Gå til innhald

Fortumla på sidelinja.

Så står eg her i min eigen heim, og ser på eit og anna med nye auger. Kjøkkenet skulle desperat trenga litt maling her og der, og kvifor fekk me ikkje teke strøk nummer to på dørkarmar og vindaugskarmar då me malte stova for tre somrar sidan?…

Men eg er jo sterkare antimaterialist enn nokon gong nå etter Afrikaturen, så kvifor stressa med slikt? Huset som har vore utan meg i snart fem veker, skrik etter kjærlege husmorhender… Dessverre finst det ikkje så mange av det slaget her hos oss i Kong Sigurds gate, men eg får gjera så godt eg kan bare eg nå får ta tida til hjelp.

Å vera i Afrika kjendest som å leva eit anna liv. Eg har mykje å fortelja sånn etterkvart, -og etter heimkomsten har eg vore hos svigerfamilien austpå, der me mellom anna var med på å feira bryllaup. I tråd med livets viderverdige samantreff så vart det eit halvafrikansk bryllaup. Nevøen min gifta seg med ei nydeleg dame frå Burundi, så det vart dansa og jubla på fleire språk der og.

Nå står eg her i heimen min med armane langs sida og veit ikkje heilt kor eller kven eg er… Jodå, det gjer eg nok, eg veit begge deler om eg kjenner etter. Det er bare det at eg helst vil halda meg på afrikansk kvilepuls endå ei stund, og her er det så mykje å ta fatt i. Her er så mykje som minner meg om mitt vanlege, travle europeiske liv, og Alt Ein Aldri Fekk Gjort. Visst skal eg ta fatt på arbeidet med glede, men først vil eg unna meg å ruga på alle dei nye inntrykka og tankane ein dag eller to.

Eg er vanlegvis hypersosial, men foreløpig har eg stort sett ikkje fortald nokon at eg er heime att. Det gjer eg vel i morgon eller så…

Eg har kokt meg norsk grøt med sukker og kanel. Det smakte godt. Så har eg vaska kjøkenet og gått i gang med stova. Eg får sjå kor langt eg kjem. Så skal eg ut og gå ein lang tur i det vakre norske kveldslyset trur eg… Kanskje eg meg sjølv att bak ein eller annan sving?

Heidi

Å halda fast ein junidag.

Eg vaknar og står opp. Eg kokar egg til frokost, det er eit stort egg så det blir litt meir blaukokt enn eg hadde tenkt. Eg et det med salt og knekkebrød med smør og drikk svart kaffi.

Så tek eg ein lang varm dusj, og presser shampoflaska maksimalt for å få ut nok til hårvasken. Eg finn klede eg garantert ikkje skal bruka i Afrika, og tek ei rask rydding på kjøkkenet før eg går bort til Inger.

Ho snakkar i telefonen når eg kjem. Eg går inn på arbeidsromet hennar som luktar så godt av tre, og beundrar dei to vevane som står rende der inne. Etterpå går me opp og pratar medan ho syr kornaks på ein grøn stola. Gyllen silke mot grøn ull og mange trådar. Ein av dei yngste store gutane hennar kjem inn og pratar med oss. Me et rundstykke med eplesyltetøy og cottage- cheese. Eg får ein varm klem når eg går.

Eg går heim hentar dei minste ungane mine. Me kjører i høljeregn ned til den vesle byen vår. Eg går på apoteket og handlar for to tusen kroner. Malariamedesin, desinfiserande middel, solkrem, plaster, medisisinsk kol og mykje anna. Imodium har eg ikkje, eg må tilbake. I banken tek det lang tid, dei må telja pengane om igjen, og ein av datamaskinane virkar ikkje heilt. Men alle er så vennlege og vil snakka om turen eg skal ut på. Ungane ventar utålmodige i bilen. Når eg kjem tilbake har ein av dei gått for å leita etter meg.

Tenåringsguten sit med kameratar og spelar playstation. Han har lyst til å vera med til mormor og morfar for å eta middag. Kameratane får beskjed om å låsa seg ut når dei vil heim.

Mor og far har laga middag til oss. På bordet kjem det kjøttkaker i brun saus og erterstuing. Det er ein smak av barndom med tyttebærsyltetøy, pepar og sennep. Etterpå dei første jordbæra med sukker og fløyte. Bæra er belgiske, men smakar nesten heilt den gode søte solsmaken som det er på norske jordbær.

Alle er så snille. Broren min lånar meg mobilen sin fordi min har feil type abbonement. Syster mi gjer meg ei lita kvit homeopatperle som oppløyst i eit halvt glas vatn skal kurera flyskrekk for alltid, og far kjem med ei mageveske i lær. Frå farmor har han gave til meg. Eg får gulluret ho i si tid fekk av farfar. Ho ville eg skulle ha det sidan eg er oppkalt etter henne og eldste jenta. Det er truleg den dyraste og finaste personlege eignedelen farmor nokon gong har ått. Eg kjenner det litt vemodig at ho har begynt å dela ut tinga sine. Ho er åttisju år og veldig sprek, men hadde lyst til å dela ut litt medan ho ennå kunne ha glede av det.

Då me kjører heim, slår det meg kor vakkert det er her, og kor grønt og lyst det er i Norge i juni. Eg ser alle lamma og sauene som beiter langs vegen, og tenkjer at for ganske mange menneske ville dette landskapet vore
eksotisk.

Vel heime er det å gjera klar til gjestene i full fart. Leif har invitert Jan Ivar og Synneva til jordbær og sjampanje-
kveld. Me skal ha med oss Ingrid og spela kokelimonke, eit spel ho fekk av dei til konfirmasjonen.

Eg reinskar jordbær i store mengder og finn fram det kongeblå Höganäs serviset mitt. Eg set fram jordbær, ostestenger, ostebirks, brie, druer, kiwi, lys og mørk sjokolade, chilinøter og nysteikte vafler. Halvard og Sunniva sit ved bordet dei og. Dei er glade sommarungar i skitne klede etter ein dag på trampolinar og nærkontakt med jordbær. Snart skal eg vera utan dei høgt elska ungane mine i meir enn tre veker. Eg tenkjer at eg må hugsa å ta med meg eit bilete av dei. Så spelar me kokelimonke til seine kvelden, og det er godt å vera saman.

Og i dag er ein ny dag. Nå er det siste oversikt over pakkinga, og i kveld er det St.Hans aften.

Heidi

Lena seg mot ein tanke ro…

Så er det sommarferie. Eg pustar ut og pustar inn. Eg lar tankane lena seg mot ein tanke ro og ansvarsløyse. Samtidig strammar eg livet mitt mot alt som gjerast skal.

Nå må eg ordna pengar til turen, finna ut kor mykje eg skal bera med meg i magebeltet mitt, og bestilla amerikanske dollar. Eg må få resepten på malariamedesinen, og eg må få henta han. Eg må finna ut kva klede eg skal ta med, og kanskje lappa og sy litt på sommarplagg som er behageleg å ha på, men som er så velbrukte at dei treng nål og tråd. Eg må kjøpa tropisk myggolje og koltablettar, allergimedisin og tranebærkapslar. Så burde eg gå til eit par nye sandalar, slik at dei ikkje er vonde når eg reiser.

Syster mi studerer homeopati, og påstår ho kan gje meg ein mikstur som i ein og same omgangen kurerer
flyskrekk for alltid. Eg sa at det høyrdest meir enn usannsynleg ut i mine øyrer, men sjølv trur ho på det. Det skadar vel ikkje å prøva, med skeptikarens sjølvironiske glimt i høgre augnekroken.

Nå regnar det ute. Juniregnet plaskar mot takvinduet mitt. Halvard sit her hos meg i shorts og sommarskjorte med dyna godt rundt seg og ser TV.
Nå må eg leita etter dei to bøkene eg har fått purringpå frå biblioteket, og som eg ikkje veit kor er… Det er alltid pinleg å innrømma at ei bok er borte vekk. Den siste har eg fornya lånet på gjennom eit heilt år fordi eg trudde ho ville dukka opp før eller seinare…

Så har eg viss, når eg tenkjer meg om, lova nokon å prøva å få tid til å skriva ein poetisk tekst om ein helgen. Eg trur det var om den heilage Therese, men sant å seia er eg viss ikkje heilt sikker…

I går åt eg blomkålsuppe med gode venninner, og me snakka oss gjennom sore deler av den lyse, blonde juninatta. Eg elskar norske sommarnetter, og nå skal eg nyta dei heilt til eg reiser inn i tropenettene, sjølv om det å sova litt i og for seg ikkje hadde vore dumt det heller.

Heidi

Kattungar i garasjen.

I garasjen på skulen var det plutseleg fem små kattungar, den eine fant me oppi søppelkontainaren. Dei var for små til å klara seg sjølv ,så ein del av lærarkollegiet med inspektøren i spissen, var på kattunge-jakt mellom trillebårer og grasklypparar. Til slutt var dei fanga og Synneva og Jan Ivar var edle nok til å gje dei ein pleieheim med kattekorg og morsmjølk-erstatning for katt. Ungane på skulen seier at dei såg ein ihelkjørt katt langs vegen. Det kan vera forklaringa på at mora er sporlaust vekke.

Eg har ei kjensle av å gjenta meg sjølv litt. At eg alltid skriv om kor utruleg travelt eg har det, kor mange vakre kvardagseventyr eg opplever og kor usannsynleg trøytt eg er. Må bare innrømma at det er ein slik tekst eg kunne ha lyst til å skriva i dag og. Eg har nettopp kome heim frå Cabaret på ungdomsskulen der dotter mi på snart femten spelte gammal dame med puter på rompa og ballongar i BH-en. I går kom ho med ein kjærast eg måtte helsa på. Uverkeleg at ungane mine opererer med kjærastar.

Og om ei veke og to dagar dreg eg til Afrika. Skjelve, skjelve… Eg har bestemt meg for at eg ikkje har flyskrekk lenger, for at eg ikkje kjem til å få malaria eller kolera og unngår alle bilulukker… Samtidig gler eg meg, og kriblar av undring og skrekkblanda fryd for det eg skal oppleva. Me skal bu ute i bushen hos ei afrikansk dame som jobbar med psykisk utviklingshemma, og som er fostermor for diverse ungar kor av minst ein er autist…
På helsestasjonen har eg fått både hepatitt A og B sprøyte i tilfelle eg blir utsett for biting eller kloring.
Det eg gler meg aller mest til eg faktisk å møta alle ungane som bur der. Ho er til dømes bestemor til trillingar under eit år som bur hos henne.

…Men først skal eg sova og sova og sova, og så er det
Afrika neste…

Heidi

Utan sikkerhetsnett.

Så har me allereie send mai månad ut over sidelinja. Det har vore ein månad full av liv og mange selskap, med ny limefarga linduk på bordet. Det har rukke å bli juni. I mellomtida har det vore tid for liljekonvall og rabarbra. Det har vore tid for brudespirea og vipeskrik. Og her har eg ingenting skrive…

I morgon er det premiere på “Mio, min Mio”. Tjueseks sprell levande ungar, kostyme, sølvfarga tresverd, store klasar med syriner og korger med brød og vatn, plantefarga garn i store korger, og mikrofonar som i beste fall virkar som dei skal.

Som dei ambisiøse instruktørane me er, Jan Ivar og eg, har me spikka fløyter, sydd bakteppe, sydd spisshetter og svarte kjortlar, klatra opp murvegger for å tetta alle lysglugger inn til scenen, plukka blomar og handla hampetau og runde steinbakte brød. Me har bygd brønn av ein gammal balje pluss gråpapir og hønsenetting, og me har laga tresverd og svarte kappar…

Så nå kjem det meste an på ungane. Det gjer litt vondt å vera i konkurranse med leirskular, musikk- korps, turnfestivalar og Sydenreiser når siste hand skal leggjast på verket, men me har gjort så godt me har kunna… Og i morgon kjem dei heilt sikkert alle saman, for då brakar det laus… Tusen menneske kjem for å sjå på oss, fordelte på fem framsyningar, og det meste kan gå gale… Å driva barneteater er som å turna i trapes utan sikkerhetsnett. Det er uuthaldeleg nervepirrande, og utruleg fascinerande. Så hald tomlar og kryss fingrar…

Og når siste framsyninga er over, skal det skrivast spesial- pedagogiske rapportar for den andre delen av jobben min. Så skal me feira at sommeren er her, og om tre veker reiser eg til Afrika. Eg er vaksinert mot det meste nå, og har resept på malariamedesin som eg må hugsa å levera inn.

Ei nær venninne har vore gjennom ein stor operasjon og fått vita at ho ikkje er alvorleg sjuk. Eg er jublande glad for det, og innser at det gjeld å skilja bagatellar frå det som verkeleg betyr noko.
Heidi

Tiande mai…

Mai månad kveler oss,
velmeinande og vennleg
tek han strupetak
med alle desse kirsebærblomane,
denne vennlege brisen
korleis vågar han røra oss på denne måten?

Svart-trost og vipe,
måltrost og alle desse andre
som aldri kan gje oss fred
Den første krydra angen av gras
etter ein lang vinter
Tunge angar av spirea,
nyutsprungne bjørker
og tidlege blomar

Alt dette som hentar oss inn
som gjer kveldslufta rusa av kjensler
og får oss til å lengta.

Å lengta etter det som var
Å lengta etter alt som kunne ha blitt
Å lengta etter alt som koma skal.

Trøytte av lengt,
med armane fulle av liv,
står me her og kan ikkje sova.
For våre urolege sjeler si skuld
finn me ikkje kvile.

Ein stad høyrer me gauken gala
for aller første gongen.

Snart skal blåklokkene
ringa sommaren inn
og me skal pusta friare.

Heidi

Helga derpå…

Sist sundag vart ein fantastisk dag. Me var seksten til frokost, og eg gråt i kyrkja då ungdomane gjekk fram ein og ein for å bli krossteikna og velsigna. Eg gråt då solisten song salma mi og. Ingrid var så fin i den grøne
bunaden eg hadde rukke å bli ferdig med å brodera. Ute skein sola, og Ingrid og eg hadde dekka bord dagen før med rosa og oransje serviettar, sjokkrosa lys og enkle
rosa gerbera i seks farga ikeavasar på kvart bord. Duken var himmelblå, og det var vakkert. På småborda rundt hadde me gule påskeliljer, kvite pinseliljer og raude tulipanar i store gavmilde vasar.

Om morgonen var me redde for at me hadde for lite mat. Kjærasten min sprang i full panikk og henta fram wienerpølser frå fryseboksen, men alt i alt hadde me viss hatt mat til førti mann til då dei førtito gjestene våre var mette og fornøgde. Karbonadar, spekekjøt, gravlaks, lasagne, heimebakt brød, eggerøre, kjuklinglår, potetsalat, pastasalater og store skåler med annanslags salat hadde me på bordet, og alt smakte godt. Så var det talar, og songar, leiker og stort gavebord. Alle ville ynskja lille Ingrid, som er blitt så stor, lukka til med vegen vidare. Det var gelé, vaniljesaus, sjokoladepudding, iskaker, rabarbragrøt og kransekaker. Så var det lysbileteshow med musikk og kommentarar før det var på tide med kaffi og all slags fantastiske kaker med og utan konfirmantar i plast. Ingrid haldt vakker takketale og alle var glade.

Me var bare ti til kveldsmaten, som var oppvarma rester etter festen. Sidan åt me restar meir enn halve veka til frokost, lunsj og middag.

Etter nok ei travel veke. såg eg verkeleg fram til ei roleg helg, og akkurat det har eg hatt. På fredag var me på teater, og det var alt me hadde av program for helga.

I går var eg så trøytt, så trøytt. Eg rydda hus halve dagen og vaska alle blomevasane etter festen. Eg tok med meg Sunniva og ei venninne og kjørde til stranda. Etter å ha gått langs strendene i ein time mest, sette eg meg på ein planke og lente meg inn til ei varm sandyne pakka i marehalm. Eg snuste inn den salte havlufta, høyrde på måkeskrika, lukka augene og lot andletet mitt bli kjærteikna av den gode varme sola. Og så somna eg…

Det er heilt ulikt meg å setja meg ned og somna ute midt på dagen. Kanskje eg sov i ein halv time før Sunniva vekte meg og lurde på om me skulle heim. Ør og fortumla vakna eg. Det kjendest som om eg hadde sove på nokon sitt fang, og eg hadde ikkje lyst til å vakna. Min første tanke var at eg ikkje orka å vakna, ikkje orka å gå heilt til bilen og kjøra heim att, men det gjorde eg…

I natt sov eg tolv timar og då eg vakna hadde eg lyst til å sova meir. Eg la meg på sofaen og las litt. Odd Christian bakte sjokoladekake, og inviterte venner og venninner til kake på verandaen vår.

Utpå dagen kom sola fram, og eg gjekk ein lang tur heilt aleine. Det er så vakkert ute nå. Desse intenst grøne trea som nettopp har sprunge ut bare står der ob finst til. Så er det epleblomar, kirsebærblomar og store enger fulle av intenst gule løvetenner. Mai er ein deilig, deilig månad å lena seg tungt i mot. Nå vil eg leggja meg på verandaen og lesa litt i ei filosofibok, og så går eg kanskje på kino i kveld. I morgon startar ei ny intens arbeidsveke, og eg håpar eg har klart å sova meg inn.

Heidi

Extreme makeover…

trur eg det heiter det programmet som er på TV-en min akkurat nå. Det handlar om menneske som blir trekte ut i eit lotteri til å få forandra heile seg. Jenta på skjermen skal få ny nase, brystimplantat og større hake. Familien hennar jublar i lykkerus over kva ho skal få oppleva, og ho blir henta i ein stor limousine. Så er det tid for tannoperasjonar, naseforminsking, hakeimplantat, silikonbryst og eg veit ikkje kva. Som dei treffande nok seier på TV: “omfattande kirurgi. “ Øvre og nedre øyelokksløft, gløymde eg å nemna det? Akkurat nå ser eg kirurgane hamra laus på nasebeinet til den stakkars jenta med ein meisel medan ho sjølv naturleg nok ligg i narkose.

Når ho kjem heim att er slekt og venner samla til eit stort
glamourparty. Som ei Askepott skal ho skrida ut av den
eksklusive bilen, og alle skal jubla vilt og uhemma over forandringa. “ Oh my God, I don`t believe this! I`m so happy for you!” Så skal alle leva lukkelege resten av sine dagar, og snipp, snapp, snute…

Det eg undrar på er om ikkje desse lukkeleg nyopererte vil bli ekstremt opphengde i utsjånaden sin. Dei har jo fått heile sitt nye menneskeverd bygd på at dei er blitt så vakre. Og er det ikkje ei bekrefting på at dei ikkje var bra nok frå før når bejublar forandringa?

Kva slags verd er det me lever i?

Heldigvis, eg las i ein artikkel i dag at sjarm og personleg utstråling i fylgje psykologiske testar i mykje større grad avgjer korleis ein blir oppfatta enn om ein har såkalt perfekte mål og proporsjonar. Me får trøsta oss med det, eg og alle andre som ikkje under nokre vilkår vil utsetja oss for extreme makeover…

For å vega opp for TV- programmet siterer frå eg ein norsk barnesong ,som me forresten song i konfirmasjonen for ei veke sidan:

Jeg liker dine store ører.
og nesa di har nydelig profil.
Jeg liker dine mange tusen fregner,
og jeg elsker ditt gode smil.

Heidi

Stora kalas

i gamla hus på landet gillar jag… For tida dreier livet seg mykje om stora kalas. Dessverre ikkje i gamle hus på landet, men ei stor og fin kantine har me fått låna. Det blir nok bra.

Om ei veke i dag skal Ingrid konfirmerast. Me skal ha stort selskap. Me blir førtiseks til bords, og me skal få ti overnattingsgjester. Litt av kvart skal førebust. Bunaden er montert, og jenta er vakker. Sjølv måtte eg sjå på det å få på meg mi eiga folkedrakt som eit tapt slag, noko som i det minste var det ein anledning til å få seg ein ny kjole. Ingen sure miner over det, men eg gjer ikkje opp. Ikkje denne jenta nei…

I går bakte me masse rundstykke til fryseboksen. Me har skrive lange lister over ting som skal ordnast, kjøpt sjokkrosa servietter, nettinglysestaker og vaser på Ikea.
Me har laga lysbileteshow over tida frå då ho vart fødd og fram til nå, skrive to songar, og laga bordkort med teikningane hennar på. Under trappa står det tretti liter brus, i kjøleskapet er det reker og fetaost. Eg har laga ei salme som kanskje skal brukast i kyrkja om komponisten blir klar med melodien, og songaren rekk og øva inn, og eg har liste på kjøleskapet over kven som skal laga kaker.

I hovudet mitt sviv ein vakker tale, og eg har ambisjonar om å få huset på eit bortimot akseptabelt norsk husmornivå før gjestene ramlar inn. I alle fall spindelvevfritt, trur eg… Kjærasten min har planta blomar i dei blå keramikk- krukkene framfor huset, og me har sortert gamle sko i eit forsøk på å rydda opp…

I går ringde Thorbjørg på døra. Ho hadde laga fire former lasagne til festen vår, og vart dermed lokka inn på kaffi. Det varmar at så mange menneske stiller opp for meg når noko skal skje.

I dag må eg montera bunadvesten til Halvard som var blitt for liten og måtte syst ut litt. Så skal eg sjå om eg har lange og mange nok dukar.

Innimellom minner eg meg sjølv om at eg ikkje må bli stressa, for dette skal jo vera kjekt. Og stort sett trur eg på det.

Mest av alt undrar eg meg her eg sit med bileta av ein liten, kvithåra og litt reservert toåring med vurderande blikk og tommeltotten i munnen. Ho som hadde ein bamse som av alle ting heitte Nils Gerhard Elgåsen. Kor hen er fireåringen som elska kaffi og kålstuing, men ikkje likte jordbærsyltetøy? Så ufatteleg fort tida går. Og så ufatteleg at eg sit her og er ei kvinne i førtiåra som undrar meg over at tida går fort. Det er jo gamle tantar som snakkar slik, og eg er jo….

…nyssgjerrig, barnslig, sentimental og oppegåande.
Ikkje sant?

Heidi

For første gongen

fell eg for fristelsen å kopiera ei liste.

Plånbok – Svart. Ser ut som lær, men er sikkert imitert.
Inneheld, bankkort, førarkort som gjekk ut for
tolv år sidan (-heilt sant), bibliotekskort, tusen
kvitteringar. Hentelapp på bunadsølv som eg
leverte til reperasjon for eit år sidan og aldri
har henta. hentelapp hos skomakaren, og
masse kvitteringar for ting eg har handla
for jobben, men framleis ikkje fått levert.

Hårblås – Grå plast. Kjøpt før eit keisarsnitt fordi
eg fekk beskjed om at operasjonsarret
burde varmluftstørrast. Fønar aldri håret.
Det blir finare med luft- tørking.

Tandborste – Kvit og rosa. Sikkert klar for utskifting.

Smycken- En frälsarekrans om handleddet. Sølvsmykke
med stor lapisstein, svart kors i blodstein,
eller glaskors med oransje effekter støypt inn.
Har fleire sett fine sølvøyredobbar, men brukar
dei sjeldan fordi eg er allergisk mot det meste.

Strumpor – Som regel svarte. Om vinteren ullsokkar
for å halda føtene varme. Har dei siste åra
hatt lett for å få urinvegsinfeksjonar. Elskar
å gå barføtt om sommaren.

Örngottet – Helst i nyvaska bomullsstoff.

Filt/Täcke – Har ei fantastisk dundyne med bomullstrekk.
Elles så liker eg gode varme ullpledd.

Solglasögon – Har mest aldri hatt fordi eg brukar briller,
men tenker kvar sommar at eg skal
investera i eit par med styrke på glasa.

Underkläder -Helst i bomull.

Skor – Sko som er gode å gå i. Kjøpte sånne dyre til
halv pris i haust. Kva er det nå det merket
heiter då?Dei er lyseblå og kosta fem
hundre på salg og er dei beste skorne i verda
Namnet står utheva under solen
slik at det viser på spora, men eg orkar
ikkje springa for å sjekka. Art? Trivst best i
skor “made for walking.”

Nagellack – Nei aldri. Då eg hadde eksamen i forteljar-
teknikk for to år sidan malte eg av ein eller
annan grunn tåneglene sjokkrosa. Eg gjekk
barbeint og det gav meg merkeleg nok
kjensla av sjølvtillit. Har aldri gjort det
verken før eller einare.

Handväska – Ja, hundrevis. Ein venn kallar meg “the
baglady”. Dei to eg har brukt i dag:
Ei lita svart veske med små speglar
kjøpt på indiska i København og ei stor
knallturkis veske med fargesterke papegøyar
i tre lånt av Ingrid.

Nyckelring -Har inntil nyleg hatt ein med skriket av Munch
figur i plast. Ein gave fordi eg alltid leitar
etter nøklane. Festet på anhenget rauk rett
før påske.

Dator – Arva etter sonen som har arva etter far sin. Veit
ikkje kva han heiter. (Maskinen altså, ikkje faren.)

Favorit-topp – Ja, sei det. Ein gullfarga topp kanskje?
(som er i ferd med å bli heilt utslitt.)

Favoritbyxor – Ei vinrød bukse med stretch som desverre
akkurat nå har takka for seg pga slitasje.
(Gjekk to hol i ho andre påskedag. Sukk!)

Shampoo/Balsam – Ein som ikkje kostar for mykje. Me er
ein familie på seks der tre har ganske
langt hår.

Tvål – Noko som luktar godt.

Parfym – Blir alltid skuffa om eg kjøper ein dyr. Klarer
ikkje tunge lukter.

CD i stereon just nu – Gospel med Louis Armstrong?

Bil – Nokså ny sølvfarga Ford Galaxy. Kjærasten min
klarte å overtala meg. helst ville eg kjørt den
gamle Caravellen til han takka for seg.

I kylskåpet – Lettmjølk, egg, lettmargarin, gul ost, brun
ost, lettrømme, kesam, løk, sennep, gravlakssaus,
konditorfarge, neglelakk (ikkje min), fårepølse.

Stereo – Det har skurra noko voldsomt sidan desember.
Trur me har sprengd ein høgtalar.

Mobiltelefon – Siemens. Har akkurat brukt opp
kontantkortet og hadde tenkt å kjøpa nytt i
kveld. Nå får eg viss ikkje tid fordi eg brukar
kvelden opp på dette 🙂

Og der var eg i mål. Merkeleg greie at det klør i fingrane når ein ser slike lister… Ei slags sjølvbekrefting, kanskje…
Lurer på om dette fortel skjulte historier om meg…
Om nokon i det heile tatt gidd å lesa då 😉

Heidi