Gå til innhald

Eg høyrer heime i livet

På torsdag var det dagen for boklansering på biblioteket.  Både på torsdagen og dagane før tikka det inn meldingar frå folk som sa at dei hadde hatt lyst til å koma, men at dei dessverre skulle noko anna. Det var og mange som kom bort til meg for å fortelja meg det same. Det var viss heitl feil dag me hadde vald med konsert i kyrkja, korøvingar, foreldreforestillingar, foreldresamtalar, kurs og andre kryssande arrangement. Eg tenkte at me kunne ha fyld opp salen med alle dei som ikkje kunne koma dersom dei hadde kunna koma. Eg var veldig spent på kor mange som kom til å dukka opp, men var bestemt på om det bare var ti stykker som var der, så ville me gjera alt me kunne for å gje dei ei god oppleving.  Meir enn ein time før arrangementet begynte var me på plass for å øva oss igjennom deler av forestillinga. Det er alltid greitt å vita at det me skal gjera er mest mogleg på plass.

Då klokka nærma seg halv åtte, viste det seg at det var masse folk som ville inn og høyra sjølv om veldig mange av dei eg kjende var opptekne med andre ting. Til slutt måtte dei til og med henta inn fleire stolar for å få plass til alle. Eg opplevde det veldig fint å få lov til å dela tekstar, bilete og musikk. Orda har røtene sine i mine eigne erfaringar, tankar og følelsar og det er sterkt og flott å få lov til å formidla noko av det som er viktig for meg i ei form eg trivst med å bera med meg.

Det var kjekt å ha to babyar i salen som slo til med å laga babylydar akkurat i det eg skulle lesa dikta om å venta på å bli mormor. Det var fint å ha både foreldre, nære venner, bror, barn, svigerbarn og niese i salen og at til og med den vesle mormorjenta Iben, var til stades, toppa det heile. Etterpå var det mange som vart igjen for å kjøpa bøker og slå av ein prat, akkurat slik eg hadde håpa. Det vart nesten som å halda eit stort selskap med svært enkel bevertning. Å få Sunniva heim frå Valencia er kjempekjekt, og det er koseleg at kjærasten hennar, Trygve kom frå Oslo for å vera i lag med henne og oss dei dagane ho er heime.

På biletet over ser de meg og lillebror Jan med trehjulssyklane utanfor huset me budde i på Bryne. Eg les eit dikt om å ta med seg dei gode tinga frå barnfomen i ein ryggsekk på ryggen til seinare bruk.

Sidan eg er typen som stadig vekk og heilt uforvarande går med jakken på vranga, og mascaraen under auga, stadig gløymer lommeboka og presterer å kjøra på høge tårn av vaniljesaus i den næraste Kiwibutikken, så har eg heldigvis ein viss coping-kompetanse på å takla ting som går gale. Då me fekk boka vår levert på huset i omtrent same halvtimen som me vart besteforeldre, var me imponerte over at me ikkje fann ein einaste trykkfeil. Denne gongen måtte me ha klart korrekturlesinga betre enn nokon gong… Den store tabben vart ikkje oppdaga før me hadde besøk av ein journalist sist fredag morgon. Eg ville visa henne titteldiktet «Eg høyrer heime i livet» som eg tenkjer som ei slags ryggrad til boka ved same namn. Eg fann ikkje diktet der eg trudde det var, og vart sitjande og leita… Først eit par timar seinare vart eg nøydd til å innsjå at diktet rett og slett har falt ut av manus under siste korrekturlesinga då me omplasserte nokre dikt for å få bileta endå meir slik me ville ha dei. Nå var det bare å tenkja løysingar. Eit laust ark inne i boka kjendest ikkje som noko god løysing og å få 800 bøker trykte på ny, kunne me bare gløyma… Då Torhild kom for å øva var det ho som lanserte løysinga me gjekk for. Ho sa: «Laminer diktet og legg det inn som bokmerke. Då vil dei bli minna om at dei høyrer heime i livet kvar gong dei opnar boka. Og slik vart det…

Sjølvsagt er det ikkje ei fullgod løysing at diktet er laust i boka, så nå må eg nesten skriva ei ny diktbok slik at det ein gong kan få bu fast mellom to permar… Pass på at diktet er med viss du kjøper boka. Eg tek det med her slik at det i alle fall er blitt publisert skikkeleg ein plass. Det er skrive på ein kafe den dagen i fjor sommar då eg og Leif sykla rundt i Berlin. Eg tenkte så masse på ei venninne som var alvorleg sjuk, og sende diktet til henne frå i-paden min medan me sat på kafeen i håp om at det kunne vera litt til hjelp å ha eit dikt å halda seg fast i.  I ettertid har eg funne ut at det er godt for meg sjølv og å halda meg fast i desse orda…

938C789C-BE8F-4E9F-95B4-E7B872722F96

Eg høyrer heime i livet

Eg høyrer heime i livet,
eg lener meg mot sterkare hender,
og kjenner dei ber meg
når eg ikkje sjølv orkar bera.
Trygg ligg eg der
med hendene rundt meg
som ein fjørlaus fugleunge i eit trygt reir.
Der ligg eg mellom stjerner og planetar,
mellom kvardagane og det heilage,
mellom fødsel og alderdom,
mellom barndomen og alt eg ikkje veit kva er.
Alt eg veit er kjærleiken,
at han er skapt for å bera meg
stille og utan store fakter,
heilt til eg ein morgon,
utan å skjøna kva som skjer,
strekkjer vengene ut
og kjenner eg kan fly att.

Heidi

Så kjekt med gilde samarbeid

95EDB6E3-5BCF-4E98-BCD9-F7408B4021B3

For B-menneske som meg er det alltid fint å få ein ekstra time ei natt. Denne gongen passa det ekstra godt for me hadde ein veldig gild invitasjon på lørdagskvelden til å eta middag i ei hytte på Sele i lag med gilde venner. Utanfor piska stormen og regnet, og det var så fint å vera der med masse stearinlys og varme på peisen. Det er Margunn og Ulf som hr fått seg hytte ute i havgapet. For meg var det eit ekstra gild spenningsmoment denne kvelden i det at eg har samarbeida med Ulf om seks av mine visetekstar som han ville laga melodi til. Resultatet vart så fint at nå er eg heilt gira på at dette har eg lyst til at folk skal få høyra. Det kjem nok ei råd.

145159BE-D504-415A-8992-35025CC7EAB9

Eg er så glad i samarbeid av den typen der me får eit sluttresultat som dei som samarbeidar aldri kunne fått til aleine. Det er og kjekt å samarbeida med Leif som tek bilete, og Ingrid som teiknar. I sommar var det utruleg kjekt å laga ei lita miniforestilling med mine tekstar og Carl Petter Opsahl sine improvisasjonar på ulike klarinettar. Me har veldig lyst til å gjera noko liknande i litt større skala, bare upraktisk at me bur så langt vekke frå kvarandre og at begge har så mange ballar i lufta, men det ordnar seg kanskje ein sjanse etterkvart.

Musikalske samarbeidspartnarar set eg ekstra stor pris på. Det ville vore praktisk viss eg var ein flink songar og ein begava musikar, men det er dessverre veldig langt frå dei korta eg har fått på handa. Eg ser for meg at me er laga med kvar våre talent for å kunna utfylla kvarandre og leggja fine puslespel saman.

I kveld har eg lagt siste hand på kjøreplanen for forestillinga på biblioteket på torsdag der eg skal i musikalsk samarbeid med Torhild som skal kommentera tekstane mine med pianomusikk slik at orda får tid til å synka, og Leif skal leggja på bilette på storskjerm. Det er veldig mange som seier at dei ville likt å koma, men at dei dessverre skal ut på noko anna. Nokre passar det nok for, og uansett kor mange som kjem, så skal me så godt me kan prøva å skapa ei god oppleving for dei som er der. Som vanlig skrid eg til verket med skrekkblanda fryd, men eg synest det er kjekt å gjera slike ting. Det får vera min form for ekstremsport. Basehopping og hanggliding er meg uendeleg fjernt.

938C789C-BE8F-4E9F-95B4-E7B872722F96

Som sagt så passa det godt med ein ekstra time natt til sundag, for i går skulle eg vera med på ein annan form for samarbeid. Eg var med  på å ha flaggermusverkstad, ein formingsverkstad for barn på Hå gamle prestegård som ein del av eit halloweenarrangement. Det var veldig hektisk og veldig kjekt. Etter alt regnet på lørdag, var det nesten uverkeleg å oppdaga at sola skein der ute. På kjøreturen ut til Hå høyrde eg på klassisk musikk på radioen, og naturen var så vakker at eg nesten hadde lyst til å ta til tårene. Stormen hadde lagt seg, men var framleis å sjå i dønningane. Det var ikkje så lett å fanga det med eit mobilkamera, men bølgespruten slo himmelhøgt over landskapet.

7C5B127D-AFDA-4082-B94C-C93639C39069

Og då eg reiste der i frå var den blå timen alt på veg.  Den sterke vertikale lysskya var endå sterkare i verkelegheita.

Etterpå vart sundagen avslutta på beste måten med middag i lag med barn og svigerbarn og barnebarn, og om to dagar kjem Sunniva heim på ferie og tek med seg kjærasten sin. Det blir fint.

Heidi

 

Gode folk å veksa opp i lag med

3556C924-27ED-45AF-BA31-937E1464AED9

I løpet av ein månad har eg vore på to klassefestar saman med menneske eg ein gong har gått i klasse med. Først var det klassen frå vidaregåande som var inviterte heim til Helga i slutten av september, og sist helg var eg saman med dei eg gjekk saman med i ni år på barne- og ungdomsskulen på Ålgård.

Etter begge festane hadde eg ei god kjensle av å ha vore i lag med menneske som ein gong var veldig viktige for meg, og som derfor faktisk på ein måte er det framleis. Begge gongene har eg gripe meg sjølv i å tenkja: Så gode folk eg har vakse opp i lag med.

Det er litt surrealistisk å koma inn i eit lokale fullt av menneske som med all respekt vel må kallast godt vaksne sånn etterkvart, og tenkja at dette er Geir Rune, Tor Einar, Rune, og Ragnar, Rune og Robert, Ellen, Gerny, Iren og Andreas og alle dei andre Desse som i mine minne og tankar er levande sjuåringar og etterkvart tenåringar, og som nå er vaksne og kanskje til og med besteforeldre.

Det rare med slike treff er at etter veldig kort tid så blir dei personane du på ein måte må møta litt på ny til dei personane du har kjend «heile livet»: Det er vemodig merkeleg at me markerer at det er førti år sidan me gjekk ut ungdomsskulen, sjølv for dei mellom oss som måtte vera flinke i matematikk, så er det eit eller anna som ikkje heilt stemmer.

På begge klassefestane tenkte eg at det var rolegare og meir tilbakelent enn ved liknande festar tidlegare. Kanskje forskjellen finst mest i mitt hovud eller kanskje me rett og slett er vaksne nok til å stressa mindre med fasadar og kva det nå måtte vera.

Det har vore gildt å sjå folk igjen, og gildt å kjenna at me har noko fint saman. Sjølv om ni år i grunnskulen på Ålgård og tre år på vidaregåande på Sandnes ikkje er frykteleg mange år når ein ser på eit heilt liv, så er det veldig viktige år. Det er då me lever barndomen og ungdomen som skal gjera oss til dei menneska me er, og som me skal bera med oss i alle år vidare.

Det er godt å sjå at det går godt med folk. For meg virka det som om veldig mange var fornøgde med dei liva dei hadde og var takknemlege for det som er og det som har vore. Eg tenkte at Ålgård på seksti- og syttitalet var ein liten og oversiktlig plass der det låg til rette for at det skulle vera godt å vera barn.

Kan du ikkje skriva eit dikt om det å møta kvarandre igjen og om det å ha ein felles barndom var det ein som spurde meg når eg gjekk. Det kan eg gjera, sa eg. Ein vakker dag gjer eg det.

F339FF96-0055-42D0-AFE8-E8FA1D5AE11B

Heidi

Vinkar frå mormorbobla

I dag måtte eg på leit etter eit dikt som eg har gått og tenkt på dei siste dagane utan å hugsa heilt ordrett. Det er laga av ein av yndlingslyrikarane mine, Einar Skjæråsen.

Voggesang

Det er kvile over tunet, det er signing i min sang,
det er aften i vårt hus og vide om.
Bysse lille, bysse lalle, bysse barnet på mitt fang,
bysse folk og fe og bysse blad og blom.
Vannet gynger sine liljer, løvet stilner i sin lund,
men i rommet er en stjerne blek og sår.
Det er sorg vi ikke ser, det er netter uten blund,
det er hender som vi aldri, aldri når.

Du har mange, mange søsken på den vide, vide jord,
la oss drømme om at hver en liten venn
har en lekeplass i verden, og at alle har en mor
de kan være hos når dagen rødmer hen.
La oss synge om en stue hvor det arme liv kan bo,
om et hjerte for de minste veke små.
Det er dager uten hvile, det er netter uten ro,
bysse barnet mitt, og alle alle små.

Einar Skjæråsen

Eg elskar den mollstemte varmen i diktet og ømheten Einar Skjæråsen viser for alt som er lite og vernlaust.

Dei siste ti dagane har eg vore i ei boble av glede og lukke og nyfødd barn. Eg er så heldig at eg har fått vore mykje saman med det vesle livet og akkurat som eg visste så passar det vesle hovudet perfekt i halsgropa mi, og det vesle mennesket perfekt i armane mine. Eg har fått eit gjensyn av landet som flyt av mjølk og tåre og barnegulp der ingenting anna verkeleg har betydning, og eg har fått kjenna på dei same følelsane som då, at eg nesten ikkje orkar å høyra om det vonde i verda, om barn som svelt, om menneske som er på flukt med barna sine og om vonde ting som kan skje om det meste går gale

Ingenting kan måla seg med nyfødde barn som stirrar med overjordisk kloke mørke auge ut på livet og ser ut som om dei hugsar noko me andre for lengst har gløymt. Eg har alltid vore grenselaust fascinert av nyføddfasen, eit sprell levande lite menneske som på ein måte ikkje heilt har blitt prega av livet her hos oss. Så kjem neste fase med spontane smil og glitrande naive babyblikk på verda. Det er fint det og.

Eg har blitt minna om kor intenst eit spebarn kan skrika og kor vanskeleg det kan vera å trøysta dei. Men mest av alt har eg site med eit fornøgd lite vesen som utstråler ei nesten uforståeleg ro. For å bruka matruskametaforen igjen: Barnet mitt har fått barn, og dei er begge ein del av meg og kroppen min utan å vera det. Dei er sine eigne. Eg hugsar så godt eg bare klarer at eg er mormor og ikkje mor, og eg takkar min skapar for at ingen barn kunne få betre omsorgspersonar enn det barnet alt har fått.

Og snart, kanskje alt i veka som kjem, skal eg begynna å oppføra meg nokolunde normalt og retta blikket utover. Eg skal slutta å dra fram mobilen i tide og utide for å visa barnebarnsbilete, og eg skal snakka om andre ting enn nyfødd barn. Eg skal begynna å høyra på nyhetssendingar att, og eg skal slutta å møblera dagane mine ut frå moglegheitene til å få vera i lag med eit visst barn.

Det går sikkert bra det og… Og det neste innelgget mitt skal handla om noko heilt anna enn nyfødde barn, det lover eg.

Heidi

 

Den första gong jag såg dig

 

Ha ei velsigna reise

 

Ha ei velsigna reise

frå alt du til nå har kjend,

ut til oss som lengtar.

Måtte mor di ha krefter nok,

og måtte turen bli trygg.

Måtte du vera pakka inn

i lag på lag

med vernande kjærleik.

Måtte Gud velsigna utgangen din

frå det varme havet

og det trygge mørket.

Måtte han velsigne inngangen din

til det skarpe lyset

her ute hos oss.

Gud velsigne alt som skal bli,

vegane du skal gå på,

og alt du skal bera med deg.

Velkomen til oss,

du vesle elska menneske.

 

***

 

Eg stod ved kjøkkenbenken i går og tok i mot ei melding om at nå var eg blitt mormor. Framleis var det litt hemmeleg, så eg kunne ikkje ropa det ut til alle eg hadde lyst til å fortelja til. Eg skulle skriva årsmelding for kunstklubben, hadde eg tenkt, men eg kjende at den slags arbeid kunne eg bare gløyma. Eg sette meg ned for å brodera sølvstjerner på dåpskjolen i staden. Det kunne passa, syntest eg, med klassisk musikk på radioen var det den heilt rette tingen å gjera. Eg har tillate meg å brodera sølvstjernene større enn dei skal vera. Unnskyld, Halldis Hognestad, som har designa så fint. Eg er elendig på å fylgja mønster, og i dette tilfellet er det min einaste personlege tilpasning.

 

 

Så skreiv eg fødselsdiktet eg hadde hatt i tankane, men ikkje skrive ned. Det du kan lesa øverst på sida.

Då eg gjekk tur med Oscar om kvelden såg eg kjærleik over alt.

 

 

Eg var glad, men full av stressadrenalin, og kjende at eg fann nok ikkje roa heilt før eg fekk sett den vesle nyfødde og halde ho i armane mine.

 

I dag var dagen komen. Eg tenkte på det når eg var på badet at eg ville kle meg i glade fargar til ære for henne, og tenkte då eg brukte såpe med god lukt at denne lukta skulle ho kjenna når eg haldt henne. Eg nynna for meg sjølv «Den första gong jag såg dig…»

 

På vegen var me innom ein blomsterbutikk for å ha med blomar. Eg liker best å setja i saman bukettane sjølv, og det gjorde eg i dag, det vil seia eg plukka blomane ut og så fekk ho i butikken hjelpa meg å laga buketten. Rosa roser, lilla nellik, grøn eukalyptus og ein rosa bamse. Det vart fint.

 

På veg innover i bilen spelte dei Hallelujakoret frå Händels Messias. Det passa bra. Eg nynna framleis på songen frå i dag morges inni meg, og måtte forandra litt på teksten:

«Den första gong jag såg dig var en oktoberdag, og regnet det datt ned som aldrig för». Me var innom ikea på vegen, og eg plukka med meg tre små griser i ein pose. Helst ville eg kjøpt dokkehus og koppestell, men eg innsåg at det var å gå for langt…

 

 

Då eg fekk det vesle perfekte vesenet i armane mine fall verda på plass. Helst ville eg bore henne med meg i all framtid, men eg veit at ho får det godt der ho skal vera, og at eg nok skal få sett ho rett som det er. Eg la den eine fingeren min i den knøttlille handa hennar og song inni meg: «Den första gong jag såg dig var en oktoberdag, den första gong jag tok dig uti handen…»

 

Eg er nyforelska.

 

Heidi

Siste dag i haustferien

Det er siste dagen i haustferien, men me skal ha helg før kvardagane er heilt tilbake. I går kom det mange kassar med diktbøker. Det er alltid litt skummelt å opna ei ny bok i tilfelle trykkfeilane og andre store og små tabbar skulle lysa i mot meg på tross av grundig korrekturlesing… Eg har ikkje våga meg på finlesing, men så langt så ser det veldig bra ut. Det er og trygt og godt å vita at dei er på plass i kjellaren i god tid før lanseringa 2.november.

Me har hatt ein firbeint gjest hos oss i ferien, stort sett liker han å gå tur, sjølv om mopsar ikkje er dei store atletane i hundeverda. Dei siste dagane har det regna masse når det er tid for tur, så då har eg omtrent måtta hala han med meg på fire stive bein heilt til han innser at han ikkje slepp unna, og legg om strategien med å nesten småspringa for å få runden unnagjort.

Det har vore spennande å fylgja med på svaneungane i Tjødnå. Dei begynner å bli ganske store nå, og har blitt utruleg godt passa på av både mor og far som begge freser og bruser med fjørene når nokon blir for nærgåande. Det er eit aldri så lite svakt punkt i HC Andersen sitt eventyr om «Den stygge andungen», for svanebarn er vakre i mine auge.

På trass av regnet som har silt ned, så har handverkarane nesten gjort seg ferdige med utestova på terrassen vår i dag. Det blir spennande å få tatt henne i bruk. Planen var at ho skulle vera klar til sommaren, men bedre seint enn aldri.

Det har vore ein god fredag den 13. som nå har blitt til laurdag den 14. Ute er det definitivt haust. I morgon skal eg på bytur med gilde damer.

Heidi

Tiande oktober

God natt 09.10.2017 forside endelig utgave(1)

I går vart eg og Ingrid ferdige med førsteutkastet av boka vår. Det er veldig spennande å sjå om me får gitt ho ut på vanleg måte, eller om me brukar sporisand forlag. Ulempa med det siste er at biletbøker er relativt dyre å produsera, og me må klara å koma ned på ein akseptabel pris, sjølv om me ikkje treng å tena pengar på det. For oss er det gleda med å laga og ferdigstilla ei slik bok som er poenget i denne omgangen.

I går fekk me beskjed om at diktboka vår var klar til utsending frå trykkeriet, så nå er den og rett rundt svingen. Det er eit spennande liv, sjølv om det å venta på bøker langt i frå er det største spenningsmomentet akkurat nå…

Haustferien i år går av naturlege grunnar ikkje så langt. I går ettermiddag gjekk han til Orrestranda i strålande sol, og i dag kom han med ausande regn. Haustfargane er fine uansett.

Og framleis står det ei og anna blåklokke der og skjelv i regnet, så sommaren har ikkje heilt sluppe taket endå.

IMG_3379

Eg og Ingrid har vore på kafe. Me må skunda oss å gjera slikt mens me endå kan. Bryne er ein fin stad å bu på på den måten at me er «midt i byen» eller langt ute på landet etter ti minutt på sykkel, og etter 10-15 minutt i bil eller ein halvtime på sykkel er me ute på dei finaste strendene som finst. Det er lurt å skaffa seg regntøy og vindtette klede om ein skal få full glede av naturen her, men så pass har me forstått me som bur her. Nå skal eg feriera i eigen sofa med kaffi og strikketøy. Me har det ikkje så verst…

Heidi

Hjarte, vit og magekjensle

Mange timar med fred i sjela og brodering av dåpskjole har gjort at eg har fått høyrt ekstra mange fine radioprogram i sommar og i haust. I sist veke fekk eg med meg eit møte med forfattaren Tordis Ørjasæter som gjorde sterkt inntrykk på meg. Ho er nå nitti år gammal, men framleis frisk og vital. Ho har skrive ei ny bok om sonen Dag Tore som er autist og psykisk utviklingshemma. Boka har fått tittelen «Kjærligheten har sitt eget språk». Etterpå var eg så heldig å finna denne boka på det digitale biblioteket og har fått lesa ei ærleg, varm og klok kjærleikserklæring til sonen, og til livet.

For veldig lenge sidan lånte eg den første boka hennar «Boken om Dag Tore», som handlar om litt av det same,  i si tid gjorde denne boka sterkt inntrykk på meg. Eg har alltid hatt lyst til å jobba med barn med spesielle utfordringar, og då eg begynte på lærarskulen hadde eg i tankane at det var desse barna eg ville jobba med. Det tredje året mitt var då og ei fordjupning i spesialpedagogikk, der me mellom anna hadde praksis på ulike spesialskular, som det framleis fanstest nokre av på begynnelsen av åttitalet. Då eg kom i jobb, var det så kjekt å jobba med «vanleg skule» og «vanlege klassar», (som om slike skulle finnast i det verkelege livet), at det er det eg har gjort mesteparten av yrkeslivet mitt, vore lærar for alle variantar av vanlege uvanlege ungar, og eg har elska det. Eg har likevel alltid hatt ei spesiell interesse for dei som slit litt med å finna sin plass i firkantane me held opp for dei. Det kan kanskje ha litt med det å gjera at eg i grunnen aldri har vore så glad i firkantar eg heller…

Noko av det som er hjarteskjerande i Tordis Ørjasæter sine forteljingar om Dag Tore, er korleis ho sleit med masse skuldkjensle då Dag Tore fekk diagnosen autist. Ho hadde sjølv vore på forelesingar tidlegare der det vart slått fast at autistiske barn hadde «blitt slik» fordi dei hadde intellektuelle kalde mødrer som ikkje instinktivt hadde gitt dei den varmen og blikkontakten dei trengde som nyfødde. Dette var nemleg ei utbreidd forestilling i fagmiljøet den gongen. Guten hennar gjekk til og med gjennom regresjonsterapi for å gjenoppleva dei viktige fasene på ein rettare måte og koma heilare ut av det. Han skulle i ein periode drikka av tåteflaske og få lov til å grisa med avføreing for å på ny gå gjennom den orale og anale fasen. Dette høyrest merkeleg ut i dag, men på den tida trudde fagfolk at dette var det rette for Dag Tore. Etter eit vanskeleg svangerskap og ein hard fødsel hadde ho barnepleiar heime for å hjelpa til. Denne sikkert flinke dama, var overbevist om at det som var rett for spebarn var å bli tatt opp for stell og mating til faste tider og elles få ligga og skrika. Tordis Ørjasæter hadde lese om den nye trenden med sjølvregulering og amming når barnet gråt. Dette vart så vanskeleg at barnepleiaren vart sagd opp.  Seinare møtte ho mange ekspertar som var overbeviste om kva som var best for barnet. På den tida innebar det døgnplass på institusjon…

Eg skriv ikkje dette for å gjera narr av dei som har meint mykje om kva som er best for barn og foreldre. Eg held det bare opp som ein spegel for alle oss som gjerne vil gjera vårt beste, gjerne vil jobba profesjonelt og forskningsbasert, og i tillegg vera lojale mot systema me jobbar innanfor. Alt dette er vel og bra, men eg tenkjer og at i møte med menneske, enten dei er autistar, utviklingshemma, har adhd, er introverte, er ekstra kreative, ekstra sjenerte, ekstra hjartevarme, ekstra engstelege eller aggressive, så er det lov å bruka hjarte, vit og magekjensle i tillegg til alt det andre me har lært å bruka. Me gjer feil, og vil koma til å gjera feil, men måten me møter andre menneske på, enten me møter dei som elevar, naboar, foreldre i skulen, medlemmar av eigen familie eller som ein framand på toget, så har dei rett på respekt og varme. På jærsk har me eit ganske treffande uttrykk, «å ha heila vede». Er det noko me må passa oss for, så er det å tru at me har heile vitet…

«Ingen får dei barna dei har drøymt om», seier Tordis Ørjasæter, og legg til «og ingen får akkurat det livet dei har drøymt om». Me må elska dei barna me får som dei er, og det livet me får som det det er, nemleg livet vårt. Ho skriv at det å vera mor til Dag Tore er noko av det som har vore med på å gjera henne til det mennesket ho er og livet hennar til det livet ho har levd. Ho er takknemleg.

Det andre som gjorde inntrykk på meg i radioprogrammet var den ærlege framstillinga hennar av det å bli gammal. Ho har bestemt seg for å vera open for livet, ta kontakt med menneske ho møter og fortsetja å lesa, skriva og engasjera seg så lenge ho har krefter til det. Det er ikkje mange som skriv bøker i ein alder av nitti år. Likevel skriv ho om einsemda ein må takla som gammal, sjølv om ho har eit stort nettverk og familie ho er mykje i lag med, så blir det mange timar aleine, og slik må det vera. Ho fortalde og om sorga over å ikkje lenger kunna gå lange skiturar, stå opp om morgonen og ta ein lang symjetur aleine, og det å kunne skunda seg når det er glatt ute utan å vera redd. Alle desse småtinga som er med på å gjera eit liv til eit liv, og som endrar seg etterkvart som åra kjem. Ho fortel og om gleda over å oppleva at ho kan utvikla nye djupe vennskap til menneske som ho møter, og som godt kan vera mykje yngre enn henne. Ho fortel at noko av det ho er mest glad for er at Dag Tore, som nå er over seksti år, har sitt eige liv der han har det godt også utan henne. Ho kjenner at navlestrengen til eit barn som aldri blir vaksen på same måten som andre endeleg er heilt kutta. Ho fortel om det å leva aleine etter eit langt og godt ekteskap, og det å kunna kvila i ei Gudstru ho ikkje heilt klarer å definera eller setja ord på, men som kjennest trygg.

Eg blir så glad for å møta slike kloke, reflekterte og varme menneske, sjølv om eg av og til gjer det gjennom radioen eller gjennom bøker. Eg fekk rett og slett lyst til å setja meg ned og skriva eit langt gammaldags papirbrev til henne der eg skriv desse tinga. Det hender nemleg at eg framleis skriv papirbrev og har stor glede av det…

I dag las eg fylgjande setning i boka «For livets skyld» av Ulla Käll: «En katolsk prest sa en gang til meg, på spørsmål om hva kjærlighet er: Det er å forbli åpen.»  Den setningen passar det godt å avslutta med.

Heidi

Ei lita oktoberhelsing

Det vart ein fin dag med haustsol i dag og. Vandringsmannen eg deler hus med har vendt heim frå Polen og Tyskland med sykkelen sin. Det er koseleg å dela hus igjen. Eg har høyrt frå nokre av lesarane mine at blogginnlegga kan bli i lengste laget. Dette må vel vera det kortaste innlegget nokon sinne, for det var dette det vart tid til akkurat nå. Eg legg ved nokre bilete som ei helsing frå oktober og meg, og så skriv eg meir i morgon.

Heidi

Skriva på bokmål?

Eg vakna til det overraskande synet av sol over landskapet. Etter dei store mengdane med regn som har dette ned den siste veka, så kjendest det ikkje som ein solskinsdag var innan rekkjevidde.  Eg har hatt ein kort tur ut i sola med ein firbeint gjest som skal vera her til etter barnebarnsfødselen. I går var det 23 år sidan Halvard vart fødd, og nå er det bare ei veke igjen til forventa kome av barnebarn, så i praksis kan det skje kor tid som helst. Me får bare pusta roleg med magen og vera tålmodige. Eg bur delvis i ei boble av barnebarnrealterte aktiviteter som hekling av Mummiuro, brodering av dåpskjole og strikking av barneplagg, så timane skal det ikkje bli vanskeleg å fylla. Eg har og ein del skriveprosjekt som eg gjerne vil koma eit steg vidare med i løpet av haustferien som står for døra akkurat nå.

Og akkurat skriving var det som gjorde at eg sette meg ned for å skriva blogg akkurat nå. Eg såg eit bilete i språkspalta der ein bokhandel hadde sett opp ein lapp om at dei anbefalte Elena Ferrante sine bøker sjølv om dei var omsette til nynorsk og ikkje bokmål… Dette førte naturleg nok til eit ordskifte i Språkspalta på facebook som eg ende med å hoppa inn i. Det som fekk meg til å reagera var ikkje lappen på butikken, men at fleire av dei som skriv i Språkspalta, og må antast å vera over gjennomsnittet interesserte i språk, skriv at dei unngår å lesa noko som er skrive på nynorsk. Nokre av dei skriv at dei har lese Ferrante sine bøker i engelsk omsetjing for å sleppa nynorsken, og andre skriv at ei bok på nynorsk vekkjer så negative minne i dei at dei aldri ville lesa ho uavhengig av kva ho måtte handla om…

Eg må seia som sant er at eg rett og slett vart «litt øvejidde»… Er det slik at ein gjennom å skriva nynorsk diskvalifiserer seg frå ein stor lesarskare. Burde eg heller ha skrive bokmål? Eg kjenner at å skriva dikt, viser og salmar på bokmål ville vera heilt uaktuelt. Då fekk det bli dialekt i staden. Sjølv om eg hadde bokmål som hovudmål heile skuletida så har eg etter å ha jobba i nynorskkommune i 31 år og vore nynorskbrukar endå lenger, så følest det unsaturleg og knotete for meg å skriva bokmål. Det kjennest omtrent som om eg skulle halda foredrag ein plass og fekk beskjed om at eg enten måtte snakka normert bokmål eller i det minste «pent Stavangermål». Nå hender det jo at eg skriv andre ting enn lyrikk, så eg har sjølv opplevd dilemmaet på kroppen. Eg skriv på ei lærebok i skapande skriving, som kanskje blir ferdig ein gong… Grunnen til at det går seint er ikkje mangelen på idear, bare det at alt anna er kjekkare å skriva fordi eg aller helst bare vil jobba kreativt… Manuset er til nå skrive på nynorsk, men Leif meiner at om eg lagar ein bokmålsvariant så vil den potensielle kjøpargruppa bli mykje større. Som eg har fortald så har eg og Ingrid kost oss med å laga ei barnebok saman. Planen er å laga ein variant på nynorsk og ein variant på bokmål fordi det truleg er fleire som kjøper barnebøker på bokmål? Eg får ta dette siste som ei trening i å gjenfinna bokmålsstemmen min. Før eg gjekk over til nynorsk, skreiv eg ganske radikalt bokmål med a-endigar. Ein gong vart eg beden om å skriva ein barnetekst på bokmål. Då skreiv eg  «Han dansa i det grønne graset utenfor hola». Då fekk eg beskjed om at eg blanda nynorsk og bokmål, på bokmål burde det vera «Han danset i det grønne gresset utenfor hulen». Eg får ta meg tid og leita etter bokmålsstemmen min og sjå om han fungerer… Det er faktisk akkurat det eg har tenkt å gjera nå. _

Ha ein fin haustdag i det fine veret, og la oss gleda oss over at Nobels fredspris akkurat har gått til ICAN, den internasjonale kampanjen for forbud mot atomvåpen. I slike perspektiv blir ein norsk språkstrid krusningar på overflata i andedammen.

Heidi