For sidan sist har eg:
Sett prøveforestilling av Jan Ivar og Frank Robert sitt stykke “Okse og Esel” i lag med drama-elevane mine.
Vore på det store teateret inne i byen og sett stykket “Skyfri himmel,” i lag med kjærasten min og ein gjeng kollegaer.
Hatt først ein heil dag med prøver og så ein heil dag med forestillingar på skulen min. Me hadde med oss syttifem av sjette-og sjuande klassingane våre, og viste forestillinga “Dei heilage tre narrane,” for til saman ca tolvhundre menneske. Slike dagar er hektiske og fantastiske. Me set sikkerheitsnåler i kostymer, fikser sminke og diverse hårfrisyrar, trøystar oppmuntrar og gjev gode råd, samtidig som me gjer alt me kan i siste liten for å få til ei flott forestilling. Mi oppgåve når me er kome til forestillingane er å sitja på første benk for å kunna sufflera og dirigera litt det som foregår på scenen om det skulle trengast. Alt gjekk heldigvis bra, og stjernedansen rørte meg til tårer kvar einaste forestilling.
Me er eit team som har jobba saman om desse teaterprosjekta dei siste sju åra. Me kan ulike ting, og er så drilla på samarbeid at me får til ting i lag som ingen av oss ville vera i nærleiken av å få til aleine.
I tillegg held eg og Jens på og øver inn ei foreldreforestilling med fjerdeklassingane våre, som me skal visa på måndag. Alle nødvendige ingrediensar til ei juleavslutning er på plass: Vakker barnesang, tende stearinlys, Josef, Maria og vise menn. I tillegg har me laga ein liten avdeling som heiter Jul i Kardemommeby der Kasper, Jesper, Jonatan, Tante Sofie,politimester Bastian og ein talande kamel syng om det å feira jul…
På tysdag i dei siste timane skal me ta med oss ei gruppe elevar til kyrkja for å øva på teateropptrinn til julegudstenesta… Me skal ha ein versjon av “Den gamle skomakaren” av Tolstoj, der eg fortel og ungane spelar replikklaust teater. I tillegg skal Jens koma inn med ein kamel og vera ein vismann som fylgjer ei ukjend stjerne.
I tillegg til dette alt dette var eg på julebord med jobben i går, og det kan jo vera teatralsk nok i seg sjølv…
Nå i helga brukar eg ein del tid på å oversetta, og på å gjera klar stykket til den eldste teatergruppa vår. Me har eit dansk råmanus, som er ei moderne utgave av Jeppe på Bjerget.
Og i morgon skal eg på ei heilt ekte forestilling av “Okse og Esel” saman med yngstejenta mi. Og så reknar eg med å leggja inn ein kyrkjekonsert om kvelden. Med andre ord. Då skal eg først og fremst oppleva og nyta det andre har øvd inn…
Ha ei framleis god adventtid!
Kvar morgon set eg i mørket i klasseromet med eit brennande adventlys og syng denne songen:
Tenn lys, eit lys skal brenne
for denne jorda vår
den blanke himmelstjerna
der vi og alle går
omkring og deler vona
at gode ting skal skje.
Må jord og himmel møtast,
eit lys er tend for det.
Og etterpå blir det forteljingar, framleis i tusmørket.
Advent er det vakraste me har i skulen.
Heidi
Ein av desse dagane som er timeplanlagde frå start til slutt…,Morgonmøte med rektor, sosiallærar og eit foreldrepar,,seks timers undervisning, vekeplanlegging, tre foreldrekonferransar og lesing av eigne dikt på eit psykiatrisk kontaktsenter…
Eg er dårleg på på å bli ferdig med foreldrekonferransar til rett tid, fekk dårleg tid, og skulle skunda meg. Rygga rett inn i støtfangaren på ein annan bil på perkeringsplassen. Ti minutt til eg skulle vera klar som diktlesar. Eg prøvde å ringa oppdragsgjevar, som ikkje tok telefonen… Eg såg ingen bulkar på nokon av bilane, og skreiv lapp i full fart og festa på frontruta til den andre… Ein lapp frå ein konvolutt med utruleg stygg skrift:
Eg er veldig lei meg.
Rygga inn i bilen din.
Sjå om noko er øydelagd og ring meg.
+ namn og to telefonnummer.
Eg har ikkje høyrt noko endå. Håpar på det beste. Diktlesinga gjekk bra. Men skjelven er eg framleis…
Tenk om det hadde vore eit barn som stod der, og ikkje ein bil…
Heidi
heng etterteksomme
over svart sjø
der holmane dristig slepp taket
i tyngdekrafta
og let seg sveva
lette som måkefjør
mot den glødande
eldstrima i horisonten.
Trulig står det ein einsleg engel
ein stad der oppe
og spelar mjuk melankoli
på tverrfløyta si
medan menneska
stryk modig over liva sine
med furete hender
og mold under neglene.
For i slikt eit lys treng ein ikkje
gøyma seg for under.
Heidi
Kunne ikkje dy meg sidan eg først var i gang.
Nå skriv eg resten av sommardikta ein meir privat og skjerma plass…
Ds.
…dei sanseleg raudoransje
med svarte munnar,
skal me finna einannan att.
Vest for engene,
ned mot fjøresteinane,
der bølgene kviskrar hemmelege ting
mot strandnellikane ,
som engsteleg klamrar seg
fast i trulaus sand.
Særleg då
skal eg hugsa
at det er deg eg skal dela jordbær med.
La safta renna fritt
frå munnvikene
og honningen bli mogen
søt og gyllen.
Eg sit og bearbeidar tekstar eg skreiv i sommar. Eg skal lesa dikt på eit psykiatrisk dagsenter i morgon. Torer eg å lesa nokre av dei nye sommardikta mine, mon tru?
Dette er eit førsteutkast, eller for å sei det meir nøyaktig den første bearbeidinga av ei skisse frå i sommar. Kanskje dumdristig å leggja det ut her, men ein får då by litt på seg sjølv… Eller…
Heidi
Eg sit her og jobbar med omsetjinga av ein moderne Jeppe på Bjerget, eg let meg fascinera. Ikkje lett å slutta og skriva, men eg har bestemt meg for å ta kvelden i fornuftig tid.
Har akkurat nå fem teaterprosjekt gåande samtidig…
Og livet er ikkje verst scene det heller. Der er det duka for komediar og tragediar i lange rekkjer… Å spela teater sjølv kjem i neste rekke, etter jul Då gjeld det å stabla HC Andersen stykket på beina att og leggja ut på ein svært lokal turné til skulane i kommunen.
Nå har det regna i ein månad i strekk, trur eg. Det verste er at det er ganske koseleg. I alle fall innomdørs. I dag har eg vore på posten og send ein advenkalender til tjue-åringen min i Bergen! Eg fekk bare det innfallet at eg skulle pakka inn tjue små pakkar i gråpapir og senda han. Kan godt vera han synest han har verdas barnslegaste mor…
Og det har han kanskje og.
Eg får på meg ein del klede, som har vore for små ei stund, og det er sjølvsagt ei frydefull oppleving. I går då eg stilde i oransje kjole med store røde og lilla prikkar på størrelse med due-egg, grøn jakke og knallgrøne sko, sa Ingrid at eg såg ut som eg var klippa ut av ei biletbok av Vivian Zahl Olsen… Dama med fru Pigalopp og Flode.
Ikkje det verste ein kan bli samanlikna med det…
God natt, kjære lesarar.
Heidi
…som det står om ein av dagane i diktet Lathans. Deilig å ta seg god tid om morgonen. Men heilt fri blir det ikkje i dag. Om to timar dukkar eg opp i 5.klasse utkledd som frøken Trunchbull frå Mathilda. Dei er i ferd med å avslutta eit Roald Dahl- prosjekt og ønska seg besøk…
Så nå er det bare å henta fram deler av personlegdomen som eg ikkje får brukt så ofte… Eg har gjort den rollen før, då har eg brukt kjærasten min sin heimeverns-uniform… Nå er han ferdig med tenesta, og uniformen er dessverre lånt inn att. Eg må finna noko anna usympatisk å kle meg med.
Dagane rullar mot advent, og eg heng bare så vidt med. Denne hausten har gått så ubegripeleg fort. I kveld skal eg vera med og gjera klar til julemesse i kyrkja, og i helga må eg gjera klar ting for adventfest og førjulstid i fjerde klasse.
Martin Lönnebo gjer vitaminar til dagane mine. Denne veka har eg lært meg ““Det hellige hjertets regel.” Tidlegare var det sett på som nyttig og fint å tøyla egoet sitt og prøva å jobba med å bli eit betre menneske meir audmjuk og mindre sjølvsentrert.
Nå synest eg det er sterke krefter som ropar at du må bruka albuane dine, trø deg fram på spisse hælar og ta hensyn til dine eigne ynskjer og drifter til ei kvar tid. Stol ikkje på nokon, og vis deg ikkje svak. Eg er ikkje sikker på om det har gjort verda betre og menneska lukkelegare. Dette er i allefall det hellige hjertets regel, det en skal streva for å gje større plass i livet sitt:
Kjærlighet, glede, fred,
overbærenhet, vennlighet, godhet,
tålsomhet, takknemlighet og selvbeherskelse…
Meg har det gjort godt å tenkja på denne regelen.
Han fungerer som eit mantra mot destruktive krefter…
Og for meg betyr ikkje dette å bli krypande eller sjølvutslettande.
Regnet piskar mot huset. Nå skal eg gå og gjera meg klar til å opptre som tyrannisk overlærar.
Heidi
frå livet.
Sundags morgon. Eg skal vera på toget heim om ein time. Eva Mari og eg ringer på døra hos våre felles svigerforeldre. Me stormar inn på kjøkkenet med ytterskorne på og 17.mai-flagg i hendene. Akkurat som me hadde håpa på, så sit svigerfar på kjøkkenet og et frokosten sin. Me svinger med flagga våre og syng for han: “Hurra for deg som fyller ditt år…” Det er svigerfar sin 86-årsdag, men dagen vart jo feira i går. Det vesle opptrinnet, som truleg var av høg klasse både song- og dansemessig, tenner eit lite lys i augene hans. Lyset rører ved noko inne i meg.
Torsdag kveld. Fiona sin høge kandelaber med levande lys skapar ei mjukt og sympatisk lyssetting. På bordet er det meir levande lys og på gangen ei kunstutstilling. Eg har sprunge ut og kjøpt ein bukett med oransje margerittar, purpurraude løvemunnar og gule kuleblomar som står på golvet. Skrivekurs-elevane mine kjem fram to og to og les eigne og andre sine tekstar. Innimellom er det musikk der dei og andre elevar frå kulturskulen spelar piano, tverrfløyte og fiolin. Det blir omtrent akkurat som eg hadde håpa og tenkt ut. Tida stansar opp litt og står der og funklar.
I dag møtte eg ei lærarskulevenninne heilt uventa på eit kjøpesenter. Eg fekk den varmaste klemmen som tenkjast kan. Ho fortalde om korleis ho hadde vore delvis sjukemeld heile hausten etter å ha forstrekt energien sin grundig i vår. Slik går det av og til med alt for flinke jenter, og eg veit at eg står i fare for å havna i same kategorien. Så mange fine damer det finst. Levande sterke damer med varme hjarte og bein i nasen. Bare det å møta henne var eit smilehol i dagen. Eg gav henne adressen til andedrakt, så nå vinkar eg i fall ho les dette. Ho har begrensa tid og må gå vidare. Etter nokre meter snur ho seg og ropar til meg over folkemengden. “Eg er glad i deg!” Ho ropte det til meg, og eg vart varm inne i meg av glede.
Aller kjæraste syster ligg på sofaen sin og grin av glede over at ho er frisk. I alle fall skal ho bli frisk. Akkurat nå er ho nyoperert med sting på langs frå navlen og ned og masse hormoner som skal falla på plass. Eg let varmen frå hendene mine spreia seg til dei stive akslene hennar og takkar Gud for at alt har gått bra.
Eg sit, halvvegs ligg på sofaen, i kjelleren saman med Sunniva og Vilde. Me ser på TV. Kjempesjansen. Utruleg musikalske ungdomar konkurrerer om å vinna ein pris. Ein seksten år gammal gut spelar klarinett med djupe smilehol i kinna slik at det svingar like inn i stova mi. Ein gut på tjue syng og spelar fiolin skiftesvis, eit musikkstykke han har laga og arrangert for fiolin og orkester, med ein tekst han sjølv har skrive. Denne guten boblar og over av energi og livsglede. Eg har alltid lete meg fascinera av musikalitet. Eg skulle gjerne hatt meir av det sjølv… Dei to trettenåringane er der saman med meg. Midt mellom barn og vaksne ein plass, men endå med barns tillit til verda. Eg ser barndomen deira gå mot siste kapittel og det er godt å framleis få bu i han i små glimt.
Og nå sit kjærasten min og eg på loftet med kvar vår datamasin. Eg har lova å henta Ingrid om ein time når ho er ferdig med jobben hos pizzabakaren.
Eg trur eg høyrer til eit mindretal som trivst med november månad. Eg likar å vera inne mørke kveldar med regn og vind piskande mot rutene. Og så var det det manuset, ja… Nå får eg koma meg ned og leita…
Heidi
…Hvor er hullene som var på strømpelesten min? Hvor er Jespers hatt? Hvor er ditt og datt? Jeg er sikker på jeg hadde det i går?”
Nokon blir sure og ampre når turtalet blir for høgt, andre får migrene og mister nattesøvnen. Det første symptomet hos meg på at eg ikkje heilt klarar halda same tempo som skorne mine, er at eg begynner å forlegga ting…
Forresten, det er ikkje sant, når eg tenkjer meg om. Eg gløymer og forlegg ting heile tida, til og med i feriar… Eg har liksom tankane fulle av alle andre ting enn den sylskarpe vissa om kor eg sist la nøklane eller brillene. Faste leggestadsrutiner hjelper meg eit stykke på veg. Brillene mine har kvilestaden sin på skjenken og mobilen på kjøkkenbenken…
Det er verre med ting eg ikkje har rutiner på å oppbevara… Akkurat nå er det eit manus eg har forlagd…
Ei dansk modernisering av “Jeppe på bjerget” som eg hadde tenkt å bearbeida til eige bruk. Eg hadde tenkt å gjera det nå i helga, faktisk. Er du sikker på at det ikkje ligg heime hos deg, Jan Ivar? Eg er sikker på eg hadde det i … sist veke ein gong. Har brukt minst ein time på å leita, det dukkar vel opp…
Eg får prøva å rydda meg fram til det… Det funkar av og til… Og så er liksom bonusen at ein har fått rydda litt, sånn uansett, meiner eg…
Heidi
…Av boka eg har laga i lag med elevane på skrivekurset. Ho vart så fin med fargeillustrasjonar frå elevane på kunstfag. Det kjendest bra å ha eit resultat i handa. Bare synd at det er ein og annan skrivefeil sjølv om eg synest eg har vore sååå nøye med å lesa korretur… Men det får me leva med.
På torsdag skal me ha forestilling der dei les høgt frå eigne tekstar med musikk innimellom. Eg ser fram til det med litt skrekkblanda fryd, for me har ikkje fått øvd så mykje som eg helst ville.
Livet bare skjer og skjer i eit forrykande tempo og eg heng med så godt eg kan. Tre teateroppsetningar slost om plass i hovudet mitt på sida av jobb og skrivekurs. Så heldig eg er som får brukt kreativiteten min heilt til smertegrensa… Og så forferdeleg vanskeleg å setja grensene ein fornuftig plass.
Eg må læra meg eit knep eller to, trur eg. Ein gong lærer eg vel?
Heidi
Aller kjæraste syster har blitt operert i dag. Dei har fjerna både livmor og eggstokkar. Ho har gått i heilspenn i eit par veker, fordi dei hadde funne celler som ikkje var snille, og hatt ein tøff runde med ultralyd, ct, og diverse runder røntgen.
Nå ser det ut som marerittet er over. Ho er operert og alt ser veldig bra ut. Dei oppdaga det i tide, heldigvis.
Eg er så glad og letta at eg bare måtte få det ned på tastaturet.
Takk Gud, og takk livet.
Heidi