På flyplassen i innsjekkinga sat ein vakker ung dansk mann i uniform og venta på flyrt vårt. Han minna meg litt om Palle frå “Krøniken”, og eg tenkte at det var tillitvekkande om det var han som skulle fly oss over. Han viste seg å vera flyvert, medan flyvaren var kvinneleg. Så der fekk eg ein oppvekker i min kjønnsstereotype tankegang.
Som så godt som helbreda flyskrekkpasient, så tok eg det med relativt god fatning at det viste seg at me skulle fraktast over Skagerak i propellfly…
Så var me plutseleg framme, det var rått og kaldt og mørkt allereie. Me fann hotellet, og fekk sett frå oss bagasjen, så var me klare for den store verda…
Me fann oss ein mongolsk resaturant. Perfekt for dei av oss som ikkje skal ha for mange karbohydrat. Konseptet var: Bland din eigen mat på ein tallerken, og få han steikt på ei stor plate. Det smakte sterkt og godt med ingefær, kvitløk og chilisaus over maten… Borda stod tett, og eg oppdaga at eg allereie hadde gløymt tida før den norske røykeloven. Det var uvant at folk sat og røykte over middagen.
Me har vandra hand i hand i sentrum. Folk syklar omkring på store svarte damesyklar i gammal stil, og midt i sentrum er det ein kunstfrosen skøytebane der ein kan leia skøyter til førti kroner timen og i tillegg få med seg ein sjølvlysande liten stav å skøyta rundt med. Litt som henta ut av ei eventyrbok.
Me har gitt eit par myntar til han som sit på Strøget seint på kvelden på ein kasse og spelar trekkspel med hanskar på begge hendene. “I did it my way”… Sentrum lukta av parafin frå utallige faklar ute i gata. Me sat ei stund på Peder Oxe Vinstue og observerte livet. Mellom anna observerte me at dei fleste var atskillig meir festpynta enn oss sånn på lørdagskvelden, og at dei fleste var ti og tjue år yngre enn oss.
Då me passerte trekkspelaren att, gjekk det i “Somewhere over the rainbow,” og eit par tiggarar sat på gata med pappkrus og soveposar…
Nå har me vendt tilbake til hotellromet vårt, og det er spennande å sjå om eg får til å posta dette før eg mistar tilkoblinga, for internett kjem og går…
Heidi
Dei stod plutseleg der i bedet midt mellom dei ubeskorne rosebuskane og bøygde hovuda sine blygt mot den svarte molda… Eg kom heim i regnet, iskald på fingrane, og såg at våren er på veg hit til oss…
Nå har eg vore på føremiddagsvisitt. Det var fint. Eg fekk avlevert ein varm klem, ein pakke cappuccino og åtte store telys som ei symbolsk støtteerklæring.
Eg drakk svart kaffi, og høyrde vakker pianomusikk frå eit splitter nytt piano. Eg skulle så gjerne hatt gåva til musikk. Så heldige dei er dei som skal spela. Me får dela med einannan så godt me kan.
I heimen er det mykje musikk sjølv om det er begrensa kva eg kan bidra med. Halvard har lasta ned “Balade pour Adeline” frå internett, truleg med Richard Claydermann eller noko slikt. Først var han frustrert over at han ikkje fekk til å spela akkurat som han, men så fann han si eiga løysning: Han set på musikken, finn fram sine eigne noter og speler saman med plata.
Med utgangspunkt i sine eigne noter, improviserer han seg fram til noko som høyrest bra ut i lag med den profesjonelle musikken. I dag fekk han det for seg at det skulle han gjera hundre gonger… Så legg han på musikk, av og til konsentrerer han seg om bare venstre eller høgre handa, for å prøva å finna ut kva pianisten på plata gjer. For eit par dagar sidan sat han til og med med noteskrivebok og prøvde å få det ned på papiret…
Eg høyrest sikkert ut som ei veldig stolt mor, og eg er skkert imponert først og fremst fordi dette er noko eg aldri ville fått til sjølv. Men det som kanskje fascinerer meg mest er pågangsmotet og energien han legg ned i slike relativt halsbrekkande prosjekt. Han har bare spelt i to år, og eigentleg har han ikkje føresetnadar til å klara det han har sett seg som mål. Det må ha med hemul-genene i svigerfamilien min å gjera… Så får det heller våga seg at det er ei tålmodigheitsprøve for resten av familien med hundre gonger Adeline i samspel mellom Claydermann og Halvard…
Nå, om veldig kort tid reiser me til flyplassen. København neste.
Heidi
Det regnar på ruta mi, og vinden lagar vindlydar kring hushjørnet. Eg har hatt ferie i snart elleve timar. Det kjennest bra. Først var det ut og spela teater, og så eit kort møte på jobb før livet opna seg og vart ferie…
Her må ryddast og ordnast og pakkast og tenkjast, og om ca tolv timar reiser me ut til flyplassen. Nå har eg hatt ein god kveld i lag med venninnene mine i litteraturgruppa. Det er alltid så godt å vera i lag med dei.
Eg fekk ein telefon frå ei eg kjenner som har det vanskeleg. Eg lova å koma innom henne ein snartur, før eg reiser i morgon. Av og til er ord alt for små, og nokre gonger går den gode viljen seg heilt vill fordi ein kjenner seg tilkortkomen. Men kanskje ein ikkje skal undervurdera bare det å visa at ein ynskjer alle gode ting ,sjølv om ein ikkje maktar å snu noko som kjennest som ein håplaus situasjon for nokon ein er glad i.
Regnet vaskar rutene mine, og mørket ligg tett rundt huset. Dersom alt går som det skal så skal lørdagskvelden nytast i København. Det skal bli så fint.
Heidi
vart som eg hadde tenkt, så unnar eg meg eit lita økt på Andedrakt. I dag skulle eg i veg på ungdomsskulemusikal. Fire jenter frå tenårings-teatergruppa mi skulle vera med på ei stor forestilling saman med resten av tiandeklassingane på skulen sin. Dei ville så gjerne at eg skulle koma og sjå på dei, helst saman med Jan Ivar. Eg hadde lova å koma, og eg såg fram til det. Sunniva skulle ha med seg to venninner og vera med ho og.
Planen min var å vera ute i god tid. Det er eit lite stykke å kjøra, og eg tenkte det kunne bli vanskeleg med parkering. Ein halvtime før forestillinga skulle begynna. måtte eg starta telefonrunden for å få tak i Sunniva. Ho har øydelagt mobilen sin, og eg måtte prøva å kartlegga korleis eg skulle få tak i henne. Ti minutt seinare kom ho heim, og meinte at me hadde god tid. Så langt så vel…
Så måtte me venta på venninnene hennar. Den eine måtte me venta lenge på. Me vent til det var knappast mogleg margin for å nå arrangementet då kom ho endeleg springande. Eg hadde kjørt inn på ein parkeringsplass i nærleiken av huset hennar, og då ho endeleg kom var eg forferdeleg i farten. Eg gøymde at det var ein kant med belegningsstein bak der eg hadde parkert, og eg rygga over med eit dunk frå omtrent der bakhjulet sat. Eit par sekund var eg faktisk redd for å bli ståande fast, men kom meg ut…
Då me kom fram fekk me heldigvis parkert heilt greitt, og me sprang til aulaen der det heile skulle foregå. Då me nådde fram to minutt for seint. slapp me ikkje inn fordi alle billettane var utselde…
Eg prøvde tappert å skjula at eg vart veldig skuffa…
Eg har jo vore akkurat lik jentene i stort sett heile mitt liv. Alltid seint ute, utan tvil til stor irritasjon for ein del vaksne. Sunniva vart lei seg for ho følte ho var skuld i det, og eg prøvde å seia at det ikkje var hennar feil…
I staden kjørde eg henne til eit husgruppefellesskap ho er ein del av. Eg fekk det for meg at bilen trakk mot høgre. Nå håpar eg inderleg at det var bare vinden, og at eg ikkje var borti eit eller anna som har med styremekanismen å gjera då eg kjørte over muren…
Då eg kom heim kjende eg meg nokså utlada. Sikkert like bra å få litt ekstra tid her… Og nå kan eg i alle fall heilhjarta sei til jentene mine på drama at eg gjorde eit ærelg forsøk på å koma inn, men vart stoppa i døra…
Nå er det bare ein skuledag att til ferien, og så ein dag med HC Andersen før den heilt ekte vinterferien set inn. Det skal bli så fint. På lørdag skal eg løysa ut julegaven frå kjærasten min: Ein tur til København bare for meg og han, med hotell i sentrum og deilige ansvarslause dagar i yndlingsbyen min medan Ingrid passar butikken heime.
Og så skal eg leika forfattar i tre fire dagar og få skrive ferdig musikalen me skal begynna å øva på med elevane veka etter ferien. Det skal bli bra.
Ute regnar det att etter fleire dagar på rad med sol. Kveldane er merkbart lysare.
Heidi
Stemmen min haldt akkurat til fredagsrunden med teater og workshop i to nye sjetteklassar. Det varmar når elevar i flokk og fylgje kjem for å seia ting som: “Dette var kjekt!” “Kan dokke ikkje koma til vår klasse ein gong til?” og “Kan eg få begynna i ei av teatergruppene i kulturskulen?”
Lettare rusa av adrenalin, kom eg heim med dronningkostymet mitt i ein plastpose, då kjende eg plutseleg kor trøytt eg var etter ei veldig intens arbeidsveke. Eg sovna momentant på sofaen, men Ingrid som hadde invitert heim ei skulevenninne, bad meg diskret om å flytta meg ut på soveromet. “Det ser ut som om du ligg der for å sova ut den verste bakrusen, mamma…” Og det førsteinntrykket ville eg vel eigentleg ikkje gje nokon, så eg tusla ut på soveromet og sovna ein gong til…
Så var det å vakna opp til livet att, og tida for å ta ein tur rundt i huset for å sjå om det fantest klede å ha på seg, sjølv om eg ikkje hadde hatt overskot til vaskemaskinen på over ei veke. Me skulle inn på konserthuset for å høyra på Sigvart Dagsland. Ein flott konsert vart det, og eg fylde på med Fishermans friend kvart femte minutt sjølv om eg eigentleg ikkje kan eta slikt for tida, for ein lite konsertvenleg hoste låg og lurde langt nede i brystet og ville ut…
Etterpå var det kyllingsalat og familie, og seint vart det denne kvelden og…
På lørdagen skein sola så fint, og eg fekk besøkt biblioteket og betalt for mine forsømmelsar. Dessutan fekk eg send to diktsamlingar eg hadde bestilling på. Det kjendest som å få rydda opp litt i må-tinga som eg ikkje har hatt tid til å ekspedera. Eg snubla over Inger midt i Storgata, og me sneik oss til eit lite kafébesøk, sjølv om ingen av oss hadde tid. Eg elskar kafébesøk som ein eigentleg ikkje har tid til. Eg burde lagt dei inn i dagane mine oftare…
Helga har vore ei familiehelg. I går feira me Borghild, og i dag feira me kjærasten min. Eg har bakt eplekake og steikt lappar på takka etter bestemor. Me tende alle stearinlysa me kunne finna, og inviterte til improvisert utvida familieselskap med rå løk, varme pølser og heimebakte rundstykker.
Vilde har overnatta her heile helga. Ho og Sunniva har gått heile og halve dagar omkring i pyjamasbukser og med ustelt hår og vore så vakre som bare trettenåringar kan vera i den tilstanden. Halvard har spelt piano, om og om igjen har han spelt alle melodiane han kan. Til Elise, Balade pour Adeline, Alleycat, The entertainer og så vidare. Innimellom høyrer han melodiane på CD-plate og bestemmer seg for at han må øva meir fordi han ikkje får til å spela det slik som på plata…
Og i går redda me den eine hamsteren frå å bli kattemat. Plutseleg høyrde lyden av noko som enten var ein fresande katt eller ein hamster i sjølvforsvar. Kjærasten min sprang ut på gangen og ropte forskrekka på meg. Han fekk løfta opp katten og eg fekk løfta opp hamsteren… Korleis det vesle dyret hadde klart å koma seg ut av eit stengt bur og to etasjar ned anar eg ikkje…
For det kan vel ikkje ha vore katten som klarte å opna buret og bar hamsteren ned mellom tennene… Merkeleg nok gjekk det heile bra.
Nå er alt rydda etter selskapet, og eg har endeleg fått meg ein halvtime på Andedrakt, noko eg har lengta etter heile veka. Så forunderleg fort ei helg tek vegen vidare mot kvardag…
Heidi
Dagsprogram for ein svært vellukka dag for damer på tur, i dette tilfellet sist lørdag.
Klokka 8.45 Lang hotellfrokost med tilhøyrande samtale.
Klokka 10.00 Klare for ein tur på byen med inspeksjon av
diverse butikkar, med hovudvekt på
dei der det går an å kjøpa bøker.
Klokka 14.00 Lunsj på kafé som varer heilt til…
Klokka 15.30 Kunstutstilling. Og så vidare til
Klokka 16.00 Kaffi på kafeteria, der me har avtalt å møta
ei til frå lærarskuleklassen. (Ho hugsa meg
som den jenta som alltid strikka, og det
gjorde eg faktisk på den tida, når eg tenkjer
meg om. Eg strikka i skuletimane, når eg
gjekk og når eg kjørte buss. Eg strikka
aldri med mindre enn fem fargar samtidig.)
Klokka 18.00 Tilbake for å kvila litt på hotellet.
Klokka 20.00 Middag på ein utestad med mange blå
hundar på veggene. Der sit me og pratar og
pratar og pratar til klokka runder midnatt.
Klokka 24.30 Fire damer sitjande på eit hotellrom. Tre av
dei i dobbelsenga. Utover natta vekslar
samtalen mellom tårer, krampelatter,
fortelling av nye og gamle, opne og skjulte
livshistorier, nattlige betruelsar og av-
synging av gamle viser og sundagsskule-
songar. Klokka halv fire om natta diskuterer
me om me kanskje burde tenkja på å legga
oss sidan me var så seine kvelden før…
Konklusjon: Me kunne ha vore samla kor som helst, for det me verkeleg vil når me er samla er å snakka, snakka, snakka og å skimta nye og gamle vinklar på dette å leva.
Utruleg vellukka, bortsett frå for ho eine som vart liggjande med influensa, og gjekk glipp av litt for mykje.
For å gjera det bra igjen har me tenkt å møtast att i juni…
Heidi
ikkje te Mexico, men til Kristiansand for å ha jentehelg, med gode venninner frå lærarskulen. EG Må bare skriva eit par linjer her. Veka har vore lang og begivenhetsrik. I dag har me innleia teatersesongen eg og Jan Ivar. Etter å ha øvd i nokre veker på å ta opp att HC Andersen stykket, som me har vore på turné med to år tidlegare, var det sesongpremiere i dag. Eg er alltid nervøs, for i ei forestilling på femti minutt er det mykje som kan gå gale. Men me kom oss vel i havn, og eg pustar friare fordi eg kjenner at nå er stykket på plass.
Ungane har funne hamsterungar som sprang omkring i snøen ute i skogen… Nokon som var lei av kjæledyra sine, og fortalde ungane at dei skulle få bu i skogen? Etter å ha tint opp skjelvande og nysande hamsterar i varmen på badet vårt, har me nå tre nye kjæledyr. Det vil sei den eine har me gitt bort. Heimen vår har fått eigen avdeling for heimlause dyr. Det var dei dyrekjære ungane våre som kom heim med begge kattane etter tur, som forkomne kattunger ingen ville kjennast ved på tross av diverse plakatar me satte opp i butikkane…
På sundag skal eg fortelja i førti minutt for vaksne. Eg må øva meir på togturen. Eg skal fortelja heile Ruts bok frå bibelen utan manuskript, så det er mykje å halda styr på. Nå er det toget neste, og eg gler meg som ein unge til å vera på tur heilt aleine med venninner.
I neste veke skal eg utvida motet mitt og utfordra flyskrekken. For første gong i mitt liv skal eg i småfly. Det vil seia eit med tjue seter eller så. Eg er nøydt til å reisa ganske langt i forbindelse med noko på jobben, og grøssar langt inn i sjela når eg tenkjer på det… Men frå å ha frykteleg flyskrekk heilt til for tre år sidan, så er eg blitt sååå flink til å fly vanlege fly. Say a prayer for me…
Men nå må eg springa. Skulle tatt seg ut å bli for sein.
Skrivefeila får heller vera her så lenge…
God helg
Heidi
Som oftast er eg mor i den konstellasjonen. Til ganske store barn til og med… I går alternerte eg i rolla som barn… Mor og far kom om morgonen og henta syster mi og meg, og så reiste me saman på dagstur til farmor.
Akkurat som då eg var barn, sat syster mi og eg i baksetet på bilen, og akkurat som då måtte ein del av vegen tilbakeleggast i båt. Heilt som før, så var mor engsteleg for vindane som ho gjekk ut i frå ville føra til høg sjøgang…
På det varme kjøkkenet til farmor vart me serverte fiskesuppe og karbonadar. Den einaste forskjellen i frå før, var at me faktisk fekk lov til å hjelpa til med matlaginga. Medan me sat der og åt, fekk eg ganske mange flashbacks frå barndomen. Det var som ein slags tverrsum av alle dei gongene eg har site der med foreldre og sysken og småprata med farmor. Men før maten og samtalen kom alltid den litt høgtidelege, tause stunda då besteforeldra mine folda hendene for å be bordbøn. Mor fekk ofte eit litt sjenert eller brydd uttrykk i ansiktet under den seansen, for heime hos oss var me ikkje så vane med bordbøn.
Eg såg for meg farfar. Farfar var ein stor og sterk mann med dei kraftigaste armane eg har sett på nokon mann som aldri har sett sine bein i eit treningsstudio. Han var gardbrukar og alltid veldig svolten då det blei ropt inn til middagsbordet klokka tolv på føremiddagen. Då bretta han opp armane på flannellsskjorta si, og vaska hendene lenge og grundig i utslagsvasken borte ved stovedøra. Etterpå drakk han vatn frå ei stor flat metallause, som hang over vasken til nettopp det bruket.
Farmor har jobba seint og tidleg, så lenge eg har kjent henne. Hendene hennar har aldri likt å vera i ro, og ho var den einaste vaksne dama eg kjende som truleg likte seg betre i blå bevernylonskjeledress enn i finkjolar.
For ei veke sidan runda ho nitti år, ein dag ho gjekk i møte med stor ulyst. Ho har alltid vore livredd for å bli gammal, trenga hjelp og mista arbeidskapasiteten. Heilt til nå har ho vore utruleg sprek, men har opplevd at dei fleste jamnaldrande, døyr, blir hjelpetrengande eller senile. Ho har heilt sidan eg var lita sagt at skikkeleg gammal, det håpar ho aldri ho skal bli. Noko av det tøffaste med å fylla nitti trur eg er å innsjå at nå har ho faktisk blitt akkurat det.
Etter å ha hatt jernhelse i alle år, har ho dei siste par månadane vore plaga av at hjartet begynnar å slå ukontrollert. Det er ikkje direkte vondt, men veldig anstrengande, og sjølvsagt blir ho redd når det skjer, sjølv om ho ikkje heilt vil innrømma det. Legane har gitt henne nitroglyserin, men det ser ikkje ut til å hjelpa stort, så truleg er det ikkje anginasmerter. Kanskje hjartet rett og slett begynner å bli slite etter lang og tru teneste?
I går måtte ho til og med leggja seg på sofaen eit kvarters tid, og det er bekymringsverdig lite likt henne. Litt engsteleg spurte eg: “Bankar hjartet ditt fælt nå farmor?” Ho svara kontant: “Ja, det gjer det, men det ville vera langt verre om det ikkje banka…” Det einaste som er kvikkare enn hendene til farmor, må vera tunga hennar. Når ho blir ivrig får ho sagt dobbelt så mykje som dei fleste andre på omtrent same tida…
Då me drakk kaffi saman og snakka om alt mogleg var alt som før igjen. Stova var eit hav av vakre blomar frå slekt og naboar i samband med nittiårsdagen. Orkidear, kalaer, chrysantemer,alpefiolar og primulaer. Farmor har alltid vore veldig glad i blomar og flink til å då dei til å trivast.
Farmor interesserer seg for alt som foregår i verda. Ho står nødig over ei einaste nyheits-sending i radio eller tv og vil gjerne reflektera og diskutera saman med nokon. I går var det tydeleg at ho ikkje hadde lyst til å sleppa oss heim att. De kan vel bli ein halvtime til, sa ho fleire gonger då me antyda at det kanskje var på tide å ta fatt på heimvegen. Då me reiste var ho med ut for å klemma oss. Ho vart ståande på trappa og vinka. Ei lita kvithåra, men framleis rank kvinne med skjortebluse, tøfler og lyse langbukser. Me vart litt engstelege for at ho skulle bli forkjøla, og prøvde å vinka henne inn att i den varme stova.
På veg ned bakken, hylte mor til akkurat som i barndomen, fordi bilen begynte å skli på det glatte føret, og akkurat som den gongen spanderte far tyggis for at me ikkje skulle bli bilsjuke i baksetet. Det var tilløp til snøstorm på heimvegen, og vegane var stygg-glatte. Eg var sjeleglad for at eg har ein framleis ung far, i sekstiåra, som etter ein lang karriere i politiet er ekspert på glattkjøring.
Sjølv ville eg kvidd meg for å kjøra ein kilometer på det føret. I veldig kjend stil oppfordra mor han på det sterkaste til å ta ein omveg via hovudvegen der det truleg var mindre glatt, og akkurat som alltid meinte han at han hadde full kontroll. Mor spanderte varme pølser på båten heim, og me fekk ikkje lov til å betala våre eigne billettar.
Eg har ei kjensle av å ha vore på dagstur tilbake til barndomen. Det kjendest fint. Og det å få lov å ha ei farmor til ein er førtifem år er vel heller ikkje ikkje så verst. Men eg held fast av alle krefter. Me vil ha deg lenge ennå, farmor… Og eg vil prøva å treffa deg oftare.
Heidi
…når arbeidsdagen startar mjukt. Klokka kvart over åtte slepp me elevane inn i klasseromet, men framleis skal det gå ti-femten minutt før dagen startar for alvor.
Eg står der og skriv dagsplan på flip-over-tavla, då eg høyrer ein mannsstemme bak meg. “Vett dokke kor heldige dokke æ så he Heidi te lærar?”
Eg snur meg forundra, og der står Bjørn Erik. Min Bjørn Erik, som gjekk i den første førsteklassen eg var lærar for i 1988. Seinare fulgte eg dei ut heile barnetrinnet, men hadde to barselspermisjonar i løpet av dei seks åra dei var der. Eg hugsar nøyaktig den heimestrikka genseren han brukte å gå med då han var sju år, kor lys han var i håret, og kor fort han kunne springa.
Nå stod han der i blå dongerioverall og var stor vaksen handverkar, som skulle reparera noko på sentralvarmeanlegget vårt. Eg måtte få ein god klem framfor dei lett forundra elevane mine, og eg måtte fortelja dei at om femten år eller så kan det vera dei som plutseleg står i klasseromet mitt og skal reparera noko…
Etterpå tenner me eit lys. Ein av gutane i klassen mista morfaren sin i helga, og han vil gjerne fortelja dei andre korleis det kjennest. Etterpå har fleire lyst til å dela erfaringane sine om å mista nokon dei var glade i. Det kjennest godt at dei vågar å gjera det. Sjølv om utgangspunktet er trist får me ein start på dagen som er
henta ut frå ein større dimensjon enn matematikk- og grammatikk-pensum.
Medan morgonen rodnar utanfor glaset, les me om livet i Mummidalen. Om Mummi som nettopp har truffe Snorkfrøken for første gongen, og gjerne vil gje henne eit diadem, og om snorkfrøken som ikkje klarer å tenka på kometen som skal koma, fordi ho må finna ut kva farge på blomar som passar best til den gule hudfargen hennar. Ho vel fiolette blomar, som mummitrollet plukkar til henne. Så heng dei opp eit teppe mellom to tre, slik at ho skal sleppa å bli minna om at kometen heng stor og raud på himmelen…
Medan eg les og elevane lyttar konsentrert, eller teiknar i treiknebøkene sine, blir det langsomt lyst ute. Frå klasseromsvinduet i fjerde etasje, har eg utsikt heilt til havet og ser ein skip langt der ute som seglar ut av morgontåka. Markene mot sjøen er kvite, og skodda gjer lufta fuktig og trolsk med rim på trea.
Litt motvillig legg eg boka vekk, og finn fram ei cd-plate med noko som skal vera musikk frå planetane i verdsromet. Seinare skal me høyra greske myter knytta til stjernebileta på himmelen. Dei søvnige morgonungane er i ferd med å vakna. Ein ny dag har begynt.
Heidi
…for første gongen i år. Det er absolutt vakkert. Ungane er ikkje bortskjemde med snø på desse kantane, så her er det på med skjerf og vottar, og fram med akebrett og kjelkar så fort som bare det, før alt er borte vekk igjen.
Ikkje før har snøen lagt seg, så er det tusen barnespor der ute…
Me har feira aller kjæraste syster i helga. Feira henne med eit hav av gule roser, og hundrevis av brennade lys. Med “Age of aquarius”, og med sundagsskulesongar. Med talar og songar og malarkunst. Det var store gryter der med chili con carne, og store skåler breddfulle av salat. Det var kransekaker og dessertbord og karaflar fulle av ulike drikkevarer. Me var så mange menneske i eit lite lokale at det var mest umogleg å få alle til å vera stille lenge nok til å få gitt beskjedar. Likevel klarte gitaristane å få folk med på allsongar. “Welcome to hotel California “ og “When I find myself in times of trouble mother, Mary comes to me, whisper words of wisdom, let it be.” Og aller kjæraste syster gjekk rundt blant alle gjestene sine og strålte og funkla av glede.
Då ho fysisk sett runda førti år i oktober, var ho nyoperert og skulle kort tid etter gjennom operasjon nummer to. Det var smil og mjuke klemmar den dagen og, men det var meir ei tid for tårer enn for store feiringar. I helga tok me det att. Då feira me livet, og at ho er heilt frisk att. Ho hadde invitert dei førti næraste av vener og familie, men var nok litt plaga av dei førti ho ikkje hadde plass til. For aller kjæraste syster er ein hypersosial person som ikkje vil at nokon skal haldast utanfor. Helst ville ho nok ha annonsert i avisa og ynskja alle interesserte velkomen med varme klemmar.
Og i går kom Cleopatra heim etter at me hadde leitta etter henne i tre dagar, og omtrent begynt å sørga over tapet allereie. Visst har ho teke seg turar før, men alltid kome heim til middag. Venus, den andre katten vår, gjekk rastlaust ut og inn. Kvart kvarter mjaua ho ved ei eller anna dør, ho ville inn når ho var ute og ut når ho var inne. Den første natta ho var aleinekatt måtte me opp to-tre gonger midt på natta for å sleppa henne ut eller inn. Det virka som om ho var minst like engsteleg for Cleopatra som oss andre i familien.
Men i går klokka fem kom det etterlengta dyret heim. Ho virka tynnare enn sist me såg henne, og pelsen lukta svakt av bensin. Kanskje ho har vore innestengd i nokon sin garasje medan eigarane var på lang-week-end? Detaljane får me nok ikkje vita, men heile kvelden ville ho bare liggja på fanget til ein av oss og mala høglytt.
Nå blir det spennande å sjå om snøen framleis ligg i morgon tidleg. Det hadde vore kjekt for ungane, sjølv om det er upraktisk for oss vaksne. I dag har me til og med sett sola. Det var ei omtrent euforisk oppleving, etter at det omtrent bokstaveleg talt har regna samanhengande i tre og ein halv månad. Eg kan ikkje hugsa å ha opplevd slik ei regntid før i heile mitt liv. Dei melder meir regn mot slutten av veka, men pytt, pytt…
Nå skal eg prøva å sova ut etter helga. I går skulle eg leggja meg tidleg etter ei usedvanleg kort natt, men…
Eg er bare ikkje flink til dette å ta kveld. Kvar morgon er ein styrkeprøve i sjølvdisiplin. Men sjølv om eg ville ha nekta å tru på det minuttet før eg går i dusjen, så vaknar eg til etterkvart… Sånn om ein time eller to. God natt, godtfolk.
Heidi