Gå til innhald
Galleri

Kunst på Kinokino

På sundag var eg, Torun og mor hennar på kunstutstilling på Sandnes, nærare bestemt på den gamle kinoen som nå sorterer som utstillingslokale under namnet Kinokino.

Det var denne utstillinga me var ute etter å få med opninga på.

https://scontent.fsvg1-1.fna.fbcdn.net/t31.0-8/13320477_1050888734990168_4979686324114152849_o.jpg

Torun og Bente er bestevenninner frå barndomen av, og vaks opp saman på Frøyland. Det er slik eg har blitt kjend med Bente, og eg har fått veldig stor sans for skulpturane hennar.

Toril Brosten får ha meg tilgitt at det er Bente sine skulpturer som har fått plass på sida mi i dag. Eg hadde veldig lite batteri att på mobilen, og plutseleg var det heilt flatt slik at eg ikkje kunne fotografera meir.

 

Utstillinga heiter «Telling stories», og for meg gjorde ho akkurat det. Et har tidlegare spurt Bente kva ho tenkjer om at eg tolkar skulpturane hennar. Ho seier at det er det ho vil at skulpturane skal gjera, skapa historiar i andre menneske. Sjølv ville ho ikkje seia så mykje om kva ho sjølv hadde tenkt, fordi det var underordna.

Det kan vera at eg ikkje burde skriva her kva historiar som begynner å fortelja seg i meg når eg ser skulpturane, så eg skal bare antyda mine eigne historiar.

Eg ser mange menneske skua saman i båtar, ein sovande engel i ein av dei, forblinda herskarar på høge hestar og ein herskar som søv godt på gullputa si…

Men altså, hysj… Gå heller og opplev både skulpturar og maleri på eigen hand. Kanskje er det heilt andre historiar som dukkar opp i deg…

Heidi

Galleri

Maratonveka

 

Maratonveker pleier ofte å dukka opp sånn omtrent på denne tida. Dei ber med seg ein fullstappa timeplan og mange gode opplevingar.

Dette veka har me hatt tre forestillingar med tredjeklassingane våre. Det var veldig kjekt nåt me kom så langt. I tillegg har eg hatt bokslepp med skrive- elevane mine der dei og eg las opp frå den nye boka vår.

Eg og Leif har fått oppleva ei sommaravslutning for prestane i prostiet der me hadde eit førtifem minutts program med diktopplesing, forteljing og Leif sine fotografi i tilleg til å få med oss deilig mat frå Filipininene og ein koseleg sommarlys kveld i den fine prestegarden ved Timekyrkja.

Eg har vore med på å arrangera sommaravslutning for personalet på skulen der eg jobbar og har vore på diverse andre sommaravslutningar. I går var eg på koseleg Finnøytur med gode venninner. Livet er godt når det er travelt, og det kan vera interessant å sjå kor mykje program det går an å pressa inn i ei vanleg sjudagars veke a tjuefire timar. Nå gleder eg meg stort og inderleg til å få sommarferie med tome kalendarark og romslege dagar.

Heidi

Galleri

Sommardag

Det er ikkje ofte blogginnlegga mine består meir av bilete enn av ord, men sjå kor utruleg fint me hadde det på Finnøy på hytta til Sigrid på Steinnes ein i utgangspunktet litt hustrig sommarlaurdag i juni. Me kom oss til og med opp på ein varde og fekk finaste utsikten over havet som innehylla i eit lett slør av skodde sjølv om det bles ganske friskt.
Det verste med juni er at me faktisk er nøydde til å sova om nettene…

Heidi

Skam få den som gir seg

image

Av og til får eg fikse idear. Eg innser det til og med sjølv. Heilt sidan eg laga forslag til manus til forestillinga me skal ha i morgon, den elevane på eit gitt tidspunkt skal synga «Blåklokkevikua» av Alf Prøysen, har eg sett for meg at nokre elevar kunne «plukka blåklokker» på scenen under songen. Eg har heile tida visst at dette er lovleg tidleg for plukking av blåklokker, men eg tenkte at sidan det har vore så fin forsommar, så kunne det tenkjast at det lot seg gjera. Utan hell har eg leita etter blåklokker dei siste vekene, og fått tips på facebook om kor eg kunne leita. I dag sykla eg ut etter skuletid for å sjekka opp stadane der ryktene sa det skulle ver blåklokker. Eg hadde ikkje så frykteleg lang tid på meg, for eg hadde invitert foreldra mine og barna mine på pannekakemiddag klokka seks, men ein time og halvannan kunne eg ta meg tid til.

Først såg det dårleg ut, men så fann eg fleire parti langs vegen, nesten ved Njåskogen ,der det vaks blåklokker, nokre av dei hadde så vidt sprunge ut. Så nå er i alle fall blåklokkene i boks, eller rettare sagt vase. I dag har me øvd heile dagen, og strekt ungane så langt som me fann det forsvarleg. Dei er ikkje så veldig store, og det gjeld det å ha i bakhovudet for me vaksne vil jo gjerne at det skal bli så bra som mogleg. Den største utfordringa er å få åtte- niåringar til å hugsa å stå nokonlunde roleg i kortrappene, å ikkje fortapa seg i ting som gjer at konsentrasjonen sviktar og hugsa når dei skal gjera seg klar til å gå av og på scenen i tillegg til å ha kontroll på kostymene sine. Dei har klart å læra store mengdar tekst, og syng kjempefint når dei klarer å konsentrera seg. Det å laga forestillingar er noko av det travlaste og kjekkaste ein gjer som lærar, og eigentleg er vel prosessen det viktigaste… Fortel eg meg sjølv og kryssar fingrane for i morgon. Det er ikkje bare bare å halda styr på syttifire tredjeklassingar som skal vera skjerpa og konsentrerte og yta sitt beste, men heldigvis så er me fleire vaksne i godt samarbeid 🙂

image

Eg trur jammen at eg skal la Nora Brockstedt synga Prøysen for lesarane mine i dag og, ho gjer det så nydeleg. For dei uinvidde så er blåklokkevikua den veka blåklokkene blømer på sitt finaste, men uttrykket vart og brukt om dei vekene midt på sommaren då det var pause mellom onnene og barn og vaksne kunne unna seg å ta det litt meir med ro enn i dei travlaste arbeidsvekene.

Heidi

Æille har et syskjenbån på Gjøvik…

image

Æille har et syskjenbån på Gjøvik, og i går eksisterte dei i hordevis bøygde flatt over sykkelstyret med kondomdress og startnummer på brystet. Tanken på å gjennomføra eit Nordsjøritt gjer meg stum og skjelven, spesielt etter å ha fått førstehandsinformasjon om kva strabasar dei skulle gjennom. Ikkje misforstå meg, eg er ikkje ute etter å ironosera, tvert i mot er eg imponert over pågangsmot og innsatsvilje. Eg kjenner folk som har gjennomført med brukne ribbein, vonde hofter og infeksjonar i kroppen, og eg ser at folk på åtti gjennomfører, så i og for seg har eg nok av tid på meg til å koma i Nordsjørittform. Det kunne truleg la seg gjera om eg satsar maksimalt på å få det til. Eg har vel mine tvil om denslags lyster skulle koma over meg, men det er då ei slags trøyst at ingenting er umogleg.

Sjølv er eg stolt av at eg har ein son på tjueni som gjennomførte, det er vel det næraste eg kjem… Nå hadde eg i og for seg ein mann som hadde kome så langt som til å melda seg på, men som måtte droppa det etter ein flytur over sykkelstyret ein gong i vår med føtene i klakkpedalar for nesten første gongen… Det enda med ein brukken arm og ein nestenbrukken arm, men eg trur ikkje han har avskrive nye ritt når rekonvalesensen er vel avslutta. Han med det…

Det er godt me er forskjellige. Det er mange kjekke stader ein kan koma til både på sykkel og joggesko utan at det treng å vera ni mil det dreier seg, og for å seia det slik, det er større sjanse for at eg syklar nordsjørittet enn at eg kryssar Hardangervidda, eller for den saks skuld, Grønland, her kan eg jo faktisk ta i så mykje eg bare vil…, på ski…

Eg hadde ein fin dag utan startnummer, og stod eg ikkje i Tinghaugbakken og heia på eldsteguten og andre kjende. Det er viktig å gjera det og. Om kvelden bakte eg brød med tyttebær og mandlar etter oppskrift frå Fiona. Det smakte vidunderleg sjølv om eg klarte det kunststykket å få det litt råsteikt inni med brend skorpe. Eg prøvde meg med litt for høg temperatur på steikeomnen for at Gerd, som var på besøk skulle få nybakt brød til kveldsmat. Jordbær, cherrytomatar, ost og aprikosar var godt tilbehøyr. Etterpå kraup eg opp til fjernsynsstova på loftet og såg på dronning Elisabeth sitt nittiårsprogram medan det var fotball som gjaldt i stova.
Dama har med åra fått eit mildt preg over smil og blikk, og apropos syskjenbån på Gjøvik; Ho rir på hesten sin kvar dag… Det er litt hyggeleg å tenkja på at eg i teorien kan ri lange turar om sånn ca trettifem år, i alle fall har andre gjort det før meg… Som eit resultat av at det har vore intenst travle veker i det siste, så sovna eg faktisk før dronninga og vakna midt i neste programpost.

I dag har eg hatt fin frokost med min mann der me nesten har ete opp tytebærbrødet frå i går, eg var tidleg oppe og har orna både det eine og det andre. Nå sit eg her og skriv og høyrer på gudsteneste i avvente av ein oppstandelse i heimen relatert til yngstesonen som er heime. Det gjeld å vera her når han har tid til å slå av ein prat mellom alle programpostane i eit heimeopphald der dei fleste ikkje har samver med foreldre som overskrift. Veret er vakkert og eg har plukka meg sundagsbukett i verandapottene, han er ikkje stor, men fargerik og fin.

image

Snart skal eg på kunstutstilling på Sandnes. Relatert til det første avsnittet så får eg kanskje skriva at planen min er å sykla til Kverneland og få haik derifrå, men det imponerer truleg ingen sett i forhold til det som skjedde i går… Æille har et syskjenbån på Gjøvik er forresten ein av mine favorittsongar… Kanskje eg må ta med teksten her for dei som ikkje kan han utanåt?

Det viste seg å vera merkeleg vanskeleg å finna teksten, så det blir Nora Brockstedt som syng i staden. Ingen gjer det betre enn henne.

Og når vi går en daglig tur til mjølkerampa vår, går syskjenbånet fjelltur og er femognitti år…

Ha ein fin sundag!

Heidi

Levande livet

Det har vore ein intens og levande dag. Først var det skuledag med fotballturnering og øving til den store forestillinga komande tysdag. Så vart det etterkvart å sykla vidare til veldig koseleg sommarlunsj heime hos Fiona i lag med trivelege kolleger heime hos Fiona. Ingenting er så fint som å vera i lag med gilde folk og eta god mat saman når ein er trøytt. Nå skal det smaka godt med ei helg med mange timar som kan disponerast etter lyst og behov…

I dag har eg lyst til å sitera Katarina av Sienna, via boka » Alle dager» av Knut Grønvik:

«Når vi erkjenner livet som en gave, og at det som holder oss i gang, simpelthen er det vi mottar, da frigjøres vi fra den uutholdelige byrden det er å måtte leke at vi er Gud.»

Det er kanskje ikkje eit sitat som har sin opplagte plass i akkurat dette innlegget, men det er noko eg har tenkt på etter at eg las det for eit par dagar sidan, og eg har tenkt på at eg vil dela det, for for meg kjennest det frigjerande og rett å slå fast: Livet er ein gave, og eg er ikkje Gud. Eg treng ikkje ta hovedansvaret, eg kan vera med og bidra med det eg har fått av gåver og saman med alle dei andre prøva å gjera verda til ein betre plass.

Eg veit ikkje om dette gir meining i like stor grad for dei som les det her som for meg, men for meg vart det ein setning eg vil ta med meg vidare.

Heidi

Den travlaste tida

Det er juni. Naturen pustar ro og overskot, samtidig som lærarlivet koker desse siste vekene før skuleferien. Eg har hovudet fullt av forestillingar, elevmapper, underskrifter, evalueringer, boklanseringer, ryddeprosjekt og flytteprosjekt. Nytt klasserom, grupperom og arbeidsrom. Eg vurderer kor stor del av flyttelasset som burde eller kunne kastast… Eg stiller min eigen diagnose: forandringsvegring. Eg sørger over å måtte sleppa taket og sparer på alt for mykje.

Eg trur eg kanskje er den einaste læraren som sparer på lærarkalendarar og planleggingsbøker. Der inne står jo livet mitt… Dersom eg blar i dei kan eg kanskje gjenkalla 15. september 2011… Eg sørgjer litt kvar gong ein elev sluttar på skapande skriving, og prøver å oppdra meg sjølv til å takka for lånet og takka for fylgjet i staden.

Det vart til og med litt tomt etter rumpetrolla og småfroskane me slapp ut i går. Det var stor stas at dei faktisk vart småfroskar, men me opplevde ar den eine etter den andre frosken døydde. Enten skuldast det at dei ikkje kunne leva på akvariefiskfor, eller at me ikkje klarte å laga ein god nok biotop med både symjeplass og fastland.

Eit spennande prosjekt var det i alle fall, og som ei mor sa, me erfarte å låna av naturen og levera tilbake att.

Dagens hyggelegaste overrasking var at Halvard plutseleg kom heim. Han hadde funne tid til å ta ei lita veke heime mellom studier og jobb i Oslo. Eg vart litt stolt i dag då eg fekk vita at kortfilmen Halvard har regissert og skrive manus til i vår, var ein av fire kortfilmar som vart vist på ein filmfestival i Oslo i går. Her er eit bilete Sunniva har tatt av då Halvard vart intervjua på festivalen:

image

Halvard er karen lengst til høgre. Det som gjer det ekstra surrealistisk for meg, er at Sunniva er med i filmen som ein av to skodespelarar. Du ser henne til venstre på lerretet over panelet. Eg ynskjer minsteguten min mykje lukka til med draumen om å få regissera film. Det er nok ikkje det lettaste området å lukkast  på, men det er kjekt å sjå at han faktisk får til ting. Pågangsmotet er det lite å seia på… Eg kryssar fingrane for han og for livskrafta og kreativiteten.

Heidi

Sommarvise frå Stavanger

image

Sommarvise

Det er sommar i Stavanger, høyr det summar, syng og sviv,
ja sjå tett i tett på torget er det hundar, barn og liv.
Alexander Kielland står der, med den store frakken på,
og den måken oppå hatten hans har nok å kikka på.
Sola lyser over plassen, høyr, der var det ein som lo,
og ei oldemor med stokk har fått seg rosa joggesko.

Glade ungar spring og dansar, gamle damer slikkar is,
her er tatoverte armar, her er kropp på mange vis,
her er dei som syng på gata og som spelar på gitar,
her er dei som kjøpar Asfalt, der står mor og kyssar far.
Her er blomar her er bier, her er magar som skal gro,
midt på torget nynnar ho som har fått rosa joggesko.

Sjå eit mannskor syng i gata, mellom barnevogn og hund,
her er han som ligg på benken, han som treng ei fredastund.
Måken spreier sine venger, flaksar ned frå Kiellands hatt,
skrik mot ho som sit og geispar, for det vart litt seint i natt.
Her er liv og her er leven, Kielland lengtar etter ro,
men på torget dansar oldemor med rosa joggesko.

Heidi

 

Junisommar

imageDet er ikkje mykje som er så fint som sommaren i juni når han slår til, og i år har han verkeleg gjort det. Det er fint at nokon har litt meir hagekomperanse enn meg, for noko av det finaste eg veit er å plukka blomar og laga bukettar. I går var me inviterte til å grilla i hagen til mor og far, og der blømde både liljekonvall, akeleier, gule valmuer, jomfruen i det grønne og mykje anna.

image

Eg får halvsitera Olav H Hauge: «Det er den draumen me ber på at det vidunderlege skal skje, at me ein sumar skal få det fint i hagen…» Kvar sommar i juni satsar eg friskt og reiser ut og kjøper fleire lass med blomar, både sommarblomar og stauder, og ofte sår eg frø og… Så kan eg jo sitera fleire store dikterar og seia at «Om sædet enn gror på ymist lag…» – For det gjer det verkeleg, men ein vakker dag knekker eg kanskje koden. På biletet ser de det første lasset frå i år lasta inn i bagasjeromet på bilen vår. Noko har havna i bed, og noko har havna i krukker, og eg ser at det framleis må mykje meir til… Verandapottene plar i det minste å bli fine…image
Men for oss som er i skulen er det så veldig mykje som skal skje i juni, og nokre av oss har ein tendens til å få det veldig travelt dei siste tre vekene… Nå er i alle fall eit viktig møte tilbakelagt… Eg fortalde jo at eg var innkalt til møte hos rektor angåande livsfaserelaterte tiltak, Her har eg dokumentasjonen på at eg møtte… Eg vurderte seriøs å ta med meg stokk og pelshatt frå kostymene til tredjeklasse som øver til forestilling, men eg fann ut at det kanskje var i barnslegaste laget for nokon som skal til slike seriøse samtalar…  Takk til flinke rektorar som held styr på ordningar som går meg hus forbi i eit travelt lærarliv…

image

Eg blir ivareteken på mange gode måtar, det står ikkje på det. Ein dag hadde dotter mi dekka fint bord for meg. Ho har og ein hage der eg kan snika til meg blomar om det skulle trengjast. Og hage eller ikkje, på mange måter er oppvakninga i juni som å finna seg sjølv att i ein stor grøn hage. Det spirer og gror og angar, og sjela mi hadde nesten gløymt lukta av hegg, syrin og nyslått gras, men bare nesten. Det er lyst nesten heile natta. Me sovnar til svarttrasten sin song, og vaknar til fuglesong og. Det må vera veldig mange svarttrastar rett i nærleiken, og i tillegg er det måkeskrik og duer som kurrar og ei og anna lerke å høyra.

image

I går tok eg med meg skrivejentene mine til Stavanger for å driva litt byskriving. Me kunne ikkje truffe betre med veret. Det viste seg å vera buss for tog, og det viste seg at det ikkje var plass til oss på bussen for toget frå Klepp stasjon til Stavanger fordi sjåførne av den eine bussen ikkje hadde forstått at han måtte venta på toget. Heldigvis var det ver til ei ekstra skriveøkt på stasjonen. I byen yra det av turistar og anna folk. Det er ingen sak å reisa aleine med elevar når dei er store og sjølvdrivne. Eg kunne ha låge skuldre og kosa meg med skrivinga eg og. Desse skriveturane er eit forsøk på å la elevane oppdaga at det alltid er rom for å skriva litt.

I dag har eg og hatt litt forefallande arbeid som eg nesten er blitt ferdig med, så nå vil eg ut i hagen å skriva litt… Eg kjem nok i mål med planar og elevmapper i år og. Eg er alltid sistemann som forstår at nå er det snart jul, påske eller sommarferie. Nå gjeld det å stålestja seg og ta ting i eige tempo, for ryddefeberen slår nok snart ned i kollegiet, og sjølv har eg og mine ei stor forestilling som gjer at me kjem til å vera i rotefasen i halvanna veke til med masse rekvisittar og kostyme som må få lov til å liggja ein plass til forestillingane er over… Eg har eit heilt trinn å spela på lag med, så det blir nok bra til slutt, og med flinke Hilde Selvikvåg som musikklærar ved klaveret, så burde det bli veldig bra. Det er kjekt å sjå at veldig mange elevar verkeleg kosar seg med å laga forestillingar. Eg trur dei veks på det.

26855243153_057378dfb3_o

Eg gjorde eit forsøk på å sitja ute og skriva blogg, men det vart litt komplisert med internett. Eg måtte inn for å avslutta, så nå ber det ut igjen, denne gongen med ei heilt analog skriveblokk…

God junisommar, gilde lesarar!

Heidi

Grønt

Så går me mot utgangen av mai nok ein gong. Og endå eit år har eg dokumentert dagane denne grøne månaden slik eg har gjort det i ganske mange år på bloggen min. Det er så grønt ute, og det er så mykje som kjennest intenst og mjukt og sårbart akkurat i mai. Eg har alltid hatt ein eigen kjærleik for denne månaden. Nå ståår me på brua mellom vår og sommar, og i morgon kan me erklæra sommaren for opna. Eg veit at med sommaren kjem dei romslege og rolege dagane sånn etterkvart, så får me heller stå på litt ekstra nå i overgangsfasen. Mai er preludiet til juni, juli, august og september som og er månadar eg er spesielt glad i.

For eit par år sidan høyrde eg songen eg har lagt inn her på radioen. Eg kunne ikkje hugsa at eg hadde høyrt om Barbro Hörberg før, men eg vart heilt trollbunden av både tekst og melodi, og måtte skriva ned tittelen på songen for å sjå om eg kunne finna han på nettet. Av og til set nokon tekst og melodi på det eg tenker og kjenner og slik kjendest det med denne teksten. I dag skal han få vera sommarhelsinga frå meg til alle som har lese maibloggen min.

Eg kjem utan tvil til å skriva her i juni og, men då har eg ikkje lenger ambisjonar om å skriva kvar einaste dag.

Heidi