Gå til innhald

Til kirke i Danmark

Me hadde for lenge sidan bestemt at i dag ville me få med sundagsgudstenesten i Ebeltoft kirke. Likevel klarte me på uforklarleg sett å vera for seint ute. Morgonkaffien smakte for godt, klokka gjekk for fort og kyrkja låg ikkje heilt der me trudde.

Då me kom inn ca ti minutt over elleve var presten på veg opp kyrkjegolvet. Eg lurer på om han hadde stått i døra for å ynskja velkomen under preludiumet og den første  salmen. Me oppdaga fort at her trong  me salmebok, det hadde me ikkje tenkt på etter å ha vent oss til storskjerm med tekstar. Heldigvis låg det ei i kyrkjebenken. Det sparte oss for å laga endå meir bråk, det var slike gamle benkjer med port framfor som det er i gamle kyrkjer.

Heldigvis bruker dei ikkje storskjerm i koret på kyrkjer som er bygde på 13- hundretalet og bygd vidare på på femtenhundretalet. Det var nesten som ein gudstjeneste frå barndomen. Danske prestar brukar framleis svart kjole og pipekrage, og liturgien minna om slik det var i Norge for fleire reformar sidan. Eg la forresten merke til at i trusvedkjenninga brukte menigheten den kollektive forma «vi». Vi tror på Gud Fader den almæktige… I mine øyrer høyrdest det fint ut, som ei kollektiv tru der ein ber kvarandre.

Presten hadde ei einmannsgudsteneste utan gudstenesteutval, tekstlesarar, kollektinnsamlarar, forsongarar, medhjelpande nattverdutdelarar og sundagsskule,medhjelparar. Det er mogleg dette er annleis utan om sommarferien, men det virka som om det var slik det pleidde å vera. Barna fekk utdelte teiknesakar, det var det heile. Eg såg ikkje ein gong ein klokkar der, men det må det vel ha vore. Presten kom med opplysningane frå preikestolen og der tok han.

Organisten var på plass. Han eller ho spelte fint. Det var mange vers på salmane som var lyse og lette i melodien. Då presten gjekk på preikestolen og begynte å tala, viste det seg at det var ein litt metallaktig romklang i mikrofonen. Det var ingen miksepult bak i kyrkja, så det var nok den mikrofonen folk bare fekk venna seg til. Eg høyrde veldig fort at dette var ein prest det var ekstra interessant å lytta til, så det gjaldt å finstilla dei norske øyrene sine for å få det heile med seg?

Han begynte preika med å sitera ei gammal revyvise om at » Det er fint at være full». Så fortsatte han «og vi ved da alle at det er fint at være full, det er det da noget eget og glæderik ved». Vestlandspietisten i meg tenkte med ein viss ironisk distanse og eit lite glimt i auget at » Ja nå er eg heilt tydeleg i Danmark.» Eg hadde til og med lyst til å kviskra det til Leif, men sidan han har litt nedsett hørsel, så tok eg ikkje sjansen. I staden oppdaga eg at eg hadde høyrt feil, mannen snakka om » at være funden», og det er i grunnen noko heilt anna.

Teksten var om «Det fortabte får og den mistede drakme». Han var innom HC Andersen sin historie om Klods-Hans som alltid var åben for fund, og at han brugte sine fund til at åbne andres hjerter, i dette tilfellet prinsessens hjerte.

Så var det «altergang». Det vart bedd fadervår medan nattverdsgjestene stod ved alterringen. Presten delte ut brød og vin aleine, og alle låg på kne til alle hadde fått sakramentet. Så lyste presten velsignelsen og gjorde krossteiknet med kalken i handa. Det var fint og roleg og verdig. Det skal og seiast at sterkare altervin har eg viss aldri fått. I min munn smakte det mest som portvin, eller nesten likør, men vinkjennar skal eg absolutt ikkje påberopa meg å vera…

I løpet av nokså nøyaktig ein time var gudstenesta over. Eg sakna dei ni bønneslaga med kyrkjeklokkene, men me fekk ny velsigning og utgangsbøn før postludiet som var fylt av glede og tangotonar.

Eg håpar ingen les noko anna mellom linjene, for for meg var dette ein fin gudsteneste der eg fann inspirasjon, trøyst og glede. På Bryne er det mange menneske i sving når me feirer gudsteneste, og det er fint, men det var faktisk veldig fint dette og…

Og kor ferda gjekk vidare for den ferierande Klods – Hans med ægtefælde? Først til eit besøk på glasspustermuseet, så ein spasertur langs havna i frisk vind før me tok sundagskaffien med kvar vår softis på ein fortausrestaurant. Det er fint å feira sommarsundag.

Heidi

Arbeidsdag i Ebeltoft

Den første aleinedagen vår kom med plaskregnet. Det passa i grunnen godt for oss, for me hadde planlagd å koma i gang med eit arbeid me har lyst til å få gjort i løpet av sommaren, å bli ferdige med den nye boka med mine dikt og Leif sine bilete, som me har lyst til å gje ut i haust.

Dette er ein flott plass å jobba, langt borte frå det meste som kunne distrahert, og eg synest at eg har fått gjort mykje. Eg har gått gjennom ca 170 tekstar, det er ein førsteutval og utan tvil for mange. Eg kan sjå at nokre er dårlege eller skrivne før, dei tek eg vekk. Eg har nokre eg er heilt fornøgd med, dei skal med. Så er det alle dei andre der eg kjem i tvil og går meg vekk i eigne ord. Skal dei kasserast, forandrast på, slåst saman, forkortast, forlengast eller kanskje helst forleggjast inntil vidare… Me får sjå… Av og til blir eg overraska over at mange liker det eg sjølv har vore mest i tvil om.

Eg har bedd fire utvalde personar fint om dei kunne tenkja seg å lesa og melda tilbake, og alle har svart ja. Eg har sikkert vor upedagogisk og send dei alt for mykje tekst på ein gong. Eg har og vore innom tanken på tittel, kanskje eg spør bloggleserane mine om råd i løpet av veka…

Me har ikkje site inne heile dagen, me måtte ut ein tur for å sjå oss om, fotografera og røra litt på oss og. Visst er her utruleg vakkert sjølv i heftig regnver. Regnver er forresten fantastisk ver å fotografera i for lyset blir så fint. Det å bli klissvåt er kanskje den største ulempa med å vera ute i høljeregn, men så lenge ein har ein tørr plass å koma tilbake til, og tørre klede å ta på seg, så er det ikkje så farleg,

Eg har og brukt nokre timar på å brodert på dåpskjolen frå Alveland. Eg broderer raunbær og skyer og stjerner i kvitt og sølv. Det er eit veldig stort arbeid, men veldig fredeleg å sitja med. Det må vel nesten vera ein variant av ei mindfulnessøving. Eg legg gode tankar og bøner om alt som koma skal ned i stinga, og gler meg til nokon skal få bruk for kjolen. Framleis har eg god tid, og det er bra. Eg håpar å få gjort mest mogleg i sommar. Eg har brodert Karendrakter med det same mønsteret til beg døtrene mine, så eg visste på ein måte kva eg gav meg i kast med. Eg liker at broderia er naturen på Jæren.  Det er litt rart å brodera kvite raunbær, men det blir fint, Eg har gitt meg sjølv lov til å brodera stjernene litt større enn dei skal vera bar fordi eg fekk lyst. Elles så håpar eg at eg skal klara å tøyle kreativiteten, for her er det handverksdelen som er viktig.

Medan eg har sitte her med tastatura mine har viss juni blitt til juli. Tid og stad løyser seg opp mens eg jobbar… B- mennesket i meg har endeleg fått lov til å slå av morgonalarmen på mobilen. Akkurat den hindringa er noko av det finaste med å få sommarferie…

Heidi

Århus

I dag har det store prosjektet vårt vore å reisa med el-bilen til flyplassen i Billund. Det gjekk fint. Me har vore så heldige å ha med oss eldstejenta vår denne første veka. Det har vore så fint og nå er det litt tomt i huset, men me gler oss til to nye veker her.

imageI går var me på bytur til Århus. Denne byen har eg alltid tenkt på som spesielt fin heilt frå eg var der med familien min i ungdomsskuletida ein gong.

I går var litt av prosjektet vårt å besøkja kunstmuseet Aros. Der hadde me aldri vore før, og Leif hadde høyrt at det skulle vera veldig fint der.

Det var fleire ulike utstillingar der, sidan museet hadde salar over åtte etasjar. Den største utstillinga handla om mennesket og naturen, om hagar i  forstand, om lengten etter eit paradis eller ein Edens hage der sjela kan få kvila.

Biletet til venstre visar Central Park på Manhattan omgitt av tette gater med skyskraparar. Biletet til høgre er eit kunstfotografi av ein amerikansk fotograf eg har gløymt namnet på dessverre, som utførde ein form for landart der ho etter mykje om og men fekk lov til å så ein liten kornåker midt på Manhattan med utsikt både til World Trade Center og fridomsgudinna. Kornet fekk lov til å stå til det var moge slik at ho fekk ta nokre tankevekkjande og fantastiske bilete.

Det var bilete der frå mange kunstnarar med temaet «hage». Ekstra begeistra vart eg av å finna verk av vår eigen Nicolay Astrup der. For nokre fantastisk fine rabarbrabilete…

imageEg likte og denne installasjonen med ei hovudlaus fransk pastoralejente i ei huske.

Heilt på toppen av museet får gjestene vera med og laga eit levande kunstverk. Ein kan sjå mørke silhouettar av menneske bevega seg inne i ein regnbogefarga glasring. Fint utanfrå og spektakulært innvendig. Me måtte prøva oss på ein runde i hamsterhjulet me og, og me hadde fantastisk utsikt over byen i mange fargenyansar etter kor i ringen me var. Eg må innrømma at høgdeskrekken slo inn, og at eg haldt meg nærast mogleg innerveggen til ei kvar tid… Kva hjelp det nå måtte vera i det…

Heidi

Gode venner er det finaste me har

Så fort dagane går sjølv om me har ferie. I eit av dei siste innlegga nemnde eg at sist me var i Ebeltoft så var me unge og relativt nygifte og på terskelen til å bli foreldre. Me var her i lag med gode venner, Jan og Hilde som var i akkurat same situasjonen som oss… På ein eller annan ubegripelig måte så har det gått 31 år sidan dette. Då Jan og Hilde høyrde at me skulle vera i Ebeltoft i sommar, så fann dei ut at dei hadde sjansen til å ta seg ein tur ned hit dei og.

Så  fekk me nokre fIne dagar i lag. Sjølv om vêret ikkje inviterte til strandliv og bading, så fekk me feira livet og Jan sin bursdag med lunsj i hagen i solskin og middag ute på Karens kjøkken, ein koseleg restaurant nede i havgapet.

Eg har sagt det før og gjentek det i kveld. Gode venner er noko av det aller beste livet har å by på.

Visst har eg meir å fortelja, men i kveld er eg for trøytt. Det får venta…

Heidi

Draumen om eit forsvarleg liv?

image

I går opplevde me noko interessant og spesielt. Reisepartnaren min, som veit å snusa opp spanande reisemål, hadde funne ut at det var open dag i ein økologi- fokusert landsby ikkje langt frå oss. I eit område ved den vesle byen Feldballe, lever det ei gruppe menneske som har vald å byggja halmhus, som tar ansvar for eigen kloakk og eige avløpsvann og som har prøvd å laga eit bu og livsstilsalternativ som belastar kloden minst mogleg. Siste sundagen i juni opnar dei for at folk skal koma inn på besøk, det blir arrangert seminar, omvisningar og forestillingar, og i fleire av hagane er det laga til små kafear.

Det å byggja halmhus er ikkje bare- bare fekk me vita. Det er arbeidskrevjande og utfordrande og dei fleste gjer mesteparten av arbeidet sjølv. I løpet av dei tretten åra prosjektet Friland hadde eksistert hadde dei gjort seg mange erfaringar og lært mykje. Husa blir bygde med eit skjelett av halmballar og så lag med mur/ leire utanpå og inni. Nokre hadde og vald å kle husa med tre. Dei var dyre å byggja og med ganske lite buareal, så dei som slo seg ned der måtte leva med at det truleg var eit økonomisk tapsprosjekt dersom dei valde å flytta der i frå. Folk som gjerne ville kjøpa jord og bygga hus der måtte godkjennast av eit bebuarråd, både for å sjekka ut om dei visste kva dei gjorde og om dei passa inn i konseptet.

Dette var eit buområde nokså ulikt dei pyntelege byggefelta heime. Det næraste me kan koma reint førsteinntrykksmessig er kanskje våre eigne litt ufrivillig overgrodde blomsterbed… Her var førsteinntrykket, skakt, skeivt, kaotisk og ganske rotete på ein i og for seg sjarmerande måte. Gras, blomar, urter og grønsakar vaks villig, i gatene var det grus og utanfor husa stod det gamle lenestolar og haugar med ulikt bygningsmateriale ved vannliljedammar og innegjerda gjess. Toalettartikler er med eigne avløp og reinsketankar og alt avløpsvatn blir filtrert gjennom private reiskeanlegg med knuste skjell og sand. Ho som viste oss rundt meinte det var oppdragande å ta konkret og fysisk ansvar for eige søppel. Her er tanken at alt skal gjenvinnast og gå tilbake til naturen.

Kva dette minna meg om? For å vera litt ufiltrert ærleg så vil eg seia ein blanding av Korsveifestival, Fristaden Christiania, eit kolonihageområde og Vikingland i Tusenfryd. Eg har ingen grunn til å tru at det på nokon måte er Christania- problematikk der, det er det ingen grunn til å tru, må eg skunda meg å seia. Ein del av dei som bur der har etterkvart fått jobben sin knytta til staden, dei kan jobba med dyrking, som kunsthandverkarar, eller som ulike formar for terapeutar. Det vart og halde kurs i snekring og urtedyrking.

Om dette er ein livsform som tiltalar meg? Ja, på ein måte. Eg skulle gjerne budd her litt og sett korleis det er der på vanlege dagar, når det plaskregnar om hausten og når det er kaldt om vinteren. Framleis er dette veldig alternativt, men kanskje det er ein mykje vanlegare måte å tenkja på om ti år?

Heidi

 

 

Ebeltoft

 

imageDenne byen har me feriert i før, for 31 år sidan for å vera nøyaktig. Me leigde sommarhus her i lag med Jan og Hilde. Eg var gravid med Odd Christian og Hilde  med Ingvild. Det var sol og varmt og me bada mykje i sjøen dersom eg hugsar det rett. Nå er me ein generasjon inn i framtida. Så langt har det ikkje frista å finna fram badetøyet. Temperaturen her ligg på rundt femten grader, og regn og sol og vind skrur seg av og på slik at det er vanskeleg å svara kort på korleis vêret eigentleg er. Ebeltoft er framleis ein veldig koseleg småby.

 

 

I går føremiddag rakk me å gå rundt i gatene på litt lørdagshandel med innlagd pause med kaffi og vaffel på ein fortauskafe.

Så begynte det å regna og me sette oss i bilen for å sjå oss litt om i området.

 

 

Det er fint her. Etter å ha hatt ein middagspause i sommarhuset vårt med innlagd kaffi i sola og brodering av dåpskjole, gjorde me noko såpass spesielt i ein Danmarksferie som å dra på ein slags fjelltur. Me kjørte på smale grusvegar opp til det som på kartet heiter Mols bjerge.

 

 

Landskapet var vakkert og lyset heilt fantastisk. Eg har prøvd å fanga det med mobilen. Eg liker Leif sin hang til å ferdast litt utanfor allfarveg. I dag, sundag, har me og fått med oss noko heilt spesielt som eg kjem tilbake til i neste innlegg. Først på eg lasta ned nokre av bileta eg vil visa fram.

Heidi

Jonsokmorgon

 

Jonsokmorgon.

Sjølv er eg tidleg oppe

for å redda verda og drikka kaffi.

Forsiktig velsignar eg sjasminane

og dei modig oppreiste blålilla lavendelblomane.

Eg ber for linerla, grønfinken og bokfinken

som syng dagen trøstig i møte.

Eg plukkar visne kronblad av hortensia og flittig- Lise

og vaktar meg vel

for å setja nakne fotblad på brunsneglane

der dei kviler på steinhellene.

Så strikker eg ei bøn i kvitt og rosa,

i oker, oliven og modig oransje

for eit sovande oktoberbarn

som skal møta oss i rett tid

den dagen livet opnar seg.

Heidi

Sommarferie – dag ein

 

imageSom nokon så beteiknande sa det for nokre dagar sidan: Å avslutta eit skuleår er som å køyra karusell. Det går rundt og rundt i forrykande fart, du klamrer deg fast så godt du kan og har nesten ikkje tid til å pusta. Så bråstoppar karusellen og du vaklar fortumla ut og lurer på om du er like heil.

Den siste veka har me og rukke å ha sommarbesøk av Halvard og Sunniva, som me kjem til å sjå alt for lite til i sommar.

image

På ein av dei lysaste kveldane i året reiste eg og Sunniva ned til Hårr for å sjå om me kunne finna solnedgangen. Vêret var ikkje heilt klart, men lyset over Jæren  klokka elleve om kvelden på slutten av juni er ei oppleving i seg sjølv.

imageI går pakka me oss nesten rett frå klasserommet og over i danskebåten og etter ei nattsegling med strikketøy og nokre timar med søvn, ankom me Danmark i dag tidleg.

image

Me har leigd oss eit sommarhus i Ebeltoft. Eit lite raudt hus med anneks og stor viltveksande hage med sjasmin og lavendel, med fuglehus med ungar og masse fuglesong frå grønnfink, bokfink, linerle og svarttrast. Det er nydeleg her, men ingen overveldande sommarvarme. Det har vore nokre skikkelege regnbyger og småhutrande kaffidrikking i hagen innimellom. Her skal me vera lenge, og det kjennest bra. Livet er godt.

image

 

 

 

Livet høyrer Herren til – Møtte meg sjølv i døra…

For tre-fire år sidan var eg på toget mellom Bryne og Oslo. Akkurat då me stod i midtgangen, fordi dei snudde seta i Kristiansand, ringde mobilen min frå ukjend nummer. Forviten som eg er ,så tok eg han sjølv om situasjonen var litt spesiell akkurat der og då. «Snakkar eg med forfattaren Heidi Strand Harboe,» spurde det i den andre enden. Eg vart målbunden eit sekund. «I alle fall med Heidi Strand Harboe,» svara eg…

Dei ringde frå Verbum Forlag. Ville eg vera med på eit prosjekt der mange ulike lyrikarar fekk ein bibeltekst kvar, og så skreiv eit dikt ut i frå det? Det skulle vera ein tekst for kvar sundag og heilagdag i kyrkjeåret, og me ville få tilsend vår tekst. Jo, då det høyrdest spennande ut, det ville eg vera med på. Teksten eg fekk byggjer den gamle jødiske trusvedkjenninga: «Høyr Israel, Herren er ein… » og held fram med at desse orda skal hengast på portane, bindast om handledda og berast i panna slik at ein aldri gøymer dei.

Boka kom og boka var fin. Sidan det sjeldan blir slik at ein les ei heil diktbok i strekk, så fekk eg ein idé då inneverande kyrkjeår starta. Me kunne lesa det diktet som passa til sundagane når me åt sundagsfrokost. I dag slo eg opp på treeingssundag, og tenkte med første augnekast at det diktet trur eg eg har lese før, eg kjenner det at. Sekundet etter forstod eg at eg rett og slett var kome til mitt eige dikt… Det var rart å lesa det igjen, sidan det bare står på trykk i  boka «Bibeldikt» og ikkje i mine eigne bøker som eg ofte les opp i frå, så ser eg det ikkje så ofte. Eg tenkte at det måtte eg kunna by på på bloggen i dag, så her kjem det…

Livet høyrer Herren til

Eg brettar hjartet mitt ut som ei skål,
der legg eg orda om kven du er
saman med villroser og rabarbra,
sitronar, eple og jordbær.

For du, min Gud,
er tyngda mi og vengene mine.
Du er bølgjene som ber meg,
og kjærleiken
som gir meg namn og forandrar meg.

Eg bind orda om deg
inn i blomekransar og perlekjeder.
Eg festar dei rundt handledda mine
med strikk og hengelåsar,
tett mot puls og hjarteslag
for ikkje skal eg gløyma å hugsa
kven eg høyrer til.

Eg skriv namnet ditt med nakne fingertuppar
på ryggen og hjartet til mine nyfødde barn.
Med modig og skjelvande skrift
skriv eg på panna deira
bøner om alt som sidan skal skje.

Heidi

Spontandikt ein kveld i juni

Eg går ut
for å lena meg mot det grøne,
for å kvila i fuglesongen
som ligg der i fleire lag,
for å plukka sju slag blomar
og stå der og bli ei bøn
om at miskunn og tillit
framleis må bera
jorda me trør på
og alt me lengtar etter.

Heidi