Eg trur det å reisa gjennom natt og tid er eit uttrykk frå Mio, min Mio. Det hender eg gjer akkurat det. Reiser gjennom natt og tid… I går reiste eg saman med Astrid og Torun frå Lillehammer, og vel framme på Oslo S skulle eg ta nattoget vidare heim. Den som har veldig behov for å ha kontroll på alt som skal skje, bør kanskje ikkje leva i alt for tette alliansar med NSB, for dei byr stadig vekk på overraskingar… Denne lystavla møtte meg… Tog kansellert, buss for tog frå spor 19…
Eg hadde i grunnen sett fram til å landa i ro og fred på toget, men her gjeld det bare å omstilla seg. Det viste seg at veldig mange tog var innstilde denne kvelden, så det var sett i gang eit heilt apparat av raudkledde folk som skulle geleida passasjerane til dei rette bussane. Heldigvis kunne dei etterkvart fortelja oss at det bare var buss til Kongsberg, så etter ca halvannan time skulle me over på toget.
Medan eg venta ved nedgangen til spor 19, vart eg underhaldt av denne kameratgjengen som hadde funne seg eit flygel. Det er då ein strålande ide å ha eit flygel ståande på ein plass der mange ventar, så kan dei ventande underhalda kvarandre.
På bussturen mot Kongsberg regna det med omtrent same trykket som når ein dusj er skrudd vidt open, så eg tenkte at det kunne koma til å bli interessant når folket frå alle bussane skulle få med seg all bagasjen sin over på toget i slikt ver. Det viste seg å bli opplett sånn omtrent i grevens tid.
Denne gongen hadde eg prøvd meg med ein ny type billett. Mot å betala 150 kroner ekstra så fekk ein eit dobbelsete for seg sjølv i komfortvogna, noko som er mykje billigare enn sovekupe. Sidan eg ikkje skulle rett frå nattoget til jobb, så tenkte eg at denne gongen kunne det vera den perfekte løysinga for meg.
Det viste seg å vera ein god idé. I komfortvogna var det stille og fredeleg og då alle var på plass kom konduktøren og delte ut sjokolade til passasjerane i tillegg til ein kupong som gjorde at ein kunne handla for åtti kroner i restaurantvogna og på den måten få kveldsmat eller frokost inkludert.
Sjølv om ein har eit dobbelsete for seg sjølv, så får ein det sjølvsagt ikkje superkomfortabelt, men eg klarte då å sova nokre timar ved å finna nye kreative stillingar kvar gong eg vakna av at eg låg vondt. Klokka halv fem vakna eg sånn ca på Marnadal stasjon og oppdaga at det allereie var lyst. Eg tenkte at dette var ein gyllen anledning til å oppleva korleis ein grytidleg forsommardag arta seg. Eg henta meg først ein kopp kakao og så ein kopp kaffi frå automaten i komfortvogna og sat og nytte synet av det tidlege, nesten gjennomsiktige morgonlyset. Som tidlegare sagt, så er det ikkje lett å fotografera frå eit togvindu, men då me fekk eit stopp for å venta på eit møtande tog på Helleland stasjon, så gjorde eg eit forsøk.

Dette biletet er teke klokka kvart på seks om morgonen, men eg ser at eg ikkje har klart å få fram det nesten magiske morgonlyset. Kanskje eg skal senda min fotograferande mann ut på ein soloppgangstur på mine vegner? Kanskje eg til og med skulle tilby meg å vera med? Tidlege morgonar er ikkje heilt min forse, men lyset var verd å opppleva.
På Bryne stasjon var det deilig å bli henta med bil og reisa heim til god frokost før eg faktisk hadde sjansen til å sova nokre timar. Helga mi har vore god.
Heidi
Lillehammer er verkeleg ein fin by. Ein god del av dei gamle trehusa er bevarte og det er så met mpange fine plassar i gatene eg kunne ha lyst til å fotografera. Ulempa med å bu der sett gjennom ein jærbu sine auge er dei lange kalde vintrane, og at det vel må bli utruleg glatt å ta seg fram i alle dei bratte bakkane i og rundt bysentrumet.
Denne føremiddagen prioriterte me å få med oss ein gudsteneste i den fine kyrkja. 
Me rakk og å tenna lys for nokon me hadde spesielle omtankar for denne dagen. For meg er det fint at levande lys kan stå som brennande symbol for forbøn og varme tankar. Eg skulle ynskja at kyrkjene her i landet hadde endå opnare dører slik at menneske som ikkje primært ynskte å vera gudstenestedeltakarar kunne gå inn for å vera stille, tenna lys, be, høyra på musikk eller ta seg ein kopp kaffi. Kanskje det er eit ynskje eg kan gjera noko med? Me får sjå-.
Dagens smak av litteraturfestival var seminaret «Storbarnsliv» av Guro Hoftun Gjestad, som har skrive bok om det å ha tenåringsbarn. Ho meiner det er eit av tabua i vår tid kor utruleg vanskeleg det kan vera å vera tenåringsforeldre, kor lite innsyn me vaksne ofte reelt har i den digitale ungdomskulturen, og kor mange ungdomar som lever med vonde kjensler omkring det å ikkje vera bra nok i ei tid der det gjeld å vera «Sykt perfekt». Ho hadde mange interessante tankar, mellom anna spørsmålet korleis me kan få ungdomane til å snu «mobilkamerasøkefeltet» bort frå selfiefunksjonen slik at dei ser ei verd i søkjeruta der dei kan gå inn og vera noko for andre sjølv om deira eigne liv ikkje er perfekte.
To gonger denne dagen prøvde me å få med oss ei kunstutstilling av Lisa Aisato, men første gongen hadde dei ikkje opna endå, og andre gongen var det stengt for dagen. Planlegging har aldri vore enkelt. Dagen vart strålande fin likevel.
Heidi

Laurdagen vart for oss den store festivaldagen. Då me kom ut om morgonen hadde det regna, og alt var så utruleg grønt.

Det første me fekk med oss denne dagen var eit arrangement med Merethe Lindstrøm og Thomas Espedal. Seminaret var bygd opp som ein samtale med desse to omkring temaet «Boka eller livet.» Dei er begge representanter for den nye «trenden etter Knausgård», der dei trekk sterke element av sine eigne levde liv inn i bøkene sine. Samtalen dreidde seg mellom anna om akkurat dette. Kor mykje kan ein velja å utlevera sine næraste i forsøka på å skriva ærleg om livet? Det er ei problemstilling eg sjølv kjenner på kroppen både i dikta eg skriv og ikkje minst her på bloggen. Kristianiabohemen sitt prosjekt «Du skal skrive ditt eget liv, har alltid fascinert meg. Det store etiske dilemmaet er kor mykje av andre sine liv ein kan tillata seg å trekkja med seg medan ein først er i gang…
Sjølv har eg nokre klare prinsipp om å aldri skriva noko stygt om andre, eller noko som kan bli problematisk for andre å lesa. Slikt er sjølvsagt ein balansegang. Og når ein les Knausgård, og til dels og den siste romanen til Merethe Lindstrøm, så er det jo nettopp dei gode og dei vanskelege koplingane til andre sine liv som gjer det biografiske så ærleg og så sterkt å lesa. Merethe Lindstrøm si bok «Fra vinterarkivene» er ei av dei bøkene eg har lese i vinter som gjorde sterkast inntrykk på meg. Ho fekk og Brageprisen for denne boka som ærleg skriv om det vanskelege i å leva med ein mann som slit med livet sitt, og som ikkje alltid er sikker på om han orkar å leva vidare.

Neste post på programmet vårt vart «Poesivandring i sakte bilder». Skodespelaren Eline Kolbøe Wendelboe, tok oss med gjennom kunstutstillinga «Sakte bilder» gjennom å stansa med jamne mellomrom og framføra dikt skrivne av forskjellige lyrikarar. Det var eit spennande prosjekt. Det ville vera spennande å prøva seg på noko liknande ein gong. Det var såpass mange menneske med på vandringa at det kunne vera litt vanskeleg å få til å sjå bileta ho stansa ved sida av, men stort sett klarte eg å få dei med. Det som var ein litt ekstra spennande sekvens var at ho delvis gjekk langsomt gjennom utstillingsromet medan ho las samtidig. Ofte gjer det ein ekstra dimensjon til eit dikt å høyra det framførd av ein profesjonell skodespelar.

Her er dei flotte damene eg opplevde dette i lag med…

Etterpå var me på ei veldig spennande guida reise gjennom kunsten til Jakob Weidemann saman med ein veldig dyktig guide.


Det som kanskje gjorde aller størst inntrykk på meg denne dagen, var forestllinga «Afganske drømmer». Ti afganske flyktingar hadde i samarbeid med profesjonelle forteljarar arbeidd fram ei forestilling der deltakarane skiftesvis fortalde historiar frå sitt eige liv. Alle var på scenen samtidig og bevega seg forsiktig der oppe, men stort sett var det ein om gongen som hadde fokuset og spotlyset på seg. Kvar av dei var frampå fleire gonger slik at forestillinga virka dialektisk og heilskapleg. Noko slikt kunne eg verkeleg tenkja meg å vera med på å laga ein gong. Dei må ha brukt lang tid på å finna fram til dei historiane dei ville bruka. Historiane deira var svært ulike, dei hadde veldig ulike erfaringar og opplevingar å by på. Eg gjekk derifrå og kjende meg som eit klokare menneske.
Det siste me fekk med oss av laurdagsfestivalen var ein konsert på sopransaksofon i eit lite galleri.

Bileta i dette galleriet var og veldig inspirerande. Kombinasjonen fotokunst på metallplater med lyriske tekstar var veldig fint. Dessverre fekk eg ikkje til å ta bilete som yter det rettferd, men eg fekk visittkortet til kunstnaren og kjem kanskje tilbake til dette med eit heilt innlegg på bloggen ein dag…

Så gjekk me heim og steikte pannekaker, eller rettare sagt Astrid gjorde det. Planen var å gå ut att seinare på kvelden, men me var så pass trøytte i beina, mette på inntrykk og svoltne på kvarandre sitt selskap at me innsåg då det nærma seg midnatt at me nok ikkje kom oss ut meir i dag…
Eg veit at nokon av dei som les dette har tenkt seg på seinare litteraturfestivalar. Eg kan varmt anbefala det. Optimalt sett så skulle ein kunna vera der meir enn ei langhelg, for arrangementet begynner allereie på tysdag. Eit anna råd er å bestilla/ kjøpa billettar på førehand om det er noko du verkeleg vil ha med deg. Det var nokre arrangement på Bjerkebæk me hadde god lyst til å ha med oss, mellom anna eit slags teater der Sigrid møtte to av dei litterære figurane sine Kristin og Jenny. For oss fungerte det veldig fint å ta det som det kom, men noko av det me oppdaga at me hadde lyst til å få med oss fekk me altså ikkje billettar til… Det er og mange parallelle arrangement slik at ein er nøydt til å ta ein del val mellom to seminar ein gjerne ville hatt med seg samtidig.
Heidi

Det er spesielt kjekt å kjøra tog gjennom landskap der eg ikkje er heilt kjend, så togturen mellom Lillehammer og Oslo var ei fin oppleving. Me prata, åt deilig salat og såg ut av vindauget. Eg prøvde meg på å ta nokre bilete ut av togvindauget, men med kombinasjonen av fart og lysrefleksjon i vindauga gjer at det ikkje akkurat er lett å få fine bilete. Eg tek med meg dette for å vida kor fine blomsterenger det kan bli av løvetann og…
Landskapet i Mjøs-området er veldig ulikt det me har heime.
Vel framme sette me oss i parken og kjøpte oss kaffi, og etterkvart kom Astrid med tog frå Brumunddal, så var me fulltallige, Astrid, Astrid, Torun og meg. Eg er djupt takknemleg for at lærarskulevenninner framleis kan vera nære venninner, trettitre år etter at me var ferdige med det siste studieåret me hadde saman.

Så kom me oss i veg til det første seminaret for vår del som hadde den akademiskklingande tittelen «Postmodernisme på norsk,» med utgangspunkt i Bjarne Riiser Gundersen si bok «Då Postmodernismen kom til Norge.» Det var ein del spennande tankar å ta med seg der i frå. Eksepsjonelt skarpøygde lesarar vil kanskje kjenna att ryggen til Even Wergeland i høgre kant av biletet…
Me bestemte oss for å gå ut og eta om kvelden og stå over kveldsarrangementet som var slik at ein måtte betala ein samlebillett som gjorde at ein hadde tilgang til sju ulike arrangement. Me hadde ein veldig koseleg kveld, sjølv om eg i ettertid blir nesten litt langøygd når eg ser i katalogen kva me kunne fått med oss. På slike festivalar blir eg lett biten av den basillen at eg helst vil ha med meg absolutt alt.
Heidi
Ingenting er så utruleg vakkert som sommaren når me verkeleg har lengta etter han. I mitt hjørne av verda er sommaren ein uforutsigbar tilstand som dukkar opp med ujamne mellomrom i tidsrommet mellom april og oktober, for så å forsvinna att til fordel for heilårsveret som er sånn ca ti grader, regn og vind. Heilårsveret kan like godt vera der på julafta som på St Hans og syttande mai. Heilårsveret lever me godt med fordi me er vane med det. Sommaren kan setja oss heilt ut fordi me blir heilt overmanna av sentimentalitet, energioverskot og vemod når me blir minna om kor utruleg vakkert alt kan vera når verda går i grønt.
Det er herleg å gå gjennom gatene med ein gjeng lettkledde barn utan å frysa, og det er godt å kjenna sola varma fjes og armar når ein har vakt i matfriminuttet. Det er nydeleg å venta på toget i eit kvarter utan å bli nedkjølt av kald vind. Det har vore ei oppleving å sitja på toget i femti mil gjennom alt det grøne. For eit utruleg fint land me bur i.
Søtaste Sunniva henta meg på toget. Me trudde me såg ein bevisstlaus mann på fortauet og skunda oss bort for å sjå om han trong førstehjelp. Heldigvis var det bare ein tiggeteknikk. Han strekte ut ei hand mot Sunniva som drog han opp. Vel oppe kyste han henne på den støttande handa og bad oss om pengar til røyk før han la seg ned att og venta på nye forbipasserande… Etterpå hadde eg lyst til å le høgt, delvis i lettelse over å sleppa å vera ansvarleg for gjenoppliving, og delvis fordi det slo meg som ganske kreativt gateteater.
Me møtte Halvard på Bislett og åt saman på ein koseleg kafé. Så måtte han vidare medan me andre tok ein kopp kaffi før me kjøpte med oss smågodt og sjokolade opp til Sunniva sitt kollektiv der alle fire er i sving med eksamensinnspurten. Det var nesten dårleg gjort å dukka opp som overnattingsgjest akkurat nå, men du all verda så kjekt for meg å få lov. Eg fekk endeleg sett Irene og Sunniva sitt stykke, – på filmopptak på i-paden. Det var kjempekjekt. Irene såg det i lag med meg og kom med utfyllande kommentarar…
Nå er det blitt sein kveld i dag og… I morgon er det frokost med Sunniva før eg dreg vidare til Lillehammer.
Heidi
Først trudde eg bare at det var tull i dag då rektor sa, tru det eller ei, men eg er pålagt å ha ein seniorsamtale med deg nå når du har fylt femtitale mfem… Så lite oppteken er eg av mine rettar i arbeidslivet, at det faktisk ikkje har streifa meg at eg kryssa ei grense for to dagar sidan og vart såkalla senior. Nå trur eg vel at ein må vera i hundre prosent stilling for å hausta slike goder, men heilt sikker er eg ikkje. Det som er litt interessant er at eg snarare følte forferdelse enn glede. Er eg ikkje forventa å vera fullt arbeidsfør lenger, eller noko i den gata? Og når tanken er tenkt så innser eg jo at det er ein utruleg mangel på respekt og takknemlighet overfor dei som har forhaldla fram slike goder for oss andre. Så ler eg litt av meg sjølv og hele greia. Det er utruleg mange ting i livet som eg tenkjer på nesten som revynummer. Eg kunne faktisk trenga nedsett arbeidstid som eg kunne bruka til å oppdatera meg på alt det digitale me er forventa å kunna gjera oss nytte av… Sat eg ikkje der på tysdagstida i går og var den einaste på gruppa mi som ikkje med eit par tastetrykk var påkopla skulen sitt intranett eller kva det heiter. Eg sat der og fomla og kunne ikkje ein gong finna eit skyforma ikon som kunne hjelpa meg vidare på veg? Men noko har eg då fått med meg, sit eg ikkje her og bloggar? Så har eg lenge lurt på kva som feiler oss når me går rundt og er livredde for å bli eldre… Eg må viss sjølv vera eit nokså dårleg eksempel. I den hyggelege mailen frå min ryddige rektor brukte ho ordet «livsfaserelaterte tiltak», og lurte på om ikkje eg og syntest det var eit fint ord. Nå er eg innkalt til samtale. Det føyer seg i rekka av innkallingar til der ein skal ta med seg tennene eller livmorhalsen eller helsingar frå mammografen… Eg kjenner jo at dette er langt meir lystbetont enn dei andre tinga. Livsfasar, her kjem eg…
Her hadde eg tenkt å setja inn eit bilete av meg sjølv i svart kjole med rosa bomber som matchar Kusama sin, men det fekk bli den oransje med mangefarga due- egg i staden… To damer på tokt gjennom livsfasane.
Og der var jammen det biletet eg leitte etter… Apropos livsfasar, så har eg vore gift med same mannen i trettiein år i dag. Me har feira med å eta kvar vårt melkesjokoladehjarte…- ok tre kvar då… frå ei øskje eg gav han i anledning dagen. Det er realtivt langt mellom diamantringane her i huset. Min livskamerat sa at ein diamant hadde eg kome til å mista i løpet av kort tid. Det verste er at han har rett… Ingen har spurt meg om kva som er oppskrifta på å få eit forhold til å fungera… Kanskje det er like greitt å sleppa rolla som rikssynsar og Klara Klok, men dersom nokon då altså hadde funne på å spørja meg, så trur eg at eg ville sagt noko om å vera bestevenner, le mykje saman og gje kvarandre albuerom. Du og du så fint det såg ut med skrift. Det er kanskje dumt at ingen har spurt meg. Det er ein sympatisk tanke reint livsfasemessig at me kan tenkjast å få minst trettiein år til i saman. Verda er enno ung…
I kveld held eg på med eit livsfaserelatert prosjekt. Eg pakkar den vesle trillekofferten min og gjer meg klar til å hoppa på toget i morgon med innlagd avspasering på fredagen… Eg skal til ei venninne som inviterer til litteraturfestival. Slikt kan ein finna på å gjera relativt spontant i den livsfasen der ein ikkje lenger har ansvaret for barn og nesten bare har ei sjel og ei skjorte (og ein kjærast og ein katt). Men klar er eg ikkje, så det får eg passa på å bli. I kveld har eg kjøpt togbillett heim att…
Eg får trøysta meg sjølv og andre med eit Kumbelgruk:
Tar man livet som det falder,
går man gjennem livets haller,
altid i sin bedste alder…
Det oppfordrar eg med dette meg sjølv og alle andre til å gjera med glede og frimod 🙂
Heidi
Dagen har gått i eitt frå alt for tidleg morgon til alt for sein kveld. Eg starta med frokostbesøk frå venninne og tidlegare kollega Tove, og så vart det kaffi og rabarbrapai med Tove og Laila før det bar i veg i full fart til planleggjingsettermiddag på jobb. Så har eg hatt kveldsmatbesøk av May Brit og gratulasjonstelefonar frå Sunniva og Jan. Eg er heilt overvelda av alle dei hjartevarmande helsingane på facebook, og vil gjerne svara på dei etterkvart. Det er ikkje så mange eg har rukke å svara på til nå, men intensjonane er gode. Tenk så mange gilde folk eg kjenner!
Nå har eg brukt seinkvelden på å lasta opp boka frå skapande skriving, og det tek si tid. Eg tenkte eg skulle rekka å senda bestillinga i dag, men det ser ut til å kunna ta si tid, så det spørst om eg rekk det. I morgon er det ny planleggingsettermiddag før me skal ta med herverande barn og svigerbarn ut og eta middag på Møllehagen. Dette får bli dagens korte helsing frå ei takknemleg dame som etter beste evne dreg i alle hjørna på døgnet og prøver å forlenga det. Kanskje eg snart må gje opp det prosjektet, men å gje opp ligg ikkje heilt for meg.
Eg tenkte det kunne passa på denne dagen med ei velsigning:
Velsigna vere livet, og velsigna vere deg som lever det.
Ta i mot den dyrebare og forgjengelege tida du i dag får hente ut av Guds hender.
Eg sit her og leitar i «Songar frå vest», ei songbok med tekstar frå Iona som eg har vore med på å omsetja til norsk. Eg lurde på om det var ei velsigning der eg kunne bruka. Då fann eg til mi overrasking ein kveldsvelsigningssong som eg har omsett og gløymt. Songen er slik at mellom kvar linje blir det sunge eit refreng som er slik: «Jesus, Krist, du Guds son, ver hos oss nå.»
Dagen er til ende.
Kom og ver i blant oss.
Lytt til våre bøner.
Ver hos oss som lengtar.
Kall oss til omvending.
Trøyst oss og opprør oss.
Ver hos oss for alltid.
Også når me tvilar.
Morgondagens Skapar.
Lei oss gjennom mørkret.
Han som har skrive originalteksten heiter John Bell. Han har skrive veldig mange fine tekstar, og nokre av dei har eg fått omsetja til norsk.
Takk for i dag, alle saman.
Sånn aller snarast må eg bare leggja inn nokre linjer her, for det å blogga klokka to om natta natt til måndag må nærma seg det glade vanvit… Eg har jobba som ein helt heile helga, og nå ser eg land… Eg har nesten halde mine eigne deadlinar, det er bare det at som evig tidsoptimist så opplever eg stadig at ting tek ca tre gonger så lang tid som eg liker å tru. Eg stod opp i åttetida for å få ein lang arbeidsdag og bare avbrote av ein fin kveldsgudsteneste, så har eg sitte her sidan… Den positive delen er at alt eg har gjort i dag har vore kjekt arbeid, og timane har rent som sand mellom fingrane mine.
Desse bileta er frå rigginga av bønevandringa som eg er ansvarleg for på kveldsgudstenestene. I dag hadde eg med meg flinke Kristin som er så utruleg flink til å få ting til å bli fine. Det var ein spennande kveld med tema religionsdialog, og den eine gjesten i dag var Kian Reme. Den andre gjesten var imam- utdanna bosniar. Det var lærerikt og fint. Eg har stor tru på dialog, respekt og oppriktig interesse for å finna ut korleis verda, livet og trua ser ut frå andre synsvinklar. Det må forresten vera anstrengande i desse dagar å vera muslim og måtta fortelja alle ein møter at ein ikkje sympatiserer med IS. Det trur eg nemleg at dei færraste muslimane i Norge gjer. Det som nok vil tvinga seg fram er det å våga å ta offentleg avstand frå ekstremistisk og fundamentalistisk utøving av islam.
Eg ville gjerne ha skrive mykje meir om det ikkje var for at kokka er blitt alt for mange. Eg har god tru på at morgondagen skal bli ekstra fin, men det er kanskje ein ide å få seg litt svevn før han kjem…

















