Gå til innhald

Nesten sommar -2.mai

Det er dette me har lengta etter. Sol og varme og blomar og lauvsprett og blide folk med vår i blikket. I dag sykla eg rett til togstasjonen etter jobb for å ta toget til Sandnes. Eg hadde lyst til å ha god tid før Torhild og eg skulle til Frelsesarmeen for å opptre. Eg fekk meg ein time til bare å driva rundt i sola i Sandnes sentrum og nyta sola, kikka på folk og fotografera litt. Sandnes er byen der eg gjekk tre år på vidaregåande skule, og brukte ein del av fritida mi i tre viktige år på slutten av syttitalet. Det er ikkje ofte eg sullar rundt i Langgata lenger, men eg liker å gjera det.

I god tid ankom eg lokalet og sat på ein benk i Sola utanfor og venta på Torhild, medan eg prøvde å både slappa av og konsentrera meg om det eg snart skulle opptre med. Det var litt spesielt å koma til Frelsesarmeen sine lokale, fordi eg var i den kyrkja ein heil del på syttitalet. Då var det adventkyrkje, og eg var der rett som det var i lag med mi gode venninne Sissel og familien hennar som høyrde til adventistmenigheten der.  Det er rart å tenkja på at dette litt omtrent førti år tilbake i tid.

I vinter hadde eg og Torhild eit program me kalte livsvev som me opptrådte med eit par stadar. Det er ei vandring gjennom årstidene og samtidig ei vandring gjennom livsfasar og sinnstilstandar uttrykt gjennom musikk, song og tekstformidling. I går snekra me saman ein sommarvariant av programmet som me brukte i dag og skal bruka ein gong i neste veke. Mor til Torhild har vore offiser i Frelsesarmeen, og me var inviterte til eit forum for kvinner som heiter Hjemforbundet. Eg har stor respekt for Frelsesarmeen som organisasjon, og me vart tekne i mot med varme og storsinn. Etterpå fekk eg skyss heim via Ålgård, for Torhild skulle kjøra heim mor si som framleis bur på Ålgård. Du all verda så fint det var mellom Ålgård og Bryne i dag med kveldssol, lauvsprett og masse lam som endeleg er slupne ut i lag med mødrene sine. Då eg kom heim var eg dum nok til å leggja meg ned på sofaen der eg fekk selskap av ein kosete katt. Det var ein farleg aktivitet for det var vanskeleg å koma seg opp att og til tastaturet… Nå blir det nesten-tidleg kveld. Det er godt me har lyse morgonar, for det å koma seg i seng tidleg nok til å få lange nok netter er ikkje mi sterkaste side, dessverre.
Heidi

1.mai 2017

Etter ein rask og kjøleg aprilmånad, har me opna døra og gått inn i mai-månad. Ein av dei rare tradisjonane eg har pålagd meg sjølv heilt frivillig er å skriva blogg kvar einaste dag i månadane mai og desember. Kvart år spør eg meg sjølv om eg skal gje meg i kast med dette i år og, og kvart år ender det med at eg bestemmer meg for å gjera eit forsøk. For meg er dette eit slags livsdokumenteringsprosjekt om tider som kjem og tider som henruller som me syng om i desember. Livet kjem og går og endrar oss nesten umerkeleg frå år til år og veke til veke. For oss privat har året sidan sist det var mai vore eit veldig bra år der gode ting har fått skje, for andre me kjenner godt har det vore eit vanskeleg og utfordrande år og kva dagane bringar av gode og vanskelege ting har me ingen kontroll på nokon av oss. Det einaste me veit er pusten me har i lungene akkurat nå, og livet me er i kvar gong eit sekund blir til eit nå. Eg sit her med ein malande katt på musematta, med vått nyvaska hår, eit stort glas farris og ei bunke papir eg held på å reinskriva på skrivebordet framfor meg. Eg høyrer ofte radio medan eg skriv, akkurat nå høyrer eg radiogudstenesten frå i går.

Ute er himmelen blå med lette blondeskyer, og om ei stund skal eg ut i det fine vårveret som gjer velsigna godt etter ein lang periode med iskald vind og mykje regn. I sist veke var det til og med snø på bakken fleire morgonar. Eg hdikt frå  brukt ein morgontime på å lesa ferdig Astrid Lindgren sine krigsdagbøker. Dei vitnar om levd kvardagsliv og sosialt og politisk engasjement i vanskelege tider. I dag er det den store solidaritetsdagen, første mai. Eg og Leif har lese dagens tekst og dagens dikt frå boka Bibeldikt. Det handla om den rike mann og Lasarus, og det er ingen stor tvil om kven me liknar mest på. Lasarus vakna i dødsriket og var varm og tørr i munnen. Den rike mannen bad Abraham senda Lasarus ned til han med vatn han kunne kjøla tunga med, då fekk den rike mannen beskjed om at sånn var det ikkje lenger, Lasarus hadde lidd nok, nå hadde han fått eit fang å sitja på.

Det slo meg i kor stor grad me kan kjenna att dette biletet. Me synest det er rett og rimeleg at me sjølv skal ha det meste, og at andre skal bidra med det dei har for at vår del av verda skal vera beskytta og trygg. Me veit at Lasarus framleis er i live. Han svelt og frys, han er med rette redd for at huset hans skal bli bomba fgummibåtør natta er over. Han er på flukt i ein liten gummibåt, han leiter etter reint vatn å gje barnet sitt å drikka. Lasarus er og ei kvinne, med og utan hijab, med og utan mat nok til denne dagen, med og utan håp for framtida. Merkeleg nok er det nesten lettare å forhalda seg til Lasarus når ho eller han er langt borte enn når ho sit på det kalde fortauet i Bryne ein dag i april med eit pappbeger framfor seg i lange skjørt, og me ikkje heilt veit om ho verkeleg svelt eller om ho kan tenkjast å ha kriminelle bakmenn i ryggen. Uansett så kan det ikkje vera spesielt varmt å sitja der.

Eg skal ikkje gå i tog i dag, men eg har gjort det før, og det er ikkje utenkjeleg at eg kjem til å gjera det igjen. Hadde eg budd i nærleiken av Washington DC, ser eg det ikkje som usannsynleg at eg hadde gått i det toget som ganske nyleg gjekk forbi det kvite huset med ei bøn om at han der inne må tenkja ein andre og tredje og fjerde gong når det gjeld synet på klimatrusselen. Kanskje tida for demonstrasjonstog verkeleg er komen? Det eg veit at tida er komen for er å ta med seg hjartet sitt der ein ferdast. Det er på tide å sjå lenger enn til sin eigen nasetipp. Me har ei jord på deling og ho har det ikkje greitt. Alt for mange av dei som bur på ho har det heller ikkje bra, det er langt igjen før alle har like sjansar og levekår. Kva er det som får oss til å tru at me har ein soleklar rett til å ha det så mykje betre enn dei fleste andre?

Eg er overbevist om at alle menneskehar moglegheita til å forandra verda… Litt eller mykje… Kven skulle elles gjera det? Måtte Gud velsigna oss og fri oss frå litt av vår store egoisme. Og måtte sola og våren gje oss glede og energi som me kan bruka til noko godt.

Akkurat nå lyser dei velsignelsen på radio:
Gå ut og tjen Herren med glede.

 

Heidi

Mitt valnøttstore barnebarn

Det har vore hemmeleg, men nå får eg lov til å fortelja at om alt går som det skal, så får eg eit barnebarn i oktober. Sjeldan har nokon vore meir klar eller meir glad for å få ein slik beskjed. I dag vil eg dela eit dikt eg skreiv for ganske mange veker sidan, medan det framleis kjendest nytt og ganske usikkert.

image

Mitt valnøttstore barnebarn
plaskar og sym
i ein mørk mammamage
pakka godt inn,
i kvalme, lengt og omsorg.
Eg lengtar fram mjuke kvite klede
av varme og glade tankar
av skjelvande velsigningar
festa til klirrande strikkepinnar.
Eg skal gå ut og stoppa alle krigar.
eg planlegg å redda havet,
og alt som lever på jorda.
Eg legg planar om å jevna ut alle humpane
om å fylla alle hola på vegen
med mørk mold og kvit sjøsand,
slik at du ikkje skal snubla og detta.
Eg smalar kvite fjører frå strendene,
frå dei fuktige myrene, dei store skogane
og den varme asfalten
slik at eg kan laga deg varme dyner,
slik at du aldri skal frysa.
Eg syng deg mjuke voggesongar,
og kviskrar lyse beskyttande bøner
om alt som skal skje deg.
Så ynskjer eg deg god tur,
og lukka til,
på vegen ut til menneska,
når du ein gong blir sterk nok
til lyset her ute.

Heidi

Om det mislukkas vi börja om igjen

Eg hadde bare lyst til å vinka til blogglesarane mine og beroliga dei som eventuelt lurer på med at eg kjem sterkt tilbake.

Eg har måtta bruka skrivekapasiteten min på andre ting den siste veka, nærare forklart til å vera redaktør og skriva inn tekstar i den boka eg lagar kvart år i lag med elevane på skapande skriving. Det er eit kjekt, men og veldig tidkrevande arbeid. Eg illustrere det med foto frå to utstillingar som er å sjå på Hå gamle prestegard akkurat nå. Dei har ikkje meir med teksten å gjera enn at eg synest dei på ein betegnande måte illustrerer alle sekvensane og roma som eit levd liv består av. Me går ut og inn av slike rom, av og til har me sjanse til å gje oss god tid i eit av dei, andre gonger må me fort vidare.

Det er kaldt og surt, og i går morges var det snø ute då me vakna. I natt melder dei frost. Eit blikk tilbake i bloggsidene mine viser at me faktisk hadde nøyaktig det same veret i fjor på denne tida. Det blir nok vår og varme i år og, sjølv om eg av og til lurer på om årstidene har forskjøve seg litt. Eg synest me har hatt fleire kalde vårar, kjølige somrar og lange fine haustar i mange år nå, men kanskje eg hugsar heilt feil… Det som er sikkert er at me nå er inne i nokre veker der lengten etter sol og varme er sterk fordi me veit at plutseleg kan det koma over oss både sol og sommarvarme.

Overskrifta i dette innlegget referer til det eg eigentleg hadde lyst til å skriva i dag. I sist veke var eg på besøk hos Ståle for å feira gebursdagen hans, og han hadde ein quiz med utdrag av melodier me skulle prøva å finna tittelen på. Der dukka det jammen opp ein song som eg hugsar frå sundagsskuletida mi då eg var barn i baptistkyrkja på Ålgård. Songen var den einaste me song på svensk, og eg anar ikkje kor «tante Anny» hadde funne han, men Ståle sin variant skulle kanskje tyda på at det i si tid var ein schläger i kristne barnemiljø. Det merkelege er at songen vel strengt tatt ikkje har noko religiøst innhald, ikkje slik me song han i alle fall. Songen gjekk slik:

Om det mislykkast, vi börja om igjen,
om det mislykkast, vi börja om igjen,
om det mislykkast, vi börja om igjen, om igjen, om igjen, om igjen,
om det mislykkast, vi börja om igjen.

Songen vart alltid sungen minst tre-fire gonger på rad utan pause.
Det er ein enkel tekst med mykje livsvisdom… Det har hend at eg som vaksen har måtta synga litt for meg sjølv… Kanskje me burde synga han med barna nå og, det er ikkje heilt feil å ha lært seg songar og teknikkar som oppmuntrar ein til å bita tennene saman og ikkje gje opp. Slikt har menneske bruk for.

Nå lurer eg på om mange andre og har med seg denne songen frå barndommen, og om dei framleis av og til tyr til litt høgtsynging for seg sjølv i passande høve.

Heidi

Påskeforeldre

image

Når barna bur borte, er det veldig stas å få dei heim på ferie. Når nokon er heime på ferie, er det veldig kjekt å samla dei som bur i nærleiken og, slik at me kan vera mest mogleg og flest mogleg saman. Kjøkkenet har hatt sin høgsesong og middagsbordet er blitt dekka til mange. Leif som er mykje tidlegare vaken enn meg har bidradd med nybakt til frokost tre av fire morgonar. Velsigna vera han for det. Halvard reiste tilbake i ettermiddag, og huset har allereie eit tomrom etter han. Slik er det å vera feriemor til nokon som for lengst har overtatt ansvaret for seg sjølv.

Langfredag opprant som noko så sjeldan som ein skikkeleg solskinsdag. Utpå dagen fekk eg ein nydeleg tur langs Borestranda med hund og døtrer medan andre lengta meir mot golfbanen. Etterpå vart det full-fart-steiking av vaflar i anledning gjester som dukka opp, og middagslaging med begge hender. Sidan veret framleis ropte på meg, klarte eg å organisera ein tur til ut. Denne gongen vart det ein flott kveldstur på Refsnesstranda i lag med Gunhild Malena. Så heldige me er som får ha slik natur rundt oss. Eg er blitt vaksen nok til å seia at eg ikkje kjenner det minste vesle snev av dragning mot påskefjellet. Eg kan strekkja meg så langt som til å gleda meg på avstand i lag med dei som har glede av det.

I dag var det grått i veret att. Det var ikkje så veldig problematisk med hensyn til turen me hadde planlagd i dag. Me reiste inn til Stavanger i lag med Sunniva og Trygve for å få med oss litt bypåskestemning. Eg fekk meg ein times tid med fotosafari i bygatene før me hadde ein koseleg lunsj saman på ostehuset.

Eg liker å vasa rundt i byar og bare sjå på alt det merkelege som finst å sjå på…
Og å prøva å fanga tankar og stemningar.

image

image

Kreative påskebodskap var det og å grunna på…

image

Vel heime att var viss alle eg delte hus med klare for litt aleinetid, eg sette meg ned med strikketøyet og leitte etter noko fint eg kunne slappa av med på NRK TV via Chromecast. Eg, som er uhelbredeleg nyssgjerrig på andre menneske, fann ein kjempefin serie som med tittelen «Mitt liv», der utplukka nordmenn, som har det til felles at dei har levd lenge og sett spor etter seg i norsk samfunns- og kulturliv vart portretterte. Det var gjort lange opptak som var klippa ned til portrettintervju. Intervjuobjekta fekk velsigna god tid til å tenkja tankane sine og snakka setningane sine ferdige.

Eg vart heilt fanga. I løpet av ettermiddagen og kvelden hadde eg pluteseleg fordjupa meg i liva til Hanna Kvanmo, Mosse Jørgensen, Jacob Jervell, Kåre Willoch, Espen Schønberg og Astrid Nøkleby Heiberg. Eg kjem til å sjå dei andre programma i serien og, og anbefalar dei med dette. Dette var TV til å bli klokare av.

Sidan eg liker kjensla av «barn i huset», brukte eg siste rest av dag på å gjera klar påskeegg til meir og mindre vaksne barn. I år var eg innom Snobå i Stavanger og heva standarden på innhaldet ganske mange hakk frå det som har vore vanleg standard i heimen. Her i huset har det aldri vore påskeegg å få før første påskedag, men Halvard måtte få eitt på frokostbordet og eit i reiseveska sidan han reiste i dag.

Så håper eg at eg får til ei lita påskeeggsamling i morgon… Og nå har det vel kanskje vore på tide ei stund å takka for dagen som har vore, så det gjer eg akkurat nå…

Heidi

Påskenatt

Klokka er fem over tolv og det er blitt proklamert at «Kristus er sannelig oppstanden». I år vart det ikkje midnattsmesse, men eg har brukt litt av kvelden til å tenkja gjennom opplegget for påskevandring for barn som skal gjennomførast på jungelgjengen i morgon under påskegudstenesta.

Det å forkynna/ fortelja for barn er noko eg gjer med stor ærefrykt og stort alvor, sjølv om eg absolutt prøver å få med humoren og humøret og. Det er eit stort ansvar å velgja sine ord rett og ikkje minst å møt barna med varme og respekt. Kanskje legg eg det nesten litt for tungt på meg, for eg tenkjer nesten alltid på førehand at eg burde vera endå meir førebudd enn eg er. Når eg har kome så langt som til å vera i forkynninga, forteljinga, så er eg i det med stor glede.

image

Eg tenkjer på kva barna kan trenga å møta, kva det kan vera fint for dei å ta med seg vidare i livet både barnelivet og vaksenlivet. For meg er trua ei trygg forankring og noko fint å ha med seg ut i det levande livet. Det gjer meg tru på at håpet er større enn angsten, lyset sterkare enn mørket og kjærleiken sterkare enn døden. Det får meg til å tru at det nyttar å kjempa mot alt som er gale og det gjer meg det eg trur er eit realistisk bilete av å vera ein liten del av ein større samanhang. For meg er det utruleg flott å verkeleg kunna tenkja at livet er meir enn det som dreier seg om meg og mitt, og at eg har meir å kjempa for enn eigen fasade og framgang og eige velvere.

Dette har det vore viktig for meg å prøva å vidareformidla både til eigne barn og til andre barn. «Som når et barn kommer hjem om kvelden, og blir møtt av en vennlig favn, slik var det for meg å komme til Gud, og jeg kjente at her hørte jeg hjemme…»

Som ein påskemeditasjon til dei som les, vil eg sitera Peter Halldorf i natt og. Dette er ikkje først og fremst tankar i tankerekkja om å forkynna for barn, men tankar til meg sjølv og andre vaksne. Det er nattetankar i den forstand at dei er skrivne i eit kapittel om natta. Natta i åndeleg forstand, der ein ikkje ser klart, der ein føler at ein famlar i mørket og opplever at ikkje alt som handlar om tru er like enkelt og klart som det kan synast i barnetrua.

Det handler om ikke å gjøre motstand mot Gud, om helt og fullt å stole på at Gud vet hva han gjør, og at det mål han leder oss mot, alltid er kjærlighetetn. I denne tilliten faller menneskets sjel til ro. Den mest fruktbare reaksjonen på den mørke natten er derfor stillheten i Guds hånd. Det enkleste av alt. Det vanskeligste av alt.
Peter Halldorf

Eg anbefalar å oppsøkja stillheten. Den gjer oss godt. Eg trener meg på det sjølv. Det enklaste av alt. Det vanskelegaste av alt.

Heidi

Skjærtorsdag 2

Det er kveld og eg har tid til å kikka som snarast innom nettavisene. Det første eg ser er at det er slept amerikanske bomber over Afganistan. Andre overskrifter er betre eigna til å skapa håp og glede i meg…

Eg les at paven har vore på sitt årlege besøk i eit fengsel for å vaska føtene på ein del av dei innsette. Eg har blitt meg fortald at etter gammal skikk vaskar paven føtene på kardinalane på skjærtorsdag, men den nåverande paven vil heller vaska føtene på fangar som sonar straffa si.

Eg les og om møtet mellom Jens Stoltenberg og Donald Trump og takkar Gud for at det er Jens som er leiar i Nato akkurat nå. Han har eg tillit til i ei tid som utan tvil krever sin mann eller kvinne i nettopp den posisjonen.

Påskemysteriet er for meg nettopp eit mysterium. Eg er mellom dei som nesten virkar å vera fødd med ei innebygd tru på ein allmektig skapargud som ser verda med kjærlege auge. Forsoningsdelen av kristendommen har eg aldri gripe på den same sjølvsagde måten. Eg trøystar meg med at det må få lov til å vera nettopp eit mysterium, og den tanken gjer meg godt. Mysterium har eg sansen for.  Då eg var på Hamar for snart to veker sidan kjøåte eg ei bok av Peter Halldorf som heiter «Mellom skumring og mørke»; og har undertittelen «Åtte betraktinger om den nakne tro». Eg må innrømma at innhaldet kanskje ikkje er det aller lettast tilgjengelege om ein er nybegynner i det å lesa «tekstar om kristen tru», men dei loddar djupt og skapar ettertanke. Eg har lyst til å markera skjærtorsdagskvelden med eit par sitat der i frå:

«Offer handler om kjærlighet. Ingen relasjoner, det være seg menneskelige eller guddommelige består uten offer. Den som er forelsket ofrer penger, tid og søvn for sin elskede. Dersom kjærligheten modnes, krever den fortsatt uselviskhet. Det avgjørende spørsmålet når Jesus nærmer seg Jerusalem er derfor: Hvordan får vi vår kjærlighet til å vokse?»

«Når forkynnelsen holder seg med intetsigende sjablonger, stimuleres ikke troens vekst fra det enkle og selvinnlysende. Vi får ikke hjelp til å forstå at hvis vi ikke blir tvilere, kommer vi heller aldri til å bli troende. Med filosofen Francis Bacons ord: Den som er sikker når han starter, ender som tivler: men om han nøyer seg med tvilen i starten, kommer han til å ende i visshet.» Ylva Eggehorn kommenterer dette slik: «Derfor tror mange voksentroende at de ikke tror.
(Fra Peter Halldorfs bok mellom skumring og mørke)

Eg skal ikkje sitera meir frå boka her og nå, men tanken på at det offer det enkelte mennesket blir utfordra til å koma med er å gje av sitt eige, og av sine eigne privilegier for at kjærleiken til Gud, jorda og andre menneske skal få større plass, står for meg som ein meiningsfull og utfordrande tanke om offer nå i påsketida. Er me villige til å setja eigen prestisje, vinning og tid litt til sides for at kjærleiken skal få større plass, ikkje bare i privat, men og i global og samfunnsmessig forstand?

Heidi

 

Skjærtorsdag

Etter at alle middagsgjestene har gått frå bordet, kaffien er drukken opp og praten har stilna går eg ut ein tur. Det er fint å koma seg ut og gå etter å ha vore husmor heile dagen. Eg tek med meg mobilen og tenkjer at eg vil sjå om eg finn nokre fotomotiv viss det ikkje er blitt for mørkt. Klokka er nesten åtte, men framleis er det lyst og fint, og då eg kjem tilbake ein time seinare, er det framleis lys ute. Det går så forunderleg fort når det for alvor har begynt å lysna om våren. Sjølv om me framleis ikkje har hatt den store varmen her, så har naturen klare helsingar om at våren er i rute.

Det er fint å få «ungane heim» til påske, sjølv om dei strengt tatt ikkje er ungar lenger. Når me fyller på med kjærastar og med foreldra mine og det me har av hundar og kattar så blir det fullt i både stove og hjarterom.

I dag vart det påskelam på bordet sjølv om det for tida går mest i vegetarmat hos oss.  Det vart ikkje tid og anledning til den tradisjonelle skjærtorsdagsgudstenesten i år, men eg gjer meg likevel nokre påske- og skjærtorsdagstankar. I dag skal dei få koma i eit eige innlegg. Her skal de få fylgja meg på kveldsturen rundt Tjødnå før eg takkar for meg.

Heidi

Påskeferie

Plutseleg er påskeferien her. Først var det på tide å ta ned ein ball frå lufta. «Flink pike», den store tiandeklasseforestillinga Time kulturskule set opp kvart år før påske, og som eg hadde skrive i lag med seks tiandeklassingar, var nå innøvd og klar til visning i Storstova. Før var dette eit prosjekt eg var medansvarleg for frå idefasen til siste forestilling var over. Nå er eg bare med på å skapa ein verden i tankane og på papiret, og så får andre gestalta det. Det er utruleg spennande å sjå det ferdige sluttproduktet. Tiandeklassingane våre er så flinke, og me lærarar er stolte av at me får elevane til å gjera dette, dei er medansvarlege for manus, er musikarane i orkesteret, songarane, skodespelarane, dansarane, dekoratørane og scenearbeidarane. Så har me ei open forestilling ein kveld, og to dagar med forestilling for alle skulane i kommunen. Eit par trinn frå skular i nabokommunane var og inviterte. I år vart temaet det å vera jente og dette å skulla forhalda seg til det store presset om å prestera og vera vellukka på alle måtar. Etter å ha brukt meir enn eit halvt år på å skapa ein forestilling er det alltid rart å bruka ein halvtime på å pakka det heile ned og saman, og så er innsjå at nå er det heile over. Som eit apropos til det siste, så får eg klistra inn nokre minnebilete her.

Etter forestillingane åt dei av lærarane som hadde tid til det felles lunsj. Så møtte eg Torun og gjekk på vårtur i skodderegnet ein tidleg aprilkveld aller først i påskeferien.

Her i vårt hjørne av verda har det stort sett vore kald vind og rått og vått vårver. Den store smaken av vår fekk eg den helga eg var på Hamar. Likevel fortel naturen tydeleg at me er komne inn i ei ny årstid. Lerketrea har fått nye grøne nåler, graset har fått grøn farge, påskeliljene blømer og både hestehov og dei aller første løvetennene kikkar fram-

Grått skoddelys gjer seg ekstra godt på fotografi. Torun er blitt superinteressert i fuglar og stilde med fuglekikkert. Eg såg dei første vipene og eit par storspover i tillegg til store mengder med tjeld og eit grågåstrekk som kom forbi. Eg er ikkje flink på fuglelydar bortsett frå måkar, kråker, gjess, duer, gauk og svarttrost, og prøver å læra meg litt fleire. Eg lurer på om fuglelytting og fuglekikking er ein trend i tida, eller om det bare er meg som kjenner fleire som for tida er heilt hekta på det?

Den første heile feriedagen brukte eg på skriving, husrydding og litt baking. Det var lenge sidan eg hadde samla familie i heimen, og i går ettermiddag var det servering av nysteikte lappar og grove scones til dei som hadde tid og lyst til å koma.

I dag har eg vore på palmesundagsgudsteneste i kyrkja vår. Eg synest det er så vakkert å sjå på når prosten vår tek eit og eit dåpsbarn opp i armane sine og syng ei velsigning over dei. Eg blir rørt kvar gong.

image

Så var det min tur til å selgja lodd nokre ettermiddagstimar på Hå gamle prestegard. Det er ei triveleg oppgåve å sitja der med strikketøy, kaffikopp og ei skrivebok og snusa inn den rolege og fine atmosfæren der nede. Eg er dessverre alt anna enn ein aggressiv og påtrengjande loggselgjar. Eg ville sikkert ikkje hatt sjanse til å overleva som handelskvinne. Ein og anna venlegsinna kunstelskar kjem likevel bort for å kjøpa lodd i kunstlotteriet og slå av ein prat…

Etterpå gjekk eg og Leif tur langs stranda saman med ein familie frå Aleppo som me har blitt litt kjende med. Det var kald vind, men me fann oss ein litt lun krok der me drakk kaffi og åt norske lappar og syriske pirogar saman med Arne Berge som me plukka med oss langs den grusvegen me vandra mot havet. Måtte Norge vera ein god plass å koma til for alle som treng ly for forhold dei ser seg nøydde til å flykta frå i heimlandet. Eg håpar det er godt å koma til oss, men det hender eg blir i sterk tvil.

Nå går me inn i det som blir kalla den stille veka. Eg er glad i å reisa, men i påska har me nesten alltid vald å vera heime. Det er fint å kunna nyta våren på Jæren og ta del i kyrkjelege handlingar kring feiringa av denne heilt spesielle mysterieveka i kyrkjeåret. I morgon begynner påskegjestene å ramla inn i form av utflytta ungdomar. Eg skal bruka eit par timar kvar dag på å leika forfattar, men eg reknar med at det skal bli tid til litt roleg påskeferie og. Ha ei fin påskeveke alle saman.

Heidi

 

Fordi du ikkje er bra nok

Denne provoserande teksten er sitat frå eit seminar eg var på i helga, og collagen har ein av skriveelevane mine laga. Mannen eg siterer heiter Asle Finseth, han er redaktør i tidsskriftet Strek og tidlegare journalist i Vårt Land. Han har lenge vore oppteken av kåra for å vera menneske i ei verd styrt av marknadskreftene. Om me ikkje er vakne, risikerer me å bli reduserte til først og fremst å vera forbrukarar og konsumentar. For å få oss til å bruka pengar, blir me stadig fortalde at ting ikkje er som dei burde vera, slik at me kan bruka tid og krefter på å prøva å kjøpa oss ut av mangelsituasjonen. Bodskapa i reklamen er utvetydige: Du har ikkje fin nok bukse! Du er ikkje fin nok på håret! Du har ikkje fine nok møblar i stova di! Bilen din held ikkje mål! Burde du ikkje unna deg den finaste og nyaste mobilen? Veska di har feil merke! Du har ikkje fint nok sportsutstyr! Kroppen din er heilt feil! Ansiktet ditt er ikkje rynkefritt nok! Brysta dine er for store/ for små/ for slappe, stryk det som ikkje passar… Tærne dine er for skeive, og tennene er ikkje kvite nok!

Slik kunne eg ha skrive side opp og side ned, og me ville alle kjenna att det me høyrer så ofte at me nesten trur på det. Eg seier til meg sjølv og alle andre: Rett ryggen og gå ut med den kroppen du har, og det yttertøyet du har hengande i skapet. Ta på deg den gamle lua, og våg å visa nasen din fram sjølv om han er for stor/ for liten/ for brei/ for smal/ for skeiv eller for krokete, stryk det som ikkje passar. Ta med deg smilet ditt og din ibuande interesse for andre menneske. Det rekk lenge. Ikkje gløym å ta med deg hjartet ditt. Det har verda bruk for.

Gode helsingar til deg som les dette.
Ikkje la dei lura deg til å tru at du ikkje er bra nok,
og ikkje la dei lura deg til å tru at du blir lukkeleg den dagen du kan kryssa av siste krysset i rett rute på forbrukarsamfunnet si sjekkliste…

Heidi