Eg har hatt ein ekstra skrivedag i etterkant av påskeferien. Det har vore fint. Etter ein sosial og veldig fin påskeferie, var det faktsi godt med litt kreativ aleinetid med bare katten rundt seg. Biletet over er ikkje frå i dag. Leif tok det på påskeaftan. Han måtte ut og fotografera uveret. Storm og regn er ikkje bare å forakta. Det er ikkje mykje som ruskar så godt i hårmanke og sjel som ein skikkeleg storm på Jæren. Det skal og i ærlegdomen sitt namn seiast at det hender me blir leie av det og lengtar etter ein skikkeleg godversdag. Eg trur ikkje det er mange som blir så blidgjorde og mjukgjorde som jærbuen når veret verkeleg viser seg frå si mildaste side ein gong innimellom. Det er kanskje slike dagar som gjer at me orkar og bu her og endåtil likar oss.
Det å vera menneske har mange sider. Menneskelivet interesserer meg, på same måten som andre menneske interesserer meg. Eg trur det er rett å seia at eg er godt over middels interessert i korleis det er å vera andre menneske.
På jærsk har me eit ord for det som ikkje er udelt sjarmerande: «forveden». Det å vera forviten har i seg eit aspekt av genuin nyssgjerrigheit, men i seg sjølv høyrest det mest ut som det å grava i ting ein ikkje har noko med og ikkje minst ser ein for seg at forvitne menneske spring gatelangs for å fortelja andre kva dei har fått vita. Eg innrømmar at eg er «litt» forviten sjølv om eg likar uttrykket interessert betre… Og med handa på hjartet kan eg seia at eg er ganske flink til å teia stille om slikt eg veit… Som eit barn skreiv i ein tekst ein gong: «Eg veit jo bare korleis det er å vera meg.»
Når eg sit og skriv, høyrer eg ofte på programmet «Radiodokumentaren» på podcast. I radiodokumentaren klarer dyktige journalistar å skjera menneskelivet inn til beinet, slik at me får vita noko genuint om det å leva og om å vera menneske. Nå trur eg at eg har høyrt alle programma som ligg der, så nå får eg leita etter noko liknande. Når eg ser på fjernsyn så slukar eg dokumentarar. Eg er og veldig glad i program som «Hjemme hos Larsen,» der skodespelarar fortel om livet sitt, og ikkje minst «I heisen», der to menneske møtest i ein heis som står stille og må samtala om dei store spørsmåla i livet før dei slepp ut. Felles for dei fleste av dei er at dei faktisk etterpå fortel at det kjendest veldig fint å sitja og snakka om desse viktige tinga med ein lyttande person dei i utgangspunktet ikkje kjende til.
Før hadde eg vel ei slags einfaldig tru på at denne interessa for andre menneske var noko eg delte med dei fleste. Eg har etterkvart oppdaga at det er meir som ei særinteresse. For nokon er ukjende menneske like lite interessante som veteranbilar eller ishockeykampar er for meg. Det er fascinerande at me er så pass ulikt skrudde i saman.
Sjølvsagt er eg og ein lidenskapeleg lesar av biografiar. Eg les til og med biografiar om folk eg aldri har høyrd om, dersom eg får sjansen til det. Eg skal innrømma at biografiar er av nokså varierande litterær kvalitet, men det er lite som overgår ein god biografi. Nå i påsketida har eg lese fleire av dei, og dersom nokre er interesserte i boktips, så reklamerer eg gjerne for dei.
I «Mors historie» fortel Mona Levin om familiane både på mors og fars- sida som kom til Norge på jakt etter eit betre liv. I tiåra før andre verdskrigen vart det vanskeleg å vera jøde i mange europeiske land, ikkje så veldig mange av dei som flytta kom til Norge, men på trettitalet var det ein del familiar som budde i Oslo- området. På trettitalet var det to synagogar i Oslo.
Då krigen braut ut og det vart bestemt at jødane skulle ut av Norge, vart vesle Mona smugla ut i mora sin ryggsekk. Faren, musikaren Robert Levin, klarte og å flykta, men nokre medlemmar av storfamilien ende liva sine i konsentrasjonsleir. Boka fortel meg ein historie som er meir enn det eg visste frå før. Jødane var blant dei første som kom til landet vårt som «framande fuglar», og som skulle integrerast. Mona Levin skriv veldig levande om den fargerike familien sin, og spesielt om mora, som då boka vart skriven var 101 år gammal, men framleis hadde ein fantastisk hukommelse.

I «Maleren» av Sigrun Slapgard, blir me betre kjende med Anders Castus Svarstad, kunstmalaren som vart gift med Sigrid Undset og fekk tre barn med henne. Då dei to møttest var Svarstad allereie gift og hadde tre barn. Dette er ikkje bare eit portrett av kunstnaren Svarstad, men og historien om ekteskapet mellom Svarstad og Undset som sprakk omtrent samtidig med at det tredje barnet deira vart fødd. Dei var sterke menneske begge to, og utvikla seg nok i kvar sin retning.
Av dei seks barna som Sigrid Undset gjerne ville at dei skulle oppdra saman, var to utviklingshemma og trong mykje ekstra oppfylgjing. Sigrid Undset gjekk inn i morsrolla for alle saman, etter dåtidas kjønnsrollemønster og haldt på å slita seg heilt ut med å både vera der for familien og å vera forfattar. Då ho konverterte til katolisismen, fekk ho til Svarstad si store sorg kjend ekteskapet ugyldig. Dei to inntok og ulike politiske ståstadar i åra før den andre verdskrigen. Sigrun Slapgard har tidlegare skrive ein kritikarrost Undset- biografi, og klarer her å dra oss inn i Svarstad si livshistorie på ein sterk og empatisk måte…

Så dukka eg ned i Ketil Bjørnstad si bok «Vegen til Mozart», som eg las ut for eit par dagar sidan. Dette er ein sjeldan variant innan biografisjangeren. Annankvart kapittel handlar om komponisten Wolfgang Amadeus Mozart, og annankvart kapittel handlar om forfattaren sjølv, Ketil Bjørnstad. På den måten går Mozart og Bjørnstad si barndomstid og Mozart og Bjørnstad si ungdomstid parallellt som to trådar, der Mozart med jamne mellomrom dukkar opp i Bjørnstad sin eigen historie.
Eg vart veldig fascinert av denne måten å skriva på. Ketil Bjørnstad har eg alltid hatt sans for både som forfattar og musikar, og sjølv om han er ti år eldre enn meg, så kjenner eg mykje att i det han fortel om barndomen og ungdomen sin. Han skriv med ein ærlegdom som av og til kan minna litt om Knausgård, men han er likevel langt mindre utleverande når det gjeld menneska rundt seg. Ketil Bjørnstad sin historie om oppveksten er på nokre måtar historien om ein antihelt. Han vågar å framstå som ein som var klar over at han ikkje var blant «dei kule», og ein som heller ikkje hadde noko behov for å vera det. Denne boka kan eg og anbefala varmt til andre «biografinerdar».
Eg vart så fenga av Mozartboka at eg nesten hylte av fryd då eg oppdaga at Ketil Bjørnstad er i gang med ein serie bøker som er sjølvbiografiske på same måten som boka om Mozart. Så vidt eg forstår vil han skriva ei bok om kvart tiår frå han vart fødd og fram til nå. Den første boka «Seksti-talet» begynte eg på i går kveld. Her kjenner eg att vekslinga mellom personen Ketil Bjørnstad og «den andre historien «frå Mozart-biografien. Her vekslar han mellom å fortelja sin eigen historie og verds- og samfunnshistorie på ein måte som flettar hendingane inn i kvarandre. Eg skulle bare lesa litt før eg begynte å skriva i dag morges, men må innrømma at eg kom i gang med skrivinga eit par timar for seint. Nå planlegg eg rett og slett å ta ein ganske tidleg kveld for å få lagt inn minst ein times lesing på senga…
Nå registrerer eg at dette innlegget er blitt alt for langt nesten før eg har kome i gang med å skriva det eg eigentleg hadde tenkt å skriva då eg laga overskrifta…
Eg hadde lyst til å våga å utfordra både meg sjølv og andre til å våga å visa ansikt og våga å by på historiane om kven me er for kvarandre. På ein måte er det vel akkurat det eg gjer på bloggen min, og eg håpar at det er til glede for litt fleire enn meg sjølv.
Samtidig tenkjer eg at viss nokon trur dei veit alt om meg ut frå det eg skriv og det eg viser utad, så er det mykje dei ikkje veit. For alle me menneske er uendeleg samansette, og i alt me gjer redigerer me vår eigen overflate. Det er godt at det er slik, det handlar vel om identitet og om ynskjet om å vera heilstøypt. Etter å ha fått nokre tiår med livserfaring er konklusjonen min omtrent slik. «Me er mykje likare enn me er klare over, og samtidig meir ulike enn me har fantasi til å forstå.» Eg kjenner at eg skulle ha likt å «bli stansa i heisen» med mange ulike menneske, både med slike eg kjenner frå før og med slike eg aldri har møtt… Eg ser ikkje heilt vekk frå at eg kunne ha kjend eit snev av klaustrofobi og heisskrekk, men alt i alt trur eg at eg ville ha elska det.
Det er så lett å putta andre i båsar, eg synest eg høyrer kva som kunne blitt sagt om meg:
Kristen middelaldrande dame frå vestlandet, nynorskbrukar og lærar, overvektig og fråhaldsmenneske, salmediktar, ja… Jo takk, eg kjenner typen… Takk, men nei takk…
Og eg vel faktisk å tru at dei nesten ikkje har rett i det heile tatt i alt dei måtte tru…
«Eg lurer på korleis du lever, og korleis du tenkjer og trur…» , står det skrive i eit dikt eg hugsar bare delvis i minnet. Eg lurer på om det er skrive av Halldis Moren Vesaas. Eg er nokså sikker på at eg er mykje meir enn det du trur, og eg er endå meir overbevist om at det same kan seiast om deg…
Sjølv om dei som har lese heilt ned hit kanskje er ein spesiell type menneske…
Heidi

Det er ikkje så ofte eg må hoppa i badekaret for å få varmen i meg, men nå i ettermiddag gjorde eg akkurat det. Eg har latt meg verva til styret i Vennelaget for Hå gamle prestegard, og i dag har eg vore med på å arrangera den tradisjonelle familiedagen på annan påskedag. Konseptet er kjempekoseleg. Det er tenning av bål og koking av egg og pølser nede i fjøra, og det er gøymt over hundre påskeegg i papp på området rundt prestegarden og nede i fjøresteinane. Dei som finn eit slikt egg kan få det fylt med godteri.
I hovudhuset er det sal av lefser, lappar, kaffi, brus og annan god mat, og eg hadde to forteljarstunder for barn der eg fortalde legender.
Det som ikkje gjekk etter planen i dag var veret. Det har blåse kraftig og regna mest heile dagen. Mykje av programmet vart flytta innomhus, men det å vera i den uisolerte delen av det gamle fjoset var kaldt nok det og. Ganske mange lot seg nok skremma av veret, likevel var det mange regntøykledde barn med iskalde kinn og fingrar som kom stolte inn med påskeegg dei hadde funne. Den siste forteljarøkta mi skulle vera det siste som skjedde, og nesten alle valde å putta dei våte kalde ungane i bilen og få dei heim. Derfor møtte det ikkje opp fleire enn to små jenter som ville høyra legenden om korleis snøen fekk farge. Dei var så interesserte og entusiastiske at det faktisk vart ei stor oppleving å fortelja for dei.

Etterpå var det deilig å koma inn i det godt oppvarma hovudhuset for evaluering og varm kaffi. Eg hadde tenkt å kanskje få gått ein tur langs stranda når eg først var der, men akkurat då frista det mest å koma seg heim til husvarmen.
I går ettermiddag fekk eg lokka livskameraten min med ut på tur. I mitt hovud skulle den turen gå langs stranda. Det er då eg verkeleg får opplevinga av natur. Det er noko med havet som får noko i meg til å falla heilt på plass. Eg må innrømma at eg ofte får mast meg ned til sjølufta når me skal gå tur, men i går hadde Leif andre planar. Han hadde tenkt på at me aldri går tur på Lyefjell og at det skal vera så fine turløyper der.

Eg hadde ikkje så mykje å stilla opp mot det argumentet, så me la i veg. Eg måtte innrømma at det var ganske fint på Lyefjell og. Det liknar veldig på det terrenget eg vaks opp i på Ålgård, spesielt området rundt Flassavatnet og Kodlitjødnå der me både leika og gjekk på skeiser.
Me gjekk ikkje så langt, for det var blitt ganske seint på ettermiddagen og det var ganske vått og myrete utanom den store grusvegen.

Fargane, halmgult, mosegrønt og grått viser at me ikkje er kome så veldig langt på vår endå. Men fargane i mars har sin sjarm dei og.

Etterkvart har eg blitt veldig knytta til naturen på låg- Jæren, men dette minde meg på at det er veldig lenge sidan eg har vore ute og gått i naturen i Ålgårdsområdet der eg faktisk høyrde til størsteparten av oppveksten min. Kanskje me må dit neste gong?
Heidi

For meg har påsken mange rom og mange trådar som blir tvinna saman til ei høgtidsveke.
Kyrkja sin påskebodskap rører meg på ein intens og levande måte. Påsken rommar så mykje. Kjærleiken som er sterkare enn døden, det gode som er sterkare enn det vonde, lyset som er sterkare enn mørket.
Noko av det påsken handlar om klarer eg bare å gripa som eit mysterium. For meg er det kanskje mange av dei menneskelege elementa i dei gamle historiane som gjer mest meining og kler tydelegast fram. Historiane om svik. Historiane om tilgjeving. Peter som sa han ikkje ville svikta, men som sovna i Getsemane og når det gjaldt som mest banna på at han aldri hadde sett den mannen før og så gol hanen for andre gongen.
Det handlar om alt som ikkje vart som dei hadde trudd og tenkt, om Pilatus som stod midt i eit dilemma han ikkje hadde bedd om å vera i og som det ikkje utan vidare lot seg gjera å koma ut av. Om kvinna som fekk kjeft fordi ho braut alle konvensjonane og salva Jesu føter med nardussalve medan han var i selskap, om kvinnene som stod under krossen når dei næraste mannlege vennene hadde gått i dekning, om dei kjærlege orda til Maria og til Johannes.
Det handlar om alt som vart annleis, om dei nye livssituasjonane som plutseleg opna seg, om Thomas som måtte stikka fingeren i sida på Jesus for å tru og om Judas. Judas har eg hatt frykteleg vondt av sidan eg høyrde om han før påske i første eller andre klasse. Eg retta opp handa og spurde eller kanskje eg gjekk fram til frøken etter timen for å spørja:
«Jammen, kva med Judas? Viss det var meininga at han skulle gjera det han gjorde, så var det frykteleg urettferdig at han skulle straffast». Frøken, Gerd Signy, svarte klokt, men spørsmålet slapp aldri heilt taket.
Eg ser for meg alle dei som har kome til å ta litt større feilsteg enn dei fleste av oss. Alle dei som må bera skamma for alt som har gått gale. Eg ser for meg ein mann med langt hår og kvit kjortel som går fram som eit lam for slaktebenken og skal ofrast for skulda og skamma som høyrer med i livet til alle menneske. For meg har denne mannen mange ansikt og eg forstår kva Jens Bjørneboe skriv i diktet sitt : «Maria alle smerters moder, be for oss i denne stund…»
Mykje i påskebodskapen er ikkje innlysande for meg. Nokre av elementa grip meg så sterkt at eg ikkje slepp taket i dei.

På onsdag fekk me vera med på noko spennande, eit tradisjonelt jødisk påskemåltid, sedermåltid, heime hos Arne og Inger. Dette måltidet som er ein viktig del av jødane si påskefeiring, minnemåltidet for utgangen frå Egypt. Det var dette måltidet Jesus feira med disiplane sine skjærtorsdag. Den varianten me var med på var eit messiansk sedermåltid, eit sedermåltid som og var tilpassa den kristne påskefeiringa.
Jødane sitt påskemåltid inneheld mange symbolhandlingar. Ein et bitre urter, peparrot og persille dyppa i saltvatn for å minnast israellittane sine tårer i Egypt. Søt mursteinsdeig av mandler som eit symbol på lengselen etter det gode dei lengta etter då dei var i ørkenen og usyra brød til minne om brødet dei bakte i hast då dei måtte bryta opp.
Det blir og drukke fire beger vin: For livet, for frelsa, for velsininga og for håpet-
I vår tid kunne dei same symbolhandlingane vore utførde av alle levande menneske. Bitre urter og saltvatn for å få ein smak av tårene til alle som lid og opplever urett, usyra brød for dei som er på flukt, mursteinsdeig for all lengten etter det me trur er det gode, og ikkje minst eit glas for livet, velsigninga, håpet og frelsa frå alt det som vondt er.

Skjærtorsdagsgudstenesta i kyrkja begynte med deilig kveldsmat i kyrkjeromet. Eit måltid slik påskemåltidet og var det.

Kyrkja var pynta med vårblomar og gåsungar og med eit bord med druer og brød. Eg tenkte då eg kom at eg er heldig som har eit slikt heilag rom og ei slik kyrkje å koma til.
Før preika oppdaga eg til min forbauselse at presten som sat der inne tok av seg stolaen. Gjorde han det i distraksjon? Hadde han fått på feil stola og ville skjula det? Eller endå verre; følte han seg plutseleg dårleg og måtte løysa på antrekket. For sånne som meg som er vane med å sitja i kyrkjebenken skal det ikkje meir til før me blir litt urolege.
Så kom ein person gåande barbeint opp midgangen og sette seg på ein stol- Presten tok av seg prestekjolen, festa eit linklede om livet og begynte å fortelja om då Jesus vaska føtene på disiplane. Han hadde lært teksten utanåt. Etter fotvaskinga vart han ståande, nesten i midgangen og halda talen sin. Det var blikkstille i kyrkja. Noko med denne handlinga greip oss djupt.
Etter gudstenesta vart altaret rydda. Ingenting låg att, ingen blomar ingen lys, ingen bibel. Så vart kyrkja strippa for blomar og dekorasjonar. Langfredag blir folk møtte med eit tomt kyrkjerom og eit altar med svart klede over. Slik er påsken sin dramaturgi. Kyrkja er i tillegg til alt anna den store teaterscena som handlar om liva våre.

Heidi

I dag var vêret ganske grått. Likevel gjorde lyset at ei vårbrune markene gløda i ein fin gyllen fargetone. Me sette oss i bilen og kjørde til Bjerkreim for å eta sein frokost i lag med Torhild og Per Magne på hytta deira. Vertinna stod på kjøkkenet i eit slags fargerikt easter- bunny- kostyme og kokte knallgule egg. Det er få personar som i eigenskap av sitt fargerike nærver får meg i så godt humør som Torhild…

Etterkvart reiste mennene ned att og me via dagen til å prata og le og så fann me ut at det var på tide med ein tur i badestampen. Vatnet var varmt og godt, så det var heilt ok å sitja ute sjølv om det regna.

Nå er eg heime att etter ein fin togtur frå Egersund. Eg ventar på at Sunniva skal dukka opp og vurderer om eg skal begynna å sjå på påskekrimmen eller ikkje… Det må vel vera eit luksusproblem.
Heidi
På veg gjennom livet mitt
ein prosesjon.
Stadig dukkar han opp att
i vegkryss og til påske,
på festvegar og i lange vakenetter.
Ein kvitkledd mann på ein eselfole,
med det lange håret
som sorggardiner rundt ansiktet,
ein spelande mann med hatt og gulltenner,
med fillete jakke og eit lite raudt trekkspel.
Så kjem ho med den gråtande fiolinen,
og så kjem alle klovnane.
Heidi
Først i ferien kjem det ei helg, og før det er det siste dag på jobb. I går vart eg godt varetatt som arbeidstakar. Rektor inviterte til påskefrokost på lærarromet ein halvtime før vanleg skulestart. Det skal ikkje meir til for å gjera ein vanleg morgon uvanleg. Tende lys, påskeliljer og gulfarga kokte påskeegg saman med kaffi og morgonkolleger gjer susen…

Elevane i tredje klasse kom i opp til klasseroma til første time og fekk sjå augenstikkerane dei hadde laga i lag med Siri frå Den kulturelle skulesekken i kvit leire ferdig monterte på steinane dei hadde hatt med. Dei vart kjempefine. Superlimen trong litt meir tid på å herda skikkeleg, så alle insekta får feira påske i vindaugskarmane på skulen.

Elevane på tredje trinn er for unge til å bli inviterte til å få sjå «Heima sjå osse» i Storstova. Takka vera litt velvillige kolleger i både skule og kulturskule fekk eg lov til å ta med meg ei lita gruppe elevar frå trinnet og sjå forestillinga ei gong til. Eg liker å sjå teaterforestillngar fleire gonger, for det er veldig mykje ein ikkje får med seg først gongen ein ser det. Når det er eit manus eg har vore med på å laga, og ein del av «mine» elevar som er på scenen, så er det ekstra kjekt å sjå. Eg skulle gjerne fått med meg alle forestillingane, men to av dei er ikkje verst det heller. Dei var minst like flinke denne gongen, og elevane eg hadde med som eigentleg er utanfor målgruppa, storkoste seg dei og.
Då eg hadde kome opp på skulen att og ete knekkebrøda eg hadde med meg, fekk eg ei melding om at kulturskulelærarane som hadde vore aktive i Storstova skulle eta lunsj saman på «Jordbærpikene». Ville eg bli med? Det ville eg. Det er alltid så velsigna deilig å slappa av saman etter eit stort prosjekt, og spesielt når dei involverte har ei felles oppleving av at dette har vore vellukka. Etter ein time og to tusla eg meg opp att for å avslutta det eg burde koma i havn med før ferien og rydda i rot som har hopa seg opp i travle kvardagar. Klokka vart halv seks før eg sykla heim med ferieutsikter i lomma.
På ein eller annan merkeleg måte blir ein alltid så utruleg søvnig av å få ferie. Det vart ein kveld i sofaen med ei bok, eit strikketøy og ein runde Skavlan. Det var deilig. Nå er eg på føtene att og tenkte å bruka dagen til å pynta litt til påske, skriva litt og koma seg ut på tur. I morgon dukkar Halvard opp i heimen for å vera heime 4-5 dagar, og på måndag kjem Sunniva. Det blir fint.

For meg har påsken alltid vore ei viktig tid, og ei tid som har inspirert meg til å skriva ganske mange tekstar. I dag avsluttar eg med ein tekst frå den siste diktboka mi:
NAMNET MITT ER MENNESKE
Skjærtorsdag med alle luktene,
med lam og brød og vin.
Han vaskar føtene mine.
Tankelaust dyppar eg brødet
i fatet saman med han.
Eg høyrer orda hans,
og kjenner blodet frysa til is
før eg reiser meg og går.
Eg sovnar i Getsemane,
og skammar meg
når eg møter blikket hans.
Eg kyssar han til helsing
før eg ser han segna under krossen.
Eg kastar sølvmyntar ut på jorda,
og bannar på at eg aldri før har sett den mannen.
Eg høyrer hanen gala for andre gongen.
Eg møter han i hagen
før eg får stikka peikefingeren min
inn i såret i sida.
Med matt blikk
ser eg meg sjølv i spegelen
og veit at namnet mitt er menneske.
Frå Ta heller med deg hjartet ditt (2015)

Heidi










































