Eg ser at nå tek eg litt plass her, men eg er så godt i gang med å skriva at det får bli nokre setningar her likevel…
Eg let meg fascinera av Peer Gynt. Dei siste tre timane har eg sitte her og laga ein kort konsertversjon av stykket, for alle tiande-klasse-elevane i kulturskulen der eg jobbar. Det skal framførast allereie i mars, med orkestar, instrumentalgrupper, song, dans og teater.
Dei eldste skodespelarane våre skal få det travelt, for dei er jo frå før av i full gang med Jeppe på Bjerget. Dei fem tiandeklassingane våre får vera med på begge deler, og den einaste guten i tiande klasse får øva inn både Peer og Jeppe samtidig. To rollar som skodespelarar med atskillig meir erfaring enn han går og drøymar om å gjera ein gong. Me får bare håpar at han orkar det på toppen av å vera avgangselev på skulen.
Peer Gynt er mannen som surrar rundt, som sjarmerar alle kvinner, som alltid vik unna når noko blir krevd av han, og som alltid brukar store ord. Peer Gynt må vera ein av dei mest ryggeslause karakterane som nokon gong er skapte for ei hovedrolle.
Og Solveig sit heime og ventar, og tilgjev han alt til slutt.
“Du har jo vært her hele tiden Peer, i min tro, i mitt håp og i min kjærlighet.”
Slike heltar har me i nasjonalskattane våre. Det er då på ein måte… ganske ærleg…
Heidi
med de tusen hjem…
I går morges prøvde eg ut ein teori. Eg stod der og skulle koka meg eit egg til frokost. Då hugsa eg at Elin på jobben min hadde gitt ei oppskrift på perfekt timing på blautkokte egg: Legg egget i kokande vatn, og syng to vers av den norske nasjonalsongen. Når du er ferdig med siste linja i andre verset, tek du egget opp. Du vil oppdaga at det er akkurat passe kokt, kort sagt heilt perfekt.
Dette måtte jo prøvast ut. Ho som gav meg oppskrifta presiserte at det ikkje talde å synga inni seg…
Heilt perfekt timing. Det må bare innrømmast. Kor vidt dette funkar med den svenske eller amerikanske nasjonalsongen, sjå det torer eg ikkje uttala meg om…
Heidi
Eg løftar kaffikoppen min, for eg skålar helst i kaffi. I dag vel eg den aller minste, den kvite med dei raude hjartene på, som eg fekk av eit av barna mine til jul ein gong i tida om eg hugsar rett…
Korfor skulle då eg som er så glad i ord skåla for det usagde?
Eg har filosofert ein del over dette med ord. Dette med å finna ord. Og eg har filosofert litt omkring alle desse tinga me går rundt og veit, utan å bruka ord på det me veit.
For viss me kjenner etter veit me mykje. Me ser og høyrer, tenkjer og føler, observerer og erfarer.
Så lenge me ikkje seier ting høgt, finst dei bare som ordlause sanningar eller som moglege hypoteser i ei verd som ikkje finst, på det same planet som det der orda finst.
Ein seier ein skal få trolla fram i lyset så sprekk dei. Men ikkje alt er troll. Noko er fint og vart, og noko er klarsynt og ubehageleg. Kanskje skulle me kunna finna ord som passar, kanskje ikkje…
Den dagen me seier orda høgt finst dei. I oss og i den me seier dei høgt til. Ofte finn me ikkje dei rette orda, og det som kunne vore fint og varmt, eller lite og taggete, får den skjebna å finnast i ein misforstått og farleg variant. Når dette er sagt. Det er spennande å leita etter orda, prøva dei ut og halda dei fast saman med nokon du stoler djupt og initenst på. Sjølv om du legg eit ansvar på den som lyttar: Dette å ikkje la orda fly ut i den verda der dei kan gjerast flate og stygge, og der dei kan misforståst.
Som alltid når eg er litt ekstra filosofisk, så lurer eg på om orda mine når fram… Kanskje det eg nå har sagt er tankar som i fylgje min eigen teori hadde tent på å forbli usagde…
Eit menneske eg er glad i sa ein gong omtrent dette til meg: “Det er mykje eg kunne hatt lyst til å seia til ein eller annan, men eg har kome fram til at det truleg er klokast å ikkje gjera det…” Dette pirra sjølvsagt nyssgjerrigheita mi optimalt… Og dei som kjenner meg veit at eg ikkje ville hatt spesielt mykje i mot å vera “ein eller annan”…
For å dra dette til jorda med trygge gode kvardagsord:
I dag har eg fri-fredagen min, og eg nyt det i fulle drag. Nytinga begynte alt i går kveld då eg var ute og åt salat i lag med to venninner og visste at heile dagen som skulle koma var min og bare min.
Likevel måtte eg opp og få ungane i veg. Halvard kasta opp på skulen i går og måtte kjørast heim av Aller Kjæraste Syster som tilfeldigvis var i nærleiken. Sykkelen hans vart ståande att på skulen, så eg hadde lova å kjøra han dit i dag. Eg var så trøytt at eg var kvalm, så eg stod opp og lova meg sjølv at eg skulle få sova meir så snart ungane var på skulen. Under frokosten og kjøreturen briefa eg Halvard i Kalmarunionen og Hanseatveldet som han skulle ha prøve i i dag. Han er kvikk til å læra ting, som han truleg kjem til å gløyma att i morgon. Sidan eg skulle kjøra likevel, vart bilen fyld opp meg ungar og ungdomar som var glade for å sleppa å sykla og gå i det stadig trufaste regnveret.
Vel heime sovna eg att og sov i to og ein halv time. Fortumla og ør kom eg meg opp og laga ein ekstra god frokost ut frå dei rammene eg for tida forheld meg til. Eg las avisa og drakk kaffi med eit tend lys framfor meg. Lykke og glede!
Dette har eg og gleda meg til. Det å laga tekst på andedrakt. Snart, men ikkje heilt endå skal eg ta fatt på alle må-tinga som eg har lova meg sjølv å gjera i helga. Eg skal ta ut juletreet som har stått ei veke på overtid. Det har faktisk ikkje begynt å dryssa endå, og luktar friskt av gran, men eg innser at det er på tide. Mesteparten av englane skal pakkast ned og, men nokre av dei skal få stå, for i stova mi er englar velkomne året rundt.
På spisestuebordet står Ingrid sitt siste verk frå formgjevningslinja. Dei skulle laga eit moderne uttrykk basert på middelalderkunst. Ho har laga ei stor byste av ei svart madonna i pappmasjé med Paris Hilton sine trekk. Paris har fått stor sølvglorie av papp og er ganske imponerande. Kanskje ho kan få plassen til jule-englane?
Så skal eg få på plass ti kilo med klede eller så. To tredjedeler ligg fint bretta saman på golvet i kjellerstova fordi eg bretta dei medan eg såg Krøniken på TV for mange kveldar sidan. Seinare har eg ikkje hatt tid…
Av alle dei merkelege tinga eg har tenkt å gjera i helga er kanskje det aller merkelegaste at eg har lova å laga tekst til “Mor Aases død” i Peer Gynt suiten av Edvard Grieg. Alle tiandeklassingane i kulturskulen skal ha ei konsertframføring av Peer Gynt i mars og eg har ansvaret for denne songen, for det dramaturgiske og for tekstane dramaelevane våre skal framføra.
Så skal eg omsetja ein del tekstar frå nynorsk til bokmål. Eg har vore med på å laga eit opplegg for skular og barnehagar i sosial kompetanse, og nå er det nokre bokmålsskular som er interesserte i å kjøpa det. Så må eg begynna å memorera Esters bok, som eg skal framføra ein plass fjerde februar. Det er sære ting eg syslar med.
Nå ringde Jan Ivar og spurde om eg tok i mot besøk av eit stort og eit lite menneske ute på hjul… Sjølvsagt!
Og så sit eg her att etter å ha fora Jan Ivar og gullungen med risbollar og krumkaker. Veslejenta hadde genser med rosa og lilla striper, musehalar på toppen og peika kokett med ein liten finger når det var noko ho hadde lyst på…
To litt rare ting har lyst opp det siste døgnet mitt. Sjølv om eg er ganske flink til å akseptera at det er slik det er, så blir eg av og til frustrert over alle dei tinga eg så gjerne ville ha gjort, men aldri rekk. I går fekk eg eit brev der ein mann fortalde meg at kona hans døydde i sommar, og at ho hadde blitt så glad i ei av salmene mine. Han hadde difor laga ein eigen melodi til denne salma, og sende meg denne saman med eit brev. I dag fekk eg ein telefon frå ein ukjend mann som fortalde at akkurat den same salma hadde betydd så mykje for han. Han takka meg fordi eg hadde skrive denne teksten og spurde om lov til å foreslå at ho blir teken med i den nye salmeboka som er under arbeid.
Eg blir fylt med glede og undring kvar gong slike ting skjer. Det er så fint og så merkeleg å oppdaga at noko eg har fått festa til papiret kan ha reell betydning for andre menneske. Ein gong eg kjende meg litt tilkortkomen gjekk eg ned på kjøkkenet, fylde kaffikoppen og sette på radioen heilt tilfeldig. Etter ca eitt minutt høyrde eg eit kor synga ein tekst eg har skrive…
Slikt er forunderleg. Då bøyer eg meg for høgare makter.
Ha ei god helg.
Heidi
går mot ein ende. Og det “vanlege livet” har innteke heimen att. Nesten, men ikkje heilt.
Sidan eg alltid har hatt vanskeleg for å gje slepp på noko som helst, så tviheld eg på jula ei helg til. Eg liker å ha eit juletre i stova. Eg liker å ha ei stor samling englar og mange, mange levande lys. Eigentleg ville eg helst hatt levande lys på juletreet og, men innser at det nok ikkje er rette heimen for så pass eksperimentelle instalasjonar. Me har mellom anna to kattar som er høgt og lågt. I morgon må eg vel kanskje pakka vekk pynten, men lysestaken med eit stort raudt hjarte på, som eg fekk av Sunniva til jul, skal få stå framme på kjøkkenbordet…
Det er alltid ein slags prosess når helg og ferie skal snuast til kvardag. Ein skal koma seg opp om morgonen, ungane skal gjera lekser, og plutseleg er det plikter som ropar på ein i alle krokar og svingar. Men eg er då ganske godt i gang, trur eg…
I går skulle Odd Christian reisa tilbake til Bergen. Eg hadde lova han ein liten handletur og eit besøk på kafé før han reiste, men då me stod der på kjøpesenteret og stakk kortet mitt inn i minibanken, viste det seg at det var kr. 8.50 disponibelt på kortet… Godt at eg er gift med ein mann med litt større økonomisk teft enn meg… Gullguten min var ikkje snauare enn at han spanderte ein kopp cappuccino på mor si, før me fint måtte snu nasen heim att.
Så reiste han, og det er litt tomt her i huset, sjølv om me er mange framleis, og sjølv om han i grunnen for det meste er ute når han er heime og…
I går kveld var eg i litteraturgruppe med gode venninner. Nokre gonger blir det mykje litteratur og andre gonger blir det mest levd liv. Det siste var tilfellet i går. Me hadde så mykje å snakka om at me vart like forbausa alle då me oppdaga at klokka var eitt på natta første gongen nokon kom på å sjå på henne. Vel heime må eg alltid bruka tid på å tenkja når eg har vore ute, så eg trur klokka var nærmare tre då eg kom meg i seng.
Då eg vakna var klokka halv tolv. Så lenge trur eg ikkje eg har sove sidan eg var tenåring, men eg trong det vel. I dag har eg stulla og stelt i heimen, og skrive eit halvt skodespel. Seinare i kveld er me inviterte heim til ei barndomsvenninne av meg. Det blir sikkert koseleg. Dei eldste venninnene mine har eg hatt sidan eg var seks og sju år. Ikkje dei eldste i alder, men i kjennskap, vel å merka…
Så har eg lese noko uendeleg klokt i ei bok eg gav kjærasten min til jul:
“Ikkje snakk så høgt at du ikkje høyrer hjartet ditt.”
Det kunne eg nok trenga å ha på ein hugselapp i lommen
min. Av og til snakkar eg høgt og mykje, og trur at ord er det som skal til. I boka les eg interessante synspunkt på klokskap og makt. Er det slik at ein del menneske i verda, og kanskje alle oss som bur i rike land har meir makt enn me har klokskap til å bruka?
Der var det og eit sitat av Albert Camus:
“Europas hemmelighet er at det ikke lenger elsker livet… De har fornektet livets virkelige storhet og må derfor satse på sin egen. I mangel på noe bedre har de dyrket seg selv som guder, og ulykkene deres har begynt. Gudene deres har knuste øyne.”
Dette er eit litt trist sitat som eg følte for å skriva ned. Eg trur at det skjuler ei sanning. Bur me i ein livstrøytt og desillusjonert del av verda? Det er heldigvis ikkje heile sanninga, men eg trur me må vera på vakt mot kynisismen som kviskrar. “Alt er tomt likevel. Grav til deg som best du kan, og ikkje bry deg om korleis det går med andre. Kle deg i rustning og gjer deg usårbar, for den er sterk som er av stål og stein.”
Eg likar så godt dei orda eg las på ei T-skjorte for nokre år sidan. “Det er klart at jeg kan forandre verden.”
Amen
Heidi
…without any fear… Eg låner orda til John Lennon når eg skal ynskja dokke alle eit godt år. Dei skal nynnast høgt på rett melodi, og vera helsinga frå meg. Høyrer eg nynning i det fjerne? Det trur eg sanneleg at eg gjer…
Ein viss grad av refleksjon høyrer liksom med i pakka når ein rundar eit årsskifte… Sjølv om det altså bare er ein dato… Fleire av vennene mine seier at dei kjenner eit snev av eksistensiell angst når datoen nærmar seg. Kva har eg lagt bak meg? Kor skal eg hen?
For meg har året vore godt. Mot slutten av året fekk eg eit par alvorlege støkkar. Syster mi, som i full fart måtte kreftopererast, og som fekk friskmeldinga omtrent samtidig som ho fekk diagnosen, fordi det vart oppdaga i tide. Borghild som vart berga då det kunne gått heilt gale under eit krampeanfall. Og Fredrike som eg ikkje kjende, men kjende litt likevel, som plutseleg ikkje var der lenger. Det minner meg på kor skjørt livet er, og om at det er nå me lever, og kan ta vare på einannan.
Eg har vore kreativ og engasjert. Heilt til smertegrensa, og kanskje nokre centimeter over over av og til. Eg har vore levande, og eg har vore sliten. Jobben min har vore utruleg utfordrande, og eg har hatt mange teaterprosjekt og skriveprosjekt gåande samtidig heile tida. Truleg er det noko av prisen med å ha engasjement og skaparbehov at det til tider blir ein balansegang mellom skaparglede og plikter. Det er heile tida desse tinga ein har trang til å gjera og glede over å gjera, så er det desse tinga ein må gjera, og så det dei som kan kjennast mest belastande: Desse tinga ein gjerne skulle eller burde ha gjort, og bare ikkje rekk å gjera…
Er det for eksempel rett prioritering å skriva tekstar på andedrakt når ein burde vaska klær og rydda skrivebordet? For meg er det det. Det handlar om å leva, å vera levande, å få lov til å skapa. Samtidig må ein vera vaksen nok til å sjå konsekvensene i augene: “Velkomen inn, i gangen flyt det tjue par sko, og kjøkkenbenken er ikkje rydda, men eg er glad for at du kjem likevel.”
Men eg trur eg skal justera kursen litt i året som kjem. Bittelitt… Prioritera kvile og ro litt høgare. Bittelitt i alle fall… Måtte Gud og englane visa meg korleis eg skal få det til…
Midt i alt dette. Eg er utruleg heldig som kan trekkja over meg denne usynlege kappa av tillit og gudstru som beskyttar mot alle krava frå meg sjølv og andre. Eg kviler i ein større tillit. Eg er elska av Gud, i kraft av å vera menneske. Eg treng ikkje prestera. Eg skal bare vera i det som skjer. Bruka gåvene mine når eg kan, og ta i mot av andre sine når eg kjem til kort. Eg skulle ynskja eg kunne dela dette ut til alle eg kjenner, for for meg er det denne tilliten og kjærleiken som held livet mitt oppe. Men trengja seg inn i andre sine liv med usynlege kappar, det verken kan ein eller får ein lov til.
Nå er det nyårsdag. Familien er litt slitne etter dagen i går, og me er ikkje komne lenger enn til ein ambulerande frokost sjølv om klokka er over eitt. Eg og kjærasten min åt for ein time sidan. Svart kaffi, egg og bacon. Nå et Ingrid og Oddvar der nede. Dei andre har ikkje kome seg til bordet endå. Ute ausar og sprutar regnet ned. Eit nytt år har begynt. Kjærasten min sit på sida av meg og jobbar på datamaskinen sin. Han spelar musikk. Sigvart Dagsland: “Se så lykkelege di e”… Songen om korleis ein lett kikkar inn i andre sine liv og trur at livet deira er enklare enn sitt eige.
Halvard kjem inn med ein pose snop som ikkje vart eten i går, og spør om han får lov til å eta nå. Me startar det nye livet lettsindig og romsleg og gjer han klarsignal…
Nyttårsafta er ein av desse dagane med høge forventningar rundt seg. Eg ser på ungane mine, og kjenner eit stikk av engstelse. Kjem dei til å bli skuffa? Blir dette som dei hadde tenkt? Halvard hadde gledd seg i dagesvis til fest og nyttårsfyrverkeri. Han var på fest i lag med foreldra sine. Me åt elg, rosenkål og purre i lag med venner. Elleve vaksne og fem barn. Det var fint. Me sat der med dei levde liva våre. For nokon hadde 2006 vore eit vanskeleg og krevande år. Men me sat der alle saman, klare til å støtta einannan og klare til å gå vidare.
“Han kjøre sykkel mod stjernene,” syng Sigvart Dagsland. “Takk til vår Herres vesle bremseklosse som kjøre sykkel mod stjernene…”
Sunniva var på nyttårsfest aleine for første gong. I lag med femti andre frå den kristne ungdomsgruppa ho går i. Ho var nok litt spent då ho gjekk, men då eg henta henne kvart over to, møtte ho meg med ein nyttårsklem og stjerner i begge augene. Dei to eldste feira med kvar sine venner. Eg håpar dei hadde det fint dei og.
Og ei romjul er lagt bak oss. Det har vore travelt men fint. Me er mest ute av trening med å stabla alle ungar og ungdomar inn i bilen og dra på tur alle saman, men det har me gjort. Slike turar blir ganske travle, men eg er glad for at me fekk det til. Dette kjem eg til å hugsa, trur eg:
Svigermor, som hadde brukt heile dagen på å laga juleselskap for alle barn og barnebarn. Svigerfar som haldt tale for henne og takka for alle åra dei hadde fått ha i lag, og for alle barna ho hadde gitt han. “Du fødte dei og oppdrog dei, eg bare var der i bakgrunnen ein stad og dreiv med mitt…” Han er åttiseks år gammal ,og beklaga at han ikkje hadde hatt tid til å førebu seg på talen, men me merka at det han sa var noko det var viktig for han å få sagt.
Eg kjem til å hugsa barnebarna som spelte Super Mario og Gianna Sisters på farfar sin eldgamle datamaskin, fordi dei pleidde å gjera det då dei var barn, og at dei sat rundt kjøkkenbordet og spelte vri-åtter på nye og intrikate måtar med to kortstokkar, samtidig fordi dei skulle ha nok kort. Farmora som serverte dei store mengdar risbollar på eit fat medan dei spelte, og at me alle ei stund haldt fast på ein slags illusjon om at dei framleis var barn og at alt var som det alltid hadde vore.
Minnet om svigermor som kokar te og kaffi og dekkjer bord når me eigentleg har sagt at me må gå, og stearinlysa i adventstaken som brenn ned medan me et smultringar og krumkaker, “ei krumkake igjen til kvar”, var instruksjonen.
Så var det velsigna godt å sjå vintersola og lyset. Her har det omtrent bare regna i fleire månadar. Det var ikkje snø på austlandet heller, men fuktig ver og frost gjorde at det låg fleire cm rim på bakken slik at det vart kvitt og lyst. Me hadde ein bytur. Eg gjekk på Karl Johan bak kjærasten min alle ungane og filosoferte over det litt absurde i at dei små mjuke ungane mine er blitt store og vaksne. I alle fall to av dei… Midt i sentrum var det ein kunstfrosen skøytebane der menneske i alle aldrar dansa til musikk frå høgtalarar. Vakkert.
Så var det lang kjøretur heim, og føremiddagen etter: lunsj i heimen for gode venner med nybakte rundstykke, pastasalat, gjærkringle og julekaker. Me hadde lukkast i å få med oss til og med dei aller fleste tenåringsbarna våre, og dekka bord til seksten. Mellom lunsjen og kaffien hadde me singstar-konkurranse mellom vaksne og ungdommar, som ungdommane vant med glans…
Og så er det januar. I morgon begynnar skulen så smått.
Eg er vel sånn nokonlunde klar, sjølv om eg nok kunne ha trengt litt meir ferie. I dag er det fadderselskap for fadderbarnet Maren. Dessverre ser det ut som om alle dei andre er så metta på selskapslivet, at dei eg deler hus med melder pass… Dei om det… Eg må viss leva med at på visse område, som for eksempel sosial omgang og selskapelighet, så er eg den mest uthaldande her i huset… Eg trur det kan vera ei påkjenning for ein del av dei andre at eg helst vil leva med fullt hus og kokande liv mest døgnet rundt. Nå skal eg pakka inn ein liten engel til Maren og laga eit nytt avsnitt i den vesle boka eg skriv i til henne kvar dåpsdag. Det vil seia viss eg finn boka…
Og så må eg rydda litt, vaska klær, pakka ut etter Oslo-turen, kanskje til og med rydda skrivebordet. Lesa eit par manus, koma i gang med å skriva eit tredje, gå meg ein lang tur, og få meg litt søvn før det brakar laus…
Til dei av dokke som las heilt hit… Ha eit velsigna nytt år. La oss støtta einannan vidare.
Heidi
Eg trudde dette var det året eg hadde god tid, så eg starta dagen med aviser på senga. Så var me sju til frokost. Eg burde nok ikkje teke det så med ro, for det blei utruleg travelt å nå alt eg skulle…
Eg brant meg på peikefingeren på venstre hand medan eg stod og strauk juledukane, som slett ikkje er juledukar men lime-grøne lindukar. Plutseleg stod eg der og tok på den varmaste delen av jernet, noko som førde til at eg resten av føremiddagen måtte jobba bare med høgre-handa, og ha venstrehanda i eit glas kaldt vatn.
Dessverre skjønar ikkje små og store barn at nokon må gjera ein innsats på julafta. Dei vil gjerne ta det med ro, sjå på tv og eta godteri frå julesokken… Og eg vegra meg for å øydeleggja gleda og bli ei masete hurpe, men eg kjende frustrasjonsnivået steig, då eg tenkte på kor mykje som stod att og at eg skulle ha seksten til bords om nokre timar. Etterkvart tok samvitet ca halvparten av dei, giss om det var jentene eller gutane, og eg fekk god hjelp i innspurten…
Halvard hadde ikkje finbukse, viste det seg, og det hadde eg ikkje tenkt på. Eg fann fram ei svart cordfløyelsbukse me hadde arva som måtte leggjast opp… Ikkje så lett å få til med bare ei hand, men det gjekk. Eg snurpa og sydde medan eg såg Donald Duck i lag med ungane. Eg skulle vore to stadar og levert julebrev og gåver, men berget kom til Muhammed. Begge partane kom til meg i staden.
I fjor var me så seine til julegudstenesta, at me fekk bare ståplass på galleriet. I år nådde me sitjeplassar same staden. Eg fann tilbake til ein tilstand av ro, då eg sat mellom Odd Christian og Sunniva i kyrkja og song julesongar.
Så måtte me innom for å sjå på ein griseskulptur i den vesle byen vår som venene til Odd Christian hadde kledd med marsipan i løpet av natta og bunde sløyfe rundt halsen på…
Og så kom gjestene. Maten var god og tempoet høgt. Me åt og opna mange hundre gåver, og kvelden vart avrunda med Singstar konkurranse. Eg skuldar bror min hundre kroner etter å ha tapt for han fire gonger på rad. Så var det rydding og til slutt var eg aleine med paven i Roma.
I dag har me ete oksesteik hos foreldra mine, og i morgon skal heile familien stå grytidleg opp og kjøra femti mil til svigerfamilien min. Men nå lengtar eg etter ein roleg kveld i heimen. Kanskje fyr i peisen og film på TV?
Heidi
går me inn i den 24. desember, så det kjem nok til å bli datoen på lille-julafta-innlegget mitt.
Julefeiringa mi er veldig todelt. Først er det “Jul på skulen” som krev si kvinne fullt ut, men som samstundes er noko av det flottaste som tenkjast kan. Det startar 1. desember med adventsamlngar kvar morgon, tende lys, adventkalender, julesongar, skuleteater, foreldreforestilling med klassen og skulegudsteneste. Me har sunge julesonger til alle kan versa utanåt, me har stukke knappenåler med paljetter inn i isoporkuler, me har laga julekort og øvd inn ei lita forestilling med Jul i Kardemomme by.
Trappeoppgangen var full av glitter i dagevis, og elevane sat med tungespissen i munnvika og laga julebøker til ein annan. Eg og elevane mine hadde darmatisert Tolstoj si historie om den gamle skomakaren som me viste på skulegudstenesta og eg fortalde “Den heøiga natten” ute i morgonmørket for elevane i første klasse. Dei sat tett saman i parkdressane sine med nisseluer på hovudet og morgonen var lyst opp av brennande faklar.
Avslutninga i aulaen var fantastisk, den eine sivilarbeidaren vår er konkurranseturnar og sjonglør. Han og ein kamerat slo saltoar og flikk-flakkar og sjonglerte med ballar, knivar og brennande faklar… Ungane sat som tende lys og så på med vidopne auger og gapande munnar…
Så var det ferie og klar for julefeiring nummer to. Eg hadde akkurat pynta juletreet og stod og steikte peparkaker då far ringde for å fortelja at Borghild, mi høgt elska niese på tjue hadde fått krampeanfall i badekaret, og mor hennar hadde funne henne livslaus under vatn.
Ho vart frakta til sjukehuset i ambulanse, der ho fekk eit nytt krampeanfall natta etter. Eg var skikkeleg redd for henne, men då eg og mor hennar kom for å besøka henne neste dag var ho bleik, men fatta. Ho fekk reisa heim etter diverse utgreiingar. Legane trudde det var stressrelatert og ufarleg, men ho må ta det veldig med ro framover i jula. Eg trur du les dette Borghild, du skal vita at eg er så utruleg takknemleg for at mor di høyrde lydane og sprang inn med det same og for at døra til badet tilfeldigvis var ulåst. Pass godt på deg sjølv. Nå er det nok dramatikk for ei stund i storfamilien min…
Og nå har eg hatt eit roleg døgn og fått handla gavar, laga mange gavar sjølv, pynta, vaska og rydda. Me rakk til og med å besøka gode vener, overrekka gavar og ynskja god jul…Nå er alle vel i hus for natta. Det er så utruleg koseleg å ha alle heime. I morgon blir det skikkeleg familiefrokost, kjenner eg, og så skal eg ha seksten til middag, men far lagar store deler av maten og tek han med seg, så eg skal bare halda hus…
Menyen blir som vanleg. Pinnekjøt, kålrabistappe, kjøttkaker til dei som ikkje liker pinnekjøt og riskrem og moltekrem med krumkaker og kransekakestenger til dessert. Det skal bli koseleg.
Eg burde legga meg nå, det har vore travle veker.
God jul til alle saman. Måtte jord og himmel møtast.
Klem frå Heidi-
Eg har fått eldsteguten min heim. Det er så fint. Eg har ikkje sett han på over to månadar. Dei to sønene mine har site i stova og sunge og spelt gitar, medan eg har hjulpe Ingrid med ein litterær analyse som skulle leverast i morgon.
Helga har vore god. Først ein roleg fredag,der eg hadde det fint og laga julegavar og skreiv julebrev. I går møtte eg ei venninne i byen og åt lang lunsj på kafé, medan me spegla oss i kvarandre sine liv og blikk.
I gårkveld var eg på koseleg synga-inn-jula-besøk hos Arne og Inger, og i dag har me vore på juleverkstad hos Heidi og Per Inge, slik me gjorde då me hadde yngre barn. I dag var det bare Halvard som var med, men eg og Halvard har trykt fine julekort og laga til og frå lappar til pakkane medan kjærasten min via seg til kaffidrikking, pianospel og gode samtalar.
Ein periode då me hadde småbarn på same alder gjorde me det meste i lag med Heidi og Per Inge. Me drog på sundagsturar saman, reiste på hytteturar og feriar saman, me grilla kilovis med pølser, feira 17.mai saman og besøkte kvarandre i jula. Nå blir det til at me ser einannan mykje sjeldnare.
Barna våre er blitt store, og avstanden i kilometer er blitt litt større og. Likevel, når eg besøkjer dei ein sjeldan gong, er det som å koma til familien sin. Eg kjenner at eg lengtar litt etter det me hadde saman. Vennskapet og ein skokk med små og litt større ungar, trua, visjonane og det hektiske livet som småbarnsfamiliar med kvar vår gamle Lada… Vennskapet har me framleis og det skal me vera flinke å ta vare på.
Det var dagens kjærleikserklæringar. Kan det vera jula som lokkar fram dei heilt store kjenslene? Eller kanskje det at akkurat nå står det skrive med store bokstavar i medvitet mitt at ein skal vita å setja pris på dei ein er glad i og det livet ein har fått. Bare fire dagar att på jobb, så er det ferie…
Heidi
Slik kjennest det på ein måte akkurat nå. Kuren eg lever på gjer at eg går ned i vekt. Ikkje super-raskt, som eg innerst inne hadde håpa på, men jamnt og trutt. Så bra er effekten at eg tenkjer at dette kan eg ikkje gje meg på. Dette er vegen mot noko verdifullt der framme, som eg ikkje kan gje slepp på. Ofte på slankekurar så sporar eg av omtrent på dette tidspunktet, fordi eg tenkjer at dette går jo bra, nå kan eg ta meg god tid…
Det var ikkje i tankane mine då eg starta at eg ikkje skulle slutta/ta pause til jul, men nå trur eg at eg bare får stå på. Eg tek ikkje sjansen på å mista fokus, trur eg…
Kan ikkje ta sjansen på å vera godt i gang med noko som bare vil glippa vekk mellom hendene mine. Det har skjedd meg ein del gonger før i denne samanhangen.
Det beste med dette galskapsprosjektet er at eg ikkje brukar tida mi til å kjenna meg svolten. Eg kjenner meg mett og glad og kan bruka tankane på andre og meir interessante ting enn mat og slanking, som eg ikkje ynskjer å gje alt for mange prosent av merksemda mi til ei kvar tid…
Men av og til så ser det veldig godt ut med ei mandarin eller eit pepperkakehjarte, det får eg vel bare innrømma…
Det luktar godt av julekaker i alle heimar nå. Eg har fullt og heilt avstått frå peparkaker, gløgg og den slags førjulsgleder. I dag åt heile skulen julegraut med sukker og kanel, og eg smakte ikkje så mykje som ei teskei…
Eg drøymde om mat to netter på rad. Den eine gongen at eg åt eit halvt rundstykke med ost, og den andre gongen at nokon hadde invitert meg og kom for å servera nysteikt pizza…
Snart tre månadar utan brød, ris, poteter og pasta, og det går så bra som bare det, eigentleg… Nei, eg skal ikkje sleppa taket nå. Må halda ut ei stund til og sjå korleis det utviklar seg… Og i morgon får eg baka litt, tenkjer eg…
Det skal jo vera litt nybakt til jul…
Heidi
… av at nokon ein aldri har møtt går bort. Ein trist tone festa seg i sjela mi då eg fekk vita at Fredrike var død. Framleis er det bare så vidt eg trur at det er sant. Ein blir kjend med eit menneske på ein underleg måte over internett og gjennom å lesa bloggar. Ein blir invitert inn i eit liv ein utan internett ikkje ville hatt tilgang til.
Eg har fulgt bloggen til Fredrike i fleire år. kanskje i fire år, eg er ikkje sikker… Først på hypodea, så på fallfrukt og nå på den nye bloggen hennar. Eg likte tekstane ho skreiv.
Eg vart og djupt rørt over at morsan hadde drive detektivarbeide, fordi ho syntest at eg skulle få vita det som hadde skjedd. Takk skal du ha. Eg vart rørt over omsorgen din, morsan.
Tenk for ei gave det er å få kontakt med folk på denne måten her. Me deler med einannan, og lærar kanskje noko nytt om å leva slik at me kan bli litt klokare menneskei møte med det verkelege livet, det me står midt oppi med begge bein utan den besnærande avstanden som finst på internett.
La oss som kjenner einannan på denne måten vera rause med einannan og gje einannan støtte når livet buttar i mot.
Nå vil eg gå ned og gjera det leaves oppfordrar til på Fredrike sin blog. Gå ned og tenna eit lys for henne. Måtte alle gode makter omgje Henrik og alle dei andre som nå er i djup sorg.
Fred over Fredrike sitt minne.
Heidi