Gå til innhald

Ikkje utan gode hjelparar…

Yngste dotter mi har alltid hatt ein tendens til å ordna opp for seg sjølv. Då lillebroren vart døypt, var ho eit og eit halvt år og sat til bords og åt på eiga hand med ein liten gaffel. Ein av gjestene kommenterte det. Sjølv tenkte eg ikkje over det ein gong. Slik er det å vera nummer tre av fire barn og få ein lillebror når ein er seksten månadar.

Før ho var to år, likte ho å vandra ut i verda heilt på eiga hand, og utallige gonger leitte me etter henne etter at ho hadde sett sitt snitt til å stikka av utan nokon såg henne.

Eg burde ha blitt van med det, men framleis, nå når ho er femten, blir eg overraska når ho sånn i forbifarten fortel meg at ho har fått jobb som leksehjelp på ein skule i nærleiken, eller at ho har vikariert som danselærar i kulturskulen. På onsdag fekk eg vita at denne helga skulle ho og Vilde og to venninner vera leiarar på ein barneleir ein stad i Ryfylke…

På måndag morgon hadde ho plutseleg akkutt bruk for hjelp. Ho hadde pakka ein stor koffert som ho skulle ha med seg, kofferten hadde gått i lås, og ho fann ikkje koden… Alt ho trong låg trygt der inne, og ho skulle reisa rett frå skulen med tog og båt for å nå fram.

Kofferten var fin og dyr og heilt ny. Sunniva sin farfar på åttiåtte år hadde kjøpt han til henne i konfirmasjonspresang. Det ville vera forferdeleg å måtta opna han med slegge og brekkjern…

Til slutt fann ho koden, men kofferten viste seg å vera heilt i vranglås. Takka vera syster, som plukka henne opp på veg til jobb, kom ho nokonlunde tidsnok til skulen, men kva gjorde me med kofferten? Eg ringde til Sunniva sin morfar som straks kom ned for å hjelpa til med dirking. Han måtte og gje tapt. Me ringde til butikken i Oslo der kofferten var kjøpt, og fekk nummeret til ein butikk i distriktet der dei selde same typen koffert…

Far var skikkeleg kavaler og forsvann i bilen sin med kofferten i baksetet, for å få dekodert og opna låsen, medan meg og mor fekk oss eit par kaffikoppar i fred og ro heime i stova.

Etter ein liten time kom han tilbake med opna koffert og ny kode. Han kjørte Sunniva og Vilde til toget og var først innom og kjøpte ullsokkar og varme tøfler til dei begge, fordi mormor deira var redde dei skulle frysa på føtene på leirstaden i Ryfylke. Sms-meldinga frå henne seier at ho har det bra. Ho skulle viss ha som oppgåve å baka peparkaker og laga marsipanfigurar med barna. Det går nok bra…

Og nokon gonger er det veldig praktisk å ha så unge foreldre at dei er unge nok til å ordna opp for ein når det trengst, heilt til ein sjølv blir førti og femti og seksti år…

Takk for hjelpa, far.

Heidi

Vaya con Dios…

Ute er det nydeleg vinter. Det er skikkeleg julekortstemning
med frost og snø og sol frå bleikblå vinterhimmel.

Me har tent bål i peisen og levande lys i taklampa, og har murt oss inne for å pugga spansk, eg og kjærasten min.
Dei første tre timane i dag har eg pugga bøyningsmønster på spanske verb. Eg har funne ut at uttrykk som å babla og bla,bla, må stamma frå spansk… Eller kva seier de om fylgjande bøying: hablaba, hablabas, hablaba, hablabamos, hablabais, hablan? For uinvidde så er det verbet hablar i imperfect-forma, som er den eine preteritumsforma av verbet å snakka… Når h-en er stum, så blir det ikkje stort meir enn bla,bla,bla tilbake…

Me er altså meir eller mindre i isolat for å prøva å innhenta tilstrekkelege spanskkunnskapar før eksamen på onsdag.
Det verste er at eg stortrivest med å få lov å stenga meg inne for å prøva å erobra eit språk medan resten av verda siglar sin eigen sjø. Me drikk kaffi og et mandariner og hentar oss ferdig middag frå kinarestauranten, og så blir det ein tur til postkassen om inspirasjonen tek oss…

Sjølvsagt er det ikkje heilt sant. Slik fungerer ikkje livet i eit stort hus og i ein stor familie. Og slik fugerer ikkje eg heller… Eg er bare litt meir fokusert og isolert enn vanlegvis.

Og det å læra eit nytt språk er spennande. Sjølv om eg innser at veldig mykje står att før eg vil vera i stand til å
føra ein heilt vanleg samtale om noko litt meir avansert enn vegen tilbake til hotellet og prisen på appelsinene.

Det er faktisk lettare å lesa og skriva enn å snakka. Då har ein nemleg tid til å tenkja seg om. Eg får fornya sympati med kva eg utset elevane mine for i engelsktimen…

Og ein liten tur ut i sola får ein vel unna seg…

Heidi

Elisa fyllte atten år

og hadde kome heim. Syster hadde kokt god suppe og inviterte familien til å feira i lag med dei. På kvar tallerken stod det eit telys og lyste for den som skulle sitja der. Eg er kanskje eit rart menneske, men eg liker
at novembermørket pakkar seg lunt og tett rundt oss. Eg liker å vera inne, og eg liker å tenna levande lys.

Eg liker morgonane i klasseromet med taklampa av og stearinlyset på og den gode kjensla av å unna oss sjølve å starta dagen med eit kapittel frå ei god bok. Dei siste vekene har eg lese boka “Oscar og den rosa damen,” for elevane mine. Ei vidunderleg bok for både barn og vaksne. I morgon har eg tenkt å starta på “I et speil i en gåte,” av Jostein Gaarder.

Far og eg har vore på tur til farmor. Ho var frisk og fornøgd og glad for å få besøk. Det venta oss sundagsmiddag med dessert då me kom, sjølv om det bare var fredag. Og far kjøpte pølse og kaffi til meg på båten. Det å ha ei frisk og sprek farmor på snart nittito år gjer at eg med jamne mellomrom kan dukka ned i barndomen som om han framleis eksisterte.

Veka som kjem har litt av kvart å by på, så det er på tide å vera eit flinkt og fornuftig B-menneske som trassar alle instinkt og går og legg seg før midnatt på tross av det meste.

Hasta luego.

Heidi

Takka livet…

Gracias a la vida
que me ha dado tanto,
me dio les luceros
que cuando los abro,
perfecto distingo
lo negro del blanco.
Y en alto cielo
su fondo estrellado
y en la multitudes
el hombre que yo amo.
Violeta Parra.

Mitt fråvere her skuldast meir enn noko at eg puggar intenst på det spanske språket i alle ledige stunder.
I hovudet skriv eg dagleg små tekstar, som eg ikkje klarer å få tatt meg tid til å tasta ned…

For å leika meg litt innimellom så prøver eg å læra meg tekstar utanåt, for eksempel denne som står øverst her.
Då eg var veldig ung kjende eg at Arja Saionma sin versjon av “Jag vil takka livet” rørte ved noko inne i meg.
Det var faktisk ei så sterk berøring at eg leita meg fram til den spanske originalteksten og skreiv han ned i ei bok der eg samla på fine tekstar. Så denne songen er omtrent det einaste eg har kunna på spansk i heile mitt liv fram til nå… Og plutseleg så forstår eg orda eit for eit, det er ganske fint…

Det opnar seg stadig dører inn til nye rom. Det er ei merkeleg oppleving når eit språk er i ferd med å opna seg for deg…

Men så, skal eg trena til munnleg eksamen, og plutseleg stoppar alt opp i tankane mine. For kva heiter nå det ordet på spansk? Skal ein bruka preteritum eller imperfektum, skulle det ha vore gerundiumsdforma, eller burde ein eigentleg bruka konjunktiv… Og så blir eg ståande og hakka og leita, kva heiter nå dei heilt vanlege orda som eller, korfor, kor, men, fordi… Det er ei veldig frustrerande kjensle å vita at eg kan ganske mykje, men vera heilt ute av stand til å leita det fram…

Men du verda kor mykje dette aukar forståinga mi for kor frustrerande det er for barn som kjem direkte frå utlandet å vera i eit norsk klasserom og prøva å erobra språket… Og det aukar forståinga veldig for korleis elevane kan gjera det meste av grammatikken feil på ein engelskprøve, sjølv om dei sa dei forstod det då eg forklarte dei det så grundig i sist veke…

Og eg har ni dagar att til eksamen…

Gracias a la vida
que me ha dado tanto.
Me ha dado la risa,
me ha dado el llanto.
A si yo distingo
dicha de quebranto,
los dos materiales
que forman mi canto.
Y el canto de ustedes
que es mi propio canto.

Heidi

Eg

Eg er ei kråke
bustete og svart
med skjerande songstemme,
Eg er ein katt
smygande på mjuke potar
ut og inn i smutthol og irrgangar.
Eg er svulmande raude jordbær
bada i kvit mjølk,
er glovarm krydderte
og ei kanelduftande nysteikt eplekake,
ein platespelar som kvernar
gamle sprukne og sentimentale 78-plater,
ein rosa sykkel
med store nostalgiske ballongdekk
og blanke spiler,
eg har fletta korg på styret,
og er klar for sjølvaste Amsterdam.
Eg er ein frekk oransje løvetann,
eit rundslipt svaberg
for kjærteiknande bølger,
vare tonar i ei tverrfløyte,
ein blomstrete gammal sofa
som nokon bare elskar,
ei marihøne i prikkete kjole.
Eg er eit lite, kvitmalt kapell
ytst ute i havgapet.

Heidi.

Bakgrunnen for dette diktet kan du lesa i bloggeinnlegget under. Når ein skriv i lag med store barn kan ein tillata seg å flørta med klisjear…

Røra ved orda.

Eg har ti skrive-elevar. To timar i veka er eg i lag med ti jenter frå elleve til fjorten år for å skapa tekstar. Ofte kjennest det heilt magisk å vera i lag med dei.

Skrivekurset ligg og duppar på toppen av alt det andre eg driv på med, og fordi det på ein måte er eit fag under utvikling, så krever det ein del tankekapasitet.

Magien består i å fanga orda. Tenk at ein kan skapa ting sånn omtrent rett ut av lause lufta. Ein del av metodikken min er å skapa tekstar saman med og parallelt med elevane mine. Ofte er eg minst like ivrig som dei. Etterpå skriv dei i loggbøkene sine at skrivekurset er noko dei gler seg til kvar veke. Det er god belønning for strevet.

Sidan det er travle jenter, så treffest me seint på torsdagskveldane. Då er dei ferdige med korps og handballtrening og kva det måtte vera. Me tenner stearinlys og skreller mandariner eller drikk varm kakao.
Eg fekk nemleg den gode ideen at heimkunnskapsromet med småbord og kokeplater måtte vera den perfekte lokaliteten for å skriva.

Heldigvis har eg funne nokre lærebøker og idésamlingar om skapande skriving, slik at eg slepp å henta alle oppgåvene frå eigen fantasi. I går stjal eg ein av idéane frå Gro Dahle:

Elevane skulle laga ei liste der dei valgte seg ting å identifisera seg med, noko som likna på dei. Det skulle vera:

ein fugl
eit dyr
ei kake
ein drikk,
eit elektrisk apparat,
eit kjøretøy,
eit musikkinstrument,
ein middagsrett,
ein dessert,
ein blom,
eit tre,
eit landskap,
eit møbel
ein bygning.

Etterpå skulle elevane bygga vidare bileta og skriva eit dikt om seg sjølve. Det var ei veldig fin oppgåve. La deg inspirera og prøv sjølv. Eg fekk lyst til å skriva inn diktet eg skreiv om meg sjølv, men trur eg spanderer eit eige innlegg på det, elles blir dette alt for langt.

Sunniva kom inn og lurte på om eg hadde lyst til å laga mat til henne. Det er klart eg har. Eg har frifredag og har prioritert å pugga spansk framfor å vera husleg. Sjølv har eg varma meg ei vidunderleg god fiskesuppe som kjærasten min hadde kokt til seg og familien då eg dreiv skrivekurs i går.

Snart skal ungen min få ein stabel varme pannekaker. Eg trur ho fortener såpass i dag…

Hasta luego.

Heidi

For å løfta opp ein vanleg,

uvanleg ettermiddag og kveld så kan me jo plukka fram ein torsdag sist i oktober.

Kjærasten min har ein merkeleg sans for det litt spesielle.
Han elsker å sitja på litt snuskete kafear og observera livet der. I tillegg er han ein hund etter å prøva ut alt der måtte finnast av ny teknologi. Det hender at eg heng med i svingane som ein nysgjerrig om enn ein smule skeptisk passasjer.

Nå hadde han booka oss inn på eit hotell med konseptet “cityboks”. Der var det ikkje eit levande menneske som tok i mot oss, men ein stor touch- skjerm. Der fekk me eit låskort slik at me kunne slusa oss inn på romet. Eg var redd det skulle visa seg å vera sånn omtrent ei glattcelle med ei seng, men romet var i grunnen heilt greitt. Det var eit rom med breibandtilkopling, men ikkje fjernsyn. Det var do og dusj på gangen, og på roma var det kjøleskap og kokeplater om ein ville koka seg mat.

Me hadde avtalt at me skulle eta middag med Odd Christian. Eg gler meg alltid til å møta han når det er lenge sidan sist. Han hadde heldigvis kome seg etter lungebetennelsen og kom rett frå praksis på ungdomsskulen og kollokviegruppe på lærarskulen med tung ransel på ryggen.

Me hadde lurt på mongolsk mat, men ende opp på ein pizzaplass der me vart sitjande lenge og snakka. Me hadde lyst til å gå på kino, Odd Christian var trøytt og reiste tilbake til hybelen sin etter middagen. Me bestemte oss for å sjå “Det stille lyset.”, ein mexikansk film måtte jo passa bra for oss to spanskstudentane. Det var ein time å venta på filmen, og ute var det kaldt. Me fann oss kvar vår lenestol inne på kinoen, og sokk ned med kvar vår gratisavis om inneverande og komande filmar. Det lukta så koseleg og lunt av vaflar, kakao og kaffi frå kinokafeteriaen. Kjærasten min sovna i stolen, det var nå me merka at me hadde vore oppe sidan kvart på fem om morgonen for å nå flyet og forelesningane.

Filmen var noko av det mest spesielle eg har sett. Han var frå eit menonittarmiljø i Mexico. Den sommaren me var i USA møtte me ein menonittarfamilie frå Canada. Dei hadde med seg fire eller fem små barn. Jentene hadde lange kjolar slike som dei brukar i “Huset på prærien”, og gutane hadde bukseselar og gammaldagse skjorter. Mor deira hadde kyse og sånn kjole som dei brukte i USA kring århundreskiftet. Dei virka utruleg sympatiske.

For uinvidde så kan det kanskje forklarast slik at menonittane er ein meir moderat variant av Amish- folket.
Det meste av dialogen i den mexikanske filmen foregjekk på eit slags platt-tysk, det tradisjonelle språket til menonittane. Filminga var utruleg vakker, og utruleg langsom. Dei lange stillbileta kunne kanskje minna litt om Bergmann sin måte å gjera det på.

Temaet i filmen var utruskap, og her var det skildra frå ein heil ny vinkel. Hovudpersonen hadde ei kone og ein stor ungeflokk som han var oppriktig glad i. Samtidig forelska han seg i ei anna menonittarkvinne og dei utvikla eit seksuelt forhold. Han var ærleg om dette overfor kona si, som prøvde å leva med at ting var som dei var. Mannen ønska å vera gudfryktig og godt menneske, og fabulerte om kor vidt det kunne vera Guds vilje at han skulle møta denne andre kvinna.

Det heile var så befriande langt frå Hollywood at du kan gløyma det meste du veit om kjærleiksfilmar viss du går for å sjå “Det stille lyset”. Hovudpersonene er velsigna frie frå botox og silikon, og eg går ut frå at dei må tilhøyra det miljøet som er skildra for å kunna spela på den måten og for å kunna snakka språket.

Om du er tolmodig og open og nysgjerrig, så trur eg du kan få ei stor filmoppleving av denne filmen. I alle fall så opplevde me det slik. På veg heim til cityboksen vår var me innom ein daglegvarebutikk som haldt ope til tolv om natta for å kjøpa med litt frokost til neste dag. Det er ein merkeleg verden.

Og nå ventar nok skurefilla veldig på meg…

Heidi

Under overflata

er livet sårbart, nakent, farleg og vidunderleg. Når den travlaste tida stoppar opp nokre timar er det så mykje eg ville ha skrive. Eg slurpar kaffi og tenkjer meg om. Kva skal eg bruka skrivetida mi til i dag? Det kvardagslege og nære? Det eg filosoferer over og drøymer om? Det som rører meg mest av alt som skjer i samfunnet? Eller ein metatekst som denne om alt eg skulle og kunne ha skrive?

Livet er ein merkeleg sak, og eg har alltid vore lite flink med prioriteringar, helst vil eg ha med meg det meste, og allerhelst samtidig. Det er ein gave å ha lyst på livet, og lite har eg gjort for å fortena denne gaven.

Det er godt å ha landa heime etter to studiedagar i Bergen. Sola skin gjennomo skitne vindusglas, og i kveld får me besøk av Hanne Lise og Gunnar. I går kveld la eg den heime tørka klippfisken frå Malvin i vatn, og i dag skal eg laga baccalao. Men først må eg rydda og vaska litt, og slike fine haustdagar som dette skulle sjølvsagt alle gode nordmenn vera på tur i skog og mark. Det ligg lagra i ryggmargen på dei fleste som er oppvaksne her til lands…

På pc-en til kjærasten min er det gode høgtalarar og musikken strøymer ut. Det er ein song med ein finurleg og humoristisk tekst som me oversette i ein av spansktimane i går. Songaren er nok meir poetisk enn dei meste nordmenn som fell for vakre damer. Eg lurer på korleis sjekkereplikken: “Hold åpen dine hunkattsøynes veranda for meg,” ville ha fungert her hos oss…

Det har vore kjekt å vera student i to dagar. Eg må innrømma at på torsdagen var eg frista til å tenkja at den eksamenen der kjem eg aldri i verda til å kunna klara å stå på. Dei fleste medstudentane hadde i utgangspunktet mykje større spanskkunnskapar enn meg, og med full jobb og vel så det, så er det begrensa kor mykje tid eg har til å jobba med spansk grammatikk.

På fredagen fekk eg den gode kjensla av at: Jo dette trur eg faktisk at eg skal kunna klara. Ikkje det at eg eigentleg har bruk for den eksamenen, men ein veit jo aldri kva vegar som opnar seg… Og litt motvillig ut frå min litt liberale pedagogiske ståstad må eg innrømma at ein nok jobbar mykje meir konsentrert og under press om ein veit at ein skal ha både eksamen og karakter i noko… Men for meg dreier det seg faktisk om korvidt eg blir flink nok i spansk til å klara å stå på eksamen i det heile tatt. Å få gode karakterer i tillegg er nok langt utanfor rekkevidde…

Kjærasten min kommenterte at eg ikkje alltid var spesielt smart og strategisk… Det var etter at eg hadde sitte i lag med den eine læraren vår på lunsjen og fortald henne at eg slett ikkje var sikker på om eg i det heile tatt kunne nok til å ta den eksamenen… Nei, nokon stor sjakkspelar har eg vel i grunnen aldri vore, og kjem vel heller aldri til å bli… Men å læra språk, det er veldig kjekt. Brikt Jensen uttalte ein gong i eit intervju at han følte sorg over alle dei gode bøkene han ikkje hadde sjanse til å få lese på grunn av den begrensa levetida eit menneske har her på jorda. Det er eg heilt med på. For ikkje å snakka om alle språka ein aldri kjem til å forstå eller snakka…

Heidi

Lar livet skje.

Nå sit eg her på flyplassen utanfor Bergen og skal snart ta flyet him. For ti år sidan ville eg ha vore skrekkslagen. Nå er det nesten, men bare nesten som å ta bussen. Takk til Stig og alle andre gode makter for at eg er så å seia kurert for flyskrekk. Flyskrekk gjer frykteleg vondt kvar gong ein trosser all indre fornuft som fortel deg kor farleg dette er, og trossar det intense medvitet om at ein er i livsfare i det ein er modig nok til å gå inn i eit fly.

I skrivande stund sit eg her og balanserer ein bitteliten pc oppå kofferten min for å få passe skrivehøgde. Eg morar meg med å smuglytta til ein vaskeekte og veldig høglytt bergensar ved sida av meg… Han veit korleis det meste burde ha vore, og korleis det meste ikkje er…

Heidi

Lyset sist i oktober

legg seg venleg kring kyrkjegarden der ein liten flokk menneske er samla rundt ei grav. “Fager kveldssol smiler”
syng dei som står der. Stemmane er trygge og usikre, svake og sterke. Etterpå kastar presten tre skuffer jord på kista, som blir senka i ettermiddagssol. Tidlegare på dagen har dei første våte og usikre snøflaka falle, men bakken var ikkje klar til å ta i mot dei, dei smelta, som godt var.

Sjølv hasta eg meg ut av skulebygningen då matpausen begynte. Så venleg eg kunne, avviste eg ein gut frå tekstilklassen som ville ha meir strikkegarn. Det gjaldt å koma seg i veg. Heldigvis var vegane framleis frie for snø og is. Eg køyrde heim til staden der eg vaks opp ,og venta utanfor kyrkja på dei to barndomsvenninnene eg hadde avtale med.

Då me kom, var kyrkja allereie full av folk, endå det var tjue minutt til gravferda skulle ta til. Me var fire venninner som haldt saman gjennom barne- og ungdomsskulen, og nå hadde den eine mista mor si. Me andre ville gjerne visa støtte gjennom å vera der når ho skulle gravleggast.

Plutseleg var eg meir enn tretti år tilbake i tid. Eg undra meg over at kyrkja der eg song i kor kvar fredagskveld i mange år, ikkje var større enn ho var. Blott ein dag song me då og, men den gongen på svensk. Eg såg for meg smilet til Hermund medan han dirigerte, og ansikta til dei eg song saman med. Hermund hadde bestemt at me skulle synga dig og mig, og ikkje dej og mej.

I dag var det bare ståplassar att då me kom. Me stod langs veggen inntil varme panelomnar. Dei gamle kyrkjebenkene i tre var skifta ut med nokre med polstra puter, elles var det meste som før. Altartavla viste framleis kvinnene framfor den opne grava. Og solisten som song “Tir na noir” og “Dit där rosor aldrig dör”, må ha vore ein av dei små gutane til presten me hadde då eg var tenåring.

Ho fekk eit varmt ettermæle, mor til venninna mi. Det slo meg at då eg begynte å gå i heimen der var ho under tretti år gammal. Det var ein merkeleg tanke. Eg hugsar at ho alltid smilte og at det var godt å vera der.

I kyrkja såg eg menneske eg omtrent ikkje har sett sidan eg flytta heimefrå for tjueåtte år sidan. Tjueåtte år set naturleg nok spor i eit menneskeansikt. Eg høyrde songar i hovudet mitt som eg trudde eg hadde gløymt: “Verdens beste krokodille, har du sikkert aldri sett. Det er nemlig Lille Ville, som kan spille B-kornett.” Og ein song frå ein kristen barneleir som eg eingong song i lag med ei av dei eg såg i kyrkja i dag… “Lever du i lyset fra din Frelser kjær, blir ditt du selv et lys for Jesus der du er. Tenk om du fikk lede en til Kristus hen, kjære unge Kristne venn…”

Slike songer syng nok knapt nok barna i dag, og eg veit heller ikkje om ein utan vidare ville invitera ein gjeng elleveåringar til bøneromet for å be for dei. Men slike minne har eg faktisk med meg, og det er rare, fine og litt vemodige minne.

Bror til venninna mi hadde ein utruleg fin tale og blomane på kista og elles i kyrkja var så fine. Eg stod der inntil panelovnen mellom dei to venninnene mine, og kjende at akkurat då var det rett plass å vera på. Eg kjende på at me eig noko viktig saman. Me eig ein felles barndom på ein liten plass på sørvestlandet på seksti- og syttitalet. Og framleis eig me ein liten bit av einannan, og skal framleis støtta kvarandre om me ikkje ser einannan kvar dag og kvar veke som me gjorde den gongen då.

Framleis kan me finna einannan kvar gong når, for å gjera dette til ei øving i grammatikk på toppen av det heile. Då eg kjørte heim skein sola framleis, og dei spelte gamle merkelege jazzplater på P2.

Heidi