Det er blitt så mørkt ute. Ein vegg av regn og mørke og inne er det så lunt og triveleg.
I går haldt eg seminar. Seminar om muntleg fortelling, for ei gruppe menneske som driv barne og ungdomsarbeid i kyrkjene. Eg sa ja til det i vår ein gong. Ein kveld eg sat i møte med kollegene mine for å leggja årsplan for fjerde klasse. Mobildekninga var dårleg, og det var så langt fram at eg svara ja…
Så har månadane og vekene gått, og eg har hatt aldeles for lite tid til å førebu meg. Den siste månaden har eg hatt djupdykk i ein antologi med barnetekstar frå skrivekurset mitt. Eg har stor glede av å laga denne boka, som skal trykkast i hundre eksemplar, men det tek så frykteleg mykje tid…
På fredag gjekk alvoret kring seminaret opp for meg for alvor. Det meste hadde eg jo tenkt ut i hovudet mitt i frå før, men eg måtte systematisera. Dessutan hadde eg tenkt å fortelja skapelsesberetninga frå 1.Mosebok 2 utanatt som ein demonstrasjon på munnleg forteljing. Denne teksten har eg hatt inne ein gong før, men eg trong å repetera. Ein fantastisk tekst forøvreg.
På lørdags morgon var eg ennå ikkje heilt klar i hovudet. Eg fann fram Ingrid sin konfirmasjonsbibel, som er på bokmål, fordi teksten eg ville dei skulle arbeida med om Josef som tolkar Farao sine draumar var kopiert på nynorsk. Eg visste at ei gruppe svenske kyrkjearbeidarar skulle vera der, og var ikkje sikker på om dei ville forstå det nynorske bibelspråket. Framme i bibelen stod ei helsing frå kyrkja, til Ingrid, skriven inn med hand: Fil 4.13.“Alt makter jeg i han som gjør meg sterk.”
Det ordet var jo faktisk noko å ta med seg. Eg minna meg sjølv om at seminaret ikkje var ei oppvisning i kor dyktig eg var, men bare det å dela noko eg kan og har tileigna meg med andre som kanskje kunne bruka det til noko.
Eg hadde bestemt meg for å halda kurset utan betaling, fordi eg veit at oppdragsgjevar har ein økonomi som bare så vidt går rundt. Av og til brukar eg ordtaket: “For intet har du fått det, og for intet skal du gje det vidare.” Trur det kan virka litt provoserande på nokon, men for meg er det ein fin tanke. I alle fall i enkelte situasjonar… På veg til toget gjekk eg og repeterte bibelteksten eg skulle fortelja: “Elva Pisjon renn rundt Havialandet. Der er det gull. Gullet i det landet er godt, og der finst det og bedolakvae og karneol.” Pisjon, Havilalandet og karneol. Mykje å halda styr på. Eg gjer meg sjølv amnesti til å ta vekk det med bedolakvae og karneol dersom eg kjenner at eg ikkje hugsar det.
Småmumlande for meg sjølv, går eg i den knalloransje kåpa mi med irrgrøne sko under ein stor rød paraply i høljeregn. Framfor meg på vegen ser eg plutseleg ein hundrelapp, nær ved å gå i oppløysing av regn og væte.
Under tørrare klimatiske tilhøve ville eg latt han liggja i fall eit barn hadde mista han og kom tilbake for å leita. Nå skjønar eg at det er vera eller ikkje vera for pengesetelen og tek han forsiktig opp. Det støttar tanken om kor forgjengeleg pengar er… Eg tenkjer at viss eg får til å tørka han skal pengane gå til eit godt formål.
Distré som ein forfattar eller ein professor, bommar eg på vegen til toget og går automatisk mot skulen eg jobbar medan eg messar for meg sjølv om bedolakvae og karneol… Eg oppdagar det i tide, og set pulsen i eit høgare gir for å rekka toget.
Vel framme på stasjonen, blir eg godt teken i mot av Torhild som serverer frokost i heimen. Skinke, kokte egg,
og grøne salatblad til ære for meg… Fadderbarnet Maren er raus med kyss og klemmer, og informerer meg om at bamsen hennar ynskjer seg strikka bukse og genser til jul.
Før det er min tur til å snakka er prestasjonsangsten over. Per Magne hjelper meg å bera stolar og eg tenner levande lys. Før dei første deltakarane kjem finn eg ein kulepenn og gjer noko som strir mot alle prinsipp i forteljarutdanninga mi. I venstre handflata mi skriv eg store bokstavar med kulepenn. KARNEOL.
Når eg kjem heim er eg stuptrøytt. Kjærasten min legg ved i omnen, og eg legg meg på sofaen med ei avis. Røyken svir i augene, men det kjennest koseleg og lunt og fint. Plutseleg kjem han inn i stova og spør om eg ikkje merkar nokonting… Omnsdøra stod på gløtt. To vedkubbar utanfor omnen har begynt å brenna. Det kunne blitt brann i stova der eg låg fredeleg og las avisa.
Medan kjærasten min luftar den røyklagde stova, og ber ut dei ulmande kubbane kjører eg til butikken. Eg kjøper endå ei avis og to peparbiffar. Alle ungane er ute.
Kjærasten min og eg tenner stearinlys. Me et biff med asparges og sjampinjong, med rødløk og fløte og alt er så fint så fint.
Etterpå somnar eg på sofaen med den nye avisa og eit grått teppe. Eg vaknar og ser kjempesjansen på TV. Eg vaknar og kjører Sunnigull gjennom mørke regntunge gater til ei venninne, der ho skal overnatta. Eg kyssar ungen min på kinnet, kjører heim og somnar att.
I dag starta eg dagen med ein time under dyna med Märta Tikkannen sin nye samlivsbiografi. Ho har vore ein av mine absolutte favorittar sidan eg las Århundrets Kärlekssaga som veldig ung.
Så har eg ete frokost med fire tende limegrøne lys i staken. Eg har ete omelett med spekeskinke og sjampinjong,og drukke vatn og svart kaffi. Eg kyssa Halvard på kinnet, og fortalde kor glad eg er for at han er fødd. Så velsigna eg han. Barna mine som er van med mine veremåtar og handlingsmønster, tek slikt med stor ro. Halvard hadde funne fram stillongsen for sesongen, og skulle til hallen for å spela fotball med kameratar. Nå skal eg ta med den røde paraplyen i bilen og bruka dagen med Aller kjæraste syster.
Gud velsigne livet.
Heidi
At desperasjonen min skulle opptre på akkurat dette planet hadde eg aldri drøymt om. At eg skulle bli til dei grader avhengig liksom…
I dag morges, fekk eg ein melding frå mor til ei av mine søte små jenter, som fortalde at dottera var litt forsinka. I det eg hadde svart ok med smilefjes, og skulle trykka send, sa det pling i mobilen min, og han vart svart.
Svakt batteri, tenkte eg og la batteriladaren i skuleveska mi. Vel framme i klasseromet fekk eg kopla mobilen til ladar og stikk-kontakt, men ingenting skjedde…
Eg tenkte at det kunne vera noko rart med kontakten i mitt splitternye klasserom, og prøvde ein annan kontakt. Etter nokre timar, kobla eg han til kontakten i arbeidsromet vårt. Framleis ingen reksjon. Vel heime fann eg ein ny ladar, bare i fall det var feil på ladaren, liksom. Ingen reaksjon…
Eg heiv meg i bilen og drog ned til mobilkiosken. Kunne det vera batteriet som var oppbrukt? Ikkje umogleg, meinte den unge ekspeditøren, men batteri hadde dei ikkje på lager, sjølv om det var ein spesialbutikk.
– Får de inn snart? undra eg.
-Nei, då må me bestilla til deg. Det blir dyrt. Du må rekna
med 500-600 kr. Det vil lønna seg å kjøpa ny mobil. – Ny mobil? Men kor lenge skal eit batteri vara? – I ca halvanna år. – Betyr det at ein må skifta mobil etter halvanna år?
-Ja, i praksis. Mobilar er blitt skikkeleg forbruksvare! – Kor mykje kostar ein ny då? (Kjenner meg desperat.)
-Du vil sikkert ikkje gå ned i standard… Frå femten hundre og oppover…
-Ein mobil er ein rein bruksgjenstand for meg. Kva kostar den billigste uten bindingstid?
-Sjuhundre og femti!
Eg var klar til å kjøpa, men Ingrid bad meg besinna meg.
“Du er jo heilt desperat, mor” sa ho. “Vent og tenk!”
Ja, eg innser det, eg er desperat. Eg vil vera tilgjengeleg over alt, for foreldra mine, kjærasten min, barna mine og vennene mine, for foreldra til elevane mine og akkurat nå meir enn noko for aller kjæraste syster…
Merkeleg kva behov ein får. For tre år sidan sa eg at mobil hadde eg då ikkje behov for… Nå får eg panikk om eg skal bort i tre timar og gløymar å ta han med meg…
Eg spør meg sjølv om det er klokt å vera så tilgjengeleg, men orkar ikkje å grubla over mitt eige spørsmål…
Heldigvis har kjærasten min kartlagd at dei sel nye batteri for to hundre kroner på biltema. Og i tillegg driv eg eit nytt desperat ladingsforøk. Prøver ut om mitt batteri let seg lada i Sunniva sin mobil…
Heidi
Eg gjorde meg tankar om dette då eg sat i kyrkja i dag. Dette at eg er velsigna heldig som kjenner meg heime i livet mitt. Eg vågar å lena meg tilbake mot kjærleiken som ber alle ting og tenka at alt er på plass. Eg er ein del av noko mykje større, og eg skal få lov til å vera meg, ein liten del av heilskapen. Meir treng eg ikkje å ta ansvar for.
Når eg les andre bloggar, så skjønar eg at det er ei gave å ha det slik. Å sleppa å tenkja: vakrast, klokast, slankast, mest vellukka, mest populær, mest verd å elska.
Å sleppa å tenka: Livet vil meg vondt. Eg må vera i angrep. Eg må vera i forsvar. Eg må vera i forkant. Eg må slå ut med armane før nokon sparkar bein på meg.
Eg vel å seia med Kumbel:
Det er naivt å tro at dette liv
kan leves viss man ikke er naiv.
Dette høyrest viss veldig enkelt ut. Slik er det sjølvsagt ikkje. Eit kvart menneskeliv er ein nokså komplisert sak.
Så pass har eg fatta og erfart.
Likevel skulle eg så ofte ynskja at eg kunne formidla til folk som skriv på nettet: Våg å visa livet tillit.
Men eg innser at det er lett for meg å seia. Eg som klarer å tru at livet tross alt er tillit.- Kvilande i ein større kjærleik.
Heidi
Frå å vera ein skeptisk, søkjande tvilar, som ein kunne sagt det på det religiøse språket, så er eg i ferd med å bli ein glad truande. Kuren virkar så langt, eg går ikkje rundt og er svolten, og det er stort sett ikkje vanskeleg å fylgja reglane for korleis ein skal leva i dette merkelege lågkarbo-universet. Likevel. Eg veit at det er mange kapittel i ein kvar kur, ikkje minst det som kjem som postludium, men nå skal eg halda tunga rett i munnen, sikta langt fram og ta ei utfordring om gongen.
Det er frifredagen min, og det kjennest vidunderleg. Eg har motivert meg sjølv med at når eg var ferdig med å rydda kjøkkenet og stova, skulle eg få lov til å skriva eit innlegg på andedrakt, og nå skal den velfortente løna innfriast.
Ein liten minutt -observasjon, som eg meiner å hugsa at det heitte det heitte då eg tok lærarutdanning. To tilfeldige minutt frå Heidi sitt liv på eit fat. Vær så god:
Sunniva kjem fornøgd heim frå skulen. Ho ropar eit muntert Hallo og får eit Hallo tilbake. Ho slepp skulesekken ned på gang-golvet og går ut att.
Eit pling på mobilen. Eg må sletta gamle meldingar for å få plass til nye. Pling! Der kom meldinga på ny, og nå skal eg sjekka kven og kva…
Det var Jens som lova å finna leikar til opplegget for dramagruppa i Leik-og lærtimen på måndag. Eg høyrer bassen dunka frå radioen på kjøkkenet, og ennå luktar huset fårikål i frå i går.
Små lette fotspor, og ei klingande lita bjelle høyrest frå trappa. Ein av kattane våre tek turen opp for å sjå kven som er her, men spring ned att når det bare var meg…
Ute er himmelen lettskya, og bjørkene er i ferd med å bli haustgule. Nå skal finna fram jakke og sko og gå ut for å kjøpa det eg treng til ei sjokoladekake. Halvard skal feira bursdag i dag i lag med Endre, ein klassekamerat ,og mor har lova å baka kake.
Dagens visdomsord frå Veven er verd å dela med fleire:
– Gjerrighet gjer meg fattig, for den gjerrige får aldri nok.
– Barmhjertighet gjer meg rik, for å gje er å få.
– Utukt gjer meg liten, for det drep respekta for
menneskelivet.
– Kjærleik gjer meg stor, for kjærleiken er open mot det
grenselause.
– Hovmod gjer meg einsam, for det stenger meg inne i
meg sjølv.
– Audmjukhet er fellesskap for det opnar hjartet mitt.
-Fråtseri skjular mitt eg, for det lever i det utvendige
og det forgjengelege.
-Det enkle gjer meg vis, for det er som eit reint vindu
mot livet.
– Missunninga gjer meg heimlaus, for ho vil låna livet.
– Gleda gjer meg vakker for ho opnar seg mot livet.
– Svartsyn gjer lys til mørke, for augene blir blenda av
fortviling.
– Håpet får livet til å bløma, for håpet vender seg mot
framtida.
Livet mitt er mellom anna ein balansegang mellom kreativitet og opprydding. Helst vil eg skapa heile døgnet, men det blir så mykje rot av det.
Heidi
Dette er spørsmålet denne veka frå min medvandrar Martin Lönnebo. Han skriv at eit menneske er kalla til å vera eit menneske. Verken meir eller mindre. Finst det eit menneske der inne når ein trekk i frå all påverknad og tek av seg alle masker? Eit menneske som utan større fakter er villig til å legga ned sin bit av puslespelet, slik at det store biletet kan bli heilt?
Ferien har vore god. Eg tok med meg kjærasten min og stakk til Bergen, medan Ingrid dreiv butikken heime. Me har budd to netter på hotell, kjørt langt med bil, snakka saman, høyrt radio og reist med ferger. Me har vandra gatelangs i Bergen, besøkt Odd Christian på hybelen hans, sett to filmar på kino og besøkt diverse salatbarar. Ein kveld snubla me over Hilde frå gata vår, som er i ferd med å fullføra mastergradsoppgåva si i psykologi. Me fann oss ein kafé og fekk ein god samtale. Kjærasten min har smugfotografert folk og bybilete og vore lukkeleg.
Eg kjøpte den siste biografien til Liv Ullmann, som var ei kjærleikserklæring til livet. Merkeleg nok høyrer eg akkurat nå stemmen hennar frå TV-en i sideromet. I går på fjernsynet såg eg ein puertoricanar som hadde sitte i dødscelle i atten år for eit mord han aldri hadde begått. Han slapp fri heilt overraskande fordi gjerningsmannen innrømma det han hadde gjort. Denne mannen sa at han prøvde å bruka raseriet mot dei som dømde han, som ei konstruktiv livskraft i staden for å bli bitter. Han hadde fått livet i overraskande gåve, og sa at han elska livet.
Nå har eg fått gjort mykje i dag. Brikkene i mitt eige vesle puslespel fell på plass. Nå vil eg ut og vandra gatelangs i oktobersola i mine nye røde og lilla skor, kjøpt til halv pris på UNO. Litt ør og sliten av denne merkelege ketosetilstanden som det har kosta meg overraskande lite å vera i, og med fred i sjela.
Eg vil gå der og prøva å svara på dette vanskelege spørsmålet om eg er eg. Og så vil eg stikka innom onkelen min ,som har fått koma heim frå eit langt sjukehusopphald sjølv, om dei ikkje har fått heilt bukt med betennelsen i kneet hans. Medan eg går der og tenkjer, vil eg be med Benny Andersen, den danske diktaren, noko han har skrive i diktet som heiter “Morgenbønn”: “Vis mig hvor jeg skal falde ind når den store musik begynder.”
Heidi
…og aktive karbohydrat. Eg har lete meg riva med av malstrømmen, og levd utan karbohydrat i ei veke. Sånn omtrent i alle fall. Ingenting brød, ingen frukt, ingenting med sukker eller mjøl i og ikkje noko ris. Eg har levd på egg og kylling,grøn salat, brokkoli, agurk, skinke og ost.
Det er det Atkins kallar introduksjonsfase, men eg trur eigentleg at ost ikkje er tillete i Atkins sin introduksjonsfase. Men dei andre på jobben som lever etter ketolysekuren, dei et ost…
Eg har vore litt ekstra trøytt. Ein kveld la eg meg før halv ti, og det liknar absolutt ikkje meg å ta så tidleg kveld. Dei sekstito trappetrinna opp til klasseromet har kjenst litt ekstra tunge, og ein dag kjende eg meg litt svimmel ei kort stund. Alt dette er i følge veteranane heilt normalt første veka, så sånn sett skulle det vera i sin skjønnaste orden.
Eg er litt overraska over meg sjølv. Over at eg kastar meg uti eit opplegg som eg eigentleg har så mange fordommar mot. Eg trur jo på trim og på mat med lite feitt, og på frukt og grønsakar og alt som godt er, men slike gyldne middelvegar ser ut til å vera vanskelege å koma i mål med. Då meiner eg for min eigen del når det gjeld akkurat dette.
Mykje rart har eg gjort på slankefronten, men det begynnar å bli grueleg lenge sidan eg gjorde noko som smakte så mykje av galskap. Kanskje det er på tide å sleppa galskapen til? Let in the clowns.
Dette er draumen me ber på at noko vidunderleg skal skje, står det i eit dikt. Eg legg ikkje skjul på at for meg ville det vera eit aldri så lite under om eg kom ned i normalvekt…
Men likevel vil eg gjerne ha respekt for, kor rart det måtte høyrast ut for enkelte, at overvekta på dei fleste måtar ikkje plagar meg i det heile tatt. Eg lever det livet eg helst av alt vil leva, lukkeleg plassert i ein sterk og frisk kropp som fungerer perfekt på dei aller fleste område. Eg trur ikkje at livet mitt, sjølvtilliten eller livsgleda ville bli vesentleg endra om eg gjekk ned sånn ca tretti kilo… Likevel, tanken er besnærande og helseaspektet er nok for meg det viktigaste i dette.
Eg er fortvila over alle som trur gleda og lukka avheng av gramma rundt livvidda. Eg synest faktisk at frodige damer er ganske flott og livsbejaande. Dei aller fleste er fine som dei er. Men eg innser at for mitt vedkomande hadde det sikkert vore lurt å gå ned i vekt.
Dette er kompliserte spørsmål, og verda er blitt sinnssjuk på dette feltet. Kanskje eg skal skriva ei bok om dette ein gong?
Den silregnar ute. Regnet står som ein foss over huset, og det er koseleg å vera inne. I dag skal me kanskje mala ferdig kjøkkenet. Eg har fått haustferie og det kjennest vidunderleg.
Viss nokon har motforestillingar til Atkinsbeslekta kurar, så har eg sikkert motforestillingane sjølv frå før. Men skriv gjerne ein kommentar, eg elskar diskusjonar. Dette er jo litt spennande og. Det blir interessant å sjå kor det fører hen. Men om eg sit her om ei veke med eit eple og ei grovbrødskive så har eg ikkje tapt prestisje, bare blitt ein erfaring rikare. Det vil jo vera interessant å få kartlagd om problemet for min kropp sin del er ein litt manglande evne til å forhalda seg til karbohydrat. Det litt upraktiske er jo at vanleg norsk kosthald er veldig karbohydratbasert.
Det står i boka at ein kan eta vanleg mat, men i Norge er det knapt nok vanleg kosthald å forsyna seg med masse kjøt og ingen poteter, eller å eta salatar i staden for matpakken sin. For svenske lesarar så kan eg fortelja at nordmenn et brød til tre av fire måltid. Medan de et varm lunsj sit gode nordmenn og alle norske skulebarn og et matpakkane sine. To skiver grovbrød med eit tynt lag ost…
Viss nokon om fire månadar smilar oppmuntrande og seier: “Så slank og fin du er blitt då, “ skal eg setja rolege auge og eit sjarmerande smil fast i blikket deira og svara at “Eg var jo ganske fin før eg starta og då…”
Lenge leve livet!
Heidi
…men klarte ikkje å la vera. Eg har vore på tur til Bergen frå torsdag ettermiddag. Du verda så flink eg har blitt til å fly. Til å fly inni flymaskinar altså. Eg er omtrent ikkje redd i det heile tatt, og er skikkeleg stolt av meg sjølv. I belive I can fly…
Så fint å vera på reise saman med nokon du er glad for å vera i lag med. Det er fint med tid til lange og lattermilde hotellfrokostar og til alle samtalane me normalt sett ikkje sår tid til å fullføra.
Etter kurset på fredag hadde eg ein “date” med eldsteguten. Eg kunne ikkje dy meg for å snika det inn i programmet når eg først hadde landa i studiebyen hans. Først dreiv me rundt på bokhandlar og platebutikkar. Han har litteratur på timeplanen, og vart velsigna med eit eksemplar av “Brødrene Løvehjerte,” ei av favorittbøkene frå barndommen hans, og med eit Ibsen- skodespel. Etterpå åt me på ein italiensk restaurant, før me gjekk på kino. Til slutt fekk eg sjå hybelen hans, i ein stor gammal staseleg villa, i det som må vera byens beste strok. Eg klarte å la vera å snubla i halvfulle colaglas på golvet, og registrerte at dei såg ut til å ha det ganske bra der.
Etterpå var det vorspiel på hotellet i lag med resten av gjengen. Eg hadde tenkt å ta kvelden i fornuftig tid, men lot meg overtala til å bli med på ein uteplass.
Det er så sjeldan eg er på stadar type diskotek og nattklubbar, så eg går omkring med sansane på vidt gap og kjenner meg som ein sosialantropolog på oppdagingsferd. Medan eg beundra Helen og Ingvill som utfalda seg på dansegolvet, hang ei mannleg nattklubb-løve seg om halsen min. Først klarte eg ikkje å tyda kva han sa, men på tredje forsøket gjekk det:
“Kva er du ute etter? Kva eigenskapar ser du etter?”
Det kunne kanskje ha blitt ein interessant samtale, om han var bare litt meir edru og musikken ikkje hadde vore så høg. Eg går ut frå at eg ikkje var førstevalget hans den kvelden…
Seinare gjekk me opp ein etasje der ein indianar, ein matros, byggmeistar Bob og ein snørr og tåre-songar utfalda seg på scenen. Eg er ikkje eingong oppdatert nok til å skjøna at dei imiterte village-people. Endeleg eit rom for humor. Eg lo så eg hadde vondt i magemusklane heilt til dagen etter.
Og nå har eg brukt dagen eg burde ha brukt på jobb på fotballturnering. Dersom jobben skal vera den sjølvsagte førsteprioriteten i alle fall. Eg rekna med at Halvard ville vera med i eit par timar, men dei vann heile turneringa og spela så mange kampar at me var borte heile dagen. Eg har panikkjobba litt, men kjem til å springa bak meg sjølv i morgon. Om ei veke er det haustferie. Eg kjenner det skal koma til å bli velsigna godt. Regnet ausar ned over huset og eg skal sova… To eg kjenner godt er nede for telling. Måtte alle gode makter stå dei bi.
Heidi
…men framleis mildt der ute. Mørke kveldar er mjuke og gode. Livet har bombardert meg med sanseinntrykk dei siste vekene. Etter revyen sist helg, var det tid for bryllaup denne lørdagen. Sindre, som eg har kjent sidan han var baby, gifta seg med si Elin. Begge er så unge, så unge. Han er tjue, og ho er eit år eldre. Dei er to sjeldan flotte ungdommar. Strålande varme, idealistiske og entusiastiske. Bryllaupet vart ein song om kjærleik med tapas, vin og varme bjørnebær, med afrikansk dans, og blomar og mange varme talar. Som brura sa: “Folk trur at eg er galen som giftar meg så ung, men eg bare veit at dette er rett…”
Odd Christian var heime for å vera med i helga. Det er så fint å ha han her av og til, og han måtte få seg ny mørk dress og nye svarte fin-sko. Eg har enno ikkje vend meg til å ha ein vaksen son. Det er fint og merkeleg på same tida.
På sundag kom Linda på besøk, den afrikanske kvinna eg budde hos i Tanzania for to år sidan. Dama som på ei lita lærarløn ,og med eit utruleg pågangsmot har teke til seg ein flokk med psykisk utviklingshemma barn og ungdomar som ho ynskjer å hjelpa til ein meiningsfull tilværelse. Ved å bu i lag med henne og storfamilien i ein liten månad fekk eg eit generøst innsyn i eit mangfoldig afrikansk kvinneliv. Ho var invitert til Norge i samband med ein kongress i fredskorpset, og kom hit i lag med Tove, ho som spanderte på meg turen til Tanzania.
Mange seier med full rett at det er så mykje vondt i verda. Eg håpar at alle ser at det er mykje godt i verda og. Denne helga har for meg vore ei oppvisning i tru, håp og kjærleik… Og nå er eg trøytt og vil leggja meg tidleg… I morgon er det foreldremøte i klassen min, og på torsdag rett etter arbeidstid set heile personalet seg på fly til Bergen for å bli kursa. Det er sant, eg må viss vaska litt klær før eg legg meg, slik at eg har noko å leggja i kofferten.
Vekene går så fort. Det kjennest som om det meste er fredagar og mandagar. Og nå er det blitt mørke kveldar. Eg må få meg ny sykkel-lykt.
Ketolyse er den nye trenden på jobb, og karbohydrata blir dømde nord og ned. Folk rasar ned i vekt, og ser forakteleg på brød og kaker, som måtte forvilla seg inn på lærarromet. Eg innrømmer at eg kjenner dragninga mot vidunderkurer, og vurderer sterkt å gje det ein sjanse. Tretti kilo lettare inn i sommaren? Det kunne vel ha vore noko?
There ain`t no cure for love… Dette siste har ikkje meir med resten av teksten å gjera enn ei konstatering av at det å vera glad i er ei sterk kraft. Sterk og mjuk akkurat som mørket kring septemberkveldane…
Heidi
…trur eg det kallast når det er sommarvarme i september. Slik har me det nå. Det er nydeleg. Me har spelt intensivt revy det siste døgnet. Prøve, generalprøve og premiere i går, og tre forestillingar i dag. Eg hadde pålagt meg sjølv eit nokså heftig rappenumme,r med utruleg mykje tekst å læra utanatt. Og sidan Torjus slo takten an på trommene, måtte orda koma på slaga som erter frå ein sekk, det var ingen sjans til å tenkja seg om. To av fire gonger gjekk prikkfritt, dei andre gongene snubla eg litt, men tok meg greitt inn igjen. Får kanskje vera fornøgd med det, sjølv om eg er prefeksjonist på slike ting. Rappen handla om livet som lærar og går slik:
Læringsstil, utviklingsplan og læringsstrategi,
portefolio og alt som det kan finnast meining i,
vølskjema og spoletekst og Nylundmodellen,
her skal det bli ganske seint før me kan ta kvelden,
Lamis, ABM og tras og glup i aust og vest,
her skal me ha litt av alt,
så her skal det bli fest.
Klasseleiing, logos, Olweus og nirvana,
kantine, milkshake, fruktordning med druer og banana….
osv,osv,osv…
Og innimellom rappinga var det scener frå klasseromet, der eg spelte direkte på og mot publikum i vanleg talerytme utan trommer og mikrofon.
Resten av forestillinga var eg sufflør, bortsett frå avslutningssongen, der eg var med og song. Det er jo veldig tilfredsstillande at me får overveldande positiv respons etter fire fulle hus… Men så må det kanskje leggjast til at det var obligatorisk frammøte for elevane våre… Spennande likevel å få spela for tilsaman åttehundre gjester.
Det finaste med å spela personalrevy er samhaldet. Dette å få til noko saman, å vera avhengige av einannan undervegs og vera stolte og glade saman når alt er over etter veker og månadar med intens trening. Og så må eg bare nemna at eg har utruleg dyktige kolleger. Lusenummeret i Kaizer- stil med vernedrakter, gassmasker, trøorgel og store gule olje fat på Kaiser melodi: “Me ska gassa luså te u dør,” kjem til å vera eit smilehol i tankane mine for alltid, trur eg.
Så nå heiter neste kapittel landing. -Og ein tur ut i det finaste haustveret som tenkjast kan…
Heidi
Vinteren og våren har vore hektisk. Eg veit om det, og er ikkje så overraska over at eg kjenner meg stuptrøytt når ferien kjem. Til mi forundring vil ikkje kjensla av å vera trøytt gå over. Eg er framleis frykteleg sliten når me reiser på ferie. Etter halvanna veke i Danmark landar me hos svigerforeldra mine.
Svigermor er ikkje frisk. Det er som om alle krefter har forlete henne. Ho har vore mykje sjuk. Dei siste åra er ho både hjarte operert og kreftoperert fleire gonger. Kva gong har ho kome seg på beina. Ho er sterk og har mykje vilje. Nå i sommar er det som om ho er i ferd med å visna vekk framfor augene våre.
For nokre månadar sidan gjekk ho ein halvtime med ryggsekk for å kjøpa brød og mjølk, nå er turen over stovegolvet som eit maratonløp. Ho held seg fast i kjøkkenbenken når ho skal koka te og strever med å kle på seg om morgonen. Hjarta mitt blør for henne. Eg kjenner meg liten og hjelpelaus og samstundes sterk og modig. Eg kjenner att kjensla frå då bestemor var alvorleg sjuk: Nå er det eg som er den vaksne.
Torun ringer, me har planlagd å møtast. Eg har så lyst til å møta henne, samstundes veit eg ikkje om me kan prioritera det slik situasjonen er. Me blir enige om at ho skal koma til meg. Ho skal plukka meg opp utanfor kyrkja og saman skal me dra ut og bada.
Eg står der og venter og konsentrerer meg om å pusta roleg inn og ut. Sorgkjensla riv og slit i brystet mitt. Eg hentar “Veven” fram frå veska mi. Denne velsigna boka av Martin Lönnebo har verkeleg bore meg gjennom livet det siste halve året.
Eg blir bada i omsorg. Torun sit i bilen og smiler. Ho har med seg kaker og kaffi på termos. Det er kø mot strendene denne varme dagen. Sommarlufta står og skjelv og dirrar med termometeret kring 30 grader. Me finn oss ein plass å parkera og kjøper med oss jordbær, moreller og kaldt vatn på flaske. Eg kjenner tida stansa opp og opna seg. Me finn oss ei vik der det ikkje er så mange andre. Sjøvatnet kjennest svalt og lindrande.
Den første diktsamlinga eg gav ut heitte “Døtre av gleda”.
Titteldiktet handla om oss to,- om meg og Torun som låg avkledde i sola, som bada i kald sjø og som hadde røter i sjølve sommaren. Den gongen var me sånn omtrent tjue år. Me hadde unge sterke kroppar og “røter i sjølve sommaren” Me opna oss mot det vaksne livet som skulle koma.
Nå, eit kvart århundre seinare, badar me saman i sjøen igjen merka på kvart vårt vis av åra me her levd, men framleis klare for livet som skal koma. Me drikk kaffi og let livet kjærteikna oss. Eg pustar fritt igjen og tek ein pause frå bekymringa for svigermor.
Medan me ligg i sola og snakkar ringer mobilen min. Onkelen min, som bur aleine er innlagd på sjukehus. Han har og hangla i sommar. Tre dagar skulle han vera aleine utan nokon av oss i nærleiken. Han hadde engsta seg for desse tre dagane, tenk om noko skulle skje. me hadde lova han at det skulle gå bra, og så vart han innlagd på sjukehus. Han har fått eigen mobil i sommar og eg får snakka med han. Eg seier at dette kjem han til å klara godt. Når eg kjem tilbake badar Torun igjen, og eg går uti vatnet ein gong til eg og.
Etterpå et me lunsj saman på fortauet utanfor eit bakeri. I bilen er det sikkert femti plussgrader. Torun brenn fingrane sine på rattet. Ho har bakt kake til svigermor. Ein oppmuntringspresang i staden for blomar seier ho, og eg elskar henne fordi ho er så omtenksom. Svigermor blir rørt til tårer då eg kjem med kaker. Eg kokar kaffi og te og deler wienerbrød i to bitar i håp om at svigermor skal få lyst til å eta eit av dei. Sommaren er varm og mogen og stikkelsbæra er ikkje så sure lenger.
Heidi