakte eg og Halvard fire brett aniskringler etter gode råd frå Gerd, men han held på at tante sine er mykje betre enn mine denne gongen og. Nå er dei i allefall i fryseboksen.

Så var det å vaska undulatfjører, støv og solbærsaft av golva mine. Framleis ser dei ikkje reine ut, men mykje betre.

I morgon skal eg vera med og ha sundagsskule. Eg skal ha andakt og har tenkt ut ei monologhistorie der eg er Maria med Jesusbarnet. Døtrene mine ville vore mykje rettare reint aldersmessig, men ungar har fantasi…
Det kjennest alltid veldig rett og fint å vera med på sundagsskulen, men eg innrømmer at det blir ein del tankearbeid dagene før. Eg vil veldig gjerne få formidla noko ekte som ungane kan ta med seg vidare.

Det kjennest fint å ha huset fullt av ungdomar att. Dei har framleis mange forventningar til julehelga. Eg håpar dei får ei fin jul.

Heidi

Luke 19

Eg hadde ein fin morgon med Ingrid. Så var eg innom på jobben for å levera eit sitjeunderlag til ein som skal ha fri på måndag. Eg vart oppdaga av eit par av elevane mine, og måtte inn i klasseromet for å helsa på og få eit par klemmar, sjølv om eg hadde fri i dag. Etter ein litt slitsam arbeidsdag i går, gjorde det godt å få spontane klemmar, og at ein av gutane kom med ein liten pakke eg måtte gøyma til julafta der det stod “Til verdens snillaste lærar,”
på merkelappen…

Eg var på julelunsj med kollegene i kulturskulen. Me var heime hos Guri med utsikt langt utover mot havet. Bordet var dekka med tulipanar og lys og ein liten sjokoladenisse til kvar. Det var koseleg. Best av alt var det å få beundra nyfødde vesle Sigurd. Nyfødde barn er det vakraste og mest spesielle eg veit. Det er som dei har med seg ein bit av himmelen og avgrunnsdjupe kloke nyfødde auger. Og så luktar dei så godt.

Eg har fått send i veg juleposten. Truleg tidleg nok til at dei fleste får julebrevet sitt før jul.

I kveld har me vore på allsongkveld i lag med Hanne Lise og Gunnar. Jan og Ulf er med i gruppa som styrer songen. Begge er gamle kjende av meg og var på ein måte som representantar for tider som har henrulla.
Den eine var ein gong den frommaste guten på gymnaset mitt med langt Jesushår og ei tru sterkare enn fjell, så vidt me kunne skjøna.

Den andre gjekk eg på lærarskulen samtidig med, og mest ti år seinare var me naboar på folkehøgskulen, der både han og kjærasten min arbeidde i ein periode. Den eldste dotter hans er jamngammal med den eldste sonen vår, og saman med eit tredje folkehøgskulebarn som var eit år eldre, sprang dei rundt på skulen og internata som prinsar og prinsesser.

Felles for begge desse to nå etterkvart vaksne mennene, er at dei stråler ut ein varme som det er godt å ta i mot.

Få ting er så minneskapande som songar og musikk. Når me syng “You`ve got a friend”, vinkar eg og kviskrar “Hei Torbjørn. Eg ser Torbjørn for meg med åttitalsbriller og gitar på ein scene i Kristiansand. “You just call out my name, and you know wherever I am, I`ll come running to se you again.” Fint å vita.

Og til “Brigde over troubled water”, kjører eg bil med far. Det er bare oss to i bilen. Eg sit i framsetet ved sidan av han. Han kjører bil, og syng saman med radioen: “Like a brigde over troubled water, I will lie me down”.

Julebreva gjer meg og litt sentimental. I brevet til Heidi og Per Inge skriv eg: “Nokre gonger lengtar eg etter å vera meir i lag med dokke.” Eg vinkar til Sissel som eg ikkje har sett på så lenge, og til Kari som eg sender eit brev til på rein impuls fordi eg plutseleg kjem til å tenkja på henne.

Eg håpar nokre av helsingane fell i god jord. Eg har lese så mykje i aviser og på bloggar om folk som er sinte på skikken med julebrev:

“Å få brev med bilete av andre sine ungar er som eit hån mot oss som ikkje har eigne ungar”, skriv nokon. “Kven kan tru at eigne bortskjemde snørrungar er interessante for resten av menneskeheita?” Og eg kan forstå dei på ein måte, men skal ein verkeleg måtta tenkja slik? “Ei helsing frå familien perfekt,” seier nokon. Men familien perfekt er då på ingen måte oss her i det rotete huset med spindelvev under taket og meterhøge papirbunker i opptil fleire rom? “Kven bryr seg om dottera til nokon eg studerte med for tjuefem år sidan har begynt på sjukepleien?” seier nokon. Eg raudnar lett og retter opp handa, for meg interesserer det. Eg gler meg umåteleg over desse skrivne rapportane frå folk eg ein gong har stått nær og vore veldig glad i.

Men kanskje det skuldast den same sære tilbøyelegheiten som gjer at eg les bloggar til kjende og ukjende med stor interesse, gjerne utover nettene. For levd liv interesserer meg djupt og oppriktig. Eg finn stor glede i å prøva å finna ut korleis det er å vera andre. Korleis ser livet ut frå andre utsiktspunkt enn mitt eige? For meg er det utruleg mykje meir interessant enn både å samla på frimerke og halda seg oppdaterte på aksjemarknaden.

Elles innrømmar eg at eg med jamne mellomrom fell for freistinga å ta ein av desse tåpelege testane som det ligg så mange av på nettet . Sånne av typen: “Hvilken sko er du?” og “Kven er du i Mummidalen?” Og så får ein den djupe innsikten at ein er ein conversesko eller ein Snusmumrik, og lever lukkeleg vidare med eit litt utvida sjølvbilete…

For nokre dagar sidan prøvde eg meg på ein “How feminine are you?” test. Resultatet vart at eg var 16% feminin, i følge testen akkurat så lite feminin ein kunne vera og framleis definera seg som hokjønn. Målgruppa var nok kanskje amerikanske kvinner under 25 år… På spørsmål om kor ofte ein går på høghælte sko, og om ein vågar å gå til postkassen sin utan sminke, så er det bare å innsjå at eg fell totalt gjennom reint femininitetsmessig… Det kan eg leva med… Og det håpar eg at norske jenter på alder med døtrene mine kan og…

Eg var trass alt tenåringsjente i den tidsepoken då mine eldre medsystre brant bh-ane sine på bål… Og barna mine ler av klassebiletet mitt frå avgangsåret på ungdomsskulen. Der er jentene relativt usminka, jenter og gutar har same hårfrisyre og same typen klær.
Av og til går trendar i ein retning ingen kunne ha spådd. På syttitalet trur eg dei færraste drøymde om at det skulle koma ei tid der femåringar av hokjønn skulle kles opp som om dei var dei sekstenårgamle tremenningane til Barbie…

Nokon som er gamle og surmaga og litt hårsåre på å vera fråtekne sin femininitet? Nei ikkje i det heile tatt…
😉

Heidi

Luke 18.

Ein innhaldsrik, travel, stressande, krevande og fin dag.
Akkurat som eg ante vart ein skuledag med skulegudsteneste først, servering av julegrøt etterpå og juleverkastad til slutt i meste laget for eit par tre førjulsslitne unger, og minst like trøytte vaksne.

Då eg endeleg kunne stenga døra etter å ha vore på dei møta eg skulle på, snakka med dei foreldra eg skulle snakka med, og rydda vekk lim og filt og trestenger og garn etter juleverkstaden, var eg så sliten at eg hadde sitringar i heile kroppen.

Då er det godt å ha gode folk å setja seg ned med både for å reflektera og for å henta seg inn for resten av dagen. Takk til Stig og Sigvald.

Neste etappe var konsert på rytmisk seksjon på kulturskulen der bandet til Halvard spelte. “Eye of the tiger” i dag og.

Koselege førjulsgjester dukka opp. Torhild og Per Magne med julegaver, julebrev og ei gigantisk fruktkorg. Det passa veldig bra med kaffi og eit par timar i godt selskap medan eg strikka på sitjeunderlaga til dei elevane som ikkje har fått sine ferdige. Eg har lova dei strikke- og tovehjelp slik at det kan bli julegavar.

Så kom Ingrid heim. Oddvar henta henne på toget, og det var så utruleg fint å få henne heim att. Ho hadde vore nære ved å bli akterutseilt i Kristiansand. Ho møtte ein gammal klassekamerat på toget. Dei hadde gått av toget fordi dei trudde det skulle stå i tjue minutt på stasjonen. Det skulle det ikkje… Ingrid rakk akkurat å få kasta seg på før toget kjørte vidare, medan kompisen hennar vart ståande att på stasjonen utan yttertøy og bagasje…

Nå sit eg her og ventar på dei to yngste som er på juleball på ungdomsskulen. Litt rart at dei eldste har lagt seg og dei yngste er på vift. Dei er her vel snart, håpar eg. Ballet skulle vara til midnatt, og i morgon skal dei på skulen.

Og for dei som måtte lura; eg bestod skriftleg eksamen i spansk…

Heidi

Luke 17

Lange dagar og mørke netter. Hadde ein veldig fin start på dagen, og var frykteleg trøytt i siste timen. Så var det planlegging av veka etter jul. Me kjøpte med oss kinesisk mat heim. odd Christian sat heime og venta på oss. Veldig fint å sjå han.

I ettermiddag har eg hatt eit langt møte på jobb, snakka med Stig og gjort klar til juleverkstad. Eg er klar for ein ny skuledag og endå meir klar for ferie.

Sein kveld med Odd Christian, speilegg og mandariner. Nå er me langt inne i neste dag. På tide å finna senga…

Heidi