På fredag hadde eg fridagen min. Timeplanen min er slik at eg har fri fjerdekvar fredag. Det er ikkje nokon dum idé.
Morgonen bar med seg regn i store bøtter som vart tømd gavmildt over dagen. Dei siste vekene har det verkeleg regna ualminneleg mykje, sjølv til å vera her hos oss i vårt vesle våte og forblåste hjørne av verda.
Planane for dagen var å ta toget til byen for å ha ein bydag heilt i mitt eige selskap. Framleis er det slik i den vesle byen eg bur i at når me seier “Byen”, så meiner me den store byen som ligg tre- fire mil unna. Regnet haldt på å vaska entusiasmen min vekk, men eg fann at ut som ekte nordmann så veit eg at det ikkje dreier seg om dårleg ver, bare om å kle seg rett. Dette er eit fundamentalt dogme alle barn tidleg får læra, elles ville dei ikkje bli i stand til å trivast her.
Målet for ekskursjonen var å handla nye klede på UNO, for der hadde eg sett noko eg likte. Vel inne i butikken pusta eg djupt inn og plukka med meg eit fange klede eg rekna med kunne vera store nok. Å operera i prøverom kan vera ein stor styrkeprøve når ein har så mykje kropp som meg. Kunsten er å ikkje spegla seg alt for mykje før kleda er på, og når dei er på må ein prøva å bruka eit venleg blikk når ein ser seg i spegelen…
Akkurat då eg var i ferd med å bli litt motlaus tikka det inn ei melding på mobilen min. Det var Synneva som ville ha meg med på fredagskaffi på kaffibaren heime. Dette fekk meg til å kjenna at eg nesten hadde fornuftig selskap i det avskyelege vesle avlukket, og det enda med at eg måtte velja ut fire klesplagg fordi eg hadde lyst på endå fleire. Som den lukkelege eigar av ei knallrød bukse, to limegrøne toppar og eit langt lilla skjørt gjekk eg med lette steg ned mot torget.
I torgtrappa i regnet møtte eg ein ukjend mann. Han smilte med augene og begynte å synga for meg. “Beautiful woman walking down the stairs…” Situasjonen kjendest plutseleg heilt surrealistisk, som om eg hadde ei rolle i ein meir eller mindre tåpeleg musikal. Eg venta bare at gjøglarar på stylter skulle omringa meg og sjonglera med ballar og brennande faklar. Eg smilte til ei dame i gullfarga fotsid regnkåpe og stor rød hatt som gjekk barbeint i sandalar, og eg åt plommer frå Ryfylke medan regnet vaska det strame plommeskinnet rundt det solmogne fruktkjøtet. Etterpå kjøpte eg meg ein vakker haustbukett av blomsterhandlaren og gjekk for å ta toget heim.
September er ein månad full av vemod, venleik, regn og mogne plommer. Ein veit aldri kva ein kan venta seg.
Heidi
Det å vera hypokondar må vel vera eit utslag av å ha ein godt fungerande fantasi? Det å med jamne mellomrom tru seg alvorleg sjuk klarer ein vel ikkje om ein er fødd heilt utan innlevingsevne?
HC Andersen hadde alltid med eit tau når han var ute og reiste i tilfelle han skulle bli nøydt til å fira seg ut gjennom vinduet frå eit brennande rom. Steget meir sært er det vel likevel at han i følge biografien eg fordjupar meg i nå, alltid hadde ein lapp på nattbordet der det stod: “Eg er bare skinndød…” Dette i tilfelle dei skulle finna han livlaus i senga og ikkje prøva seg på gjenoppliving…
På ein måte har eg forståing for gamle Hans Christian. Sjølv fekk eg eit relativt uskuldig kink i ryggen på måndag morgon. Det bekymrar meg litt at det framleis gjer vondt. I jobben min som spesialpedagog må eg bøya meg og vri meg, strekkja meg, løfta og handleia. Ein del av desse tinga gjer faktisk veldig vondt når ryggen gjer vondt. For å gjera jobben min skikkeleg, treng eg å kunna halda fast, krypa på golvet, springa veldig fort når det trengst, og å kunna bera tungt om uhellet eller epilepsien er ute…
Og eg har lett for å tenkja: “Det er nok mi skuld det…” når noko står på. Eg bøyer hovudet i skam og veit at eg trener rygg- og magemusklar for dårleg, trimmar for lite og er for tung. Kanskje er det rullestolen neste,
som ei straff for å ha levd bekymringslaust og skippa joggeturane, for at eg i sommar i fleire høve har ete nysteikte vaflar og til og med ein og annan iskrem?
Kanskje vil eg i all framtid seia: “Eg hadde ingen helseproblem før eg var 43, men då takka ryggen for seg”… Eller kanskje det eg trur eg ein forstrekt muskel er første teikn på nyresvikt, bechterev, tidlig overgangsalder eller MS? Burde eg gå til lege, fysioterapeut eller kiropraktor? Burde eg sjukemelda meg?
Sanninga er at eg kvir meg for alt dette, og innerst inne reknar med at det snart vil ordna seg. Sit eg ikkje her og skriv? Og så lovar eg meg sjølv at om eg bare blir heilt god att om ein dag eller tre så skal eg skli inn som Fedon Lindberg, Grethe Rodhe og Vektvakterne sin fremste apostel. Eg skal sykla og gå og bøya og tøya…
Bare minn meg på det. Kanskje står helsa framleis til å redda… Og som eg skreiv i innleiinga: Sanninga er at eg aldri har hatt helseproblem fram til nå…
Men eg skal snart leggja meg med HC Andersen. Han er helten min…
Heidi
Hundre tusen bøtter vatn, vert i skrivande stund slepte ned mot takvinduet mitt. Himmelen er ein einaste stor dusj, med eit eventyrleg trykk på vatnet.
Eg sit her på loftet mitt og skal skriva ein song. Ein viktig song er det, til opninga av ein skulpturpark i den vesle byen min. Det er eit bestillingsverk av ein song som skal syngast av fem hundre barn på opningsfesten. Det er ei merkeleg greie å ta slike oppdrag. Her er det snakk om å driva skinnhandel før ein har sett spor av bjørn.
Hent fram ein klovn med hatt og fiolin.
Finn styltene fram, send skråblikk ned på livet.
Om dagen er open, om han er trong,
om du snublar kvar einaste gong
så la gleda få plass i din song…
Eller noko slikt i refrenget, kanskje…
Eller det kan tenkjast det blir heilt annleis.
Parken skal i alle fall bli fin.
Om ein time opnar ei eg kjenner ei skulptur- utstilling i eit lokale eit stykke frå der eg bur. Eg hadde tenkt å sykla dit, men verken Helly Hansen eller H2O- regnklede kan halda stand mot desse mengdane med vatn i meir enn maksimalt eit kvarter. Kan ein koma søkkvåt til ein vernissage sjølv om det framleis er varmt sommarregn som høljar ned? Truleg ikkje…
Snart må eg skriva meir. Eg har lova komponisten eit førsteutkast på måndag. Godt at eg har ei roleg helg.
Men du all verda så mykje kreativt arbeid eg har teke på meg… Eg torer ikkje ein gong skrive ei liste her over alt det eg har lova å laga. Det er skummelt å seia ja til oppdrag før ein har fått sjanse til å laga produktet. Nokre gonger er eg ei modig kvinne. Eg trur, hjelp mi vantru.
Heidi
Me sit på trappa til Linda i Morogoro. Eg har møtt ein mann som snakkar bra engelsk. Han er onkel til jenta som skal gifta seg. Han er her for å feira, men denne kvelden har ingen feiring teke til. Me sit saman ute i den mørke kvelden og snakkar om ulike måtar å leva på..
“I have to ask you a question,” seier han fortruleg:
“I have heard that you don`t spank the children in school in Norway, could that be true?”
Han er godt over seksti, og ein sjarmerande mann. Augene lyser og smilet er breitt, likevel er eg ikkje i tvil om at spørsmålet er heilt seriøst meint. Tålmodig og smilande fortel eg at det er forbode ved lov å slå ungar i Norge. Det er forbode på skulane, og det er forbode for foreldra. Dersom du slår eit barn i Norge kan du bli politianmeld, fortel eg, og prøver å sjå dramatisk ut.
“But how is that possible?” spør han vantru. “How can you talk them into obedience when you can`t even spank them?” Eg fortel vakkert om å byggja tillit, om å oppdra med kjærleik, om å skap trygge relasjonar i staden for
autoritetsredsle.
“Yes,” seier han. “But my question is, is that possible?”
Eg insisterer på at det er det, og prisar meg lukkeleg for at han har lite tilgang til norske skuleklassar. Eg er ikkje sikker på at han ville blitt overbevist av å droppa uforvarande inn i norske klasserom på uheldige tidspunkt.
Han snakkar med låg stemme om det bibelske prinsippet:, å tukta sine barn til lydnad, og om den gudegitte rumpemuskelen som er skapt for å tola slag. Eg prøver å leggja fram mi oppfatning av det heile, og argumenterer med at før eller sidan vil barna uansett vera for gamle til at ein kan bruka juling som straffemetode. Han meiner at foreldre må ha lov til å slå barna til dei er i alle fall tjue år om dei oppfører seg hinsides all folkeskikk; og legg smilande til at det ville vera hans plikt som far å slå attenåringen sin “if he was behaving really bad.”
Eg innser at kulturforskjellane ikkje er på mi side, eg er i framand land der naboen heilt utan å skjemmast, slår treåringen sin med ei grein om det synest fortent. Eg er ein stad på jorda der rektorane har seansar kvar fredag med lange rekkjer elevar som fortener pryl. Dette er eit land der elevar på gymnaset må liggja på kne i skulegarden i ein time for å sona for sine synder…
I tillegg må eg innrømma at dei aller fleste ungane eg møter her er påfallande høflege, smilande og veloppdragne.
Likevel set eg inn ein tirade om at vald avlar vald, og respekt avlar respekt. Eg seier noko om at eg at mine barn skal respektera meg av kjærleik og ikkje av frykt. Samstundes kjem eg til å tenkja på at då eg var eit lite barn for snart førti år sidan, då var juling ein del av livet i gata der eg budde og. Ikkje det at foreldre slo så ofte, men eg visste om dei som hadde både teppebankarar og kleshengarar som stundom vart brukte til lite ærverdige føremål.
Til slutt avrundar eg alle gode argument og smiler så overbevisande eg kan. “Did I convince you? “ spør eg og kan ikkje la vera å smila. “You nearly did, “ svarar han med glimt i auget. Seinare kjem han og stryk meg over håret i ein ubevakta augneblink. “Heidi;” seier han “I really like you…” Nok ein gong blir eg minna om at eg er på framand jord.
Heidi
kostar eg på meg eit postludium. Dette er siste rest av sommarferie, final countdown, game over…
Eg veit jo at dette er bare framhaldet, men ein sommarferie glir så vemodig fort gjennom fingrane på eit menneske, sjølv om ein som lærar burde ha vett til å halda munn om vemodig korte somrar…
Ein riktig deilig sommarferie vart det, og eg må ærleg innrømma at eg er litt overvelda over alle desse mangefarga ballane som igjen skal kastast opp i lufta, og av alle desse trådane som skal nøstast og tvinnast…
Skal eg vera brutalt ærleg så har eg rett og slett litt prestasjonsangst før eg set første penselstrok mot lerretet.
Siste rest av ferie kunne ikkje vore stort meir makeleg enn det eg har opplevd i dag. Det nyttigste eg har gjort heile dagen har vore å soltørka masse klede på klessnorene mine, og å få dei vakkert samanbretta inn i skapa. Det har vore tretti varme grader eller noko slikt på verandaen min. Eg har drukke vatn med isbitar, og lege på magen og sola ryggen medan eg har lese gamle julenummer av vekebladet “Hjemmet”. Og så vart eg faktisk invitert over til naboen på noko så sunt som eit glas vatn, – det smakte godt.
Me feira Gunnar sin 43- års- dag med druer og kirsebær, blåbær og bringebær, pærer og moreller, melon og mango. Me drakk kaffi og åt kaker og det var eplecider og taffelvann. Dei hadde dekka vakre bord i hagen, og me var tretti mann til bords. Leif tok vakre bilete, trur eg skal låna eit og bruka her.
I morgon skal eg på jobb frå halv ni om morgonen til langt på kveld, og nå er eg så trøytt at augene held på å detta igjen. Eg skal nå markera overgangen til arbeidslivet og ta den gamle lærarkalendaren ut av permen og binda på ein tråd. Så skal eg setja inn den nye og gjera meg klar for eit liv med blanke ark og farjestifter til…
Og enno skal seinsommaren kjærteikna oss lenge.
Sjølv skal eg skli sovande inn i tropenatta med open verandadør…
Heidi
Charlie dansar. Dei litt skråstilde augo hans lyser, og han beveger seg i rytmen som om han er løyst frå all jordisk bekymring. Charlie har romslege dongeribukser og eit breitt belte med nagler og dekor. Han gløymer at den kroniske augebetennelsen gjer han ubehag, smilet hans lyser opp i den mørke varme natta som pakkar seg rundt han. Charlie er ikkje ein mann som har ordet i si makt, han utrykkjer seg betre gjennom rytmer.
Charlie liknar til forveksling gutar og menn eg har vore glad i langt nord, på den andre sida av ekvator. Samstundes er han annleis. Fellesnemnaren for desse mannspersonane, som alle har fått eit par kvadratmeter plass i hjartet mitt, er at dei har Downs syndrom.
Jabil kan litt italiensk, og ein heil del engelsk. Han snakkar flytande swahili og har språkkunskap som sitt favorittsamtaleemne når han møter nye menneske:
“-Good morning? – How are you? How is home? How are your children? You know what is mother in English? Mama!
Also mama in swahili!” Talegavene hans er hans største fortrinn i dette vesle samfunnet, for det er mykje anna han må streva med. Ein cp-skade har gjort føtene hans ubrukelege til å gå med. Jabil forflyttar seg med å krabba på alle fire. Han brukar krypeputer på knea og plastsandalar på hendene. Ingen har sett seg råd til å gje han ein rullestol.
Biki feiar gardsplassen. Ho feiar vekk dødt lauv og papirsøl frå den hardtrampa raude jorda. Biki har på seg ein dongerikjole i storleik fem år. Ho er fødd med ein form for dvergvekst som gjer at kroppen hennar for alltid vil sjå ut som om ho er fem år. Mentalt kan ho kanskje vera eit par år eldre. Biki har levd i førti år. Ho er flink til å arbeida, og sjølv om ho er så lita av vekst kan ho klara å bera ein eitt-åring i knyte på ryggen medan ho feier og ryddar.
Linda har tjue barn og ungdomar med psykisk utviklingshemning buande. Dei kallar henne mama, og ho prøver å gje dei eit liv der dei kan leva som respekterte og glade menneske. Først var det ungdomar ho ville hjelpa, men ryktet om henne gjekk, og enkemenn kom med små funksjonshemma barn og fortalde at utan ei mor hadde dei ikkje sjanse til å ta seg av dei på ein skikkeleg måte. I Tanzania er det ikkje nokre velferdsordningar som tek vare på menneske som ikkje klarer å ta vare på seg sjølv. Dersom storfamilien ikkje makter oppgåva, finst det ikkje noko sikkerheitsnett som fangar opp dei svakaste.
På Mehayo der Linda har skapt ein heim for dei, har dei ein lite snikkarverkastad. Dei lagar batikkarbeide og keramikk- krukker. Det viktigste grunnlaget for å klara seg er at dei dyrkar mais og grønsaker. Dei minste barna får tre timars undervisning kvar dag i små klasserom. “Hugsar nokon korleis eit to-tal ser ut?”.
Med jamne mellomrom reiser dei som kan vera på maisåkaren opp dit med lastebil for å arbeida. Etterpå sit dei i dagevis og reinskar mais. Nokre gonger henter gutane trommer og trommar til arbeidet medan Charlie dansar. Linda får ingen stats-støtte til arbeidet sitt. Ho arbeider som lærar for å tena pengar til å kjøpa mat.
Linda trur på under. I vår hadde ho problem med å brødfø barna sine. Brød er forresten upresist å seia. Ho mangla ugali- mjøl nok til å laga nok ugali, maisgrøten som er fundamentet for næringa. Ho bad til Gud om å få nok ugalimjøl til å kunna gje dei mat tre gonger til dagen som var det normale. Ho presenterte samstundes Gud for ei reserveløysing: Viss ho ikkje fekk nok mat til å la dei eta tre gonger dagleg, kunne Gud då gjera eit under slik at ungane kjende seg mette likevel? Gledesstrålande fortalde ho at ho var blitt bønhøyrd. Ungane hadde vore glade og fornøgde og ikkje gjort det til eit problem at dei ikkje fekk kveldsmat.
Om kveldane sit dei rundt bålet og snakkar, eller dei dansar ute på den store gardsplassen til gospelmusikk. Dei søv to eller tre i kvar seng og vaskar sine eigne klær i ei bøtte kaldt vatn når kleda er blitt skitne nok.
Sahri, ei finsk jente som jobba der som frivillig i ein periode kjem på besøk medan me er der. Ho fortel at ho alltid lengtar litt tilbake til Afrika etter dette opphaldet, som ho beskriv som noko av det sterkaste ho har opplevd i livet.
Ho seier: “People think it must be a miserable life, but anyone who stayes here can see that it is a good life! “
Eg trur eg skjønar akkurat kva ho meinar.
Heidi
Fargetonane er annleis i Tanzania. Skulle eg mala Norden, ville eg bruka akvarellskrin eller pastellkritt. Skulle eg mala Afrika ville eg bruka akrylfargar: Brent oransje, knall raudt, safrangult og svart. Det er som om alle sanseinntrykka blir annleis. Her er det svalt og vakkert, der er det brennande og vakkert.
Folk har ikkje vidusglas i husa sine. I staden har dei myggnetting som ikkje isolerer lyd. Natta blir derfor fylt med lydar enn ho er sjølv for opne vindu midtsommars her heime.
Først, når mørket fell på vaknar sirissar og grashopper og held lange og vedvarande konserter. Ein og annan ekstremt høglydt frosk hiv seg på. Naboen, som heller ikkje lever særleg lydisolert, har eit kolikkbarn som ofte skrik ein times tid om kvelden. Ein gong mot midnatt llstartar ein av hundane i nabolaget å gøy, alle dei andre hundane i kilometers avstand hiv seg på, og ular fleirstemt mot månen.
Ei laurdagsnatt er det lovsongsnatt i ei nærliggjande kyrkje, og dei lovsyng bokstaveleg talt heile natta. Dei psykisk utviklingshemma ungdomane elskar å dansa, og nokre gonger dansar dei utanfor huset der dei bur til høglydt gospelmusikk. Dei har eigne trommer som dei av
og til trommar på med sikker rytmesans. Ingen naboar eller andre ser ut til å irritera seg over lydar og musikk, dei viser ein forbiletleg toleranse…
Den eine natta vaknar kolikkbarnet før soloppgang og skrik, medan faren tålmodig prøver å roa det ned. Etter ei stund tek han til å synga for barnet. Ungen roar seg og seansen går over i universell babling: “va-va-da-da-da”…
Om me er vakne og merksame høyrer me imamen i byen ropa ut morgon- og kveldsbøn frå minareten, og hanane i nabolaget smitter einannan til ein felles vekkingsinnsats for heile området. Etterpå vaknar høneneog startar kaklinga si, og så vaknar naboen sine griser. Dagen begynna.
På same måten er det med luktene. Mugglukta frå Dar es Salaam viste seg heldigvis å sleppa taket utanfor flyplassområdet. I staden luktar det varm jord og krydder.
Det lukter røyk frå båla, og frå mat som vert kokt over open varme, og folk ser ut til å ha eit avslappa forhold til svettelukt. Når ein sit i dala-dalaen, minibussen på storleik med ein folkevognbuss, og dei presser inn ti personar til etter at bussen etter alle skandinaviske mål forlengst er full, kan lufta bli ganske tett. Etterkvert får me auka kompetansen på å krypa, åla og pressa oss veg til vår tilmålte stad av setet som kan vera omtrent 25 cm…
Under reisa sit ein tett pressa saman med ein kropp på kvar side, ein rygg mot knea og kne mot ryggen. Aldri meir skal me klaga på storleiken på flysete eller buss- sete her heime…
Og den dagen eg faktisk slappar av i denne inneklemde tilstanden midt i tette eimar av svette, deodorant, bensin og billeg parfyme, då kjenner eg meg litt som ein verdensborgar der eg sit… Heilt til eg møter utfordringa å koma meg ut av kjøretøyet…
Heidi
Noko av det første eg stussar på i Tanzania er at egga har kvit plomme. I dei kokte egga kan ein skimta ein svak gulfarge, dei steikte ser heilt kvite ut. Eg skjøna jo forsåvidt i same tanken at det må ha noko med hønsefor å gjera. Likevel blir det for meg eit bilete på at ein del ting er det umogleg heilt å forestilla seg på førehand…
I Dar es Salaam får me problem med å finna ein bank som kan veksla dollarane våre sidan det er sundag. Til slutt finn me eit finare hotell som kan ordna det for oss, rett nok ein tanke dyrare enn gjeldande kursar. Me må venta i ti minutt, og eg presterer å somna på stolen eg har sett meg ned på etter eit minutt eller to. Eg innser at to netter mest utan svevn har kosta meir enn eg har hatt tid til å observera midt i alt det spennande og nye.
Då pengane endeleg er på plass i lag med passet i nylonposen innerst mot magen, er det på tide å ta ein taxi til busshaldeplassen. Me køyrer forbi mange knøttsmå butikkar som har eit utval av varene sine på fortauet utanfor. Spesielt merkar eg meg ein lik- kiste- butikk der ein kan studera dei ulike kistetypane før ein bestemmer seg. ..
Bussen er trong. Han er allereie nokså full då me banar oss veg med kvar vår plassbillett i handa. Setene har plass til tre på same bredden som norske bussar har plass til to. Tove og eg er meir omfangsrike enn dei fleste,
og dei einaste kvite på bussen. Møysommeleg får me pressa oss ned på setene og blir bombarderte med tilbod frå gateseljarane utanfor vinduet. Skal det vera plastsandalar? Kva med hardkokte egg eller appelsiner?
Halve kokosnøter og bananar blir løfta opp på lange pinnar for at folk skal få tak i dei gjennom vinduet. Coca Cola mama? Ikkje det? kva med ein pakke kjeks?
Kvar gong bussen stansar et selgjarane på plass med varene sine, og som wazungu, kvite menneske er me tydeleg tiltenkte å ha størst kjøpekraft av alle på bussen. Eg sit trongt og vondt med handbagasjesekken på fanget. Dei tretten timane med sitjing på flyet merkast i rumpa og korsryggen. Eg reiser meg litt og står. På andre sida av midtgangen reiser ei mor med tre små barn, den minste er bare to- tre månadar. Ho imponerer meg med å reisa seg opp medan bussen går, få lagt spebarnet til rette på ryggen sin og knytta det på plass i kangaen ho bind over ryggen. Det er imponerande balansekunst, og korleis kan ho sitja på ein trong buss med eit nyfødd barn på ryggen?
Bussen tek oss tre timar oppover og innover i landet. Tove somnar, men eg kan framleis ikkje sova. Eg er alt for betatt og oppgira av alt det eg ser. Landsbyar med leirhytter, store åkrar med sukkerrøyr og mais dukkar opp og forsvinn att. Klokka halv sju pakkar mørkret seg kring bussen. Gatelys er eit ukjend fenomen, og det er ikkje meir å sjå. Folk på bussen snakkar i mobiltelefonane. Det er uventa slik som dei kvite eggeplommene, dette at folk her ser ut til å vera mest like velutstyrte på mobilfronten som det me er heime.
Endeleg er me framme, og går gjennom nye rundar med drosjesåførar som riv og slit i oss medan dei fallbyr taxiane sine. Det er godtvera i lag med kjentfolk. Vel framme er eg så sliten at augene omtrent går i kryss. Me får sjå huset til Linda og får oss eit måltid varm mat.
“ This is what I`ve been worrying about…” seier Linda. Ho ser ut til å vera bekymra og lattermild på same tida. “…-my toilet and bathroom, Heidi and Tove, can you manage?”
Ho viser oss doen som er eit bølgeblikkskur utan tak som ligg i flukt med huset. Inne er det murgolv med ein nedstøypt do i golvet. Doen er av den typen som er som ein nedgravd porselensvask med merker til å setja føtene på. På sida av står ei bøtte vatn. Her må ein ned på huk for å sikta seg inn på holet. Bading foregår på den måten at ein får med seg ei bøtte vatn inn dit, og tek av seg kleda før ein dusjar ved å tøma vatnet over seg. Me bit tennene saman og smiler tappert, mens me forsikrar henne om at det er då ikkje noko problem i det heile tatt.
Så snart moskitonettet er på plass over senga somnar eg sitjande i sofaen. Hovudet tippar framover med jamne mellomrom, og eg strever med å fokusera blikket. Linda ser kor trøytt eg er og foreslår at eg går og legg meg.
Totalt utkjørt er eg omtrent i koma i det eg legg hovudet på puta, og eg vaknar ikkje før dei afrikanske morgonlydane tek tak i meg tidleg neste morgon.
Heidi
Sidan eg har teke så lite spalteplass her den siste månaden, tillet eg meg å leggja inn noko om dagen i dag og. Sjølv om det har blitt ein del dagar sidan eg landa, har eg framleis fleire lag Afrikaopplevingar pakka om sjela, og på sett og vis blir den norske blonde florlette sommaren eit slags kulturkrasj til dei mørke kryddermetta afrikakveldane som er så fulle av lydar.
Som eit barn virrar eg rundt i butikkar og oppdagar kor utruleg mykje me har sjanse til å kjøpa. Dessutan surrar eg rundt i min eigen heim og undrar meg over alle romma våre. Dette er kanskje vel så patetisk som historia om han som kom heim etter eit år på sjøen med fylgjande kommentar på norsk-amerikansk: “Lever min gamle mor endnu?” Like fullt er det ekte kjensler og tankar.
Kleda mine er vaska, dei ligg i ein haug og ventar å klesskapet sitt. Kanga og ketengestoffa med hjortar og sjiraffar ligg der og Tinga- tinga maleriet og batikken ligg i stova…
Stove og kjøkken er rydda og vaska, så litt har eg då fått gjort. I dag gjekk halve føremiddagen til å lesa ein Jens Bjørneboe biografi eg bare ikkje kunne klara å leggja vekk. Så var det klesvask som skulle på snora, og vips så var mesteparten av dagen gått. Eg tok med dei tre yngste barna og reiste opp til syster mi for å møta ei kusine med fire barn som var på besøk. Først var det is og sol og samtalar i hagen. Så var det tacos inne på kjøkkenet hennar. Først bordsetning var for dei til saman ni ungane våre. Kusine Karen seier høgtideleg at viss ikkje farfar hadde funne farmor ville ingen av desse ha blitt fødde… Og me tre stolte mødrene sender eit samstemt takk til vår avdøde farfar som hadde vett til å gjera det einaste rette…
Etterpå hentar eg kjærasten min og lokkar han med på kveldstur til stranda. Der ser me sola synka ned i havet og fullmånen stiga på himmelen. Ungane våre badar i skumringa, og eg vassar ein tur i strandkanten. Det er som å vandra rundt i eit Skagensmaleri, og vatnet er så temperert at eg angrar eg ikkje tok med badedrakt. Kjærasten min fotograferer og eg pustar langsamt ut og inn og kjenner salt lukt av norsk sommar.
På turen langs stranda møter me ein som enten er naturist eller som bare som meg spontant fekk lyst til å bada. Han står plutseleg framfor meg med sjøvatn til knes og ikkje ein tråd på kroppen. Ikkje kan eg vel gå opp av vatnet og gå i ein bue rundt han, så eg prøver å sjå ut som det er ein kvardagsleg sak for meg å møta nakne menn i femti- seksti- årsalderen på kveldsturane mine. Eg undrar litt på korleis det er naturleg å helsa på ein naken mann som ein passerer i strandkanten, men det viser seg å ikkje vera noko stort problem.
Då me kjem tilbake til ungane har Ingrid gravd ned Sunniva si bukse i sanden bare for tull, men etter større leiteaksjonar finn dei ho att. Snart -attenåringen min er reist på hyttetur med vener, og eg har gløymt å finna ut kor hytta ligg… Men eg fortel meg sjølv at han er snart ein vaksen mann og kan passa på seg sjølv. Fullmånen heng over huset mitt, og eg har bedt til Gud for Halvard om at ingen vonde draumar må nå han. Han ville gjerne eg skulle gjera det etter at han hadde høyrt ei skummel lydbok. Forbøn er eg raus med når etterspørselen er der… Det gjer meg godt at niåringen min er trygg nok til å be meg om slike tenester. Og så kan alle gå til ro, i alle fall alle som ikkje lid av skrivekløe.
Klokka er snart to timar inne i siste dagen i juli. Det er kanskje på tide å prøva å ta att noko av søvnunderskotet? God natt verden. Sjåast i morgon tidleg!
Heidi
Etter seks timars venting på Heathrow var tida inne for nattflygning til Dar es Salaam. Natta før hadde eg overnatta hos Tove og mest ikkje sove heile om natta av spenning for det som skulle skje. I fleire år hadde den ti og ein halv time lange flyturen stått for meg som eit mareritt eg måtte gjennomleva for å koma dit eg ville. Bare tanken på å vera innestengd så lenge i eit fly hadde fått det til å gå hjelpelause ilingar av frykt gjennom heile meg…
Turen til London hadde gått over all forventning, og då me gjekk ombord i Afrikaflyet etter først å ha blitt frakta i buss til dit det stod parkert, kjende eg at eg var meir spent enn redd.
Eg vart letta då eg oppdaga at eg hadde fått sete i midtseksjonen heilt utan utsikt. Med Tove på høgresida og ein mann frå Tanzania på den venstre, kom eg meg på plass med teppe og pute. Eg oppdaga til mi undring at flyet letta utan at eg fekk hjartebank, og me så fekk me servert kveldsmat.
Sjølvsagt sov eg ikkje denne natta heller, det hadde eg då aldri rekna med, men det var merkeleg beroligande å sitja slik tett mellom to andre kroppar. Sveittelukta frå min venn til venstre minna meg om at me var levande.
Eg filosoferte på tankeplanet om det å skulla sova så pressa opp mot ein heilt framand mannsperson medan
han konverserte meg høfleg før han tok på høyreklokkene for å sjå film.
Natta minna mest av alt meg om den første natta etter kvart av dei fire keisarsnitta mine. Eg visste eg var på ei stor og viktig reise, og var årvaken og sliten på same tida. Eg sveva i ei slags korridorkjensle av å vera kasta ut i noko eg ikkje kunne snu, og akkurat som dei fire gongene på sjukehuset kjende eg meg trygg, men på vakt for alle farene eg ikkje kunne gjera så mykje med.
Då me landa i Dar var mykje annleis enn eg hadde trudd, det var tidleg morgon og framleis mørkt, og det høljeregna. Ute var det under tjue grader fekk me opplyst over høgtalaren.
Likevel var det varm luft som slo i mot oss då me gjekk av flyet. Det varm og fuktig luft med ein skarp eim av jordange. I tillegg lukta det svakt, men markant av mugg. -Er det slik det luktar i Afrika? tenkte eg nyssgjerrig, og kanskje ein tanke skuffa.
Inne på flyplassen var det kø for å få visum og for å få vist fram passet sitt. Eg var innom toalettet, og akkurat som eg var blitt forespeila var det utan både såpe og papir. Begge deler går det heldigvis an å ha med seg når ein bare veit. Ein svært lite omfattande kattevask blei utført med kaldt vatn og våtserviettar.
Vaktane på flyplassen var smilande og opplagde, og køen gjekk seint. Vel ute med ein stor sekk på ryggen og ein litt mindre i armane, møtte me Linda som var der for å ta i mot oss. Drosjesjåførane var over alt.
“Mamma, you drive taxi?” Drive my taxi!” “Come on mama, special price for you, very cheap!” Linda avtaler prisen inn til byen med ein drosjesjåfør og litt etter sit eg i framsetet på ein stor høg bil medan dei andre to sit bak.
Det er framleis tidleg, tidleg sundag morgon, men i gatene er det mange folk. Ein av dei første eg ser er ein ung mann på sykkel med seks store brett egg bak på bagasjebrettet. Eg stirrar så augene held på å trilla ut av hovudet mitt og langsamt går det heilt opp for meg at nå er eg faktisk i Afrika.
Heidi